Hellemyrsfolk, Ulskebjørn og husmannsvesen

Det er ikkje alltid enkelt å velje seg ut eit tema å skrive om. Det er så alt for mykje å gripe fatt i, både med tanke på fortid, nåtid og framtid. Ikkje er det alltid så lett å samle tankane heller, langt mindre kome med noko djupsindig. Av og til kan det kanskje vere nok berre å ta utgangspunkt i nærmiljøet eller siste sundagstur. Om ein ser godt etter har dei fleste stader noko ved seg, anten det no gjeld botaniske tilhøve, natur, kulturlandskap eller lokalhistorie.

img_1572
Her bur Hellemyrsfolket anno 2017

Hellemyren

Eg bur på staden der Amalie Skram henta inspirasjon til bøkene om Hellemyrsfolket. Det vil seie ytterst i Sandviken, nær Fagerdalen, der det låg ein husmannsplass som no er nedbygd av nye bustadblokker.  Skildringa av plassen i bøkene passar perfekt til skildringa av husmannsplassen Øvre Fagerdal. «Olaplassen» er ei lita slette her, som på tidspunktet før utbygginga var nokså attgrodd. Eg var fleire gonger der og plukka bringebær og bjørnebær.

Det var mykje strid om dette byggeprosjektet. Mange, bl.a. forfattaren Gunnar Staalesen, engasjerte seg sterkt for å bevare området som eit kulturminne. For å bøte litt på tapet har husrekka over fått namnet Olinestien, oppkalla etter Oline – «Småfylla», som i sitt trasige liv trøysta seg med sterk drikke og som la i veg både til byen og til Salhus for å slokke tørsten.  Og som ved eit slikt høve endte sine dagar på tragisk vis.

I lia over Fagerdalen går det ein sti opp mot Hellefjellet, her passerer ein restar etter noko som kan ha høyrt til husmannsplassen  (sjå biletet under). Det går elles stiar på kryss og tvers i skogsområdet her. God kvardagstrening i tildels bratt terreng – bra for oss moderne menneske som ikkje treng å springe etter kyrne.

img_3086

Ytre Sandviken, som no er ein relativt sentral del av Bergen by, var på Amalie Skrams tid seint på 1800-talet for strileland å rekne. Hit ut gjekk ingen veg, for å komme til byen var det vanleg å ro. På Lønborg, i nærområdet til badeplassen Helleneset, var det fleire småbruk. Då området vart utbygd på 1960-talet forsvann spora etter desse. Det er underleg å tenke på at det eigentleg ikkje er særleg lenge sidan folk kjempa for tilvêret i landskapet rundt oss. I dag er Ytre Sandviken eit attraktivt bustadområde med tilsvarande høge prisar.

Her vi bur på Lønborg kan vi sjå rett over mot Askøy, som har sitt litterære motstykke til Hellemyrsfolket, om enn berre i namnet. Eg var ein gong til stades i  eit familieselskap der det var til stades folk frå Juvik på Askøy. Ein av deltakarane meinte det var interessant at ein no omsider hadde fått til eit møte mellom Hellemyrsfolket og Juvikfolket!

I boka «Ytre Sandviken – fra Hellemyrsfolket til moderne bydel» av Jo Gjerstad (2012) er det utførlege skildringar av gardane og dei som budde der. Sjå lenke

Stallane

Eit stykke lenger nord for den gamle kommunegrensa mellom Bergen og Åsane, inn forbi Eidsvåg, ligg Jordalen og Selvik. Oppe på ei hylle mellom Jordalen og Vinddalen ligg husmannsplassen Stallane.  Hit kjem ein anten frå inst i Jordalen eller frå Selvik. Staden er eit populært turmål for store og små, av og til i helgene er det visst også servering med kaffe og vaflar. Det mangla sist sundag, men her var likevel folk på tur.

img_3094
Stallane

Vinddalen og Ulskebjørnen

Interessant er det også å ta turen innom Vinddalen. I denne bortgøymte dalgropa under fjellet Ulskebjørnen ligg det ein stor gard. Det var i si tid skipsreiar Wallem som i 1937 kjøpte dei to gardsbruka som var her frå før. Desse var opprinneleg husmannsplassar under Jordal. Wallem ville omskape Vinddalen til eit mønsterbruk, og fekk sett opp ei løe som i si tid truleg var den største i heile Hordaland, til og med med flislagte vegger.

