Den søte forening

No er boka ferdig og ute for sal! Arbeidet har tatt over fire år, med forsking, skriving, redigering og utforming til ferdig produkt. Ho er utgitt på forlaget til Skriveakademiet,

Kva handlar boka om?

Eg saksar frå baksideteksten:

I 1803 kjem lekpredikanten, opprøraren, skribenten og næringsutviklaren Hans Nielsen Hauge til «kolonien» i Bardu og Målselv. Der har bønder sørfrå slått seg ned, mellom dei gudbrandsdølen Peder. Han er i gang med å rydde seg ein gard i Målselv.

I Trøndelag er Marit frå Oppdal ei av mange unge som har slutta seg til Hans Nielsen Hauge sin veneflokk. Oppmoda av Hauge, legg ho ut på den lange reisa nordover.

Korleis er det å skape seg eit nytt liv som rydningsfolk? Kva vil det seie å leve i kamp mot naturkrefter, uår og sjukdom i ei tid der det er krig og mangel på det meste? Og på kva måte skal menneska i nord bringe aven og gnisten frå Hauge vidare, etter at øvrigheita bestemmer seg for å sette ein stoppar for verksemda hans?

I romanen Den søte forening følgjer vi Peder og Marit gjennom første halvdel av 1800-talet. Bygda veks, og den nye norske nasjonen utviklar seg etter kvart som haugerørsla tar nye former. Vi får også følgje ekteparet på ferda mot det siste møtet med den store lekpredikanten.

Den søte forening er ein fengslande historisk roman om Hans Nielsen Hauge og dei som førte arven vidare.

Lenke til forfatterintervju

Kjøp

Om du vil kjøpe boka, kan du få tilsendt signert eksemplar frå meg, pris 320 kr + frakt 75 kr. Kjøper du fleire på ein gong, sparar du på fraktkostnaden. Betal helst med Vipps til 970 99449.
E-post livsundh@online.no.

Eller du kan bestille på nett frå ARK eller Norli. Og om du vil halde boka i handa før du kjøper, kan du spørje i bokhandelen. Og vil du heller låne, kan du spørje i biblioteket. Har dei ikkje boka, kan dei skaffe ho.

God lesing!

Sommaren som gjekk

Skal seie tida flyg fort av garde. Snart eit halvår sidan sist det vart skrive her på bloggen. Ein sommar er over, og no er hausten her. Eg har ikkje tenkt å gi noko referat frå heile sommaren, men han fortener litt omtale likevel. Store delar av sommaren har eg tilbrakt i Nord-Noreg, som var årets vêrvinnar. Her i vest har det vore så som så. Men slik stoda er mange stader i verda no, med hetebølgjer, skogbrannar, katastrofale flaumar, krigar osv. skal vi vere varsame med å klage. Sjølv om også vi har fått vårt her til lands. Delar av Austlandet fekk smake på det som det truleg blir meir av i tida framover, flaum og store materielle skadar. Sjølv klimaskeptikarane må no vel etter kvart godta at det er noko i det som vitskapsfolk på feltet lenge har åtvara mot.

Lokalvalet vi nyss har vore gjennom skal eg ikkje seie så mykje om. I Bergen er det som vanleg liv og røre i politikken. Det hadde vore greit om skillelinjene mellom partia etter kvart kunne dreie seg om andre ting enn denne Bybanen.

Så no trur eg berre eg rett og slett legg ut nokre bilete frå den sommaren som har vore. Og då må eg vere selektiv og streng i utvalet, for eg har faktisk vore mange stader rundt i landet. I vår til og med utanlands, til Toscana og Umbria, utan at eg tok meg tid til å heidre turen med eige blogginnlegg. Det var ein rett fin tur til historiske byar og landskap som er noko av det beste vår verdsdel har å by på, men det fører for langt å attgje det her. For dei som er mine vener på Facebook har det vore mogleg å sjå mange bilete derifrå.

Forsommar i Troms

11. juni i Tromsø, på veg heim frå jubileum for Tromsørussen 1968

Eg har vore nordpå i to omgangar, første gongen i juni og så på seinsommaren. Etter den varme sommaren forsvann alt av snø og is frå Tromsdalstinden.

Også juniutgåva av Istinden i Bardu skil seg frå augustutgåva

Bergen

I Bergen testa vi den nye spektakulære 3 km lange sykkeltunnelen til Fyllingsdalen.

Midt i sykkeltunnelen

Juni i Bergen var i det heile ikkje så verst. Tørt og god temperatur, det gav høve til måltid ute.

Reker og hvitvin i kveldssol på nordbalkongen
Nygårdsparken byr på fred og ro om det blir for mye trengsel i sentrum

Austlandet

Det vart høve til ein liten visitt til Austlandet, nærare bestemt Tønsberg og deretter Hønefoss, der Kistefos museum ikkje er langt unna.

På hamna i Tønsberg kan ein sjå på vikingskip
Skulpturar i «the Twist» på Kistefos museum

På seinsommaren var det tid for årets andre tur i retning nord. Denne gongen via Toten, Gausdal og Gudbrandsdalen. På Aulestad og i Ringebu kan ein tilbringe mange interessante timar. Og frå desse traktene kom også ein av mine forfedre som slo seg ned i Målselv på slutten av 1700-talet.

Skrivestova til Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad
Ringebu stavkyrkje, landets nest eldste
Utstilling i «låven» på Ringebu prestegard
Bjørnstad i Musdalen, her budde min tipptippoldefar før han flytta nordover

Nord i landet på seinsommaren

På vegen mot nord var det overnatting i Mo i Rana og morgentur på den nye strandpromenaden. Havmannen står støtt ute i sjøen, han andre har lagt seg halvflat.

Sjøfronten i Mo i Rana
Med forventing om fine padleturar kryssar vi Tysfjorden på veg mot nord
Og fine turar vart det, her på Sør-Senja
Pause etter den obligatoriske jakta på molter
Nysnekra kjellardør
Fjellfroskvatnet i Øverbygd
På veg tilbake frå padletur Aursfjord – Malangen i 27 plussgrader
På Holmvassfjellet, Balsfjord med utsyn mot Lyngsalpan
På «Kalottspel» – den årlege folkemusikkfestivalen i Målselv
Ved Altevatn i Bardu med orienteringsløper i aksjon
Reinsdyr på Sundlifjellet
Majestetiske Istind i kveldssol speiler seg i Myrvangnessan

Med desse glimta for ein forgangen sommar takkar eg for denne gongen. No nærmar seg forøvrig tida for lansering av boka eg har snakka om tidlegare. Meir informasjon kjem her på sida når ho er klar for sal.

