Tenerife på ny

Vel tilbake i regntunge Bergen etter to vekers opptørk på Tenerife. Dette er den mangfaldige øya vi stadig vender tilbake til. Det er eit helsetiltak å bytte ut tranflaska som D-vitaminkjelde med solinnstråling for ei lita stund. Elles var vi heldige med tidspunkt, fly har dei siste dagane stått sandfaste både på Tenerife og Gran Canaria. Det er calimaen, sandstormen frå Sahara som har slått til, denne gongen den kraftigaste på 40 år. Vi merka eit snev av fenomenet dagen vi kom, det var kraftige søraustlege vindkast og vi måtte tørke utebord og stolar rein for sand.

Ein viss bismak er det sjølvsagt med Sydenturar i desse tider. Om eg bidreg til utslepp forsøker eg etter beste evne å kompensere på anna vis, eg kjem forresten tilbake til nokre betraktningar om turisme og klima til slutt.

fullsizeoutput_40ee
Utsikt frå Degollada de la Mesa nedover Santiagodalen

Vi held oss unna dei verste turistmaurtuene på øya, det vil seie Las Americas og Los Cristianos heilt i sør. Dei to siste åra har vi halde til lenger nordvest, i Los Gigantes og Puerto Santiago, to samanhengande tettstader. Dei er utbygde og turistifiserte så det held, men i langt mindre omfang enn turiststadene lenger sør langs kysten. Området har framleis ein viss røff sjarm der det ligg nedst i Santiago-dalen, ved ein svart klippekyst der brenningane bryt inn frå Atlanterhavet.

Var det ikkje for at denne sida av øya er den mest sikre for solhungrige nordbuarar, er nordsida eit betre og meir interessant alternativ, jf tidlegare innlegg Ei veke på 28 grader nord. Fjorårets tur, der vi hadde opphald i Puerto Santiago, er skildra i Tenerife-turar. I år hamna vi heilt oppe i øvste hjørnet i Los Gigantes, på toppen av bakken, med storslått utsikt over byen, havet og naboøya La Gomera (i klårt vêr).

IMG_9579
Solnedgang frå terrassen

Det er ei kjent sak at Kanariøyane har eit klima som tilsvarar ein god norsk sommar, heile året. Og når ein då kan bruke dagane til varierte fotturar er det ikkje tvil om at dette er bra for helsa. I tidlegare blogginnlegg har eg skrive om fotturar vi har hatt på ulike stader på øya. Det er etter kvart blitt ei utfordring å finne nye turar. Med veksande alder (synd, men sant) er ikkje alle turar like høvelege som før i tida. Lange og bratte nedstigingar og luftige traséar er ikkje ønskjelege, og helst bør det vere rundturar med grei tilkomst.

I Teno landskapspark – frå Erjos til Cumbre de Bolico

Første fjellturen gjekk til landskapsparken i Teno, det geologisk eldste området på Tenerife. Det utmerkar seg ved å vere grønt og med ein rik og interessant flora. Her kan ein mellom anna få utsyn ned til Masca, eit av dei mest kjente og ikoniske stadene på øya. Vi kunne her skue ned på kystfjella frå fjorårets tur 1000 m lenger nede, toppane på 700 moh på Roque Abache verka no knøttsmå (nærare omtalt i tidlegare innlegg).

IMG_9379
Start frå landsbyen Erjos som er utgangspunkt for mange turstiar i Teno landskapspark.

Dette er ein variert og fin tur, først gjennom kulturlandskap, så på grusveg i skog med utsikt nedover Santiagodalen, deretter på sti gjennom fjellpasset Degollada de la Mesa mellom Cruz de Gala (1347 moh) og La Mesa (1316 moh), før stien går langs ein fjellrygg med nydeleg utsikt fram til Cumbre Bolico. Her finn ein ein fint oppmurt era (gamal treskeplass) og overgrodde ruinar etter eit gardsbruk. Utsikten er formidabel på heile turen. Oppe i passet får ein til og med eit gløtt av fjellryggen La Fortaleza på nordsida av Teide, der vi var vi oppe ved vårt forrige besøk på øya. Vi snudde ved eraen, men ein kan fortsette ned til Masca, og eventuelt vidare derfrå ned mot sjøen. Eller ein kan gå nedover andre vegen til Las Portelas.

fullsizeoutput_40e5
Vakker sti på veg til Cumbre Bolico, naboøya La Gomera i bakgrunnen.
IMG_9394
Vatn er og har vore ein knapp ressurs. På stien til Cumbre Bolico er sett opp eit system for å samle opp fukt.
fullsizeoutput_4118
Storslått utsikt ned mot Masca frå La Mesa. Bakerst heilt til høgre er fjellryggen der vi gjekk tur i fjor.
fullsizeoutput_4114
Eraen i Cumbre Bolico. Passet Degollada de la Mesa mellom toppane i bakgrunnen.

I Teide nasjonalpark

Inga reise til Tenerife utan ein tur opp i området rundt Teide. No måtte vi finne på noko nytt og tok sikte på Montana del Cedro, heilt sørvest i nasjonalparken. Vi starta frå miradoren og parkeringsplassen ved hovudvegen. Herifrå ser vi rett mot Pico Viejo og krateret for utbrotet i 1798. Eg vart skeptisk då eg såg den bratte oppstiginga i byrjinga, men det gjekk bra, og ganske snart kom vi opp og fekk utsyn mot Teide frå enno ein ny vinkel. Vi klatra ikkje opp til toppen av Cedro, men gjekk langs fjellsida gjennom skogen og fann oss ein rasteplass der vi kunne sjå rett over på fjella som vi besøkte for eit par dagar sidan.

fullsizeoutput_40e0
Starten av turen går på grusveg.
IMG_9454
Pico Viejo med Teide bak. Fra krateret Narices del Teide midt på biletet strøymde det ut lava ved utbrotet i 1798.
IMG_9450
Rast i fjellsida på Cedro-fjellet. Utsikt mot vest til Tenoområdet og fjella vi besøkte to dagar tidlegare.
IMG_9452
Skogbrannar truar stadig i pinjeskogen. I området var ein stor skogbrann i 2012. Her ser vi brannvakttårnet.

