Haustvinterreise

Bergen og eg har eit jubileum i år. Det er nemleg 50 år sidan eg kom til Bergen for første gang. Og så hadde eg sjølvsagt tenkt å skrive eit blogginnlegg om det. Fortelje om den lange reisa mot status som nesten ekte bergensar. Men så kom det noko i vegen. For no har eg igjen vore nordpå. I år er høgsesong for 70-årsfeiringar, og derfor gjekk turen til Tromsø for å feire ei god venninne eg har kjent frå hine dager på Tromsø gymnas. Deretter til Bardu for eit opphald i sekundærbustaden. Dette er ei årstid eg vanlegvis ikkje oppheld meg på dei kantar, faktisk var det nesten 50 år sidan sist. Så no trumfa denne turen altså det planlagte Bergensinnlegget, det vert utsett, om ikkje akkurat på ubestemt tid, så i alle fall til seinare.

Så her kjem igjen inntrykk frå ei anna reise, seinhaustvarianten av Nord-Norge. Som viste seg å bli ein vintervariant. Vi forlot Bergen på ein sjelden strålande og fargesprakande haustdag, og kom til ein landsdel der hausten var overstått og vinteren hadde gjort sitt inntog. Etter kvart fekk snøfresarane igjen kome seg ut og i sving etter sommardvalen, trivselen auka nok hos karane rundt omkring. Skikkeleg vinter vart det, med kulde og snøfall på dei stadig kortare og mørkare dagane.

I Tromsø vart det, utanom eit overmåte hyggelig bursdagsselskap, også besøk hos familie og ein søndagstur til universitetsområdet, der det broderte veggteppet til Britta Marrakatt Labba frå 2004 dekker veggflata i foajeen til fakultet for samfunnsvitenskap. Dette mesterverket består av motiv frå flyttsamanes årssyklus. Tre av desse er vist under.

I Bardu vart det rolege dagar med spaserturar i velkjent, vakkert og vinterleg landskap, vedfyring og latskap framfor ovnen. Geitene i Skoelvlia lét seg ikkje skremme av litt snø, berre dei har rikeleg å tygge på. Isen hadde ikkje lagt seg verken i Skoelva eller Barduelva.

I år har vi forsøkt alle moglege transportformer på våre i alt fem turar nordover. Fly, privatbil (hybrid), tog og buss, og no sit eg her og skriv på hurtigruta M/S Spitsbergen, som vi borda i Bodø. Transporten Bardu – Bodø gjekk med buss, først til Narvik med bussbytte, deretter nytt bussbytte når vi hadde passert ferja over Tysfjorden (Bognes – Skarberget). Første etappe i kvitt, eventyrleg vinterlandskap, så solnedgangen over Gratangen og Ofotfjorden. Etter Narvik var landskapet mørklagt.

Køyring i eit mørklagt Norge er noko anna enn køyring på same strekning midtsommars, slik vi gjorde sist. I den lysa årstida er det landskapet som har forrang når det gjeld opplevingar, menneska blir litt underordna. I den mørke tida er husa langs vegen det einaste vi ser, med lysande vindauge og glimt av interiør der folk lever og bur. Ein bør reise i Norge på alle årstider for å få med seg nyansane.

Sist vi var i Bodø besøkte vi det nye jektefartsmuseet, denne gongen tok vi eit sprang fram i tid og besøkte det enda meir imponerande og mangfaldige luftfartsmuseet med si rikhaldige utstilling både frå sivil og militær luftfart. Vi konsentrerte oss om den sivile delen.  I dag, når flyskam er blitt eit begrep, bør vi ikkje gløyme at det er flyrutene som har bunde dette langstrakte landet saman. Som kjent er det smått med alternativ når ein kjem eit stykke nord for polarsirkelen. Interessant var det også å sjå at kvinnene har gjort seg gjeldande innan luftfart, Gidsken Jakobsen frå Narvik er legendarisk, men det er fleire.

Den første hurtigruta vart sett i drift i 1893 og avløyste meir saktegåande, utrygge og ukomfortable reisemåter til sjøs. I dag er hurtigruta ikkje akkurat hurtiggåande, men eit moderne og komfortabelt cruiseskip av moderat storleik, med overvekt av tyske og britiske passasjerar 60+. Dei er av den siviliserte og rolege sorten, og alle her i utsiktssalongen var samde i at bakgrunnsmusikken skulle stoppast. No er her fredeleg og fint. Eg meiner ingen cruiseskip burde vere større enn hurtigruteskipa, jmf monstra som ligg til kai i Bergen og norske fjordar. Ekstra stas er det at kaptein Bendiksen på M/S Spitsbergen er kvinne. Enda eit døme på kvinnelege pionerar innan samferdsle.

I skrivande stund er vi på veg frå Trondheim. Og snakk om å vere heldige med vêret. Strålande solskinn og stille hav. I går var det seilas gjennom kremen av Helgelandskysten, dei sju systrane med gull på toppane, Alstahaug, Vega for å nemne nokre høgdepunkt. I dag like fint ut Trondheimsfjorden. Men dagane er korte, og når vi kjem fram til Kristiansund på ettermiddagen er nok dagslyset på retur.