Vårvinter i nord

Eg er såvisst ingen flittig skrivar her på bloggen. Men no fann eg ut at det var dags å gi lyd frå seg, no når vi nærmar oss våren og dagane er lyse. Men vinteren har visst ikkje tenkt å sleppe taket. Eg sit og ser ut kjøkenvindauget på min andre heim her i nord, det snøar tett, i motsetnad til det strålande, men sprengkalde vêret vi har hatt tidlegare denne veka. For augneblinken er eg smått bekymra for dei noko aldrande karane som for nokre dagar sidan la i veg på sin årlege skitur, denne gongen i Indre Troms, frå Dividalen, til den avsides Dærtahytta, via Pältsa i Sverige til Gåldahytta ved Treriksrøysa og så ned til Skibotn. Det var i alle fall planen. Eg håper dei kjem seg heim i god behald, det er meldt tett snø og kuling utpå dagen. Og mobildekkinga manglar sjølvsagt i desse fjerne traktene.

Samar i dølaland

Sjølv har eg hatt nokre fredelege dagar åleine. Og eg har gjort noko eg aldri har gjort før: gått tur på Barduelva i spora etter ein diger reinsdyrflokk (og snøscootarar). For første gong i mitt liv har eg vore vitne til reinflytting, eit par hundre meter frå husdøra.

Eg har i eit tidlegare innlegg her på bloggen skrive om «Dølar i Sameland», no kan ein visst snu på flisa! For mens alle gardsbruk som var rydda her i grenda av rydningsfolket som kom på 1800-talet vart nedlagde på sytti-åttitallet, har reindrifta tatt seg opp her i traktene. Samefamilien Oskal, med opphav i Kautokeino, slo seg i nyare tid ned i Troms og har markert seg på fleire vis. Fordi dei no er inngifta i mi slekt og etterkomarar bur i nabolaget, er det samiske innslaget i grenda blitt synleg. I nabokommunen Sørreisa har driftige medlemer etablert bedrifta Hjerttind Rein der dei sel eigenproduserte produkt.

Her kom reinen i land i Sundlia

Sist mandag fann reinflyttinga stad her i Sundlia, på veg frå vinterbeite til sommarbeite. No kom flokken frå Istindan, over Barduelva, over E6 (trafikken måtte vente, lang kø) og så opp til Sundlifjellet, som også er oppsamlingsområde til visse tider. Reinen kalvar og beiter i Hjerttind (Stàlonjargga) reinbeitedistrikt som ligg midt i Troms reinbeiteområde. Distriktet femnar om område i Bardu, Målselv, Sørreisa, Salangen, Dyrøy og Lenvik.

Sundlifjellet er, og har alltid har vore «vårt» fjell, med utallige turar sommar som vinter. Det er først dei seinare åra at reinen er blitt eit innslag i faunaen i dette området. Reinen er ikkje åleine hjortedyr i distriktet. I det siste er det også kome rådyr, det skal også vere observert hjort. Og elgbestanden er stor. Det er lenge sidan ein møtte på beitande husdyr i skog og fjell. Talet på rein i distriktet skal vere på rundt 2000.

Frå gamalt av var her trekkvegar for samar som kom frå svensk side. Dei hadde blant anna leir inst i Skoelvdalen fram til 1920-talet. Notidas reindrift her i traktene er med norske samar som har overtatt reinbeita frå eldre tider. Trugsmål mot samanes leveveg og kultur er i høgste grad på dagsorden i desse dagar, og kommunane er pålagt å ivareta reindriftsinteressene i si planlegging. Det er peikt på konflikt med bygging av hyttefelt, vegar, kraftutbygging, militær aktivitet mm. Det er utarbeidd ein distriktsplan for reinbeitedistrikt 20 -Stàlonjargga/Hjerttind reinbeitedistrikt som gjer greie for ulike interesser og konflikter.

Her ligg reinen og kviler før ferda går vidare
Her starta reinen si ferd over elva. Hjerttind og Hjerttindtuva tronar i bakgrunnen.

Men no er sola borte og det vert nytt påfyll av snø.

Utsikt frå kjøkenvindauget

Litt av grunnen til pausen her på bloggen er at eg har arbeidd med eit bokmanus som eg no har levert frå meg. Det blir bok av det, men eg kan ikkje seie tidspunkt for lansering. Eg skal nok seie frå! Og så håper eg mange vil fatte interesse og kjøpe og lese når den tid kjem. Boka er ein historisk roman som bygger på verkelege personar og hendingar. Tips: les blogginnlegget mitt om haugianarslekt i Målselv.

God påske til alle!

November med tilbakeblikk

Sist eg skreiv her hadde vi nett passert høgsommar. No er det alt langt ut i november og første søndag i advent. Det kunne vore mykje å skrive om, det skjer mykje i verda no, ho er visst komen heilt av hengslane. Men eg skal la det ligge og nøye meg med å vere her er eg no, i november, denne månaden som er så mislikt av mange og som treng litt framsnakk. Det er framleis lunk i novembersola, når ho finn det for godt å vise seg for oss her i Bergen. Tenk på kor lange fine skuggar ho lagar, og lite slår solnedgangene over fjorden på denne tida. Trea som har mista lauvet viser seg no på sitt ærlegaste, slik dei eigentleg er, avkledde, utan alt det grøne som skjuler skavankar og misvekst som dei måtte ha.

Novembersol på postvegen frå Skytterveien til Munkebotn.

Men novemberkaktusane! I år er dei heilt i rute, ikkje noko surr som det har vore med dei i seinare åra, med blomstring om våren. Kanskje dei set pris på å ha flytta på seg? Vi er i alle fall nøgd med vår nye bustad.

Novemberkaktusane trivst i nordaustvindauget.

Finnmarksreisa

Det er fleire månader sidan seinsommaren. Etter andre turen nordover denne sommaren, til heimlege trakter i Bardu, fann vi ut at det var på tide å ta den Finnmarksturen vi lenge hadde snakka om. Bubil vart leigd og vi la i veg. Eg hadde planar om å skrive eit skikkeleg fint og rikt illustrert innlegg derifrå etterpå, men slik vart det ikkje. Det er ikkje lett å samanfatte opplevingane med få ord, og eg hadde fått litt anna å gjere utover hausten. Ein ting er sikkert, dette er utan samanlikning den mest spesielle og interessante delen av Noreg. Ein blir ikkje heilt den same etter å ha vore der. Eg, som er fødd og oppvaksen i nabofylket Troms, forstod snart at Finnmark er noko heilt anna.

