No er boka ferdig og ute for sal! Arbeidet har tatt over fire år, med forsking, skriving, redigering og utforming til ferdig produkt. Ho er utgitt på forlaget til Skriveakademiet,
Kva handlar boka om?
Eg saksar frå baksideteksten:
I 1803 kjem lekpredikanten, opprøraren, skribenten og næringsutviklaren Hans Nielsen Hauge til «kolonien» i Bardu og Målselv. Der har bønder sørfrå slått seg ned, mellom dei gudbrandsdølen Peder. Han er i gang med å rydde seg ein gard i Målselv.
I Trøndelag er Marit frå Oppdal ei av mange unge som har slutta seg til Hans Nielsen Hauge sin veneflokk. Oppmoda av Hauge, legg ho ut på den lange reisa nordover.
Korleis er det å skape seg eit nytt liv som rydningsfolk? Kva vil det seie å leve i kamp mot naturkrefter, uår og sjukdom i ei tid der det er krig og mangel på det meste? Og på kva måte skal menneska i nord bringe aven og gnisten frå Hauge vidare, etter at øvrigheita bestemmer seg for å sette ein stoppar for verksemda hans?
I romanen Den søte forening følgjer vi Peder og Marit gjennom første halvdel av 1800-talet. Bygda veks, og den nye norske nasjonen utviklar seg etter kvart som haugerørsla tar nye former. Vi får også følgje ekteparet på ferda mot det siste møtet med den store lekpredikanten.
Den søte forening er ein fengslande historisk roman om Hans Nielsen Hauge og dei som førte arven vidare.
Om du vil kjøpe boka, kan du få tilsendt signert eksemplar frå meg, pris 320 kr + frakt 75 kr. Kjøper du fleire på ein gong, sparar du på fraktkostnaden. Betal helst med Vipps til 970 99449. E-post livsundh@online.no.
Eller du kan bestille på nett frå ARK eller Norli. Og om du vil halde boka i handa før du kjøper, kan du spørje i bokhandelen. Og vil du heller låne, kan du spørje i biblioteket. Har dei ikkje boka, kan dei skaffe ho.
Skal seie tida flyg fort av garde. Snart eit halvår sidan sist det vart skrive her på bloggen. Ein sommar er over, og no er hausten her. Eg har ikkje tenkt å gi noko referat frå heile sommaren, men han fortener litt omtale likevel. Store delar av sommaren har eg tilbrakt i Nord-Noreg, som var årets vêrvinnar. Her i vest har det vore så som så. Men slik stoda er mange stader i verda no, med hetebølgjer, skogbrannar, katastrofale flaumar, krigar osv. skal vi vere varsame med å klage. Sjølv om også vi har fått vårt her til lands. Delar av Austlandet fekk smake på det som det truleg blir meir av i tida framover, flaum og store materielle skadar. Sjølv klimaskeptikarane må no vel etter kvart godta at det er noko i det som vitskapsfolk på feltet lenge har åtvara mot.
Lokalvalet vi nyss har vore gjennom skal eg ikkje seie så mykje om. I Bergen er det som vanleg liv og røre i politikken. Det hadde vore greit om skillelinjene mellom partia etter kvart kunne dreie seg om andre ting enn denne Bybanen.
Så no trur eg berre eg rett og slett legg ut nokre bilete frå den sommaren som har vore. Og då må eg vere selektiv og streng i utvalet, for eg har faktisk vore mange stader rundt i landet. I vår til og med utanlands, til Toscana og Umbria, utan at eg tok meg tid til å heidre turen med eige blogginnlegg. Det var ein rett fin tur til historiske byar og landskap som er noko av det beste vår verdsdel har å by på, men det fører for langt å attgje det her. For dei som er mine vener på Facebook har det vore mogleg å sjå mange bilete derifrå.
Forsommar i Troms
11. juni i Tromsø, på veg heim frå jubileum for Tromsørussen 1968
Eg har vore nordpå i to omgangar, første gongen i juni og så på seinsommaren. Etter den varme sommaren forsvann alt av snø og is frå Tromsdalstinden.
Også juniutgåva av Istinden i Bardu skil seg frå augustutgåva
Bergen
I Bergen testa vi den nye spektakulære 3 km lange sykkeltunnelen til Fyllingsdalen.
Midt i sykkeltunnelen
Juni i Bergen var i det heile ikkje så verst. Tørt og god temperatur, det gav høve til måltid ute.
