I det siste har eg vore mykje på reisefot. Det har vore greit med litt avstand både i tid og rom i etterkant av den – i dobbel forstand – mørke tida vi var inne i midtvinters.
Eg har vore både i nord og sør. Men denne gongen blir det ingen rapport frå Tromsø by og frå TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival, der årleg besøk er blitt ein tradisjon. Det blir i staden reiseblogg frå Tenerife. Av Kanariøyene er det helst denne øya som er blitt favoritten, ut frå mangfaldet og ikkje minst høvet til fotturar og naturopplevingar.
Vi har prøvd ut fleire område på øya. Sist hadde vi tilhald på nordsida (sjå Ei veke på 28 grader nord) og tidlegare har vi hatt turistområda i sør som utgangspunkt. Men denne gongen vart det vestkysten, det vil seie Puerto Santiago, opphavleg ein fiskarlandsby som i dag har vokse saman med i turistsamanheng litt meir kjente Los Gigantes. Om historien ikkje er særleg synleg i dag, er det i Puerto Santiago i det minste eit lite fiskerimuseum som er verd eit besøk.

Ein halv times spasertur er det mellom dei to byane, anten langs røff lavastrand der havet bryt, eller over ei høgd der dei grøne lokalbussane (eller «guagua’ene) må smyge seg fram tett inntil husveggane i den smale og svingate gata. Busstilbodet er elles imponerande, med hyppige avgangar, men etter det vi kunne sjå ofte med tomme sete. Det er dessverre bilane som dominerer trafikkbiletet.
Dei to byane er utbygde så det held, likevel ikkje så massivt som Las Americas og Los Cristianos lenger sør. Truleg som følgje av finanskrisa står det påbyrja bygg og gapar ein del stader, særleg skjemmande i åssida i Los Gigantes. Og her er også mange tomme lokale å sjå. Det er ingen tre som veks inn i himmelen, som kjent.



Fotturar
Det som fristar mest no på vinteren er fotturane. Vêret på Kanariøyane kan vere lunefullt på denne årstida, og det er ikkje alltid perfekte tilhøve for strandliv. Tidlegare har vi hatt bruk for både stillongs og regntøy. Denne gongen viste Tenerife seg frå si beste side, med sol og klårvêr heilt frå Teide til havet, og gode temperaturar. Naboøya La Gomera var synleg, og når ein kom litt opp i høgda kunne vi sjå La Palma i vest. Berre mot slutten av vårt to-vekers opphald kom det litt nedbør. Då var det eit par dagar der vi kunne observere det velkjente skoddebeltet.
Fem turar vart det, tre i eller i nærområdet til Teide nasjonalpark, ein ved området kalla Los Carrizales som ligg mellom Teno-området og den meir kjente Masca-dalen, og ein tur i nærområdet, det vil seie Santiago-dalen og høgdedraga like ved.
Rundt Montana El Chinyero
Vulkanen El Chinyero (1560 moh) ligg i eit naturreservat ved nordvestre utkant av Teide nasjonalpark. Vulkanen hadde utbrot i 1909, dette er også siste gongen det var utbrot på øya. Gjennom nasjonalparken går det ei aktiv rift-sone frå nordvest til nordaust. Teide er i dag ein inaktiv vulkan, men ein veit ikkje kva som kan skje i framtida.
Dette er ein lettgått og det eg vil kalle koseleg tur, i pinjeskog og i nærkontakt med «fersk» lava. Turen rundt vulkanen tar eit par timar, om ein då ikkje, som vi gjorde – i tillegg tar turen opp på det skogkledde nabofjellet Montana el Estrecho med utsikt og god rasteplass ved ei lita bygning oppe på toppen.


La Fortaleza
Forrige gong vi var på Tenerife måtte vi gjere vendereis då vi hadde planlagt å gå til La Fortaleza, som ligg i austre utkanten av nasjonalparken. Grunnen var at vi kom i jaktsesongen for steinbukk og då er stiane stengde. Men denne gongen kom vi oss dit. Fortaleza er ein del av krateret (Las Canadas) som omkransar Teide. Starten er ved El Portillo, der det er besøkssenter og botanisk hage. Dessverre kom vi utanom blomstringstida. Det vart ein strålande tur i ikkje altfor utfordrande terreng. Vi har mektige Teide ved sida av oss under turen, og frå toppen er det vid utsikt mot nord og aust på øya.


Montana Samara
Turen til Mt. Samara er ein av fleire turar kalla «Caminando entre Volcanos» – turar mellom vulkanar. Dette er ein lett og interessant tur, spesielt for dei med sans for slike landskap. Sjølve Mt. Samara (1926 moh) er unnagjort i starten som avstikkar til toppen, etterpå er det å spasere over og mellom ulike typar og kulørar av lava. Turen går rundt Mt de la Botija (2122 moh).


