På heimveg i grenseland

Det er på høg tid å avslutte soga om sommaren i nord. Heimvegen sørover fram til Trøndelag gjekk gjennom gruvebyar og glesbygder i nabolandet. Med svenskegrensa som nabo er det eit privilegium å kunne velje om ein vil legge reisa sørover gjennom Norge eller Sverige. Vi har rik erfaring med begge delar. I forhold til den imponerande norske naturen er turen gjennom Nord-Sverige sine endelause skogar sjølvsagt keisam. Men det er enkelt og ferjelaust. I tillegg er det alltid litt pirrande å kome seg over ei grense, interessant å merke dei små forskjellane. Det same gjeld forresten også berre ein krysser fylkesgrensene her til lands.

Før folk i dei nordlegaste fylka fekk det for vane å reise til Syden om sommaren, var det forresten svært populært å reise til Nordens riviera – sandstrendene ved Bottenvika, til Piteå med Pite Havsbad.

I Sverige lokkar grensebutikkane, med litt anna utval enn heime – og gode prisar. Vi handlar ikkje i stort, men når vi er i Sverige passar vi alltid på å hamstre sildeprodukt. Av ein eller annan grunn er svenskane mykje betre til å lage til sursild og andre delikatessar frå denne råvaren. Ut frå naturgjevne tilhøve burde dei ikkje ha noko fortrinn. For oss som i det daglege bur langt frå svenskegrensa, er IKEA eit substitutt. Etter at vi har lagt reirbyggingsfasen bak oss, er sild no det einaste vi kjøper der. Maten på serveringsstadene i Sverige er også eit hakk betre i Sverige, synest vi. Og så er det jo mysig å kunne fika med ein kanelbulle eller to når ein er på vegen.

Gjennom Lappland

For oss startar svenskeetappen denne gongen på Bjørnfjell og endar i Trøndelag.  E10 tar av frå E6 nokre mil nord for Narvik. Lappland kalles landskapet i denne delen av Norrland.

IMG_4323.JPG
På E10 ved Torneträsk. Snødryss på Lapporten.

fullsizeoutput_36bd

Lapplands landskapsvåpen (til venstre) viser av ein eller annan grunn ein Tarzan-liknande figur.  (Wikipedia).

Etter ein kort visitt på butikken ved Riksgränsen kjem vi etter kvart til Torneträsk, Skandinavias største fjellinnsjø.  Her var vi på padletur med kano for nokre år sidan, overnatta i telt på ein holme og gjekk tur opp i terrenget aust for vatnet.

For mange år sidan gjekk vi hit på ein fjelltur som starta i Sørdalen i Bardu, via Lappjordhytta til Troms Turlag.  Vegen er ikkje lang over grensa. Nordkalottleden, den merka 800 km lange turstien gjennom dei nordlegaste delane av Norge, Sverige og Finnland passerer området. Sør for Torneträsk ligg Abisko nasjonalpark. Naturen i denne regionen er nokså lik den vi finn på norsk side. Altevatnet, Norges 13. største innsjø, ligg i Bardu rett over grensa og er såleis nabo til Torneträsk.

IMG_4593.JPG
Minne frå Torneträskturen i 2006

Svarta Bjørn, den sagnomsuste anleggskokka for rallarane som bygde Ofotbanen, er gravlagt på  Rallarkirkegården i Tornehamn som ligg eit par kilometer unna. Frå E10 har vi  kontakt med Ofotbanen, eller Malmbanan, som det heiter i Sverige. Den går mellom Narvik og Luleå ved Bottenviken.

Når eg er i gang med tilbakeblikk på tidlegare turar, er det fristande å sjå tilbake på eit besøk i Luleå sin gamlestad, sjølv om det ligg utanfor ruta for årets reise. Vi har også padla med kajakk i skjærgården utanfor Luleå. Tur i desse traktene kan absolutt anbefalast.

IMG_4594.JPG
Kyrkostaden i Luleå sin gammelstad

Gruvesamfunn

Men no tilbake til årets reise. Etter ein times køyring frå Torneträsk kjem vi til Kiruna, gruvebyen som ligg mellom fjella Luossavaara og Kirunavaara, med store førekomstar av jernmalm og utvinning sidan slutten av 1800-talet. Bebyggelsen ligg delvis over malmførekomstane. På grunn av fare for utrasing og for å utnytte meir av malmen er det bestemt at byen skal flyttast. Les meir om dette her:  Kiruna byforvandling.

Nokre av dei gamle funksjonærbustadene er verneverdige og skal setjast opp ein annan stad. Flyttinga av desse var i gang då vi passerte. Vi har hatt stopp i Kiruna på tidlegare turer og denne gongen blir det berre tissepause på Folkets Hus sentralt i byen.

Området rundt Kiruna er forresten åstad for kriminalromanane til Åsa Larsson med Rebecka Martinsson er hovudperson. Dei er også filmatiserte og er nettopp vist i NRK TV.

Vi køyrer raskt vidare og satsar på første overnatting i Gällivarre. Gruvebyen Malmberget ligg tett attmed. Det er ikkje berre i Kiruna at det er flytting på gang. Ein stor del av Malmberget skal flyttast, på Nya Gällivarre kan det lesast meir om dette. Etter å ha sjekka inn på hotellet leiter vi litt rundt i byen for å finne ein plass å ete ein sein middag. Det er ikkje mykje som skjer her i byen ein søndagskveld.  Vi endar opp med ein greskinspirert pizza på ein amerikanskinspirert restaurant der det blir litt språkproblem – eigarane kjem truleg frå Midt-Austen. Bortsett frå stamgjesten som sit i eit hjørne med ølet sitt er vi einaste gjestar. Det er elles ikkje mykje svenskar igjen i tenesteyting knytta til servering og overnatting. Vi meiner også at det har minka litt på tilbodet av god svensk husmannskost i dei seinare åra, dessverre. Ikkje ulikt Norge.

IMG_4595.JPG
Gällivarre med elgar i sentrum. Bensinfylling på ein av dei små lokale bensinstasjonane.

Glesbygdene

Dagen etter er det ut på landevegen igjen. Straumen på vår ladbare hybridbil varer ikkje lenge så det er behov for fleire påfyll av fossilt drivstoff. I motsetnad til i Norge, med sine  store og relativt talrike bensinstasjonar må ein leite litt før ein finn fram til pumpene her. Her har dei ein modell med lokal bensinstasjon saman med nærbutikk og servering.

Ut på dagen, etter lang dags køyring i landskap med skog og talrike innsjøar, kjem vi til Norges tapte region Jämtland.  Vi skal over Kjølen til Trøndelag, men har bestemt oss for å ikkje legge vegen om Östersund, som ville vore kortaste vegen. Vi tar i staden sikte på grenseovergangen ved Gäddede. Vi må ha ei ny overnatting, og har booka rom på Gamle Skolan, på Gubbhögen eit stykke nord for Strömsund. På ei nettside er Gubbhögen skildra slik: «Invånarantalet ligger vid 39 personer, 10 katter, 13 hundar och ett obestämt antal älgar,björnar, lodjur och andra skogsinvånare».

