Eg skal seie det har skjedd endringar sidan sist eg skreiv her på bloggen. No er allereie uttrykket «…. i koronaens tid» utbrukt. For vel ein månad sidan var vi heimkomne frå eit hyggeleg opphald på Tenerife, pandemien var langt unna, det var kalimaen frå Sahara og stengde flyplassar som var i nyheitene og på Tenerife var det på det tidspunktet rapportert om eitt koronatilfelle. Vi unnslapp både korona og karantene. I dag er vi, som med dei fleste andre land i verda, nedstengt, med omfattande og inngripande tiltak. Det er unntakstilstand. I nyheitsbiletet dominerer koronaen. Kven skulle tenkt det for berre ei månad sidan?
Torgallmenningen i koronastengt Bergen. Foto: Bergens Tidende
Folk har fått forbod mot å opphalde seg på hyttene sine, sjølv måtte vi avlyse vinterturen nordover til Bardu. Bardu kommune har tøyd smittevernsloven til det ytterste og innført søringskarantene. Vi hadde vel heller ikkje fått lov til noko opphald i sekundærbustaden utan å melde flytting. Men vi finn oss i det utan å klage. Vi slepp måking av dei uhorvelege snømengdene som dei er plaga med nordpå. Uansett hadde ikkje eg kunne ta på skitur i år, eg forstua ankelen kraftig, ja der vart til og med ein liten brist då eg snubla på tur oppe i nærfriluftsområdet vårt her på Lønborg. For første gong sidan eg fekk ski ein gong på femtitalet blir det ein vinter utan å ha ski på beina. Aksjonsradiusen min er for tida skrumpa inn til høgst to kilometer frå heimen i påvente av at ankelen skal bli bra igjen. Og det er jo i tråd med dei begrensningane vi er pålagt.
Dette slepp vi i år.
Når sant skal seiast, er ikkje kvardagen for oss friske og oppegåande pensjonistar så mykje endra. Vi har ikkje noko arbeid å reise til eller bli permitterte frå, «heimekontor» har vi forlengst innført og trygd og pensjon kjem uhindra inn på konto kvar månad. Bøker og anna lesestoff har vi nok av. Netflix og HBO har mykje å by på. Vi er ikkje bedriftseigarar som ser inntektsgrunnlaget smuldre opp eller foreldre som må kombinere heimekontor med å vere lærarar. Vi manglar ikkje tidtrøyte. Og vi har fleire skap og bodar som kunne trengt ei opprydding. For ikkje å snakke om alle fotografi som ligg og ventar på sortering.
Byen ligg aude og tom. Restaurantar, skjenkestader og dei fleste butikkar er stengde. Buss og bane køyrer stort sett tomme. Cruisebåtane har fått forbod mot å kome, hurtigruta kjem på underlege tider. I forrige veke var det observert spekkhoggarar som boltra seg nær Bontelabo der cruiseskipa elles legg til. Kanskje dyrelivet no trekker inn mot dei mange plassane som no er uforstyrra av menneskearta. Hjorten kjem kanskje og beitar på buskar og blomar i Byparken? Kven veit – om dette held fram.
Skular og barnehagar er stengde og det har ført til at ungane er blitt synlege i heimemiljøet igjen. Familiar er ut og går tur, og dei fleste held seg på respektfull og lovleg avstand når vi møtest. Folk er oppmoda til å finne seg alternative turområde for å lette presset på populære turområde og stiar. Det er innført einvegsordning i Stoltzekleiven. Bergen kommune var forresten tidleg ute med tiltak, dei stengde skular og barnehagar to dagar før dette vart eit nasjonalt påbod. Situasjonen har avdekt nokre gråsoner når det gjeld balansen mellom det kommunale sjølvstyret og statlege påbod og retningsliner.
Eit sjeldant syn. Snø og ungane i gata som lagar snømann.
Så lyt det seiast at vi er rett og slett heldige, vi som er heimehøyrande i eit land som Norge. Med oljefondet i bakhand kan det sprøytast inn nokre milliardar til hjelp for dei som treng det, sjølv om oljeprisen og krona no er i fritt fall og det er ein fare for at støtte kjem skeivt ut. Vi har styresmakter som til tross for ulik politisk ståstad i store trekk er samstemte om tiltak. Vi har vaksne folk i styre og stell, i motsetnad til visse andre statar vi faktisk er allierte med. Då regjeringa kom med forslag til unntakslov, vart denne, etter å ha møtt innvendingar frå opposisjonen, tillempa og gjort mindre inngripande, i god demokratisk og parlamentarisk ånd.
Våren er her og påskeliljene bryr seg ikkje om pandemien.
Så er det slik at denne situasjonen har avdekt mange problemstillingar som no blir løfta fram i lyset. Sviktande beredskap på viktige samfunnsområde er synleggjort. Globaliseringa sine skyggesider er blitt tydelege. Vi har gjort oss avhengige av at handel og vareflyt over landegrensene fungerer. Vi er sårbare og har låg sjølvforsyningsgrad. Det er tendens til ei aukande merksemd på nasjonalstaten sine føremoner når det ser ut til å svikte på overnasjonalt nivå. Innføring av ei grunnløn – «borgarløn» som kan sikre alle eit minimum eksistensgrunnlag utan å gå vegen om NAV er også aktualisert.
Om vi kan ta lærdom av det som no har råka oss og i framtida innrettar samfunnet vårt på eit meir gagnleg vis kan det kanskje kome noko positivt ut av denne pandemien. Vi veit ikkje kor dette endar. Verda slik vi kjenner ho kjem kanskje ikkje tilbake. Men det er ikkje verdas ende. Og våren kjem, sjølv om snøen, som stort sett ikkje har vist seg her i Bergen denne vinteren, no på denne første dagen med sommartid kom og la seg over krokus og påskeliljer.
Vel tilbake i regntunge Bergen etter to vekers opptørk på Tenerife. Dette er den mangfaldige øya vi stadig vender tilbake til. Det er eit helsetiltak å bytte ut tranflaska som D-vitaminkjelde med solinnstråling for ei lita stund. Elles var vi heldige med tidspunkt, fly har dei siste dagane stått sandfaste både på Tenerife og Gran Canaria. Det er calimaen, sandstormen frå Sahara som har slått til, denne gongen den kraftigaste på 40 år. Vi merka eit snev av fenomenet dagen vi kom, det var kraftige søraustlege vindkast og vi måtte tørke utebord og stolar rein for sand.
Ein viss bismak er det sjølvsagt med Sydenturar i desse tider. Om eg bidreg til utslepp forsøker eg etter beste evne å kompensere på anna vis, eg kjem forresten tilbake til nokre betraktningar om turisme og klima til slutt.
Utsikt frå Degollada de la Mesa nedover Santiagodalen
Vi held oss unna dei verste turistmaurtuene på øya, det vil seie Las Americas og Los Cristianos heilt i sør. Dei to siste åra har vi halde til lenger nordvest, i Los Gigantes og Puerto Santiago, to samanhengande tettstader. Dei er utbygde og turistifiserte så det held, men i langt mindre omfang enn turiststadene lenger sør langs kysten. Området har framleis ein viss røff sjarm der det ligg nedst i Santiago-dalen, ved ein svart klippekyst der brenningane bryt inn frå Atlanterhavet.
Var det ikkje for at denne sida av øya er den mest sikre for solhungrige nordbuarar, er nordsida eit betre og meir interessant alternativ, jf tidlegare innlegg Ei veke på 28 grader nord. Fjorårets tur, der vi hadde opphald i Puerto Santiago, er skildra i Tenerife-turar. I år hamna vi heilt oppe i øvste hjørnet i Los Gigantes, på toppen av bakken, med storslått utsikt over byen, havet og naboøya La Gomera (i klårt vêr).
Solnedgang frå terrassen
Det er ei kjent sak at Kanariøyane har eit klima som tilsvarar ein god norsk sommar, heile året. Og når ein då kan bruke dagane til varierte fotturar er det ikkje tvil om at dette er bra for helsa. I tidlegare blogginnlegg har eg skrive om fotturar vi har hatt på ulike stader på øya. Det er etter kvart blitt ei utfordring å finne nye turar. Med veksande alder (synd, men sant) er ikkje alle turar like høvelege som før i tida. Lange og bratte nedstigingar og luftige traséar er ikkje ønskjelege, og helst bør det vere rundturar med grei tilkomst.
I Teno landskapspark – frå Erjos til Cumbre de Bolico
Første fjellturen gjekk til landskapsparken i Teno, det geologisk eldste området på Tenerife. Det utmerkar seg ved å vere grønt og med ein rik og interessant flora. Her kan ein mellom anna få utsyn ned til Masca, eit av dei mest kjente og ikoniske stadene på øya. Vi kunne her skue ned på kystfjella frå fjorårets tur 1000 m lenger nede, toppane på 700 moh på Roque Abache verka no knøttsmå (nærare omtalt i tidlegare innlegg).
Start frå landsbyen Erjos som er utgangspunkt for mange turstiar i Teno landskapspark.
Dette er ein variert og fin tur, først gjennom kulturlandskap, så på grusveg i skog med utsikt nedover Santiagodalen, deretter på sti gjennom fjellpasset Degollada de la Mesa mellom Cruz de Gala (1347 moh) og La Mesa (1316 moh), før stien går langs ein fjellrygg med nydeleg utsikt fram til Cumbre Bolico. Her finn ein ein fint oppmurt era (gamal treskeplass) og overgrodde ruinar etter eit gardsbruk. Utsikten er formidabel på heile turen. Oppe i passet får ein til og med eit gløtt av fjellryggen La Fortaleza på nordsida av Teide, der vi var vi oppe ved vårt forrige besøk på øya. Vi snudde ved eraen, men ein kan fortsette ned til Masca, og eventuelt vidare derfrå ned mot sjøen. Eller ein kan gå nedover andre vegen til Las Portelas.
Vakker sti på veg til Cumbre Bolico, naboøya La Gomera i bakgrunnen.Vatn er og har vore ein knapp ressurs. På stien til Cumbre Bolico er sett opp eit system for å samle opp fukt.Storslått utsikt ned mot Masca frå La Mesa. Bakerst heilt til høgre er fjellryggen der vi gjekk tur i fjor.Eraen i Cumbre Bolico. Passet Degollada de la Mesa mellom toppane i bakgrunnen.
I Teide nasjonalpark
Inga reise til Tenerife utan ein tur opp i området rundt Teide. No måtte vi finne på noko nytt og tok sikte på Montana del Cedro, heilt sørvest i nasjonalparken. Vi starta frå miradoren og parkeringsplassen ved hovudvegen. Herifrå ser vi rett mot Pico Viejo og krateret for utbrotet i 1798. Eg vart skeptisk då eg såg den bratte oppstiginga i byrjinga, men det gjekk bra, og ganske snart kom vi opp og fekk utsyn mot Teide frå enno ein ny vinkel. Vi klatra ikkje opp til toppen av Cedro, men gjekk langs fjellsida gjennom skogen og fann oss ein rasteplass der vi kunne sjå rett over på fjella som vi besøkte for eit par dagar sidan.
Starten av turen går på grusveg.Pico Viejo med Teide bak. Fra krateret Narices del Teide midt på biletet strøymde det ut lava ved utbrotet i 1798.Rast i fjellsida på Cedro-fjellet. Utsikt mot vest til Tenoområdet og fjella vi besøkte to dagar tidlegare.Skogbrannar truar stadig i pinjeskogen. I området var ein stor skogbrann i 2012. Her ser vi brannvakttårnet.