Vi var der berre ei veke, men rakk å sjå innom alle fem fjordane frå Varanger til Alta, nokre fiskevær og Pasvik med russegrensa. Ingen andre stader i landet er det eit slikt mangfald – tre stammars møte, fire om ein tar med skoltesamane som vart ekstra hardt råka då grensene mellom Noreg, Finnland og Russland vart fastsette. Musea vi besøkte seier litt om mangfaldet. Karasjok med samiske samlingar og sametingsbygget, Neiden med skoltebyen og St. Georgs kapell, Vardø med pomormuseum, heksemonument og Vardøhus festning, Kiberg med partisanmuseum, Vadsø med kvenmuseum, Pasvik med utsiktstårn og gløtt over til Nikel hos vår ikkje lenger så gode nabo, Svanvik gård og nasjonalparksenter for Øvre Pasvik, Kokelv med sjøsamisk samling og Alta med verdensarvsenter for bergkunst. Og så alle stadene som vitnar om kva som har vore leveveg opp gjennom tidene: det fråflytta fiskeværet Hamningberg ytst på Varangerhalvøya, Kjøllefjord, Mehamn og Havøysund. Og ikkje å gløyme buplasser frå steinalderen fleire stader langs fjordane, og talrike krigsminne. Eg har masse bilete men nøyer meg med eitt i denne omgang.

Regnboge over Kokelv, der ein finn eit lite sjøsamisk museum.

Haust i våre nærområde

Eg kan ikkje svikte Vestlandet i denne dessverre litt summariske rapporten. Vi hadde ein riktig fin og tørr september som la til rette for turar i dei nære byfjella, og fine padleturar. Straffa kom i oktober, med rekordnedbør.

Kortreiste, men delvis krevjande turar i Bergens byfjell. Her frå Kvitebjørnen.
Badetemperatur også i september, i Lysevågen på Lysøya i Os.

Dei føregåande fotografiane gir ikkje eit heilt sannferdig bilete av Bergenshausten. I år var oktober særs våt. Men vinteren lar vente på seg over det meste av landet. I dag, 27. november, var det 12 varmegrader i morges.

Seilersko i oktober. Vassdam ved Rema i Helleveien.

Eg trur eg gir meg no. Kanskje kjem det eit nytt innlegg før året er omme. Det var elles ikkje meininga at denne bloggen skulle vere ein revy over årets dagar.

Litterær oppdatering

Heilt slutt vil eg førebu eventuelle lesarar om at det heretter truleg kjem meir bokleg innhald her på bloggen. Ein gong i 2023 kjem det ein roman som bygger på livet til mine tipptippoldeforeldre, som var haugianarar og innflyttarar til nybyggjarkolonien i Målselv tidleg på 1800-talet. Eg har skrive litt om dette før i innlegget «Haugianarslekt i Målselv».

I år har eg fått med stykket «In my life» i antologien «Øyeblikk» utgitt av Skriveakademiet. Neste helg dreg eg på lansering i Drammen og det blir spennande å treffe dei andre bidragsytarane. Boka kan snart bestillast på Skriveakademiet sin bokhandel, der ein også kan finne dei tre føregåande antologiane «Julemirakler», «Tidsvitne» og «Kjærlighet i koronaens tid» der eg har hatt bidrag.

Og mens eg no er i ferd med å informere om mi litterære verksemd kan eg nemne at eit tidlegare blogginnlegg «Dølar i Sameland», vart fanga opp av redaktøren til Årbok for Dyrøy og Sørreisa og er no å finne i årets utgåve. Også bidraget eg hadde i «Julemirakler» er gjenbrukt i år, i årets «Jul i Bardu og Målselvdalen» kan ein lese om «Huset».

Då er det berre å ønske kvarandre ei fin adventstid og håpe på at verda kjem på rett kjøl att.

Rapport frå ein sommar

Vi har passert midtsommardagen som etter gammalt er den 14. juli. Eg var på skogstur eit par dagar seinare. Noko var endra, det gjekk det opp for meg at det var blitt tyst i skogen. Fuglane har avslutta årets songsesong, eit teikn på at det sakte med sikkert går mot haust. På våre kantar ventar vi enno på sommaren. Hittil har vi måtte ta til takke med om lag ein og ein halv godværsdag kvar tiande dag. Men når ein høyrer om rekordvarme rundt 40 grader og øydeleggjande skogbrannar rundt om både i nære og fjernare strøk, er utan tvil eit kjøleg og regnvått Bergen å føretrekke.

Det skremmande bakteppet er klimaendringane, som først no er kome oss så nær inn på livet at alvoret kanskje byrjar å sive inn også hos dei som nektar for at dette er endringar forårsaka av menneskeleg aktivitet. Og elles går jo verda sin skeive gang, med krig og andre truande menneskeskapte katastrofar. Faktisk ser det ikkje lyst ut verken på kort eller lengre sikt. Her i Noreg held vel framleis dei fleste hovudet over vatnet, førebels har vi mat på bordet og tak over hovudet, men i krisetider auker forskjellane mellom dei som har mykje og dei som har lite.

I nytt husvære

Eg får la verdsproblema kvile og heller skrive om hyggelegare ting frå mi eiga vesle verd. Det er viktig det òg. Vi har no budd oss inn i den nye leilegheita, det meste er på plass, vi har senka skuldrane, har markert innflytting med festleg samvær saman med familie, har hatt våre første overnattingsgjestar og er godt nøgde både med nytt husvære og nye omgjevnader. Utsikten vi tidlegare hadde mot Askøy er erstatta med interessant utsikt innover mot Sandviken, Bergen sentrum og langt sørover i Bergensdalen. Berre sørgeleg at vêret stort sett har hindra opphald på balkongane. Ja, vi har flotta oss med to, ein mot søraust og ein mot nordvest, i teorien skulle vi då ha sol både morgon, middag og kveld. I realiteten er det blitt ein sønnavinds- og ein nordavindsbalkong. Så lurer eg på om brannene sør i Europa har ført til langtransport av aske, eg har undra meg over at kluten stadig blir gråsvart når eg tørkar av bord og stolar ute. Kva nedfall skulle det elles vere?