IMG_4552.JPG
Gamle skolen med gløtt inn i romma

Det viser seg at Gamle Skolan vert drive av eit tysk ektepar, som braut opp frå storbyen Köln for å finne ro i utkanten. Dei fekk kjøpe bygget av kommunen for 500 kr og har pussa opp på eiga hand, med interessant resultat. Eigaren er elektrikar, noko som forklarte dei påfallande avanserte elektriske løysingane. Her er nytta hunved og det verkar som at det har vore god tilgang på ulike tapetmønster. Staden liknar ikkje på noko anna vi har sett. Verksemda gir ikkje noko levebrød på årsbasis, men dei tar sikte på å bli buande. Sonen deira er villmarksfreak og nektar å dra tilbake til storbylivet. Innehavaren (hugsar ikkje namnet) meinte forøvrig at det vert gjort for lite for å tiltrekke seg og legge til rette for turistar i området. Men i turistbrosjyren for Jämtland og Härjedalen er det likevel vist til eit rikhaldig tilbod, basert på natur, friluftsliv, jakt og fiske.

Er det forresten nokon som hugsar Dunderklumpen frå 1970-åra? Han held til i desse traktene.

Over grensa

Vi har køyrt gjennom landskap med mykje skog og lite folk. Det er stor skilnad på å køyre Nord-Sverige og Nord-Norge. I Sverige har avfolking og sentralisering sett mykje meir preg på distrikta enn i Norge. Avfolkinga var særleg effektiv i 1950- og 60 åra, då industrien i sør kravde arbeidskraft. Det var gitt rause flyttebidrag. Sverige er eit av verdas mest urbaniserte samfunn, med 87 prosent av befolkninga busett i byar eller tettstader.

Så kryssar vi grensa til gamlelandet. Kontrasten er slåande når ein kjem frå svenske glesbygder og inn til levande bygder på norsk side. «Svenske tilstander» kan vere så mangt. I SVT var det i 2016 eit innslag med tittelen «Svensk glesbygd dör – medan norsk blomstrar»  Mange i Norge vil nok synes dette er skjønnmaling av situasjonen i norske utkantar, og at det no ikkje går rette vegen. Spora frå Sverige burde skremme.

Resten av reisa til Bergen gjekk på norsk territorium, med hyggeleg besøk hos familie i Trondheim, overnatting i Oppdal, og køyretur over Valdresflya som prikken over i-en.

IMG_4346.JPG
Over Valdesflya med Besseggen i bakgrunnen

Og snipp snapp snute, då var sommaren ute.  No tar vi fatt på hausten og så får vi sjå kva som blir neste tema.

 

Seinsommargleder i nord

No er det blitt oktober og det er på tide å avslutte soga om opphaldet i nord på seinsommaren.

Eg har tidlegare skildra arbeidsveker i nord, men det var ikkje berre strev. Innimellom arbeidsøktene og på slutten vart det òg tid til fornøyelsar. Og det er jo ikkje tilfeldig at eg legg turane nordover til seinsommaren, med andre ord i moltesesongen. Molta kom seint i år, etter sein vår og blanda sommarvêr.

Sykkelrace og fossebrus

I Bergen har det som kjent nyleg vore eit heidundrande sykkel-VM. Då hadde vi allereie varma opp. I august gjekk nemleg Arctic Race of Norway av stabelen. Ein av etappane hadde målgang på flystripa på Bardufoss, etter fleire runder rundt flyplassen. Skal seie det gjekk fort i svingane, før ein rakk å knipsa bilete var ryttarane forbi. Flystripa er ein romsleg publikumsarena, og det er ikkje kvardagskost å kunne spasere fritt inn gjennom den militære flystasjonen. Litt meir dempa publikum enn dei oppskrudde bergensarane langs VM-løypa i Bergen, men høg nok stemning likevel. Den årvisse folkemusikkfestivalen Kalottspel gjekk også føre seg desse dagane, og her vart kulturelt innslag med dei ikoniske Istindan som bakgrunn.

IMG_4372
Folkemusikk på flystripa og mønstring av militære doningar.

Desse dagane hadde vi gjestar, blant anna av ei sognedame frå Luster. Ho hadde til gode å sjå Målselvfossen, så då vart det ein tur dit, saman med nevø, niese og broderen. Fossen, som – sikkert med sterk lokal mobilisering – vart kåra til Norges nasjonalfoss for ein del år sidan, er flott den. Og kanskje kunne fossen med ein slik status fortene litt meir inviterande omgjevnader og tilrettelegging? I fjor gjekk vi tur frå «foss til foss», det vil seie til nabofossen Bardufoss, som vart lagt i røyr for mange år sidan og som i dag ikkje kan by på fossebrus.

IMG_4232
Målselvfossen august 2017

IMG_2342.JPG
Den tørrlagte Bardufossen

Padling i Aursfjord

Fjordarmen Aursfjord (også kalla Sørfjorden) høyrer ikkje til dei mest berømte fjordane i landet. Men for innlandsbygdene Bardu og Målselv er det truleg lettaste tilkomsten til sjøen og fjordlandskapet. Fjorden er ein sidefjord til Malangen. Grensa mellom kommunane Målselv og Balsfjord går midt i.

fullsizeoutput_369c.jpeg
Aursfjord, Malangen og Balsfjord.
IMG_0555.JPG
Ut på padletur ved Aursfjordsaga

Ved utløpet av elva ligg Aursfjordsaga, ei oppgangssag som høyrer inn under Midt-Troms museum. Området ved saga er eit utmerkt utgangspunkt for padletur ut Aursfjord til Malangen. Vi passerer vakkert kulturlandskap og fleire brygger med tjukke tømmerstokkar som bolverk, dette har eg ikkje sett andre stader.

IMG_4368
Ut Aursfjorden mot Malangen

Etter å ha runda neset kjem vi ut i hovudfjorden Malangen, og følgjer stranda til vi kjem ut til Tennholmen. Der er fint å gå i land og raste. Langs stranda dannar skiferbergartane artige formasjonar, jmf. biletet under.

IMG_0595.JPG
«Elefantføtter» på stranda

IMG_4371

På andre sida ser vi over mot «Malangen brygge» og hytteutbygging som skaut fart då Malangshalvøya vart landfast med Kvaløya og Tromsø.

Tennholmen er skildra også som turmål her: Tennholmen

Området ved Aursfjord er idyllisk i dag, men her var det drama på 1700-talet. Nokre har kanskje høyrt om søskenparet Birte og Benjamin, og Kjærvikmordet. Søskenparet vart dømt for mordet på Birte sin mykje eldre ektemann og avretta ved halshogging i 1741. Undervegs gøymde dei seg i ein fjellhole opp mot Mårfjellet.  Det er litt ulike historiar rundt dette: sjå Kjærvikmordet og ein litt nyare versjon i  artikkel i Nordlys. Historia er også dramatisert og gjekk som serie i NRK TV: Solens sønn og månens datter.

Det går merka tursti opp til skjulestaden Birtehula. Den har vi ikkje prøvd oss på enno.

I skog og fjell

Kvar seinsommar er det jakting på fjellets gull. Dermed er det meste sagt. Vårt lokale fjell skuffar sjeldan, sjølv i moderate molteår som i år. Det blir nok C-vitamin-tilskot denne vintaren også. Og ingen tur på fjellet utan rast på den faste plassen ved vatnet, sommar som vinter.

IMG_4549.JPG
Høgdepunkt

Det var ergerleg med all den halvmodne blåbæra, det såg ut til å bli ein strålande blåbærhaust. Blåbær skal jo vere foryngande seiast det. Det kunne vore greit å sikre seg nokre fleire friske år. Men blåbærmodninga rakk vi altså ikkje.

