Mai kom og gjekk

No på tampen av siste vårmånaden må eg å få ned nokre ord slik at eg ikke forsømmer denne vanlegvis så fine månaden. Det har vore ein underleg vår. Koronatiltaka sette ein stoppar for 17. mai-feiringa, gater og plassar var tomme. Vêret var heller ikkje til å kjenne igjen, med kulde og til og med frostnatt i midten av mai.

IMG_9651
Hagen om morgonen 12. mai

Denne underlege og stilleståande tida har likevel gått fort, slik det gjerne kjenst når lite og ingenting skjer. Den eine dagen er den andre lik.

Substituttet for levande kultur har vore, og er, framleis framsyning på nett. Sosiale medium flaumar tidvis over av tilbod, eg mistar oversikten og har sikkert gått glipp av mykje sjå- og høyreverdig. Når det gjeld koronatiltaka er det den siste tida slakka litt på taumane, og når det i tillegg kom kjempevêr no i pinsehelga så vrimlar det av folk ute, ja, det er som når buskapen slepp ut på beite etter ein lang vinter på båsen.

Musea slit med økonomien etter lang nedstenging. No nyleg har kunstmusea i Bergen opna, eg fekk endeleg sjå den unike utstillinga av Edward Burne-Jones i KODE 1.

IMG_9691
17. mai med tom festplass og nysnø på Ulriken

Tidlegare vårar har vi reist til hytta på Reksteren i Tysnes kommune. Den har vi no gitt frå oss, men vi hadde ærend dit likevel for eit par veker sidan. Vi fekk testa den nye elektriske ferja over Bjørnefjorden frå Halhjem til Våge. Her var det koronatid og godt om plass.

fullsizeoutput_4135
God plass på den nye el-ferja til Tysnes

Som om ikkje det var nok med koronainnskrenkingar, har min aksjonsradius snevra seg dramatisk inn denne tida. Mens eg i forrige innlegg nemnde forstuva ankel, har eg no fått eit problematisk kne som har sett meg ut av spel, forhåpentlegvis midlertidlig. Det er skikkeleg ergerleg. Turar i skog og mark på denne tida, med nytt og angande lauv og fuglekvitter er noko av det eg sett aller mest pris på her i verda. I den seinare tid har beina stort sett berre blitt brukt til å hente post i postkassen og til å trakke rundt i den ikkje akkurat enorme hageflekken. Eg set min lit til at helsevesenet kan ordne opp, med kirurgi om det må til, slik som med det andre kneet for nokre år sidan. Det er alderen, eg veit.

Pandemiar før og no

Det siste året har eg fordjupa meg i slekta mi si historie (alderen, eg veit) tidleg på 1800-talet. Mellom den tids helsevesen og vår tid er det ein avgrunn. Folk bukka under for epidemiar, særleg kritisk var det i nauds- og krigsåra 1807-1814 då Danmark-Norge hadde stilt seg på Napoleon si side og fått England mot seg. Blokaden som hindra tilførsel av korn og andre varer skapte matmangel og hungersnød. Dette var forsterka av uår, med 1812 som verste uåret i manns minne. Folketalet gjekk ned, det var fleire døde enn fødde. Eg har sett på dødstala i Troms desse åra, særleg 1811 utmerkte seg med mange dødsfall. Eg har ikkje klart å finne ut kva for ein sott som hadde hovudskulda, men både tyfus, tyfoidfeber (tidlegare kalla nervefeber) og kolera var nok inne i biletet og råka eit folk som hadde fått motstandskrafta svekka gjennom barkebrødsåra. Dette var før tuberkulosen og over hundre år før spanskesjuka. Pandemiar har det vore til alle tider, det er prisen å betale for kommunikasjon, handel og samkvem med andre, over lange avstandar. Dei har ofte hatt sitt opphav i Asia og er spreidd gjennom vertsdyr.

Så det gir litt perspektiv å tenke attende. Hadde eg i 1810 blitt belemra med meniskplager hadde eg vel berre måtte leve med det. Eller kanskje ikkje, folk på den tida låg gjerne i grava før dei hadde nådd min alder. Det verkar som om kne og andre ledd ikkje er konstruert for å halde tritt med den forlenga levealderen. Eit evolusjonsmessig etterslep.

Alternativt friluftsliv

Men det er ting ein kan gjere til tross for vonde kne. Padling går fint. Vi har lagt bak oss to kajakkturer denne våren. Ein til SmivågenTyssøy i godvêrsperioden i april, i beste ramslauksesong. I går, pinseaftan, tok vi turen til Nordhordland, med start frå kaien på Io på Holsnøy. Her kryssar vi sundet Det Naue til øyane aust for Herdla heilt nord på Askøy. Vi var også innom friluftsområdet på Io.

 

Ei av desse øyene, Skarvøy, er eit tidlegare militært område som no er blitt offentleg friluftsområde. Her var det ikkje heilt enkelt å kome seg i land med kajakk, så vi padla vidare på jakt etter ein høveleg stad å gå i land. Vi endte opp på Lamøyna rett søraust for Herdla. Der hadde vi ikkje vore før. I regi av Fylkesmannen vart all skog her hogd ned for eit par år sidan. No trer bautasteinane som var sett opp i samband med nøytralitetsvakta i 1915 tydeleg fram i landskapet (sjå bilete over). Av inskripsjonane på steinane går det fram at her har mellom anna Vestoplandske kompani og Hallingdals kompani halde til. Ei hole er også sprengt inn i fjellet, den har vel både vore skjul og gitt ly. Under 1. verdskrig vart store delar av det norske forsvaret mobilisert til nøytralitetsvakt, og var til dels under høg beredskap under heile krigen. Nøytralitetsvakta hadde front mot sjøen, som her på Lamøy. Dette øyområdet i farleia inn til Bergen har vore strategisk viktig til alle tider. Men desse minnesteinane hadde vi aldri høyrt om. Ei interessant overrasking.

Lamøyna har forresten vore i media tidlegare, men då i ein annan samanheng. Ein ryddeaksjon her i 2017 avdekka 1 tonn plast, sjå innlegg i Bergens Tidende.

I sommar, når det meir enn nokon gong før er aktuelt for dei fleste med Norgesferie, er det mykje å oppdage og oppleve om ein berre ser nøye etter. Ein treng ikkje reise så langt heller. For eigen del håpar eg på ein god sommar i Nord-Norge. Snøen er visst i skrivande stund i ferd med å forsvinne.

2 tankar på “Mai kom og gjekk

Kommenter innlegget