Utbygginga her i Breiviken er på langt nær ferdig. No står det gamle Merinospinneriet for tur, i Merinokvartalet skal det bli leilegheiter og kanskje noko meir. Vi har ei tid observert arbeid på taket, arbeidarane er iført kvite vernedraktar og liknar på astronautar. Truleg er det asbest dei vernar seg mot. Måsen held ofte spetakkel nett over dette bygget, kan det vere at dei er opprørte over tapte reirtomter? I utbyggarkjempen Bonava har dei nok møtt ein overlegen konkurrent.

Utsikt frå balkongen mot byen på ein av dei mange grå dagane. Vi ser litt av taket på Merinospinneriet der det skal kome to nye etasjar.

Reiser i sør og nord

Men så har vi jo slett ikkje vore i Bergen heile tida. I løpet av forsommaren var vi både i hovudstaden, i Bardu og i Bodø. Så om tida har gått fort har ho ikkje vore utan innhald.

Oslo

I Oslo vart det besøk i Munch-museet og vandring langs sjøfronten frå Bjørvika via Aker brygge til Tjuvholmen. Ein kan seie mykje om Oslo og byutviklinga der, men dei skal ha honnør for å ha etablert ein lang samanhengande offentleg sjøfront, med plass for ulike aktivitetar. Det har ein ikkje fått til i Bergen. Og Bjørvika er no fascinerande då, sjølv om mange meiner dette er grufull og lite menneskevenleg arkitektur.

Folkeliv på Tjuvholmen.
Munch-museet med skulpturen «Moren».
Upåklageleg utsikt frå Munch-museets øvste etasje.
Nybygg og offentlege areal i Bjørvika.

Bardu

Så eit aldri så lite sprang til ei anna verd, til den årlege våronna i min andre heim i Sundlia i Bardu.

Opp lia frå dalen ligg Kvilarsteinen, her kan ein bl.a. nyte utsikten til Istind.

Bodø

Ein dags bussreise frå Bardu ligg Bodø, der barnebarnet skulle feire avslutta politiutdanning. Det var storslått og stilig arrangement i «Stormen», Bodø sitt imponerande kulturhus som også inneheld bibliotek og kafe, samt uteservering på kaifronten. Om kvelden var det middag, og på veg derifrå kunne vi nyte midnattsola.

Og der vart det Daniel sin tur.
Kulturhuset Stormen i Bodø, her fra bibliotekdelen med utgang til sjønær uteservering.
Midnattsol over Bodø hamn.

Bergen

No skal vi ikkje heilt gløyme dei få fine sommardagane vi har hatt her vest. Vêret har ikkje vore eigna til padleturer, med unntak av ein perfekt dag i skjergarden sør for Bergen. Der, på Bjelkarøy-Buarøy, fekk eg årets første dukkert.

Forbi den gamle handelstaden «Bukken» mellom Lerøy og Bjelkarøy.

Når ein har besøk frå andre stader i landet må ein sørge for å vise fram Bergen sine beste sider. Det er ikkje alltid dei mest kjente, mange perler er å finne utanom turistløypene. Denne gongen tok vi gjestane med på spasertur frå Breiviken, gjennom Sandviken, Stølen og Steinkjellergaten til sentrum. I Sandviken ligg Fiskerimuseet og «Bod 24», populær kafé/restaurant med uteservering som av Bergens Tidende er nominert i ei kåring av Bergens beste. Denne gongen frista ikkje vêret til å sitte ute, men inne fekk vi servert den største blingsporsjon med reker eg har sett. Og i Steinkjelleren finn vi indiebokhandelen «Heim«, absolutt verd eit besøk.

Ved Bod 24 har BEFFEN lagt til kai, i selskap med fartøy frå Bergen kystlag.

Og Bergen har fleire attraksjonar som gjerne går under radaren for dei uinnvigde. Siste godvêrsdagen for to dagar siden vart det Sverresborg, festningsområdet som ligg ovanfor Bergenhus, med flott utsikt og grøne plenar. Og tvers over vegen for Sverresborg, i Nye Sandviksvei, ligg Dr. Wiesener, bydelspuben som også er nominert til Bergens beste uteservering og er blitt mange sin fastlege. Eg kan røpe at det er denne eg har stemt på i BT si kåring av beste uteservering.

Porten til Sverresborg.
Dr. Wiesener med høveleg servering på ein varm dag.

Men no skal vi ha eit avbrekk frå dagane her vest. Snart går turen austover og etter kvart nordover, truleg gjennom Sverige som ein variasjon, no etter at pandemien ikkje lenger set stoppar for nabobesøk. På vegen ser vi innom den unge politimannen som no har sommarjobb i Vinje i Telemark, før han – som så mange andre – dreg til Oslo der han har fått seg jobb for ei tid. Det er stas, men generelt skulle eg ønskje hovudstaden ikkje var slik ein magnet på dei unge. Det trengs folk og politi andre stader i landet òg, men det kan vi snakke om ein annan gong.

Andre tider

Tida går fort. Det er alt tre månader siste siste innlegg på bloggen. Rett etter at huset var seld vart verda plutseleg snudd på hovudet. Vårt naboland Russland gjekk til brutal invasjon i Ukraina og etterpå har ingenting vore som før. På eit blunk vart utfordringar med korona og klima avløyst av krig. I staden for daglege pandemioppdateringar er det no ufattelege krigshandlingar som pregar nyheitsbiletet. Kven skulle trudd? Putin klarte på rekordtid å jage våre alliansefrie naboland inn i NATO, dei fekk brått behov for ei trygg hamn. Vi veit at der er det USA som er og har vore dominerande, og at det ikkje alltid har vore fredsskapande aktivitetar der i garden. Brått er all motstand og skepsis mot denne alliansen bannlyst og rommet for sakleg og kunnskapsbasert meiningsutveksling snevra kraftig inn. Dei som måtte ta til orde for ei nyansert tilnærming og drøfting av moglege framtidige konsekvensar vert raskt stempla som hovudlause og naive støttespelarar til Putin. Det har skjedd noko med klimaet for samfunnsdebatt. Arbeid for fred, avspenning og nedrusting har fått dårlege kår. Tidlegare utanriksminister Søreide har uttalt at det no «ikkje er tida for å forstå, men å fordømme». Slike haldningar fører vel ikkje verda vidare? Våpenindustrien gnir seg nok i hendene, og Noreg, som har olje og gass å by på blir profitørar når kranane skrus til. For ordens skuld: eg meiner Noreg skal ha ei skikkeleg forsvar og akkurat no er det vel ikkje tida for å forlate NATO.