Reker og hvitvin i kveldssol på nordbalkongenNygårdsparken byr på fred og ro om det blir for mye trengsel i sentrum
Austlandet
Det vart høve til ein liten visitt til Austlandet, nærare bestemt Tønsberg og deretter Hønefoss, der Kistefos museum ikkje er langt unna.
På hamna i Tønsberg kan ein sjå på vikingskipSkulpturar i «the Twist» på Kistefos museum
På seinsommaren var det tid for årets andre tur i retning nord. Denne gongen via Toten, Gausdal og Gudbrandsdalen. På Aulestad og i Ringebu kan ein tilbringe mange interessante timar. Og frå desse traktene kom også ein av mine forfedre som slo seg ned i Målselv på slutten av 1700-talet.
Skrivestova til Bjørnstjerne Bjørnson på AulestadRingebu stavkyrkje, landets nest eldsteUtstilling i «låven» på Ringebu prestegardBjørnstad i Musdalen, her budde min tipptippoldefar før han flytta nordover
Nord i landet på seinsommaren
På vegen mot nord var det overnatting i Mo i Rana og morgentur på den nye strandpromenaden. Havmannen står støtt ute i sjøen, han andre har lagt seg halvflat.
Sjøfronten i Mo i RanaMed forventing om fine padleturar kryssar vi Tysfjorden på veg mot nordOg fine turar vart det, her på Sør-SenjaPause etter den obligatoriske jakta på molterNysnekra kjellardørFjellfroskvatnet i Øverbygd På veg tilbake frå padletur Aursfjord – Malangen i 27 plussgrader På Holmvassfjellet, Balsfjord med utsyn mot LyngsalpanPå «Kalottspel» – den årlege folkemusikkfestivalen i MålselvVed Altevatn i Bardu med orienteringsløper i aksjonReinsdyr på SundlifjelletMajestetiske Istind i kveldssol speiler seg i Myrvangnessan
Med desse glimta for ein forgangen sommar takkar eg for denne gongen. No nærmar seg forøvrig tida for lansering av boka eg har snakka om tidlegare. Meir informasjon kjem her på sida når ho er klar for sal.
Då var hausten her og vi er tilbake i Bergen. Det vart eit lengre opphald i den andre heimen i nord enn planlagt. Mi kjære, alltid blide og positive tante Solveig gjekk bort 18. august og då måtte sjølvsagt heimreisa utsetjast ei veke slik at vi kunne følgje ho til grava i Målselv kyrkje. For sjølv om ho hadde vore bufast i Tromsø by det meste av livet, var det i heimbygda Målselv både ho og ektemannen kjende seg heime og der begge no er gravlagt. Gravferda fann stad ein vakker og solfylt dag, heilt i tante si ånd. Og for meg vart det gjensyn med slektningar som eg ikkje hadde sett på årtier, no er det på dette viset ein treff dei. Eg møtte også ei frå den tida vi begge gjekk på Tromsø gymnas og som no var inngifta i familien.
Tante Solveig var den siste av mine biologiske tanter, både på mors- og farssida. Alle onklane er også gått bort. Det betyr at eg no er den eldste av etterkomarane til mine besteforeldre Otilie og Gabriel Pedersen Solli. For døden har også gjort innhogg i søskenbarnflokken. Tante var mi mor si syster, i barneflokken på fem var dei fire systre som alle passerte nitti med god margin. Tre av dei var berre tre år unna dei hundre. Slektar eg på morssida kan eg sjå fram til eit par tiår til, riktignok med fare for noko demens på slutten. Inntil vidare får ein vel ta seg i vare som best ein kan. Men erkjenninga av at tida går og at dagen nærmar seg då ein ikkje lenger er blant dei levande, trenger seg på.
Tre av tantene på muntert møte i Oslo i 2005. Frå venstre Torunn, mor mi Pauline (eldst) og Solveig (yngst).
Det vart altså ei ekstra veke, vêret var kaldt og surt og lite freistande for friluftsliv. Tromsøturen var unnagjort, der var det første barnebarnet, ein månad gammal, det sjølvsagte midtpunktet i min bror sin familie. Der fekk eg også treffe alle mine tanteungar, som no er godt vaksne blitt. Og sidan min bror hadde fullt hus fekk vi losji hos mi veninne frå gamle dagar, alltid triveleg hos dei. Så kva skulle vi finne på, no når også sjåen var ferdig reparert? Det vart ny tur til fargehandelen på Andselv, der vi no er å rekne som faste kundar. Den lenge påtenkte oppussinga av eit soverom vart realisert, og vi var såre nøgd med resultatet – og oss sjølv. Og så vart det nokre fine dagar på slutten, med tur til Sørhusfjellet som ligg ved grensa mellom kommunane Sørreisa, Målselv og Bardu. Fjellet er lett tilgjengeleg og har vid utsikt både mot sivilisasjon og villmark.
