Vi har passert midtsommardagen som etter gammalt er den 14. juli. Eg var på skogstur eit par dagar seinare. Noko var endra, det gjekk det opp for meg at det var blitt tyst i skogen. Fuglane har avslutta årets songsesong, eit teikn på at det sakte med sikkert går mot haust. På våre kantar ventar vi enno på sommaren. Hittil har vi måtte ta til takke med om lag ein og ein halv godværsdag kvar tiande dag. Men når ein høyrer om rekordvarme rundt 40 grader og øydeleggjande skogbrannar rundt om både i nære og fjernare strøk, er utan tvil eit kjøleg og regnvått Bergen å føretrekke.
Det skremmande bakteppet er klimaendringane, som først no er kome oss så nær inn på livet at alvoret kanskje byrjar å sive inn også hos dei som nektar for at dette er endringar forårsaka av menneskeleg aktivitet. Og elles går jo verda sin skeive gang, med krig og andre truande menneskeskapte katastrofar. Faktisk ser det ikkje lyst ut verken på kort eller lengre sikt. Her i Noreg held vel framleis dei fleste hovudet over vatnet, førebels har vi mat på bordet og tak over hovudet, men i krisetider auker forskjellane mellom dei som har mykje og dei som har lite.
I nytt husvære
Eg får la verdsproblema kvile og heller skrive om hyggelegare ting frå mi eiga vesle verd. Det er viktig det òg. Vi har no budd oss inn i den nye leilegheita, det meste er på plass, vi har senka skuldrane, har markert innflytting med festleg samvær saman med familie, har hatt våre første overnattingsgjestar og er godt nøgde både med nytt husvære og nye omgjevnader. Utsikten vi tidlegare hadde mot Askøy er erstatta med interessant utsikt innover mot Sandviken, Bergen sentrum og langt sørover i Bergensdalen. Berre sørgeleg at vêret stort sett har hindra opphald på balkongane. Ja, vi har flotta oss med to, ein mot søraust og ein mot nordvest, i teorien skulle vi då ha sol både morgon, middag og kveld. I realiteten er det blitt ein sønnavinds- og ein nordavindsbalkong. Så lurer eg på om brannene sør i Europa har ført til langtransport av aske, eg har undra meg over at kluten stadig blir gråsvart når eg tørkar av bord og stolar ute. Kva nedfall skulle det elles vere?
Utbygginga her i Breiviken er på langt nær ferdig. No står det gamle Merinospinneriet for tur, i Merinokvartalet skal det bli leilegheiter og kanskje noko meir. Vi har ei tid observert arbeid på taket, arbeidarane er iført kvite vernedraktar og liknar på astronautar. Truleg er det asbest dei vernar seg mot. Måsen held ofte spetakkel nett over dette bygget, kan det vere at dei er opprørte over tapte reirtomter? I utbyggarkjempen Bonava har dei nok møtt ein overlegen konkurrent.

Reiser i sør og nord
Men så har vi jo slett ikkje vore i Bergen heile tida. I løpet av forsommaren var vi både i hovudstaden, i Bardu og i Bodø. Så om tida har gått fort har ho ikkje vore utan innhald.
Oslo
I Oslo vart det besøk i Munch-museet og vandring langs sjøfronten frå Bjørvika via Aker brygge til Tjuvholmen. Ein kan seie mykje om Oslo og byutviklinga der, men dei skal ha honnør for å ha etablert ein lang samanhengande offentleg sjøfront, med plass for ulike aktivitetar. Det har ein ikkje fått til i Bergen. Og Bjørvika er no fascinerande då, sjølv om mange meiner dette er grufull og lite menneskevenleg arkitektur.




Bardu
Så eit aldri så lite sprang til ei anna verd, til den årlege våronna i min andre heim i Sundlia i Bardu.

Bodø
Ein dags bussreise frå Bardu ligg Bodø, der barnebarnet skulle feire avslutta politiutdanning. Det var storslått og stilig arrangement i «Stormen», Bodø sitt imponerande kulturhus som også inneheld bibliotek og kafe, samt uteservering på kaifronten. Om kvelden var det middag, og på veg derifrå kunne vi nyte midnattsola.



Bergen
No skal vi ikkje heilt gløyme dei få fine sommardagane vi har hatt her vest. Vêret har ikkje vore eigna til padleturer, med unntak av ein perfekt dag i skjergarden sør for Bergen. Der, på Bjelkarøy-Buarøy, fekk eg årets første dukkert.

Når ein har besøk frå andre stader i landet må ein sørge for å vise fram Bergen sine beste sider. Det er ikkje alltid dei mest kjente, mange perler er å finne utanom turistløypene. Denne gongen tok vi gjestane med på spasertur frå Breiviken, gjennom Sandviken, Stølen og Steinkjellergaten til sentrum. I Sandviken ligg Fiskerimuseet og «Bod 24», populær kafé/restaurant med uteservering som av Bergens Tidende er nominert i ei kåring av Bergens beste. Denne gongen frista ikkje vêret til å sitte ute, men inne fekk vi servert den største blingsporsjon med reker eg har sett. Og i Steinkjelleren finn vi indiebokhandelen «Heim«, absolutt verd eit besøk.

Og Bergen har fleire attraksjonar som gjerne går under radaren for dei uinnvigde. Siste godvêrsdagen for to dagar siden vart det Sverresborg, festningsområdet som ligg ovanfor Bergenhus, med flott utsikt og grøne plenar. Og tvers over vegen for Sverresborg, i Nye Sandviksvei, ligg Dr. Wiesener, bydelspuben som også er nominert til Bergens beste uteservering og er blitt mange sin fastlege. Eg kan røpe at det er denne eg har stemt på i BT si kåring av beste uteservering.


Men no skal vi ha eit avbrekk frå dagane her vest. Snart går turen austover og etter kvart nordover, truleg gjennom Sverige som ein variasjon, no etter at pandemien ikkje lenger set stoppar for nabobesøk. På vegen ser vi innom den unge politimannen som no har sommarjobb i Vinje i Telemark, før han – som så mange andre – dreg til Oslo der han har fått seg jobb for ei tid. Det er stas, men generelt skulle eg ønskje hovudstaden ikkje var slik ein magnet på dei unge. Det trengs folk og politi andre stader i landet òg, men det kan vi snakke om ein annan gong.