No ser det ut til at krigen kjem til å trekke ut i tid, med uvisst utfall. Når ein til tross for overnasjonale institusjonar som FN og eventuelle andre kanalar manglar reiskap til å hindre Russland si framferd, og Putin og hans medløparar blir sittande med makta der dei kan ture fram og fritt få spreie løgn og propaganda ser det heller mørkt ut. Og etter ei tid maktar ikkje vi som lever her heime i fred ta inn over oss alt ein ser og høyrer om redslene folk er utsette for, korleis dei har fått livet snudd på hovudet, drivne på flukt, alt rundt seg øydelagt. For ikkje å snakke om dei unge mennene, på begge sider, som blir kanonføde, jaga ut i krigen, kanskje med heimferd i kiste. Dei som Bob Dylan song om i «Universal Soldier»:

«He´s five foot-two and he´s six feet-four
He fights with missiles and with spears
He´s all of 31 and he´s only 17
Been a soldier for a thousand year»

Her heime

Nei, kven veit kor dette ender.

De omveltingane vi har hatt i vårt tilvere her i Bergen er av eit anna slag. Sidan tidleg i april har vi installert oss i ny leilegheit og nye folk har inntatt vårt gamle rekkehus. Flytteprosessen har vist seg å vere eit maratonløp der vi enno ikkje er heilt i mål. For tilårskomne folk som oss medfører flytting ei tidsreise, noko eg tidlegare har skrive om. Realiteten er at ein må kvitte seg med utruleg mange ting, det er ikkje småtteriar ein klarar å samle seg opp gjennom eit livsløp. Å velje ut det ein skal ta med seg vidare er vanskeleg, ja smertefullt, men ein kjenner seg som regel lettare etterpå. Eg er mindre sorgtyngd enn eg hadde trudd på førehand over å ha forlete staden der eg budde i 30 år.

Jula varte til påske og lenger enn det

For å kvitte oss med ting og tang har vi køyrt i skytteltrafikk til BIR sin gjenvinningsstasjon og gjenbrukshall i Åsane. I brukthallen der blir ting ikkje ståande lenge, det tyder på at marknaden for brukte ting er gunstig. Enkelte ting forsvann framfor augene på oss, vi hadde knapt sett dei frå oss før dei vart snappa opp. Til og med bøker forsvinn nokså raskt. Boksamlinga er no rundt rekna redusert med ein tredjedel. Men vi trengte likevel nye bokhyller og skap og diverse anna, det har i tillegg medført hyppige besøk på IKEA. Dei fleste av våre ærend har vi gjort i bydelen Åsane, det er den næraste staden for alt slikt ein treng til huset, men det er spreidd rundt på fleire kjøpesentra og ein må køyre mellom dei. Ikkje rart vi no er nokså utmatta.

Så var vi litt redd for at vi kom til å sakne utsikten frå vår tidlegare bustad på Lønborg. I staden har vi fått ein ny og interessant utsikt inn mot byen, også den med rikeleg sjøgløtt. Vi har lite å klage på, sjølv om det har vore ein del ting som ikkje har vore heilt på stell. Mange i sameiet her klagar på at reklamasjonar tar veeldig lang tid å få retta på. Og den nye blokka ved sida av (som er omgjort frå dei tidlegare fabrikklokala til Norsk Stålpress) skulle vore klar for innflytting, men der har utbyggjaren Bonava enno ikkje fått brukstillating pga uferdige fellesareal. Dei har måtte kompensere med hotellovernatting for dei som ikkje har kunne ta leiligheita i bruk!

Opplevingar

Vi har levd i ei boble dei siste månadene og det er få andre opplevingar å berette om. Før påske vart det ei reise til Luster i Sogn, i høve barnedåp, som fann stad i den vakre og historiske Dale kyrke. Kyrkjene står elles tett i her Sogn.

Dale kyrkje i Luster, dåpsbarnet Eirid som midtpunkt
Gaupne gamle kyrkje

Men våren, finaste tida i Bergen, er her for fullt. Vi opna padlesesongen 16. mai i knallvêr og rasta på Kyrkjetangen, eit av Bergens mest populære friluftsområde, som denne dagen hadde god plass på stranda.

Årets første padletur

Årets 17. mai vart storslått, med full feiring etter to års pandemi, aldri har eg sett så mykje folk i byen, og vêret var strålande.

17. mai ved Lille Lungegårdsvann

I dag er det opning av Festspela, med dronninga og greier, også det etter to års pause. I strid med tradisjonen har vi regn og ruskevêr. Vi har ofte vore til stades, men i staden sit eg her ved kjøkenbordet og skriv. Eg merkar at vi har vent oss litt av med kulturelle ting i løpet av pandemistillstanden. Lyt gjere noko med det. Eg merkar også at eg har vore lenge borte frå skrivinga, skrivemuskelen må brukast jamnleg for ikkje å skrumpe inn. Og eg har eit litt større skriveprosjekt som har lege i dvale. Det skal fullførast, med tid og stunder skal det kome ei bok, så følg med, følg med.

Snart skal eg på den årlege forsommarturen nordover til Bardu for å ta meg av sekundærboligen og tilhøyrande uteareal. Mykje går i gamle spor, men noko er annleis dette året. Tanken på at verda der vi skal leve resten av våre leveår er endra, og framtida meir uviss, er ikkje god. Vi får likevel ønskje kvarandre ein god sommar, og ta vare på kvarandre, både dei nære og dei utanfrå som treng hjelp.

Hus med praktfull sjøutsikt

Og der var huset, som har vore vår bustad i over tretti år selt. Det gjekk kjapt. Med ei viss uro konstaterer eg at det snart femtifem år gamle rekkehuset på Lønborg no har fått svært så høge tankar om seg sjølv. Det insisterer på å få føre ordet i dette innlegget. Eg fråskriv meg derfor ansvaret for det som står i det følgjande.

«Då takkar eg for tilliten, det er tross alt vertskapet mitt (altså seljarane) som lyt ha litt av æra for at eg no endeleg har fått fastslått min verdi. Dei sørga for å framstille meg slik at eg sto fram som den beste utgåva av meg sjølv, rett nok etter å ha fått råd frå ho som skulle ordne med salet. Det har mellom anna ført til at skap og kott har blitt stuva så fulle av slikt som ikkje skulle stillast til skue at eg nesten fekk problem med fordøyelsen. Nok om det.

