Denne våren og forsommaren har eg verkeleg fått kjenne på kontrastene i dette landet. Eg sit no oppe i nord etter å ha opplevd veker i Bergen med tropevarme og tørke. Her manglar begge delar. Men først eit tilbakeblikk på våren og forsommaren fram til no.
Varmt og tørt
Mai månad i år har vore spesiell på fleire måtar. Det byrja med eit armbrot, som no ser ut til å gro nett slik det skal etter dyktig ortopedi på Voss. Ergerleg med padlesesongen som på grunn av dette måtte utsetjast til ut i juli ein gong. Så eg har vore avskoren frå sjølivet i dei utrulege vekene vi har hatt med rekordvarme. Men badesesongen fekk ein flying start. Med Helleneset og Lønborg friluftsområde som næraste nabo har vi kunne sjå og ikkje minst høyre stor aktivitet. Dessverre vart vi også vitne til ein større redningsaksjon der som endte tragisk.
Elles har vi vore rundt på ulike friluftsområde, Fløyen, Ervikane i Os, Kjevikjo på Tysnes, Smivågen på Tyssøy, og på vår heimlege strand på Lønborg. I over to veker har alle middagar og lunsjar vore inntatt på terrassen. Grillen var i bruk mest kvar dag (elektrisk og dermed lovleg). Dette i motsetnad til fjoråret, med toppen tre grilldagar.
På terrassen om ettermiddagen låg temperaturen på mellom 31 og 35 grader og parasoll var obligatorisk. Eg brukar fortidsforma, både fordi temperaturen i sør har normalisert seg litt, og fordi vi har forflytta oss til nordlegare breiddegrader. Eg kjem tilbake til nosituasjonen seinare.

Rund dag
Forutan det uvanlege vêret har månaden vore litt uvanleg fordi eg har hatt ein såkalla rund dag. Eg vil heller kalle dagen ei rundingsbøye. Så pass opp i åra er eg komen at ting byrjar å gå litt andre vegen. Eg klagar ikkje på helsa, men brekte armar og skrantne kne er jo teikn på at ein er på retur. Og sjølv om ein elles er ved god helse og i brukbar fysisk form, fører slikt til at ein legg band på seg i utøvinga av fysisk aktivitet. Eg forstår no at ganglaget hos eldre folk som vi ser stavrar seg forsiktig av garde, ikkje alltid skuldast vonde bein. Det er vel helst redsla for å falle som ligg bak. Det at ein ikkje lenger kan slentra, for ikkje å seie småspringe, ubekymra nedover bakkane, er eit sakn. Og for dei som i god meining jamnar ut og legg grusdekke i bratte skråningar på gangvegar og stiar: ikkje gjer det! Dette er ikkje universell utforming. Betre å ha nokre faste steinar å trø på. Å skli på lausgrus betyr at ein fell bakover, med armbrot eller det som verre er som resultat. Det har eg no opplevd to gonger.
På slike runde dagar blir ein gjerne påskjøna med flotte blomar. Over er eit lite utval av bukettane som ei kort tid pryda heimen. Gleda vart dessverre kortvarig fordi det var umuleg å sette dei kjøleg. Fine gåver har eg også fått, blant anna ein ny IPad, som eg har supplert med tastatur. Praktisk dersom ein vil blogge mens ein er på farten, slik som no. Hyggelig feiring med nær familie heime må også nemnast. Og no bryt eg herved prinsippet om ikkje å drive reklame for næringsdrivande: eg kan varmt tilrå bufféen frå Bien Catering! All ære til deira dyktige kokkar.
Bergen by har jo elles mykje å by på i mai. Det har vore både 17. mai, pinsehelg og festspel i finaste vêret. Sentrum, parkar og friluftsområde har hatt eit yrande folkeliv.