Rundt Mt. Chinyero

Ein treng jo ikkje jakte på nye opplevingar heile tida. Det vart ein ny tur rundt vulkanen Mt. Chinyero, ein lettgått og triveleg tur. Området er naturreservat, men ligg utanfor sjølve nasjonalparken. Om ein tar ein avstikkar opp på den pinjekledde Mt. Estrecho, kan ein nyte nista på hella utanfor bygninga på toppen. Chinyero hadde utbrot i 1909 og lavastraumane har sett sine tydeleg spor i landskapet. Estrecho vart spart og ligg som ei grøn øy i alt det svarte.

fullsizeoutput_40f5
Kjempestort pinjetre ved stien rundt Mt. Chinyero som vi ser i bakgrunnen.
fullsizeoutput_40f2
Vulkanutbrotet i 1909 har sett sitt preg på landskapet.
fullsizeoutput_40f4
På veg gjennom lavastraumen til den grøne Mt. Estrecho.
IMG_9471
Rast på toppen av Mt. Estrecho

Kyststi og dyrepark

Nordkysten av Tenerife er utan tvil meir interessant enn den turistifiserte sørkysten. Vi hadde tenkt oss eit gjensyn med kyststien Rambla de Castro og at vi skulle spasere frå Los Realejos der vi var i 2017, til Puerto de la Cruz. Etter eit stykke viste det seg dessverre at siste strekninga fram til Puerto de la Cruz var stengt pga rasfare, så då vart det å snu og ta bilen i staden til dyreparken Loro Parque.

IMG_9409
Kyststien Rambla de Castro er populær.

Besøk i dyreparken Loro Parque er blitt nedprioritert ved tidlegare besøk på Tenerife. No tenkte vi det var på tide å besøke denne attraksjonen. Ein kan meine mykje om dyreparkar, men det er god underhaldning. Parken er kåra til Europas beste og verdens nest beste, er biosfære-sertifisert og omtalar seg som miljøbevisst og opptatt av dyrevelferd og berekraftig turisme. Her er papegøyer i overveldande mengder, skvatringa er øyredøvande. Eit rikt utval av alle slags andre dyr var meir eller mindre villege til å vise seg fram. Den imponerande kvite tigeren kom skridande utan at eg fekk summa meg til å knipse bilete. Lemurane, ein av mine favorittar, var umuleg å få fotografert. Berre for å nemne nokon.

IMG_9419
Parken var frå starten ein papegøyepark og mange ulike papegøyesortar pregar parken også i dag,  Det er tilrettelagt slik at publikum kan klatre opp og kome nær dei.
fullsizeoutput_40e3
Pingvinane står her, og kan vel ikkje anna.
IMG_9429
Pretty flamingos!

Vilaflor

Tenerife har meir å by på enn natur og dyreparkar. Ein skal ikkje svært langt frå turiststadene før ein kjem til nokså fredelege og tilsynelatande upåverka landsbyar. Vilaflor ligg 1400 moh ved foten av Sombrero de Chasna og er den landsbyen som ligg høgast på heile øya. Den er eit naturleg utgangspunkt for turar til Teide-området. Området har tradisjonelt hatt bra tilgang på vatn. I landsbyen er det ei bedrift – Fuentealta – som produserer flaskevatn.

fullsizeoutput_40e2
Den verneverdige, men i dag noko forfalne herregarden tilhøyrde i si tid den forhatte godseigarfamilien Soler. Eigaren vart tatt av dage i 1840.
IMG_0012
Kulturminne i Vilaflor: vassleidning og mølle.
IMG_9476
Eit av fleire alter i den rikt utsmykka kyrkja San Pedro i Vilaflor.
IMG_9495
Solid tradisjonskost på Casa Pana i Vilaflor: geit, kanin, salat og kanariske poteter med tilhøyrande mojo-saus.
IMG_9498
Mandeltre i bløming i Vilaflor.
IMG_9497
Kaliforniavalmue veks i vegkanten i Vilaflor.

Nordlege Teno og Buenavista del Norte

På ytterste pynten på Tenohalvøya hadde vi ikkje vore. Rett nok var vi for fleire år sidan på tur oppe i Teno Alto der vi kunne sjå ned på fyret ute på pynten, men det var frå ein annan kant. No køyrde vi hårnålssvingane ned til Garachico og vidare vestover langs kysten. Det lyt seiast at når det gjeld vegar er det berre å vedgå at Tenerife faktisk overgår Norge når det gjeld vegbygging i vanskeleg terreng. Rasfarlege kan dei òg vere.

Bilvegen heilt ut til Punto Teno er stengt for anna trafikk enn buss og taxi. Vi lot bilen stå og spaserte eit par kilometer ut til utsiktspunktet ved tunnelen. Så vi kom oss ikkje heilt ut på pynten, men ein bra tur var det likevel. Vi skulle nok tatt bussen!

Vi drog etterpå til den vakre byen Buenavista del Norte der vi spiste tapas ved den hyggelige Plaza de los Remedios ved kyrkja. Dette er eit samlingspunkt i byen. Det er oppløftande å kome til stader som først og framst gir inntrykk av å vere tilrettelagt for dei fastbuande og ikkje berre for turistane. Ved plassen låg det også eit bibliotek som tydelegvis hadde fått eit nytt tilbygg. Her er elles mange velhaldne eldre hus av arkitektonisk verdi.