Rundt Mt. Chinyero
Ein treng jo ikkje jakte på nye opplevingar heile tida. Det vart ein ny tur rundt vulkanen Mt. Chinyero, ein lettgått og triveleg tur. Området er naturreservat, men ligg utanfor sjølve nasjonalparken. Om ein tar ein avstikkar opp på den pinjekledde Mt. Estrecho, kan ein nyte nista på hella utanfor bygninga på toppen. Chinyero hadde utbrot i 1909 og lavastraumane har sett sine tydeleg spor i landskapet. Estrecho vart spart og ligg som ei grøn øy i alt det svarte.
Kjempestort pinjetre ved stien rundt Mt. Chinyero som vi ser i bakgrunnen.Vulkanutbrotet i 1909 har sett sitt preg på landskapet.På veg gjennom lavastraumen til den grøne Mt. Estrecho.Rast på toppen av Mt. Estrecho
Kyststi og dyrepark
Nordkysten av Tenerife er utan tvil meir interessant enn den turistifiserte sørkysten. Vi hadde tenkt oss eit gjensyn med kyststien Rambla de Castro og at vi skulle spasere frå Los Realejos der vi var i 2017, til Puerto de la Cruz. Etter eit stykke viste det seg dessverre at siste strekninga fram til Puerto de la Cruz var stengt pga rasfare, så då vart det å snu og ta bilen i staden til dyreparken Loro Parque.
Kyststien Rambla de Castro er populær.
Besøk i dyreparken Loro Parque er blitt nedprioritert ved tidlegare besøk på Tenerife. No tenkte vi det var på tide å besøke denne attraksjonen. Ein kan meine mykje om dyreparkar, men det er god underhaldning. Parken er kåra til Europas beste og verdens nest beste, er biosfære-sertifisert og omtalar seg som miljøbevisst og opptatt av dyrevelferd og berekraftig turisme. Her er papegøyer i overveldande mengder, skvatringa er øyredøvande. Eit rikt utval av alle slags andre dyr var meir eller mindre villege til å vise seg fram. Den imponerande kvite tigeren kom skridande utan at eg fekk summa meg til å knipse bilete. Lemurane, ein av mine favorittar, var umuleg å få fotografert. Berre for å nemne nokon.
Parken var frå starten ein papegøyepark og mange ulike papegøyesortar pregar parken også i dag, Det er tilrettelagt slik at publikum kan klatre opp og kome nær dei.Pingvinane står her, og kan vel ikkje anna.Pretty flamingos!
Vilaflor
Tenerife har meir å by på enn natur og dyreparkar. Ein skal ikkje svært langt frå turiststadene før ein kjem til nokså fredelege og tilsynelatande upåverka landsbyar. Vilaflor ligg 1400 moh ved foten av Sombrero de Chasna og er den landsbyen som ligg høgast på heile øya. Den er eit naturleg utgangspunkt for turar til Teide-området. Området har tradisjonelt hatt bra tilgang på vatn. I landsbyen er det ei bedrift – Fuentealta – som produserer flaskevatn.
Den verneverdige, men i dag noko forfalne herregarden tilhøyrde i si tid den forhatte godseigarfamilien Soler. Eigaren vart tatt av dage i 1840.Kulturminne i Vilaflor: vassleidning og mølle.Eit av fleire alter i den rikt utsmykka kyrkja San Pedro i Vilaflor.Solid tradisjonskost på Casa Pana i Vilaflor: geit, kanin, salat og kanariske poteter med tilhøyrande mojo-saus.Mandeltre i bløming i Vilaflor.Kaliforniavalmue veks i vegkanten i Vilaflor.
Nordlege Teno og Buenavista del Norte
På ytterste pynten på Tenohalvøya hadde vi ikkje vore. Rett nok var vi for fleire år sidan på tur oppe i Teno Alto der vi kunne sjå ned på fyret ute på pynten, men det var frå ein annan kant. No køyrde vi hårnålssvingane ned til Garachico og vidare vestover langs kysten. Det lyt seiast at når det gjeld vegar er det berre å vedgå at Tenerife faktisk overgår Norge når det gjeld vegbygging i vanskeleg terreng. Rasfarlege kan dei òg vere.
Bilvegen heilt ut til Punto Teno er stengt for anna trafikk enn buss og taxi. Vi lot bilen stå og spaserte eit par kilometer ut til utsiktspunktet ved tunnelen. Så vi kom oss ikkje heilt ut på pynten, men ein bra tur var det likevel. Vi skulle nok tatt bussen!
Vi drog etterpå til den vakre byen Buenavista del Norte der vi spiste tapas ved den hyggelige Plaza de los Remedios ved kyrkja. Dette er eit samlingspunkt i byen. Det er oppløftande å kome til stader som først og framst gir inntrykk av å vere tilrettelagt for dei fastbuande og ikkje berre for turistane. Ved plassen låg det også eit bibliotek som tydelegvis hadde fått eit nytt tilbygg. Her er elles mange velhaldne eldre hus av arkitektonisk verdi.
På plassen er det sett opp ein plakat med den tydelege meldinga «No es no!» (Nei er nei!) med sikte på å hindre seksuelle overgrep. Slikt kan vere utbreidd særleg i samband med fiestaene, og no når karnevalstida står for døra er dette særleg aktuelt. «Gata, nettene og fiestaene er også våre!» vert det proklamert. Bra!
Frå sentrum i byen går det tursti via ein historisk vaskeplass, forbi golfbanen langs kysten fram til ei lavastrand som er eit utfartssted utan at stranda bar preg av å vere eigna som badeplass.
Kystlandskapet vest for Buenavista del Norge, utsikt frå vegen.
Plaza de los Remedios i Buenavista del Norte.Nei til seksuelle overgrep!Vaskekummar frå gamle dagar.Kyststien går forbi ein svær golfbane.Slektning av vår heimlege kvann langs stranda.
Strandliv
Men har vi ikkje vore på stranda då? Denne gongen var det kraftige brenningar og raudt flagg på strendene. Vi dyppa oss så vidt på ein tur til Playa San Juan litt lenger sør på kysten, og væta oss til knea i strandkanten på Playa la Arena i Puerto Santiago, mens vakta passa på at ingen våga seg lenger ut. Elles betrakta vi det naturlege havbassenget i Los Gigantes ovanfrå, her var det friske bølgjer som slo inn over dei som våga seg uti.
Playa la Arena med svart sand og raudt flagg.Friskt i havbassenget.
Litt malurt i begeret
No kan det eg har skrive kanskje tolkast som om eg prøver å lokke fleire folk til Tenerife. Det er ikkje tilfelle. Med sine knapt 900 000 innbyggjarar kjem det årleg om lag 5 millionar turistar til øya. For Kanariøyane til saman er talet om lag 15 millionar turistar. Turistnæringa er enormt viktig for sysselsetting og økonomi på Kanariøyane, men det er aukande fokus på berekraftig turisme. Paradoksalt er det også bekymring for kva som vil skje om det på bakgrunn av klimakrise og utfasing av fossil energi blir framtidig begrensing i flyreiser. Det er knapt alternative måtar for å kome seg til Kanariøyane.
Øygruppa er svært sårbar for klimaendringar. Temperaturen har stige, dette har særleg gitt utslag i aukande temperatur om natta og i høgfjellet. Studiar tyder på at det kan kome fleire heitebølgjer, meir flom og fleire tilfelle av sandstormar frå Sahara om vinteren. Tørke skapar problem for vassforsyninga og for jordbruket. Havnivået stig og faren for skogbrannar aukar. Øyane er avhengig av fossil energi og det er låg sjølvforsyningsgrad. Eg undra meg over at det ikkje var fleire solcellepanel å sjå, og berre nokre få område med vindmøller. Og til tross for godt busstilbod med grøne TITSA-bussar mest overalt, er personbiltrafikken overveldande.
Turistane står for ein stor del av vassforbruket. Vi som kjem frå område utan knappheit på vatn dusjar gjerne eit par gonger dagleg og forlanger reint vatn i bassenget. Naturlege vasskjelder minkar og avsalting av sjøvatn er energikrevjande.
Det kanariske parlamentet har nylig erklært klimakrise for heile regionen, og det er sett i gang arbeid med å utvikle ei ny lov som skal ta for seg 26 sektorområde. Det er sett i gang prosessar med lokal medverknad for å klårgjere utfordringar og føreslå framtidige løysingar med omsyn til klimatilpassing. Denne artikkelen i Environment Science & Policy gjer greie for dette.
Fullstendig tørt i våtmarksområdet Charco de Erjos.
For vår del syntes vi det såg ekstra tørt ut på øya denne gongen. Det var jo «pent» vêr for oss, men landskapet bar preg av langvarig tørke. Mange tre og buskar såg ganske livlause ut, også mandeltrea som blømer på denne tida såg stedvis pjuske ut. Vi «sakna» også skybeltet som vanlegvis ligg eit stykke opp i høgda og gjer at vi ikkje ser heilt til høgfjellet. Denne gongen kunne vi heile tida sjå heilt opp til Teide.
På turen vår med start frå Erjos passerte vi «Charco de Erjos» det som skulle vere eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Her var ikkje ein einaste vasspytt eller ei einaste lita fuglefjør å sjå. Dette området er forresten opphavleg menneskeskapt, det er groper som i tidlegare tider vart utgravd som vassreservoar, men som seinare er omgjort til naturvernområde.
Det er planlagt klimaskatt for transport, turisme og industri, desse skal gå til å fremje berekraftig transport slik som tog og elektriske køyretøy, avfallshandtering, forbetring i vasskvalitetet og meir fornybar energi. Vi kan ikkje anna enn å ønskje lukke til i arbeidet med klimatilpassing, og kanskje også vi turistar bør sjå i augene at ting ikkje kan fortsette som før.
Året 2019 og siste tiåret er nettopp avslutta. Slikt gir vanlegvis høve til tilbakeblikk. Eg er i tillegg ute i seinaste laget med det tidlegare annonserte innlegget om mitt 50-årige samliv med byen Bergen. No skal eg derfor kome med ein aldri så liten hyllest til denne byen – som faktisk no i 2020 kan feire sitt 950-årsjubileum.
Den første tida
Det ville vore eit halsbrekkande føretak om eg skulle oppsummere heile mitt Bergensliv her. Det får heller vente til eg eventuelt utgir mine memoarar. Men nokre refleksjonar må det bli.
Mitt første møte med Bergen og Vestlandet var frå sjøsida. Den gongen var det nemleg rutesamband mellom Bergen og Cuxhaven i Tyskland og eg kom direkte frå nokre månaders opphald i Tyskland. Kvifor eg hamna akkurat i Bergen er ei historie for seg, som eg ikkje kjem nærare inn på. Eg kom altså seglande oppover den sørvestre norskekysten der eg møtte eit for meg framandarta landskap med holmar og skjer. For ikkje å snakke om førsteinntrykket av Bergen, der vi la til på Skoltegrunnskaien, med utsikt til fjellsida der husa låg strødd oppetter, høgst besynderleg.
