Det har vore taust på bloggen lenge. Eg har vore i WiFi-fri sone men er no igjen på nett. På seinsommaren gjekk turen mot nord der eg altså har min sekundærbolig. For at dette ikkje skal bli for omfangsrikt er erfaringane fordelt på tre innlegg: reisa nordover, opphaldet nordpå og til slutt reisa sørover. Kor interessant dette er for andre er vanskeleg å seie. Men for meg sjølv er det greit å ha nokre knaggar å henge minne på. Ting går fort i den store gløymeboka.
Nordover
Frå Bergen til Buskerud
Vi startar frå Bergen i strålande sommarvêr, altså i ein av dei korte periodane sommaren 2017 som har gått over i historia som den dårlegaste sidan 1964. Finvêret varar heile turen nordover.
Turen i bil nordover har vi gjort mange, mange gonger og dei fleste alternative ruter er utprøvde. Etter at vi no ikkje lenger er bundne av tilmålte feriedagar, kan vi unne oss litt slakk og omvegar. Ofte er omvegane dei mest spennande. Det er begrensa kva strake vegen langs E6 har å by på. Og så er det spennande å ikkje ha reiseruta fastspikra på førehand.
Vi reiser som vanleg med kajakkar på biltaket. Dette har vist seg å vere kontaktskapande, på linje med det å vere hundeeigar. Utanfor hotellet i Ål fanga vi interessen til ein tidlegare rallykjørar frå Sverige, som kunne fortelje at padling var noko han ikkje ville våge seg på. Kjekt med litt respekt.
Denne gongen blir det ikkje den spektakulære nasjonale turistvegen over Sognefjellet som så mange gonger før. Det blir Hardangervidda. Vi har langt å køyre, over 170 mil, meir om vi tar omvegar. Altså må vi unngå for mange stopp, men unnar oss ein første kaffepause ved Vangsvatnet på Voss. I konkurranse med andre rasteplassar langs hovudvegane fortener denne plassen terningkast 6. Plassen ligg litt før Voss sentrum når ein kjem vestfrå. Her er også badeplass og snedig nok har Hjelle bakeri etablert seg her, med herlege bollar og anna snop.

På strekninga Bergen – Voss – Eidfjord og vidare over vidda passerer vi fleire stader som i mitt yrkesaktive liv låg på mitt bord som plansak. Eg konstaterer at det har fått vekse opp handelssatelittar utanfor Vossevangen. Butikkar meint for plasskrevjande varer har som alle veit også rikt utval av detaljvarer. Bransjegliding kallast det. Det er heilt greitt å vere pensjonist og frikopla frå slike saker no.
Så kryssar eg for første gong Hardangerbrua inn til Eidfjord der det enorme cruiseskipet Viking Star ligg til kai og stenger fjordutsikten for hotellgjestane. Vi hugsar turbulensen rundt dåpen av båten, som førte til Bergen sin fargerike ordførar sitt fall. Bølgjene har no lagt seg. Men kva med Eidfjord sentrum? Kan ein sjå resultat av reguleringsplanen for sentrumsområdet no tru? Vi gir oss ikkje tid til å sjå ordentlig etter. Ting tar no uansett tid.
Deretter opp Måbødalen, med Vøringsfossen som ligg ved nasjonal turistveg Hardangervidda og Fossatromma, er her skjedd noko etter at reguleringsplanen var vedtatt? I det minste er det kome nytt utsiktspunkt nedanfor Fossli hotell. Utsiktspunktet ved Fossatromma kjem vel etter kvart som tilrettelegginga held fram. Det har hendt at turistar har trådt feil og hamne i fossen. Viktig med sikring.

Vi passerer Sysendalen ved innfallsporten til nasjonalparken på Hardangervidda. I tidlegare tider var jernvinna på Fet eit av dei viktigaste produksjonsstadene for jern. No har nye næringar slått rot i form av ei formidabel hytteutbygging. Dette vekker minner om mange og til dels konfliktfylte reguleringsplanforslag som kom på min pult for fylkeskommunal fråsegn. Kva har skjedd med dei vidløftige planane om Eidfjord Resort, med fjell-landsby og tilhøyrande fasilitetar? Det ligg nok litt fram i tid. Den digre Sysendammen, magasin for Sima kraftverk ligg kloss i vegen. Elles registrerer eg at det er kome nye leilegheitsbygg på Maurset. Også her skal det bli fjell-landsby. Urbaniseringa av fjellheimen er i full gang.
Frå Hardangervidda til Trøndelag
Men no er eg straks ute av kommunane der eg har hatt plansaker. Eg er dessutan utanfor Hordaland fylke. Over i Buskerud kan eg senke skuldrane og slappe av. I Ål blir det overnatting, deretter går turen til Gol og Golsfjellet, over til Valdres og Dokka og ned til Mjøsa, der vi tangerer Lillehammer på veg opp Gudbrandsdalen til Ringebu, der vi tar av til Venabygd. Dessverre gløymer vi å ta til venstre inn til Gausdal med Aulestad og Segalstad. Dette er interessante trakter for meg som etterkommar på morssida av utflyttarar herfrå til Målselv på slutten av 1700-talet. Garden Segalstad er med på slektstavla for denne greina av familien.