Los Carrizales/ Roques deAbache
Den nordvestre delen av Tenerife utmerkar seg med dramatisk landskap, djupe dalar, bratte stup og spisse fjellformasjonar. Her ligg også ein og annan landsby. Folk har klort seg fast på dei utrulegste stader. «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» får her eit nytt innhald.
Hovudattraksjonen her er den spektakulære landsbyen Masca, noko som medfører opphoping av besøkande på avgrensa plass. Fotturen frå Masca og nedover kløfta mot havet er ein av dei mest populære turane på Tenerife. Vi har ikkje gått denne turen og kjem ikkje til å gjere det heller. Det fristar ikkje å gå i kø.
Det skal også seiast at bilturen utover ikkje er for sarte sjeler med høgdeskrekk. Vi har vore forbi her ein gong tidlegare, men eg hadde gløymt kor nifst det var på den einfelts vegen med hårnålssvingar og loddrette stup nedanfor. No var det ikkje eg som var sjåfør, men eg lova meg sjølv at her skulle eg aldri meir!
Vi hadde opphavleg tenkt oss tur på fjellryggen La Cabezada eit stykke før Masca, men det viste seg umuleg å finne parkering ved startpunktet for turen. Vi køyrde eit stykke vidare og alternativet vart ein tur til Roque de Abache som ligg i nærleiken av området kalla Los Carrizales. Turen går på stort sett grei sti i dels luftig landskap. Somme stader er stien eit imponerande byggverk.
Men etter kvart som vi steig opp vart høgdeskrekken min utfordra. Eg må berre innrømme at eg meldte pass før forsering av den siste fjellryggen før målet som var den nedlagte gården – fincaen med tilhøyrande era (treskeplass). Eg sette meg i staden til rette på ei fjellhylle og lot min mindre høgderedde sambuar ta seg fram dit. Her kom eg i snakk med forbipasserande, mellom anna eit par damer på om lag min alder. Også dei klaga over at dei var blitt så pysete de siste åra. Så det er vel alderen, då. Elles er det nedoverbakkane som er verst, her lyt ein stavre seg uelegant nedover med stavstøtte. Det er eigentleg redsla for å falle som er årsaka. Etter to arm/handleddbrot er eg blitt livredd for å gli på lausgrus, som det er mykje av på desse kantar.
Klimaet på denne delen av øya er relativt fuktig, og langs stien er det ein interessant flora. Her finst ein del endemiske (stadeigne) artar, mellom anna den vakre raude klokkeblomen Canarina canariensis og staselege Sonchus acaulis. Samt blomar som har slekt på våre kantar, som soleiene og prestekragene (biletet under).
Santiago-dalen
Med Puerto Santiago som utgangspunkt treng ein ikkje reise langt for å gå seg ein tur. Etter ein liten køyretur oppover i Santiagodalen når ein, etter å ha passert byen Tamaimo, opp til landsbyen El Molledo som er starten for fleire rundturvariantar. Vi valgte den lettaste, som først går eit stykke ned på ein Camino Real – kongeveg, før vi går opp fjellsida og kjem opp til Degollada del Roque med imponerande utsikt mot havet og det ville Teno-området i vest.
Strandliv
Men vart det berre fjellturar, ikkje noko bading og strandliv? Joda, litt av det også, men det er ikkje det som fristar mest. Vi syntes stort sett det var meir behageleg med eit dypp i svømmebassenget når vi kom tilbake etter dagens turar. På denne tida av året, og på desse kantane, er Atlanterhavet nokså friskt. Det er ofte raudt flagg på strendene. I Puerto Santiago finn vi den svarte lavastranda Playa Arena, og ei mindre strand på strekninga til Los Gigantes, som også skal ha ein strand som vi ikkje har besøkt. Her finn vi også eit naturleg havbasseng.
Ei mil lenger sør ved kysten ligg Playa San Juan, ein ganske fredeleg mindre by med god strand og hyggeleg strandpromenade. Ein dag drog vi til Playa Abama, som ligg nedanfor den luksuriøse resorten Ritz-Carlton. Etter å ha passert overvåkingskameraer kjem vi omsider ned til stranda, som også har heis. Vanlege folk som oss går naturlegvis trappene ned til det som er ei flott strand med lys, truleg importert sand. Her må ein punge kraftig ut for leige av solseng, og vil ein ha ein matbit på den fasjonable strandbaren må ein ut med det dobbelte for mat og drikke av kva ein betaler andre stader.
Byar
No oppsøkte vi ikkje dei større byane på øya denne gongen. Men i nærleiken er det fleire landsbyar og mindre byar når ein kjem litt opp i høgda. Vi tok ein tur til Guìa de Isora, som også er kommunesenteret for kommunen av same namn. Tenerife har forøvrig 31 kommunar, fordelt på dei tre sonene nord, sør og storby (med hovudstaden Santa Cruz og La Laguna).
Det avteikner seg ei anna verd når ein kjem seg utanom turiststroka. Vi kjente oss åleine som turistar i Guìa, eigentleg var det lite folk å sjå i det heile tatt. I gamlebyen som ligg i strøket rundt kyrkja er det godt bevarte eldre bygg, som også inneheld offentlege kontor. Etter det vi forsto vert det satsa på god og stadtilpassa ny arkitektur. Dei offentlege bygga, rådhus, kulturhus og buss-stasjon var eksempel på dette. Og det var sett grense for byggehøgd.
Til slutt
Dermed har vi også vore på denne delen av Tenerife. Truleg kjem vi tilbake til øya fleire gonger. Vi utgjer jo no strengt tatt ein del av den veksande aldrande befolkninga i Nord- og Mellom-Europa, på flukt frå vinteren. For det skal seiast: her er ikkje mykje ungdom å sjå. Heller ikkje mange landsmenn, for dei held seg vel helst på naboøya Gran Canaria.
Vi er tilbake i Bergen, som allereie i februar er blitt nesten skremmande vårleg, med blomstrande krokus i hagen. Men etter kvart går turen igjen mot nord. Som med trekkfuglane.

Ein tanke på “Tenerife-turar”