Vintervåren

Det vårast i landet. Dagane er blitt lange. Ut i april er vi komne, og sørpå har dei tatt på seg småsko og sit ute i sola og ser på påskeliljene mens dei leskar strupen. Den blide værmeldarmannen på NRK TV kan fortelje at det i år har vore mykje nedbør i Nord-Norge, meir enn vanleg. Han lyg ikkje. Og folk her lokalt har aldri sett maken til snøfall. Eg har forresten sjekka vêrstatistikken for Nord-Norge frå år 1900. Tendensen er meir nedbør vinter og vår, med høgare gjennomsnittstemperatur. Les gjerne klimaprofilen for Troms om kva vi har i vente.

Det kan vere keisamt å høyre vêrprat. På den andre sida er det knapt noko som er så kontaktskapande. Særleg når vêret er så utfordrande som i år her i nord. Og då dreier praten seg altså om snømengdene og den arbeidsinnsatsen som må til for ikkje å snø inne. Men eg skal ikkje tvære dette ut. Eg skal berre gi eit lite hint om korleis vi har det og har hatt det sidan vi forlot Bergen for to veker sidan, i håp om mange fine skiturar, slik det har brukt å vere tidlegare år. Fram til no har det blitt éin skitur på meg, til Kampenhytta, på ein dag med solgløtt og bra føre. Men det var før det verste snøfallet i manns minne i forrige veke.

3CB6D578-9AA1-412B-959C-63CAE45B6E4E

Det vart etter kvart heilt surrealistisk. Då vi gløtta på ytterdøra laurdag kveld før vi skulle gå til ro, viste det seg at snøen låg oppetter døra og dei fire trappetrinna opp dit var forsvunne under snømassane. No har vi heldigvis naboar med maskinpark som kan handtere snøfall, det er berre å takke for at nabo Tor tar oppkøyrselen heilt ubeden! Det blir høge brøytekanter etter kvart.  I tillegg kjem jo brøytarane på oppdrag frå Mesta og forsyner hagen med snø frå gang- og sykkelvegen. Og det er ikkje akkurat rein og kvit snø. Eg måtte ut og kjefte ein dag. Køyraren murra litt men gjekk etter kvart med på å lempe noko på andre sida av E6. Men det blir effektiv støyskjerming av slikt. No høyrer vi ikkje lenger tungtrafikken som elles dundrar forbi. Når folk passerer ser vi berre hovudplagga som glir forbi.  Til våren, etter tininga, er det vel berre å plukke opp restane av buskene som for nokre år sidan vart planta som hekk mot vegen.

EF250213-CD40-42ED-9AF5-3298CE795428
Kampenhytta – min einaste skitur så langt.

Alt dette snøfallet fører sjølvsagt til skredfare. Ein ung skuterkøyrar frå nabobygda omkom for nokre dagar sidan i ei område som av lokale folk ikkje har vore vurdert som farleg. Så ein lyt vere på vakt. I dag ventar eg tilbake sambuar og kompisane sørfrå som har vore på langtur i Dividalen, vonleg i god behald.

4F92CA1B-90C0-465C-9043-71E5FA7936B9
Vakkert blir det av all snøen.
5B17219E-E7C7-4FDD-92BB-FED3929B94C9.jpeg
Søringar gler seg til skitur i Dividalen.

No, når opphaldet her nærmar seg slutten, ligg det an til godvêr. Sola skin på nysnøen som fall i natt. Det er utsikter for godvêr under Reistadløpet laurdag. Og deretter blir det Vestlandsvår.

Kommenter innlegget