No på tampen av siste vårmånaden må eg å få ned nokre ord slik at eg ikke forsømmer denne vanlegvis så fine månaden. Det har vore ein underleg vår. Koronatiltaka sette ein stoppar for 17. mai-feiringa, gater og plassar var tomme. Vêret var heller ikkje til å kjenne igjen, med kulde og til og med frostnatt i midten av mai.
Hagen om morgonen 12. mai
Denne underlege og stilleståande tida har likevel gått fort, slik det gjerne kjenst når lite og ingenting skjer. Den eine dagen er den andre lik.
Substituttet for levande kultur har vore, og er, framleis framsyning på nett. Sosiale medium flaumar tidvis over av tilbod, eg mistar oversikten og har sikkert gått glipp av mykje sjå- og høyreverdig. Når det gjeld koronatiltaka er det den siste tida slakka litt på taumane, og når det i tillegg kom kjempevêr no i pinsehelga så vrimlar det av folk ute, ja, det er som når buskapen slepp ut på beite etter ein lang vinter på båsen.
Musea slit med økonomien etter lang nedstenging. No nyleg har kunstmusea i Bergen opna, eg fekk endeleg sjå den unike utstillinga av Edward Burne-Jones i KODE 1.
17. mai med tom festplass og nysnø på Ulriken
Tidlegare vårar har vi reist til hytta på Reksteren i Tysnes kommune. Den har vi no gitt frå oss, men vi hadde ærend dit likevel for eit par veker sidan. Vi fekk testa den nye elektriske ferja over Bjørnefjorden frå Halhjem til Våge. Her var det koronatid og godt om plass.
God plass på den nye el-ferja til Tysnes
Som om ikkje det var nok med koronainnskrenkingar, har min aksjonsradius snevra seg dramatisk inn denne tida. Mens eg i forrige innlegg nemnde forstuva ankel, har eg no fått eit problematisk kne som har sett meg ut av spel, forhåpentlegvis midlertidlig. Det er skikkeleg ergerleg. Turar i skog og mark på denne tida, med nytt og angande lauv og fuglekvitter er noko av det eg sett aller mest pris på her i verda. I den seinare tid har beina stort sett berre blitt brukt til å hente post i postkassen og til å trakke rundt i den ikkje akkurat enorme hageflekken. Eg set min lit til at helsevesenet kan ordne opp, med kirurgi om det må til, slik som med det andre kneet for nokre år sidan. Det er alderen, eg veit.
Pandemiar før og no
Det siste året har eg fordjupa meg i slekta mi si historie (alderen, eg veit) tidleg på 1800-talet. Mellom den tids helsevesen og vår tid er det ein avgrunn. Folk bukka under for epidemiar, særleg kritisk var det i nauds- og krigsåra 1807-1814 då Danmark-Norge hadde stilt seg på Napoleon si side og fått England mot seg. Blokaden som hindra tilførsel av korn og andre varer skapte matmangel og hungersnød. Dette var forsterka av uår, med 1812 som verste uåret i manns minne. Folketalet gjekk ned, det var fleire døde enn fødde. Eg har sett på dødstala i Troms desse åra, særleg 1811 utmerkte seg med mange dødsfall. Eg har ikkje klart å finne ut kva for ein sott som hadde hovudskulda, men både tyfus, tyfoidfeber (tidlegare kalla nervefeber) og kolera var nok inne i biletet og råka eit folk som hadde fått motstandskrafta svekka gjennom barkebrødsåra. Dette var før tuberkulosen og over hundre år før spanskesjuka. Pandemiar har det vore til alle tider, det er prisen å betale for kommunikasjon, handel og samkvem med andre, over lange avstandar. Dei har ofte hatt sitt opphav i Asia og er spreidd gjennom vertsdyr.
Så det gir litt perspektiv å tenke attende. Hadde eg i 1810 blitt belemra med meniskplager hadde eg vel berre måtte leve med det. Eller kanskje ikkje, folk på den tida låg gjerne i grava før dei hadde nådd min alder. Det verkar som om kne og andre ledd ikkje er konstruert for å halde tritt med den forlenga levealderen. Eit evolusjonsmessig etterslep.
Alternativt friluftsliv
Men det er ting ein kan gjere til tross for vonde kne. Padling går fint. Vi har lagt bak oss to kajakkturer denne våren. Ein til Smivågen på Tyssøy i godvêrsperioden i april, i beste ramslauksesong. I går, pinseaftan, tok vi turen til Nordhordland, med start frå kaien på Io på Holsnøy. Her kryssar vi sundet Det Naue til øyane aust for Herdla heilt nord på Askøy. Vi var også innom friluftsområdet på Io.