Første møte med vestlandskysten og skapningane der
Studietid
Men no var det ikkje Bergen som vart min første opphaldsstad, derimot nabokommunen Askøy for nokre månader, inntil eg fekk meg jobb, hybel i byen og etterkvart tok til med studier på Universitetet i Bergen, på samfunnvitenskapeleg fakultet, ei studieretning som var inne i tida. Dette var rundt 1970, med høg temperatur i det politiske livet både på landets lærestader og utanfor. Det var kamp mot EEC (som EU heitte den gongen), det var kvinnekamp, kamp mot USA si krigføring i Vietnam og mot atomvåpen, forutan faglege kampar på universitetet. Her var det ein rik flora av politiske grupperingar, veggane på det nye studentsentret på Nygårdshøyden (også kalla Leninhøyden) var tapetsert av veggaviser, det var stands og høgrøysta diskusjonar mellom grupper som sto steilt mot kvarandre.
Alt dette har andre skrive betre om enn meg. Eg høyrde heller ikkje til dei mest ihuga aktivistane, men det er interessant å ha vore tidsvitne. Dette var på den tida sosiologifaget sto høgt i kurs, her heldt den legendariske Stein Rokkan og ein ung professor Gudmund Hernes til, samt fleire andre kjente namn i faget. Marxistisk samfunnsanalyse sto sterkt, med no avdøde Torstein Hjellum som ein markant representant. Og dette var før begrepet populisme vart klistra til høgreradikale rørsler og dermed utskjemt som ord på folkelege rørsler generelt. Ved sida av andre politiske grupper på venstresida fanst også såkalla populistiske arbeidsgrupper. Dette var også den tida det å vere radikal var å tilhøyre venstresida.
Eit teikn på at tida er gått er at studentsenteret, som den gongen rundt 1970 var flunkande nytt, forlengst er rive og erstatta av eit nytt og finare, på same staden. Men no herskar det ro innanfor veggene der. Eg bytta omgjevnader då eg tok til med geografifaget, Geografisk institutt heldt den gongen til ute ved Norges Handelshøgskole (NHH) i Breiviken nord for sentrum. Sidan den gongen har det vore både flyttingar og nybygg.
Mens Bergen sentrum i dag har rikeleg med utestader, var tilbodet på 70-80-talet høgst begrensa. Det var Holbergstuen, Wesselstuen og Bangla etter stengetid på dei to førstnemnde. Holbergstuen var den mest populære blant studentar, her sto det kø langt ned i trappa og ein myndig dørvakt passa på. No skal det seiast at eg sjølv ikkje høyrde til dei mest utegåande, dei fleste studieåra var eg småbarnsmor og hadde ikkje høve til å fly på byen. Elles var dette i ei tid då kaffistovene enno heldt stand, her var fleire kaféar som serverte god gammeldags kost.
Breiviken i ytre Sandviken. Til venstre punkthusa på Fagernes bygd i 1953, der budde vi på 1980-talet. I midten det no nedlagte Merinospinneriet, der lokala i dag blir brukt av NHH. Til høgre nye bustadblokker.
På det private plan hendte det mykje desse åra, slik det ofte er i tjueåra. Ikkje alt gjekk like greit, og i nokre år måtte eg kombinere studiene med å vere åleinemor. Men studiane vart no gjennomført, eg møtte min noverande sambuar som eg har budd saman i 40 år, enda eit jubileum faktisk. No er vi begge pensjonistar etter eit langt arbeidsliv i offentleg forvaltning. Elles har det vore både gleder og sorger. Livet byr på så mangt. Og dei (den gong) gamle sine ord om at alt er bra «berre ein har helsa» er så sant som det er sagt. Samt at ein har noko kjekt å halde på med, det er faktisk ganske mykje. Då er det fint å bu ein stad der det er høve til å vere aktiv både fysisk og mentalt, slik det er muleg i Bergen. Har ein eit snev av skrivekløe, slik som eg, er det ein ekstra bonus.
Hordaland fylkeskommune var min arbeidsgjevar i mange år. Her er fylkeshuset slik det tok seg ut i verdas største pepparkakeby. Originalen skal rivast og eit nytt bygg stå ferdig om ca 3 år.
Dette var altså mitt liv i Bergen i kortversjon. Men no var det ikkje mi livshistorie eg skulle fortelje om. Eg tenkte å fokusere på korleis Bergen har endra seg på desse åra, og er det slik at Bergen har endra meg?
Det bergenske gemytt
For å ta det siste først: Som innfødd bardudøl kom eg til Bergen. Eg stammar direkte frå dei første innbyggjarane som kom til Bardu og Målselv frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Bardudølen har ord på seg for å vere traust, på grensa til treg. Når det gjeld det munnlege er bergensarar og bardudølar motpolar. Der dølen ikkje snakkar i utrengsmål og brukar få, men ofte velvalgte ord, der kjem orda frå ein bergensar trillande som erter av en sekk. Der bardudølen kan få sagt mykje med få ord, der kan bergensaren få sagt lite med mange ord. Her kan vi berre tenke på vår noverande statsminister, som med eit velsmurt snakketøy kan snakke seg rundt og bort frå dei mest plagsame tema og spørsmål.
Eg pleier å spøke med at når ein kjem heim til Bardu på ferie, så blir ein gjerne møtt med: «Nåh, feri´?» I Bergen ville ein derimot bli møtt med: «nei halloen, e det deg, e du komen hem på ferie, det va lenge siden, kor lenge blir du her då, e du hos din mor og de, går det bra med deg eller?» Elles var no Knudsen og Ludvigsen treffande i sangen «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme, der har eg det som fisken i vannet, vått og kaldt og breiflabb overalt».
Iført Bardu/Målselvbunad på nasjonaldagen – i stil med Bryggen
Bergensarar flest er ekspertar på small talk. Dei fleste av dei har evne til ein god replikk i forbifarten, med «glimt i øget». Det fell dei liksom heilt naturleg. Og då trur eg faktisk at dette er eit av dei områda der eg har latt meg påverke i løpet av mine år i Bergen. Eg meiner eg er blitt dyktigare til småprat og kjapp replikkføring. Men det bergenske talemålet fiksar eg ikkje og har heller ikkje noko ønske om å legge av meg dialekten frå min barndoms dal.
Mange har ei oppfatning om bergensaren som skrålande og skrytande (særleg av heimbyen) og høg på seg sjølv. Når det gjeld sjølvskrytet skal ein ikkje ta det så bokstaveleg. Det inneheld gjerne ein dose sjølvironi, noko som ikkje er så lett å oppdage for utanforståande (les: austlendingane). For innflyttarar går det gjerne eit tiår eller to før ein er innforstått med dette fenomenet. Så bør ein no ikkje gløyme at Bergen ein gong var Norges hovudstad. Bergensarane har jo mykje å vere stolt av både frå historia og elles, ja eg er no sjølv blitt ein av dei.
Når bergensarane blir oppfatta som om dei tar mykje plass, heng dette saman med eit usedvanleg engasjement for heimbyen, i stort og smått og på godt og vondt. Dei er lette å tenne og det blir ofte høg temperatur i debattane. Engasjementet kan vere eksplosivt når det gjeld planar og tiltak som gjeld byen. For ikkje å snakke om kjenslene som kjem i sving når det gjeld fotballklubben Brann. Akkurat når det gjeld Brann er eg ikkje blitt hundre prosent Bergenspatriot, det kjem an på kven dei spelar mot, er det eit nord-norsk lag held eg no helst med dei.
Det kan bli mykje fram og tilbake i politisk handsaming av saker som gjeld byen si framtid. Det ender no likevel gjerne med at folk til slutt «beliter seg», det bergenske uttrykket for at ein gir seg og finn seg i utfallet av ein konflikt. Bybanen har vore og er ein gjengangar i debatten. Den er blitt eit populært transportmiddel som dei fleste er stolte av. Banen er enno ikkje ferdig utbygd. Spørsmålet om bybanetraseen gjennom sentrum skal gå i dagen over Bryggen eller i tunnel på veg mot Åsane er enno ikkje avklart. Her ulmar det framleis.
Bergen i fest
Eg ser at eg uttaler meg i generaliserande ordelag og at eg dermed er med på å konservere myter om det bergenske gemytt. Men det er absolutt noko eksentrisk med denne byen. No har eg vore her så lenge at eg ser på dei fleste fenomen som noko heilt normalt.
Eg hugsar første gongen eg – lettare sjokkert – observerte ein bevæpna og uniformert gutunge stige inn på bussen til Minde, der eg ein gong i tidlege år budde på hybel. Kva i all verda? Han skulle vise seg å vere ein representant for det særbergenske fenomenet buekorps. Dei i dag om lag 14 korpsa eller bataljonane var etablert på 1800-talet, med opphav i borgarvæpninga. Dei driv sin eksersis i sommarhalvåret, tromminga deira er eit sikkert vårteikn og er ofte ei irritasjonskjelde for innflyttarar – før dei beliter seg. Eg har forlengst vent meg til buekorpsa, dei gir farge og temperatur til byen og er eit tilbod om felles aktivitetar på linje med andre tilbod for barn og unge. På 17. mai marsjerer dei i barnetoget, som i Bergen ikkje heiter barnetog, men flaggtog. Og no er vi inne på eit anna av Bergen sine særeigenheiter, nemleg måten å markere nasjonaldagen på.
Unge buekorpsgutar marsjerer på 17. maiStort mangfald i prosesjonen på 17. mai
For mens det andre stader i landet er barnetoget som dominerer, har 17. mai-feiringa i Bergen eit meir karnevalistisk preg. Det er i praksis to tog som kryssar kvarandre undervegs – det er «prosesjonen» med 17. maikomitéen i spissen (iført flosshatt) for eit opptog med representantar for lag og organisasjonar, ei storstilt mønstring av det sivile samfunn. Og så er det flaggtoget med skular og buekorps.
Om det elles kan vere mykje støy bergensarane imellom – når det gjeld å stelle til fest løftar dei i flokk og er i sitt ess. Det er det dei er aller best til. Festspela, Tall Ships Race, sykkel-VM (riktignok med lei ettersmak), torgdagar og mange slags festivalar, då går det på skinner.
Statsministeren kastar glans over festspelopninga i sin fødeby.Sykkel -VM i Bergen i 2017 var ein fantastisk folkefest, men viste seg å bli eit konkursbo. Det var moro så lenge det varte!Bergen som vert for Tall Ships Race i 2019 – eit storslått arrangement
Den vakre byen
Eg vågar å påstå at Bergen er Norges vakraste by, der han ligg mellom (i våre dagar riktignok mest rundt) sju fjell, ved Vågen, den gode naturhamna som la grunnlaget for Bergen sin status som handels- og sjøfartsby, og for at byen i middelalderen vaks fram som Norges viktigaste by. Det er no elles neppe hundre prosent konsensus om kven desse sju fjella er, utan at det er oppstått store konfliktar av akkurat det.
Det er lett å la seg sjarmere av byens sentrum, med alle dei kjente bygga og landemerka, med Bryggen med UNESCO-status, Bergenhus, Fløybanen, klyngane av trehus, parkane og så vidare. Dette er vel kjent og eg skal ikkje skildre alle desse. Eg arbeider ikkje for turistnæringa. Men byen er såpass spennande og mangfaldig at eg etter alle desse åra framleis kan råke borti stader, smitt og smau der eg ikkje har sett min fot tidlegare. Det kan også vere stader å oppdage på ny. Bergen har bygg frå ulike tidsaldrar og stilepokar og det er aldri kjedelig å rusle i byen.