På plassen er det sett opp ein plakat med den tydelege meldinga «No es no!» (Nei er nei!) med sikte på å hindre seksuelle overgrep. Slikt kan vere utbreidd særleg i samband med fiestaene, og no når karnevalstida står for døra er dette særleg aktuelt. «Gata, nettene og fiestaene er også våre!» vert det proklamert. Bra!

Frå sentrum i byen går det tursti via ein historisk vaskeplass, forbi golfbanen langs kysten fram til ei lavastrand som er eit utfartssted utan at stranda bar preg av å vere eigna som badeplass.

fullsizeoutput_40d6
Kystlandskapet vest for Buenavista del Norge, utsikt frå vegen.
fullsizeoutput_40d5
Plaza de los Remedios i Buenavista del Norte.
IMG_9525
Nei til seksuelle overgrep!
IMG_9538
Vaskekummar frå gamle dagar.
fullsizeoutput_40ce
Kyststien går forbi ein svær golfbane.
IMG_9544
Slektning av vår heimlege kvann langs stranda.

Strandliv

Men har vi ikkje vore på stranda då? Denne gongen var det kraftige brenningar og raudt flagg på strendene. Vi dyppa oss så vidt på ein tur til Playa San Juan litt lenger sør på kysten, og væta oss til knea i strandkanten på Playa la Arena i Puerto Santiago, mens vakta passa på at ingen våga seg lenger ut. Elles betrakta vi det naturlege havbassenget i Los Gigantes ovanfrå, her var det friske bølgjer som slo inn over dei som våga seg uti.

IMG_9583
Playa la Arena med svart sand og raudt flagg.
IMG_9575
Friskt i havbassenget.

Litt malurt i begeret

No kan det eg har skrive kanskje tolkast som om eg prøver å lokke fleire folk til Tenerife. Det er ikkje tilfelle. Med sine knapt 900 000 innbyggjarar kjem det årleg om lag 5 millionar turistar til øya. For Kanariøyane til saman er talet om lag 15 millionar turistar. Turistnæringa er enormt viktig for sysselsetting og økonomi på Kanariøyane, men det er aukande fokus på berekraftig turisme. Paradoksalt er det også bekymring for kva som vil skje om det på bakgrunn av klimakrise og utfasing av fossil energi blir framtidig begrensing i flyreiser. Det er knapt alternative måtar for å kome seg til Kanariøyane.

Øygruppa er svært sårbar for klimaendringar. Temperaturen har stige, dette har særleg gitt utslag i aukande temperatur om natta og i høgfjellet. Studiar tyder på at det kan kome fleire heitebølgjer, meir flom og fleire tilfelle av sandstormar frå Sahara om vinteren. Tørke skapar problem for vassforsyninga og for jordbruket. Havnivået stig og faren for skogbrannar aukar. Øyane er avhengig av fossil energi og det er låg sjølvforsyningsgrad. Eg undra meg over at det ikkje var fleire solcellepanel å sjå, og berre nokre få område med vindmøller. Og til tross for godt busstilbod med grøne TITSA-bussar mest overalt, er personbiltrafikken overveldande.

Turistane står for ein stor del av vassforbruket. Vi som kjem frå område utan knappheit på vatn dusjar gjerne eit par gonger dagleg og forlanger reint vatn i bassenget. Naturlege vasskjelder minkar og avsalting av sjøvatn er energikrevjande.

Det kanariske parlamentet har nylig erklært klimakrise for heile regionen, og det er sett i gang arbeid med å utvikle ei ny lov som skal ta for seg 26 sektorområde. Det er sett i gang prosessar med lokal medverknad for å klårgjere utfordringar og føreslå framtidige løysingar med omsyn til klimatilpassing. Denne artikkelen i Environment Science & Policy gjer greie for dette.

fullsizeoutput_4115
Fullstendig tørt i våtmarksområdet Charco de Erjos.

For vår del syntes vi det såg ekstra tørt ut på øya denne gongen. Det var jo «pent» vêr for oss, men landskapet bar preg av langvarig tørke. Mange tre og buskar såg ganske livlause ut, også mandeltrea som blømer på denne tida såg stedvis pjuske ut. Vi «sakna» også skybeltet som vanlegvis ligg eit stykke opp i høgda og gjer at vi ikkje ser heilt til høgfjellet. Denne gongen kunne vi heile tida sjå heilt opp til Teide.

På turen vår med start frå Erjos passerte vi «Charco de Erjos» det som skulle vere eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Her var ikkje ein einaste vasspytt eller ei einaste lita fuglefjør å sjå. Dette området er forresten opphavleg menneskeskapt, det er groper som i tidlegare tider vart utgravd som vassreservoar, men som seinare er omgjort til naturvernområde.

Det er planlagt klimaskatt for transport, turisme og industri, desse skal gå til å fremje berekraftig transport slik som tog og elektriske køyretøy, avfallshandtering, forbetring i vasskvalitetet og meir fornybar energi. Vi kan ikkje anna enn å ønskje lukke til i arbeidet med klimatilpassing, og kanskje også vi turistar bør sjå i augene at ting ikkje kan fortsette som før.

 

 

Tenerife-turar

I det siste har eg vore mykje på reisefot. Det har vore greit med litt avstand både i tid og rom i etterkant av den – i dobbel forstand – mørke tida vi var inne i midtvinters.

Eg har vore både i nord og sør. Men denne gongen blir det ingen rapport frå Tromsø by og frå TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival, der årleg besøk er blitt ein tradisjon. Det blir i staden reiseblogg frå Tenerife. Av Kanariøyene er det helst denne øya som er blitt favoritten, ut frå mangfaldet og ikkje minst høvet til fotturar og naturopplevingar.

