For tida kosar eg meg med programmet «Symesterskapet» på NRK TV. Vanlegvis er eg ikkje nokon stor tilhengar av realityprogram og konkurransar, det er stort sett alt for mange av dei. Men denne meisterskapen er noko anna. Her kjenner eg meg i tillegg på heimebane.
Tilfeldigvis går årets sesong samtidig med at vi her i heimen har storopprydding i boder og skap. Vi prøver å vere i forkant, som det heiter, for om nokre månader blir det flytting og då er det ingen vits å dra med seg for mykje på flyttelasset. Og når det samtidig med syprogrammet dukkar opp gløymt symateriale i skuffer og skap, og eg også ganske nyleg har fått overhalt den solide (og blytunge) Husqvarna symaskina mi frå tidleg 70-tal, er eg blitt kraftig stimulert til å oppfriske heimesaumen. Maskina leverer, slik ho gjorde i gamle dagar då eg – tilliks med mange andre – sydde det meste av klede. Maskina fekk eg av mine foreldre etter at dei hadde arva ein god slump pengar etter ei barnlaus og velståande tante i Amerika. Maskina kosta rundt 4000 kr, tilsvarande ei god månadsløn på den tida. Dei kostar ikkje stort meir i dag i kroner og øre. Syskrinet, som eg fekk av min snekkarfar, struttar av trådsneller og anna nyttig tilbehør oppsamla etter eit etter kvart nokså langt liv. Blant anna stoppegarn, utmerka til å reparere holet i sokken. Ein treng ikkje alltid kjøpe nytt. Stoppa sokkar gjer same nytten.
«Selfmade»
I dag må ein her i byen reise langt dersom ein vil ha godt utval av stoff og sytilbehør. Nesten heilt til Salhus, ca 1 1/2 mil frå Bergen sentrum. For der, på det som på folkemunne blir kalla «prærien», ein lite triveleg del av Åsane bydel, ligg Stoff & Stil, som er eit eldorado for dei syglade. Når eg no i dag gjekk inn på nettsida deira, oppdaga eg at dei er i ferd med å skifte namn til «Selfmade», noko dei grunngir med at Stoff & Stil-namnet «ikke lenger inneholdt det vi gjerne vil og våre kunder ønsker». «Vårt nye navn avspeiler at vi er til for at alle kreative mennesker, som nyter å ha inspirasjon, skapertrang, nysgjerrighet og kreativitet i livet sitt», seier direktør Alexander Lerche. Eg skulle no klart å vere kreativ sjølv med eit norsk namn, men la gå. Viktigare er det etter mi meining å lokalisere seg på ein sentral og meir tilgjengeleg stad. Det er ikkje gode kollektivtilbod dit heller. Ikkje alle har bil, og å køyre bil for å skaffe seg nokre meter med stoff skulle ikkje vere naudsynt. Når det no ser ut til at syinteressen kanskje er veksande, kvifor er det ingen som finn ut at det kunne vere lurt å plassere seg meir gunstig i høve til kundane?
For nokre tiår sidan hadde dei store varehusa i Bergen rikhaldige stoffavdelingar. Stoffa som no låg unytta i skapet mitt skriv seg frå den tida, og eg har sikkert ein gong hatt ein plan med innkjøpet. Spora etter denne epoken er no så godt som utsletta her i byen. Knappehuset, som ein gong briska seg midt i sentrum, på Ole Bulls plass, er erstatta av ein restaurant og arvtakaren Knappebua fristar eit trongt og bortgøymd tilvere i utkanten av sentrum. Det er ikkje lenger enkelt å skaffe seg symaterial. Eg brukte ein halv dag på å skaffe meg ein glidelås i rett storleik og farge.
Resultatet
Kva vart så resultatet av innsatsen ved symaskina? Eit rustraudt stoff i cordfløyel vart nytt skjørt, eit rutet flanellstoff i same fargeskala vart skjorte, eit anna rutet flanellstoff (dessverre ikkje av beste kvalitet, litt laust i veven) vart til ei krysning av tunika/storskjorte (eg har brukt mønster). Dessutan vart eit svart fotsidt fløyelskjørt med lang splitt omsydd til eit kortare utan splitt, og saman med ein fløyelsjakke der eg no etter mange år endeleg fekk lagt opp ermane som var for lange, har eg fått eit brukbart antrekk når eg skal vere fin (noko som ikkje skjer så altfor ofte). I tillegg kapra eg ei dus lilla silkeskjorte som min sambuar var i ferd med å putte i sekken som skulle til Fretex. No vart ho tilpassa min storleik og har fått plass i mitt skap. Eit ufullført genserprosjekt vart også avdekka, eg hadde strikka bolen til ein genser til min sambuar og lagt arbeidet vekk av ein eller annan grunn. Det var ikkje meir garn att, og fasongen var dessutan sørgeleg utdatert. Etter litt spekulasjon fekk eg omgjort bolen til ein vest, som eg sant å seie ikkje er sikker på blir brukt, men han er ikkje verst å sjå på.
Eg vil slå eit slag for gjenbruk og for det sjølvgjorte, eit godt prinsipp i desse tider. Overforbruket av klede lyt stoppast. Men no skal symaskina få kvile ei stund, eg skal ta fatt på eit anna prosjekt eg held på med. Eg foretrekker ein god miks av håndens og åndens arbeid.
Ja, slik går no dagan her på seinhausten, den siste i vår noverande bustad. I hagen glødar og fell lauvet frå lønnetreet, og dei no pjuskete rosene ville ha stått fint om det ikkje var for alt regnet (det går mot nedbørsrekord!). Plantane i hagen vil eg ikkje sjå springe ut på ny neste år. Det går ikkje så hardt inn på meg likevel. Det er ei tid for alt.









