Det er gått ei god stund sidan dei fem vekene i nord på seinsommaren, men no kjem det omsider framhald på soga. På grunn av utruleg, men vel fortent forseinka sommarvarme i Bergen eit par veker i strekk i september, er tida brukt til andre ting. Då lyt også nemnast eit sykkel-VM som nesten fekk meg til å tru at eg var blitt fullblods bergensar.
Etter tre overnattingar undervegs på vegen nordover «ankommer vi bestemmelsstedet», som vår GPS-venninne seier. Her ventar mykje jobb. Det er ikkje spøk å vere eigar av eit 60-tals hus 170 mil unna.
Til kamp mot vegetasjonen
Ein kjøleg og fuktig sommar har ikkje bremsa veksten av gras, høymol, bringebærskot, krypsoleie og anna ukrutt som ikkje høyrer heime på ein plen. Berre å brette opp ermane!

Den kun to år gamle elektriske plenklipparen bukkar under etter andre klipperunde. Motoren har havarert og kan ikkje reddast. På verkstaden meiner dei at Black & Decker har feildesigna modellen. Og vi er ikkje dei einaste som har opplevd havari. Klipparen må skrotast. Er det muleg å konstruere ein grasklippar utan skikkeleg lufting for motoren? Så viser det seg at årets modell faktisk har utbetra dette. Etter litt parlamentering med Extra Bygg på Andslimoen blir det ny klippar – med litt prisavslag. Batteridrift denne gong, slepp å vase rundt med ledning rundt beina. Men tre ladingar må til for å rekke over heile tomta.
Maling og fasadeklatring
Huset var sist malt ein gong på slutten av 80-talet. Malinga har halde seg forbausande godt, men no er det på tide med ein ny omgang. Same gilde gulfarge – lys oker – som før, vi let oss ikkje påverke av den grå trenden. I den vesle fargehandelen på Andselv har vi no etter kvart blitt kjente fjes og vi får god sørvis. Smått er ofte godt.
Vi tenkjer sjølvsagt Helse, miljø og sikkerheit (HMS), her skal vi ikkje brekke bein eller rygg. Tilfelle med fatal utgang har vi også høyrt om. Vi sløyfer stillas, men utstyrer oss med stigesokkel for å unngå sidevelt, samt klatresele. Arbeidsdeling: sambuar oppe på veggen i sele, eg nede. Klatreutstyr blir innkjøpt på sportsbutikken på Setermoen, med kyndig hjelp. Metoden vekker interesse hos naboane, kanskje får dei litt ekstra å snakke om? To strøk må til. Det dukkar opp blemmer, her ligg det nok linolje i botn. Det får vi berre leve med.

Farvel til skrotet?
Eg har tidlegare i år hatt opprydding heime i Bergen, og kvitta meg med mangt som fylte opp bodane. No er det på høg tid med rydding i sjåen, der mine no avdøde foreldre har plassert ting og tang opp gjennom åra. Min foreldregenerasjon tok vare på det meste. Dei stifta bu i etterkrigstida, og mykje kom til nytte. Å ta vare på det ein hadde var vanleg og naudsynt før i tida, i motsetnad til i dag. Men her som elles gjeld det å finne rette balansen. Av og til må ein berre innrømme at ting ikkje varar evig og lære seg å ta farvel.
Ting som etter ei tid ikkje fekk plass innomhus vart flytta ut i sjåen. Der har det vore fullt lenge, og eg har skjønt at det er mitt ansvar å skape orden. Sidan det ikkje er eg sjølv som har stått for lagringa er det ei viss spenning knytta til kva som gøymer seg der. Kva er for eksempel innhaldet i dei mystiske kartongane som ligg under alt lausøret på overflata? Vi leiger oss ein romsleg tilhengar og går på med krum hals.

