Med nedbørsrekord, på full fart inn i seinhaust og med vinter i sikte må det vere lov å drøyme seg til andre stader. Ofte stoppar det med draumen, men denne gongen, for tre veker sidan, vart det realitet. Plutselig hadde vi bestilt reise til Spania. Vi er ikkje åleine, lik trekkfuglene flyg kvar haust ein bråte pensjonistar same vegen. Men sidan vi likar å tenke på oss sjølv som individualistar og pionerar med sans for reisemål litt utanfor allfarveg, måtte vi jo unngå å hamne i flokken av jamnaldringar og turistflokkar på kyststripa der sør. Så kor skulle vegen gå?
I Andalucia hadde vi vore før, for atten år sidan. Då besøkte vi dei mest kjente byane og attraksjonane. Vi hadde allereie vore i Sevilla, fått med oss moskéen i Córdoba, Alhambra i Granada, Ronda, Gibraltar, og Pico Veleta, nest høgaste fjelltoppen i Sierra Nevada. Så dét var unnagjort. Men vi hadde også vore på turar i flott natur og sett interessante landsbyar i meir avsidesliggande strøk. Vi kunne derfor tenke oss eit gjensyn med desse sidene av regionen. Så vi satsa denne gongen på det rurale Andalucia.
Al-Andalus er det arabiske namnet på dei delane av Iberia som var under muslimsk styre frå 711 til 1492. Det var i Andalucía muslimsk styre varte lengst. I 755 gjekk Abd al-Rahman I i land i Almuñécar og etablerte seg som emir med hovedstad i Córdoba. Då den kristne kongemakta gjenerobra Spania vart muslimar og jødar fordrivne. Granada, som var den siste muslimske bastionen, fall i 1492.

Valle de Lecrin – Pinos del Valle

Det vart fly til Malaga og ei ei overnatting der, samt besøk på Picasso-museet, før vi i leigebil tok fatt på ein ca halvannan times tur aust- og nordover. Vi hadde bestilt overnatting på to stader vi aldri hadde høyrt om. Først fem netter i landsbyen Pinos del Valle i Lecrin-dalen, deretter tre netter i Almunecar ved kysten, på strekninga kalla Costa Tropical eller Costa Granada. I Lecrin-dalen finn vi opptil fleire av dei «kvite byane» Andalucia er så kjent for. Granada er ikkje langt unna, berre ein halvtime mot nord på den nye motorvegen. Takk vere god tilgang på vatn er landskapet grønt og frodig. Her blir dyrka mange slag frukt, nøtter, mandlar og oliven, og dette dominerer kulturlandskapet. Vintrane kan vere kalde her ved porten til Sierra Nevada, sist vinter ned mot 9 minus i Pinos fekk vi høyre. Pinos ligg 700 moh.

Lecrin-dalen tilhøyrer provinsen Granada og har 22 500 innbyggjarar. Som mange andre stader på landsbygda både her og heime flyttar ungdomen til byane mens dei gamle blir att. Fråflytta hus blir til fritidsbustader, eller er til sals. Vi såg mange «Se vende» skilt. I Pinos går det buss berre to gonger dagleg, dette betyr at folk er avhengige av privatbil, sjølv om gater og smau i desse gamle byane på langt nær er tilpassa biltrafikk.
Det var full klaff med val av overnattingsstad. Her har Anne frå Nederland og Martin frå England i eitt års tid drive bed and breakfast i Casa Aire de Lecrin, ei nydeleg restaurert og smakfullt møblert gamal bygning. Svært hyggelig og hjelpsamt vertskap, inkludert dei tre sjarmerande huskattane som held gjestane med selskap når dei (kattane) er i humør til det.
Første kvelden i Pinos tok vi turen til kafeen Venecia, einaste serveringsstad i landsbyen. Her får ein drikke, tapas og ein enkel dagens rett, alt etter kva verten finn på den dagen. Det er dette som er treffstaden, både for lokalbefolkninga og dei som måtte komme utanfrå. Vi såg svært få andre turistar. Truleg er det fleire å sjå andre tider på året. Sierra Nevada er snøsikker og trekker skituristar også til Pinos i vintersesongen.
Dagen etter var det ut på tur, ein time i siksak på grei turveg opp fjellsida til Ermita Cristo del Zapato på 1000 moh med flott utsikt. Det er elles plenty med turmulegheiter i nærområdet.
Gorafe
Eg hadde på førehand googla meg fram til ein stad som fanga min interesse. Forutan i geografi har eg ein smule fagleg bakgrunn i arkeologi, og område som kombinerer interessant natur og forhistorie oppsøker eg svært gjerne. I eit dalsøkk ein times køyring nordaust for Granada ligg landsbyen Gorafe. Byen ligg i eit vakkert canyon-landskap, men framfor alt finn ein her ein av dei største konsentrasjonene av førhistoriske gravfelt i heile Europa.

