Før ein veit ordet av det er ein eit godt stykke ut i siste sommermånaden i denne koronatida, som ikkje ser ut til å ta slutt med det første. Smittetala er aukande og kan hende blir ikkje dette den einaste unntakssommaren. Tida vil vise.
Heimlege gleder
I Bergen by har det vore meir kvile å få enn til vanleg. Hordane med utanlandske cruisepassasjerer har vore fråverande, i staden har gatene vore fylt med ferierande norske familiar. Når sydlige strender og storbyar ikkje lenger var eit val, kunne ein jo like gjerne ta turen til Vestlandets hovudstad og tilliggjande herlegheiter.
Å late seg på heimleg terrasse med avis og kaffe utan å stresse har vore kjekt. Innimellom regnbygene har det vore muleg.På oppdagingsferd i eigen by. På Nygårdshøyden er Sydnesplass ein triveleg stad.Den botaniske hagen ved museet på Nygårdshøyden er alltid ein fryd for auget.Og kva fann eg ikkje i Steinkjellergaten? Indie-bokhandelen Heim! Flott alternativ til bokhandlerkjedene.I tidlegare Os kommune, no Bjørnafjorden, ligg ruinane etter Lysekloster. Det står dessverre mykje att før dette blir den innbydende attraksjonen dette unike fortidsminnet fortener.
På tur i heimlandet
Dette har vore sommaren der folk har feriert i sitt heimlege land. Fleire har for første gong tatt fatt på den lange turen til vår nordlige landsdel. Om næringslivet elles slit i desse tider, så har i alle fall bubilbransjen hatt blømande tider. Mange har lagt ut på tur i bubil, truleg er her ein god del debutantar som har møtt på utfordringar på smale vegar og i lange ferjekøer. Lofoten har vore den store magneten, ved sida av andre spektakulære reisemål i nord som Senja og Sommarøya med fleire. Frå mitt utkikkspunkt her ved E6 i Troms, der eg for tida oppheld meg, observerer eg ein evig straum av norskregistrerte bubilar, truleg på heimveg no når kvardagen nærmar seg. Det står visst ikkje så dårleg til med økonomien til Norges befolkning – det er stive prisar på denne rullande farkosten.
Med permanent fritidsbustad i nord og lang erfaring med sommerferiar nordpå har eg vore på mange av dei stadene som i år har hatt storinnrykk. Eg har derfor ikkje hatt behov for å menge meg med flokkane. Det er mange andre stader å ta av, fine stader der få framande set sin fot. Sjølv har eg fått meg nokre nye opplevingar i relativt nære område i Midt-Troms. Innlandet i Bardu er vel og bra, men på varme dagar blir ein dregen mot sjøen. Og sjøen ligg innanfor rekkevidde, innan ein knapp times køyring.
Rossfjordstraumen – merkeleg nok har eg ikkje vore her før.
Rossfjorden passerte vi på veg ut mot Aglapsvika (eigentleg tre viker der den sørlegaste – Sørvika – er tilrettelagt som friluftsområde) ein av dei verkeleg varme og fine dagane. Området ligg i den nye Senja kommune (tidlegare Lenvik) nokre mil frå regionsentret Finnsnes, på fastlandet på ei halvøy ut mot den vide Malangen-fjorden. Etter gammalt markerer Malangen nordgrensa for korndyrking. Ikkje rart at kornhausten var utrygg for nybyggjarane som kom sørfrå for over 200 år sidan og slo seg ned i Målselv og Bardu. Målselva renn ut i Malangen etter å ha tatt opp i seg Barduelva og krøkt seg nedover den breie Målselvdalen.
Utsikt mot Aglapsvika på veg opp mot Aglappen. Sørvika lengst bak.
Det er merka og lettgått tursti opp til Aglappen, ein liten topp med flott utsikt mot Senja og Kvaløya. Her har Midt-Troms Friluftsråd gjort jobben. Dette er også eit litterært turmål «for heile familien» – her skal ein visst lokkast til å lese seg opp om dinosaurar.
Naturlegvis måtte turen avsluttast i den praktfulle Sørvika, med kvit strand og frisk dukkert i krystallklårt hav. Her var folksomt og stemninga sydlandsk, eg fekk straks kjensla av å vere på ei gresk øy.
Syden i Sørvika
Ein padletur på Aursfjorden har høyrt til på vårt program i fleire år. Dette er ein fjordarm til Malangen. Starten på turen går frå staden der det vart etablert oppgangssag allereie i 1796. Området, som også inkluderer eit bygg som har vore skulehus flytta frå ein annan stad i bygda, høyrer inn under Midt-Troms museum. Saga var open og i drift, her skjer dei tømmer som blir nytta til utbetringar på andre museumsbygg i distriktet.