Eg har, som sagt fått vist meg fram. På internettet har det i ei vekes tid vore ein fristande annonse der dei aller fleste av mine utmerkte kvalitetar var synlege, riktignok lett påverka av fotografen sin vidvinkel. Dette la blant anna nokre ekstra kvadratmeter til arealet i kjellarstova, men det var jo berre til min fordel. Gjett om folk var begeistra. Talet på dei som ville kome å sjå nærare på meg auka dag for dag, utviklinga kunne følgjast på nettet, det er statistikk for slikt. Det var overveldande. Faktisk var det fleire som ikkje klarte å vente til den dagen det skulle vere visning, dei ville ha privat visning, som dei heiter, ja, nokre prøvde til og med å kuppe! Heldigvis klarte seljarane mine å avvise kuppforsøket, dei har ryggrad, det skal dei ha.

Kan de tenke dykk korleis det kjennast å bli saumfart i alle krikar og krokar, av framande? Slik har eg hatt det i det siste, det toppa seg på søndagen, altså i forgårs. Det var så mange at dei måtte halde på i to timar, puljevis på tilmålt tid. Det var skremmande å høyre korleis nokre diskuterte å rive veggar, bygge på med ark og så vidare. Eg er glad for at seljarane mine har latt meg vere i fred slik sett, bortsett frå eit nytt fint bad har dei berre nøyd seg med nokre malingsstrok, og elles sørga for viktige ting som nytt tak, nye vindauge og ny kledning når det var behov for det. Nokre var så ufine å meine at det var trong for drenering, dei trudde altså at eg ikkje klarte å halde fukt og vatn unna! Det har eg då klart i alle desse åra og skal nok klare det i fleire år frametter. Men dei fleste verka nøgde. Litt sårande var det at det var utsikten som fekk flest lovord. Ja, Byfjorden ligg no der han ligg, rett nedanfor, men hadde det ikkje vore for at eg er utstyrt med vegg-til-vegg vindauge i stova hadde det ikkje vore like stor stas.

Den upåklagelege utsikten over Byfjorden og Askøy

Seljarane mine meiner også at det er utsikten og «beliggenheten» som er framste attraksjonen i dag. Men dei har óg snakka om at Byfjorden var noko anna for dei folka som budde her i strøket i gamle dagar, då her var langt ute på strilelandet og det budde småkårsfolk her, i fattigslige hus, på små oppdyrka jordflekkar mellom knausane. Det er herifrå Amalie Skram har henta inspirasjon til bøkene om Hellemyrsfolket. Den gongen var fjorden god å ha om ein skulle ro til byen eller tvers over til Askøy eller nordover. Fisk kunne dei også hente i fjorden og dei sette sikkert pris på å sitte ute og sjå på kveldssola etter dagens strev. Men no kapitaliserer ein fjorden på ein heilt annan måte, seier seljarane mine.

Så kom dagen då alt skulle avgjerast, altså i går. Eg sitra av spenning, seljarane var ikkje heilt upåverka dei heller. Budrunde kallar dei det. Det sto til slutt mellom tre budgjevarar som heldt det gåande mens spenninga steig. Og det var no eg verkeleg fekk stadfesta kor mykje eg er verd. Seljarane mine vart overgjevne, og blauthjarta som dei er syntes dei dette gjekk over stokk og stein. For dei har jo slik medkjensle med alle unge familiar som ønskjer seg eit barnevenleg hus der dei kan ha litt plass rundt seg. For dei er det ikkje mange av. Først når gamlingane ser alderdomen i kvitauget og flytter i leilegheit opnar det seg slike moglegheiter. Eg syntest no berre det var stas at denne budrunden endte med vel ein million over «prisantydning», som dei kallar den pengesummen som sto i annonsen. Annonsen kan sjåast her: https://finn.no/248037803 om nokon er nyfikne. Men toget er gått for sal.

Ja, snart skal det kome nye folk innom dørene her. Eg har no levd eit bra liv saman med dette paret som har budd her i alle desse åra som er gått. Dei seier også at dei har trivdest, riktignok seier dei at det er utsikten dei kjem til å sakne mest, det er litt sårande, men, men. No er det visst eit arkitektpar som skal flytte inn her. Eg liker å tenke på at dei har sett kvalitetane med dette utmerkte dømet på sekstitalsarkitektur, og vonar dei ikkje fell for freistinga til å endre for mykje på meg. Då er det berre å ønskje lukke til for dei nye, for dei gamle, for dei rundt som får nye naboar, og, ikkje minst, for meg sjølv. Takk for meg.»

Tidsreise

Som eg har annonsert tidlegare førebur vi oss på flytting. No står fotografering og visning for døra, og vi har fått instruksar frå meklar om korleis vi skal gjere hus og innbu mest mogleg freistande for potensielle kjøparar. Mykje må reinskast ut. Det er greit med det som er på overflatane. Det meste der skal ikkje kastast, berre stuvast vekk og det vert såleis ikkje så mykje å ta stilling til.

Men. I kjellarstova sto ein bokreol. I skuffeseksjonen der låg brev og mykje anna frå mi fortid på 70- og 80-talet, dette følgde med frå forrige flytting som fann stad ved inngangen til 90-talet. Her vart det gjensyn med store delar av mi historie, frå det smått turbulente 70-talet, til 80-talet då det også var mykje som skjedde, og fram til neste tiår då mykje hadde falle på plass. For vi skreiv brev til kvarandre den gongen, lange brev. Største bunken frå mor mi, som auste av si omsorg, sjeldan på under 10 tettskrivne sider. Så ein bra bunke frå nokre veninner, som eg enno har kontakt med og treffer når høvet byr seg. Utanom dette brev og kort frå folk som ei tid var innom livet mitt, og som sette meir eller mindre avtrykk. Nokre av dei heldt eg kontakten med nokre år, men så sklei det ut. No måtte eg vurdere kva av dette rikhaldige materialet som kunne gøymast for ettertida og kva som skulle kastast. Julekort med god jul og godt nyttår gjekk i bosset. Slike kort var det mange av, på den tida var tante- og onkelflokken så godt som intakt, og vi utveksla julekort. Det var kjekt, men eg hugsar dei alle saman godt sjølv om eg ikkje tar vare på julekorta. Eg heldt att nokre kort frå tanta mi som budde i Tyskland og trufast skreiv sine små årsrapportar. No har eg ingen att frå denne generasjonen, og eg er den eldste på mor si slektsgrein.

Nokre eksempel på ikkje-arkivverdig materiale.

