Den søte forening

No er boka ferdig og ute for sal! Arbeidet har tatt over fire år, med forsking, skriving, redigering og utforming til ferdig produkt. Ho er utgitt på forlaget til Skriveakademiet,

Kva handlar boka om?

Eg saksar frå baksideteksten:

I 1803 kjem lekpredikanten, opprøraren, skribenten og næringsutviklaren Hans Nielsen Hauge til «kolonien» i Bardu og Målselv. Der har bønder sørfrå slått seg ned, mellom dei gudbrandsdølen Peder. Han er i gang med å rydde seg ein gard i Målselv.

I Trøndelag er Marit frå Oppdal ei av mange unge som har slutta seg til Hans Nielsen Hauge sin veneflokk. Oppmoda av Hauge, legg ho ut på den lange reisa nordover.

Korleis er det å skape seg eit nytt liv som rydningsfolk? Kva vil det seie å leve i kamp mot naturkrefter, uår og sjukdom i ei tid der det er krig og mangel på det meste? Og på kva måte skal menneska i nord bringe aven og gnisten frå Hauge vidare, etter at øvrigheita bestemmer seg for å sette ein stoppar for verksemda hans?

I romanen Den søte forening følgjer vi Peder og Marit gjennom første halvdel av 1800-talet. Bygda veks, og den nye norske nasjonen utviklar seg etter kvart som haugerørsla tar nye former. Vi får også følgje ekteparet på ferda mot det siste møtet med den store lekpredikanten.

Den søte forening er ein fengslande historisk roman om Hans Nielsen Hauge og dei som førte arven vidare.

Lenke til forfatterintervju

Kjøp

Om du vil kjøpe boka, kan du få tilsendt signert eksemplar frå meg, pris 320 kr + frakt 75 kr. Kjøper du fleire på ein gong, sparar du på fraktkostnaden. Betal helst med Vipps til 970 99449.
E-post livsundh@online.no.

Eller du kan bestille på nett frå ARK eller Norli. Og om du vil halde boka i handa før du kjøper, kan du spørje i bokhandelen. Og vil du heller låne, kan du spørje i biblioteket. Har dei ikkje boka, kan dei skaffe ho.

God lesing!

Sommaren som gjekk

Skal seie tida flyg fort av garde. Snart eit halvår sidan sist det vart skrive her på bloggen. Ein sommar er over, og no er hausten her. Eg har ikkje tenkt å gi noko referat frå heile sommaren, men han fortener litt omtale likevel. Store delar av sommaren har eg tilbrakt i Nord-Noreg, som var årets vêrvinnar. Her i vest har det vore så som så. Men slik stoda er mange stader i verda no, med hetebølgjer, skogbrannar, katastrofale flaumar, krigar osv. skal vi vere varsame med å klage. Sjølv om også vi har fått vårt her til lands. Delar av Austlandet fekk smake på det som det truleg blir meir av i tida framover, flaum og store materielle skadar. Sjølv klimaskeptikarane må no vel etter kvart godta at det er noko i det som vitskapsfolk på feltet lenge har åtvara mot.

Lokalvalet vi nyss har vore gjennom skal eg ikkje seie så mykje om. I Bergen er det som vanleg liv og røre i politikken. Det hadde vore greit om skillelinjene mellom partia etter kvart kunne dreie seg om andre ting enn denne Bybanen.

Så no trur eg berre eg rett og slett legg ut nokre bilete frå den sommaren som har vore. Og då må eg vere selektiv og streng i utvalet, for eg har faktisk vore mange stader rundt i landet. I vår til og med utanlands, til Toscana og Umbria, utan at eg tok meg tid til å heidre turen med eige blogginnlegg. Det var ein rett fin tur til historiske byar og landskap som er noko av det beste vår verdsdel har å by på, men det fører for langt å attgje det her. For dei som er mine vener på Facebook har det vore mogleg å sjå mange bilete derifrå.

Forsommar i Troms

11. juni i Tromsø, på veg heim frå jubileum for Tromsørussen 1968

Eg har vore nordpå i to omgangar, første gongen i juni og så på seinsommaren. Etter den varme sommaren forsvann alt av snø og is frå Tromsdalstinden.

Også juniutgåva av Istinden i Bardu skil seg frå augustutgåva

Bergen

I Bergen testa vi den nye spektakulære 3 km lange sykkeltunnelen til Fyllingsdalen.

Midt i sykkeltunnelen

Juni i Bergen var i det heile ikkje så verst. Tørt og god temperatur, det gav høve til måltid ute.

Reker og hvitvin i kveldssol på nordbalkongen
Nygårdsparken byr på fred og ro om det blir for mye trengsel i sentrum

Austlandet

Det vart høve til ein liten visitt til Austlandet, nærare bestemt Tønsberg og deretter Hønefoss, der Kistefos museum ikkje er langt unna.

På hamna i Tønsberg kan ein sjå på vikingskip
Skulpturar i «the Twist» på Kistefos museum

På seinsommaren var det tid for årets andre tur i retning nord. Denne gongen via Toten, Gausdal og Gudbrandsdalen. På Aulestad og i Ringebu kan ein tilbringe mange interessante timar. Og frå desse traktene kom også ein av mine forfedre som slo seg ned i Målselv på slutten av 1700-talet.

Skrivestova til Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad
Ringebu stavkyrkje, landets nest eldste
Utstilling i «låven» på Ringebu prestegard
Bjørnstad i Musdalen, her budde min tipptippoldefar før han flytta nordover

Nord i landet på seinsommaren

På vegen mot nord var det overnatting i Mo i Rana og morgentur på den nye strandpromenaden. Havmannen står støtt ute i sjøen, han andre har lagt seg halvflat.

Sjøfronten i Mo i Rana
Med forventing om fine padleturar kryssar vi Tysfjorden på veg mot nord
Og fine turar vart det, her på Sør-Senja
Pause etter den obligatoriske jakta på molter
Nysnekra kjellardør
Fjellfroskvatnet i Øverbygd
På veg tilbake frå padletur Aursfjord – Malangen i 27 plussgrader
På Holmvassfjellet, Balsfjord med utsyn mot Lyngsalpan
På «Kalottspel» – den årlege folkemusikkfestivalen i Målselv
Ved Altevatn i Bardu med orienteringsløper i aksjon
Reinsdyr på Sundlifjellet
Majestetiske Istind i kveldssol speiler seg i Myrvangnessan

Med desse glimta for ein forgangen sommar takkar eg for denne gongen. No nærmar seg forøvrig tida for lansering av boka eg har snakka om tidlegare. Meir informasjon kjem her på sida når ho er klar for sal.

Vårvinter i nord

Eg er såvisst ingen flittig skrivar her på bloggen. Men no fann eg ut at det var dags å gi lyd frå seg, no når vi nærmar oss våren og dagane er lyse. Men vinteren har visst ikkje tenkt å sleppe taket. Eg sit og ser ut kjøkenvindauget på min andre heim her i nord, det snøar tett, i motsetnad til det strålande, men sprengkalde vêret vi har hatt tidlegare denne veka. For augneblinken er eg smått bekymra for dei noko aldrande karane som for nokre dagar sidan la i veg på sin årlege skitur, denne gongen i Indre Troms, frå Dividalen, til den avsides Dærtahytta, via Pältsa i Sverige til Gåldahytta ved Treriksrøysa og så ned til Skibotn. Det var i alle fall planen. Eg håper dei kjem seg heim i god behald, det er meldt tett snø og kuling utpå dagen. Og mobildekkinga manglar sjølvsagt i desse fjerne traktene.