Sørhusfjellet, med utsyn til flystripa på Bardufoss, fjellandsbyen, Blåtind og Mauken
Studenten som vi hadde avtale om å møte i Bodø hadde fått andre dose av covid-vaksine (Moderna) dagen i forvegen og det hadde slått han såpass mykje ut at det berre vart ein kort visitt til hybelen på Mørkved. Vi kunne konstatere at han hadde fabelaktig utsikt til Børvasstindan og at det elles sto bra til. Siden vi hadde tatt avstikkaren frå E6 til Bodø valgte vi å reise vidare via Saltstraumen og Misvær. Det er ofte omvegane som er best. Så vart det overnatting i Mosjøen og Trondheim og så Sognefjellet og Tindevegen ned til Årdal, i strålande vêr. 16 varmegrader på Sognefjellet!
Bodø veks i høgda, det rivast og byggjastValkamp i Bodø by med raud markering.Ved Saltstraumen
Ny vri på rasteplass i Grong
Her i Sel rastar vi ofte før vi tar fatt på Sognefjellet
På Tindevegen over Sognefjell
Etter tre dagar på vegen nådde vi fram til vår bopel i Bergen. Eg er av dei som har ein fot på landsbygda og ein i storbyen. No kjentes det godt å stø seg på byfoten. Ikkje visste eg kor mykje eg hadde sakna byen før eg igjen kunne rusle rundt i gatene å sjå på hus og folkeliv. Altså, Bergen er ein fabelaktig by, og no var det også godt og tørt vêr!
Ja, Bergen har hatt den tørraste sommaren på aldri så lang tid. Eg frykta for plantane etter vårt lange fråver, sjølv om studenten nok hadde gjort ein innsats for å berge dei. Mirakuløst nok hadde dei aller fleste plantane både ute og inne klart seg. Rosene står fint og blomstrar for andre gong. I morgon, 13. september er det stortingsval. Eg har unngått køane for å førehandsstemme og har tenkt å møte opp i vårt vallokale på Hellen skole på sjølve dagen. Då er det berre å ønske godt val og velje riktig farge!
Somme har etterlyst nye innlegg på bloggen. Det er riktig at eg har hatt ein pause. Det kjem seg av at eg har fordjupa meg i slektshistorie. Forutan lesing av bygdebøker for Bardu og Målselv, har eg – takk vere eit godt bibliotekvesen med tilgang på bygdebøker frå heile landet og mykje skanna materiale – funne ut ein god del eg ikkje visste frå før. Slektsgransking er jo elles eit typisk alderdomsteikn, men eg har altså visse planar med dette arbeidet. Meir røpar eg ikkje no.
Eg er etterkomar av dei som braut opp frå magre kår sør i landet på slutten av 1700-talet for å starta eit nytt liv som nybyggjarar i Bardu og Målselv. Formødrene og -fedrene i denne første innvandringsbølgja kom frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Oppdal. Det er ålment kjent at fogd Jens Holmboe var ein ivrig pådrivar for innflytting og nydyrking i dei fruktbare dalane i indre Troms. Han meinte at innlandsfolket frå dalane der sør var meir veleigna enn kystbefolkninga til slikt. «Storofsen» – flaumen og jordskreda som i 1789 raserte mange eigedomar i desse områda – var også medverkande årsak til utflyttinga mot nord. Fullt så kjent er det kanskje ikkje at lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771-1824) hadde meir enn éin finger med i spelet. Dei som kom nordover var for ein stor del haugianarar, med sterk gudstru og høg arbeidsmoral.
Hans Nielsen Hauge hadde hatt ei guddommeleg openberring under arbeidet ute på åkeren på heimegarden i Rolvsøy i Østfold i 1796. Etter dette starta han ei omfattande forkynning, reiste rundt i landet, sette i gang ulike praktiske tiltak og etablerte eit tett nettverk av vener. Blant anna vart det oppretta ei slags felles kasse der medlemene i venesamfunnet bidrog. Han valgte ut folk som han meinte var tenlege for saka, både menn og kvinner. Hauge er i ettertid sett på som ein eksponent for koplinga mellom den protestantiske etikk og kapitalistiske ånd. Med haugianismen sine trekk frå kommunisme, protestantisme, kapitalisme og feminisme må Hans Nielsen Hauge seiast å vere ein av dei mest interessante figurane i Noregshistoria. Etter Hauge si tid gleid haugianismen meir over i indremisjon. Opprøret mot autoritetane og vel også dei industrielle føretaka i Hauge si ånd kom nok etter kvart i bakgrunnen.