Smivågen på Tyssøy
Rikeleg med ramslauk
Kart med padleforslag frå Io
På Lamøyna sør for Herdla
Minnestein frå 1915
Minnestein frå 1915
Minnestein frå 1915
Ei av desse øyene, Skarvøy, er eit tidlegare militært område som no er blitt offentleg friluftsområde. Her var det ikkje heilt enkelt å kome seg i land med kajakk, så vi padla vidare på jakt etter ein høveleg stad å gå i land. Vi endte opp på Lamøyna rett søraust for Herdla. Der hadde vi ikkje vore før. I regi av Fylkesmannen vart all skog her hogd ned for eit par år sidan. No trer bautasteinane som var sett opp i samband med nøytralitetsvakta i 1915 tydeleg fram i landskapet (sjå bilete over). Av inskripsjonane på steinane går det fram at her har mellom anna Vestoplandske kompani og Hallingdals kompani halde til. Ei hole er også sprengt inn i fjellet, den har vel både vore skjul og gitt ly. Under 1. verdskrig vart store delar av det norske forsvaret mobilisert til nøytralitetsvakt, og var til dels under høg beredskap under heile krigen. Nøytralitetsvakta hadde front mot sjøen, som her på Lamøy. Dette øyområdet i farleia inn til Bergen har vore strategisk viktig til alle tider. Men desse minnesteinane hadde vi aldri høyrt om. Ei interessant overrasking.
Lamøyna har forresten vore i media tidlegare, men då i ein annan samanheng. Ein ryddeaksjon her i 2017 avdekka 1 tonn plast, sjå innlegg i Bergens Tidende.
I sommar, når det meir enn nokon gong før er aktuelt for dei fleste med Norgesferie, er det mykje å oppdage og oppleve om ein berre ser nøye etter. Ein treng ikkje reise så langt heller. For eigen del håpar eg på ein god sommar i Nord-Norge. Snøen er visst i skrivande stund i ferd med å forsvinne.
Året 2019 og siste tiåret er nettopp avslutta. Slikt gir vanlegvis høve til tilbakeblikk. Eg er i tillegg ute i seinaste laget med det tidlegare annonserte innlegget om mitt 50-årige samliv med byen Bergen. No skal eg derfor kome med ein aldri så liten hyllest til denne byen – som faktisk no i 2020 kan feire sitt 950-årsjubileum.
Den første tida
Det ville vore eit halsbrekkande føretak om eg skulle oppsummere heile mitt Bergensliv her. Det får heller vente til eg eventuelt utgir mine memoarar. Men nokre refleksjonar må det bli.
Mitt første møte med Bergen og Vestlandet var frå sjøsida. Den gongen var det nemleg rutesamband mellom Bergen og Cuxhaven i Tyskland og eg kom direkte frå nokre månaders opphald i Tyskland. Kvifor eg hamna akkurat i Bergen er ei historie for seg, som eg ikkje kjem nærare inn på. Eg kom altså seglande oppover den sørvestre norskekysten der eg møtte eit for meg framandarta landskap med holmar og skjer. For ikkje å snakke om førsteinntrykket av Bergen, der vi la til på Skoltegrunnskaien, med utsikt til fjellsida der husa låg strødd oppetter, høgst besynderleg.
Første møte med vestlandskysten og skapningane der
Studietid
Men no var det ikkje Bergen som vart min første opphaldsstad, derimot nabokommunen Askøy for nokre månader, inntil eg fekk meg jobb, hybel i byen og etterkvart tok til med studier på Universitetet i Bergen, på samfunnvitenskapeleg fakultet, ei studieretning som var inne i tida. Dette var rundt 1970, med høg temperatur i det politiske livet både på landets lærestader og utanfor. Det var kamp mot EEC (som EU heitte den gongen), det var kvinnekamp, kamp mot USA si krigføring i Vietnam og mot atomvåpen, forutan faglege kampar på universitetet. Her var det ein rik flora av politiske grupperingar, veggane på det nye studentsentret på Nygårdshøyden (også kalla Leninhøyden) var tapetsert av veggaviser, det var stands og høgrøysta diskusjonar mellom grupper som sto steilt mot kvarandre.
Alt dette har andre skrive betre om enn meg. Eg høyrde heller ikkje til dei mest ihuga aktivistane, men det er interessant å ha vore tidsvitne. Dette var på den tida sosiologifaget sto høgt i kurs, her heldt den legendariske Stein Rokkan og ein ung professor Gudmund Hernes til, samt fleire andre kjente namn i faget. Marxistisk samfunnsanalyse sto sterkt, med no avdøde Torstein Hjellum som ein markant representant. Og dette var før begrepet populisme vart klistra til høgreradikale rørsler og dermed utskjemt som ord på folkelege rørsler generelt. Ved sida av andre politiske grupper på venstresida fanst også såkalla populistiske arbeidsgrupper. Dette var også den tida det å vere radikal var å tilhøyre venstresida.