Det fine med slike langsame reiser er at ein uforstyrra kan sitte med ei bok eller berre la tankane fly. Eg hadde tatt med litt knapt med lesestoff heimefrå og dermed måtte eg leite i bokhylla i Sundlia for å finne noko å ta med på reisa. Der står mest bøker frå Bokklubben frå fleire tiår tilbake. Eg fann boka «Din stund på jorden» av Vilhelm Moberg, som for dei fleste er mest kjent for skildringa av utvandrarane til Amerika. Boka handlar om ein utvandrar  frå ei bygd i Sverige, som etter å ha levd det meste av sitt liv i USA no fann seg sjølv som ein desillusjonert einsleg mann som kjente på at han nærma seg slutten på sitt liv, med dels smertefulle tilbakeblikk. På slutten av boka kjem han til ei slags forsoning med livet slik det blei. Ei gripande bok som eg anbefalar. Kanskje er ein ekstra mottakelig når ein har det meste av livet bak seg.

Reisa er ikkje slutt, verken på eine eller andre måten no. Men eg avsluttar med dette skrivinga, sjølv om vi ikkje er komne lenger enn til Hitra på styrbord side. I morgon seiler vi etter ruta inn på Byfjorden i Bergen litt før halv tre.

Tog for fly

Av ulike grunnar har det vore mykje fokus på tog den seinare tida. I Norge har namnebytet frå NSB til Vy vekt mykje forarging. Eg er blant dei forarga, men utviklinga innan togtransport dreier seg jo om mykje meir enn eit teit namn. Oppsplitting i ulike selskap i samferdslesektoren og anbodskonkurransar er resultat av ein politikk som har fått konsekvensar for fleire samfunnsområde. I dag fekk vi vite at norske Vy tapte konkurransen mot Sveriges Järnvägar (SJ). No er det altså eit svensk selskap som skal drifte tog i Midt- og Nord-Norge. Ein smule komisk at eit svensk statleg selskap skal overta for eit tilsvarande norsk. Men slik er det blitt. Så får vi sjå om dette er til gagn for passasjerane.

Ser ein bort frå den heimlege diskusjonen om organisering av togtransporten, er det sjølvsagt klimaomsynet som har, og bør ha, innverknad på folk sitt val av transportform. «Flyskam» er eit begrep som er komen i kjølvatnet av arbeidet for å redde kloden frå kollaps grunna klimaendringar. Applaus til unge og eldre som engasjerer seg i dette. Endringar i reisevaner er ein del av den omlegginga som må til for å redusere utslepp. Flytrafikken kan ikkje halde fram i same omfang som i dag dersom ein skal nå klimamåla. Akkurat no høyrer eg i radioen at Grønn Ungdom vil ha eit kvotesystem på flyreiser – med ei tur-retur-reise per person per år, og moglegheit for kvotekjøp om det er behov for fleire. Eg saknar litt meir geografikunnskap hos dei som engasjerer seg.

På togtur

Sjølv er eg eigentleg ikkje så hardt angripen av flyskam. Skal ein til dei nordlege delar av Nord-Norge har ein få alternativ til fly, og eg avstår som regel frå helgeturar til storbyane i tide og utide. Fordi eg bur i ein storby med godt kollektivtilbod er det heller sjeldan eg sjølv set meg bak rattet. Men no skulle vi ut på den årlege forsommarturen nordover, med tiltrengt våronn for tomta til sekundærbustaden. Eg går ikkje av vegen for å skaffe meg nokre nye erfaringar. Så korleis finne alternativ transport, altså utan fly og privatbil? Kanskje tog?

Min sambuar og eg liker å reise med tog. Forutan klimafordelen slepp ein enerverande trasking og keisame opphald på flyplassar, samt transport til og frå. Vi bestemte oss for å prøve tog denne gongen. Den opphavlege planen var å legge turen via Sverige – ein snartur innom Stockholm verka fristande – og så vidare med SJ via Kiruna med Ofotbanen til Narvik. Då er vi berre halvannan time frå Bardufoss. Men på grunn av mangelfull togflyt frå Oslo (buss for tog) vart planen skrinlagt. Det går heller ikkje lenger direktetog mellom Oslo og Stockholm. Det vart Nordlandsbanen i staden. Det vil seie Bergensbanen og morgontoget Bergen – Oslo, ettermiddagstoget med Dovrebanen Oslo – Trondheim og nattoget Trondheim – Fauske. Då er det slutt på skinnene (bortsett frå at toget også går dei få milene Fauske – Bodø). Til slutt må det skøytast på med Nord-Norgesbussen.

Starten er altså frå landets staselegaste jernbanestasjon. Bergen jernbanestasjon sto ferdig i 1913 og er eit framifrå eksempel på tidas Art Nouveau-stil. Arkitekten var Jens Zetlitz Monrad Kielland.

IMG_8381.JPG
Start frå jernbanehallen i Bergen

Ein tidleg laurdags morgon i juni sette vi oss på Bergenstoget. Saman med oss steig det på ein flokk utlendingar, dei fleste asiatar. Dei steig av på Voss og skulle truleg vere med på klassikaren Norway in a Nutshell  slik at dei fekk fjordane og Flåmsbana med i same slengen. Vêret var ikkje det beste denne dagen. Grått på Hardangervidda, ikkje så mykje å sjå, og tunnelane er mange og lange. Eg fekk ikkje samla meg til å knipse bilete frå vintervåren i høgfjellet, så dette er eit lånt bilete.