Vi har prøvd ut fleire område på øya. Sist hadde vi tilhald på nordsida (sjå Ei veke på 28 grader nord) og tidlegare har vi hatt turistområda i sør som utgangspunkt. Men denne gongen vart det vestkysten, det vil seie Puerto Santiago, opphavleg ein fiskarlandsby som i dag har vokse saman med i turistsamanheng litt meir kjente Los Gigantes. Om historien ikkje er særleg synleg i dag, er det i Puerto Santiago i det minste eit lite fiskerimuseum som er verd eit besøk.

IMG_7880
Puerto Santiago

Ein halv times spasertur er det mellom dei to byane, anten langs røff lavastrand der havet bryt, eller over ei høgd der dei grøne lokalbussane (eller «guagua’ene) må smyge seg fram tett inntil husveggane i den smale og svingate gata. Busstilbodet er elles imponerande, med hyppige avgangar, men etter det vi kunne sjå ofte med tomme sete. Det er dessverre bilane som dominerer trafikkbiletet.

Dei to byane er utbygde så det held, likevel ikkje så massivt som Las Americas og Los Cristianos lenger sør. Truleg som følgje av finanskrisa står det påbyrja bygg og gapar ein del stader, særleg skjemmande i åssida i Los Gigantes. Og her er også mange tomme lokale å sjå. Det er ingen tre som veks inn i himmelen, som kjent.

IMG_7693
Skjemmande bygningsskal i åssida i Los Gigantes
IMG_7876
Los Gigantes

tenerife-island-map-0.jpg

Fotturar

Det som fristar mest no på vinteren er fotturane. Vêret på Kanariøyane kan vere lunefullt på denne årstida, og det er ikkje alltid perfekte tilhøve for strandliv. Tidlegare har vi hatt bruk for både stillongs og regntøy. Denne gongen viste Tenerife seg frå si beste side, med sol og klårvêr heilt frå Teide til havet, og gode temperaturar. Naboøya La Gomera var synleg, og når ein kom litt opp i høgda kunne vi sjå La Palma i vest. Berre mot slutten av vårt to-vekers opphald kom det litt nedbør. Då var det eit par dagar der vi kunne observere det velkjente skoddebeltet.

Fem turar vart det, tre i eller i nærområdet til Teide nasjonalpark, ein ved området kalla Los Carrizales som ligg mellom Teno-området og den meir kjente Masca-dalen, og ein tur i nærområdet, det vil seie Santiago-dalen og høgdedraga like ved.

Rundt Montana El Chinyero

Vulkanen El Chinyero (1560 moh) ligg i eit naturreservat ved nordvestre utkant av Teide nasjonalpark. Vulkanen hadde utbrot i 1909, dette er også siste gongen det var utbrot på øya. Gjennom nasjonalparken går det ei aktiv rift-sone frå nordvest til nordaust. Teide er i dag ein inaktiv vulkan, men ein veit ikkje kva som kan skje i framtida.

Dette er ein lettgått og det eg vil kalle koseleg tur, i pinjeskog og i nærkontakt med «fersk» lava. Turen rundt vulkanen tar eit par timar, om ein då ikkje, som vi gjorde – i tillegg tar turen opp på det skogkledde nabofjellet Montana el Estrecho med utsikt og god rasteplass ved ei lita bygning oppe på toppen.

IMG_7652
På veg ned frå Mt. Estrecho. Chinyero i midten, Teide i dis til høgre.

fullsizeoutput_3da1
Tur rundt Chinyero.

La Fortaleza

Forrige gong vi var på Tenerife måtte vi gjere vendereis då vi hadde planlagt å gå til La Fortaleza, som ligg i austre utkanten av nasjonalparken. Grunnen var at vi kom i jaktsesongen for steinbukk og då er stiane stengde. Men denne gongen kom vi oss dit. Fortaleza er ein del av krateret (Las Canadas) som omkransar Teide.  Starten er ved El Portillo, der det er besøkssenter og botanisk hage. Dessverre kom vi utanom blomstringstida. Det vart ein strålande tur i ikkje altfor utfordrande terreng. Vi har mektige Teide ved sida av oss under turen, og frå toppen er det vid utsikt mot nord og aust på øya.

IMG_7668
På veg på sandsletta mot La Fortaleza.
IMG_7670.JPG
Utsikt mot Teide frå toppen av Fortaleza.

Montana Samara

Turen til Mt. Samara er ein av fleire turar kalla «Caminando entre Volcanos» – turar mellom vulkanar. Dette er ein lett og interessant tur, spesielt for dei med sans for slike landskap. Sjølve Mt. Samara (1926 moh) er unnagjort i starten som avstikkar til toppen, etterpå er det å spasere over og mellom ulike typar og kulørar av lava. Turen går rundt Mt de la Botija (2122 moh).

fullsizeoutput_3d7b
Mt. Samara bak i midten er passert og turen held fram oppover. Utsikt mot La Gomera og La Palma.
IMG_7794
Gjennom lava og vulkanar i ulike fasongar. Teide og Pico Viejo i bakgrunnen.

Los Carrizales/ Roques deAbache

Den nordvestre delen av Tenerife utmerkar seg med dramatisk landskap, djupe dalar, bratte stup og spisse fjellformasjonar. Her ligg også ein og annan landsby. Folk har klort seg fast på dei utrulegste stader.  «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» får her eit nytt innhald.

Hovudattraksjonen her er den spektakulære landsbyen Masca, noko som medfører opphoping av besøkande på avgrensa plass. Fotturen frå Masca og nedover kløfta mot havet er ein av dei mest populære turane på Tenerife. Vi har ikkje gått denne turen og kjem ikkje til å gjere det heller. Det fristar ikkje å gå i kø.