Ein treng ikkje ha nytteærend for å nyte ein tur. I tidlegare tider var det seterdrift i desse traktene. I år vart det gjensyn med Myrvangsetra, der eg ikkje hadde vore på mange, mange år. Dei opprinnelege bygningane er borte, men det vart bygd ny hytte å 50-talet. På Sundlisetra, der mine formødre/-fedre hadde seterdrift, er det knapt tufter å sjå, men staden ho sto vart markert med skilt for ein del år sidan.

IMG_4553.JPG
På kjente gamle trakter: Myrvangsetra, Hestjordvatnet og Kvilarsteinen

Sosialt

Dette var gleder knytta til natur og friluftsliv. Men litt sosialt liv vart det sjølvsagt. Det vart hyggeleg gjensyn etter mange, mange år med barne- og ungdomsvenninnene Wenche, Sissel og Eli.  Og Thora, tremenningen som eg sist møtte som 4-åring. Godt vaksne damer er vi blitt etter kvart.  På ein kort Tromsøtur vart det besøk hos broderen og tante Solveig, den kvikke og blide tanta som no er den siste igjen av mor mi sin søskenflokk. I tillegg fekk Ellen & Odd og Halldis & Bård besøk på sine respektive hytter i Balsfjord og i Malangen. Gamle vener må ein ta vare på, og fleksibiliteten i pensjonistlivet er ei velsigning i så måte.

Vi var også innom Bardumartnan på Setermoen, der det vart innkjøpt lefser og honning frå dei lokale produsentane Ivar Foshaug og Knut Eide som bur i nabolaget. Verdas beste honning, no i to variantar. Legg merke til etikettane med bilete frå Sundlia, med Nessan, Barduelva og Mårtind i bakgrunnen. Vi heiar på biene og røktarane deira, dei har ein viktig jobb å gjere!

IMG_4554.JPG

På Setermoen vart det også visitt til Kjellaug, som etter å ha vore vår næraste nabo på Sundheim no er bebuar på aldersheimen. Det er stilt på nabogardane no, dessverre.

Neste og avsluttande kapittel om returen sørover kjem i neste innlegg.

Arbeidsveker i nord

Det er gått ei god stund sidan dei fem vekene i nord på seinsommaren, men no kjem det omsider framhald på soga. På grunn av utruleg, men vel fortent forseinka sommarvarme i Bergen eit par veker i strekk i september, er tida brukt til andre ting. Då lyt også nemnast eit sykkel-VM som nesten fekk meg til å tru at eg var blitt fullblods bergensar.

Etter tre overnattingar undervegs på vegen nordover «ankommer vi bestemmelsstedet», som vår GPS-venninne seier. Her ventar mykje jobb. Det er ikkje spøk å vere eigar av eit 60-tals hus 170 mil unna.

Til kamp mot vegetasjonen

Ein kjøleg og fuktig sommar har ikkje bremsa veksten av gras, høymol, bringebærskot, krypsoleie og anna ukrutt som ikkje høyrer heime på ein plen.  Berre å brette opp ermane!

IMG_2235.JPG

Den kun to år gamle elektriske plenklipparen bukkar under etter andre klipperunde.  Motoren har havarert og kan ikkje reddast. På verkstaden meiner dei at Black & Decker har feildesigna modellen. Og vi er ikkje dei einaste som har opplevd havari. Klipparen må skrotast. Er det muleg å konstruere ein grasklippar utan skikkeleg lufting for motoren? Så viser det seg at årets modell faktisk har utbetra dette. Etter litt parlamentering med Extra Bygg på Andslimoen blir det ny klippar – med litt prisavslag. Batteridrift denne gong, slepp å vase rundt med ledning rundt beina. Men tre ladingar må til for å rekke over heile tomta.

Maling og fasadeklatring

Huset var sist malt ein gong på slutten av 80-talet. Malinga har halde seg forbausande godt, men no er det på tide med ein ny omgang. Same gilde gulfarge – lys oker – som før, vi let oss ikkje påverke av den grå trenden.  I den vesle fargehandelen på Andselv har vi no etter kvart blitt kjente fjes og vi får god sørvis. Smått er ofte godt.

Vi tenkjer sjølvsagt Helse, miljø og sikkerheit (HMS), her skal vi ikkje brekke bein eller  rygg. Tilfelle med fatal utgang har vi også høyrt om. Vi sløyfer stillas, men utstyrer oss med stigesokkel for å unngå sidevelt, samt klatresele. Arbeidsdeling: sambuar oppe på veggen i sele, eg nede. Klatreutstyr blir innkjøpt på sportsbutikken på Setermoen, med kyndig hjelp. Metoden vekker interesse hos naboane, kanskje får dei litt ekstra å snakke om? To strøk må til. Det dukkar opp blemmer, her ligg det nok linolje i botn. Det får vi berre leve med.

IMG_4366.JPG
Maling: prosess og testing av sikkerheitssele.  Nede til høgre situasjon ved avreise. Nymalt hus og nyklipt plen med kveldssol over lia.

Farvel til skrotet?

Eg har tidlegare i år hatt opprydding heime i Bergen, og kvitta meg med mangt som fylte opp bodane. No er det på høg tid med rydding i sjåen, der mine no avdøde foreldre har plassert ting og tang opp gjennom åra. Min foreldregenerasjon tok vare på det meste. Dei stifta bu i etterkrigstida, og mykje kom til nytte. Å ta vare på det ein hadde var vanleg og naudsynt før i tida, i motsetnad til i dag. Men her som elles gjeld det å finne rette balansen. Av og til må ein berre innrømme at ting ikkje varar evig og lære seg å ta farvel.

Ting som etter ei tid ikkje fekk plass innomhus vart flytta ut i sjåen. Der har det vore fullt lenge, og eg har skjønt at det er mitt ansvar å skape orden. Sidan det ikkje er eg sjølv som har stått for lagringa er det ei viss spenning knytta til kva som gøymer seg der. Kva er for eksempel innhaldet i dei mystiske kartongane som ligg under alt lausøret på overflata? Vi leiger oss ein romsleg tilhengar og går på med krum hals.

IMG_4367.JPG
Her var det mykje

Etter å ha sortert og kvitta meg med det meste i dei øvste laga finn eg fulle esker med materiale til matter, det vil seie avlagde klede og andre tekstilar, delvis oppklipt. Mor mi har nok hatt store planar om gjenbruk, men her er materialet blitt liggande kanskje i 40-50 år. Dessverre er ikkje tøyet sin tilstand slik at det innbyr til vidare gjenbruk. Det blir eit litt vemodig gjensyn med tøy som ein gong var i bruk, mange minne dukkar opp. Men altså exit.

Far min, som gjekk bort alt i 1977, var siviltilsett i Forsvaret og hadde tilgang til militært overskotsmateriell. Derfor finn eg plenty med skjorter, genserar, bukser, sokkar og undertøy, ja også soveposar, Dessverre har nok både mor mi og far min gøymt på alt dette til inga nytte. Det går nok i bosset.