 

IMG_4477
Finsevatnet (foto: Togbloggen)

Det hadde seg slik denne helga at vi var invitert til 70-års-feiring i Asker, så då vart det avstiging der med overnatting før reisa gjekk vidare søndag ettermiddag. Kjem ein frå Vestlandet og Nord-Norge til f.eks. Asker stasjon vert forskjellane landsdelane imellom særs påfallande. Her suser toga forbi i begge retningar utan opphald.  Det nyttar vel ikkje å vere avundsjuk på prioriteringa av samferdselsmilliardane.  Intercitytog er nok ikkje for alle. Hovudstadsregion er då hovudstadsregion?

fullsizeoutput_3e19
Med Comfort på Trondheimstoget

Søndag ettermiddag var det tid for tog til Trondheim. Då vi bestilte, var det berre ledig på  det som kallast Comfort – det vil seie at for ein hundrelapp ekstra får ein avis og kaffe på kjøpet. Sidan det var søndag vart det ingen avis, og det frista heller ikkje med vandring framover i vogna for å hente kaffe, med fare for vakling og søl. Ei ulempe med dette toget var den knappe bagasjeplassen. Passasjerar med litt storleik på koffertane fekk rett og slett ikkje plassert bagasjen. Og dette var jo eit tog med langvegsfarande, ikkje noko pendlartog. På Bergenstoget var det betre plass for bagasje.

fullsizeoutput_3e13
Snute mot snute på Lillehammer

Elles gjekk reisa greitt. Som det framgår av mitt forrige blogginnlegg, har eg for tida spesiell interesse for visse delar av Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag. Toget går dels på vestsida av Lågen, oppe i liene her ligg gardane der mine stamforeldre kom frå. Og toget stryk også gjennom Mjøen i Oppdal, der mi tipp-tippoldemor kjem frå. Her skal eg gi meg betre tid ved neste høve.

I Trondheim var det å stige inn på nattoget og førebu seg på natta. Litt tungvint å få henta seg nøkkelkort til sovekupéen. Eg har eigentleg dårleg søvnerfaring på nattog, og betre vart det ikkje denne gongen. Litt for mykje slingring og støy. Sov-i-ro hjalp ikkje. Men prinsippet er jo fint, sove seg gjennom natta og komme fram ein tidleg morgon. Eg sto opp då vi passerte Saltfjellet.

fullsizeoutput_3e17
Saltfjellet i morgonsol

Buss for tog

Så var ikkje vegen lang til vår endestasjon Fauske der bussen venta. Turen opp gjennom Nordland vart ei flott oppleving. Strålande sol, nyutsprunge lauv, blå himmel, blå fjordar og kvite fjell. Kor elles i landet finn ein slike fantastiske fjellskulpturar? På dei høgaste partiane på vegen hadde vinteren ikkje heilt slept taket, men i låglandet var det grønt og frodig.

IMG_8295
Slutt på skinner, over på veg
IMG_8301
Vinteren slepp taket
IMG_8309
Idyll på Innhavet

Etter bussbytte på Storjord er det ferje Bognes – Skarberget med kaffe og svele. Her ser ein inn over Tysfjord, med glimt av Stetind, Norges nasjonalfjell. Til slutt kjem vi fram til Narvik der det er bussbytte og tid til lunsj. Det viser seg at Troms fylkestrafikk sin buss byr på meir komfort enn Nordland sin.

fullsizeoutput_3e11
Narvik med fjellet «Den sovende dronning» og hotellet som på folkemunne vert kalla «vannkokaren»

Vi passerer for første gong den nye Hålogalandsbrua,  opna i desember 2018. Med denne brua er vegen korta inn med 18 km. I halvsekstida på ettermiddagen er vi framme i Sundlia i Bardu. Det vil seie at netto reisetid med tog og buss frå Bergen til Bardufoss tar ein og ein halv dag med dei togavgangane vi nytta. Det er eigentleg slett ikkje så verst. Raskare enn med bil.  Altså eit brukbart alternativ, om ein ikkje har det for travelt. Kanskje får ein meir utbytte og utsikt – «Vy» – om ein veljer å reise med Nordlandsbanen på dagtid. Så må eg bekjenne at vi tok fly tilbake frå Bardufoss, og for å komme til Bergen slepp vi ikkje unna Gardermoen. Frå vi gjekk ut døra til vi var heime i Bergen tok det sju og ein halv time, då med kollektivtransport heile vegen.

Veg for bane

IMG_8331
Våronn ved E6 i eit bilfritt sekund.

Etter adkomst Sundlia var det å ta fatt på våronna, med E6 som næraste nabo. Her dundrar all tungtransport mellom nord og sør forbi, til alle døgnets tider. Person- og militærtrafikk i tillegg. Var det nokon som snakka om tog?

Ut å flyge med B-laget

Eg er på min vanlege midtvinterstur nordpå. Det vil seie Bardu og Tromsø. Eg må ha ein årleg dose mørketidslys for at alt skal vere på stell.

IMG_4921
Vakre skyar like før sola kjem tilbake.

For å komme seg nordover – og då meiner eg nord for den delen av landet som har alternative transportmiddel som for eksempel jernbane – må ein ta fly. Og dersom ein skal til Bardufoss må ein nytte flyselskapet Norwegian anten ein vil eller ikkje. På denne flyplassen har Norwegian ingen konkurranse. Det må vere god butikk. Passasjergrunnlaget og inntektene på ruta er sikra i og med at all transport av militært personell må fraktast i fly. Då kan dei jo skru opp prisane, staten betaler. Her kjem aldri tilbod om billegturar. Sjølv med såkalla lågpris må ein må ut med minst tre tusenlappar. Det vil seie det same som ein helgetur til, la oss seie,  New York.

IMG_4928.JPG
Gardermoen for B-laget.