Det skal også seiast at bilturen utover ikkje er for sarte sjeler med høgdeskrekk. Vi har vore forbi her ein gong tidlegare, men eg hadde gløymt kor nifst det var på den einfelts vegen med hårnålssvingar og loddrette stup nedanfor. No var det ikkje eg som var sjåfør, men eg lova meg sjølv at her skulle eg aldri meir!

Vi hadde opphavleg tenkt oss tur på fjellryggen La Cabezada eit stykke før Masca, men det viste seg umuleg å finne parkering ved startpunktet for turen. Vi køyrde eit stykke vidare og alternativet vart ein tur til Roque de Abache som ligg i nærleiken av området kalla Los Carrizales. Turen går på stort sett grei sti i dels luftig landskap. Somme stader er stien eit imponerande byggverk.

Men etter kvart som vi steig opp vart høgdeskrekken min utfordra. Eg må berre innrømme at eg meldte pass før forsering av den siste fjellryggen før målet som var den nedlagte gården – fincaen med tilhøyrande era (treskeplass). Eg sette meg i staden til rette på ei fjellhylle og lot min mindre høgderedde sambuar ta seg fram dit. Her kom eg i snakk med forbipasserande, mellom anna eit par damer på om lag min alder. Også dei klaga over at dei var blitt så pysete de siste åra. Så det er vel alderen, då. Elles er det nedoverbakkane som er verst, her lyt ein stavre seg uelegant nedover med stavstøtte. Det er eigentleg redsla for å falle som er årsaka. Etter to arm/handleddbrot er eg blitt livredd for å gli på lausgrus, som det er mykje av på desse kantar.

Klimaet på denne delen av øya er relativt fuktig, og langs stien er det ein interessant flora.  Her finst ein del endemiske (stadeigne) artar, mellom anna den vakre raude klokkeblomen Canarina canariensis og staselege Sonchus acaulis. Samt blomar som har slekt på våre kantar, som soleiene og prestekragene (biletet under).

Santiago-dalen

Med Puerto Santiago som utgangspunkt treng ein ikkje reise langt for å gå seg ein tur. Etter ein liten køyretur oppover i Santiagodalen når ein, etter å ha passert byen Tamaimo, opp til landsbyen El Molledo som er starten for fleire rundturvariantar. Vi valgte den lettaste, som først går eit stykke ned på ein Camino Real – kongeveg, før vi går opp fjellsida og kjem opp til Degollada del Roque med imponerande utsikt mot havet og det ville Teno-området i vest.

Strandliv

Men vart det berre fjellturar, ikkje noko bading og strandliv? Joda, litt av det også, men det er ikkje det som fristar mest. Vi syntes stort sett det var meir behageleg med eit dypp i svømmebassenget når vi kom tilbake etter dagens turar. På denne tida av året, og på desse kantane, er Atlanterhavet nokså friskt. Det er ofte raudt flagg på strendene. I Puerto Santiago finn vi den svarte lavastranda Playa Arena, og ei mindre strand på strekninga til Los Gigantes, som også skal ha ein strand som vi ikkje har besøkt. Her finn vi også eit naturleg havbasseng.

Ei mil lenger sør ved kysten ligg Playa San Juan, ein ganske fredeleg mindre by med god strand og hyggeleg strandpromenade. Ein dag drog vi til Playa Abama, som ligg nedanfor den luksuriøse resorten Ritz-Carlton. Etter å ha passert overvåkingskameraer kjem vi omsider ned til stranda, som også har heis. Vanlege folk som oss går naturlegvis trappene ned til det som er ei flott strand med lys, truleg importert sand. Her må ein punge kraftig ut for leige av solseng, og vil ein ha ein matbit på den fasjonable strandbaren må ein ut med det dobbelte for mat og drikke av kva ein betaler andre stader.

Byar

No oppsøkte vi ikkje dei større byane på øya denne gongen. Men i nærleiken er det fleire landsbyar og mindre byar når ein kjem litt opp i høgda. Vi tok ein tur til Guìa de Isora, som også er kommunesenteret for kommunen av same namn. Tenerife har forøvrig 31 kommunar, fordelt på dei tre sonene nord, sør og storby (med hovudstaden Santa Cruz og La Laguna).

Det avteikner seg ei anna verd når ein kjem seg utanom turiststroka. Vi kjente oss åleine som turistar i Guìa, eigentleg var det lite folk å sjå i det heile tatt. I gamlebyen som ligg i strøket rundt kyrkja er det godt bevarte eldre bygg, som også inneheld offentlege kontor.  Etter det vi forsto vert det satsa på god og stadtilpassa ny arkitektur. Dei offentlege bygga, rådhus, kulturhus og buss-stasjon var eksempel på dette.  Og det var sett grense for byggehøgd.

 

Til slutt

Dermed har vi også vore på denne delen av Tenerife. Truleg kjem vi tilbake til øya fleire gonger. Vi utgjer jo no strengt tatt ein del av den veksande aldrande befolkninga i Nord- og Mellom-Europa, på flukt frå vinteren. For det skal seiast: her er ikkje mykje ungdom å sjå. Heller ikkje mange landsmenn, for dei held seg vel helst på naboøya Gran Canaria.

Vi er tilbake i Bergen, som allereie i februar er blitt nesten skremmande vårleg, med blomstrande krokus i hagen. Men etter kvart går turen igjen mot nord. Som med trekkfuglane.