Hauge forfatta eit utal skrifter som han sørga for å spreie rundt i landet. Venene heldt han kontakt med gjennom besøk og brev som inneheldt ei god blanding av gudsord, praktiske direktiv og formaningar. Han hadde også meiningar om kven som kunne vere høvelege ekteskapskandidatar. Det skal finnast døme på at at han rådde folk til å bryte trulovingar når han meinte alliansen ikkje tente saka.
Mi tipp-tipp-oldemor på morssida – Marit Gulliksdatter (1783-1856) – kom frå Mjøen (Sør-Mjøa/Nesto) i Oppdal, der Hauge hadde fleire tilhengarar. Marit var blant desse. Randi Hevle frå nabogrenda vart ei kjent haugianerkvinne. Mor til Marit – Gjertrud Olsdatter – kom forøvrig frå garden Hevlesvoll. Randi og Marit var jamngamle og truleg var dette med på å påverke og styrke Marit si rolle som «bibelkvinne». Det vart forresten bråk under eit vekkingsmøte på ein gard i bygda. Øvrigheit og presteskap såg som kjent ikkje med blide auge på Hauge si verksemd og prøvde å stoppe dette uvesenet. Forkynninga hans var i strid med Konventikkelplakaten, som sette forbud for lekmannsforkynning.
Mjøen er omtalt i bygdebok for Drivdalen
Brev frå Hans Nielsen Hauge etter nordlandsturen i 1803
Våren og sommaren 1803 var Hans Nielsen Hauge på reise i Nord-Noreg. Her besøkte han Bardu, Målselv, Malangen og Balsfjord og kom så langt som til Tromsø. I Målselv besøkte han fleire av sine tilhengarar, blant anna familien til han som skulle bli min tipp-tipp-oldefar – Peder Amundsen (1771-1840) – frå Øyer i Gudbrandsdalen. Mor hans – Lisbeth Jonsdatter Romundgard (ikkje den meir kjente Romundgard i Sel lenger nord) hadde året etter at Peder sin far Amund Syversen Lien (Hong) drukna i Lågen, gifta seg på nytt med Ole Bardonsen Skarprud. Ole hadde i 1789 rydda gard på den staden der Takelva renn ut i den mektige Målselva. Garden fekk seinare namnet Olsborg. Her slo dei seg ned, Peder, mora, stefaren og Peder sin halvsøsken.
Utsikt frå Sollitinden mot Solligardane midt i biletet.
Då Hauge kom hadde bygdene her oppe alt hatt besøk av haugianske vekkingspredikantar, men vekkinga hadde fått uheldige konsekvensar. Folk satt i religiøse grubleriar og hang med hovudet heller enn å ta fatt på arbeidet. Dette ville Hauge ha ein slutt på. Han hadde augene med seg overalt der han kom, og såg mange mulegheiter for verksemd. Særleg Bardufossen meinte han hadde stort potensiale.
Peder hadde i 1802 begynt å rydde seg gard i Sollia, naboeigedomen til Olsborg. (Det var forresten Hauge som føreslo Sollien som namn). Peder var felespelar, og det seiast at han bygde det første huset litt oppe i bakkane, der fela lét som best. Huset vart seinare flytta lenger ned på flata, og det kom opp eit nytt staseleg hus som vart heim for generasjonane etterpå. Også mor mi var fødd der i 1916.
Men så hadde det seg slik at Peder, som no i 1803 var 32 år, enno ikkje hadde funne seg kjerring. Skulle ein drive gard måtte ein jo ha ei solid kone og utsikt til arvingar. Utvalet av konemne var nok ikkje så stort, sjølv om det alt hadde busett seg folk lenger nede ved Målselva (blant anna ei anna grein av mi slekt som flytta hit frå Helgeland). Hauge meinte han hadde ein kandidat i Oppdal som kunne sendast nordover. Og det er altså her Marit Gulliksdatter Mjøen kjem inn i biletet. I 1803 var far hennar, Gullik Johnsen død. Sør-Mjøa/Nesto var frå gamalt av ein velståande gard, men då Gullik døydde var han gjeldstynga og garden var som eit konkursbu å rekne. Marit sin bror John overtok garden, og mora Gjertrud vart kårkone. Så ved å reise nordover opna det seg kanskje utsikt til ei betre framtid for Marit. Ho hadde alt ei forkynnaroppgåve som ho kunne ta med seg. Kva ho sjølv meinte om arrangerte ekteskap er ikkje godt å seie. Men kanskje ho óg tenkte at ho ikkje lenger var eit så godt parti heime i bygda?