Aursfjord med gamal oppgangssagKongeleg bevilling for etablering av AursfjordsagaFrå Aursfjord har vi padla ut i Malangen og kan sjå ut mot Malangshalvøya på andre sida.
Det kom fleire fine dagar. No vart det gjensyn med Tranøy som ligg i leia på den blide sørsida av Senja. Kontrasten til den ville yttersida er stor. Ja, mange meiner Senja er eit Norge i miniatyr. Vi gjorde strandhogg på ein holme utanfor sjølve Tranøya.
Forbi TranøyStrandhogg utanfor Tranøy – med dukkert
No skal vi ikkje heilt gløyme innlandet. Vi har hatt ein padletur på vakre Barduelva og det vart ein tur til Målselvfossen med ein søring som ikkje hadde fått denne attraksjonen med seg enno. Dessverre er her lite tilrettelagt for besøkande. Den tidlegare kafeen ved fossen er ikkje i drift og området er prega av forfall. I si tid vart fossen kåra til Norges nasjonalfoss, sikkert takket vere lokale stemmer. Her har oppfølginga vore dårleg.
Målselvfossen
Vi er ikkje ferdige med Nord-Norge enno. Det er ei god stund til vi vender nesen heimover mot Vestland. Uthuset – sjåen – som slike bygg heiter på desse kantar, skal få seg ein omgang maling. Sjåen har vore vanskjøtta i fleire årtier, men no skal han stasast opp med fargen «Herregårdsgrønt». Dessverre er det meldt regn og kjøleg framover, så dette kan ta si tid. Graset veks utstanseleg og må klippast. Moltene er i hus etter ein tur på vårt lokale fjell, men blåbæra treng litt meir tid. Så blir det ein bytur neste veke, der kjem vi bl.a. til å møte barnebarnet politistudenten som skal ha sitt praksisår i Nord-Troms. Besøk har vi hatt av slekt og vener, i dag kom til og med Per, ein tidligare god kollega frå Hordaland fylkeskommune innom på tur nordover saman med sin ektemake. Det vart ein hyggeleg drøs med kaffe og vaflar.
Nei, det har ikkje vore mykje å klage over denne sommaren, som vart så annleis for mange. Vi er privilegerte som kan feriere eit land som kan by på eit mangfald av opplevingar, store og små. Kanskje kan reiselivet ta ei ny retning og at ikkje pengemakta blir viktigare enn folk si helse. Ein kan håpe, men ting kan tyde på det motsette. Korleis koronatida blir i fortsetjinga blir i alle fall spennande å sjå.
Vel tilbake i regntunge Bergen etter to vekers opptørk på Tenerife. Dette er den mangfaldige øya vi stadig vender tilbake til. Det er eit helsetiltak å bytte ut tranflaska som D-vitaminkjelde med solinnstråling for ei lita stund. Elles var vi heldige med tidspunkt, fly har dei siste dagane stått sandfaste både på Tenerife og Gran Canaria. Det er calimaen, sandstormen frå Sahara som har slått til, denne gongen den kraftigaste på 40 år. Vi merka eit snev av fenomenet dagen vi kom, det var kraftige søraustlege vindkast og vi måtte tørke utebord og stolar rein for sand.
Ein viss bismak er det sjølvsagt med Sydenturar i desse tider. Om eg bidreg til utslepp forsøker eg etter beste evne å kompensere på anna vis, eg kjem forresten tilbake til nokre betraktningar om turisme og klima til slutt.
Utsikt frå Degollada de la Mesa nedover Santiagodalen
Vi held oss unna dei verste turistmaurtuene på øya, det vil seie Las Americas og Los Cristianos heilt i sør. Dei to siste åra har vi halde til lenger nordvest, i Los Gigantes og Puerto Santiago, to samanhengande tettstader. Dei er utbygde og turistifiserte så det held, men i langt mindre omfang enn turiststadene lenger sør langs kysten. Området har framleis ein viss røff sjarm der det ligg nedst i Santiago-dalen, ved ein svart klippekyst der brenningane bryt inn frå Atlanterhavet.
Var det ikkje for at denne sida av øya er den mest sikre for solhungrige nordbuarar, er nordsida eit betre og meir interessant alternativ, jf tidlegare innlegg Ei veke på 28 grader nord. Fjorårets tur, der vi hadde opphald i Puerto Santiago, er skildra i Tenerife-turar. I år hamna vi heilt oppe i øvste hjørnet i Los Gigantes, på toppen av bakken, med storslått utsikt over byen, havet og naboøya La Gomera (i klårt vêr).