Eit teikn på at tida er gått er at studentsenteret, som den gongen rundt 1970 var flunkande nytt, forlengst er rive og erstatta av eit nytt og finare, på same staden. Men no herskar det ro innanfor veggene der. Eg bytta omgjevnader då eg tok til med geografifaget, Geografisk institutt heldt den gongen til ute ved Norges Handelshøgskole (NHH) i Breiviken nord for sentrum. Sidan den gongen har det vore både flyttingar og nybygg.
Mens Bergen sentrum i dag har rikeleg med utestader, var tilbodet på 70-80-talet høgst begrensa. Det var Holbergstuen, Wesselstuen og Bangla etter stengetid på dei to førstnemnde. Holbergstuen var den mest populære blant studentar, her sto det kø langt ned i trappa og ein myndig dørvakt passa på. No skal det seiast at eg sjølv ikkje høyrde til dei mest utegåande, dei fleste studieåra var eg småbarnsmor og hadde ikkje høve til å fly på byen. Elles var dette i ei tid då kaffistovene enno heldt stand, her var fleire kaféar som serverte god gammeldags kost.
Breiviken i ytre Sandviken. Til venstre punkthusa på Fagernes bygd i 1953, der budde vi på 1980-talet. I midten det no nedlagte Merinospinneriet, der lokala i dag blir brukt av NHH. Til høgre nye bustadblokker.
På det private plan hendte det mykje desse åra, slik det ofte er i tjueåra. Ikkje alt gjekk like greit, og i nokre år måtte eg kombinere studiene med å vere åleinemor. Men studiane vart no gjennomført, eg møtte min noverande sambuar som eg har budd saman i 40 år, enda eit jubileum faktisk. No er vi begge pensjonistar etter eit langt arbeidsliv i offentleg forvaltning. Elles har det vore både gleder og sorger. Livet byr på så mangt. Og dei (den gong) gamle sine ord om at alt er bra «berre ein har helsa» er så sant som det er sagt. Samt at ein har noko kjekt å halde på med, det er faktisk ganske mykje. Då er det fint å bu ein stad der det er høve til å vere aktiv både fysisk og mentalt, slik det er muleg i Bergen. Har ein eit snev av skrivekløe, slik som eg, er det ein ekstra bonus.
Hordaland fylkeskommune var min arbeidsgjevar i mange år. Her er fylkeshuset slik det tok seg ut i verdas største pepparkakeby. Originalen skal rivast og eit nytt bygg stå ferdig om ca 3 år.
Dette var altså mitt liv i Bergen i kortversjon. Men no var det ikkje mi livshistorie eg skulle fortelje om. Eg tenkte å fokusere på korleis Bergen har endra seg på desse åra, og er det slik at Bergen har endra meg?
Det bergenske gemytt
For å ta det siste først: Som innfødd bardudøl kom eg til Bergen. Eg stammar direkte frå dei første innbyggjarane som kom til Bardu og Målselv frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Bardudølen har ord på seg for å vere traust, på grensa til treg. Når det gjeld det munnlege er bergensarar og bardudølar motpolar. Der dølen ikkje snakkar i utrengsmål og brukar få, men ofte velvalgte ord, der kjem orda frå ein bergensar trillande som erter av en sekk. Der bardudølen kan få sagt mykje med få ord, der kan bergensaren få sagt lite med mange ord. Her kan vi berre tenke på vår noverande statsminister, som med eit velsmurt snakketøy kan snakke seg rundt og bort frå dei mest plagsame tema og spørsmål.
Eg pleier å spøke med at når ein kjem heim til Bardu på ferie, så blir ein gjerne møtt med: «Nåh, feri´?» I Bergen ville ein derimot bli møtt med: «nei halloen, e det deg, e du komen hem på ferie, det va lenge siden, kor lenge blir du her då, e du hos din mor og de, går det bra med deg eller?» Elles var no Knudsen og Ludvigsen treffande i sangen «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme, der har eg det som fisken i vannet, vått og kaldt og breiflabb overalt».
Iført Bardu/Målselvbunad på nasjonaldagen – i stil med Bryggen
Bergensarar flest er ekspertar på small talk. Dei fleste av dei har evne til ein god replikk i forbifarten, med «glimt i øget». Det fell dei liksom heilt naturleg. Og då trur eg faktisk at dette er eit av dei områda der eg har latt meg påverke i løpet av mine år i Bergen. Eg meiner eg er blitt dyktigare til småprat og kjapp replikkføring. Men det bergenske talemålet fiksar eg ikkje og har heller ikkje noko ønske om å legge av meg dialekten frå min barndoms dal.
