Vårvinter i nord

Eg er såvisst ingen flittig skrivar her på bloggen. Men no fann eg ut at det var dags å gi lyd frå seg, no når vi nærmar oss våren og dagane er lyse. Men vinteren har visst ikkje tenkt å sleppe taket. Eg sit og ser ut kjøkenvindauget på min andre heim her i nord, det snøar tett, i motsetnad til det strålande, men sprengkalde vêret vi har hatt tidlegare denne veka. For augneblinken er eg smått bekymra for dei noko aldrande karane som for nokre dagar sidan la i veg på sin årlege skitur, denne gongen i Indre Troms, frå Dividalen, til den avsides Dærtahytta, via Pältsa i Sverige til Gåldahytta ved Treriksrøysa og så ned til Skibotn. Det var i alle fall planen. Eg håper dei kjem seg heim i god behald, det er meldt tett snø og kuling utpå dagen. Og mobildekkinga manglar sjølvsagt i desse fjerne traktene.

Samar i dølaland

Sjølv har eg hatt nokre fredelege dagar åleine. Og eg har gjort noko eg aldri har gjort før: gått tur på Barduelva i spora etter ein diger reinsdyrflokk (og snøscootarar). For første gong i mitt liv har eg vore vitne til reinflytting, eit par hundre meter frå husdøra.

Eg har i eit tidlegare innlegg her på bloggen skrive om «Dølar i Sameland», no kan ein visst snu på flisa! For mens alle gardsbruk som var rydda her i grenda av rydningsfolket som kom på 1800-talet vart nedlagde på sytti-åttitallet, har reindrifta tatt seg opp her i traktene. Samefamilien Oskal, med opphav i Kautokeino, slo seg i nyare tid ned i Troms og har markert seg på fleire vis. Fordi dei no er inngifta i mi slekt og etterkomarar bur i nabolaget, er det samiske innslaget i grenda blitt synleg. I nabokommunen Sørreisa har driftige medlemer etablert bedrifta Hjerttind Rein der dei sel eigenproduserte produkt.

Her kom reinen i land i Sundlia

Sist mandag fann reinflyttinga stad her i Sundlia, på veg frå vinterbeite til sommarbeite. No kom flokken frå Istindan, over Barduelva, over E6 (trafikken måtte vente, lang kø) og så opp til Sundlifjellet, som også er oppsamlingsområde til visse tider. Reinen kalvar og beiter i Hjerttind (Stàlonjargga) reinbeitedistrikt som ligg midt i Troms reinbeiteområde. Distriktet femnar om område i Bardu, Målselv, Sørreisa, Salangen, Dyrøy og Lenvik.

Sundlifjellet er, og har alltid har vore «vårt» fjell, med utallige turar sommar som vinter. Det er først dei seinare åra at reinen er blitt eit innslag i faunaen i dette området. Reinen er ikkje åleine hjortedyr i distriktet. I det siste er det også kome rådyr, det skal også vere observert hjort. Og elgbestanden er stor. Det er lenge sidan ein møtte på beitande husdyr i skog og fjell. Talet på rein i distriktet skal vere på rundt 2000.

Frå gamalt av var her trekkvegar for samar som kom frå svensk side. Dei hadde blant anna leir inst i Skoelvdalen fram til 1920-talet. Notidas reindrift her i traktene er med norske samar som har overtatt reinbeita frå eldre tider. Trugsmål mot samanes leveveg og kultur er i høgste grad på dagsorden i desse dagar, og kommunane er pålagt å ivareta reindriftsinteressene i si planlegging. Det er peikt på konflikt med bygging av hyttefelt, vegar, kraftutbygging, militær aktivitet mm. Det er utarbeidd ein distriktsplan for reinbeitedistrikt 20 -Stàlonjargga/Hjerttind reinbeitedistrikt som gjer greie for ulike interesser og konflikter.

Her ligg reinen og kviler før ferda går vidare
Her starta reinen si ferd over elva. Hjerttind og Hjerttindtuva tronar i bakgrunnen.

Men no er sola borte og det vert nytt påfyll av snø.

Utsikt frå kjøkenvindauget

Litt av grunnen til pausen her på bloggen er at eg har arbeidd med eit bokmanus som eg no har levert frå meg. Det blir bok av det, men eg kan ikkje seie tidspunkt for lansering. Eg skal nok seie frå! Og så håper eg mange vil fatte interesse og kjøpe og lese når den tid kjem. Boka er ein historisk roman som bygger på verkelege personar og hendingar. Tips: les blogginnlegget mitt om haugianarslekt i Målselv.

God påske til alle!