Hus med praktfull sjøutsikt

Og der var huset, som har vore vår bustad i over tretti år selt. Det gjekk kjapt. Med ei viss uro konstaterer eg at det snart femtifem år gamle rekkehuset på Lønborg no har fått svært så høge tankar om seg sjølv. Det insisterer på å få føre ordet i dette innlegget. Eg fråskriv meg derfor ansvaret for det som står i det følgjande.

«Då takkar eg for tilliten, det er tross alt vertskapet mitt (altså seljarane) som lyt ha litt av æra for at eg no endeleg har fått fastslått min verdi. Dei sørga for å framstille meg slik at eg sto fram som den beste utgåva av meg sjølv, rett nok etter å ha fått råd frå ho som skulle ordne med salet. Det har mellom anna ført til at skap og kott har blitt stuva så fulle av slikt som ikkje skulle stillast til skue at eg nesten fekk problem med fordøyelsen. Nok om det.

Eg har, som sagt fått vist meg fram. På internettet har det i ei vekes tid vore ein fristande annonse der dei aller fleste av mine utmerkte kvalitetar var synlege, riktignok lett påverka av fotografen sin vidvinkel. Dette la blant anna nokre ekstra kvadratmeter til arealet i kjellarstova, men det var jo berre til min fordel. Gjett om folk var begeistra. Talet på dei som ville kome å sjå nærare på meg auka dag for dag, utviklinga kunne følgjast på nettet, det er statistikk for slikt. Det var overveldande. Faktisk var det fleire som ikkje klarte å vente til den dagen det skulle vere visning, dei ville ha privat visning, som dei heiter, ja, nokre prøvde til og med å kuppe! Heldigvis klarte seljarane mine å avvise kuppforsøket, dei har ryggrad, det skal dei ha.

Kan de tenke dykk korleis det kjennast å bli saumfart i alle krikar og krokar, av framande? Slik har eg hatt det i det siste, det toppa seg på søndagen, altså i forgårs. Det var så mange at dei måtte halde på i to timar, puljevis på tilmålt tid. Det var skremmande å høyre korleis nokre diskuterte å rive veggar, bygge på med ark og så vidare. Eg er glad for at seljarane mine har latt meg vere i fred slik sett, bortsett frå eit nytt fint bad har dei berre nøyd seg med nokre malingsstrok, og elles sørga for viktige ting som nytt tak, nye vindauge og ny kledning når det var behov for det. Nokre var så ufine å meine at det var trong for drenering, dei trudde altså at eg ikkje klarte å halde fukt og vatn unna! Det har eg då klart i alle desse åra og skal nok klare det i fleire år frametter. Men dei fleste verka nøgde. Litt sårande var det at det var utsikten som fekk flest lovord. Ja, Byfjorden ligg no der han ligg, rett nedanfor, men hadde det ikkje vore for at eg er utstyrt med vegg-til-vegg vindauge i stova hadde det ikkje vore like stor stas.

Den upåklagelege utsikten over Byfjorden og Askøy

Seljarane mine meiner også at det er utsikten og «beliggenheten» som er framste attraksjonen i dag. Men dei har óg snakka om at Byfjorden var noko anna for dei folka som budde her i strøket i gamle dagar, då her var langt ute på strilelandet og det budde småkårsfolk her, i fattigslige hus, på små oppdyrka jordflekkar mellom knausane. Det er herifrå Amalie Skram har henta inspirasjon til bøkene om Hellemyrsfolket. Den gongen var fjorden god å ha om ein skulle ro til byen eller tvers over til Askøy eller nordover. Fisk kunne dei også hente i fjorden og dei sette sikkert pris på å sitte ute og sjå på kveldssola etter dagens strev. Men no kapitaliserer ein fjorden på ein heilt annan måte, seier seljarane mine.

Så kom dagen då alt skulle avgjerast, altså i går. Eg sitra av spenning, seljarane var ikkje heilt upåverka dei heller. Budrunde kallar dei det. Det sto til slutt mellom tre budgjevarar som heldt det gåande mens spenninga steig. Og det var no eg verkeleg fekk stadfesta kor mykje eg er verd. Seljarane mine vart overgjevne, og blauthjarta som dei er syntes dei dette gjekk over stokk og stein. For dei har jo slik medkjensle med alle unge familiar som ønskjer seg eit barnevenleg hus der dei kan ha litt plass rundt seg. For dei er det ikkje mange av. Først når gamlingane ser alderdomen i kvitauget og flytter i leilegheit opnar det seg slike moglegheiter. Eg syntest no berre det var stas at denne budrunden endte med vel ein million over «prisantydning», som dei kallar den pengesummen som sto i annonsen. Annonsen kan sjåast her: https://finn.no/248037803 om nokon er nyfikne. Men toget er gått for sal.

Ja, snart skal det kome nye folk innom dørene her. Eg har no levd eit bra liv saman med dette paret som har budd her i alle desse åra som er gått. Dei seier også at dei har trivdest, riktignok seier dei at det er utsikten dei kjem til å sakne mest, det er litt sårande, men, men. No er det visst eit arkitektpar som skal flytte inn her. Eg liker å tenke på at dei har sett kvalitetane med dette utmerkte dømet på sekstitalsarkitektur, og vonar dei ikkje fell for freistinga til å endre for mykje på meg. Då er det berre å ønskje lukke til for dei nye, for dei gamle, for dei rundt som får nye naboar, og, ikkje minst, for meg sjølv. Takk for meg.»

3 tankar på “Hus med praktfull sjøutsikt

  1. Dette var så fornøyeleg å lese! Fiks vinkling. Minnar meg om stiloppgåver vi fekk på folkeskulen: Eim gamal sko fortel. Ein ti-øring fortel osb. Du skriv godt Liv! Beste helsing .jan per.

    Jan Per Styve, mobil 920 28 915 Sendt fra min iPad

    > 22. feb. 2022 kl. 13:50 skrev Livsløp : > >  >

    Likt av 1 person

  2. Dette var jo vemodig. Både jeg og ungene mine har gode minner herfra – og i den seinere tid også Kjell. Jeg har jo skjønt at huset har sjel 😉 Men vi skal nok komme på besøk i deres nye hjem også. Lykke til med innflytting – det tar jo vanligvis et år å finne seg til rette i nytt hjem og finne ut hvordan man vil ha det.

    Likt av 1 person

Legg att svar til Jan Per Styve Avbryt svar