Joda, utan det militære nærveret hadde nok rutetilbodet vore dårlegare for folk i Midt-Troms. Men ein kan jo spørje om sivil persontransport skal vere på Forsvaret sine premiss? For tru ikkje at sivile får vere med på flybussen mellom Bardufoss og Setermoen. Apartheid? Nei stikkord er anbodskonkurransereglar. Nye reglar for fire år sidan gjorde at det vart eigen flybuss for Forsvaret sitt personell, sivile vart utelukka.  For å bøte på dette har det inntil nyleg vore eit privat selskap som tok seg av dei sivile, i ein minibuss parallellt med den store bussen med militært personell – med ledige seter. No har selskapet kasta inn handkledet, dårleg butikk, forståeleg nok. Så om ein ikkje har avtale om henting, vert det taxi eller leigebil. Frå kommunane dette gjaldt vart det kravd at felles transport måtte inn som krav i ny anbodsrunde frå 2018. Det skjedde ikkje.

For å kome seg frå Bergen til Bardufoss må ein via Gardermoen. No er terminalane både på Flesland og Gardermoen kraftig utvida og oppgradert i det siste. Det betyr mange skritt og at ein må ha god tid for å kome seg til utgangen. Ekstra ille er det dersom ein på Gardermoen blir vist til B-utgangen. Dei som har opplevd denne veit at ein må traske gjennom endelause trøystelause ganger i ca 10 minutt for å nå målet. Fasilitetane her er i tillegg ytterst spartanske. Og kva for avgangar er det som havnar her då, tru? Mandag 8. januar var det passasjerane til Bardufoss, Tromsø og Alta (og ein avgang til Stavanger) som hamna på B-laget. Tilfeldig? Neppe!

Av passasjerane ser eg jo at det er folk i sin mest gangføre alder som skal til Bardufoss. Denne gongen var det mest uniformerte ungdommar av begge kjønn som fylte setene. Dessutan svært mange polakkar, desse arbeidsinnvandrarane som held folketalet oppe i distrikta.

Eg får jo fyrt opp mitt distriktspolitiske engasjement kvar gang eg besøker landsdelen. Det er mykje å ergre seg over. I likheit med mange andre i distrikta er eg oppgitt over NRK sitt siste påfunn, å sløyfe kvarteret med distriktssending før Dagsrevyen. No er det tre, som regel identiske fem-minutts innslag tre gonger om kvelden, noko som sjølvsagt utelukkar fordjuping, variasjon og kommentarar.

IMG_4910.JPG
På skitur i løypa til Kampen. Mauken i bakgrunnen.

Men nok klaging no. Det er flott å vere oppe i verkeleg vinter.  Nokre skiturar er det blitt, sjølv om føret vart skarpt og utfordrande for litt tilårskomne damer som er redd for brotne bein. At eg no føretrekkjer oppoverbakkar framfor unnabakkar må eg nok tilskrive alderen. Til tross for dette har eg absolutt ikkje noko ønskje om at mi aldersgruppe skal fortene nokon eigen minister, jmf siste tilvekst til regjeringa.  Vi må vel jobbe for at alle – uansett livsfase – skal få så gode levekår som mogleg?

fullsizeoutput_3718
Fint å vere inne når frostrosene viser seg på rutene.

Og ein kan kose seg inne med lesestoff. I år har eg lese den prisbeløna «Oppdateringar» av forfattaren Pål Norheim som døde uventa i fjor sommar. Det viste seg at han budde på Eidsvågneset, like i vårt nabolag i Bergen. Ein forfattar som eg ikkje har vore merksam på, han har vore heller anonym hos det breie publikum. Det er alltid fasinerande å lese frå kjente trakter, og for eksempel sjå for seg dei same buss-stoppa som er skildra i boka. Elles har eg lagt bak meg bok nummer 4 i John Michelet sin imponerande serie om «En sjøens helt» og konvoifarten under krigen. Ærleg talt blir det i lengda i overkant maritimt for ein som ikkje er oppflaska med slikt. Eg er av innlands- og småbondeslekt. Men historia til krigsseilarane under krigen er viktig.

IMG_4924
Siste sommerfjøset i Sundligrenda – no eit kulturminne

Småbondeslekt ja. Ny bygdebok for Bardu er på trappene. Bygdeboknemnda hadde invitert til ein absolutt siste sjekk av opplysningar ein av dei siste kveldane vi var i Bardu. Vi troppa opp på kommunehuset, der inngangspartiet er pryda både av utstoppa bjørn og ulv. Bardu definerer seg jo som «villmarkskommunen». Det blir spennande å sjå det ferdige resultatet av boka. Det var mykje der som var nytt for meg. Nesten alle gardane i bygda vart ramma av tvangsauksjonar tidleg på 1920 -talet. Bankkriser er ikke noko nytt.

IMG_4919.JPG
Bardu-bjørnen.

Etter kvart skal eg over i meir urbane omgjevnader. Tromsø internasjonale filmfestival – TIFF – ventar. Og det som høyrer til av sosialt liv på gater og i dei talrike utestadene i Nordens Paris.

 

 

Kjole frå Kina

fullsizeoutput_2dcbEg sit inne på St. Hans-aften og ser ut på eit trøystelaust vêr.  12 grader og regn. Det har regna i Bergen kvar dag i juni så langt. Ny nedbørsrekord i sikte. Nei, det blir ingen utandørs sprell i den lyse sommarnatt. Ikkje noko bål eller anna moro. Så då blir alternativet litt skriving i sofakroken. Det finst mange tema og denne gongen skal vi ut på ei lang reise.