Samar i dølaland

Sjølv har eg hatt nokre fredelege dagar åleine. Og eg har gjort noko eg aldri har gjort før: gått tur på Barduelva i spora etter ein diger reinsdyrflokk (og snøscootarar). For første gong i mitt liv har eg vore vitne til reinflytting, eit par hundre meter frå husdøra.

Eg har i eit tidlegare innlegg her på bloggen skrive om «Dølar i Sameland», no kan ein visst snu på flisa! For mens alle gardsbruk som var rydda her i grenda av rydningsfolket som kom på 1800-talet vart nedlagde på sytti-åttitallet, har reindrifta tatt seg opp her i traktene. Samefamilien Oskal, med opphav i Kautokeino, slo seg i nyare tid ned i Troms og har markert seg på fleire vis. Fordi dei no er inngifta i mi slekt og etterkomarar bur i nabolaget, er det samiske innslaget i grenda blitt synleg. I nabokommunen Sørreisa har driftige medlemer etablert bedrifta Hjerttind Rein der dei sel eigenproduserte produkt.

Her kom reinen i land i Sundlia

Sist mandag fann reinflyttinga stad her i Sundlia, på veg frå vinterbeite til sommarbeite. No kom flokken frå Istindan, over Barduelva, over E6 (trafikken måtte vente, lang kø) og så opp til Sundlifjellet, som også er oppsamlingsområde til visse tider. Reinen kalvar og beiter i Hjerttind (Stàlonjargga) reinbeitedistrikt som ligg midt i Troms reinbeiteområde. Distriktet femnar om område i Bardu, Målselv, Sørreisa, Salangen, Dyrøy og Lenvik.

Sundlifjellet er, og har alltid har vore «vårt» fjell, med utallige turar sommar som vinter. Det er først dei seinare åra at reinen er blitt eit innslag i faunaen i dette området. Reinen er ikkje åleine hjortedyr i distriktet. I det siste er det også kome rådyr, det skal også vere observert hjort. Og elgbestanden er stor. Det er lenge sidan ein møtte på beitande husdyr i skog og fjell. Talet på rein i distriktet skal vere på rundt 2000.

Frå gamalt av var her trekkvegar for samar som kom frå svensk side. Dei hadde blant anna leir inst i Skoelvdalen fram til 1920-talet. Notidas reindrift her i traktene er med norske samar som har overtatt reinbeita frå eldre tider. Trugsmål mot samanes leveveg og kultur er i høgste grad på dagsorden i desse dagar, og kommunane er pålagt å ivareta reindriftsinteressene i si planlegging. Det er peikt på konflikt med bygging av hyttefelt, vegar, kraftutbygging, militær aktivitet mm. Det er utarbeidd ein distriktsplan for reinbeitedistrikt 20 -Stàlonjargga/Hjerttind reinbeitedistrikt som gjer greie for ulike interesser og konflikter.

Her ligg reinen og kviler før ferda går vidare
Her starta reinen si ferd over elva. Hjerttind og Hjerttindtuva tronar i bakgrunnen.

Men no er sola borte og det vert nytt påfyll av snø.

Utsikt frå kjøkenvindauget

Litt av grunnen til pausen her på bloggen er at eg har arbeidd med eit bokmanus som eg no har levert frå meg. Det blir bok av det, men eg kan ikkje seie tidspunkt for lansering. Eg skal nok seie frå! Og så håper eg mange vil fatte interesse og kjøpe og lese når den tid kjem. Boka er ein historisk roman som bygger på verkelege personar og hendingar. Tips: les blogginnlegget mitt om haugianarslekt i Målselv.

God påske til alle!

Rapport frå ein sommar

Vi har passert midtsommardagen som etter gammalt er den 14. juli. Eg var på skogstur eit par dagar seinare. Noko var endra, det gjekk det opp for meg at det var blitt tyst i skogen. Fuglane har avslutta årets songsesong, eit teikn på at det sakte med sikkert går mot haust. På våre kantar ventar vi enno på sommaren. Hittil har vi måtte ta til takke med om lag ein og ein halv godværsdag kvar tiande dag. Men når ein høyrer om rekordvarme rundt 40 grader og øydeleggjande skogbrannar rundt om både i nære og fjernare strøk, er utan tvil eit kjøleg og regnvått Bergen å føretrekke.

Det skremmande bakteppet er klimaendringane, som først no er kome oss så nær inn på livet at alvoret kanskje byrjar å sive inn også hos dei som nektar for at dette er endringar forårsaka av menneskeleg aktivitet. Og elles går jo verda sin skeive gang, med krig og andre truande menneskeskapte katastrofar. Faktisk ser det ikkje lyst ut verken på kort eller lengre sikt. Her i Noreg held vel framleis dei fleste hovudet over vatnet, førebels har vi mat på bordet og tak over hovudet, men i krisetider auker forskjellane mellom dei som har mykje og dei som har lite.

I nytt husvære

Eg får la verdsproblema kvile og heller skrive om hyggelegare ting frå mi eiga vesle verd. Det er viktig det òg. Vi har no budd oss inn i den nye leilegheita, det meste er på plass, vi har senka skuldrane, har markert innflytting med festleg samvær saman med familie, har hatt våre første overnattingsgjestar og er godt nøgde både med nytt husvære og nye omgjevnader. Utsikten vi tidlegare hadde mot Askøy er erstatta med interessant utsikt innover mot Sandviken, Bergen sentrum og langt sørover i Bergensdalen. Berre sørgeleg at vêret stort sett har hindra opphald på balkongane. Ja, vi har flotta oss med to, ein mot søraust og ein mot nordvest, i teorien skulle vi då ha sol både morgon, middag og kveld. I realiteten er det blitt ein sønnavinds- og ein nordavindsbalkong. Så lurer eg på om brannene sør i Europa har ført til langtransport av aske, eg har undra meg over at kluten stadig blir gråsvart når eg tørkar av bord og stolar ute. Kva nedfall skulle det elles vere?

Utbygginga her i Breiviken er på langt nær ferdig. No står det gamle Merinospinneriet for tur, i Merinokvartalet skal det bli leilegheiter og kanskje noko meir. Vi har ei tid observert arbeid på taket, arbeidarane er iført kvite vernedraktar og liknar på astronautar. Truleg er det asbest dei vernar seg mot. Måsen held ofte spetakkel nett over dette bygget, kan det vere at dei er opprørte over tapte reirtomter? I utbyggarkjempen Bonava har dei nok møtt ein overlegen konkurrent.

Utsikt frå balkongen mot byen på ein av dei mange grå dagane. Vi ser litt av taket på Merinospinneriet der det skal kome to nye etasjar.

Reiser i sør og nord

Men så har vi jo slett ikkje vore i Bergen heile tida. I løpet av forsommaren var vi både i hovudstaden, i Bardu og i Bodø. Så om tida har gått fort har ho ikkje vore utan innhald.

Oslo

I Oslo vart det besøk i Munch-museet og vandring langs sjøfronten frå Bjørvika via Aker brygge til Tjuvholmen. Ein kan seie mykje om Oslo og byutviklinga der, men dei skal ha honnør for å ha etablert ein lang samanhengande offentleg sjøfront, med plass for ulike aktivitetar. Det har ein ikkje fått til i Bergen. Og Bjørvika er no fascinerande då, sjølv om mange meiner dette er grufull og lite menneskevenleg arkitektur.

Folkeliv på Tjuvholmen.
Munch-museet med skulpturen «Moren».
Upåklageleg utsikt frå Munch-museets øvste etasje.
Nybygg og offentlege areal i Bjørvika.

Bardu

Så eit aldri så lite sprang til ei anna verd, til den årlege våronna i min andre heim i Sundlia i Bardu.

