No har eg i lengre tid forsømt bloggen. Tida flyg, alt man gjer og faktisk også ikkje gjer tar tid. Men no lyt eg ta meg saman før vi skriv mai månad. Ja, kva har eg no halde på med sidan sist? Geografisk sett har eg vore både i nord og i sør, i indre strok og i aller ytste. Påskehelga i Bardu i vekslande vêr, med hyggeleg besøk av studenten som dette året får prøve seg på sitt framtidige yrke på lensmannskontoret i Nordreisa. Koronaen la sjølvsagt ein dempar på tilbod som elles er opne i skisesongen. På gode gamle Kampenhytta var det ikkje servering denne påska, men heldigvis var eit rom opent slik at ein kunne få spist nista og varma seg. Idrettslaget Kampen skal ha alt mogleg skryt, truleg er dei noko av det viktigaste limet i lokalsamfunnet, i den vesle grenda i Nedre Bardu som blant anna stadig må kjempe for å behalde barneskolen.

Eg presterte å øydelegge ein av dei no etter kvart antikvariske Rottefellebindingane på dei førti år gamle skia som eg brukar når eg er på desse kantar. Det vart derfor ein tur opp lia til fots, på gamle trakter, opp til Kvilarstenen, ein ynda rasteplass med lange tradisjonar. Dagen etter fekk eg likevel låne meg eit par ski av ein god nabo, så då vart det ein tur på Sundlifjellet. Sidan det, til tross for forsøk på alle sportsforretningane i området, ikkje var mogleg å finne make bindingar, begynte eg så smått å gle meg til å skaffe meg nye ski. Men då hadde eg ikkje rekna med bror min i Tromsø, som tar vare på det meste, og som stolt kunne hente fram just riktige bindingar frå kjellarboden. Så då blir det vel ikkje nye ski likevel.


Tilbake i Bergen kunne vi konstatere at våren ikkje var komen lenger enn då vi drog derifrå tre veker tidlegare. Men skisesongen hadde vi ikkje noko ønskje om å forlenge, så då vart det ein søndagstur ute i havgapet, på Algrøy vest for Sotra. Der skulle det vel vere god plass, tenkte vi. Det hadde også mange andre tenkt, for parkeringskapasiteten ved utgangspunktet for turstiane var sprengt. Men tur vart det, på ei rute som av turlaget var markert som «enkel» – ein rundtur Maggevika – Kongvika. Vel, det skal gode kne til for å forsere dette opprivne kystlandskapet, for til tross for at det ikke er mykje høgdeskilnad, så er det ein god del kløfter som skal forserast. Eg er ikkje alltid samd i turistforeiningane si klassifisering, dei er truleg berekna på folk under førti. Stavar er godt å ha. Det er røft her ute, bølgjene får slå uhindra mot land og skal ein reise vestover herifrå er det vel ikkje landkjenning før Shetland.


Elles er det litt styr i samband med den tilstundande flytting til ny leilegheit. No er nemleg tida komen for såkalla «tilval», til kjøken og diverse anna. Kronene renn fort unna, utan at vi på nokon måte har lagt oss på ei dyr og eksklusiv line. Kvar minste endring kostar flesk. Det var irriterande å oppdage at standard dørtersklar ikkje kom til å harmonere med standard golv, skulle det bli heilskap måtte det bestillast ekstra tersklar til 600 kr stykket. Og det blir sikkert mykje anna å gruble over etter kvart. Inntil vidare får vi nyte siste våren og sommaren i vår noverande bustad.
Etter eit drygt år med pandemi kan ein verkeleg begynne å lure på når vi skal kome tilbake til normale tider. No har det verkeleg gått både vinter og vår – to gonger. Noko av det eg ser mest fram til er å sleppe desse munnbinda. Elles har eg som frisk pensjonist i Noreg lite å klage over, og eg har fått mitt første vaksinestikk. Ikkje alle konsekvensar er negative heller, ein har fått rikt høve til å gjere seg kjent med kvalitetane i sitt nære miljø og kan gle seg over dei små ting. I dag var eg ein tur til byen, det har ikkje vore for ofte i den seinare tid. Nydeleg var det å spasere gjennom Sandviken til sentrum, og for ein fin by, Bergenshjertet svulmar. Men hovudærendet mitt var å få med meg utstillinga til Thomas Pihl i KODE 2. Han er kjent for sine store einsfarga måleri, eller monokrome som det heiter på fagspråket. Eg fann ut at slik kunst passar godt i denne tida, som for mange kan opplevast som monoton. Når ein står med opne auge framfor desse måleria og gir seg tid til å betrakte dei, trer nyansane fram på forunderleg vis. Men ein må gi seg tid, for dette er subtilt, bokstaveleg talt «det små i det store».

No ventar vi berre på at våren skal kome for alvor. Han kjem seint, men vonleg godt.