Det har seg slik at eg er invitert i bryllup i nær framtid. Etter å ha saumfart klesskapet fann eg ut at eg kan trenge eit nytt festantrekk. Eg veit at ein runde i Bergen sine mange kjede(lege)butikkar neppe gir noko tilfredsstillande resultat.

På Facebook dukkar det heile tida opp reklame for kjolar, ofte i påfallande romslege fasongar (kvifor det mon tro? FB veit for mykje!). Nokre av dei er riktig fjonge. Eg lot meg lokke til å bestille ein kjole frå eit firma kalla Buykud. Etter at bestillinga var ekspedert vart eg overraskande hyppig underretta om progresjonen i transporten. Men plagget kom innan rimeleg tid. Det viste seg at det var sendt heilt frå Singapore, og at det var fabrikert i millionbyen Hangzhou aust i Kina. Hadde eg googla firmaet på førehand, hadde eg visst meir. Eg burde jo skjønt kor det kom ifrå sidan modellane i annonsane var vevre små damer med asiatisk utsjånad, nokre av dei med kroppsvekt på 46 kilo. Grunnen til at vekta var oppgitt er truleg fordi ein skulle kunne vurdere korleis ein sjølve ville ta seg ut i antrekket. Min kjole var i one-size og eg vurderte den då til å vere romsleg nok.

IMG_3813.JPG
Ekspress frå Singapore, med lettlest informasjon.

På førehand hadde eg heller ikkje sett nettsida Trustpilot med vurdering av Buykud. Her ligg åtvaringar mot firmaet frå ei lange rekkje frustrerte og til dels rasande kunder frå alle verdsdelar. Dei kjenner seg lurt, har ikkje fått varene dei har bestilt og betalt for, dei klagar over at det er vanskeleg å få kontakt med firmaet, dei må sjølv betale frakt til Kina dersom plagga ikkje passar og derfor må returnerast, dei får ikkje pengane tilbake og dei er misnøgde med kvalitet på stoff og saum. På Facebooksida til firmaet flommar det over med klager frå kundar, også over fasongane – potetsekkar er ein karakteristikk som går igjen i innlegga. Men nokre få var nøgde både med fasong og firma.

For eigen del er eg sånn nokolunde nøgd med plagget, så eg unngår problem med retur. Stoffet liknar riktignok ikkje mykje på silke, slik det sto i annonsen, saumen er så som så, blant anna mangla ein saum i falden på eine ermet. Den måtte eg fullføre sjølv. Men alt i alt er kjolen grei nok, og eg har litt å gå på når det gjeld storleik, truleg blir det plass til ekstra 20 kilo. Likevel kjem eg ikkje til å gjenta nokon handel med så langreiste plagg.

fullsizeoutput_2dc2.jpeg
Langreist kjole frå Kina, supplert med heimehekla veske i chenille (restegarn frå uuttømmeleg lager)

Hangzhou

Nok om kjolen. Sjølvsagt kunne eg meint noko meir om suspekte nettfirma, langreiste varer og import av masseproduserte klede frå lågkostland som f.eks. Kina. Det er all grunn til å stille spørsmål ved berekraften i dette. Men no blir det geografitime.

Hangzhou (tidlegare Quiantang) er den største og mest folkerike byen i ZhejiangprovinsenØst- Kina. Den ligg ved Hangzhoubukta som skiljer Shanghai og Ningbo. Hangzhou har vore ein av dei mest kjente og velståande byar i Kina i det siste tusenåret.

Folketalet i provinsen Zhejiang er ca 55,6 millionar. Hangzhou kjem med sine over 9 millionar innbyggjarar på femteplass i Kina.  Byen er sentrum i metropol-området som er det fjerde største i Kina med ca 21,5 millionar innbyggjarar.

1024px-China_Hangzhou_Nine_Greeks_Meandering_Through_a_Misty_Forest.JPG
Hangzhou – West Lake (Foto: Mywood – self_made, Public Domain, Wikipedia)

Hangzhou si historie går over 2200 år tilbake, til Qin-dynastiet  (221 f.Kr). Byen er Kina sin tehovudstad. Longjing-teen, som er rekna som den beste grønne teen, har sitt opphav her. Hangzhou er også berømt for sin fine silke. Byen var ein av Marco Polo sine favorittar.

Økonomien har utvikla seg raskt sidan 1990-talet. Hangzhou er ein tradisjonell industriby med varierte næringar – småindustri, landbruk, tekstil, og eit viktig senter for industriproduksjon og logistikk i kyst-Kina. I den seinare tid har nye verksemder utvikla seg, bl.a. innan medisin, IT, elektriske apparat, elektronikk, kjemikaliar, matproduksjon m.m. Byen tredobla sin BNP mellom 2001 og 2016. Det vert satsa på høgteknologi, og byen vert omtalt som Kinas svar på Silicon Valley. Byen er hovudkvarter for Alibaba-gruppa – ein gigant innan netthandel. Hangzhou var vertskap for G20-møtet i 2016.

Byen er kjent for sine kulturminne og vakre natur, og er ofte rekna som den mest attraktive byen i Kina. Turisme er ein viktig del av økonomien. Interessant er det at byen har verdas største sykkeldelingssystem:  3000 utleiestasjonar med meir enn 70 000 syklar plassert rundt om i byen.