Eg er Sandvikspatriot, dette er bydelen eg har budd i nesten heile mi tid i Bergen. Men eg likar meg også på Nordnes og Møhlenpris. Interessant er det også å oppsøke dei nyare og ytre bydelane, det er tross alt der dei fleste bergensarane bur. Min lille «guilty pleasure» er å ta bussen til ulike kjøpesentra i bydelar som Åsane, Fyllingsdalen og Loddefjord. Men på det gigantiske kjøpesentret Lagunen blir eg berre utmatta.
I mai blømer kirsebærtrea ved Lille Lungegårdsvann. I bakgrunnen Rasmus Meyers allé med KODE sine kunstsamlingar.Utsikt frå Fjellveien. Cruisebåtane set store avtrykk på byen i sommarmånadene.Mange vil med Fløybanen særleg på cruisedagane.Stadig nytt å oppdage i smitt og smau.Botanisk hage på Nygårdshøyden, like ved Naturhistorisk museum.Vårleg idyll i NygårdsparkenBoder til nedfalls i Sandviken, men her skal byggast nytt…
No er det sant å seie også mykje å irritere seg over, eg er for eksempel absolutt ikkje imponert over all blokkbebyggelsen som er grodd opp lang sjøkanten i løpet av dei seinare åra, gjerne etter at eldre bygg har stått til forfall i årevis. Trist er det også med Torget som har mista sin opphavlege funksjon og som i våre dagar framstår som ei turistfelle. I sommarhalvåret er sentrum meir eller mindre overbefolka på dagane dei gigantiske cruiseskipa har lagt til. Då er det fint å kome seg ut av sentrum, på fjellet eller på sjøen. På slike dagar er det gjerne eit betre alternativ å ta beina fatt enn å stille seg i endelaus kø til Fløybanen. For ein ting er sikkert, hadde det ikkje vore for nærheita til natur, fjell og sjø hadde eg ikkje trivdes med å bu i Bergen. Eg kjem tilbake til det, men først nokre ord om kunstbyen Bergen.
Elles synes eg kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende treff spikaren på hovudet i dagens utgåve av Bergens Tidende. Her peiker han på at det er på tide at Bergen blir vaksen snart!
Kunstbyen
I Rasmus Meyers allé ved Lille Lungegårdsvann finn ein i KODE -musea unike kunstsamlingar på høgt internasjonalt nivå, i tillegg til Bergen kunstforening i same gate.
Utstilling i KODE 4 (Lysverket) med skulpturar av den no avdøde kunstnaren Bård Breivik frå BergenDen gamle sardinfabrikken på Verftet er blitt sentral i Bergens kulturliv, med utstillingslokale, atelierer for kunstnarar, konsertlokale og ikke minst kafe med god plass på kaikanten mot Puddefjorden.
Også gatekunstnarane boltrar seg i Bergen. Vi finn kunststykke på mange veggar rundt omkring. Nedanfor ser vi basketbjørnen i ytre Sandviken, den no avdøde byoriginalen «Ottoen» leiande på sykkelen sin, hender på ein mur på Møhlenpris og veggmaleri også på Møhlenpris.
Naturbyen
Bergen sine sentrale parkar er nydelege, med gartnarar som er kunstnarar i sitt fag. Ein kan finne rekreasjon i parkane, men skal ein røre på kroppen og nyte naturen er det mykje anna å ta av i Bergen sine omgjevnader. Der eg bur har eg tilgang til fine og mykje brukte nærområde, vil ein litt lengre opp i høgda kan ein bevege seg eit eller to nivå høgare. Det er eit utal turvegar og turstiar i og rundt Bergen. Det beste middelet for folkehelsa er etter mi meining lett tilgang til natur. Det er kanskje arven frå ein oppvekst i indre Troms, der eg tidleg lærte meg å sette pris på natur og friluftsliv.
Bileta over viser eit av dei næraste turområda frå der eg bur. Namnet Hellemyrstien kjem av at han ligg i nærleiken av husmannsplassen Amalie Skram har brukt som modell for sin mektige trilogi om «Hellemyrsfolket», som også har vore oppsett på teatret to gonger. Litt meir krevande er Stolzekleiven, som også er arena for eit populært motbakkeløp kvar haust. Vegen startar frå Fjellveien, turvegen som går langs byen med super utsikt over byen frå Sandviken til Bellevue.
Over ser vi bilete frå Sandviksbatteriet, eit anna nært turområde og til høgre frå toppen av Stolzekleiven med utsikt over byen.
Sandvikshytten er passert og vegen går vidare ti Kvitebjørnen og Rundemanen.Med utsikt mot Isdalen og Ulriken
Eg kjem frå den einaste innlandskommunen i Troms og vart ikkje introdusert for sjølivet før eg kom til Vestlandet. Tidlegare farta vi rundt i motorsnekke, men dei siste tjue åra er det kajakkene som har gitt dei beste opplevingane. Det er tallause mulegheiter i skjergarden og i vassdrag i Bergensregionen. Takk vere jobbane eg har hatt er eg godt kjent i geografien. No er dette ein bonus i pensjonistlivet.
På Nordåsvatnet med utsikt mot Gamlehaugen, heimen til Christian Michelsen, noverande kongeleg residens i Bergen
Vêrbyen
Men kva med vêret då, er det ikkje slik at det regnar og er dårleg vêr det meste av tida? Ja, eg har ofte vore oppgitt over vêret. Her er liksom ingen mellomting, anten er det dårleg eller så er det supert. I motsetnad til mi fødebygd i nedre Bardu, der overskya opphaldsvêr, gråvêr, er det klassiske vêrlaget. Eg hugsar året det var 100 dagar i strekk med nedbør. Men ein gløymer det lett når godvêret kjem.
Vinter med snø var ikkje uvanleg tidlegare, for ti år sidan var det faktisk eit par dagar vi kunne spenne på oss skia utanfor døra heime, og det var skiføre i lysløypene på Fløyen. Kanskje kjem det slike vintrar igjen, men det er grunn til å tvile. Eg har dessverre få regnvêrsbilete å bidra med.
Det bles godt i nordvesten på HellenesetMed ski på Hellen festning – for ti år sidan. Eit sjeldant tilfelle.Vinter med skøyteis på Skansen, den gamle brannstasjonen som ligg rett opp frå sentrum
No må eg visst snart gi meg. Noko utfyllande bilete av Bergen skulle ikkje dette vere. Men eg synes nesten eg skulder å gi ein aldri så liten hyllest til Bergen, no når det attpåtil står eit byjubileum for døra. Det er tross alt her eg har tilbrakt heile mitt vaksne liv. Det blir vel «livsvarig Bergen» som ein eller annan har sagt! Så når det er snakk om kva som har vore mest formande i livet, blir det kanskje likevekt i vektskåla mellom dei tjue åra i Troms og dei femti i Hordaland? Uansett, så har eg det privilegiet at eg kan nyte begge desse to stadene.
Og så på tampen nokre ord til ettertanke. I dag er det på dagen eitt år etter at det var gravferd for min 47 år gamle son, på første fredag over nyttår. I går, også på første fredag over nyttår var vi vitne til ein annan 47-åring si gravferd i Oslo domkyrkje. Det er ingen slåande likskap mellom Ari Behn og min son, anna enn at dei ikke var heilt A4 og at dei ikkje fann seg heilt til rette i livet. Dei var begge rastlause sjeler med slektsrøter i Troms og begge endte sine liv i Oslo. Min son budde heile sitt liv i Bergen, men fann seg av ulike grunnar ikkje til rette her. Så uansett kor ein bur og kva status ein har, så er det ikkje stadene i seg sjølv som skaper lykkelege liv. Det er korleis vi har det med oss sjølv og med kvarandre som er viktigast. Og mange har ikkje ein gong ein stad dei kan kalle sin. Så får vi berre ønskje kvarandre godt nytt år og håpe på at det komande året blir eit år der folk tar vare på kvarandre og kan leve i god og fredeleg sameksistens verda over.
Bergen og eg har eit jubileum i år. Det er nemleg 50 år sidan eg kom til Bergen for første gang. Og så hadde eg sjølvsagt tenkt å skrive eit blogginnlegg om det. Fortelje om den lange reisa mot status som nesten ekte bergensar. Men så kom det noko i vegen. For no har eg igjen vore nordpå. I år er høgsesong for 70-årsfeiringar, og derfor gjekk turen til Tromsø for å feire ei god venninne eg har kjent frå hine dager på Tromsø gymnas. Deretter til Bardu for eit opphald i sekundærbustaden. Dette er ei årstid eg vanlegvis ikkje oppheld meg på dei kantar, faktisk var det nesten 50 år sidan sist. Så no trumfa denne turen altså det planlagte Bergensinnlegget, det vert utsett, om ikkje akkurat på ubestemt tid, så i alle fall til seinare.
Så her kjem igjen inntrykk frå ei anna reise, seinhaustvarianten av Nord-Norge. Som viste seg å bli ein vintervariant. Vi forlot Bergen på ein sjelden strålande og fargesprakande haustdag, og kom til ein landsdel der hausten var overstått og vinteren hadde gjort sitt inntog. Etter kvart fekk snøfresarane igjen kome seg ut og i sving etter sommardvalen, trivselen auka nok hos karane rundt omkring. Skikkeleg vinter vart det, med kulde og snøfall på dei stadig kortare og mørkare dagane.
I Tromsø vart det, utanom eit overmåte hyggelig bursdagsselskap, også besøk hos familie og ein søndagstur til universitetsområdet, der det broderte veggteppet til Britta Marrakatt Labba frå 2004 dekker veggflata i foajeen til fakultet for samfunnsvitenskap. Dette mesterverket består av motiv frå flyttsamanes årssyklus. Tre av desse er vist under.
I Bardu vart det rolege dagar med spaserturar i velkjent, vakkert og vinterleg landskap, vedfyring og latskap framfor ovnen. Geitene i Skoelvlia lét seg ikkje skremme av litt snø, berre dei har rikeleg å tygge på. Isen hadde ikkje lagt seg verken i Skoelva eller Barduelva.
I år har vi forsøkt alle moglege transportformer på våre i alt fem turar nordover. Fly, privatbil (hybrid), tog og buss, og no sit eg her og skriv på hurtigruta M/S Spitsbergen, som vi borda i Bodø. Transporten Bardu – Bodø gjekk med buss, først til Narvik med bussbytte, deretter nytt bussbytte når vi hadde passert ferja over Tysfjorden (Bognes – Skarberget). Første etappe i kvitt, eventyrleg vinterlandskap, så solnedgangen over Gratangen og Ofotfjorden. Etter Narvik var landskapet mørklagt.
Køyring i eit mørklagt Norge er noko anna enn køyring på same strekning midtsommars, slik vi gjorde sist. I den lysa årstida er det landskapet som har forrang når det gjeld opplevingar, menneska blir litt underordna. I den mørke tida er husa langs vegen det einaste vi ser, med lysande vindauge og glimt av interiør der folk lever og bur. Ein bør reise i Norge på alle årstider for å få med seg nyansane.
Gratangsbotn og Ofotfjorden
Utsikt frå Hålogalandsbrua
Sist vi var i Bodø besøkte vi det nye jektefartsmuseet, denne gongen tok vi eit sprang fram i tid og besøkte det enda meir imponerande og mangfaldige luftfartsmuseet med si rikhaldige utstilling både frå sivil og militær luftfart. Vi konsentrerte oss om den sivile delen. I dag, når flyskam er blitt eit begrep, bør vi ikkje gløyme at det er flyrutene som har bunde dette langstrakte landet saman. Som kjent er det smått med alternativ når ein kjem eit stykke nord for polarsirkelen. Interessant var det også å sjå at kvinnene har gjort seg gjeldande innan luftfart, Gidsken Jakobsen frå Narvik er legendarisk, men det er fleire.