Nei forresten, ikkje alt går i bosset. Overraskande nok fnn eg ein kartong med avlagte klede frå mor mi. Av ein eller annan grunn har dei hamna her i sjåen. Dei skreiv seg nok frå 70-talet. Mor mi var ei klesinteressert dame med sans for farge og fasongar.  Hadde ho vakse opp i ei anna tid hadde ho kanskje vore designar? Her plukka eg ut nokre eksemplar som – i desse retrotider – truleg kan vere interessante for den rette. Desse er no levert til Fretex i Bergen. Det er berre å håpe at dei kan få eit liv nummer to hos den rette.

IMG_4477.JPG
Mor sine 70-tals modellar

Inst i ein gamal kjøkenbenk finn eg far min sine slitne bøker med reiseskildringar frå fjerne himmelstrøk. Er har mistanke om at desse måtte vike frå bokhylla då mor vi vart medlem i Bokklubben. Far min var svært opptatt av framande kulturar, eg hugsar spesielt han var fasinert over hovudjegarane på Ny Guinea. Hadde han levd i ei anna tid hadde han vel kanskje blitt etnolog eller sosialantropolog? Nei, desse bøkene tar eg vare på.

Far min vart i staden ein habil snekkar. Det var det som var oppnåeleg opplæring den gongen i dei harde 30-åra. Som eit sideprosjekt denne sommaren har eg pussa opp nokre små bord som han laga. Eit av desse var opphavleg laga som møbel til leikestova mi, men var så fint at det i staden vart tatt i bruk til radiobord i stua. No var det blitt slitt og stygt på overflata, men etter sliping og ny lakk har bordet atter fått ein plass i stua.

To fulle lass med boss vart til slutt frakta til næraste miljøstasjon i nabokommunen Målselv, som er tilslutta det interkommunale selskapet Senja avfall. Her har dei opent nesten kvar dag i motsetnad til stasjonen i Bardu, som eg betalar renovasjonsavgifta til. I Målselv ser dei stort på det og tar imot avfall også frå dei som måtte kome over kommunegrensa frå Bardu. Veit selskapet om denne snyltinga, tru?

Refleksjonar

Eg tenker at mange av oss har urealistiske førestillingar om alt vi skal få utretta i vår levetid. Vi fyller opp med ting rundt oss som om vi skulle leve evig. Samtidig er vi dyktige til å fortrenge og utsette. Eg trur ein lærdom frå denne sommaren sitt strev må bli å ha kontroll med tinga og så langt råd er gjere opp vårt bu i eiga levetid.

For mitt vedkomande vart eg inspirert til gjenbruk. Vel heime i Bergen gjekk eg laus på gamle dynetrekk. Ja, eg var til og med innom Fretex for å skaffe meg eit par nye for ein billeg penge. Oppskrifta er kort sagt: rive i strimler, nøste opp, hekle fastmasker med heklenål nummer 10. Eg synest dei vart flotte.

IMG_4396.JPG
Hekla filleryer

I neste innlegg skal eg skrive litt om fornøyelsane som vi også omsider fekk tid til, etter all jobbinga. Og korleis vi kom oss sørover.

 

 

 

 

 

 

Fem veker i nord – første etappe

Det har vore taust på bloggen lenge. Eg har vore i WiFi-fri sone men er no igjen på nett. På seinsommaren gjekk turen mot nord der eg altså har min sekundærbolig. For at dette ikkje skal bli for omfangsrikt er erfaringane fordelt på tre innlegg: reisa nordover, opphaldet nordpå og til slutt reisa sørover.  Kor interessant dette er for andre er vanskeleg å seie. Men for meg sjølv er det greit å ha nokre knaggar å henge minne på. Ting går fort i den store gløymeboka.

Nordover

Frå Bergen til Buskerud

Vi startar frå Bergen i strålande sommarvêr, altså i ein av dei korte periodane sommaren 2017 som har gått over i historia som den dårlegaste sidan 1964. Finvêret varar heile turen nordover.

Turen i bil nordover har vi gjort mange, mange gonger og dei fleste alternative ruter er utprøvde. Etter at vi no ikkje lenger er bundne av tilmålte feriedagar, kan vi unne oss litt slakk og omvegar. Ofte er omvegane dei mest spennande. Det er begrensa kva strake vegen langs E6 har å by på. Og så er det spennande å ikkje ha reiseruta fastspikra på førehand.

Vi reiser som vanleg med kajakkar på biltaket. Dette har vist seg å vere kontaktskapande, på linje med det å vere hundeeigar. Utanfor hotellet i Ål fanga vi interessen til ein tidlegare rallykjørar frå Sverige, som kunne fortelje at padling var noko han ikkje ville våge seg på. Kjekt med litt respekt.

Denne gongen blir det ikkje den spektakulære nasjonale turistvegen over Sognefjellet som så mange gonger før. Det blir Hardangervidda. Vi har langt å køyre, over 170 mil,  meir om vi tar omvegar.  Altså må vi unngå for mange stopp, men unnar oss ein første kaffepause ved Vangsvatnet på Voss. I konkurranse med andre rasteplassar langs hovudvegane fortener denne plassen terningkast 6.  Plassen ligg litt før Voss sentrum når ein kjem vestfrå. Her er også badeplass og snedig nok har Hjelle bakeri etablert seg her, med herlege bollar og anna snop.

fullsizeoutput_3644.jpeg
Rasteplassen ved Vangsvatnet, Voss

På strekninga Bergen – Voss – Eidfjord og vidare over vidda passerer vi fleire stader som i mitt yrkesaktive liv låg på mitt bord som plansak. Eg konstaterer at det har fått vekse opp handelssatelittar utanfor Vossevangen. Butikkar meint for plasskrevjande varer har som alle veit også rikt utval av detaljvarer. Bransjegliding kallast det.  Det er heilt greitt å vere pensjonist og frikopla frå slike saker no.

Så kryssar eg for første gong  Hardangerbrua inn til Eidfjord der det enorme cruiseskipet Viking Star ligg til kai og stenger fjordutsikten for hotellgjestane. Vi hugsar turbulensen rundt dåpen av båten, som førte til Bergen sin fargerike ordførar sitt fall. Bølgjene har no lagt seg. Men kva med Eidfjord sentrum? Kan ein sjå resultat av reguleringsplanen for sentrumsområdet no tru? Vi gir oss ikkje tid til å sjå ordentlig etter. Ting tar no uansett tid.

Deretter opp Måbødalen,  med Vøringsfossen som ligg ved nasjonal turistveg Hardangervidda og Fossatromma, er her skjedd noko etter at reguleringsplanen var vedtatt?  I det minste er det kome nytt utsiktspunkt nedanfor Fossli hotell. Utsiktspunktet  ved Fossatromma kjem vel etter kvart som tilrettelegginga held fram. Det har hendt at turistar har trådt feil og hamne i fossen. Viktig med sikring.

1024px-Vøringfossen
Vøringsfossen. Foto: Kenny Louie, Flickr – wikimedia

Vi passerer Sysendalen ved innfallsporten til nasjonalparken på Hardangervidda. I tidlegare tider var jernvinna på Fet eit av dei viktigaste produksjonsstadene for jern. No har nye næringar slått rot i form av ei formidabel hytteutbygging. Dette vekker minner om mange og til dels konfliktfylte reguleringsplanforslag som kom på min pult for fylkeskommunal fråsegn. Kva har skjedd med dei vidløftige planane om Eidfjord Resort, med fjell-landsby og tilhøyrande fasilitetar? Det ligg nok litt fram i tid. Den digre Sysendammen, magasin for Sima kraftverk ligg kloss i vegen. Elles registrerer eg at det er kome nye leilegheitsbygg på Maurset. Også her skal det bli fjell-landsby. Urbaniseringa av fjellheimen er i full gang.