Den mest kjente attraksjonen er West Lake som saman med Grand Canal står på verdsarvlista. Grand Canal strekkjer seg frå Bejing til Hangzhou og er med sine 1776 km verdas lengste kanal eller kunstige elv.

1024px-Hangzhou_International_Conference_Center_15
Konferansesenter i Huangzhou (foto: Huandy618 – Wikipedia)

Zhejiangprovinsen er tradisjonelt kjent som eit fisk- og risland, og er også senter for akvakultur. Den er Kinas viktigaste provins når det gjeld teproduksjon.

Miljø

Eg veit ikkje korleis arbeidsforholda er på den fabrikken som produserer klede for Buykud. Fabrikken kallar seg Hangzhou Tianyun Garment Co.Ltd. med kontoradresse eit steinkast frå West Lake. Om produksjonslokala også ligg her, framgår ikkje. Den ikkje heilt gode saumkvaliteten, og den manglande saumen på ermet på kjolen kan ha fleire årsaker. Kan hende vart det i eit oppjaga produksjonsklima for tidkrevjande å få tredd i ny sytråd då den tok slutt før saumen vara ferdig? Eg skulle gjerne visst litt meir om kva levekår syarane har i sin kvardag. Kva tekstilindustrien i regionen bidrar med av skadelege utslepp veit eg heller ikkje. Vi har sett skremmande eksempel på dette nettopp frå Kina.

Det vi veit, er at det er høg luftforureining i byen, med plagsom smog store delar av året. Den aukande privatbilismen er ein stor del av problemet. I takt med velstandsvekst og aukande middelklasse, aukar også bilparken. Dette er drøfta i ein artikkel på nettstaden Chinadialogue. Det er også store trafikkproblem i byen, til tross for at det er investert tungt i offentleg transport.

Ein kommentar til eit innlegg i Numbeo 3. mai 2016 lyder slik:  «I will move back home to Sweden. The pollution is soooo bad in hangzhou and have been worsening. A heads up for you who wanna work here. Re-think. I regret my choice». (Numbeo er ein database der brukarar bidrar med data om byar og land på verdsbasis.  Numbeo skaffar løpande informasjon om levekår, inklusiv forureining). Ifølgje Numbeo er det også problem med vasskvaliteten.

Men til tross for dårleg luftkvalitet, må eg seie at eg har fått appetitten skjerpa når det gjeld Hangzhou, og kunne gjerne tenkt meg ein tur hit. Byen satsar på berekraftig grønn økoturisme, skal ein tru på det som står i eit innlegg i TheGuardian. Hangzhou er også omtalt i Lonely Planet. Og her står det om Highlights i Hangzhou.

Rart kva ringverknader litt netthandel kan få. Med mengda av kinesiske turistar her til lands er no også nokre gjenvisittar her heilt på sin plass.

Verdas lengste bru

Eg er ikkje heilt ferdig med geografitimen enno. Det viser seg at brua over Hangzhou-bukta er verdas lengste samanhengande bru over sjø. Brua som er 36 km lang bind saman Shanghai med Ningbo og vart opna i 2008 etter ni års førebuing. Midtvegs på brua er det eit service-senter med shopping, utstillingar, parkering og restaurant. Brua ligg i det som blir kalla «det gylne industritriangel»  beståande av Shanghai, Hangzhou og Ningbo, og tanken er at større nærleik mellom desse vil skape nye mulegheiter for regional økonomisk utvikling.

IMG_3821.JPG
Hangzhou-brua – 36 km – med service-senter midtvegs.

Kvifor vart eg no så interessert i denne brua? Det var det at den likna litt på eit prosjekt på våre kantar.  Som ledd i ferjefritt samband på E 39 på Vestlandet er det planlagt ei 5 km lang bru over det store fjordbassenget Bjørnefjorden, frå Søre Øyane i Os til Reksteren i Tysnes kommune, og med bru derifrå til Stord. Brua vil medføre enorme naturinngrep. Samfunnsnytten er hovudsakleg grunngjeve med utvida arbeidsmarknad og nedkorta reisetid mellom næringsklynger nord og sør for fjorden. Dette skal då føre til verdiskaping. Altså gjennom tilrettelegging for meir pendling. For bruingeniørar er prosjektering av ei slik bru sjølvsagt litt av ein godbit.

Etter kvart er berekna kostnader med brua auka frå dei opphavlege 19 milliardar til svimlande 43 milliardar. Dette vart i drygaste laget og har ført til at bl.a. Hordaland fylkeskommune har fått litt kalde føtter. Det er peikt på andre vegprosjekt som lyt prioriterast. I tida etter at planane oppsto er også dei oljesmurte næringane i regionen svekka. Regjeringa har sett bruprosjektet på vent for å vurdere korleis kostnadene kan kuttast.

e39-bru-bjornafjorden-vegvesen_3917889665_o_2
Bru over Bjørneforden (skisse Statens Vegvesen)

Det er litt forskjell på Kina og Vestlandet når det gjeld befolknings- og næringsgrunnlag og dermed kva som er naudsynt omfang på infrastrukturen.  Hordaland og Rogaland sitt folketal er rundt rekna til saman 1,1 millionar.  Zhejiang-provinsen, der Hangzhou er hovudstad, har 55,6 millionar, meir ein ti gonger Norge si befolkning. Det er ikkje forbudt å tenke store tankar, men stormannsgalskap fører sjeldan noko godt med seg.

Ny silkeveg til Kina?