Den første hurtigruta vart sett i drift i 1893 og avløyste meir saktegåande, utrygge og ukomfortable reisemåter til sjøs. I dag er hurtigruta ikkje akkurat hurtiggåande, men eit moderne og komfortabelt cruiseskip av moderat storleik, med overvekt av tyske og britiske passasjerar 60+. Dei er av den siviliserte og rolege sorten, og alle her i utsiktssalongen var samde i at bakgrunnsmusikken skulle stoppast. No er her fredeleg og fint. Eg meiner ingen cruiseskip burde vere større enn hurtigruteskipa, jmf monstra som ligg til kai i Bergen og norske fjordar. Ekstra stas er det at kaptein Bendiksen på M/S Spitsbergen er kvinne. Enda eit døme på kvinnelege pionerar innan samferdsle.
I skrivande stund er vi på veg frå Trondheim. Og snakk om å vere heldige med vêret. Strålande solskinn og stille hav. I går var det seilas gjennom kremen av Helgelandskysten, dei sju systrane med gull på toppane, Alstahaug, Vega for å nemne nokre høgdepunkt. I dag like fint ut Trondheimsfjorden. Men dagane er korte, og når vi kjem fram til Kristiansund på ettermiddagen er nok dagslyset på retur.
Dei sju systre
Alstahaug
Mot Brønnøysund, Torghatten bak til høgre
M/S Spitsbergen ved kai i Brønnøysund
Munkholmen
Det fine med slike langsame reiser er at ein uforstyrra kan sitte med ei bok eller berre la tankane fly. Eg hadde tatt med litt knapt med lesestoff heimefrå og dermed måtte eg leite i bokhylla i Sundlia for å finne noko å ta med på reisa. Der står mest bøker frå Bokklubben frå fleire tiår tilbake. Eg fann boka «Din stund på jorden» av Vilhelm Moberg, som for dei fleste er mest kjent for skildringa av utvandrarane til Amerika. Boka handlar om ein utvandrar frå ei bygd i Sverige, som etter å ha levd det meste av sitt liv i USA no fann seg sjølv som ein desillusjonert einsleg mann som kjente på at han nærma seg slutten på sitt liv, med dels smertefulle tilbakeblikk. På slutten av boka kjem han til ei slags forsoning med livet slik det blei. Ei gripande bok som eg anbefalar. Kanskje er ein ekstra mottakelig når ein har det meste av livet bak seg.
Reisa er ikkje slutt, verken på eine eller andre måten no. Men eg avsluttar med dette skrivinga, sjølv om vi ikkje er komne lenger enn til Hitra på styrbord side. I morgon seiler vi etter ruta inn på Byfjorden i Bergen litt før halv tre.
Sommaren er over og ein burde vel vere litt lei seg over det. I år kjenner eg ikkje på så mykje sorg. Litt samanheng har det med at eg har «ferie» heile året, alt står og fell ikkje på om sommarvêret kjem i den tilmålte ferien. Med tidleg sommarvarme i april og sein varme i september, samt mange varme dagar imellom har sommaren vart lenge nok. Årshjulet må gjerne trille vidare.
Vi rakk over ganske mykje. Ingen utanlandstur, om ein då ikkje reknar ein dags transportetappe gjennom Sveriges mest aude trakter og eit nattelosji i Östersund. Etter å ha avslutta hyttelivet – som skildra i forrige innlegg – vart det etter kvart tur austover til familietreff i Valdres og så til slutt den vanlege køyreturen nordover. Og no heldt eg på å gløyme snarturen til Kristiansand med retur gjennom Telemark tidleg i juli. Faktisk har vi vore mange stader i fedrelandet i sommar. Det har mykje å by på.
Vestlandssommar
Men før turen nordover var det varme dagar og mange fine turar i Bergen og omland. Mellom anna til Fedje – «landsbyen i havet» og fottur i Nordsjøløypa, samt kajakktur i 30 plussgrader på vestsida av Sotra og ditto i Os-skjergarden. Vi minnes også alle måltida ute og grilling på terrassen i kveldinga. Slikt skjer ikkje kvart år. I tillegg er det liv og røre i Bergen by om sommaren, kanskje i meste laget.
Innseiling til Fedje
Padletur frå Glesvær, Sotra
Padletur til Kuskjeret i Os-skjergarden
Cruisebyen Bergen
Tall Ships Races skaper liv og røre
Heimleg hygge
Seinsommaren i nord
Men no skal eg ikkje bruke meir plass på sommaren sørpå. Eit stykke ut i august gjekk turen nordover. Denne gongen med ein ekstra passasjer i bilen. Sonesonen, som skulle til Bodø for å studere, fekk skyss heilt til hybeldøra, og då kunne vi også nytte høvet til å sjå han vel installert der. Nokre år i Nord-Norge vil nok bli god ballast på livsvegen, det er eg sikker på.
Sidan eg held på med utforsking av haugianerslekta, var eg også innom Oppdal og slektsgarden Nesto på Mjøen, der vi helsa på dei noverande bebuarane, ekteparet Solfrid og Stein. Stein og eg har felles stamforeldre i Gullik og Gjertrud, foreldra til Marit Gulliksdatter som kom til Målselv etter Hans Nielsen Hauge si oppmoding. Garden ligg nedst i Drivdalen, under Allmannberget. På tilbaketuren var vi også oppom Oppdal kyrkje som ligg på Vang med vakker utsikt både mot Drivdalen og Dovre i sør og Gjevill mot vest.
Allmannberget ruvar over Mjøagardane
Gammalt stabbur på Nesto Mjøen
Oppdal kyrkje på Vang
Utsikt frå kyrkja. Mjøagardane nede heilt til venstre.
Men no Nordland. Det vart overnatting på ærverdige historiske fru Haugans hotell i Mosjøen og rusletur i verneverdige Sjøgata, før kryssing av Saltfjellet og Bodø. Studenten hadde fått seg hybel i bufellesskap i gangavstand frå studiestaden på Mørkved. Etter ein del turar til Jysk som ligg strategisk til for studentane (i mangel av IKEA) kom ein del tilskot frå oss på plass på den beskjedne, men heilt greie hybelen.
I Mosjøen, på veg for å vekse seg stor.
Kreativ dekorasjon i Sjøgata, Mosjøen.
Før turen gjekk vidare nordover nytta eg høvet til å dyrke mi veksande historiske interesse. Turen gjekk til det flunkande nye jektefartsmuseet som ligg vakkert til ved Bodøsjøen. Eg har fordjupa meg litt i innvandringshistoria til bygdene i indre Troms og då dukkar spørsmålet opp om korleis dei reiste nordover. Dei måtte sjølvsagt også nytte sjøvegen delar av den lange vegen. Rundt 1800 fanst verken rutebåtar eller dampskip. Løysinga var leilegheitsskyss med jekter som frakta fisk og andre varer. Ein kan jo prøve å førestille seg komforten ombord. Eit interessant og gjevande museumsbesøk var det (sjå bilete under).
Jekta Anna Karoline
Turar i skog og mark og by
Men turen stoppa ikkje i Bodø. Målet var som vanleg sekundærbustaden i Sundlia i Bardu. Der er mykje å ta seg til både ute og inne. Vi starta ute, engstelege for at vi ikkje skulle få ta del i moltehausten, men myrene i vårt vante fjell leverte likevel. Også i blåbærskogen var mykje å hente, og jamen rakk vi så vidt tyttebæra også. Ein kan meine mykje om landskapsinngrep og kraftliner gjennom dalføret i Nedre Bardu, men dei skaffar i alle fall meir lys og rom for tyttebæra. Så no er vi vel forsynte med bær. Og for ein fryd å plukke tyttebær på tørre og fine rabbar, mot det vi er vane med frå myrene rundt hytta på Reksteren, der bæra må gravast fram på høge grastuer mens ein snublar seg fram i djupe blauthol. Og så måtte plukke av seg flått når ein kom i hus!
I år var myra frå Sundlifjellet tørr å gå på
Blåbærlukke
Bru over Sagtindelva på tursti til Johaugen
Nokre «nye» fjellturar var det òg, til Matfjellet som ligg i nabokommunen Sørreisa, og til nærområdet Johaugen på austsida av Barduelva, der det er merka turløype i regi av Midt-Troms friluftsråd.
Toppen av Matfjellet
Matfjellet med utsyn mot Hjerttind
Ein kjapp Tromsøtur for å helse på familie og vener, og hyggeleg besøk i Sundlia frå utflytta studievener var stort sett einaste sosiale omgangen denne gongen. I Tromsø vart det museumsbesøk for å sjå på den flotte nye utstillinga «Tellus» om jordas historie. På veg til Tromsø kan ein passere «Olsborg stasjon» i Målselv. Her har jernbaneforkjemparen Hilde Sagland bygd seg ein stasjon i hagen. At Nord-Norge ikkje får ta del i infrastruktur som andre landsdelar tar som ein selvfølgje, er berre ein av grunnane til opprøret i nord, som ga seg utslag i valresultatet nyleg.
«Olsborg stasjon»
Utstillinga «Tellus» på Tromsø museum
Oppussing og rydding
No tok vi fatt på det som skulle bli eit meir omfattande prosjekt enn vi hadde tenkt oss på førehand. På eine soverommet – bror min sitt gamle rom – hadde vi registrert at malinga på enkelte stader losna i store flak. Noko måtte gjerast. Det var lettare sagt enn gjort. Først etter fleire forsøk fekk vi ny maling til å feste seg på underlaget. Det vart bra til slutt. Faktisk vart eg veldig nøgd. Mi gamle barneseng fekk plass i hjørnet, den gamle gyngestolen vart henta hit, eit gammalt bord malt. «Dallen» (trebutten) frå oldeforeldra i Sollia fekk plass. Ting som har plass både i mi og andre si historie, verdifulle i all si enkelheit.
Den gamle barnesenga
Gyngestolen fekk plass i hjørnet
På dette rommet sto det fleire kartongar med vekeblad, omlag tretti årgangar med «Familien», frå tidleg 80-tal til 2012, samt mange eksemplar av Norsk Ukeblad, Hjemmet og Allers. Det vil seie rundt rekna mellom 1500 og 2000 eksemplar. Det som kjenneteiknar bladet Familien (som i gamle dagar heitte Kristen ungdom), er – forutan det kristne grunnsynet – at kvart blad inneheld ei mengd oppskrifter, særleg på handarbeid av ulike slag. Mor mi var ikkje den som kasta slike skattar! Her er verkeleg utruleg mykje å hente for dei fingernemme. Men kva i alle dagar skal ein gjera? Eg har to hus med fulle skuffer og skap, og i staden for å bruke resten av mi levetid på hekling og strikking har eg valgt skriving som hobby. Vil eg ha eit handarbeid mellom hendene finn eg nok noko på nettet!
Eg tok meg tid til å skumme gjennom dei fleste årgangane for å sjå om her var gullkorn verd å gøyme på. Eg har lagt nokre blad til sides, resten gjekk den bokstaveleg talt tunge vegen til papirkonteinaren. No er det ikkje berre handarbeid som kan fange interessen i gamle vekeblad. Dei speglar tida og gjennom tre tiår er det ikkje lite som har endra seg når det gjeld synet på kvinna og hennar oppgåver i heim og samfunn. Sjølv i eit kristeleg blad som Familien er mykje endra i så måte. Alle desse årgangane kunne nok vore råstoff for avhandlingar, men no er det for seint. Ein kan jo ikkje påta seg for mykje arkivansvar, kva har ein Nasjonalbiblioteket og Arkivverket for?