Eg har gjennom slekta blitt fortalt at Marit kom til Målselv saman med Hans Nielsen Hauge. Det stemmer nok ikkje. I eit brev Hauge skreiv til venene i Trondhjem 12. september 1803, altså etter at han var komen sørover igjen, seier han blant mykje anna at Marit Mjøen må få beskjed om visse ting ho må utføre, også med tanke på reisa nordover. Kor tid Marit kom fram til Målselv og Peder har eg ikkje klart å finne ut.
Marit og Peder vart gift i 1807. Same året var dei innkalla som vitne i ei av dei mange sakene mot Hauge. Ungane lot vente på seg. Først i 1814 kom første barnet som levde opp, dottera Karen. Då hadde dei året før mista sin førstefødde son Amund. Oppgjeve dødsårsak: «Død for tænder». Så fekk dei tre barn til, Amund, Gabriel og Elisabeth. Seinare kom det fleire av Marit si slekt flyttande nordover. Også mora levde sine siste dagar i Målselv.
I 1818, då Hauge var ferdig med fengselsopphaldet sitt og hadde etablert seg på Bredtvedt i Oslo, reiste Marit og Peder dit på besøk. Paret hadde fått ei kanne i presang frå Hauge, kanskje til bryllupet, men det veit vi ikkje sikkert. Kanna er no på Midt-Troms museum.
Peder fekk etter kvart ei rekkje verv i styre og stell. Sollia var ein stor gard, med mykje utmark og fleire husmannsplassar. Etter Peder sin død delte Marit eigedomen mellom sønene Amund og Gabriel. Amund vart buande på farsgarden. Han vart far til Peder som er min oldefar og far til min bestefar Gabriel Pedersen Solli, som døydde i 1972.
Peder døydde i 1840, Marit i 1856. Det seiast at då ho kjente at det bar mot slutten, sørga ho for å steike opp rikeleg med gorobrød som traktement i gravferda. Elles er det i det historiske kjeldematerialet få haldepunkt som kan fortelje om deira daglege liv, og korleis dei var som menneske.
Så er det litt underleg å tenke på at eg må rette ei takk til Hans Nielsen Hauge for min eksistens. Hadde ikkje han, i tillegg til mykje anna, også opptrådt som Kirsten Giftekniv, hadde eg ikkje sete her og skrive dette!
I går var det «Black Friday», ein skikk frå USA som vår heimlege handelsstand så til dei grader har importert. Av import derifrå fekk vi først Halloween, så Black Friday, det neste blir vel Thanksgiving? Eg heldt meg no i alle fall borte frå butikkane, både i sentrum og på kjøpesentra. Eg har alt eg treng og kan dermed motstå kjøpepress, stort sett. Tvert imot har eg no behov for å kvitte meg med jordisk gods. Og utan å høyrast for prektig ut har eg i år stort sett produsert julegåvene sjølv. Nok om det.
Det var eigentleg ein annan import eg skulle skrive om. For eit par veker sidan fann eg gull i ei korg i ei matvareforretning i Bergen. Rettare sagt ein haug med det «nord-norske eplet», nemleg Målselvnepe.
Eg la oppdaginga ut på Facebook og fekk likes og kommentarar, særleg frå dei med røter nordpå som vart begeistra over gjensyn med barndommens neper. For min del er eg oppvaksen i kjerneområdet for nepa, ved kommunegrensa til Målselv og med mor frå Sollia i Målselv. Samanlikninga med eple passar, ikkje berre når det gjeld det smaksmessige. Når dei sørpå gjekk på epleslang, gjekk vi på nepetjuveri.
Då eg i si tid kom til Bergen var eg forundra over å oppdaga at det som vart kalla nepe var nokre runde kvite knollar. Neper skulle då vere gule og flate?
Målselvnepene som er til sals i butikken er pakka på Senja og utstyrt med ein forteljande etikett. Eg undra meg litt over at kvar og ei nepe var plastemballert. Nokre av FB-venene meinte dette var naudsynt for at dei skulle vere haldbare, andre viste til at nepene hadde hatt utmerkte lagringsvilkår i kjellaren i barndomsheimen, heilt utan plast.