Kina er ein gigant som vil få ein stadig meir dominerande rolle i verdssamfunnet.  For Norge er Kina ein viktig handelspartnar, og no når Norge ikkje lenger er stein i skoen hos dei kinesiske makthavarane er dørene igjen opne. Spesielt er eksport av sjømat viktig.

HHD17_3Kinakontainerhavn_system_toppbilde
Containerhamna i Shanghai

Frakt mellom Norge og Kina går hovudsakleg med containerskip eller fly. Flyfrakt går via Oslo Lufthavn. I nord har det reist seg røyster som peiker på manglande geografikunnskapar når ein ikkje legg til rette for fiskeeksport til Kina frå nord-norske flyplassar, men i staden lar denne gå via Oslo lufthamn. Ved å følgje storsirkelen på globusen kan ein korte ned flytida. Jorda er som kjent ikkje flat.

Kina lanserte i 2013 det såkalte Ett belte, èn vei»-initiativet, jf. den historiske Silkeveien. Kina vil gjennom utbygging av denne infrastrukturen styrke sambandet vestover gjennom Asia mot Europa og Afrika både over sjø og land. Her er det framsynte folk i Norden som ønskjer å hekte seg på. Til hausten startar det transport i regi av det statlege kzakhstanske jernbanselskapet KTZ. mellom Kina og Finland, med endestasjon i grensebyane Torneå og Haparanda. Kva med ein arm til Narvik? Dette har vore ein draum i mange år. Planar om ein transportkorridor til Kina er også lansert tidlegare, m.a. med Nordland fylkeskommune som medaktør, utan at det vart vidareført.

Artikkel i Nordlys 22.06.2017

1498049400190

Norge – Kina: frå isfront til tøvær 

Den nye silkeveien til Europa

Som eg har sagt tidlegare: det er utruleg kor langt ut på viddene ein kan komme med utgangspunkt i daglege trivialitetar. Denne gongen kom eg heilt til Kina!

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei veke i nord: frå vinter til sommar

Igjen har eg vore ei veke i nord. Det forpliktar å ha overtatt ein eigedom som ligg på 69 grader nord, om lag 170 mil frå primærboligen i Bergen.  Det var tid for våronn på tomta.

fullsizeoutput_2d87.jpeg
Det veks og knoppar seg i Sundlia

Denne gongen var snøen knapt tint då eg kom, etter den kaldaste mai månad i manns minne. No hadde eg følgt nøye med på vêrmeldingstenesten Yr i fleire veker for å finne rette reisetidspunktet. Då eg skjønte at varmlufta frå søraust (russarlufta) var på veg, slo eg til.

Straffa for å vente så lenge var sjølvsagt at det ikkje var billege flybillettar å få tak i. Fire tusen kroner, takk, skulle Norwegian ha for å fly tur-retur Bergen-Bardufoss. Og det var endatil såkalla lågprisbillett. Kor urettferdig er ikkje det for ein landsdel utan reelle alternative transporttilbod?

IMG_3791.JPG
Førsituasjon den 7. juni. Få teikn til sommar

 Det lauvast i li

Sett frå lufta den 7. juni var det lite som tyda på at det var to veker til midtsommar. Men det betra seg dramatisk. I løpet av to dagar med godt over 20 grader sto skogen grøn. Og det var ikkje ein sky å sjå heile veka.

Det er ikkje uvanleg å hoppe over våren her nord. I Bergen, der eg bur til vanleg, er det stort sett same vêr og temperatur året igjennom, men som regel med ein lang og som oftast fin vår. Lauvtrea bruker gjerne vekesvis på å bli grøne. Å kome nordover på forsommaren er ei spesiell oppleving og ei påminning om kontrastane i dette langstrakte landet.

IMG_3789.JPG
Vinterens siste sporsnø. Elgen sine visittkort kjem fram, hestehoven tittar fram, blommen krøllar seg og bekkane brusar.

Når eg er på min fødestad i Sundlia prøver eg alltid å få meg ein tur på gamle trakter opp i lia.  Der er det no bygd skogsveg og dei gamle stiane eg brukte i yngre dagar er gjengrodde.  Dette var stiar som gjekk til setrene den gong det var seterdrift, og elles til fiskevatn og vidare til fjells. Enkelte av stiane er merkte, men dei er lite brukt og bregner og buskas gjer dei lite framkommelege.  Det positive er at skogsvegen er lett og fin å gå for aldrande damer!

IMG_3788
Forsommerflora i lia

Floraen i dei frodige liene i dalføra i Troms er eit kapittel for seg. Tidlege blomster her er gulveis (gulsymre), soleihov og ballblom (knappsoleie). Og så har vi «blommen» som dominerer i liene og som eigentleg er bregnearten strutseving. Dei nye skota på blommen er spiselege, ja skal vere ei delikatesse, men det har eg til gode å prøve. «Bispestav» er eit anna namn på denne bregnen, og kjem av formen på dei nye bladene.

Strutsevingen må ikkje forvekslast med ormetelg. Forskjellen er at strutsevingen har eit separat brunt blad med sporer, mens ormetelgen har sporene på sjølve dei grøne blada. Etter nøye konsultasjon i faglege kjelder har eg funne ut at det er strutseving og ikkje ormetelg vi finn oppe i lia.

Eg undrar meg over at gulveisen ser ut til å ha blitt meir vanleg enn før.  Den liknar på kvitveisen, ein karakteristisk vårblomst på Vestlandet. Gulveisen var ikkje vanleg då eg vaks opp, og den er faktisk rekna som sjeldan.  På Vestlandet har eg aldri observert denne arten.  At gulveisen er kommuneblomst i Bærum får vi bære over med. Blåveisen hadde vel høvd betre på dei kantar?