Eg nemnde over at eg har skap og skuffer fulle. I huset i Sundlia især er det heklebrikkar i hopetal. Mor mi produserte noko, men det meste er truleg gåver frå andre sine flittige hender, ja, sjølv eg har nok bidratt! Kor mange tankar er vel ikkje tenkt mens heklenåla gjekk! Handarbeid er utmerka meditasjon, når ein vel å merke er blitt førtruleg med teknikkane. I respekt for dei flittige hendene kom eg til at eg skulle hente fram noko av det som ligg gøymt i skuffene. Heime i Bergen er huset nokså strippa for slikt, men i Sundlia køyrer eg meir retro-stil. Så på det nyoppussa rommet har eg no plassert heklebrikkar på ulike stader, og putene som var overtallige og gøymt på roterommet fekk igjen vise seg fram. Slik blir det både gjenbruk og heider til dei som har stått for produksjonen.
Så bar det etter kvart sørover igjen, på E6 til Fauske med avstikkar til Bodø for å sjekke korleis det sto til med studenten. Han hadde funne seg godt til rette. Vi valgte å ta til Sverige før Saltfjellet, gjennom Lappland i haustfargar og vidare gjennom endelause folketomme strøk i Jämtland. Så meir folksamt etter kvart i Östersund og Åre og Storlien og Trondheim. Gjennom fagre Stryn, Sunnfjord og Sogn med plommer til sals i vegkanten, gjennom Nordhordland før framme i Bergen. Vestlandet viste seg frå si beste side i strålande sol. Vi rakk heim før valdagen. No ventar vi i spenning på kva konstellasjoner som blir resultatet av valet. Uansett er det hausten vi har framfor oss no.
Eg har den siste tida ved fleire høve nytta skriftstaden «Alt har si tid». No er tida komen til å vende enda eit blad i historia. Vi seier farvel til hytteliv i eiga hytte.
For 15 år sidan overtok vi ei relativt smålåten hytte etter mine svigerforeldre. Vi var den gongen dei einaste i familien som var interesserte i å ta hand om den då nesten 30 år gamle familiehytta etter at svigerfar, som då var enkemann, gjekk bort. Han var klår på at han ikkje ville at hytta skulle seljast. Hytta ligg i Tysnes kommune, nordvest på øya Reksteren på Kaldefoss, eller Svarvahella som er namnet på hytteområdet. To og ein halv time tar det å kome dit frå Bergen, etter ein ferjeoverfart og deretter ein time på smale og svingate vegar. Hytta hadde nok ikkje vore førstevalet vårt om vi var ute på hyttemarknaden, men vi såg ein viss sjarm og potensiale og slo til. Vi har ikkje angra.
Sage plater til badet
Ny papp på uthus
Hjelp til kitting av vindu
Fuging av badegulv
Hytta ligg ikkje langt frå sjøen og i utgangspunktet burde ho ha sjøutsikt. I den tida det beita husdyr ute på Kaldefoss klarte dei å halde vegetasjonen nede. Men då vi overtok var det slutt på dette. No var det berre hjorten som rådde. Det var vakse til med skog og kratt og ikkje eit einaste sjøgløtt å oppdrive. Det vart skaffa motorsag og verneutstyr, og vi tok fatt med friskt mot. Det vart mykje herleg fysisk arbeid desse første åra. Tre og busker måtte vike og vi gledde oss over kvart nye gløtt ned mot Langenuen, der vi kunne observere ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg på Stordøya. Vårt ibuande steinaldermenneske stortrivdes. Dette var også før vi fekk installert skikkeleg dusj og vaskerom, og merkeleg nok kjentes det også ganske behageleg å gå rundt heil- eller halvskitten.
Tømmerhoggaren
Grøfting
Vedhogst
Felling av sitkagran
Det var helst steinaldermennesket frå nyare steinalder, bondesteinalderen, som hadde materialisert seg. For det begynte snart å krible i hendene etter å plante og dyrke fram noko anna enn dei magre stadeigne artene. Eg la riktignok til rette for at ville vekster som blåbær og tyttebær skulle få lys og rom på tomta, kvart år måtte det til ein omgang med opprøsking av nye bjørke- og furuskot, og klipping av lyng. Det vart lagt ned ulike sortar blomsterløk, og i ein skråning såg eg moglegheit for å anlegge eit steinbed. Eg frakta steinar frå ein av dei stadene vi pleide å sette ut kajakk, der var det sprengstein å hente. Eg planta jordskokkar og rabarbra og såg for meg at her skulle det haustast inn sjølvdyrka tilskot til kosten. Det vart planta ei rododendronbusk og ein gyvel (ikkje heilt bra å innføre framande artar, eg ser det no i ettertid). Saman med sonen min rydda vi sti ned til sjøen. Den vart ikkje mykje brukt, utan dei gongene Bjørn tok turen ned til sjøen med fiskestanga. Det hendte at torsk, pale og lyr beit på og vart middagsmat.
Skifte kledning på tilbygg
Rydde sti til sjøen
Gjert maler hjerte
Liv står for våronna
Eit og anna var det som trengte utbetring på hytte og uthus. Vi flikka på vindauga, det var ikkje behov for utskifting viste det seg. Hytta vart malt gul med kvite vindskier. Største arbeidet var å få nytt vaskerom. Riving av gamal innreiing, på med nye vegg- og takplater. Flislagt golv med varme, nytt dusjkabinett og vask. Innvendig vart det ikkje gjort andre endringar enn å bytte ut sofabenk og henge opp nokre nye lamper og hyller, samt nye gardiner og litt andre småting.
Tyttebæra må renskast
Kaffekos. i hytteveggen
Ein betre middag
Greinkutting på taket
Hytta ligg ikkje med lett tilgang til sjøen, og på denne sida av øya er heller ikkje strandsona særleg gjestmild, i alle fall ikkje for kajakkpadling. Vi etablerte oss med hyttekajakkar som vi tok på biltaket og køyrde til austsida, der vi i området ved Hopsundet med Vernøy og den vesle idylliske skjærgården rundt har hatt mange flotte padleturar. Ut frå den faste utsettingsvika vår på Vernøy starta turen med utsyn til Folgefonna, Melderskin, Tysnessåta og Hovlandsnuten. På Lille Vernøy er det ein fantastisk liten lagune med finaste skjellsand.
Daniel padlar i pollen på Lille Vernøy
Daniel og farmor på Lille Vernøy
Mor på sitt eneste besøk i 2006
Vi padlar kano på Flatråkervassdraget
Finaste tida på hytta var kanskje vår/forsommar og haust. Sitte ute og høyre på fuglesongen med kaffe og lappar i lauvsprettsesongen var eit høgdepunkt. Og padleturane på speilblank sjø på stille oktoberdager med haustfargar langs strendene er også noko av dei beste minnene. «Tyttebærhelgene» i månadsskiftet august/september var fast tradisjon. Tyttebæra måtte gravast fram i tuene ute i myrane, strevsomt og ofte vått, men ofte med bra gevinst, og så var vi forsynt med tyttebær heile året. Berre eitt år svikta tyttebærhausten fullstendig, ikkje eit einaste bær var å oppdrive.
På Lamøy
Haustpadling ved Vernøy
Dukkert på Lamøy
Utsikt til Folgefonna, Melderskin, Hovlandsnuten og Tysnessåta
Hytter er gjerne tenkt å vere samlingsstad for familiar, med smått og stort. For oss vart det ikkje akkurat slik, sjølv om vaksen son og barnebarn var på besøk nokre gonger. Ein gong var vi alle fire saman på kanotur på Flatråkervassdraget på Tysnesøya. Det er ikkje berre på sjøen ein kan padle. Også bror min og mor mi var innom i 2006, året ho fylte 90 år. Så vi var stort sett toeine der ute på hytta, det var heilt greit det òg.
Dei siste solstrålene
Siste slåtten på hytta
Hytteboka med 15 års historie
No snakkar eg i fortid. For no i sommar bestemte vi oss for å avslutte hyttelivet på Reksteren. Dei siste åra har det minka på opphalda der ute, av fleire årsaker. Vi er ikkje avfeldige enno, sjølv om vi trekkjer på åra, men med to andre hus å ta vare på blir det litt mykje å ta hand om. Så etter å ha lufta desse tankane om avvikling for familien, viste det seg at ei niese av Bjørn var interessert. Ung familie med to små born som ser for seg at det kan vere fint med sin eigen stad. Det er ei stor glede for oss at hytta kan forbli i familien. Eg er ikkje sentimental av meg, men sjølvsagt er det vemodig å legge eit kapittel av livet bak seg. Men slik er det, ein må berre lære seg å ta farvel med sitt jordiske gods.
Så korleis er status og standard på hytta no? Med handa på hjartet kan vi si at den i alle fall ikkje er dårlegare enn då vi overtok. Standarden er fortsatt enkel, om ein samanliknar med notidas standard på fritidsbustader, og ikkje minst nabohyttene på Svarvahella. Men etter vår meining er det nettopp det enkle som gjer livet på hytta triveleg. Og at ein kan få sjaua litt og brukt sider av seg sjølv som ein ikkje får brukt ved ein kontorpult.
Men kva med dei andre tiltaka på tomta, kva frukter kan ein sjå av dei? Dei einaste spora av mine dyrkingsforsøk er at rododendronbuska står fint, det same gjer påskeliljene. Det øvrige har hjorten gjort ende på. Det er ingen spor att av tulipanar, krokus, jordskokker og rabarbra, og plantane i steinbedet har ikkje vist seg på fleire år. Jordsmonnet her ute er heller ikkje det beste. Skogen har igjen vokst seg stor, og det er ikkje lenger gløtt ned til sjøen. Så no er det andre som får gleda av å spytte i nevane, ta fatt og kanskje kjenne på steinaldermennesket i seg.
Interiør ved avreise
Før siste padleturen som hytteigarar
Til slutt: planar om ferjefri E 39 med monsterbru over Bjørnefjorden vil ha innverknad på hytteområdet her ute ytterst på Reksteren. Då vil det bli brufeste og firefelts motorveg ikkje langt unna. Denne hytta vil ikkje bli berørt direkte, men om dette prosjektet skulle bli realisert ein gong (Gud forby!) vil området endre karakter. For ordens skuld: dei som overtar hytta er innforstått med kva som kan skje i framtida.
Eg sit her på jonsokaftan, eller St. Hans som dei fleste kallar denne kvelden då sola snur (som den strengt tatt gjorde for eit par dagar sidan). Nei, det er ikke synd på meg sjølv om eg sit her åleine etter at min sambuar er reist til Sørlandet på sin årlege padletur med kompisane. Det er ham vel unt. Eg kosar meg likevel.
Som eit mirakel snudde vêret i løpet av dagen, frå regn og 13 grader tidlegare i dag til skyfri himmel, nydeleg kveldssol og nesten 20 grader no like før sola forsvinn frå terrassen. Frå her eg sit har eg utsyn mot Askøy (ei øy som har vore mykje i fokus den siste tida, av heilt andre årsaker). Tidlegare, rett nok for fleire år sidan, var det fleire bål å sjå der over på andre sida av Byfjorden.