Her er det oppretta ein megalittpark (megalitt = stor stein) som inneheld gravkonstruksjonar (dolmener eller dysser), 240 i alt, frå yngre steinalder/bronsealder. I tillegg er her holer i fjellsidene som både har vore bustader og etter soga også tilfluktsstad for araberane då dei vart jaga ut under gjenerobringa på slutten av 1400-talet. Den dag i dag er det bustader inngravd i fjellet, nokre av desse kan leigast.
Byen har eit informasjonssenter av nyare dato, men dette var stengt. Truleg var dette på grunn av siestaen som bl.a. har som resultat at det ingen stader er muleg å få seg middag mellom klokka 16 og 20, det gjeld alle landsbyane vi besøkte. Dei lokale sørger for å få i seg dagens hovedmåltid tidleg på dagen, noko vi også gjekk over til. Går ein ut om kvelden for å ta eit glas får ein likevel eit fat med litt tapas å bite i. I Gorafe fekk vi oss ein god og rikeleg lunsj på det beskjedne lille gjestgjevariet. Vi hadde verkeleg kjensla av å vere avsides og åleine turistar denne dagen.
Vi tok ein tur opp i fjellsida, her går sti til det som skulle føre fram til enda fleire gravfelt. Eg snudde ganske snart fordi eg er blitt utruleg pysete i bratte nedoverbakkar med lause småstein (etter to tidlegare fall med brot i arm og handledd). Også min sambuar vendte tilbake etter ei stund utan å ha nådd fram til gravene.
Sjå også Gorafe ørken georute
Las Alpujarras
Regionen Alpujarra ligg i sørskråninga til høgfjellsområdet Sierra Nevada, som i dag er nasjonalpark. Området var i tidlegarere tider bebudd av berberar med røter i Nord-Afrika, og den spesielle byggeskikken her har sitt opphav derifrå. Her ligg tre landsbyar på rad og rekke: Pampineira, Bubión og Capileira, på ca 1200 moh.
Fredsavtalen etter gjenerobringa i 1492 gav den muslimske befolkninga i kongedømmet Granada rett til å leve som før og utøve sin religion, men forsøk på å konvertere dei til katolisismen førte til opprør og borgarkrigar. Den siste braut ut i Alpujarras i 1568. Under den spanske borgarkrigen 1936-1939 var området hardt råka, og geriljakampar heldt fram her sjølv etter at nasjonalistene hadde gått av med sigeren.

Vi var her for 18 år sidan og har sidan ofte hatt i tankane å gjenta besøket. No var vi her, klar for å gjenta rundturen innover dalføret frå Bubión via Capileira. Langs stien er det stadvis tett vegetasjon, mellom anna av ville kastanjetre og bærbusker. Dalen og elva kryssar ein to gonger. Turen var like fin som før, men bakkane var merkeleg nok blitt brattare…
På heimveg hadde vi eit stopp i Lanjaron som er kjent for sine vasskjelder og fontener.
Gjennom frukthager og langs vassvegar
I nabolaget til Pinos del Valle er det meir å finne på. Ei merka turløype går nede i dalen, i frodig landskap, langs vasskanalar og bekkar, gjennom frukthagar med sitrusfrukter, avokado, oliven-, fiken-, valnøtt- og mandeltre. Ein startar frå Melegís (næraste nabolandsby, som også kan skilte med ein OK restaurant) og er innom Restabál, begge idylliske og typiske landsbyar. Etter lunsj i Melegís vart det også ein svipptur til Conchar, ein av dei andre landsbyane i dalen. Apropos restaurant: ein ettermiddag tok vi turen til Nigüelas som ligg i ein sidedal på austsida, ved foten av Sierra Nevada. Torsdagar kan ein nemleg gjere eit kupp og få to pizzaer for ein på «la Tasca»!
Almuñécar
Men no sto Costa Granada, også kalla Costa Tropical, for tur. Ein kan jo ikkje la sjansen gå frå seg til å kjenne litt på Middelhavet når ein er på dei kantar. Som sagt hadde vi sett oss ut Almuñécar – ein by vi aldri hadde høyrt om. Her ved kysten ligg forresten fleire mindre byar som i alle fall for nordmenn flest er mindre kjent enn andre turistmagnetar på Costa del Sol.