Ballblom – eller knappsoleie som vi pleide å kalle denne flotte og velduftande blomsten – er Troms sin fylkesblomst. Korleis det skal gå med fylkesblomstane i den nye regionen som består av Troms + Finnmark gjenstår å sjå. Dette spørsmålet gjeld no forresten heile stortingsvedtaket om regioninndelinga som kom den 8. juni. Det kjem eit val i september.

Seinare på sommaren kjem høgstaudene: turt, storkenebb, rød jonsokblom (eller Maria bløde som vi brukte å kalle den), mjødurt, vendelrot med fleire. Det er elles slått fast frå forskarhald at Troms er frodigaste fylket i landet.

På tur opp lia passerer vi Kvilarsteinen, ein populær rasteplass med vidt utsyn mot fjella ikring.

IMG_3793.JPG
Utsikt frå Kvilarsteinen. Istind, Hjerttind og Vesle-Ala.

Våronn

Hovudærendet mitt nordover denne gongen var eigentleg ikkje kos og fornøyelse. Eit mål tomt med «plen» kan by på mykje slit. Eg brukar hermeteikn fordi dette jordstykket etter nokre år med mangelfull skjøtsel knapt fortener å kallast ein plen. Rett skal vere rett: det dreier seg ikkje berre om vanskjøtsel. Etter at plenen for nokre år sidan vart gravd opp for å drenere vart det kjørt på ny jord og tilsådd. Det som kom opp viste seg å vere ca. 70% ugras.

IMG_3794.JPG
Våronn og radikal utrydding av høymugle

Lass på lass med daugras måtte vekk. Grunna sein vår var det lite grønt gras, men ugraset, og då særleg den forhatte høymugla (høymol for søringar) såg ut til å ha det travelt med å kome seg opp. Det er lansert fleire kjerringråd for å bli kvitt styggedommen. Her kan nemnast eddik, kokande vatn, salt osv. Men eg bestemte meg for å ta ondet ved rota, bokstaveleg talt. Eg fann ut at spett var det best eigna reiskapet. Eg ante ikkje at ukruttet hadde slike imponerande pelerøter, dei største på storleik med ei middels gulrot.

IMG_3795.JPG
Istinden kan ein nyte både i midnattsol og morgonsol.

Midnattsola viser seg ikkje på denne sida av dalen, men sola står opp kl. 2 og står høgt på himmelen i 5-tida. Altså er det all grunn til å starte dagen tidleg, og ein kan halde på langt ut over kvelden om kreftene strekk til.

Samferdsel i nord – og livet langs E 6

Det vart mykje botanikk den her gongen. Eg kunne ha skrive om mykje anna. Innleiingsvis uttrykte eg misnøye med samferdselstilboda her nord. For snart 100 år sidan vart det fatta vedtak om å bygge Nord-Norgebanen, men etter at banen vart ført fram til Fauske i Nordland i 1958 stoppa det opp. I det siste er det blåst nytt liv i planane. Forlenging av jernbanen nordover kjem nok ikkje i mi levetid, sjølv om det i Nasjonal transportplan vert sett av eit par millionar til utgreiing av bane fram til Tromsø. Det er næringsutvikling og då særleg sjømateksporten som no er hovudargumentet. Men persontransporten vil jo følgje med på lasset.

Ofotbanen som går til Narvik frå Sverige er ein slags Nord-Norgebane, men den stoppar altså i Narvik og derfrå er det vegtransport som gjeld. Å få gods over frå veg til bane vil vere gunstig med tanke på klima og miljø, også for lokalmiljøet. Vi som har tilhald ved E 6 i Bardu veit kva det vil seie å ha all godstransport på veg mellom nord og sør dundrande forbi til alle døgnets tider. Strekninga Narvik – Tromsø er særleg tungt belasta av godstransport med bil. Og i Indre Troms har vi militære køyretøy i tillegg til anna tungtransport.

Les meir om framtidig jernbane i Nordnorsk Debatt

Eg kunne ha skrive mykje anna også, om uttynning av busetnaden på landsbygda i nord, om nedlagte gardsbruk, gjengrodd kulturlandskap osv. osv. I Sundligrenda – som då eg vaks opp var eit levande lite lokalsamfunn med folk i husan og dyr i fjøsen – står no dei fleste nabohusa tomme. Nokre er overtatt eller utleigd til våre nye polske landsmenn, andre fungerer som feriebustader for fråflytta folk som meg. Folk i det nye bustadfeltet eit lite stykke unna er framande for meg. Bjørkeskogen kryp lenger og lenger ned mot bebyggelsen. Gran, tett planta på 60-talet, har begynt å prege bjørkeliene, med dei følgjer dette får for blåbærhaust og andre lyskrevjande planter.  Mykje er endra i min barndoms dal. Då er det ei trøst at den majestetiske Istinden er den same, sjølv om breen ser ut til å minke. Dette fjellet skal eg skrive meir om ein annan gong.

IMG_3763.JPG
Farvel for denne gong

Eg er no tilbake i Bergen, i regn og gråvêr og 14 grader, altså standard sommarvêr. Etter å ha tilbrakt ei veke under skyfri himmel, med spirande vekster og nyutsprunge lauv, kjennest det nesten brutalt å komme tilbake til Bergen sin overdådige grøne vegetasjon, med digre tre og prangande rododendronbusker!