Kor er det blitt av båla? Dei er blitt færre år for år. I dag har eg sett eitt bål, og det ser ut til å vere sløkt allereie. Så eg må berre spørje: kva her skjedd med St. Hans-feiringa? I min barndom var dette ein særs viktig kveld. Sjølv om veret ikkje var av det beste, bål skulle det vere, og folk skulle samlast. Oppe i lia i Sundlia, heimbygda mi. Ein av dei få dagane i året vi fekk brus. Hôl i korken på Solo-flaska for å tøye gleda lengst mogleg.
I mine første år her i Bergen det var det også feiring denne dagen. På Helleneset, rett nedanfor der eg no bur, var det bål og St. Hans-moro. Det er lenge sidan. Og frå her eg sit ser eg ikkje eit einaste bål. Korleis kan det ha seg at vi ikkje lenger held midtsommarfeiringa i hevd slik som før? Her i Bergen er så vidt eg veit er tønnebålet på Laksevåg einaste tradisjonen som blir halde i hevd.
Eg har ein teori. Dette er ein dag utan noko særleg kommersielt potensiale. For kva er det forretningsstanden kan selje til denne dagen? Kanskje litt pølser og grillmat, men elles er det ikkje behov for noko nytt til St. Hans. Riktignok er det allereie før skuleslutt «SALE» i butikkane, med «nattåpent», men det er jo for å kvitte seg med sommarvarene så snart som mogleg, slik at ein kan gi rom for haustvarene. Kvifor har Halloween fått fotfeste? Jau, her kan det seljast kostymer og snop. Og jula er sjølvsagt det heilt store handlegildet.
Eg skulle ønskje ein kunne ta betre vare på tradisjonen med å feire midtsommer. Dette har vore ein merkedag gjennom tusener av år, også i førkristen tid, før døyparen Johannes kom.
Hagen i midtsommarskrud. Humlene surrar.
Mens eg skriv dette, har sola forsvunne frå hagen min, men skin framleis ute på Byfjorden. I hagen blomstrar timian og andre blomar, humlene har funne fram dit, heldigvis. Fine humlene, dei fortener å få det beste.
Av ulike grunnar har det vore mykje fokus på tog den seinare tida. I Norge har namnebytet frå NSB til Vy vekt mykje forarging. Eg er blant dei forarga, men utviklinga innan togtransport dreier seg jo om mykje meir enn eit teit namn. Oppsplitting i ulike selskap i samferdslesektoren og anbodskonkurransar er resultat av ein politikk som har fått konsekvensar for fleire samfunnsområde. I dag fekk vi vite at norske Vy tapte konkurransen mot Sveriges Järnvägar (SJ). No er det altså eit svensk selskap som skal drifte tog i Midt- og Nord-Norge. Ein smule komisk at eit svensk statleg selskap skal overta for eit tilsvarande norsk. Men slik er det blitt. Så får vi sjå om dette er til gagn for passasjerane.
Ser ein bort frå den heimlege diskusjonen om organisering av togtransporten, er det sjølvsagt klimaomsynet som har, og bør ha, innverknad på folk sitt val av transportform. «Flyskam» er eit begrep som er komen i kjølvatnet av arbeidet for å redde kloden frå kollaps grunna klimaendringar. Applaus til unge og eldre som engasjerer seg i dette. Endringar i reisevaner er ein del av den omlegginga som må til for å redusere utslepp. Flytrafikken kan ikkje halde fram i same omfang som i dag dersom ein skal nå klimamåla. Akkurat no høyrer eg i radioen at Grønn Ungdom vil ha eit kvotesystem på flyreiser – med ei tur-retur-reise per person per år, og moglegheit for kvotekjøp om det er behov for fleire. Eg saknar litt meir geografikunnskap hos dei som engasjerer seg.
På togtur
Sjølv er eg eigentleg ikkje så hardt angripen av flyskam. Skal ein til dei nordlege delar av Nord-Norge har ein få alternativ til fly, og eg avstår som regel frå helgeturar til storbyane i tide og utide. Fordi eg bur i ein storby med godt kollektivtilbod er det heller sjeldan eg sjølv set meg bak rattet. Men no skulle vi ut på den årlege forsommarturen nordover, med tiltrengt våronn for tomta til sekundærbustaden. Eg går ikkje av vegen for å skaffe meg nokre nye erfaringar. Så korleis finne alternativ transport, altså utan fly og privatbil? Kanskje tog?
Min sambuar og eg liker å reise med tog. Forutan klimafordelen slepp ein enerverande trasking og keisame opphald på flyplassar, samt transport til og frå. Vi bestemte oss for å prøve tog denne gongen. Den opphavlege planen var å legge turen via Sverige – ein snartur innom Stockholm verka fristande – og så vidare med SJ via Kiruna med Ofotbanen til Narvik. Då er vi berre halvannan time frå Bardufoss. Men på grunn av mangelfull togflyt frå Oslo (buss for tog) vart planen skrinlagt. Det går heller ikkje lenger direktetog mellom Oslo og Stockholm. Det vart Nordlandsbanen i staden. Det vil seie Bergensbanen og morgontoget Bergen – Oslo, ettermiddagstoget med Dovrebanen Oslo – Trondheim og nattoget Trondheim – Fauske. Då er det slutt på skinnene (bortsett frå at toget også går dei få milene Fauske – Bodø). Til slutt må det skøytast på med Nord-Norgesbussen.
Starten er altså frå landets staselegaste jernbanestasjon. Bergen jernbanestasjon sto ferdig i 1913 og er eit framifrå eksempel på tidas Art Nouveau-stil. Arkitekten var Jens Zetlitz Monrad Kielland.
Start frå jernbanehallen i Bergen
Ein tidleg laurdags morgon i juni sette vi oss på Bergenstoget. Saman med oss steig det på ein flokk utlendingar, dei fleste asiatar. Dei steig av på Voss og skulle truleg vere med på klassikaren Norway in a Nutshell slik at dei fekk fjordane og Flåmsbana med i same slengen. Vêret var ikkje det beste denne dagen. Grått på Hardangervidda, ikkje så mykje å sjå, og tunnelane er mange og lange. Eg fekk ikkje samla meg til å knipse bilete frå vintervåren i høgfjellet, så dette er eit lånt bilete.
Finsevatnet (foto: Togbloggen)
Det hadde seg slik denne helga at vi var invitert til 70-års-feiring i Asker, så då vart det avstiging der med overnatting før reisa gjekk vidare søndag ettermiddag. Kjem ein frå Vestlandet og Nord-Norge til f.eks. Asker stasjon vert forskjellane landsdelane imellom særs påfallande. Her suser toga forbi i begge retningar utan opphald. Det nyttar vel ikkje å vere avundsjuk på prioriteringa av samferdselsmilliardane. Intercitytog er nok ikkje for alle. Hovudstadsregion er då hovudstadsregion?
Med Comfort på Trondheimstoget
Søndag ettermiddag var det tid for tog til Trondheim. Då vi bestilte, var det berre ledig på det som kallast Comfort – det vil seie at for ein hundrelapp ekstra får ein avis og kaffe på kjøpet. Sidan det var søndag vart det ingen avis, og det frista heller ikkje med vandring framover i vogna for å hente kaffe, med fare for vakling og søl. Ei ulempe med dette toget var den knappe bagasjeplassen. Passasjerar med litt storleik på koffertane fekk rett og slett ikkje plassert bagasjen. Og dette var jo eit tog med langvegsfarande, ikkje noko pendlartog. På Bergenstoget var det betre plass for bagasje.
Snute mot snute på Lillehammer
Elles gjekk reisa greitt. Som det framgår av mitt forrige blogginnlegg, har eg for tida spesiell interesse for visse delar av Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag. Toget går dels på vestsida av Lågen, oppe i liene her ligg gardane der mine stamforeldre kom frå. Og toget stryk også gjennom Mjøen i Oppdal, der mi tipp-tippoldemor kjem frå. Her skal eg gi meg betre tid ved neste høve.
I Trondheim var det å stige inn på nattoget og førebu seg på natta. Litt tungvint å få henta seg nøkkelkort til sovekupéen. Eg har eigentleg dårleg søvnerfaring på nattog, og betre vart det ikkje denne gongen. Litt for mykje slingring og støy. Sov-i-ro hjalp ikkje. Men prinsippet er jo fint, sove seg gjennom natta og komme fram ein tidleg morgon. Eg sto opp då vi passerte Saltfjellet.
Saltfjellet i morgonsol
Buss for tog
Så var ikkje vegen lang til vår endestasjon Fauske der bussen venta. Turen opp gjennom Nordland vart ei flott oppleving. Strålande sol, nyutsprunge lauv, blå himmel, blå fjordar og kvite fjell. Kor elles i landet finn ein slike fantastiske fjellskulpturar? På dei høgaste partiane på vegen hadde vinteren ikkje heilt slept taket, men i låglandet var det grønt og frodig.
Slutt på skinner, over på vegVinteren slepp taketIdyll på Innhavet
Etter bussbytte på Storjord er det ferje Bognes – Skarberget med kaffe og svele. Her ser ein inn over Tysfjord, med glimt av Stetind, Norges nasjonalfjell. Til slutt kjem vi fram til Narvik der det er bussbytte og tid til lunsj. Det viser seg at Troms fylkestrafikk sin buss byr på meir komfort enn Nordland sin.
Narvik med fjellet «Den sovende dronning» og hotellet som på folkemunne vert kalla «vannkokaren»
Vi passerer for første gong den nye Hålogalandsbrua, opna i desember 2018. Med denne brua er vegen korta inn med 18 km. I halvsekstida på ettermiddagen er vi framme i Sundlia i Bardu. Det vil seie at netto reisetid med tog og buss frå Bergen til Bardufoss tar ein og ein halv dag med dei togavgangane vi nytta. Det er eigentleg slett ikkje så verst. Raskare enn med bil. Altså eit brukbart alternativ, om ein ikkje har det for travelt. Kanskje får ein meir utbytte og utsikt – «Vy» – om ein veljer å reise med Nordlandsbanen på dagtid. Så må eg bekjenne at vi tok fly tilbake frå Bardufoss, og for å komme til Bergen slepp vi ikkje unna Gardermoen. Frå vi gjekk ut døra til vi var heime i Bergen tok det sju og ein halv time, då med kollektivtransport heile vegen.
Veg for bane
Våronn ved E6 i eit bilfritt sekund.
Etter adkomst Sundlia var det å ta fatt på våronna, med E6 som næraste nabo. Her dundrar all tungtransport mellom nord og sør forbi, til alle døgnets tider. Person- og militærtrafikk i tillegg. Var det nokon som snakka om tog?
Somme har etterlyst nye innlegg på bloggen. Det er riktig at eg har hatt ein pause. Det kjem seg av at eg har fordjupa meg i slektshistorie. Forutan lesing av bygdebøker for Bardu og Målselv, har eg – takk vere eit godt bibliotekvesen med tilgang på bygdebøker frå heile landet og mykje skanna materiale – funne ut ein god del eg ikkje visste frå før. Slektsgransking er jo elles eit typisk alderdomsteikn, men eg har altså visse planar med dette arbeidet. Meir røpar eg ikkje no.