Vertskapet i Pinos oppmoda oss om å velje gamlevegen frå Lecrin-dalen over fjellet, via Otivar og ned til kysten. Denne vegen går over eit relativt aude og forlatt område der størstedelen er naturpark , i skarpe svingar i særs sidebratt terreng. Ingenting for dei som er skeptisk til høgder, men ei oppleving i seg sjølv. Imponerande vegbygging.

Historisk er Almuñécar meir enn interessant nok. Byen var grunnlagt rundt 800 f.Kr. av fønikarane og fekk namnet Sexi. Etter kvart, rundt år 200 f.Kr., kom romarane som hadde som mål å legge under seg dei fønikiske koloniane i Spania. Byen fekk namnet Firmium Julium Sexi. Her var romersk koloni i ca 700 år. Under det fønikiske styret var det etablert et anlegg for fiskesalting, dette vart videreutvikla av romerane, som også etablerte fleire akvedukter i området for å sikre vassforsyninga. Det romerske imperiet utgjorde ein enorm marknad for fiskeprodukta herfrå. Anlegget vart utgravd på 1970- og 80-tallet og ligg no som ein av byens hovudattraksjonar i Majuelo-parken, der det også er botanisk hage og skulpturpark.
Etter at det vestromerske riket gjekk under på 500-talet, kom ei germansk gruppe – visigoterane – som på mange vis tok opp i seg romersk kultur og språk. Men den 15. august år 755 gjekk prins Ymayyad Abd-al-Rahman i land i byen, og det var starten på den muslimske (mauriske) æraen i Andalucía. Gamlebyen sine gater og bygningar skriv seg i stor grad frå denne tida. I 1492 var det slutt på det muslimske styret, og den katolske kongemakta overtok.
Den andre hovudattraksjonen i byen er borgen San Miguel som vart bygd av romarane ca 100 f.Kr, kraftig utvida av araberne då dei kom til makta og deretter ombygd av dei kristne etter gjenerobringa i 1492.
Rett ved borgen ligg «Cueva de Siete Palacios» (Grotten med de syv palass), som eigentleg er restar etter eit palass frå romertida. Underleg nok tente dette som sosialbustader fram til 1970-talet. No er det bymuseet som held til der.
Byen er godt forsynt med badestrender og vatnet er turkisblått og reint. Det var god plass på stranda og vatnet hadde perfekt temperatur no i starten av oktober. Den trivelege byen byr på god trim, her er bratte bakkar og trapper og smitt og smau, nett som i Bergen.
Vi budde på Hotel el Palacete del Corregidor som held til i ei ærverdig eldre bygning i gamlebyen. Takterrasse med utsikt, og gyngestol på balkongen!
Etterord
Vi er tilbake i Bergen, der det i skrivande stund har falle over 690 mm nedbør siste 30 døgn. Det er ca 150 mm meir ein gjennomsnittleg årsnedbør for Bardufoss, der eg har min sekundærbustad. Eg er ikkje tilhengar av å fly utanlands i tide og utide, vi har eit klima å ta ansvar for. Weekend-shoppingturar til storbyar held eg meg unna. Men eg meiner at det må vere legitimt for gjennomvåte bergenserar å søke ly ei stund i eit land som i september-oktober har perfekt sommartemperatur for oss nordbuarar!
I dagens Bergens Tidende får eg plutseleg auge på ein annonse for Vitus-reiser, som – tru det eller ei – annonserer for langtidsferie i, ja, nettopp Costa Tropical og Almuñécar. Det var irriterande å sjå at nokon andre allereie hadde oppdaga det eg trudde var eit lite kjent reisemål. Så feil kan ein ta!