Etter å ha sortert og kvitta meg med det meste i dei øvste laga finn eg fulle esker med materiale til matter, det vil seie avlagde klede og andre tekstilar, delvis oppklipt. Mor mi har nok hatt store planar om gjenbruk, men her er materialet blitt liggande kanskje i 40-50 år. Dessverre er ikkje tøyet sin tilstand slik at det innbyr til vidare gjenbruk. Det blir eit litt vemodig gjensyn med tøy som ein gong var i bruk, mange minne dukkar opp. Men altså exit.
Far min, som gjekk bort alt i 1977, var siviltilsett i Forsvaret og hadde tilgang til militært overskotsmateriell. Derfor finn eg plenty med skjorter, genserar, bukser, sokkar og undertøy, ja også soveposar, Dessverre har nok både mor mi og far min gøymt på alt dette til inga nytte. Det går nok i bosset.
Nei forresten, ikkje alt går i bosset. Overraskande nok fnn eg ein kartong med avlagte klede frå mor mi. Av ein eller annan grunn har dei hamna her i sjåen. Dei skreiv seg nok frå 70-talet. Mor mi var ei klesinteressert dame med sans for farge og fasongar. Hadde ho vakse opp i ei anna tid hadde ho kanskje vore designar? Her plukka eg ut nokre eksemplar som – i desse retrotider – truleg kan vere interessante for den rette. Desse er no levert til Fretex i Bergen. Det er berre å håpe at dei kan få eit liv nummer to hos den rette.

Inst i ein gamal kjøkenbenk finn eg far min sine slitne bøker med reiseskildringar frå fjerne himmelstrøk. Er har mistanke om at desse måtte vike frå bokhylla då mor vi vart medlem i Bokklubben. Far min var svært opptatt av framande kulturar, eg hugsar spesielt han var fasinert over hovudjegarane på Ny Guinea. Hadde han levd i ei anna tid hadde han vel kanskje blitt etnolog eller sosialantropolog? Nei, desse bøkene tar eg vare på.
Far min vart i staden ein habil snekkar. Det var det som var oppnåeleg opplæring den gongen i dei harde 30-åra. Som eit sideprosjekt denne sommaren har eg pussa opp nokre små bord som han laga. Eit av desse var opphavleg laga som møbel til leikestova mi, men var så fint at det i staden vart tatt i bruk til radiobord i stua. No var det blitt slitt og stygt på overflata, men etter sliping og ny lakk har bordet atter fått ein plass i stua.
To fulle lass med boss vart til slutt frakta til næraste miljøstasjon i nabokommunen Målselv, som er tilslutta det interkommunale selskapet Senja avfall. Her har dei opent nesten kvar dag i motsetnad til stasjonen i Bardu, som eg betalar renovasjonsavgifta til. I Målselv ser dei stort på det og tar imot avfall også frå dei som måtte kome over kommunegrensa frå Bardu. Veit selskapet om denne snyltinga, tru?
Refleksjonar
Eg tenker at mange av oss har urealistiske førestillingar om alt vi skal få utretta i vår levetid. Vi fyller opp med ting rundt oss som om vi skulle leve evig. Samtidig er vi dyktige til å fortrenge og utsette. Eg trur ein lærdom frå denne sommaren sitt strev må bli å ha kontroll med tinga og så langt råd er gjere opp vårt bu i eiga levetid.
For mitt vedkomande vart eg inspirert til gjenbruk. Vel heime i Bergen gjekk eg laus på gamle dynetrekk. Ja, eg var til og med innom Fretex for å skaffe meg eit par nye for ein billeg penge. Oppskrifta er kort sagt: rive i strimler, nøste opp, hekle fastmasker med heklenål nummer 10. Eg synest dei vart flotte.

I neste innlegg skal eg skrive litt om fornøyelsane som vi også omsider fekk tid til, etter all jobbinga. Og korleis vi kom oss sørover.

Veldig bra Liv 🙂 og jeg tror det var godt at Pauline og Åge blei akkurat det de blei i den tida som var deres 🙂
LikarLikar