Opp lia frå dalen ligg Kvilarsteinen, her kan ein bl.a. nyte utsikten til Istind.

Bodø

Ein dags bussreise frå Bardu ligg Bodø, der barnebarnet skulle feire avslutta politiutdanning. Det var storslått og stilig arrangement i «Stormen», Bodø sitt imponerande kulturhus som også inneheld bibliotek og kafe, samt uteservering på kaifronten. Om kvelden var det middag, og på veg derifrå kunne vi nyte midnattsola.

Og der vart det Daniel sin tur.
Kulturhuset Stormen i Bodø, her fra bibliotekdelen med utgang til sjønær uteservering.
Midnattsol over Bodø hamn.

Bergen

No skal vi ikkje heilt gløyme dei få fine sommardagane vi har hatt her vest. Vêret har ikkje vore eigna til padleturer, med unntak av ein perfekt dag i skjergarden sør for Bergen. Der, på Bjelkarøy-Buarøy, fekk eg årets første dukkert.

Forbi den gamle handelstaden «Bukken» mellom Lerøy og Bjelkarøy.

Når ein har besøk frå andre stader i landet må ein sørge for å vise fram Bergen sine beste sider. Det er ikkje alltid dei mest kjente, mange perler er å finne utanom turistløypene. Denne gongen tok vi gjestane med på spasertur frå Breiviken, gjennom Sandviken, Stølen og Steinkjellergaten til sentrum. I Sandviken ligg Fiskerimuseet og «Bod 24», populær kafé/restaurant med uteservering som av Bergens Tidende er nominert i ei kåring av Bergens beste. Denne gongen frista ikkje vêret til å sitte ute, men inne fekk vi servert den største blingsporsjon med reker eg har sett. Og i Steinkjelleren finn vi indiebokhandelen «Heim«, absolutt verd eit besøk.

Ved Bod 24 har BEFFEN lagt til kai, i selskap med fartøy frå Bergen kystlag.

Og Bergen har fleire attraksjonar som gjerne går under radaren for dei uinnvigde. Siste godvêrsdagen for to dagar siden vart det Sverresborg, festningsområdet som ligg ovanfor Bergenhus, med flott utsikt og grøne plenar. Og tvers over vegen for Sverresborg, i Nye Sandviksvei, ligg Dr. Wiesener, bydelspuben som også er nominert til Bergens beste uteservering og er blitt mange sin fastlege. Eg kan røpe at det er denne eg har stemt på i BT si kåring av beste uteservering.

Porten til Sverresborg.
Dr. Wiesener med høveleg servering på ein varm dag.

Men no skal vi ha eit avbrekk frå dagane her vest. Snart går turen austover og etter kvart nordover, truleg gjennom Sverige som ein variasjon, no etter at pandemien ikkje lenger set stoppar for nabobesøk. På vegen ser vi innom den unge politimannen som no har sommarjobb i Vinje i Telemark, før han – som så mange andre – dreg til Oslo der han har fått seg jobb for ei tid. Det er stas, men generelt skulle eg ønskje hovudstaden ikkje var slik ein magnet på dei unge. Det trengs folk og politi andre stader i landet òg, men det kan vi snakke om ein annan gong.

Tidsreise

Som eg har annonsert tidlegare førebur vi oss på flytting. No står fotografering og visning for døra, og vi har fått instruksar frå meklar om korleis vi skal gjere hus og innbu mest mogleg freistande for potensielle kjøparar. Mykje må reinskast ut. Det er greit med det som er på overflatane. Det meste der skal ikkje kastast, berre stuvast vekk og det vert såleis ikkje så mykje å ta stilling til.

Men. I kjellarstova sto ein bokreol. I skuffeseksjonen der låg brev og mykje anna frå mi fortid på 70- og 80-talet, dette følgde med frå forrige flytting som fann stad ved inngangen til 90-talet. Her vart det gjensyn med store delar av mi historie, frå det smått turbulente 70-talet, til 80-talet då det også var mykje som skjedde, og fram til neste tiår då mykje hadde falle på plass. For vi skreiv brev til kvarandre den gongen, lange brev. Største bunken frå mor mi, som auste av si omsorg, sjeldan på under 10 tettskrivne sider. Så ein bra bunke frå nokre veninner, som eg enno har kontakt med og treffer når høvet byr seg. Utanom dette brev og kort frå folk som ei tid var innom livet mitt, og som sette meir eller mindre avtrykk. Nokre av dei heldt eg kontakten med nokre år, men så sklei det ut. No måtte eg vurdere kva av dette rikhaldige materialet som kunne gøymast for ettertida og kva som skulle kastast. Julekort med god jul og godt nyttår gjekk i bosset. Slike kort var det mange av, på den tida var tante- og onkelflokken så godt som intakt, og vi utveksla julekort. Det var kjekt, men eg hugsar dei alle saman godt sjølv om eg ikkje tar vare på julekorta. Eg heldt att nokre kort frå tanta mi som budde i Tyskland og trufast skreiv sine små årsrapportar. No har eg ingen att frå denne generasjonen, og eg er den eldste på mor si slektsgrein.

Nokre eksempel på ikkje-arkivverdig materiale.

Eg har ikkje tatt meg tid til å lese gjennom alle breva eg hadde samla på, det vart nokre stikkprøver. Men eg leste nok til å kunne slå fast at det tar tid å finne fotfeste i livet. Dette var ei tid der mykje skjedde både på det personlege og det politiske plan, og mange brev er sterkt prega av dette. Dei første breva er heilt frå tida eg kom til Bergen i 1969, direkte frå eit opphald i Vest-Tyskland, det skulle ta enno 20 år før landet vart sameint. To dagar vart eg sitjande i kjellarstova på mi tidsreise. Det tok litt tid før eg klarte å lande i notida att. Eg vart sett tilbake til ei tid der vi skreiv til kvarandre om studier, kjæraster, tvil, politisk engasjement, eksistensielle spørsmål, kultur, brot, etter kvart ekteskap, ungar, tidsklemme, jobbjakt, flyttingar, nye forhold etc. etc. Det skulle vore interessant å lest att breva eg har skrive, eg tippar det hadde bydd på overraskingar. For det er òg mykje som er gløymt eller fortrengt av alt ein har vore borti på den tidlege delen av livsvegen.

Og no er vi vel pensjonistar heile hurven, alle som eg høyrte frå og skreiv til på den tida. Mange veit eg ikkje av lenger, nokre er også gått bort. Eg er elles ikkje av typen som har for vane å fortape meg i fortida, har helst sett framover. Men underleg var dette møtet med dagane som forlengst er gått, og vemodig. Så må eg òg tenke: Korleis vil dagens generasjon kunne sjå tilbake på si fortid? I ei tid der kontakt skjer på sosiale media og e-post, kva blir att? FB, Instagram og Snapchat er flyktige media. Eit brev er noko heilt anna, ikkje berre fordi det er varig, men også fordi tankar kjem til uttrykk gjennom ord på ein heilt annan måte. Likevel ser eg ikkje bort frå at dei fleire siders skildringane eg fekk i eit brev frå ei reise i Latin-Amerika hadde eigna seg vel så godt i ein nymotens blogg.

Mykje skal pakkast vekk.

Men har eg berre vore på tidreise i det siste? Slett ikkje. Det vart ein tur til min andre heimstad i Bardu i midten av januar, der vi fekk møte med vinteren slik han er i år, med veksling mellom sprengkulde, snøkov og mildvêr. Det var også besøk til familie og gode vener i Tromsø, som også er representert i den før omtalte brevsamlinga mi. Utan deltaking på TIFF, Tromsø internasjonale filmfestival denne gongen. Det var riktignok arrangert festival, men nedskalert, og det var ikkje like mykje liv i byen og på utestadene som tidlegare. Det er til å leve med, faktisk, det er ein del ting som ikkje freistar like mykje som før.