Ja, det har vore bortimot paradisiske tilstander, reint bortsett frå den hemmande venstrearmen i kombinasjon med varmen. Dette har særleg vore eit problem når blomar og hagen skrik etter vatn i tørken. Det vart mykje vassbering. Nokre kommunar har innført vatningsforbod. Og det er totalforbud mot grilling i mest heile sør-Norge.
Kaldt og vått
I forrige blogginnlegg nemnte eg at turen skulle gå nordover i byrjinga av juni, med tilsyn og våronn for sekundærboligen i nord, og russejubileum i Tromsø. Dette såg eg fram til.
No sit eg i Sundlia i Bardu og har fått kjenne på kontrastene i dette landet. Lågtrykket aust i Barentshavet har limt seg fast og står for transport av polarluft inn over Nord-Norge. Det er to til fem varmegrader og nysnøen ligg eit godt stykke ned i skogbeltet. Ein varmeperiode tidleg i mai sørga for at det er grønt og frodig overalt, så det er gjort klart for sommar. Det vart skikkeleg avkjøling etter fleire overoppheita og knusktørre veker. Det positive er at nattesøvnen er betre når det på soverommet er 15 grader og ikkje 30. Biletet under illustrerer situasjonen.
Vêret rår vi ikkje over, og det er då heller ikkje vêret som gjer at humøret ikkje er heilt på topp nett no. For som eg tidlegare har nemnt i innlegget «Kremtoppar og gummistøvlar» er huset bygd på ei tomt med enormt tilsig av vatn. Dette har forårsaka mykje problem og utgifter for å fikse på dreneringa. Og sist vi var her, i påska, var kjellaren så tørr at ein kunne trø på sokkelesten. Men kor lenge var vi i paradis? Då vi steig ned kjellertrappa denne gongen viste det seg at kjellaren var omskapt til eit basseng der vassnivået gjekk langt over støvleskafta.
Korleis kunne det skje? Og kvifor hadde ikkje vatnet rent ned i sluket? Heldigvis hadde vi ei pumpe ståande som kan pumpe vekk såpass at vatnet berre går eit stykke over anklane. I praksis betyr dette at pumpa må startast og stoppast med få timars mellomrom, dag og natt. Pr i dag har vi rekna ut at det er pumpa ut ca 75 000 liter. Så nattesøvnen har det likevel blitt så som så med. No er eg i den heldige situasjon at eg som del av fødselsdagsgåva frå min sambuar fekk lovnad om handverkstenester denne sommaren. Men eg er usikker på om denne tenesta er inkludert. Han verkar sant å seie allereie litt, vel, pumpa. Planane om maling av stua må uansett utsetjast.
Avløpet frå kjellaren, det vil seie kloakken, er altså gått tett. Vassbassenget i kjellaren består no av smeltevatn og myrtilsig med innslag av kloakk. Så kva har skjedd? Dette var ein vinter med lang barfrostperiode tidleg på vinteren og mykje snø på seinvinteren. Tela gjekk ca 3,5 m ned i grunnen, og har skapt problem for fleire enn oss i form av tilfrosne avløp. Dette måtte vel kunne fiksast ved hjelp av høgtrykkspyling, tenkte vi. Joars transport, som har hatt det travelt med liknande oppdrag vart tilkalla. Dei prøvde så godt dei kunne å opne opp, men forgjeves. Det hadde tetta seg til i heilt i enden av leidninga. Gamalt og samanrast betongrør, tenkte vi, må vel skiftast. Korleis i all verda fiksa dette?

Heldigvis viste det seg, etter konsultasjon med firmaet som tidlegare har hatt oppdrag med dreneringa, at det alt er skifta til nye rør, bortsett frå siste biten ned mot kommunal leidning. Alt tyder på at det er denne biten som har kollapsa. Vi slepp altså å grave opp heile plenen. Neste utfordring blir då å få fiksa dette på vår tilmålte tid her nord. Heldigvis er Indre Troms ein region med stor maskinentreprenørtettheit. Men dei er travle. Vi har tatt kontakt med ein sambygding med maskinfirma og er spente på om vi kan hjelpast innan rimeleg tid.
Over: Til tross for kulde, blomstringa er i rute!
Utfordringar og problemløysingar
Det er opplagt at dette langstrakte landet byr på kontrastar også vêrmessig. Men uansett er det importerte luftmassar vi snakkar om. Når høgtrykket om sommaren ligg i aust over Kolahalvøya og lågtrykket ligg vest i havet er det Nord-Norge som får tropevarmen mens for eksempel Bergen får det vått og hustrig. Og pinseria, kaldvêrsperioden ved pinsetider er eit kjent begrep. Likevel, det ekstreme vêret landet no har både i nord og sør – har det noko med klimaendringane å gjere?
Så vil eg igjen gi honnør til alle dei som driv i bransjar som fiksar problem knytta til livsviktige funksjonar. Som sørger for at vi har lys, varme, renovasjon, vatn og kloakk. I våre dagar, med veksande utfordringar knytt til klimaendringane, er kompetanse om vatn og avløp, og korleis handtere ulike maskiner avgjerande. Dei praktiske yrkesfaga må oppvurderast.
På det personlege planet må eg seie at det desse dagane har vore stimulerande å sette seg inn i dreneringsmetodar og ulike modellar for grøfting. For på sikt må vi få sett ein stoppar for tilsiget, avskjeringsgrøft må bli neste trekk. Eg har tileigna meg ein del teoretisk kunnskap om dette no. Å vere eigar av eldre hus gir rike høve til eigen læring.
Om eit par dagar er planen å reise til Tromsø for å treffe igjen folk frå gymnastida. Det er lagt opp eit ambisiøst program med mykje uteliv både inne og ute. Heldigvis har eg både stillongs, ulltrøye og boblejakke i bagasjen. Kanskje blir det noko å fortelje frå dette også. Vi får sjå.

Du skriver godt Liv. Det er kjekt å følge deg på bloggen.
LikarLikt av 1 person