Solnedgang frå terrassen
Det er ei kjent sak at Kanariøyane har eit klima som tilsvarar ein god norsk sommar, heile året. Og når ein då kan bruke dagane til varierte fotturar er det ikkje tvil om at dette er bra for helsa. I tidlegare blogginnlegg har eg skrive om fotturar vi har hatt på ulike stader på øya. Det er etter kvart blitt ei utfordring å finne nye turar. Med veksande alder (synd, men sant) er ikkje alle turar like høvelege som før i tida. Lange og bratte nedstigingar og luftige traséar er ikkje ønskjelege, og helst bør det vere rundturar med grei tilkomst.
I Teno landskapspark – frå Erjos til Cumbre de Bolico
Første fjellturen gjekk til landskapsparken i Teno, det geologisk eldste området på Tenerife. Det utmerkar seg ved å vere grønt og med ein rik og interessant flora. Her kan ein mellom anna få utsyn ned til Masca, eit av dei mest kjente og ikoniske stadene på øya. Vi kunne her skue ned på kystfjella frå fjorårets tur 1000 m lenger nede, toppane på 700 moh på Roque Abache verka no knøttsmå (nærare omtalt i tidlegare innlegg).
Start frå landsbyen Erjos som er utgangspunkt for mange turstiar i Teno landskapspark.
Dette er ein variert og fin tur, først gjennom kulturlandskap, så på grusveg i skog med utsikt nedover Santiagodalen, deretter på sti gjennom fjellpasset Degollada de la Mesa mellom Cruz de Gala (1347 moh) og La Mesa (1316 moh), før stien går langs ein fjellrygg med nydeleg utsikt fram til Cumbre Bolico. Her finn ein ein fint oppmurt era (gamal treskeplass) og overgrodde ruinar etter eit gardsbruk. Utsikten er formidabel på heile turen. Oppe i passet får ein til og med eit gløtt av fjellryggen La Fortaleza på nordsida av Teide, der vi var vi oppe ved vårt forrige besøk på øya. Vi snudde ved eraen, men ein kan fortsette ned til Masca, og eventuelt vidare derfrå ned mot sjøen. Eller ein kan gå nedover andre vegen til Las Portelas.
Vakker sti på veg til Cumbre Bolico, naboøya La Gomera i bakgrunnen.Vatn er og har vore ein knapp ressurs. På stien til Cumbre Bolico er sett opp eit system for å samle opp fukt.Storslått utsikt ned mot Masca frå La Mesa. Bakerst heilt til høgre er fjellryggen der vi gjekk tur i fjor.Eraen i Cumbre Bolico. Passet Degollada de la Mesa mellom toppane i bakgrunnen.
I Teide nasjonalpark
Inga reise til Tenerife utan ein tur opp i området rundt Teide. No måtte vi finne på noko nytt og tok sikte på Montana del Cedro, heilt sørvest i nasjonalparken. Vi starta frå miradoren og parkeringsplassen ved hovudvegen. Herifrå ser vi rett mot Pico Viejo og krateret for utbrotet i 1798. Eg vart skeptisk då eg såg den bratte oppstiginga i byrjinga, men det gjekk bra, og ganske snart kom vi opp og fekk utsyn mot Teide frå enno ein ny vinkel. Vi klatra ikkje opp til toppen av Cedro, men gjekk langs fjellsida gjennom skogen og fann oss ein rasteplass der vi kunne sjå rett over på fjella som vi besøkte for eit par dagar sidan.
Starten av turen går på grusveg.Pico Viejo med Teide bak. Fra krateret Narices del Teide midt på biletet strøymde det ut lava ved utbrotet i 1798.Rast i fjellsida på Cedro-fjellet. Utsikt mot vest til Tenoområdet og fjella vi besøkte to dagar tidlegare.Skogbrannar truar stadig i pinjeskogen. I området var ein stor skogbrann i 2012. Her ser vi brannvakttårnet.
Rundt Mt. Chinyero
Ein treng jo ikkje jakte på nye opplevingar heile tida. Det vart ein ny tur rundt vulkanen Mt. Chinyero, ein lettgått og triveleg tur. Området er naturreservat, men ligg utanfor sjølve nasjonalparken. Om ein tar ein avstikkar opp på den pinjekledde Mt. Estrecho, kan ein nyte nista på hella utanfor bygninga på toppen. Chinyero hadde utbrot i 1909 og lavastraumane har sett sine tydeleg spor i landskapet. Estrecho vart spart og ligg som ei grøn øy i alt det svarte.