Sjåtaket må måkast.
Storgata i Tromsø, januar 2022.

No takkar eg for meg denne gongen. Mykje å gjere og mykje og tenke på. Kan bli ei stund til neste gong. No snør det forresten i Bergen òg. Lenge til våren.

Haust og tida som går

Då var hausten her og vi er tilbake i Bergen. Det vart eit lengre opphald i den andre heimen i nord enn planlagt. Mi kjære, alltid blide og positive tante Solveig gjekk bort 18. august og då måtte sjølvsagt heimreisa utsetjast ei veke slik at vi kunne følgje ho til grava i Målselv kyrkje. For sjølv om ho hadde vore bufast i Tromsø by det meste av livet, var det i heimbygda Målselv både ho og ektemannen kjende seg heime og der begge no er gravlagt. Gravferda fann stad ein vakker og solfylt dag, heilt i tante si ånd. Og for meg vart det gjensyn med slektningar som eg ikkje hadde sett på årtier, no er det på dette viset ein treff dei. Eg møtte også ei frå den tida vi begge gjekk på Tromsø gymnas og som no var inngifta i familien.

Tante Solveig var den siste av mine biologiske tanter, både på mors- og farssida. Alle onklane er også gått bort. Det betyr at eg no er den eldste av etterkomarane til mine besteforeldre Otilie og Gabriel Pedersen Solli. For døden har også gjort innhogg i søskenbarnflokken. Tante var mi mor si syster, i barneflokken på fem var dei fire systre som alle passerte nitti med god margin. Tre av dei var berre tre år unna dei hundre. Slektar eg på morssida kan eg sjå fram til eit par tiår til, riktignok med fare for noko demens på slutten. Inntil vidare får ein vel ta seg i vare som best ein kan. Men erkjenninga av at tida går og at dagen nærmar seg då ein ikkje lenger er blant dei levande, trenger seg på.

Tre av tantene på muntert møte i Oslo i 2005. Frå venstre Torunn, mor mi Pauline (eldst) og Solveig (yngst).

Det vart altså ei ekstra veke, vêret var kaldt og surt og lite freistande for friluftsliv. Tromsøturen var unnagjort, der var det første barnebarnet, ein månad gammal, det sjølvsagte midtpunktet i min bror sin familie. Der fekk eg også treffe alle mine tanteungar, som no er godt vaksne blitt. Og sidan min bror hadde fullt hus fekk vi losji hos mi veninne frå gamle dagar, alltid triveleg hos dei. Så kva skulle vi finne på, no når også sjåen var ferdig reparert? Det vart ny tur til fargehandelen på Andselv, der vi no er å rekne som faste kundar. Den lenge påtenkte oppussinga av eit soverom vart realisert, og vi var såre nøgd med resultatet – og oss sjølv. Og så vart det nokre fine dagar på slutten, med tur til Sørhusfjellet som ligg ved grensa mellom kommunane Sørreisa, Målselv og Bardu. Fjellet er lett tilgjengeleg og har vid utsikt både mot sivilisasjon og villmark.

Sørhusfjellet, med utsyn til flystripa på Bardufoss, fjellandsbyen, Blåtind og Mauken

Studenten som vi hadde avtale om å møte i Bodø hadde fått andre dose av covid-vaksine (Moderna) dagen i forvegen og det hadde slått han såpass mykje ut at det berre vart ein kort visitt til hybelen på Mørkved. Vi kunne konstatere at han hadde fabelaktig utsikt til Børvasstindan og at det elles sto bra til. Siden vi hadde tatt avstikkaren frå E6 til Bodø valgte vi å reise vidare via Saltstraumen og Misvær. Det er ofte omvegane som er best. Så vart det overnatting i Mosjøen og Trondheim og så Sognefjellet og Tindevegen ned til Årdal, i strålande vêr. 16 varmegrader på Sognefjellet!

Bodø veks i høgda, det rivast og byggjast
Valkamp i Bodø by med raud markering.
Ved Saltstraumen
På Tindevegen over Sognefjell

Etter tre dagar på vegen nådde vi fram til vår bopel i Bergen. Eg er av dei som har ein fot på landsbygda og ein i storbyen. No kjentes det godt å stø seg på byfoten. Ikkje visste eg kor mykje eg hadde sakna byen før eg igjen kunne rusle rundt i gatene å sjå på hus og folkeliv. Altså, Bergen er ein fabelaktig by, og no var det også godt og tørt vêr!

Ja, Bergen har hatt den tørraste sommaren på aldri så lang tid. Eg frykta for plantane etter vårt lange fråver, sjølv om studenten nok hadde gjort ein innsats for å berge dei. Mirakuløst nok hadde dei aller fleste plantane både ute og inne klart seg. Rosene står fint og blomstrar for andre gong. I morgon, 13. september er det stortingsval. Eg har unngått køane for å førehandsstemme og har tenkt å møte opp i vårt vallokale på Hellen skole på sjølve dagen. Då er det berre å ønske godt val og velje riktig farge!

På seinsommaren 2021

No har bloggen vore i dvale sidan i våres. Når sommaren snart går mot slutten er det sanneleg på tide å vekke han til live att. Eg gjorde eit forsøk midtsommars, men vart stoppa av at verktøyet ikkje fungerte slik det skal. Som om ikkje det var nok, ville heller ikkje tastaturet på IPaden samarbeide. Etter mykje att og fram viste det seg at trøbbelet på Mac’en kom av at eg ikkje hadde oppdatert operativsystemet på ei god stund. Det krevst alltid litt mot å sette i gang med omfattande oppdateringar, kva om alt krasjar? Det gjekk bra, og eg fekk også nytt tastatur på IPaden kostnadsfritt. Men det er eit tankekors at det i denne digitale tidsalder då det forventast at alle skal vere på nett, er mange som av ulike årsaker ikkje maktar å følgje med i svingane og som til slutt blir sittande med forelda utstyr og ubrukbare system. Og har du for gamal datamaskin stoppar også moglegheitene for oppdateringar. Eg vonar det etter kvart blir større merksemd på den digitale utanforskapen som er ein realitet for mange grupper i dagens samfunn.

Men nok om det. No er eg på mitt andre besøk nordpå denne sommaren. Det første i juni for å utføre våronn på eigedomen og nyte forsommarens gleder. Så eit lengre mellomspel heime i Bergen og omland før vi i slutten av juli kunne køyre av garde på sommarens siste etappe i nord. Og her er eg i skrivande stund, mens eg ventar på at godvêret skal kome att og blåbæra haustast. Årets molter er i hus (det vart litt meir enn vist på biletet under).

Forsommar i villmarkskommunen Bardu

No vil det føre for langt å kome med utfyllande oppsummering av sommaren 2021, det får bli nokre smakebitar. Eg har i løpet av tida som er gått sidan sist hatt ein del tankar om tema eg ville ta opp. Då eg var her i juni og skulle gå den vanlege turen opp lia, fekk eg sjå på nært hald kva spor moderne maskinell skogsdrift let etter seg i naturen. No er det lovfesta at det skal ryddast og istandsetjast etter avslutta drift, men eg er usikker på om såra er grodde i mi levetid. Eg er sjølvsagt ikkje motstandar av å utnytte skogsressursane og å opne opp i tilgrodd landskap. Men kan det ikkje gjerast på eit meir skånsomt vis?

Det vart eit slit opp lia, men vi kom oss omsider til rasteplassen på Kvilarstenen og kunne nyte synet av ein enno snødekt Hjerttind og nyutsprungen lauvskog.