Frå Hardangervidda til Trøndelag

Men no er eg straks ute av kommunane der eg har hatt plansaker. Eg er dessutan utanfor Hordaland fylke. Over i Buskerud kan eg senke skuldrane og slappe av.  I Ål blir det overnatting, deretter går turen til Gol og Golsfjellet, over til Valdres og Dokka og ned til Mjøsa, der vi tangerer Lillehammer på veg opp Gudbrandsdalen til Ringebu, der vi tar av til Venabygd. Dessverre gløymer vi å ta til venstre inn til Gausdal med Aulestad og Segalstad.  Dette er interessante trakter for meg som etterkommar på morssida av utflyttarar herfrå til Målselv på slutten av 1700-talet. Garden Segalstad er med på slektstavla for denne greina av familien.

IMG_4137.JPG
Shabby rasteplass ved Mjøsa

Rasteplassen ved Mjøsa, ved innfallsporten til eks-OL-byen Lillehammer, må eg nesten gi strykkarakter, til tross for fin utsikt over Mjøsa.

Vi legg vegen om Folldal.  På vegen får vi eit gløtt inn i Rondane nasjonalpark. Fjella ser forlokkande og ikkje minst lettgåtte ut, her må eg absolutt få tatt turen ein gong. Gruvedrifta i Folldal tok slutt i 1993 og anlegget er no museum. På museumskafeen blir det lunsjpause. Her er ein god del folk på besøk. Særleg for ungane er det stas med togtur i gruva. Vi har det travelt og gir oss ikkje tid til å utforske staden nærare denne gongen. Eg meiner at forfedrane mine som kjem frå traktene i Østerdalen hadde fraktoppdrag til gruvene, kanskje også her i Folldal?

fullsizeoutput_367f.jpeg
På veg til Folldal

 

fullsizeoutput_3641.jpeg
Folldal – gruve og museum

 

fullsizeoutput_3646.jpeg
Togtur i gruva

Vi passerer Alvdal, Tynset og Røros. Der har vi stoppa på tidlegare turar. Med min bakgrunn som etterkommar på farssida etter folk som flytta frå desse traktene til Bardu, er det sjølvsagt interessante stader. Sommaren 2010 oppsøkte eg museumssenteret på Tynset – Ramsmoen – for å forske litt meir på utvandringa herifrå til Bardu. Museet har namn etter Nicolai Hersleb Ramm som er rekna som «far» for utvandringa til Bardu. På museet var dei svært hjelpsame og henta fram både bygdebøker og anna. Eg fann litt andre versjonar av denne historia enn det som står i bygdeboka for Bardu. Eg la også to og to saman om bakgrunnen til at mine tippoldeforeldre braut opp og drog nordover i 1837.

Bileta under er tatt i 2010, då vi gav oss litt meir tid og bl.a. besøkte Vingelen.

IMG_4362.JPG
Øverst til venstre Neby, Tynset der mine tippoldeforeldre budde først. Tynset kyrkje, skrivarstua til Eystein Eggen i Vingelen, forfattar av bygdebok for Bardu bd 1 og 2, nede til høgre traktene mine tippoldeforeldre budde før dei reiste til Bardu.

Som ei avveksling tar vi turen gjennom Stugudalen og Tydalen. Pilegrimsleia Romboleden gikk fra Sverige via Tydal til Trondheim. Elles var det i Tydalsfjella ein av Nordens største krigstragediar fann stad. 3000 svenske soldatar under leiing av general Carl Gustaf Armfeldt døde her vinteren 1718/1719.

Vi overnattar på hotell i Stjørdal sentrum. I gamle dagar, på dei første ekspedisjonane våre nordover, overnatta vi gjerne i telt eller i campinghytter. Alt har si tid. No set vi pris på komfort, mjuke hotellsenger og rikeleg med frukost som opplading til lange køyreøkter.

Frå Trøndelag til Bardu

Så er det å ta fatt på E6 og den lange Namdalen. På tide å sette på den nedlasta lydboka.  Litt underhaldning må til på landevegen, det vert oftast krimbøker for å ha litt spenning. Årets bok av eit svensk forfattarpar (ikkje Sjøvall og Walløe!) viser seg dessverre –  etter ein lovande start – å vere ganske så keisam, utflytande i formen og overlessa med alskens sidetema.

Men snart er det tid for kaffe og den obligatoriske vaffelen ved Nord-Norgessporten. Og sjølvsagt toalettbesøk på eit av dei absolutt betre toaletta langs vegen.

IMG_4152.JPG
Nord-Norgesporten – Trønderporten for sørgåande

Nordland er eit langt fylke. Vi køyrer og køyrer og middagspausen blir som så ofte før på Saltdal turistsenter på Storjord. Vi har då forlengst forkasta dei litt vage planane om å besøke Rødøy på Helgelandskysten. Det blir Hamarøy, Hamsun sitt «æventyrland» i staden. Her har vi vore før og veit om fine padleplassar.

IMG_4159.JPG
Til Hamarøy i kveldinga

Vi har fantastisk ver, jamnt 23 grader og kjem til Hamarøy like etter solnedgang. Det blir overnatting på Sentrumsgården motell på Oppeid. Heilt OK standard, nesten betre enn dei to hotella vi har vore på. Frukost ordnar vi på felleskjøkken etter sjølvbeteningsprinsippet, maten finn vi i kjøleskapet. På andre sida vegen ligg den sjarmerande retrokafeen Idunngården, som også har uteservering i hagen. På Hamsunsenteret har vi vore før og derfor legg vi ikkje turen dit denne gongen. Eit fabelaktig bygg som uttrykker Hamsun sin person på slåande vis.

IMG_4360.JPG
Idunngården og Hamsunsenteret

Så ut på padletur i strålande sommarvêr og eit fabelaktig landskap. På ein padletur i same farvatnet nokre år tidlegare oppdaga vi nokre utruleg fine holmar med kvite strender, dei fann vi igjen.  Frå austsida av Vestfjorden kan ein nyte utsynet mot Lofotveggen. Denne dagen ligg veggen i varmedis, men kan likevel skimtast.

fullsizeoutput_3640.jpeg
Finare blir det ikkje

 

IMG_4359.JPG
Opplevingar på padletur i Hamarøy. Nede til venstre kunne vi hatt gløtt mot Lofotveggen.

Så forlèt vi Hamarøy og «ankommer bestemmelsesstedet» som vår GPS-venninne seier. Meir om dette i neste bolk.

 

Ei veke i nord: frå vinter til sommar

Igjen har eg vore ei veke i nord. Det forpliktar å ha overtatt ein eigedom som ligg på 69 grader nord, om lag 170 mil frå primærboligen i Bergen.  Det var tid for våronn på tomta.

fullsizeoutput_2d87.jpeg
Det veks og knoppar seg i Sundlia

Denne gongen var snøen knapt tint då eg kom, etter den kaldaste mai månad i manns minne. No hadde eg følgt nøye med på vêrmeldingstenesten Yr i fleire veker for å finne rette reisetidspunktet. Då eg skjønte at varmlufta frå søraust (russarlufta) var på veg, slo eg til.