Kjempestort pinjetre ved stien rundt Mt. Chinyero som vi ser i bakgrunnen.Vulkanutbrotet i 1909 har sett sitt preg på landskapet.På veg gjennom lavastraumen til den grøne Mt. Estrecho.Rast på toppen av Mt. Estrecho
Kyststi og dyrepark
Nordkysten av Tenerife er utan tvil meir interessant enn den turistifiserte sørkysten. Vi hadde tenkt oss eit gjensyn med kyststien Rambla de Castro og at vi skulle spasere frå Los Realejos der vi var i 2017, til Puerto de la Cruz. Etter eit stykke viste det seg dessverre at siste strekninga fram til Puerto de la Cruz var stengt pga rasfare, så då vart det å snu og ta bilen i staden til dyreparken Loro Parque.
Kyststien Rambla de Castro er populær.
Besøk i dyreparken Loro Parque er blitt nedprioritert ved tidlegare besøk på Tenerife. No tenkte vi det var på tide å besøke denne attraksjonen. Ein kan meine mykje om dyreparkar, men det er god underhaldning. Parken er kåra til Europas beste og verdens nest beste, er biosfære-sertifisert og omtalar seg som miljøbevisst og opptatt av dyrevelferd og berekraftig turisme. Her er papegøyer i overveldande mengder, skvatringa er øyredøvande. Eit rikt utval av alle slags andre dyr var meir eller mindre villege til å vise seg fram. Den imponerande kvite tigeren kom skridande utan at eg fekk summa meg til å knipse bilete. Lemurane, ein av mine favorittar, var umuleg å få fotografert. Berre for å nemne nokon.
Parken var frå starten ein papegøyepark og mange ulike papegøyesortar pregar parken også i dag, Det er tilrettelagt slik at publikum kan klatre opp og kome nær dei.Pingvinane står her, og kan vel ikkje anna.Pretty flamingos!
Vilaflor
Tenerife har meir å by på enn natur og dyreparkar. Ein skal ikkje svært langt frå turiststadene før ein kjem til nokså fredelege og tilsynelatande upåverka landsbyar. Vilaflor ligg 1400 moh ved foten av Sombrero de Chasna og er den landsbyen som ligg høgast på heile øya. Den er eit naturleg utgangspunkt for turar til Teide-området. Området har tradisjonelt hatt bra tilgang på vatn. I landsbyen er det ei bedrift – Fuentealta – som produserer flaskevatn.
Den verneverdige, men i dag noko forfalne herregarden tilhøyrde i si tid den forhatte godseigarfamilien Soler. Eigaren vart tatt av dage i 1840.Kulturminne i Vilaflor: vassleidning og mølle.Eit av fleire alter i den rikt utsmykka kyrkja San Pedro i Vilaflor.Solid tradisjonskost på Casa Pana i Vilaflor: geit, kanin, salat og kanariske poteter med tilhøyrande mojo-saus.Mandeltre i bløming i Vilaflor.Kaliforniavalmue veks i vegkanten i Vilaflor.
Nordlege Teno og Buenavista del Norte
På ytterste pynten på Tenohalvøya hadde vi ikkje vore. Rett nok var vi for fleire år sidan på tur oppe i Teno Alto der vi kunne sjå ned på fyret ute på pynten, men det var frå ein annan kant. No køyrde vi hårnålssvingane ned til Garachico og vidare vestover langs kysten. Det lyt seiast at når det gjeld vegar er det berre å vedgå at Tenerife faktisk overgår Norge når det gjeld vegbygging i vanskeleg terreng. Rasfarlege kan dei òg vere.
Bilvegen heilt ut til Punto Teno er stengt for anna trafikk enn buss og taxi. Vi lot bilen stå og spaserte eit par kilometer ut til utsiktspunktet ved tunnelen. Så vi kom oss ikkje heilt ut på pynten, men ein bra tur var det likevel. Vi skulle nok tatt bussen!
Vi drog etterpå til den vakre byen Buenavista del Norte der vi spiste tapas ved den hyggelige Plaza de los Remedios ved kyrkja. Dette er eit samlingspunkt i byen. Det er oppløftande å kome til stader som først og framst gir inntrykk av å vere tilrettelagt for dei fastbuande og ikkje berre for turistane. Ved plassen låg det også eit bibliotek som tydelegvis hadde fått eit nytt tilbygg. Her er elles mange velhaldne eldre hus av arkitektonisk verdi.
På plassen er det sett opp ein plakat med den tydelege meldinga «No es no!» (Nei er nei!) med sikte på å hindre seksuelle overgrep. Slikt kan vere utbreidd særleg i samband med fiestaene, og no når karnevalstida står for døra er dette særleg aktuelt. «Gata, nettene og fiestaene er også våre!» vert det proklamert. Bra!