Bardu kommune profilerer seg som villmarkskommune. Her er både nasjonalpark (Rohkunborri) og rovdyrsenter som er samlokalisert med Polar park, verdas nordlegaste dyrepark. Her er store utmarksareal og utmerka tilhøve for friluftsliv, jakt og fiske. No har det seg slik at her også er sauebønder, nokre av dei har sauebeite farleg nær inntil forvaltningsområdet for bjørn. Bjørn og sau er ein uheldig kombinasjon. Svoltne bjørnar som kjem ut av hiet på vårparten ser seg gjerne om etter lett tilgjengelege kaloriar. Om dei kjem over ein saueflokk er det lett å la seg friste, og då helst av dei mest fetthaldige delane utan ull, slik som til dømes jur.

Det er ikkje greit for bonden å finne dyra sine sundrivne. I den oppheita diskusjonen som gjekk føre seg i Indre Troms i sommar var det fleire som meinte bjørnen er ein lystmorder, som gjer slikt for moro skuld. Vekk med heile bjørnestammen, meinte somme. I alle fall må han sjå til å halde seg unna beiteprioritert område. Ikkje så lett for bamsen å forstå kor grensa går og at det er fy å ikkje ete opp maten. Historisk sett kom bjørnen før sauen. Kanskje bør det etablerast ei buffersone mellom dei? Rovdyrpolitikken er noko som set sinna i kok her i traktene, og ordføraren i Bardu frå SP er, ikkje overraskande, sterkt engasjert på bøndene si side. Eg, som drista meg til å kommentere eit FB-innlegg i lokalavisa om at villmarkskommunen jublar over felte bjørnar og at bjørn er bjørn og ikkje lystmordar, fekk mellom anna spørsmål om eg i det heile tatt hadde vore i Bardu? Noko eg nokså enkelt kunne bekrefte. Men her er såvisst ingen enkle løysingar.

Sommaren i vest

Det har vore ein fin sommar på Vestlandet. Det har blitt både fotturar og padleturar i byen og omlandet. For eit privilegium det er å ha tilgang på nære naturområde å ferdast i! I mai er Bergen på sitt finaste. Det er ei god stund sidan 17. mai, men eg spanderer eit bilete frå ein spasertur i Fjellveien denne dagen.

I Fjellveien 17. mai. Årets rododendronblomstring overgjekk seg sjølv.
Padletur i bynær skjærgård. Danskebåten passerer på vei sørover.
Utsikt over Bergen frå turvegen Tippetue.

Så fann vi ut at vi skulle ta ein tur til Tysnes og unne oss eit opphald på Haaheim gård . Her er idyllisk hage, romantiske omgjevnader og topp restaurant. Det vart også padletur i Godøysund med Solstråleøya og bading i Kjevikjo.

I hagen på Haaheim

Sommaren 2021 er for oss siste sommaren med hage og terrasse med utsikt mot byfjorden. Det er sjølvsagt litt vemodig, men på sikt er det nok betre for oss litt aldrande personar å flytte til leiligheit utan trapper, vedlikehald og hageflekkar der ugraset trivst så altfor godt og er ei plage for vonde ryggar.

Siste juli månad med kos på terrassen på Lønborg

Seinsommaren i nord

I slutten av juli gjekk turen igjen mot nord, i bil denne gongen. Først over Fillefjell og Valdresflya, seinare langs den velkjende og tidvis trøyttande E6. Av tidsomsyn vart det ikkje den meir spektakulære kystvegen denne gongen heller. Men det er mange fine stader også i innlandet.

Eit lite fotostopp på Valdresflya

Vi venta besøk av bobilturistar som ville sjå innom vår bustad i Bardu. Dei – Bjørn si søster Wenche og sambuar Kai – fekk i alle fall med seg ein tur på vårt lokale Sundlifjell, dette var før moltesesongen.

Ved Stenvatnet på Sundlifjellet saman med Wenche og Kai

Vêret har vore vekslande, men med ikkje så reint få godvêrsdagar, som vi utnytta så godt vi kunne. Denne gongen har vi ikkje vore på dei heilt spektakulære stadene, men oppsøkt både kjente og meir ukjente stader innanfor halvannan times køyretid. Eg lar bileta tale for seg.

Strandliv ved Fjellfroskvatnet
I kajakk på Barduelva
På gamle slektstomter i Sollia, Målselv. Dette er halvdelen av mine tipp-tippoldeforeldres hus, visstnok bygd i 1825 men nå sørgelig forlatt.
Flott padledag i Aursfjorden, sidearm til Malangen
På veg til Syden i Sørvika, Lenvik.
På sykkeltur i det breie og fruktbare Målselvdalføret. Her på veg ned til Målselvfossen, langs ein byggåker, sjeldan syn i våre dagar.
Den mektige Målselvfossen sett frå austsida.

Men har her verkeleg berre vore fritid og godvêr? Slett ikkje. OBS’en på Andslimoen og fargehandelen på Andselv har hatt besøk også i sommar. Utbetringa av sjåen skal fullførast og nokre vindu fiksast litt på. Og det har vore kalde dagar, gråvêr og regn slik som i dag.

På OBS bygg etter kledningsbord

Dette vart eit summarisk tilbakeblikk på ein sommar som tross alt ikkje er heilt slutt enno. No blir det snart bytur til Tromsø og litt sosialt liv med familie og vener der. Deretter nokre dagar i Bardu før det blir retur mot sør, truleg med ein visitt til studenten i Bodø og familie i Trondheim. Hausten ventar med ryddesjau og etter kvart sal av noverande bustad. Ein får ta det som det kjem.

Haustvinterreise

Bergen og eg har eit jubileum i år. Det er nemleg 50 år sidan eg kom til Bergen for første gang. Og så hadde eg sjølvsagt tenkt å skrive eit blogginnlegg om det. Fortelje om den lange reisa mot status som nesten ekte bergensar. Men så kom det noko i vegen. For no har eg igjen vore nordpå. I år er høgsesong for 70-årsfeiringar, og derfor gjekk turen til Tromsø for å feire ei god venninne eg har kjent frå hine dager på Tromsø gymnas. Deretter til Bardu for eit opphald i sekundærbustaden. Dette er ei årstid eg vanlegvis ikkje oppheld meg på dei kantar, faktisk var det nesten 50 år sidan sist. Så no trumfa denne turen altså det planlagte Bergensinnlegget, det vert utsett, om ikkje akkurat på ubestemt tid, så i alle fall til seinare.

Så her kjem igjen inntrykk frå ei anna reise, seinhaustvarianten av Nord-Norge. Som viste seg å bli ein vintervariant. Vi forlot Bergen på ein sjelden strålande og fargesprakande haustdag, og kom til ein landsdel der hausten var overstått og vinteren hadde gjort sitt inntog. Etter kvart fekk snøfresarane igjen kome seg ut og i sving etter sommardvalen, trivselen auka nok hos karane rundt omkring. Skikkeleg vinter vart det, med kulde og snøfall på dei stadig kortare og mørkare dagane.

I Tromsø vart det, utanom eit overmåte hyggelig bursdagsselskap, også besøk hos familie og ein søndagstur til universitetsområdet, der det broderte veggteppet til Britta Marrakatt Labba frå 2004 dekker veggflata i foajeen til fakultet for samfunnsvitenskap. Dette mesterverket består av motiv frå flyttsamanes årssyklus. Tre av desse er vist under.

I Bardu vart det rolege dagar med spaserturar i velkjent, vakkert og vinterleg landskap, vedfyring og latskap framfor ovnen. Geitene i Skoelvlia lét seg ikkje skremme av litt snø, berre dei har rikeleg å tygge på. Isen hadde ikkje lagt seg verken i Skoelva eller Barduelva.