Straffa for å vente så lenge var sjølvsagt at det ikkje var billege flybillettar å få tak i. Fire tusen kroner, takk, skulle Norwegian ha for å fly tur-retur Bergen-Bardufoss. Og det var endatil såkalla lågprisbillett. Kor urettferdig er ikkje det for ein landsdel utan reelle alternative transporttilbod?

IMG_3791.JPG
Førsituasjon den 7. juni. Få teikn til sommar

 Det lauvast i li

Sett frå lufta den 7. juni var det lite som tyda på at det var to veker til midtsommar. Men det betra seg dramatisk. I løpet av to dagar med godt over 20 grader sto skogen grøn. Og det var ikkje ein sky å sjå heile veka.

Det er ikkje uvanleg å hoppe over våren her nord. I Bergen, der eg bur til vanleg, er det stort sett same vêr og temperatur året igjennom, men som regel med ein lang og som oftast fin vår. Lauvtrea bruker gjerne vekesvis på å bli grøne. Å kome nordover på forsommaren er ei spesiell oppleving og ei påminning om kontrastane i dette langstrakte landet.

IMG_3789.JPG
Vinterens siste sporsnø. Elgen sine visittkort kjem fram, hestehoven tittar fram, blommen krøllar seg og bekkane brusar.

Når eg er på min fødestad i Sundlia prøver eg alltid å få meg ein tur på gamle trakter opp i lia.  Der er det no bygd skogsveg og dei gamle stiane eg brukte i yngre dagar er gjengrodde.  Dette var stiar som gjekk til setrene den gong det var seterdrift, og elles til fiskevatn og vidare til fjells. Enkelte av stiane er merkte, men dei er lite brukt og bregner og buskas gjer dei lite framkommelege.  Det positive er at skogsvegen er lett og fin å gå for aldrande damer!

IMG_3788
Forsommerflora i lia

Floraen i dei frodige liene i dalføra i Troms er eit kapittel for seg. Tidlege blomster her er gulveis (gulsymre), soleihov og ballblom (knappsoleie). Og så har vi «blommen» som dominerer i liene og som eigentleg er bregnearten strutseving. Dei nye skota på blommen er spiselege, ja skal vere ei delikatesse, men det har eg til gode å prøve. «Bispestav» er eit anna namn på denne bregnen, og kjem av formen på dei nye bladene.

Strutsevingen må ikkje forvekslast med ormetelg. Forskjellen er at strutsevingen har eit separat brunt blad med sporer, mens ormetelgen har sporene på sjølve dei grøne blada. Etter nøye konsultasjon i faglege kjelder har eg funne ut at det er strutseving og ikkje ormetelg vi finn oppe i lia.

Eg undrar meg over at gulveisen ser ut til å ha blitt meir vanleg enn før.  Den liknar på kvitveisen, ein karakteristisk vårblomst på Vestlandet. Gulveisen var ikkje vanleg då eg vaks opp, og den er faktisk rekna som sjeldan.  På Vestlandet har eg aldri observert denne arten.  At gulveisen er kommuneblomst i Bærum får vi bære over med. Blåveisen hadde vel høvd betre på dei kantar?

Ballblom – eller knappsoleie som vi pleide å kalle denne flotte og velduftande blomsten – er Troms sin fylkesblomst. Korleis det skal gå med fylkesblomstane i den nye regionen som består av Troms + Finnmark gjenstår å sjå. Dette spørsmålet gjeld no forresten heile stortingsvedtaket om regioninndelinga som kom den 8. juni. Det kjem eit val i september.

Seinare på sommaren kjem høgstaudene: turt, storkenebb, rød jonsokblom (eller Maria bløde som vi brukte å kalle den), mjødurt, vendelrot med fleire. Det er elles slått fast frå forskarhald at Troms er frodigaste fylket i landet.

På tur opp lia passerer vi Kvilarsteinen, ein populær rasteplass med vidt utsyn mot fjella ikring.

IMG_3793.JPG
Utsikt frå Kvilarsteinen. Istind, Hjerttind og Vesle-Ala.

Våronn

Hovudærendet mitt nordover denne gongen var eigentleg ikkje kos og fornøyelse. Eit mål tomt med «plen» kan by på mykje slit. Eg brukar hermeteikn fordi dette jordstykket etter nokre år med mangelfull skjøtsel knapt fortener å kallast ein plen. Rett skal vere rett: det dreier seg ikkje berre om vanskjøtsel. Etter at plenen for nokre år sidan vart gravd opp for å drenere vart det kjørt på ny jord og tilsådd. Det som kom opp viste seg å vere ca. 70% ugras.

IMG_3794.JPG
Våronn og radikal utrydding av høymugle

Lass på lass med daugras måtte vekk. Grunna sein vår var det lite grønt gras, men ugraset, og då særleg den forhatte høymugla (høymol for søringar) såg ut til å ha det travelt med å kome seg opp. Det er lansert fleire kjerringråd for å bli kvitt styggedommen. Her kan nemnast eddik, kokande vatn, salt osv. Men eg bestemte meg for å ta ondet ved rota, bokstaveleg talt. Eg fann ut at spett var det best eigna reiskapet. Eg ante ikkje at ukruttet hadde slike imponerande pelerøter, dei største på storleik med ei middels gulrot.

IMG_3795.JPG
Istinden kan ein nyte både i midnattsol og morgonsol.

Midnattsola viser seg ikkje på denne sida av dalen, men sola står opp kl. 2 og står høgt på himmelen i 5-tida. Altså er det all grunn til å starte dagen tidleg, og ein kan halde på langt ut over kvelden om kreftene strekk til.

Samferdsel i nord – og livet langs E 6

Det vart mykje botanikk den her gongen. Eg kunne ha skrive om mykje anna. Innleiingsvis uttrykte eg misnøye med samferdselstilboda her nord. For snart 100 år sidan vart det fatta vedtak om å bygge Nord-Norgebanen, men etter at banen vart ført fram til Fauske i Nordland i 1958 stoppa det opp. I det siste er det blåst nytt liv i planane. Forlenging av jernbanen nordover kjem nok ikkje i mi levetid, sjølv om det i Nasjonal transportplan vert sett av eit par millionar til utgreiing av bane fram til Tromsø. Det er næringsutvikling og då særleg sjømateksporten som no er hovudargumentet. Men persontransporten vil jo følgje med på lasset.

Ofotbanen som går til Narvik frå Sverige er ein slags Nord-Norgebane, men den stoppar altså i Narvik og derfrå er det vegtransport som gjeld. Å få gods over frå veg til bane vil vere gunstig med tanke på klima og miljø, også for lokalmiljøet. Vi som har tilhald ved E 6 i Bardu veit kva det vil seie å ha all godstransport på veg mellom nord og sør dundrande forbi til alle døgnets tider. Strekninga Narvik – Tromsø er særleg tungt belasta av godstransport med bil. Og i Indre Troms har vi militære køyretøy i tillegg til anna tungtransport.

Les meir om framtidig jernbane i Nordnorsk Debatt

Eg kunne ha skrive mykje anna også, om uttynning av busetnaden på landsbygda i nord, om nedlagte gardsbruk, gjengrodd kulturlandskap osv. osv. I Sundligrenda – som då eg vaks opp var eit levande lite lokalsamfunn med folk i husan og dyr i fjøsen – står no dei fleste nabohusa tomme. Nokre er overtatt eller utleigd til våre nye polske landsmenn, andre fungerer som feriebustader for fråflytta folk som meg. Folk i det nye bustadfeltet eit lite stykke unna er framande for meg. Bjørkeskogen kryp lenger og lenger ned mot bebyggelsen. Gran, tett planta på 60-talet, har begynt å prege bjørkeliene, med dei følgjer dette får for blåbærhaust og andre lyskrevjande planter.  Mykje er endra i min barndoms dal. Då er det ei trøst at den majestetiske Istinden er den same, sjølv om breen ser ut til å minke. Dette fjellet skal eg skrive meir om ein annan gong.