Ei veke på 28 grader nord

Eg har i løpet av året skrive mykje om aktivitetar i nord. Det vart ei veke i nord også seinhaustes, men på sørlegare breiddegrader. Vi heiv oss på ein sydentur til Kanariøyene. Det gjeld å ruste seg mot bergensvinteren og kompensere for det som har mangla av godvêr sist sommar. Vi er ikkje åleine om det. Når haustferien for skulane er overstått er det pensjonistane som fyller opp flya til varmare strøk.

fullsizeoutput_36e0
Kart over Tenerife i tysk versjon

Tenerife, denne største og på mange vis mest imponerande og varierte øya i las Canarias har vi vore før. Vi har stor sans for unike Lanzarote, og det er heller ikkje noko i vegen med Gran Canaria. Men Tenerife har alt det dei andre øyene har og meir til. Og for ein pensjonert geograf er øya eit eldorado. Her kan ein studere alle tenkelege aspekt ved dette faget. Dessverre let ikkje dette seg gjere i løpet av ei veke, men stimulerande er det. Berre tenk på alt det varierte ein kan observere langs gradienten frå toppen av Teide (3718 moh) ned til havnivå, gjennom fleire vegetasjons- og klimasoner.

Denne gongen var likevel ikkje solhungeren så stor at vi valgte den meir solsikre sørsida. Det vart den grøne nordsida, som er langt meir interessant. Vi tok sjansen til tross for blanda erfaring med vêret. På tur ein tidlegare tur i februar fekk vi bruk både for ulltrøye og stillongs. For sikkerheits skuld pakka vi kofferten både med ulltøy og regntøy. Det kunne vi spart oss. Temperaturen låg på 25-30 grader og Atlanteren hadde behageleg temperatur. Riktignok med raudt flagg på badestrendene. Det er røffe brenningar på kyststripa i nord. Og det var klårvêr heilt frå hav til fjell. Det vanlege skoddebeltet var vekke.

IMG_4703.JPG
Gateparti i Puerto de la Cruz

Nordsida av Tenerife med hamnebyen Puerto de la Cruz var viktigaste feriemål før sørsida overtok på 60-talet. Los Cristianos og Las Americas i sørvest er solsikre stader for solhungrige frå nord. Til tross for mange ruvande storhotell også i Puerto de la Cruz verkar delar av byen relativt autentisk. Maquinez-gata i vestre bydel er for eksempel ein triveleg stad for lunsj.

Valle de la Orotava

I den breie og fruktbare Orotavadalen ligg plantasjane, åkrane og landsbyane tett i tett, med den historiske La Orotava som viktigaste by. Puerto de la Cruz  var opphavleg etablert som hamneby for la Orotava. Dessverre har vi ikkje gitt oss tid til å utforske denne byen enno. 5473128441_489bc11a2c.jpg

Den folkerike dalen strekkjer seg frå havnivå opp i 2000 moh ved foten av Teide. Området er Tenerifes spiskammers frå gamalt av på grunn av god tilgang på vatn. Før dei spanske erobrarane gjorde sitt inntog på øyene på 1400-talet var området bebudd av guanchar som kalla området Taoro. Tenerife var den siste øya som vart erobra, i 1496. Men i første omgang leid spanjolane eit blodig nederlag nettopp i Orotavadalen, på ein stad som høveleg nok har fått namnet Matanza. Velståande settlarar kom etter kvart og etablerte seg med plantasjar, og det vaks fram eit aristokrati.

Den kjente oppdagaren og geografen Alexander von Humboldt besøkte Tenerife i 1799 og var full av begeistring for området. Han har fått ein statue i Orotavadalen, på Mirador Humboldt som vart opna i 2010. (foto: Tenerife Magazine).

Toscal-Longuera

Vi valgte denne gongen å slå oss ned fire kilometer vest for Puerto de la Cruz, i Toscal-Longuera. Dette er to samanhengande småbyar nær sjøen, i det som også blir kalla La Romantica, rett nedanfor Los Realejos som er tredje største byen i Orotavadalen. Her er det rolegare og turistane få, men vi får alt vi treng. Til tross for at det er lokalbefolkninga som dominerar og ikkje turistane, ligg barane tett i byens to gater. Dette illustrerer vel noko av kulturforskjellen mellom våre to land. Her samlast folk om kvelden – helst mannfolk litt opp i åra, men også foreldre med småungar tar seg gjerne ein tur innom.  Praten går så høglytt av vi som er vant med lågare volum blir litt svett i øyro.

Dessverre er også trafikken tett. Det er mange personbilar og tronge, bratte og einvegskøyrte gater. Tilhøva for fotgjengarane er jamnt over dårlege. Sykle er det ingen som gjer – andre enn dei som utøver sporten og klatrar over fjellovergangane.

fullsizeoutput_36c7.jpeg
El Toscal

Som turistar var det ei interessant oppleving å vere i mindretal. Ingen innkastar utanfor serveringsstadene, inga smisking, ingen som kappa om å kapra oss som kundar. Det var avslappande. Vi fekk så pass lite merksemd at det nesten bikka andre vegen. Kanskje dei klarar seg bra med det lokale kundegrunnlaget? Det verka heller ikkje som om folka her var særleg trente i å kommunisere anna enn på spansk.

El Pino, den næraste restauranten, kunne by på enkel og solid kost og var tydelegvis populær blant lokalbefolkninga. Her fekk vi servert enorme porsjonar av spesialiteten conejo frito (steikt kanin). Vi skvatt litt då dei stakk lighteren bort i ei pølse som brant friskt inntil den var oppløyst og klar til å dyppe brødet i. Potetar utan dikkedarar, ikkje ein gong med sausen mojo som tilbehør, noko vi trudde var obligatorisk på Kanariøyane. Hos Pedro lenger nede i gata fekk vi eit par dagar seinare kyllingporsjonar som til og med overgjekk kaninporsjonane.

IMG_4770.JPG
Solid kost på El Pino.

