Bergen og eg har eit jubileum i år. Det er nemleg 50 år sidan eg kom til Bergen for første gang. Og så hadde eg sjølvsagt tenkt å skrive eit blogginnlegg om det. Fortelje om den lange reisa mot status som nesten ekte bergensar. Men så kom det noko i vegen. For no har eg igjen vore nordpå. I år er høgsesong for 70-årsfeiringar, og derfor gjekk turen til Tromsø for å feire ei god venninne eg har kjent frå hine dager på Tromsø gymnas. Deretter til Bardu for eit opphald i sekundærbustaden. Dette er ei årstid eg vanlegvis ikkje oppheld meg på dei kantar, faktisk var det nesten 50 år sidan sist. Så no trumfa denne turen altså det planlagte Bergensinnlegget, det vert utsett, om ikkje akkurat på ubestemt tid, så i alle fall til seinare.
Så her kjem igjen inntrykk frå ei anna reise, seinhaustvarianten av Nord-Norge. Som viste seg å bli ein vintervariant. Vi forlot Bergen på ein sjelden strålande og fargesprakande haustdag, og kom til ein landsdel der hausten var overstått og vinteren hadde gjort sitt inntog. Etter kvart fekk snøfresarane igjen kome seg ut og i sving etter sommardvalen, trivselen auka nok hos karane rundt omkring. Skikkeleg vinter vart det, med kulde og snøfall på dei stadig kortare og mørkare dagane.
I Tromsø vart det, utanom eit overmåte hyggelig bursdagsselskap, også besøk hos familie og ein søndagstur til universitetsområdet, der det broderte veggteppet til Britta Marrakatt Labba frå 2004 dekker veggflata i foajeen til fakultet for samfunnsvitenskap. Dette mesterverket består av motiv frå flyttsamanes årssyklus. Tre av desse er vist under.
I Bardu vart det rolege dagar med spaserturar i velkjent, vakkert og vinterleg landskap, vedfyring og latskap framfor ovnen. Geitene i Skoelvlia lét seg ikkje skremme av litt snø, berre dei har rikeleg å tygge på. Isen hadde ikkje lagt seg verken i Skoelva eller Barduelva. I år har vi forsøkt alle moglege transportformer på våre i alt fem turar nordover. Fly, privatbil (hybrid), tog og buss, og no sit eg her og skriv på hurtigruta M/S Spitsbergen, som vi borda i Bodø. Transporten Bardu – Bodø gjekk med buss, først til Narvik med bussbytte, deretter nytt bussbytte når vi hadde passert ferja over Tysfjorden (Bognes – Skarberget). Første etappe i kvitt, eventyrleg vinterlandskap, så solnedgangen over Gratangen og Ofotfjorden. Etter Narvik var landskapet mørklagt.Køyring i eit mørklagt Norge er noko anna enn køyring på same strekning midtsommars, slik vi gjorde sist. I den lysa årstida er det landskapet som har forrang når det gjeld opplevingar, menneska blir litt underordna. I den mørke tida er husa langs vegen det einaste vi ser, med lysande vindauge og glimt av interiør der folk lever og bur. Ein bør reise i Norge på alle årstider for å få med seg nyansane.
Sist vi var i Bodø besøkte vi det nye jektefartsmuseet, denne gongen tok vi eit sprang fram i tid og besøkte det enda meir imponerande og mangfaldige luftfartsmuseet med si rikhaldige utstilling både frå sivil og militær luftfart. Vi konsentrerte oss om den sivile delen. I dag, når flyskam er blitt eit begrep, bør vi ikkje gløyme at det er flyrutene som har bunde dette langstrakte landet saman. Som kjent er det smått med alternativ når ein kjem eit stykke nord for polarsirkelen. Interessant var det også å sjå at kvinnene har gjort seg gjeldande innan luftfart, Gidsken Jakobsen frå Narvik er legendarisk, men det er fleire. Den første hurtigruta vart sett i drift i 1893 og avløyste meir saktegåande, utrygge og ukomfortable reisemåter til sjøs. I dag er hurtigruta ikkje akkurat hurtiggåande, men eit moderne og komfortabelt cruiseskip av moderat storleik, med overvekt av tyske og britiske passasjerar 60+. Dei er av den siviliserte og rolege sorten, og alle her i utsiktssalongen var samde i at bakgrunnsmusikken skulle stoppast. No er her fredeleg og fint. Eg meiner ingen cruiseskip burde vere større enn hurtigruteskipa, jmf monstra som ligg til kai i Bergen og norske fjordar. Ekstra stas er det at kaptein Bendiksen på M/S Spitsbergen er kvinne. Enda eit døme på kvinnelege pionerar innan samferdsle.I skrivande stund er vi på veg frå Trondheim. Og snakk om å vere heldige med vêret. Strålande solskinn og stille hav. I går var det seilas gjennom kremen av Helgelandskysten, dei sju systrane med gull på toppane, Alstahaug, Vega for å nemne nokre høgdepunkt. I dag like fint ut Trondheimsfjorden. Men dagane er korte, og når vi kjem fram til Kristiansund på ettermiddagen er nok dagslyset på retur.
Det fine med slike langsame reiser er at ein uforstyrra kan sitte med ei bok eller berre la tankane fly. Eg hadde tatt med litt knapt med lesestoff heimefrå og dermed måtte eg leite i bokhylla i Sundlia for å finne noko å ta med på reisa. Der står mest bøker frå Bokklubben frå fleire tiår tilbake. Eg fann boka «Din stund på jorden» av Vilhelm Moberg, som for dei fleste er mest kjent for skildringa av utvandrarane til Amerika. Boka handlar om ein utvandrar frå ei bygd i Sverige, som etter å ha levd det meste av sitt liv i USA no fann seg sjølv som ein desillusjonert einsleg mann som kjente på at han nærma seg slutten på sitt liv, med dels smertefulle tilbakeblikk. På slutten av boka kjem han til ei slags forsoning med livet slik det blei. Ei gripande bok som eg anbefalar. Kanskje er ein ekstra mottakelig når ein har det meste av livet bak seg.Reisa er ikkje slutt, verken på eine eller andre måten no. Men eg avsluttar med dette skrivinga, sjølv om vi ikkje er komne lenger enn til Hitra på styrbord side. I morgon seiler vi etter ruta inn på Byfjorden i Bergen litt før halv tre.