I år har vi forsøkt alle moglege transportformer på våre i alt fem turar nordover. Fly, privatbil (hybrid), tog og buss, og no sit eg her og skriv på hurtigruta M/S Spitsbergen, som vi borda i Bodø. Transporten Bardu – Bodø gjekk med buss, først til Narvik med bussbytte, deretter nytt bussbytte når vi hadde passert ferja over Tysfjorden (Bognes – Skarberget). Første etappe i kvitt, eventyrleg vinterlandskap, så solnedgangen over Gratangen og Ofotfjorden. Etter Narvik var landskapet mørklagt.

Køyring i eit mørklagt Norge er noko anna enn køyring på same strekning midtsommars, slik vi gjorde sist. I den lysa årstida er det landskapet som har forrang når det gjeld opplevingar, menneska blir litt underordna. I den mørke tida er husa langs vegen det einaste vi ser, med lysande vindauge og glimt av interiør der folk lever og bur. Ein bør reise i Norge på alle årstider for å få med seg nyansane.

Sist vi var i Bodø besøkte vi det nye jektefartsmuseet, denne gongen tok vi eit sprang fram i tid og besøkte det enda meir imponerande og mangfaldige luftfartsmuseet med si rikhaldige utstilling både frå sivil og militær luftfart. Vi konsentrerte oss om den sivile delen.  I dag, når flyskam er blitt eit begrep, bør vi ikkje gløyme at det er flyrutene som har bunde dette langstrakte landet saman. Som kjent er det smått med alternativ når ein kjem eit stykke nord for polarsirkelen. Interessant var det også å sjå at kvinnene har gjort seg gjeldande innan luftfart, Gidsken Jakobsen frå Narvik er legendarisk, men det er fleire.

Den første hurtigruta vart sett i drift i 1893 og avløyste meir saktegåande, utrygge og ukomfortable reisemåter til sjøs. I dag er hurtigruta ikkje akkurat hurtiggåande, men eit moderne og komfortabelt cruiseskip av moderat storleik, med overvekt av tyske og britiske passasjerar 60+. Dei er av den siviliserte og rolege sorten, og alle her i utsiktssalongen var samde i at bakgrunnsmusikken skulle stoppast. No er her fredeleg og fint. Eg meiner ingen cruiseskip burde vere større enn hurtigruteskipa, jmf monstra som ligg til kai i Bergen og norske fjordar. Ekstra stas er det at kaptein Bendiksen på M/S Spitsbergen er kvinne. Enda eit døme på kvinnelege pionerar innan samferdsle.

I skrivande stund er vi på veg frå Trondheim. Og snakk om å vere heldige med vêret. Strålande solskinn og stille hav. I går var det seilas gjennom kremen av Helgelandskysten, dei sju systrane med gull på toppane, Alstahaug, Vega for å nemne nokre høgdepunkt. I dag like fint ut Trondheimsfjorden. Men dagane er korte, og når vi kjem fram til Kristiansund på ettermiddagen er nok dagslyset på retur.

Det fine med slike langsame reiser er at ein uforstyrra kan sitte med ei bok eller berre la tankane fly. Eg hadde tatt med litt knapt med lesestoff heimefrå og dermed måtte eg leite i bokhylla i Sundlia for å finne noko å ta med på reisa. Der står mest bøker frå Bokklubben frå fleire tiår tilbake. Eg fann boka «Din stund på jorden» av Vilhelm Moberg, som for dei fleste er mest kjent for skildringa av utvandrarane til Amerika. Boka handlar om ein utvandrar  frå ei bygd i Sverige, som etter å ha levd det meste av sitt liv i USA no fann seg sjølv som ein desillusjonert einsleg mann som kjente på at han nærma seg slutten på sitt liv, med dels smertefulle tilbakeblikk. På slutten av boka kjem han til ei slags forsoning med livet slik det blei. Ei gripande bok som eg anbefalar. Kanskje er ein ekstra mottakelig når ein har det meste av livet bak seg.

Reisa er ikkje slutt, verken på eine eller andre måten no. Men eg avsluttar med dette skrivinga, sjølv om vi ikkje er komne lenger enn til Hitra på styrbord side. I morgon seiler vi etter ruta inn på Byfjorden i Bergen litt før halv tre.

Ein sommar er over

Sommaren er over og ein burde vel vere litt lei seg over det. I år kjenner eg ikkje på så mykje sorg. Litt samanheng har det med at eg har «ferie» heile året, alt står og fell ikkje på om sommarvêret kjem i den tilmålte ferien. Med tidleg sommarvarme i april og sein varme i september, samt mange varme dagar imellom har sommaren vart lenge nok. Årshjulet må gjerne trille vidare.

Vi rakk over ganske mykje. Ingen utanlandstur, om ein då ikkje reknar ein dags transportetappe gjennom Sveriges mest aude trakter og eit nattelosji i Östersund. Etter å ha avslutta hyttelivet – som skildra i forrige innlegg – vart det etter kvart tur austover til familietreff i Valdres og så til slutt den vanlege køyreturen nordover. Og no heldt eg på å gløyme snarturen til Kristiansand med retur gjennom Telemark tidleg i juli. Faktisk har vi vore mange stader i fedrelandet i sommar. Det har mykje å by på.

Vestlandssommar

Men før turen nordover var det varme dagar og mange fine turar i Bergen og omland. Mellom anna til Fedje – «landsbyen i havet» og fottur i Nordsjøløypa, samt kajakktur i 30 plussgrader på vestsida av Sotra og ditto i Os-skjergarden. Vi minnes også alle måltida ute og grilling på terrassen i kveldinga. Slikt skjer ikkje kvart år. I tillegg er det liv og røre i Bergen by om sommaren, kanskje i meste laget.

Seinsommaren i nord

Men no skal eg ikkje bruke meir plass på sommaren sørpå. Eit stykke ut i august gjekk turen nordover. Denne gongen med ein ekstra passasjer i bilen. Sonesonen, som skulle til Bodø for å studere, fekk skyss heilt til hybeldøra, og då kunne vi også nytte høvet til å sjå han vel installert der. Nokre år i Nord-Norge vil nok bli god ballast på livsvegen, det er eg sikker på.

Sidan eg held på med utforsking av haugianerslekta, var eg også innom Oppdal og slektsgarden Nesto på Mjøen, der vi helsa på dei noverande bebuarane, ekteparet Solfrid og Stein. Stein og eg har felles stamforeldre i Gullik og Gjertrud, foreldra til Marit Gulliksdatter som kom til Målselv etter Hans Nielsen Hauge si oppmoding. Garden ligg nedst i Drivdalen, under Allmannberget. På tilbaketuren var vi også oppom Oppdal kyrkje som ligg på Vang med vakker utsikt både mot Drivdalen og Dovre i sør og Gjevill mot vest.

Men no Nordland. Det vart overnatting på ærverdige historiske fru Haugans hotell i Mosjøen og rusletur i verneverdige Sjøgata, før kryssing av Saltfjellet og Bodø. Studenten hadde fått seg hybel i bufellesskap i gangavstand frå studiestaden på Mørkved. Etter ein del turar til Jysk som ligg strategisk til for studentane (i mangel av IKEA) kom ein del tilskot frå oss på plass på den beskjedne, men heilt greie hybelen.