Vi spanderer eit bilete og litt omtale av Hotel Route Active der vi budde. Frå vår leilegheit hadde vi ikkje sjøutsikt, derimot utsikt oppover mot byen Los Realejos. Midt på biletet ser vi utsiktspunktet El Asomadero, der vi hadde eit stopp på skogsturen. Hotellet ligg i utkanten av Toscal-Longera og er eit veleigna utgangspunkt for vandring på kyststien Rambla Castro. Der er også eit vel utstyrt trimrom, om ein skulle føretrekkje innandørs trim. Det er det forsåvidt ingen grunn til i desse omgjevnadene. Frukostbuffeten var inkludert – og førsteklasses.

Hotellet hadde i hovudsak ganske stillfarande skandinaviske og nordeuropeiske gjestar. Innreiinga var også tilpassa dette segmentet, nyoppussa med IKEA-møblar og moderne design. Same taklampe som på hytta vår, stolar som på kjøkenet heime!

IMG_4766.JPG
Hotell Route Activ – utsikt frå balkongen

Rambla Castro

Rett ned for hotellet ligg kyststien Rambla Castro. Vi tok den i to omgangar: mot vest ein dag og aust til Puerto de la Cruz ein annan. På veg vest passerer vi på bruer over eit par raviner og går elles på god sti. Vi kan sjå ned på ruinane av La Gordejuela, som vart bygd på byrjinga av 1900-talet for å pumpe ferskvatn opp i høgda ved hjelp av den første dampmaskina på Tenerife.

IMG_4621.JPG
La Gordejuela
IMG_4771.JPG
Vandring på Rambla Castro

Vi forlenga turen ned til stranda El Socorro,  ei populær surfestrand med tøffe bølgjer og brenningar. Men stranda er for alle, og held ein seg nær land går det bra. Dei som vågar seg for langt ut blir varsla med fløyta frå vakta.

IMG_4764.JPG
El Socorro

Når ein går stien i austleg retning passerer ein Los Roques og ender ved hotell Maritim, deretter kan ein spasere resten av vegen inn til Puerto de la Cruz. På vegen passerer ein bystranda El Jardin. Puerto de la Cruz er elles kjent for Lago Martinez, saltvassbassenga designa av den kjent arkitekten Cesar Manrique som særleg har sett sitt preg på Lanzarote. Dei har vi ikkje testa.

IMG_4684.JPG
Los Roques på kyststien mot Puerto de la Cruz

 

IMG_4698.JPG
Playa el Jardin – bystranda ved Puerto de la Cruz

På skogstur

Så kom dagen for skogstur opp i høgdene over Orotavadalen. Etter køyring på halsbrekkande bratt veg kjem vi til startpunktet for turen: Mirador Corona. Dette er staden der hangglidarar kastar seg utfor. Vi legg i veg oppover på skogsveg. I starten passerer vi terrassar der ein held på med siste innhaustinga av mais.

IMG_4650.JPG
Siste innsats på maisåkeren.

Teide dukkar fram i synsranda før vi vert omslutta av den tette og frodige laurbærskogen, ein subtropisk skog ein finn i strøk med høg fuktigheit og stabil mild temperatur. Dette er ein urgammel skogstype som finst fleire stader på jorda, bl.a. i Macaronesia, som er namnet på øygruppene i Nord-Atlanteren, deriblant Kanariøyene.

IMG_4776.JPG
På skogstur med Teide i det fjerne. Arbutus Canariensis nede til høgre.

Vi kjem til utsiktspunktet Mirador el Asomadero med fabelaktig utsikt over Orotavadalen. Vassleidningar følgjer stien. Etter kvart som vi stig oppover, blir det innslag av bartre. Vi nærmar oss pinjeskogen som er neste vegetasjonssone før snaufjellet. Men så langt kjem vi ikkje. Vi går og går, i håp om å finne ein plass med utsikt der vi kan nyte vår medbrakte niste. Etter å ha nådd opp i 1480 moh utan den etterlengta utsikten, slår vi oss ned i vegkanten, og etter å ha fortært skivene tar vi fatt på nedturen.

Botanisk interessert som eg er, legg eg merke til fleire tre med klasar av små oransje frukter. Eg tok ikkje sjansen på smaksprøve. Etterpå har eg funne ut at det måtte vere Madrono (Arbutus Canariensis),  jordbærtre heiter det visst på norsk. Altså spiseleg.

IMG_4778.JPG
Utsikt over Orotavadalen frå El Asomadero. Vassrøyr og etepause.

Playa de las Teresitas

Ingen sydentur utan strandliv. På eit tidlegare besøk på Tenerife var vi innom badestranda Las Teresitas eit stykke nordaust for hovudstaden Santa Cruz. Stranda er kunstig og påkosta, med gyllen sand frå Sahara og bølgjebrytar som stenger bølgjene ute. Vi hugsa stranda som innbydande, men no fekk vi lettare sjokk. Her låg nemleg ikkje mindre enn tre boreplattformar i opplag rett utanfor stranda. Fortener framleis stranda å bli kalla Tenerifes vakraste?

IMG_4670.JPG
Las Teresitas oktober 2017

Vi har besøkt Santa Cruz før og prioriterer ikkje byen denne gongen. Det er ein moderne og travel by, med bybane som går til La Laguna. Det var forresten her admiral Nelson mista armen i 1797 under slaget i Santa Cruz der Royal Navy gjekk til angrep.

Anaga

Etter nokre timar på stranda var det på tide å tenke på returen. Vi valgte å køyre på TF-12 via fjellryggen på Anaga-halvøya. Frå San Andres like ved Teresitas svingar vegen seg opp til utsiktspunktet El Bailadero. Vegen følgjer ryggen og ein har fantastisk utsikt til begge sider. Forrige gang vi var her var det skodde og ingen utsikt, ikkje uvanleg på desse kantar. Denne gongen var det full klaff.