Nokre dagar etter sundagsturen til Stallane klatra min spreke sambuar opp på Ulskebjørnen og då vart det bilete av Vinddalen i fugleperspektiv. Og eit utsiktsbilete.

img_0442
Vindalen sett frå Ulskebjørnen (foto: Bjørn Bertelsen)
img_0441
Utsyn frå Ulskebjørnen mot Jordalsvatnet og Eidsvåg (foto: Bjørn Bertelsen)

Her kan du lese meir om husmannsvesenet i Norge

 

 

Bygge mur

img_3044
Mur i Munkebotn

Den trumpete figuren på andre sida av Atlanteren, som snart berre manglar ein liten bart under nasen, skal no i gang med å bygge mur. Litt av eit prosjekt å ta fatt på.  Kan vel skape mykje gode arbeidsplassar for folk i rustbeltet som no kan omskolerast til murarar. Finansieringa er visst ikkje heilt på plass enno, noko som kan bli ei utfordring når det samtidig er lova skattelette og satsing på annan infrastruktur. Naboen i sør har som rimeleg kan vere slamra igjen døra. Når alle ulovlege innvandrarar skal returnerast kan det vel også bli smått med arbeidskraft.

Mange av oss trudde og håpa at murbygging mellom land og folkegrupper var eit tilbakelagt stadium. Eg gløymer aldri novemberkvelden i 1989 då eg frå sofakroken framfor TV`en med stigande vantru såg Berlinmuren falle og folk klatre over. No er det igjen skremmande rørsler i Europa. Og Israel har som kjent forlengst bygd mur for å stenge ute og gjere livet mest mogleg surt for palestinarane.

Nei, slike murar vil vi ikkje ha. Og no set eg også strek for dagens politiske kommentar. Eg skiftar perspektiv og skal sjå litt på muring som samfunnsbygging og -utvikling.

Alternative murar

img_3039
Storediket

Eg høyrer no til kategorien 60+ på tur, det vil seie at eg ikkje – hm – murar meg inne.  Eg går turar både i nærmiljøet og utanlands.  Er det noko det er mykje av alle stader og til alle tider, er det nettopp murar til ulike funksjonar, i alle storleikar og former. Desse er viktige trekk i kulturlandskapet, og dei vitnar om menneskeleg strev for å skape betre livsvilkår. Steingardar, terrassar, diker og demningar finn vi overalt. Og vi treng ikkje gå langt. I Bergen og omland er det talrike døme.

I går såg vi sola i Bergen (!). Solhungrige Bergensbuarar hadde funne vegen ut i det fri. På min tur mellom Fløyen – Brushytten – Munkebotn meiner eg til og med at eg såg Bergen sin musikkguru Engelen fyke forbi på elsykkel ved Storevatnet. Men før eg kom så langt hadde eg eit stopp på Storediket. Her har gatekunstnaren Newton vore på ferde, men det er vel helst i bygatene ein treng gassmaske på godvêrsdagar vinterstid.

fullsizeoutput_17d5
Gatekunst på Storediket

Dikene var opphavleg bygde for å sikre mølledrift og vassforsyning. Dei har lange historiske røter. I dag er dei særs verdifulle innslag i turområda på byfjella.  På den mykje brukte turvegen eg gjekk i går ligg dei som perler på ei snor. Ved Storavatnet går det stiar til Stoltzekleiven og på motsett side kan ein klyve oppover til Ankerhytten, Rundemanen og Kvitebjørnen. Her finn ein fleire mindre diker.

img_3043
Storevatnet
IMG_1990.JPG
Demninga ved Munkebottsvatnet

På slutten av dette innlegget har eg lagt nokre lenker til kjelder som kan seie meir om historikken. Men før eg avsluttar, har eg lyst til å vise litt murarbeid på ein stad dit mange av oss legg vegen for å få oss litt sol og varme om vinteren. Min favoritt, i alle fall med tanke på murar, er kanariøya Lanzarote, og då særleg vindistriktet La Geria. Dette er døme på korleis ein ut frå eit karrig utgangspunkt, men med slit og pågangsmot har klart å produsere ypperlege vinar. Kvar vinranke er verna av ein sirkelrund mur av lavastein. Og meir fascinerande kulturlandskap skal ein leite lenge etter.