Eg er etterkomar av dei som braut opp frå magre kår sør i landet på slutten av 1700-talet for å starta eit nytt liv som nybyggjarar i Bardu og Målselv. Formødrene og -fedrene i denne første innvandringsbølgja kom frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Oppdal. Det er ålment kjent at fogd Jens Holmboe var ein ivrig pådrivar for innflytting og nydyrking i dei fruktbare dalane i indre Troms. Han meinte at innlandsfolket frå dalane der sør var meir veleigna enn kystbefolkninga til slikt. «Storofsen» – flaumen og jordskreda som i 1789 raserte mange eigedomar i desse områda – var også medverkande årsak til utflyttinga mot nord. Fullt så kjent er det kanskje ikkje at lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771-1824) hadde meir enn éin finger med i spelet. Dei som kom nordover var for ein stor del haugianarar, med sterk gudstru og høg arbeidsmoral.
Hans Nielsen Hauge hadde hatt ei guddommeleg openberring under arbeidet ute på åkeren på heimegarden i Rolvsøy i Østfold i 1796. Etter dette starta han ei omfattande forkynning, reiste rundt i landet, sette i gang ulike praktiske tiltak og etablerte eit tett nettverk av vener. Blant anna vart det oppretta ei slags felles kasse der medlemene i venesamfunnet bidrog. Han valgte ut folk som han meinte var tenlege for saka, både menn og kvinner. Hauge er i ettertid sett på som ein eksponent for koplinga mellom den protestantiske etikk og kapitalistiske ånd. Med haugianismen sine trekk frå kommunisme, protestantisme, kapitalisme og feminisme må Hans Nielsen Hauge seiast å vere ein av dei mest interessante figurane i Noregshistoria. Etter Hauge si tid gleid haugianismen meir over i indremisjon. Opprøret mot autoritetane og vel også dei industrielle føretaka i Hauge si ånd kom nok etter kvart i bakgrunnen.
Hauge forfatta eit utal skrifter som han sørga for å spreie rundt i landet. Venene heldt han kontakt med gjennom besøk og brev som inneheldt ei god blanding av gudsord, praktiske direktiv og formaningar. Han hadde også meiningar om kven som kunne vere høvelege ekteskapskandidatar. Det skal finnast døme på at at han rådde folk til å bryte trulovingar når han meinte alliansen ikkje tente saka.
Mi tipp-tipp-oldemor på morssida – Marit Gulliksdatter (1783-1856) – kom frå Mjøen (Sør-Mjøa/Nesto) i Oppdal, der Hauge hadde fleire tilhengarar. Marit var blant desse. Randi Hevle frå nabogrenda vart ei kjent haugianerkvinne. Mor til Marit – Gjertrud Olsdatter – kom forøvrig frå garden Hevlesvoll. Randi og Marit var jamngamle og truleg var dette med på å påverke og styrke Marit si rolle som «bibelkvinne». Det vart forresten bråk under eit vekkingsmøte på ein gard i bygda. Øvrigheit og presteskap såg som kjent ikkje med blide auge på Hauge si verksemd og prøvde å stoppe dette uvesenet. Forkynninga hans var i strid med Konventikkelplakaten, som sette forbud for lekmannsforkynning.
Mjøen er omtalt i bygdebok for Drivdalen
Brev frå Hans Nielsen Hauge etter nordlandsturen i 1803
Våren og sommaren 1803 var Hans Nielsen Hauge på reise i Nord-Noreg. Her besøkte han Bardu, Målselv, Malangen og Balsfjord og kom så langt som til Tromsø. I Målselv besøkte han fleire av sine tilhengarar, blant anna familien til han som skulle bli min tipp-tipp-oldefar – Peder Amundsen (1771-1840) – frå Øyer i Gudbrandsdalen. Mor hans – Lisbeth Jonsdatter Romundgard (ikkje den meir kjente Romundgard i Sel lenger nord) hadde året etter at Peder sin far Amund Syversen Lien (Hong) drukna i Lågen, gifta seg på nytt med Ole Bardonsen Skarprud. Ole hadde i 1789 rydda gard på den staden der Takelva renn ut i den mektige Målselva. Garden fekk seinare namnet Olsborg. Her slo dei seg ned, Peder, mora, stefaren og Peder sin halvsøsken.
Utsikt frå Sollitinden mot Solligardane midt i biletet.
Då Hauge kom hadde bygdene her oppe alt hatt besøk av haugianske vekkingspredikantar, men vekkinga hadde fått uheldige konsekvensar. Folk satt i religiøse grubleriar og hang med hovudet heller enn å ta fatt på arbeidet. Dette ville Hauge ha ein slutt på. Han hadde augene med seg overalt der han kom, og såg mange mulegheiter for verksemd. Særleg Bardufossen meinte han hadde stort potensiale.
Peder hadde i 1802 begynt å rydde seg gard i Sollia, naboeigedomen til Olsborg. (Det var forresten Hauge som føreslo Sollien som namn). Peder var felespelar, og det seiast at han bygde det første huset litt oppe i bakkane, der fela lét som best. Huset vart seinare flytta lenger ned på flata, og det kom opp eit nytt staseleg hus som vart heim for generasjonane etterpå. Også mor mi var fødd der i 1916.
Men så hadde det seg slik at Peder, som no i 1803 var 32 år, enno ikkje hadde funne seg kjerring. Skulle ein drive gard måtte ein jo ha ei solid kone og utsikt til arvingar. Utvalet av konemne var nok ikkje så stort, sjølv om det alt hadde busett seg folk lenger nede ved Målselva (blant anna ei anna grein av mi slekt som flytta hit frå Helgeland). Hauge meinte han hadde ein kandidat i Oppdal som kunne sendast nordover. Og det er altså her Marit Gulliksdatter Mjøen kjem inn i biletet. I 1803 var far hennar, Gullik Johnsen død. Sør-Mjøa/Nesto var frå gamalt av ein velståande gard, men då Gullik døydde var han gjeldstynga og garden var som eit konkursbu å rekne. Marit sin bror John overtok garden, og mora Gjertrud vart kårkone. Så ved å reise nordover opna det seg kanskje utsikt til ei betre framtid for Marit. Ho hadde alt ei forkynnaroppgåve som ho kunne ta med seg. Kva ho sjølv meinte om arrangerte ekteskap er ikkje godt å seie. Men kanskje ho óg tenkte at ho ikkje lenger var eit så godt parti heime i bygda?
Eg har gjennom slekta blitt fortalt at Marit kom til Målselv saman med Hans Nielsen Hauge. Det stemmer nok ikkje. I eit brev Hauge skreiv til venene i Trondhjem 12. september 1803, altså etter at han var komen sørover igjen, seier han blant mykje anna at Marit Mjøen må få beskjed om visse ting ho må utføre, også med tanke på reisa nordover. Kor tid Marit kom fram til Målselv og Peder har eg ikkje klart å finne ut.
Marit og Peder vart gift i 1807. Same året var dei innkalla som vitne i ei av dei mange sakene mot Hauge. Ungane lot vente på seg. Først i 1814 kom første barnet som levde opp, dottera Karen. Då hadde dei året før mista sin førstefødde son Amund. Oppgjeve dødsårsak: «Død for tænder». Så fekk dei tre barn til, Amund, Gabriel og Elisabeth. Seinare kom det fleire av Marit si slekt flyttande nordover. Også mora levde sine siste dagar i Målselv.
I 1818, då Hauge var ferdig med fengselsopphaldet sitt og hadde etablert seg på Bredtvedt i Oslo, reiste Marit og Peder dit på besøk. Paret hadde fått ei kanne i presang frå Hauge, kanskje til bryllupet, men det veit vi ikkje sikkert. Kanna er no på Midt-Troms museum.
Peder fekk etter kvart ei rekkje verv i styre og stell. Sollia var ein stor gard, med mykje utmark og fleire husmannsplassar. Etter Peder sin død delte Marit eigedomen mellom sønene Amund og Gabriel. Amund vart buande på farsgarden. Han vart far til Peder som er min oldefar og far til min bestefar Gabriel Pedersen Solli, som døydde i 1972.
Peder døydde i 1840, Marit i 1856. Det seiast at då ho kjente at det bar mot slutten, sørga ho for å steike opp rikeleg med gorobrød som traktement i gravferda. Elles er det i det historiske kjeldematerialet få haldepunkt som kan fortelje om deira daglege liv, og korleis dei var som menneske.
Så er det litt underleg å tenke på at eg må rette ei takk til Hans Nielsen Hauge for min eksistens. Hadde ikkje han, i tillegg til mykje anna, også opptrådt som Kirsten Giftekniv, hadde eg ikkje sete her og skrive dette!
Det vårast i landet. Dagane er blitt lange. Ut i april er vi komne, og sørpå har dei tatt på seg småsko og sit ute i sola og ser på påskeliljene mens dei leskar strupen. Den blide værmeldarmannen på NRK TV kan fortelje at det i år har vore mykje nedbør i Nord-Norge, meir enn vanleg. Han lyg ikkje. Og folk her lokalt har aldri sett maken til snøfall. Eg har forresten sjekka vêrstatistikken for Nord-Norge frå år 1900. Tendensen er meir nedbør vinter og vår, med høgare gjennomsnittstemperatur. Les gjerne klimaprofilen for Troms om kva vi har i vente.
Det kan vere keisamt å høyre vêrprat. På den andre sida er det knapt noko som er så kontaktskapande. Særleg når vêret er så utfordrande som i år her i nord. Og då dreier praten seg altså om snømengdene og den arbeidsinnsatsen som må til for ikkje å snø inne. Men eg skal ikkje tvære dette ut. Eg skal berre gi eit lite hint om korleis vi har det og har hatt det sidan vi forlot Bergen for to veker sidan, i håp om mange fine skiturar, slik det har brukt å vere tidlegare år. Fram til no har det blitt éin skitur på meg, til Kampenhytta, på ein dag med solgløtt og bra føre. Men det var før det verste snøfallet i manns minne i forrige veke.
Det vart etter kvart heilt surrealistisk. Då vi gløtta på ytterdøra laurdag kveld før vi skulle gå til ro, viste det seg at snøen låg oppetter døra og dei fire trappetrinna opp dit var forsvunne under snømassane. No har vi heldigvis naboar med maskinpark som kan handtere snøfall, det er berre å takke for at nabo Tor tar oppkøyrselen heilt ubeden! Det blir høge brøytekanter etter kvart. I tillegg kjem jo brøytarane på oppdrag frå Mesta og forsyner hagen med snø frå gang- og sykkelvegen. Og det er ikkje akkurat rein og kvit snø. Eg måtte ut og kjefte ein dag. Køyraren murra litt men gjekk etter kvart med på å lempe noko på andre sida av E6. Men det blir effektiv støyskjerming av slikt. No høyrer vi ikkje lenger tungtrafikken som elles dundrar forbi. Når folk passerer ser vi berre hovudplagga som glir forbi. Til våren, etter tininga, er det vel berre å plukke opp restane av buskene som for nokre år sidan vart planta som hekk mot vegen.
Kampenhytta – min einaste skitur så langt.
Alt dette snøfallet fører sjølvsagt til skredfare. Ein ung skuterkøyrar frå nabobygda omkom for nokre dagar sidan i ei område som av lokale folk ikkje har vore vurdert som farleg. Så ein lyt vere på vakt. I dag ventar eg tilbake sambuar og kompisane sørfrå som har vore på langtur i Dividalen, vonleg i god behald.
Vakkert blir det av all snøen.Søringar gler seg til skitur i Dividalen.
No, når opphaldet her nærmar seg slutten, ligg det an til godvêr. Sola skin på nysnøen som fall i natt. Det er utsikter for godvêr under Reistadløpet laurdag. Og deretter blir det Vestlandsvår.