Anagafjella dekker mykje av den nordaustlege delen av Tenerife. Her er ein langt unna turistområda. Området er tynt befolka og heile området er landskapsvernområde. Første tanken som slår ein når ein skuar ned på landsbyane på nordsida er «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er i det heile tatt slik at Norge nesten bleiknar i samanlikning, ikkje minst når det gjeld vegbygging. Det går elles turstiar på kryss og tvers i området. Vi må komme tilbake hit seinare.

IMG_4677.JPG
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Anaga, frå El Bailadero mot Taganana

På tilbakevegen passerer vi La Laguna, tidlegare hovudstad, universitetsby og eldste by på øya. Byen er vakker og står på UNESCO si verdsarvliste. Vi har besøkt byen før så vi køyrer forbi. Men før vi kjem så langt har vi på vegen nedover frå fjellet hatt ein liten stopp på Mirador Jardina med flott utsikt vestover, bl.a. over La Laguna.

IMG_4679.JPG
Utsikt mot landsby frå Mirador Jardina

Teide

Ingen tur til Tenerife utan besøk i Teide nasjonalpark. Den majestetiske vulkanen Teide tronar 3718 meter over havet og er Spanias høgaste fjell. I sprekare dagar gjekk vi opp til fots og tok heisen ned. Vi har óg vore på nabofjellet Guajara, og gått rundturen med utgangspunkt frå den velkjente søyleformasjonen ved Roques de Garcia eit par gonger. Denne gongen ville vi prøve noko nytt og bestemte oss for å starte frå El Portillo, med fjellryggen la Fortaleza som mål. Dette er ei av dei godt merka og mykje brukte rutene i nasjonalparken. Og overkommeleg for dei med skrantande kne. El Portillo er innfallsport til nasjonalparken når ein kjem frå nordaust.

IMG_4715.JPG
Start for tur til la Fortaleza. Teide og Montana Blanca i bakgrunnen.

Men til Fortaleza kom vi ikkje. Etter ein kilometer på sti nr. 1 var det stopp. Det viste seg at vi kom i jaktsesongen for steinbukk, som er ein innført og uønska art i parken.  Vi kom på ein av dei tre dagane i veka då alle stiane i nasjonalparken er stengde. Vi hadde håp om at vi i staden kunne ta den vanlege vesle turen med start frå Roques de Garcia. Men nei, etter ein kilometer var også den stengt. Då var det ikkje anna å gjere enn å slå seg ned på lavagrunnen med nista. Det er likevel nok å kvile augene på i desse fasinerande vulkanske omgjevnadene.

IMG_4719.JPG
Rast på lavaen. Toppen på Guajara i bakgrunnen.

Tilbake tar vi den vestlege vegen ut av parken. Her kan vi også sjå Pico Viejo som hadde utbrot i 1798. Vi passerer store område med svart lava og etter kvart dukkar det opp spreidd pinjeskog. Vi passerer Santiago el Teide, som er knutepunkt for veg vestover ut til Teno naturpark med velkjente Masca, sørover til Los Gigantes og altså vegen tilbake til nordsida, der vi undervegs finn vindistriktet rundt Icod de los Vinos.

IMG_4726.JPG
Teide og Pico Viejo frå vest.

I veka etter at vi forlot Tenerife har det vore fleire mindre jordskjelv og dette har skapt frykt for at det snart kjem nye utbrot frå Teide. Siste utbrot var i 1909, så kanskje tida snart er inne.

Garachico

Den idylliske byen Garachico på nordkysten vart råka av vulkanutbrot i 1906 og det som hadde vore ei viktig hamn vart øydelagt. I dag dannar lavaen naturlege basseng, og her er tilrettelagt slik at ein kan ta seg ein dukkert. I området er det også tilrettelagt med diverse trimapparat for seniorar.

IMG_4746.JPG
Lavabasseng i Garachico
IMG_4788.JPG
Glimt frå Garachico – her har ein også tenkt på dei eldre si fysiske helse.

I det grøne og det blå

På denne årstida er det mange vekster som ikkje er i bløming, særleg i Teideområdet og dei meir tørre områda på øya. Vi har vore på den frodige og grøne sida av øya i nord, og her er det ikkje mangel på fargerik og frodig vegetasjon. Det er tilgang på vatn som gjer susen. Bananar er det i lange banar.  Skogane er stort sett grøne heile tida. Det vart ikkje tur i pinjeskogen denne gongen. Den kanariske utgåven av fluffy furuskog er flott.

IMG_4779.JPG
Glimt av kanariske vekster i oktober

Som geograf på tur er det lett å plage seg sjølv med det klassiske spørsmålet: kvifor slik akkurat her? I løpet av ei ferieveke, utan guide og utan nemneverdig kommunikasjon med lokalbefolkninga er det frykteleg mange spørsmål ein ikkje får svar på. Kva med  sysselsetting, næringsutvikling, bustadmarknad, flytting, levekår, miljø, forureining, likestilling? Osv. osv. For mange av oss turistar er slikt heilt i det blå der vi ligg og steiker oss i sola. Det er likevel mykje ein kan finne ut om eit reisemål både før og etter ei reise. Stadene litt utanfor allfarveg er gjerne dei som gir dei beste opplevingane. Men dette er ein balansegang. Til tross for alt det turismen har å seie for økonomien – ønskjer kanskje folk flest å få vere i fred for turistane?

Til slutt legg eg ei lenke til ei britisk nettside om turar til stader litt off the beaten track. Her står også ein del om stadene vi besøkte.

No er det slutt på reisene for ei stund. Eg må i dette som no nærmar seg førjulstid finne anna å skrive om.