img_1251
Vinmarker i La Geria, Lanzarote

Om Mulelven

Om Storediket

Kulturminner på byfjella i Bergen

Om Munkebottsvassdraget og Store Sandvikens møllebruk av Jo Gjerstad

Informasjon og lenke til kart over dei sentrale byfjella

Murar på Lanzarote

 

 

 

 

Ei veke i nord

img_3004
Skoelva, Bardu i januarlys

Eg har vore nordpå ei vekes tid. Det vil seie: først nokre dagar i Bardu, på min fødestad, no i Tromsø. Som pensjonist er ein fri til slikt. Men lommeboka bør ikkje vere for slunken. For same prisen som flyreisen Bergen – Bardufoss kunne ein nok fått seg ei veke under heilt andre himmelstrøk, trur eg til og med kunne ha komme meg heilt til Florida.  Men eg ønsker meg altså vinteren her i nord, som ei motvekt mot den lite tilfredsstillande bergensvinteren. Men her som der er denne årstida utfordrande nok. Etter eit par strålande, men kalde vinterdagar i Bardu slo vêret om til nullføre med regn, sludd og snø. Med tilhøyrande utfordrande køyreforhold på speilglatte vegar og ein buss som vart ein time forseinka på veg til Tromsø på grunn av trafikkulukke undervegs og påfølgjande opprydding og vegstenging.

img_3012

Å vende tilbake

Tilfeldigvis har eg hatt med meg siste bind av Elena Ferrantes Napolikvartetten som lesestoff. Her kjem hovudpersonen tilbake til Napoli etter å ha gjort karriere som forfattar og i den akademiske verden. Endringane ein ser er farga av dei erfaringane ein har gjort i mellomtida. Så kva er det eigentleg ein ser når ein vender tilbake til ein stad? Interessant perspektiv når ein er tilbake på gamle trakter.

No er eg altså i Tromsø, i veka der TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival – går av stabelen for 27. gong. Ei stor årleg begivenheit som får folk til å gå mann av huse, fylle opp sentrumsgatene og det som måtte vere av kafear, pubar og restaurantar i Tromsø – og dei er ikkje få. Tromsø er byen i Norge med størst kafetettheit i forhold til folketalet.  Og noko av grunnen til den heilt spesielle atmosfæren i byen under denne veka er nok at det er eit intimt sentrum. Kinovestibylen har direkte inngang til det flotte biblioteket, som ligg der Fokus kino låg tidlegare. Rådhuset ligg i same kvartal, og på andre sida av gata ligg Kulturhuset, med tilhøyrande kafe.

Under festivalen risikerer ein å treffe att bekjente og klassekameratar ein ikkje har møtt på fleire tiår. For eg gjekk altså på dei som den gongen heit Tromsø Gymnas, no Kongsbakken vidaregåande skule, den staselege raude bygninga som tronar på toppen av Kongsbakken, godt synleg sentralt i bybiletet. Så eg er altså på gamle tomter. Sidan eg heldt til her på 60-talet har det skjedd utruleg mykje med byen. Utelivet har likevel alltid vore eit særpreg. På 60-talet var det til ei kvar tid på døgnet folk å sjå på hjørnet utanfor BUL. Heile dette kvartalet strauk med i bybrannen i 1969, men det er ei anna historie. Til tross for at det no er serveringsstader å sjå overalt i sentrum, ser ikkje talet på butikkar ut til å ha auka nemneverdig. Kvifor? Svaret finn vi nok på andre sida av Tromsøya der Jekta storsenter trekkjer til seg bilfarande kundar. Snart kjem også IKEA dit. Vi kryssar fingrane for eit fortsatt levande sentrum, også for handel og ikkje berre kafe- og festivalgjestar.

img_3018
Utekino på torget

Å vende tilbake har også vore eit tema i fleire av dei filmane eg har sett. Karenina & I handlar om skodespelaren Gøril Mauseth som skulle spele Anna Karenina på teatret i Vladivostok og som under den lange reisa med den transsibirske jernbanen gjorde store anstrengelsar for å leve seg inn i rollen og samtidig øve seg i det for henne ukjente russiske språket. No vart det likevel slik at ho måtte spele rolla si på norsk. Men eit av resultata av dette var at ho fann tilbake til seg sjølv og staden der ho vaks opp – nemleg Kjøllefjord i Finnmark. Det kan verke som litt spesielt å måtte gå vegen om Anna Karenina sin historie og skjebne og reise heilt til Vladivostok for å erkjenne denne tilhøyrigheita. Men for sjåarane var det no i alle fall ein interessant road-movie.