Rasteplassen ved Mjøsa, ved innfallsporten til eks-OL-byen Lillehammer, må eg nesten gi strykkarakter, til tross for fin utsikt over Mjøsa.
Vi legg vegen om Folldal. På vegen får vi eit gløtt inn i Rondane nasjonalpark. Fjella ser forlokkande og ikkje minst lettgåtte ut, her må eg absolutt få tatt turen ein gong. Gruvedrifta i Folldal tok slutt i 1993 og anlegget er no museum. På museumskafeen blir det lunsjpause. Her er ein god del folk på besøk. Særleg for ungane er det stas med togtur i gruva. Vi har det travelt og gir oss ikkje tid til å utforske staden nærare denne gongen. Eg meiner at forfedrane mine som kjem frå traktene i Østerdalen hadde fraktoppdrag til gruvene, kanskje også her i Folldal?



Vi passerer Alvdal, Tynset og Røros. Der har vi stoppa på tidlegare turar. Med min bakgrunn som etterkommar på farssida etter folk som flytta frå desse traktene til Bardu, er det sjølvsagt interessante stader. Sommaren 2010 oppsøkte eg museumssenteret på Tynset – Ramsmoen – for å forske litt meir på utvandringa herifrå til Bardu. Museet har namn etter Nicolai Hersleb Ramm som er rekna som «far» for utvandringa til Bardu. På museet var dei svært hjelpsame og henta fram både bygdebøker og anna. Eg fann litt andre versjonar av denne historia enn det som står i bygdeboka for Bardu. Eg la også to og to saman om bakgrunnen til at mine tippoldeforeldre braut opp og drog nordover i 1837.
Bileta under er tatt i 2010, då vi gav oss litt meir tid og bl.a. besøkte Vingelen.

Som ei avveksling tar vi turen gjennom Stugudalen og Tydalen. Pilegrimsleia Romboleden gikk fra Sverige via Tydal til Trondheim. Elles var det i Tydalsfjella ein av Nordens største krigstragediar fann stad. 3000 svenske soldatar under leiing av general Carl Gustaf Armfeldt døde her vinteren 1718/1719.
Vi overnattar på hotell i Stjørdal sentrum. I gamle dagar, på dei første ekspedisjonane våre nordover, overnatta vi gjerne i telt eller i campinghytter. Alt har si tid. No set vi pris på komfort, mjuke hotellsenger og rikeleg med frukost som opplading til lange køyreøkter.
Frå Trøndelag til Bardu
Så er det å ta fatt på E6 og den lange Namdalen. På tide å sette på den nedlasta lydboka. Litt underhaldning må til på landevegen, det vert oftast krimbøker for å ha litt spenning. Årets bok av eit svensk forfattarpar (ikkje Sjøvall og Walløe!) viser seg dessverre – etter ein lovande start – å vere ganske så keisam, utflytande i formen og overlessa med alskens sidetema.
Men snart er det tid for kaffe og den obligatoriske vaffelen ved Nord-Norgessporten. Og sjølvsagt toalettbesøk på eit av dei absolutt betre toaletta langs vegen.

Nordland er eit langt fylke. Vi køyrer og køyrer og middagspausen blir som så ofte før på Saltdal turistsenter på Storjord. Vi har då forlengst forkasta dei litt vage planane om å besøke Rødøy på Helgelandskysten. Det blir Hamarøy, Hamsun sitt «æventyrland» i staden. Her har vi vore før og veit om fine padleplassar.

Vi har fantastisk ver, jamnt 23 grader og kjem til Hamarøy like etter solnedgang. Det blir overnatting på Sentrumsgården motell på Oppeid. Heilt OK standard, nesten betre enn dei to hotella vi har vore på. Frukost ordnar vi på felleskjøkken etter sjølvbeteningsprinsippet, maten finn vi i kjøleskapet. På andre sida vegen ligg den sjarmerande retrokafeen Idunngården, som også har uteservering i hagen. På Hamsunsenteret har vi vore før og derfor legg vi ikkje turen dit denne gongen. Eit fabelaktig bygg som uttrykker Hamsun sin person på slåande vis.

Så ut på padletur i strålande sommarvêr og eit fabelaktig landskap. På ein padletur i same farvatnet nokre år tidlegare oppdaga vi nokre utruleg fine holmar med kvite strender, dei fann vi igjen. Frå austsida av Vestfjorden kan ein nyte utsynet mot Lofotveggen. Denne dagen ligg veggen i varmedis, men kan likevel skimtast.


Så forlèt vi Hamarøy og «ankommer bestemmelsesstedet» som vår GPS-venninne seier. Meir om dette i neste bolk.

Hamarøy svikter aldri – både storslått og stort i det små.
Kva blei 2 pluss 2?
LikarLikar
Trur det har noko å gjere med tapt ære, utan å gå i detalj her!
LikarLikar
I am truly happy to glance at this webpage posts which
includes lots of useful data, thanks for providing these statistics.
LikarLikar
Having read this I believed it was extremely enlightening. I appreciate you spending some time and energy to put this informative article together.
I once again find myself spending a lot of time both
reading and leaving comments. But so what, it was still worth it!
LikarLikt av 1 person
Great post. I’m facing a few of these issues as well..
LikarLikar