Frå sentrum i byen går det tursti via ein historisk vaskeplass, forbi golfbanen langs kysten fram til ei lavastrand som er eit utfartssted utan at stranda bar preg av å vere eigna som badeplass.
Kystlandskapet vest for Buenavista del Norge, utsikt frå vegen.
Plaza de los Remedios i Buenavista del Norte.Nei til seksuelle overgrep!Vaskekummar frå gamle dagar.Kyststien går forbi ein svær golfbane.Slektning av vår heimlege kvann langs stranda.
Strandliv
Men har vi ikkje vore på stranda då? Denne gongen var det kraftige brenningar og raudt flagg på strendene. Vi dyppa oss så vidt på ein tur til Playa San Juan litt lenger sør på kysten, og væta oss til knea i strandkanten på Playa la Arena i Puerto Santiago, mens vakta passa på at ingen våga seg lenger ut. Elles betrakta vi det naturlege havbassenget i Los Gigantes ovanfrå, her var det friske bølgjer som slo inn over dei som våga seg uti.
Playa la Arena med svart sand og raudt flagg.Friskt i havbassenget.
Litt malurt i begeret
No kan det eg har skrive kanskje tolkast som om eg prøver å lokke fleire folk til Tenerife. Det er ikkje tilfelle. Med sine knapt 900 000 innbyggjarar kjem det årleg om lag 5 millionar turistar til øya. For Kanariøyane til saman er talet om lag 15 millionar turistar. Turistnæringa er enormt viktig for sysselsetting og økonomi på Kanariøyane, men det er aukande fokus på berekraftig turisme. Paradoksalt er det også bekymring for kva som vil skje om det på bakgrunn av klimakrise og utfasing av fossil energi blir framtidig begrensing i flyreiser. Det er knapt alternative måtar for å kome seg til Kanariøyane.
Øygruppa er svært sårbar for klimaendringar. Temperaturen har stige, dette har særleg gitt utslag i aukande temperatur om natta og i høgfjellet. Studiar tyder på at det kan kome fleire heitebølgjer, meir flom og fleire tilfelle av sandstormar frå Sahara om vinteren. Tørke skapar problem for vassforsyninga og for jordbruket. Havnivået stig og faren for skogbrannar aukar. Øyane er avhengig av fossil energi og det er låg sjølvforsyningsgrad. Eg undra meg over at det ikkje var fleire solcellepanel å sjå, og berre nokre få område med vindmøller. Og til tross for godt busstilbod med grøne TITSA-bussar mest overalt, er personbiltrafikken overveldande.
Turistane står for ein stor del av vassforbruket. Vi som kjem frå område utan knappheit på vatn dusjar gjerne eit par gonger dagleg og forlanger reint vatn i bassenget. Naturlege vasskjelder minkar og avsalting av sjøvatn er energikrevjande.
Det kanariske parlamentet har nylig erklært klimakrise for heile regionen, og det er sett i gang arbeid med å utvikle ei ny lov som skal ta for seg 26 sektorområde. Det er sett i gang prosessar med lokal medverknad for å klårgjere utfordringar og føreslå framtidige løysingar med omsyn til klimatilpassing. Denne artikkelen i Environment Science & Policy gjer greie for dette.
Fullstendig tørt i våtmarksområdet Charco de Erjos.
For vår del syntes vi det såg ekstra tørt ut på øya denne gongen. Det var jo «pent» vêr for oss, men landskapet bar preg av langvarig tørke. Mange tre og buskar såg ganske livlause ut, også mandeltrea som blømer på denne tida såg stedvis pjuske ut. Vi «sakna» også skybeltet som vanlegvis ligg eit stykke opp i høgda og gjer at vi ikkje ser heilt til høgfjellet. Denne gongen kunne vi heile tida sjå heilt opp til Teide.
På turen vår med start frå Erjos passerte vi «Charco de Erjos» det som skulle vere eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Her var ikkje ein einaste vasspytt eller ei einaste lita fuglefjør å sjå. Dette området er forresten opphavleg menneskeskapt, det er groper som i tidlegare tider vart utgravd som vassreservoar, men som seinare er omgjort til naturvernområde.
Det er planlagt klimaskatt for transport, turisme og industri, desse skal gå til å fremje berekraftig transport slik som tog og elektriske køyretøy, avfallshandtering, forbetring i vasskvalitetet og meir fornybar energi. Vi kan ikkje anna enn å ønskje lukke til i arbeidet med klimatilpassing, og kanskje også vi turistar bør sjå i augene at ting ikkje kan fortsette som før.