Før turen gjekk vidare nordover nytta eg høvet til å dyrke mi veksande historiske interesse. Turen gjekk til det flunkande nye jektefartsmuseet som ligg vakkert til ved Bodøsjøen. Eg har fordjupa meg litt i innvandringshistoria til bygdene i indre Troms og då dukkar spørsmålet opp om korleis dei reiste nordover. Dei måtte sjølvsagt også nytte sjøvegen delar av den lange vegen. Rundt 1800 fanst verken rutebåtar eller dampskip. Løysinga var leilegheitsskyss med jekter som frakta fisk og andre varer. Ein kan jo prøve å førestille seg komforten ombord.  Eit interessant og gjevande museumsbesøk var det (sjå bilete under).

 Turar i skog og mark og by

Men turen stoppa ikkje i Bodø. Målet var som vanleg sekundærbustaden i Sundlia i Bardu. Der er mykje å ta seg til både ute og inne. Vi starta ute, engstelege for at vi ikkje skulle få ta del i moltehausten, men myrene i vårt vante fjell leverte likevel. Også i blåbærskogen var mykje å hente, og jamen rakk vi så vidt tyttebæra også. Ein kan meine mykje om landskapsinngrep og kraftliner gjennom dalføret i Nedre Bardu, men dei skaffar i alle fall meir lys og rom for tyttebæra. Så no er vi vel forsynte med bær. Og for ein fryd å plukke tyttebær på tørre og fine rabbar, mot det vi er vane med frå myrene rundt hytta på Reksteren, der bæra må gravast fram på høge grastuer mens ein snublar seg fram i djupe blauthol. Og så måtte plukke av seg flått når ein kom i hus!

Nokre «nye» fjellturar var det òg, til Matfjellet som ligg i nabokommunen Sørreisa, og til nærområdet Johaugen på austsida av Barduelva, der det er merka turløype i regi av Midt-Troms friluftsråd.

Ein kjapp Tromsøtur for å helse på familie og vener, og hyggeleg besøk i Sundlia frå utflytta studievener var stort sett einaste sosiale omgangen denne gongen. I Tromsø vart det museumsbesøk for å sjå på den flotte nye utstillinga «Tellus» om jordas historie. På veg til Tromsø kan ein passere «Olsborg stasjon» i Målselv. Her har jernbaneforkjemparen Hilde Sagland bygd seg ein stasjon i hagen. At Nord-Norge ikkje får ta del i infrastruktur som andre landsdelar tar som ein selvfølgje, er berre ein av grunnane til opprøret i nord, som ga seg utslag i valresultatet nyleg.

Oppussing og rydding

No tok vi fatt på det som skulle bli eit meir omfattande prosjekt enn vi hadde tenkt oss på førehand. På eine soverommet – bror min sitt gamle rom – hadde vi registrert at malinga på enkelte stader losna i store flak. Noko måtte gjerast. Det var lettare sagt enn gjort. Først etter fleire forsøk fekk vi ny maling til å feste seg på underlaget. Det vart bra til slutt. Faktisk vart eg veldig nøgd. Mi gamle barneseng fekk plass i hjørnet, den gamle gyngestolen vart henta hit, eit gammalt bord malt. «Dallen» (trebutten) frå oldeforeldra i Sollia fekk plass. Ting som har plass både i mi og andre si historie, verdifulle i all si enkelheit.

På dette rommet sto det fleire kartongar med vekeblad, omlag tretti årgangar med «Familien», frå tidleg 80-tal til 2012, samt mange eksemplar av Norsk Ukeblad, Hjemmet og Allers. Det vil seie rundt rekna mellom 1500 og 2000 eksemplar.  Det som kjenneteiknar bladet Familien (som i gamle dagar heitte Kristen ungdom), er – forutan det kristne grunnsynet – at kvart blad inneheld ei mengd oppskrifter, særleg på handarbeid av ulike slag. Mor mi var ikkje den som kasta slike skattar! Her er verkeleg utruleg mykje å hente for dei fingernemme. Men kva i alle dagar skal ein gjera? Eg har to hus med fulle skuffer og skap, og i staden for å bruke resten av mi levetid på hekling og strikking har eg valgt skriving som hobby. Vil eg ha eit handarbeid mellom hendene finn eg nok noko på nettet!

Eg tok meg tid til å skumme gjennom dei fleste årgangane for å sjå om her var gullkorn verd å gøyme på. Eg har lagt nokre blad til sides, resten gjekk den bokstaveleg talt tunge vegen til papirkonteinaren. No er det ikkje berre handarbeid som kan fange interessen i gamle vekeblad. Dei speglar tida og gjennom tre tiår er det ikkje lite som har endra seg når det gjeld synet på kvinna og hennar oppgåver i heim og samfunn. Sjølv i eit kristeleg blad som Familien er mykje endra i så måte. Alle desse årgangane kunne nok vore råstoff for avhandlingar, men no er det for seint. Ein kan jo ikkje påta seg for mykje arkivansvar, kva har ein Nasjonalbiblioteket og Arkivverket for?

Eg nemnde over at eg har skap og skuffer fulle. I huset i Sundlia især er det heklebrikkar i hopetal. Mor mi produserte noko, men det meste er truleg gåver frå andre sine flittige hender, ja, sjølv eg har nok bidratt!  Kor mange tankar er vel ikkje tenkt mens heklenåla gjekk! Handarbeid er utmerka meditasjon, når ein vel å merke er blitt førtruleg med teknikkane. I respekt for dei flittige hendene kom eg til at eg skulle hente fram noko av det som ligg gøymt i skuffene. Heime i Bergen er huset nokså strippa for slikt, men i Sundlia køyrer eg meir retro-stil. Så på det nyoppussa rommet har eg no plassert heklebrikkar på ulike stader, og putene som var overtallige og gøymt på roterommet fekk igjen vise seg fram. Slik blir det både gjenbruk og heider til dei som har stått for produksjonen.

Så bar det etter kvart sørover igjen, på E6 til Fauske med avstikkar til Bodø for å sjekke korleis det sto til med studenten. Han hadde funne seg godt til rette. Vi valgte å ta til Sverige før Saltfjellet, gjennom Lappland i haustfargar og vidare gjennom endelause folketomme strøk i Jämtland. Så meir folksamt etter kvart i Östersund og Åre og Storlien og Trondheim. Gjennom fagre Stryn, Sunnfjord og Sogn med plommer til sals i vegkanten, gjennom Nordhordland før framme i Bergen. Vestlandet viste seg frå si beste side i strålande sol. Vi rakk heim før valdagen. No ventar vi i spenning på kva konstellasjoner som blir resultatet av valet. Uansett er det hausten vi har framfor oss no.

 

 

 

 

Tog for fly

Av ulike grunnar har det vore mykje fokus på tog den seinare tida. I Norge har namnebytet frå NSB til Vy vekt mykje forarging. Eg er blant dei forarga, men utviklinga innan togtransport dreier seg jo om mykje meir enn eit teit namn. Oppsplitting i ulike selskap i samferdslesektoren og anbodskonkurransar er resultat av ein politikk som har fått konsekvensar for fleire samfunnsområde. I dag fekk vi vite at norske Vy tapte konkurransen mot Sveriges Järnvägar (SJ). No er det altså eit svensk selskap som skal drifte tog i Midt- og Nord-Norge. Ein smule komisk at eit svensk statleg selskap skal overta for eit tilsvarande norsk. Men slik er det blitt. Så får vi sjå om dette er til gagn for passasjerane.

Ser ein bort frå den heimlege diskusjonen om organisering av togtransporten, er det sjølvsagt klimaomsynet som har, og bør ha, innverknad på folk sitt val av transportform. «Flyskam» er eit begrep som er komen i kjølvatnet av arbeidet for å redde kloden frå kollaps grunna klimaendringar. Applaus til unge og eldre som engasjerer seg i dette. Endringar i reisevaner er ein del av den omlegginga som må til for å redusere utslepp. Flytrafikken kan ikkje halde fram i same omfang som i dag dersom ein skal nå klimamåla. Akkurat no høyrer eg i radioen at Grønn Ungdom vil ha eit kvotesystem på flyreiser – med ei tur-retur-reise per person per år, og moglegheit for kvotekjøp om det er behov for fleire. Eg saknar litt meir geografikunnskap hos dei som engasjerer seg.