Den beste filmen av dei eg har sett til no må nesten vere den argentinske  komedien «A distinguished citizen» som handlar om ein suksessrik Nobelprisvinnande forfattar, født i Argentina, busett i Barcelona,  som er gått lei av virak og avslår alle invitasjonar, men som motvillig likevel mottar  invitasjonen frå den den nokså ubetydelige heimbyen i Argentina.  Her blir han utnemnt til æresborgar, men forventningane hos folka i heimbyen er vanskelege å møte og populariteten dalar.

Poesi og politikk

To av dei andre filmane eg har sett dreier seg også på kvar sitt vis om poetar. Pablo Neruda, den chilenske poeten og politikaren måtte i 1948 flykte frå regimet, og filmen «Neruda» handlar om dette. I filmen er han skildra som ein samansett person. Det som gjorde denne filmen spesielt interessant var forteljargrepet og skildringa av forfølgjaren, den unge og ambisiøse politimesteren som ønskjer å vere ein del av diktaren si forteljing.  Den andre filmen – «Shun Li and the Poet» er ei nydeleg skildring av venskapet mellom den kinesiske jenta som har fått seg jobb i ein hamnekafe i ein fiskarlandsby i Venezia-lagunen og den eldre fiskaren med ei poetisk åre, innvandrar frå Jugoslavia. Heller ikkje desse fekk vere i fred for omgjevnadene si mistenkeleggjering.

Eg har sett mange fleire filmar som eg ikkje nemner her. Eg er ikkje filmkritikar og kjenner mi begrensing. Det fine med slike internasjonale filmfestivalar er at ein får innblikk sosiale og politiske forhold som elles går under radaren her heime. Så kanskje fortener den  indiske dokumentarfilmen  «An insignificant man» litt omtale. Kven har for eksempel høyrt om det nye politiske partiet Aam Admi Party – «partiet for alminnelege folk»? Partistiftaren Arvind Kejriwal blir kalla Indias svar på Bernie Sanders. Partiet utfordrar etablerte parti, korrupsjon og maktstrukturar. Parallellen til vestlege protestparti er interessant. Dette høyrer ein ikkje mykje om i media på våre kantar.

img_3024
Aldri for seint å bli rockestjerne!

I løpet av desse dagane i Ishavsbyen har eg sjølvsagt besøkt ei rekkje av dei talrike kafe- og pubtilboda. Ingen nemnt, ingen gløymt, med unntak av sjølvaste urpuben: Ølhallen.  I mi tid i byen på 60-talet var dette helst ein stad for mannfolka, stengetid var kl 16 og dametoalett kom det ikkje før seinare. No kan denne tradisjonsrike staden skilte med eit imponerande utval av ølsortar og eg holdt på å seie også damer. Rema (RÆma, eventuelt RÆva) erta på seg Mack i si nylege innskrenking av ølsortar i butikkane. Dette er sjølvsagt med på å fyre oppunder den ulmande, for ikkje å seie veksande motsetnaden mellom sentrum-periferi både i landsdelen og i landet for øvrig. I same slengen kan vi nemne ulv, kommunereform, regionreform og forsvarspolitikk. Vi går spennande tider i møte.

img_3019
Marit Bockelie si skildring av Tromsø heng på Ølhallen

Den 21. januar, som i år fall på laurdagen, er soldagen i Tromsø. Fyrverkeriet som skulle vore avfyrt frå Fløyfjellet  på nyårsaftan vart utsett til soldagen på grunn av vêret. Sola viste seg dessverre ikkje, men fyrverkeriet som vart avfyrt på Mandelasletta var riktig så flott.

Eit par filmar også i dag søndag, så går turen tilbake til Bergen. Denne gongen vart det Tromsø som fekk mest merksemd, men eg kjem nok tilbake med meir stoff om Bardu og andre stader etter kvart. Til veka går elles kjempearrangementet Arctic Frontiers av stabelen i Tromsø, med notabilitetar frå inn- og utland. Det skjer mykje her nordpå.