IMG_3763.JPG
Farvel for denne gong

Eg er no tilbake i Bergen, i regn og gråvêr og 14 grader, altså standard sommarvêr. Etter å ha tilbrakt ei veke under skyfri himmel, med spirande vekster og nyutsprunge lauv, kjennest det nesten brutalt å komme tilbake til Bergen sin overdådige grøne vegetasjon, med digre tre og prangande rododendronbusker!

 

 

Kremtoppar og gummistøvlar

I håp om skikkeleg seinvintervêr, og for å ta ein pause frå alle ulydar som høyrer med når renoveringsarbeid pågår i heimen, har eg vore nokre førpåskedagar i nord.  I sekundærboligen, som det så fint heiter i skattemeldinga. April er lunefull og finvêret kom først etter nokre dagar med regn og holke. Etter vêromslaget kom kremtoppane til sin rett, med nydelege heildekkande dyner av nysnø. Alle som har reist med fly over den nordlege landsdelen på ein klår vinterdag veit kva eg snakkar om.

IMG_1897.JPG
Kremtoppar på Senja

Eg fekk ikkje tatt bilete frå lufta denne gongen, vinduet på Widerøe-flyet Tromsø-Bergen var for uklårt. Biletet over er derfor frå ein tidlegare tur. Det var synd eg ikkje fekk knipsa det utrulege synet på returen skjærtorsdag, med kremtoppar frå fjella i Troms og vidare sørover over Vesterålen, Lofoten og Steigen, før skyane overtok sør på Helgeland.

Men sjølvsagt vart det turar også mellom kremtoppane. Skiterrenget som eg er oppvaksen med, og som er min referanse for alt anna skiterreng, er fjellområdet som ligg mellom kommunane Bardu, Målselv, Sørreisa og Salangen. Her tronar Hjerttind med Hjerttindtuva ved si side, her ligg Kampen og Kampaksla, og frå Sundlifjellet, som ligg i skiløypa midtvegs mellom Setermoen og Bardufoss er det eit utruleg panorama. Heilt til Senja og fjella i Balsfjord og Lyngen kan ein sjå på klåre dagar. Litt nærare i synsranda ligg Vassbruna, Blåtind, Mauken og sjølvsagt sjølvaste sjefskremtoppane: Istindan. Istind  skal eg komme tilbake til ein annan gong.

IMG_3263.JPG
Utsyn mot Vakkerlødfjell, Hjerttind og Hjerttindtuva frå Sundlifjellet

Den 1. april i år gjekk Reistadløpet av stabelen. Det går frå Setermoen til Bardufoss og kryssar dette området. Dette er eit skirenn som har vore arrangert årleg sidan 1958, men i år var første året med status som eit renn i Visma Ski Classics, der bl.a. Birkebeinerrennet og Vasaloppet inngår. Reistadløpet vart overført på NRK TV i si heilhet og både landskap og arrangement fekk mykje skryt. Men skuffande nok ingen omtale i Sportsrevyen. Fotballen trumfar det meste.

IMG_3253.JPG
Istind

Gummistøvlar

Kva har så gummistøvlar med kremtoppane å gjere? Ikkje anna enn mi personlege tilhøyrigheit til eit geografisk område som både byr på snø og vatn. Det har seg slik at min såkalla sekundærbolig ligg på eit jorde som tidlegare var myrgrunn, og på hustomta ligg ei vasskjelde. Vatnet sig kontinuerleg inn eine hjørnet i kjellaren og fører med seg rusthaldig slam, som tettar til avløpet og forårsakar oversvømming på kjellargolvet. Dreneringstiltak har vist seg fånyttes. Altså er tette gummistøvlar eit must. Då eg skulle lense denne gongen vart eg søkkvåt på beina fordi eg trudde dei billege støvlane eg kjøpte for eit par år sidan ville halde vatnet ute. Nei, her måtte det skaffast nye støvlar.

Av garde til Andselv for å kjøpe støvlar, men først ein tur innom Coop der auga fell på  den siste boka Henning Mankell skreiv før sin død i 2015. Boka, som har tittelen «Svenske gummistøvler» vil eg påstå er ein av forfattaren sine beste og mest velskrivne.  Det viser seg at hovudpersonen i boka strevar med å få skaffa seg nye gummistøvlar av merket Tretorn.  På G-sport på Andselv fekk eg kjøpt eit par skikkeleg solide svenske støvlar – av merket Tretorn.  Dessutan vart påskelektyren sikra.  Støvlane mine er staselege, med oransje snøring. Sidan eg ikkje er sponsa av produsentane, legg eg ikkje ut bilete.

Men vent litt. Har eg ikkje hatt svenskestøvlar før? Eg minnest støvlane eg hata då eg var sånn ca 4-5 år. Vi kalla dei rett og slett «svenskestøvlane». Dei var håplause å få av og på. Det er desse eg har på meg på biletet under, der eg til tross for dei umulege støvlane ser ut til å vere i brukbart humør.

fullsizeoutput_1890.jpeg
Liv med svenskestøvlar

Sidan eg no er litt tilbake til barndommens rike, kan eg jo også ta med ei bilete frå ein av dei første skiturane mine, på jordet der det nokre år seinare kom opp eit hus – med innebygd vasskjelde….

fullsizeoutput_1892.jpeg
Liv på heimleg skitur

Så kan eg sjølvsagt kritiserast for ikkje å kjøpe norskproduserte støvlar. Kva er i vegen med Viking? Sikkert ingenting, men Vikingstøvlar var altså ikkje å få tak i der og då. Og vi har vel stort sett få motforestillingar mot utanlandsprodusert fottøy.

Og Sverige er nær nabo. Nokre mil bakom haugane på biletet over ligg svenskegrensa. Ja, for Sverige er naboland også her nord, ikkje berre på Austlandet slik ein kan få inntrykk av når ein f.eks. høyrer nyheitsreportasjane om nordmenn sin trafikk til Strömstad i påsken. Og i same slengen kan ein jo lure på kor dette «påskefjellet» er – det ligg visst sør for Dovre ein stad? Ikkje veit eg, men sikkert er det at finaste påskefjellet er her nord.

Ei veke i nord

img_3004
Skoelva, Bardu i januarlys

Eg har vore nordpå ei vekes tid. Det vil seie: først nokre dagar i Bardu, på min fødestad, no i Tromsø. Som pensjonist er ein fri til slikt. Men lommeboka bør ikkje vere for slunken. For same prisen som flyreisen Bergen – Bardufoss kunne ein nok fått seg ei veke under heilt andre himmelstrøk, trur eg til og med kunne ha komme meg heilt til Florida.  Men eg ønsker meg altså vinteren her i nord, som ei motvekt mot den lite tilfredsstillande bergensvinteren. Men her som der er denne årstida utfordrande nok. Etter eit par strålande, men kalde vinterdagar i Bardu slo vêret om til nullføre med regn, sludd og snø. Med tilhøyrande utfordrande køyreforhold på speilglatte vegar og ein buss som vart ein time forseinka på veg til Tromsø på grunn av trafikkulukke undervegs og påfølgjande opprydding og vegstenging.

img_3012

Å vende tilbake

Tilfeldigvis har eg hatt med meg siste bind av Elena Ferrantes Napolikvartetten som lesestoff. Her kjem hovudpersonen tilbake til Napoli etter å ha gjort karriere som forfattar og i den akademiske verden. Endringane ein ser er farga av dei erfaringane ein har gjort i mellomtida. Så kva er det eigentleg ein ser når ein vender tilbake til ein stad? Interessant perspektiv når ein er tilbake på gamle trakter.