På togtur

Sjølv er eg eigentleg ikkje så hardt angripen av flyskam. Skal ein til dei nordlege delar av Nord-Norge har ein få alternativ til fly, og eg avstår som regel frå helgeturar til storbyane i tide og utide. Fordi eg bur i ein storby med godt kollektivtilbod er det heller sjeldan eg sjølv set meg bak rattet. Men no skulle vi ut på den årlege forsommarturen nordover, med tiltrengt våronn for tomta til sekundærbustaden. Eg går ikkje av vegen for å skaffe meg nokre nye erfaringar. Så korleis finne alternativ transport, altså utan fly og privatbil? Kanskje tog?

Min sambuar og eg liker å reise med tog. Forutan klimafordelen slepp ein enerverande trasking og keisame opphald på flyplassar, samt transport til og frå. Vi bestemte oss for å prøve tog denne gongen. Den opphavlege planen var å legge turen via Sverige – ein snartur innom Stockholm verka fristande – og så vidare med SJ via Kiruna med Ofotbanen til Narvik. Då er vi berre halvannan time frå Bardufoss. Men på grunn av mangelfull togflyt frå Oslo (buss for tog) vart planen skrinlagt. Det går heller ikkje lenger direktetog mellom Oslo og Stockholm. Det vart Nordlandsbanen i staden. Det vil seie Bergensbanen og morgontoget Bergen – Oslo, ettermiddagstoget med Dovrebanen Oslo – Trondheim og nattoget Trondheim – Fauske. Då er det slutt på skinnene (bortsett frå at toget også går dei få milene Fauske – Bodø). Til slutt må det skøytast på med Nord-Norgesbussen.

Starten er altså frå landets staselegaste jernbanestasjon. Bergen jernbanestasjon sto ferdig i 1913 og er eit framifrå eksempel på tidas Art Nouveau-stil. Arkitekten var Jens Zetlitz Monrad Kielland.

IMG_8381.JPG
Start frå jernbanehallen i Bergen

Ein tidleg laurdags morgon i juni sette vi oss på Bergenstoget. Saman med oss steig det på ein flokk utlendingar, dei fleste asiatar. Dei steig av på Voss og skulle truleg vere med på klassikaren Norway in a Nutshell  slik at dei fekk fjordane og Flåmsbana med i same slengen. Vêret var ikkje det beste denne dagen. Grått på Hardangervidda, ikkje så mykje å sjå, og tunnelane er mange og lange. Eg fekk ikkje samla meg til å knipse bilete frå vintervåren i høgfjellet, så dette er eit lånt bilete.

 

IMG_4477
Finsevatnet (foto: Togbloggen)

Det hadde seg slik denne helga at vi var invitert til 70-års-feiring i Asker, så då vart det avstiging der med overnatting før reisa gjekk vidare søndag ettermiddag. Kjem ein frå Vestlandet og Nord-Norge til f.eks. Asker stasjon vert forskjellane landsdelane imellom særs påfallande. Her suser toga forbi i begge retningar utan opphald.  Det nyttar vel ikkje å vere avundsjuk på prioriteringa av samferdselsmilliardane.  Intercitytog er nok ikkje for alle. Hovudstadsregion er då hovudstadsregion?

fullsizeoutput_3e19
Med Comfort på Trondheimstoget

Søndag ettermiddag var det tid for tog til Trondheim. Då vi bestilte, var det berre ledig på  det som kallast Comfort – det vil seie at for ein hundrelapp ekstra får ein avis og kaffe på kjøpet. Sidan det var søndag vart det ingen avis, og det frista heller ikkje med vandring framover i vogna for å hente kaffe, med fare for vakling og søl. Ei ulempe med dette toget var den knappe bagasjeplassen. Passasjerar med litt storleik på koffertane fekk rett og slett ikkje plassert bagasjen. Og dette var jo eit tog med langvegsfarande, ikkje noko pendlartog. På Bergenstoget var det betre plass for bagasje.

fullsizeoutput_3e13
Snute mot snute på Lillehammer

Elles gjekk reisa greitt. Som det framgår av mitt forrige blogginnlegg, har eg for tida spesiell interesse for visse delar av Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag. Toget går dels på vestsida av Lågen, oppe i liene her ligg gardane der mine stamforeldre kom frå. Og toget stryk også gjennom Mjøen i Oppdal, der mi tipp-tippoldemor kjem frå. Her skal eg gi meg betre tid ved neste høve.

I Trondheim var det å stige inn på nattoget og førebu seg på natta. Litt tungvint å få henta seg nøkkelkort til sovekupéen. Eg har eigentleg dårleg søvnerfaring på nattog, og betre vart det ikkje denne gongen. Litt for mykje slingring og støy. Sov-i-ro hjalp ikkje. Men prinsippet er jo fint, sove seg gjennom natta og komme fram ein tidleg morgon. Eg sto opp då vi passerte Saltfjellet.

fullsizeoutput_3e17
Saltfjellet i morgonsol

Buss for tog

Så var ikkje vegen lang til vår endestasjon Fauske der bussen venta. Turen opp gjennom Nordland vart ei flott oppleving. Strålande sol, nyutsprunge lauv, blå himmel, blå fjordar og kvite fjell. Kor elles i landet finn ein slike fantastiske fjellskulpturar? På dei høgaste partiane på vegen hadde vinteren ikkje heilt slept taket, men i låglandet var det grønt og frodig.

IMG_8295
Slutt på skinner, over på veg

IMG_8301
Vinteren slepp taket

IMG_8309
Idyll på Innhavet

Etter bussbytte på Storjord er det ferje Bognes – Skarberget med kaffe og svele. Her ser ein inn over Tysfjord, med glimt av Stetind, Norges nasjonalfjell. Til slutt kjem vi fram til Narvik der det er bussbytte og tid til lunsj. Det viser seg at Troms fylkestrafikk sin buss byr på meir komfort enn Nordland sin.

fullsizeoutput_3e11
Narvik med fjellet «Den sovende dronning» og hotellet som på folkemunne vert kalla «vannkokaren»

Vi passerer for første gong den nye Hålogalandsbrua,  opna i desember 2018. Med denne brua er vegen korta inn med 18 km. I halvsekstida på ettermiddagen er vi framme i Sundlia i Bardu. Det vil seie at netto reisetid med tog og buss frå Bergen til Bardufoss tar ein og ein halv dag med dei togavgangane vi nytta. Det er eigentleg slett ikkje så verst. Raskare enn med bil.  Altså eit brukbart alternativ, om ein ikkje har det for travelt. Kanskje får ein meir utbytte og utsikt – «Vy» – om ein veljer å reise med Nordlandsbanen på dagtid. Så må eg bekjenne at vi tok fly tilbake frå Bardufoss, og for å komme til Bergen slepp vi ikkje unna Gardermoen. Frå vi gjekk ut døra til vi var heime i Bergen tok det sju og ein halv time, då med kollektivtransport heile vegen.

Veg for bane

IMG_8331
Våronn ved E6 i eit bilfritt sekund.

Etter adkomst Sundlia var det å ta fatt på våronna, med E6 som næraste nabo. Her dundrar all tungtransport mellom nord og sør forbi, til alle døgnets tider. Person- og militærtrafikk i tillegg. Var det nokon som snakka om tog?