Tidsreise

Som eg har annonsert tidlegare førebur vi oss på flytting. No står fotografering og visning for døra, og vi har fått instruksar frå meklar om korleis vi skal gjere hus og innbu mest mogleg freistande for potensielle kjøparar. Mykje må reinskast ut. Det er greit med det som er på overflatane. Det meste der skal ikkje kastast, berre stuvast vekk og det vert såleis ikkje så mykje å ta stilling til.

Men. I kjellarstova sto ein bokreol. I skuffeseksjonen der låg brev og mykje anna frå mi fortid på 70- og 80-talet, dette følgde med frå forrige flytting som fann stad ved inngangen til 90-talet. Her vart det gjensyn med store delar av mi historie, frå det smått turbulente 70-talet, til 80-talet då det også var mykje som skjedde, og fram til neste tiår då mykje hadde falle på plass. For vi skreiv brev til kvarandre den gongen, lange brev. Største bunken frå mor mi, som auste av si omsorg, sjeldan på under 10 tettskrivne sider. Så ein bra bunke frå nokre veninner, som eg enno har kontakt med og treffer når høvet byr seg. Utanom dette brev og kort frå folk som ei tid var innom livet mitt, og som sette meir eller mindre avtrykk. Nokre av dei heldt eg kontakten med nokre år, men så sklei det ut. No måtte eg vurdere kva av dette rikhaldige materialet som kunne gøymast for ettertida og kva som skulle kastast. Julekort med god jul og godt nyttår gjekk i bosset. Slike kort var det mange av, på den tida var tante- og onkelflokken så godt som intakt, og vi utveksla julekort. Det var kjekt, men eg hugsar dei alle saman godt sjølv om eg ikkje tar vare på julekorta. Eg heldt att nokre kort frå tanta mi som budde i Tyskland og trufast skreiv sine små årsrapportar. No har eg ingen att frå denne generasjonen, og eg er den eldste på mor si slektsgrein.

Nokre eksempel på ikkje-arkivverdig materiale.

Eg har ikkje tatt meg tid til å lese gjennom alle breva eg hadde samla på, det vart nokre stikkprøver. Men eg leste nok til å kunne slå fast at det tar tid å finne fotfeste i livet. Dette var ei tid der mykje skjedde både på det personlege og det politiske plan, og mange brev er sterkt prega av dette. Dei første breva er heilt frå tida eg kom til Bergen i 1969, direkte frå eit opphald i Vest-Tyskland, det skulle ta enno 20 år før landet vart sameint. To dagar vart eg sitjande i kjellarstova på mi tidsreise. Det tok litt tid før eg klarte å lande i notida att. Eg vart sett tilbake til ei tid der vi skreiv til kvarandre om studier, kjæraster, tvil, politisk engasjement, eksistensielle spørsmål, kultur, brot, etter kvart ekteskap, ungar, tidsklemme, jobbjakt, flyttingar, nye forhold etc. etc. Det skulle vore interessant å lest att breva eg har skrive, eg tippar det hadde bydd på overraskingar. For det er òg mykje som er gløymt eller fortrengt av alt ein har vore borti på den tidlege delen av livsvegen.

Og no er vi vel pensjonistar heile hurven, alle som eg høyrte frå og skreiv til på den tida. Mange veit eg ikkje av lenger, nokre er også gått bort. Eg er elles ikkje av typen som har for vane å fortape meg i fortida, har helst sett framover. Men underleg var dette møtet med dagane som forlengst er gått, og vemodig. Så må eg òg tenke: Korleis vil dagens generasjon kunne sjå tilbake på si fortid? I ei tid der kontakt skjer på sosiale media og e-post, kva blir att? FB, Instagram og Snapchat er flyktige media. Eit brev er noko heilt anna, ikkje berre fordi det er varig, men også fordi tankar kjem til uttrykk gjennom ord på ein heilt annan måte. Likevel ser eg ikkje bort frå at dei fleire siders skildringane eg fekk i eit brev frå ei reise i Latin-Amerika hadde eigna seg vel så godt i ein nymotens blogg.

Mykje skal pakkast vekk.

Men har eg berre vore på tidreise i det siste? Slett ikkje. Det vart ein tur til min andre heimstad i Bardu i midten av januar, der vi fekk møte med vinteren slik han er i år, med veksling mellom sprengkulde, snøkov og mildvêr. Det var også besøk til familie og gode vener i Tromsø, som også er representert i den før omtalte brevsamlinga mi. Utan deltaking på TIFF, Tromsø internasjonale filmfestival denne gongen. Det var riktignok arrangert festival, men nedskalert, og det var ikkje like mykje liv i byen og på utestadene som tidlegare. Det er til å leve med, faktisk, det er ein del ting som ikkje freistar like mykje som før.

Sjåtaket må måkast.
Storgata i Tromsø, januar 2022.

No takkar eg for meg denne gongen. Mykje å gjere og mykje og tenke på. Kan bli ei stund til neste gong. No snør det forresten i Bergen òg. Lenge til våren.

3 tankar på “Tidsreise

  1. Hei Liv. Så kjekt å lese! Og godt skrive. .jan per.

    Jan Per Styve, mobil 920 28 915 Sendt fra min iPad

    > 2. feb. 2022 kl. 15:11 skrev Livsløp : > >  >

    Likt av 1 person

  2. Kjære Liv, så koselig å lese. Jeg har ikke tatt vare på like mye historie, men blant annet et brev fra mormor i Tromsø. Unner deg tidsreisen 🙂

    Likt av 1 person

Legg att svar til Gunn Vindedal Avbryt svar