For å få den karakteriske smaken må Målselvnepe dyrkast i kjøleg klima med mykje lys. Dei optimale vekstvilkåra er nord for polarsirkelen. Målselvnepa blir i dag forvalta av Senja vidaregåande skule, og er beskytta av Forskrift om beskyttelse av Målselvnepe fra Nord-Norge som geografisk betegnelse (Lovdata). Her kan ein lese følgjande:
«Nord-Norge har unike naturgitte betingelser for plantevekst med en kombinasjon av relativt lav gjennomsnittlig veksttemperatur, kort vekstsesong og lyse sommernetter på grunn av midnattsol. Målselvnepe er godt tilpasset disse vekstforholdene, og har en særpreget søtlig og mild nepesmak grunnet liten produksjon av bitterstoffer.»
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar på metoder for å sikre kvaliteten på Målselvnepa, sjå Kvaliteten skal sikrast
Garden Solli i Målselv rundt 1960. Gode vekstvilkår for nepe på sandhaldig jord.
Nepa har også påverka nord-norsk vokabular for skjellsord.
Russenepe og pomorhandel
Ein ting er at Målselvnepa no har funne vegen til butikkhyllene sørpå. Men korleis kom denne nepa seg til Nord-Norge? Det viser seg at nepa har røter i Russland. «Russenepa» blei innført til Norge via den såkalla pomorhandelen med Russland på midten av 1800-talet. Fordi ho hovedsakleg vart dyrka i Målselv i Troms, og fordi bønder i andre delar av Nord-Norge fekk frø herfrå, fekk ho etter kvart namnet Målselvnepe.
Handel mellom Norge og Russland har røter tilbake til middelalderen, men begrepet “pomorhandel” blir til vanleg nytta om perioden frå tidleg på 1700-tallet til tida rundt den russiske revolusjon. Pomorhandelen var ein byttehandel mellom fisk og kornprodukt. Rugmel – «russemel» – var hovedvaren som vart bytta mot ulike fiskeslag, slik som flyndre, torsk og laks. Samhandelen mellom pomorane og den nordnorske befolkninga hadde stort omfang, særleg i periodar med krig, uår og forsyningssvikt sørfra. På 1800-tallet, då russehandelen hadde sitt største omfang, kom det årleg over 300 pomorskuter til dei nordlegaste regionane i Norge. (Kjelde: Nordlysveien)
Område for pomorhandelen (Wikipedia)
Interessant er det at ei venninne under eit besøk i Arkhangelsk fekk servert nepe som snacks. Ræpa var namnet på delikatessen, vart ho fortalt. Er dette eit eksempel på russenorsk? Russenorsk var eit pidginspråk som var brukt som hjelpespråk i handelen mellom Nord-Norge og Nordvest-Russland. Språket var ei blanding av i hovedsak norsk språk (særlig nordnorske dialektar) og russisk språk. Om lag 400 ord er bevart av språket.
Import
Utbreiinga av Målselvnepa er berre eit eksempel på korleis geografi og samhandel til alle tider har påvirka jordbruk og kosthald. Det meste av det vi putter i munnen er på eit eller anna tidspunkt i historia importert. Det gjeld både husdyr og nytteplantar. Unntaket her til lands er vel strengt tatt berre vilt, fisk, skalldyr, bær, hasselnøtter og nokre urter. Potet, kaffi og te – uunnverlege varer i nordmenn sin kvardag – har sitt opphav i høvesvis Sør-Amerika, Afrika og Asia og kom til Norge på 16-1700-talet. Dei vanlege kornsortane våre stammar i sine tidlege former i hovudsak frå Middelhavslanda og Sørvest-Asia.
Også gulrot og kålrot kom på 1600-talet. Dagens husdyr lever ikkje lenger berre av gras og lauv, men av kraftfôr som inneheld importert soyaprotein. Og norsk oppdrettslaks ernærer seg av laksefôr som inneheld ca 25% soyaproteiner. Soyadyrking legg beslag på store areal i tropiske land som Brasil.
Det stoppar jo ikkje med råvarene. Matskikkane i dagens norske hushold er i overveiande grad resultat av import. Eg treng vel ikkje å nemne kor pizzaen, pastaen og tacoen har sitt opphav.
Og så har vi folkevandringene, då, som har funne stad til alle tider. Men det får eg heller ta ein annan gong.