No er eg altså i Tromsø, i veka der TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival – går av stabelen for 27. gong. Ei stor årleg begivenheit som får folk til å gå mann av huse, fylle opp sentrumsgatene og det som måtte vere av kafear, pubar og restaurantar i Tromsø – og dei er ikkje få. Tromsø er byen i Norge med størst kafetettheit i forhold til folketalet.  Og noko av grunnen til den heilt spesielle atmosfæren i byen under denne veka er nok at det er eit intimt sentrum. Kinovestibylen har direkte inngang til det flotte biblioteket, som ligg der Fokus kino låg tidlegare. Rådhuset ligg i same kvartal, og på andre sida av gata ligg Kulturhuset, med tilhøyrande kafe.

Under festivalen risikerer ein å treffe att bekjente og klassekameratar ein ikkje har møtt på fleire tiår. For eg gjekk altså på dei som den gongen heit Tromsø Gymnas, no Kongsbakken vidaregåande skule, den staselege raude bygninga som tronar på toppen av Kongsbakken, godt synleg sentralt i bybiletet. Så eg er altså på gamle tomter. Sidan eg heldt til her på 60-talet har det skjedd utruleg mykje med byen. Utelivet har likevel alltid vore eit særpreg. På 60-talet var det til ei kvar tid på døgnet folk å sjå på hjørnet utanfor BUL. Heile dette kvartalet strauk med i bybrannen i 1969, men det er ei anna historie. Til tross for at det no er serveringsstader å sjå overalt i sentrum, ser ikkje talet på butikkar ut til å ha auka nemneverdig. Kvifor? Svaret finn vi nok på andre sida av Tromsøya der Jekta storsenter trekkjer til seg bilfarande kundar. Snart kjem også IKEA dit. Vi kryssar fingrane for eit fortsatt levande sentrum, også for handel og ikkje berre kafe- og festivalgjestar.

img_3018
Utekino på torget

Å vende tilbake har også vore eit tema i fleire av dei filmane eg har sett. Karenina & I handlar om skodespelaren Gøril Mauseth som skulle spele Anna Karenina på teatret i Vladivostok og som under den lange reisa med den transsibirske jernbanen gjorde store anstrengelsar for å leve seg inn i rollen og samtidig øve seg i det for henne ukjente russiske språket. No vart det likevel slik at ho måtte spele rolla si på norsk. Men eit av resultata av dette var at ho fann tilbake til seg sjølv og staden der ho vaks opp – nemleg Kjøllefjord i Finnmark. Det kan verke som litt spesielt å måtte gå vegen om Anna Karenina sin historie og skjebne og reise heilt til Vladivostok for å erkjenne denne tilhøyrigheita. Men for sjåarane var det no i alle fall ein interessant road-movie.

Den beste filmen av dei eg har sett til no må nesten vere den argentinske  komedien «A distinguished citizen» som handlar om ein suksessrik Nobelprisvinnande forfattar, født i Argentina, busett i Barcelona,  som er gått lei av virak og avslår alle invitasjonar, men som motvillig likevel mottar  invitasjonen frå den den nokså ubetydelige heimbyen i Argentina.  Her blir han utnemnt til æresborgar, men forventningane hos folka i heimbyen er vanskelege å møte og populariteten dalar.

Poesi og politikk

To av dei andre filmane eg har sett dreier seg også på kvar sitt vis om poetar. Pablo Neruda, den chilenske poeten og politikaren måtte i 1948 flykte frå regimet, og filmen «Neruda» handlar om dette. I filmen er han skildra som ein samansett person. Det som gjorde denne filmen spesielt interessant var forteljargrepet og skildringa av forfølgjaren, den unge og ambisiøse politimesteren som ønskjer å vere ein del av diktaren si forteljing.  Den andre filmen – «Shun Li and the Poet» er ei nydeleg skildring av venskapet mellom den kinesiske jenta som har fått seg jobb i ein hamnekafe i ein fiskarlandsby i Venezia-lagunen og den eldre fiskaren med ei poetisk åre, innvandrar frå Jugoslavia. Heller ikkje desse fekk vere i fred for omgjevnadene si mistenkeleggjering.

Eg har sett mange fleire filmar som eg ikkje nemner her. Eg er ikkje filmkritikar og kjenner mi begrensing. Det fine med slike internasjonale filmfestivalar er at ein får innblikk sosiale og politiske forhold som elles går under radaren her heime. Så kanskje fortener den  indiske dokumentarfilmen  «An insignificant man» litt omtale. Kven har for eksempel høyrt om det nye politiske partiet Aam Admi Party – «partiet for alminnelege folk»? Partistiftaren Arvind Kejriwal blir kalla Indias svar på Bernie Sanders. Partiet utfordrar etablerte parti, korrupsjon og maktstrukturar. Parallellen til vestlege protestparti er interessant. Dette høyrer ein ikkje mykje om i media på våre kantar.

img_3024
Aldri for seint å bli rockestjerne!

I løpet av desse dagane i Ishavsbyen har eg sjølvsagt besøkt ei rekkje av dei talrike kafe- og pubtilboda. Ingen nemnt, ingen gløymt, med unntak av sjølvaste urpuben: Ølhallen.  I mi tid i byen på 60-talet var dette helst ein stad for mannfolka, stengetid var kl 16 og dametoalett kom det ikkje før seinare. No kan denne tradisjonsrike staden skilte med eit imponerande utval av ølsortar og eg holdt på å seie også damer. Rema (RÆma, eventuelt RÆva) erta på seg Mack i si nylege innskrenking av ølsortar i butikkane. Dette er sjølvsagt med på å fyre oppunder den ulmande, for ikkje å seie veksande motsetnaden mellom sentrum-periferi både i landsdelen og i landet for øvrig. I same slengen kan vi nemne ulv, kommunereform, regionreform og forsvarspolitikk. Vi går spennande tider i møte.

img_3019
Marit Bockelie si skildring av Tromsø heng på Ølhallen

Den 21. januar, som i år fall på laurdagen, er soldagen i Tromsø. Fyrverkeriet som skulle vore avfyrt frå Fløyfjellet  på nyårsaftan vart utsett til soldagen på grunn av vêret. Sola viste seg dessverre ikkje, men fyrverkeriet som vart avfyrt på Mandelasletta var riktig så flott.

Eit par filmar også i dag søndag, så går turen tilbake til Bergen. Denne gongen vart det Tromsø som fekk mest merksemd, men eg kjem nok tilbake med meir stoff om Bardu og andre stader etter kvart. Til veka går elles kjempearrangementet Arctic Frontiers av stabelen i Tromsø, med notabilitetar frå inn- og utland. Det skjer mykje her nordpå.