Eg har ikkje tatt meg tid til å lese gjennom alle breva eg hadde samla på, det vart nokre stikkprøver. Men eg leste nok til å kunne slå fast at det tar tid å finne fotfeste i livet. Dette var ei tid der mykje skjedde både på det personlege og det politiske plan, og mange brev er sterkt prega av dette. Dei første breva er heilt frå tida eg kom til Bergen i 1969, direkte frå eit opphald i Vest-Tyskland, det skulle ta enno 20 år før landet vart sameint. To dagar vart eg sitjande i kjellarstova på mi tidsreise. Det tok litt tid før eg klarte å lande i notida att. Eg vart sett tilbake til ei tid der vi skreiv til kvarandre om studier, kjæraster, tvil, politisk engasjement, eksistensielle spørsmål, kultur, brot, etter kvart ekteskap, ungar, tidsklemme, jobbjakt, flyttingar, nye forhold etc. etc. Det skulle vore interessant å lest att breva eg har skrive, eg tippar det hadde bydd på overraskingar. For det er òg mykje som er gløymt eller fortrengt av alt ein har vore borti på den tidlege delen av livsvegen.

Og no er vi vel pensjonistar heile hurven, alle som eg høyrte frå og skreiv til på den tida. Mange veit eg ikkje av lenger, nokre er også gått bort. Eg er elles ikkje av typen som har for vane å fortape meg i fortida, har helst sett framover. Men underleg var dette møtet med dagane som forlengst er gått, og vemodig. Så må eg òg tenke: Korleis vil dagens generasjon kunne sjå tilbake på si fortid? I ei tid der kontakt skjer på sosiale media og e-post, kva blir att? FB, Instagram og Snapchat er flyktige media. Eit brev er noko heilt anna, ikkje berre fordi det er varig, men også fordi tankar kjem til uttrykk gjennom ord på ein heilt annan måte. Likevel ser eg ikkje bort frå at dei fleire siders skildringane eg fekk i eit brev frå ei reise i Latin-Amerika hadde eigna seg vel så godt i ein nymotens blogg.

Mykje skal pakkast vekk.

Men har eg berre vore på tidreise i det siste? Slett ikkje. Det vart ein tur til min andre heimstad i Bardu i midten av januar, der vi fekk møte med vinteren slik han er i år, med veksling mellom sprengkulde, snøkov og mildvêr. Det var også besøk til familie og gode vener i Tromsø, som også er representert i den før omtalte brevsamlinga mi. Utan deltaking på TIFF, Tromsø internasjonale filmfestival denne gongen. Det var riktignok arrangert festival, men nedskalert, og det var ikkje like mykje liv i byen og på utestadene som tidlegare. Det er til å leve med, faktisk, det er ein del ting som ikkje freistar like mykje som før.

Sjåtaket må måkast.
Storgata i Tromsø, januar 2022.

No takkar eg for meg denne gongen. Mykje å gjere og mykje og tenke på. Kan bli ei stund til neste gong. No snør det forresten i Bergen òg. Lenge til våren.

Bøker til glede og besvær

Eg har alltid vore glad i bøker. Det ber huset preg av. No må bokhyllene slankast, det er ikkje mogleg å dra alt med seg til den nye leiligheita, som ikkje har kjellarstove med bokhyller på kvar vegg frå golv til tak. Riktignok har det vore luka i hylla tidlegare, der sto mellom anna ein god del bøker som eg hadde gløymt å avbestille den tida eg var med i bokklubb. Men hyllene har forlengst fylt seg opp att.

Internett har snudd opp ned på mykje. Tidlegare var det eit krav at alle møblerte og opplyste heimar måtte ha leksikon, kven hugsar ikkje leksikonseljarane som kom på døra og lokka med avbetaling på gunstige vilkår? No er det ingen som vil ha desse mursteinane, dei har lidd same skjebne som dinosaurane. Der dei tidlegare hadde ein viktig støttefunksjon i kunnskapssamfunnet, er dei no redusert til i beste fall å bli støtte for bordplater og hyller, for dei som er kreative og ikkje vil bruke pengar på Ikea eller Bohus. Så kva gjer ein med oppslagsverka som no breier seg i hylla?

Vi inviterte til sjølvplukk av bøker vi hadde vurdert til ikkje å forsvare plassen i hylla. Biletet under er tatt etter at dei hadde forsynt seg av det vi hadde lagt ut på tralla og hylla til venstre. Det er mykje att!

Dette må vekk.

Å kvitte seg med Store norske leksikon er å seie farvel til ein æra, med sorg i hjartet. Men det nyttar ikkje å vere sentimental. Dei lyt ut, dei med, saman med dusinvis av bøker som eg er realistisk nok til å erkjenne ikkje kjem til å bli lest. Det er ikkje alt som har tålt tidas tann. Krimbøker ligg dårleg an. Så er det å velje ut dei som skal få forsvare sin plass i hylla. Då gjeld det å føresjå kva som har klassikarpotensiale. Nokre bøker vil òg ha verdi som føredøme og referansar for dei som skriv sjølve.

Nedste hylle ligg dårleg an.

Rydding i bokhylla er no berre ein av aktivitetane vi held på med no i førjulstida. På nyåret blir det hussal og flyttesjau og ein lyt spare på kreftene. Julefeiringa er allereie gjennom fleire år nedskalert her i huset, og no er det attpåtil koronajul for andre år på rad, med nedstenging og restriksjonar på sosialt liv. Men nokre faste element må med. Eg held fast på den heimelaga sylterullen og lammerullen, samt tre-fire kakeslag.

I år må det lukast i julepynten som ligg i kasser som opptek altfor mykje plass. Det minkar både på rom og tid for oss som nærmar oss støvets år. Neste stasjon etter leilegheita i Biskopshus blir kanskje eit rom på sjukeheimen. Men før det kjem så langt, er det litt av kvart å halde på med og interessere seg for. Eg har i eit tidlegare innlegg skrive om mitt gjensyn med symaskina. Det er enno saker i skap og kister det kan lagast noko av. Eg har sydd om ein drakt frå tidleg åtti-tal, ei tid då ein ikkje sparte på volumet i klesstilen. Det var skulderputer og over-sized og dermed litt stoff å ta av, sjølv om det no er eit anna volum på ho som skal iføre seg det omsydde plagget.

Som sagt, det er mykje å halde på med. Eg har dei siste åra sysla med litt skriving. Også i år fekk eg med eit bidrag i ein antologi, som høveleg nok for denne tida heiter «Julemirakler». I stykket «Huset» uttrykker eg tankane hos eit fråflytta hus i utkant-Noreg i juletida. Tidlegare har eg bidrege med «Biletminne» i antologien «Tidsvitne» og «Forboden frukt» i «Kjærlighet i koronaens tid». Alle desse kan kjøpast her. Eg held også på med eit anna prosjekt, som bygger på historia eg har skrive om før i innlegget Haugianerslekt i Målselv.

Det er forresten meir ein kan bruke bøker til i desse tider. Nokre bibliotek har satsa på nålefrie tre. Men for oss blir det vel helst gran i år også.

Då avsluttar eg med å ønske alle ei god jul med yndlingsnissane mine som skal få vise seg fram offentleg også i år, på saueskinn av spelsau frå Vinje i Telemark, der min tidlegare gode kollega Signe har slått seg ned i heimbygda.

Mitt symeisterskap

For tida kosar eg meg med programmet «Symesterskapet» på NRK TV. Vanlegvis er eg ikkje nokon stor tilhengar av realityprogram og konkurransar, det er stort sett alt for mange av dei. Men denne meisterskapen er noko anna. Her kjenner eg meg i tillegg på heimebane.

Tilfeldigvis går årets sesong samtidig med at vi her i heimen har storopprydding i boder og skap. Vi prøver å vere i forkant, som det heiter, for om nokre månader blir det flytting og då er det ingen vits å dra med seg for mykje på flyttelasset. Og når det samtidig med syprogrammet dukkar opp gløymt symateriale i skuffer og skap, og eg også ganske nyleg har fått overhalt den solide (og blytunge) Husqvarna symaskina mi frå tidleg 70-tal, er eg blitt kraftig stimulert til å oppfriske heimesaumen. Maskina leverer, slik ho gjorde i gamle dagar då eg – tilliks med mange andre – sydde det meste av klede. Maskina fekk eg av mine foreldre etter at dei hadde arva ein god slump pengar etter ei barnlaus og velståande tante i Amerika. Maskina kosta rundt 4000 kr, tilsvarande ei god månadsløn på den tida. Dei kostar ikkje stort meir i dag i kroner og øre. Syskrinet, som eg fekk av min snekkarfar, struttar av trådsneller og anna nyttig tilbehør oppsamla etter eit etter kvart nokså langt liv. Blant anna stoppegarn, utmerka til å reparere holet i sokken. Ein treng ikkje alltid kjøpe nytt. Stoppa sokkar gjer same nytten.

«Selfmade»

I dag må ein her i byen reise langt dersom ein vil ha godt utval av stoff og sytilbehør. Nesten heilt til Salhus, ca 1 1/2 mil frå Bergen sentrum. For der, på det som på folkemunne blir kalla «prærien», ein lite triveleg del av Åsane bydel, ligg Stoff & Stil, som er eit eldorado for dei syglade. Når eg no i dag gjekk inn på nettsida deira, oppdaga eg at dei er i ferd med å skifte namn til «Selfmade», noko dei grunngir med at Stoff & Stil-namnet «ikke lenger inneholdt det vi gjerne vil og våre kunder ønsker». «Vårt nye navn avspeiler at vi er til for at alle kreative mennesker, som nyter å ha inspirasjon, skapertrang, nysgjerrighet og kreativitet i livet sitt», seier direktør Alexander Lerche. Eg skulle no klart å vere kreativ sjølv med eit norsk namn, men la gå. Viktigare er det etter mi meining å lokalisere seg på ein sentral og meir tilgjengeleg stad. Det er ikkje gode kollektivtilbod dit heller. Ikkje alle har bil, og å køyre bil for å skaffe seg nokre meter med stoff skulle ikkje vere naudsynt. Når det no ser ut til at syinteressen kanskje er veksande, kvifor er det ingen som finn ut at det kunne vere lurt å plassere seg meir gunstig i høve til kundane?

For nokre tiår sidan hadde dei store varehusa i Bergen rikhaldige stoffavdelingar. Stoffa som no låg unytta i skapet mitt skriv seg frå den tida, og eg har sikkert ein gong hatt ein plan med innkjøpet. Spora etter denne epoken er no så godt som utsletta her i byen. Knappehuset, som ein gong briska seg midt i sentrum, på Ole Bulls plass, er erstatta av ein restaurant og arvtakaren Knappebua fristar eit trongt og bortgøymd tilvere i utkanten av sentrum. Det er ikkje lenger enkelt å skaffe seg symaterial. Eg brukte ein halv dag på å skaffe meg ein glidelås i rett storleik og farge.

Resultatet

Kva vart så resultatet av innsatsen ved symaskina? Eit rustraudt stoff i cordfløyel vart nytt skjørt, eit rutet flanellstoff i same fargeskala vart skjorte, eit anna rutet flanellstoff (dessverre ikkje av beste kvalitet, litt laust i veven) vart til ei krysning av tunika/storskjorte (eg har brukt mønster). Dessutan vart eit svart fotsidt fløyelskjørt med lang splitt omsydd til eit kortare utan splitt, og saman med ein fløyelsjakke der eg no etter mange år endeleg fekk lagt opp ermane som var for lange, har eg fått eit brukbart antrekk når eg skal vere fin (noko som ikkje skjer så altfor ofte). I tillegg kapra eg ei dus lilla silkeskjorte som min sambuar var i ferd med å putte i sekken som skulle til Fretex. No vart ho tilpassa min storleik og har fått plass i mitt skap. Eit ufullført genserprosjekt vart også avdekka, eg hadde strikka bolen til ein genser til min sambuar og lagt arbeidet vekk av ein eller annan grunn. Det var ikkje meir garn att, og fasongen var dessutan sørgeleg utdatert. Etter litt spekulasjon fekk eg omgjort bolen til ein vest, som eg sant å seie ikkje er sikker på blir brukt, men han er ikkje verst å sjå på.

Eg vil slå eit slag for gjenbruk og for det sjølvgjorte, eit godt prinsipp i desse tider. Overforbruket av klede lyt stoppast. Men no skal symaskina få kvile ei stund, eg skal ta fatt på eit anna prosjekt eg held på med. Eg foretrekker ein god miks av håndens og åndens arbeid.

Ja, slik går no dagan her på seinhausten, den siste i vår noverande bustad. I hagen glødar og fell lauvet frå lønnetreet, og dei no pjuskete rosene ville ha stått fint om det ikkje var for alt regnet (det går mot nedbørsrekord!). Plantane i hagen vil eg ikkje sjå springe ut på ny neste år. Det går ikkje så hardt inn på meg likevel. Det er ei tid for alt.