Mange har ei oppfatning om bergensaren som skrålande og skrytande (særleg av heimbyen) og høg på seg sjølv. Når det gjeld sjølvskrytet skal ein ikkje ta det så bokstaveleg. Det inneheld gjerne ein dose sjølvironi, noko som ikkje er så lett å oppdage for utanforståande (les: austlendingane). For innflyttarar går det gjerne eit tiår eller to før ein er innforstått med dette fenomenet. Så bør ein no ikkje gløyme at Bergen ein gong var Norges hovudstad. Bergensarane har jo mykje å vere stolt av både frå historia og elles, ja eg er no sjølv blitt ein av dei.
Når bergensarane blir oppfatta som om dei tar mykje plass, heng dette saman med eit usedvanleg engasjement for heimbyen, i stort og smått og på godt og vondt. Dei er lette å tenne og det blir ofte høg temperatur i debattane. Engasjementet kan vere eksplosivt når det gjeld planar og tiltak som gjeld byen. For ikkje å snakke om kjenslene som kjem i sving når det gjeld fotballklubben Brann. Akkurat når det gjeld Brann er eg ikkje blitt hundre prosent Bergenspatriot, det kjem an på kven dei spelar mot, er det eit nord-norsk lag held eg no helst med dei.
Det kan bli mykje fram og tilbake i politisk handsaming av saker som gjeld byen si framtid. Det ender no likevel gjerne med at folk til slutt «beliter seg», det bergenske uttrykket for at ein gir seg og finn seg i utfallet av ein konflikt. Bybanen har vore og er ein gjengangar i debatten. Den er blitt eit populært transportmiddel som dei fleste er stolte av. Banen er enno ikkje ferdig utbygd. Spørsmålet om bybanetraseen gjennom sentrum skal gå i dagen over Bryggen eller i tunnel på veg mot Åsane er enno ikkje avklart. Her ulmar det framleis.
Bergen i fest
Eg ser at eg uttaler meg i generaliserande ordelag og at eg dermed er med på å konservere myter om det bergenske gemytt. Men det er absolutt noko eksentrisk med denne byen. No har eg vore her så lenge at eg ser på dei fleste fenomen som noko heilt normalt.
Eg hugsar første gongen eg – lettare sjokkert – observerte ein bevæpna og uniformert gutunge stige inn på bussen til Minde, der eg ein gong i tidlege år budde på hybel. Kva i all verda? Han skulle vise seg å vere ein representant for det særbergenske fenomenet buekorps. Dei i dag om lag 14 korpsa eller bataljonane var etablert på 1800-talet, med opphav i borgarvæpninga. Dei driv sin eksersis i sommarhalvåret, tromminga deira er eit sikkert vårteikn og er ofte ei irritasjonskjelde for innflyttarar – før dei beliter seg. Eg har forlengst vent meg til buekorpsa, dei gir farge og temperatur til byen og er eit tilbod om felles aktivitetar på linje med andre tilbod for barn og unge. På 17. mai marsjerer dei i barnetoget, som i Bergen ikkje heiter barnetog, men flaggtog. Og no er vi inne på eit anna av Bergen sine særeigenheiter, nemleg måten å markere nasjonaldagen på.
Unge buekorpsgutar marsjerer på 17. maiStort mangfald i prosesjonen på 17. mai
For mens det andre stader i landet er barnetoget som dominerer, har 17. mai-feiringa i Bergen eit meir karnevalistisk preg. Det er i praksis to tog som kryssar kvarandre undervegs – det er «prosesjonen» med 17. maikomitéen i spissen (iført flosshatt) for eit opptog med representantar for lag og organisasjonar, ei storstilt mønstring av det sivile samfunn. Og så er det flaggtoget med skular og buekorps.
Om det elles kan vere mykje støy bergensarane imellom – når det gjeld å stelle til fest løftar dei i flokk og er i sitt ess. Det er det dei er aller best til. Festspela, Tall Ships Race, sykkel-VM (riktignok med lei ettersmak), torgdagar og mange slags festivalar, då går det på skinner.
Statsministeren kastar glans over festspelopninga i sin fødeby.Sykkel -VM i Bergen i 2017 var ein fantastisk folkefest, men viste seg å bli eit konkursbo. Det var moro så lenge det varte!Bergen som vert for Tall Ships Race i 2019 – eit storslått arrangement
Den vakre byen
Eg vågar å påstå at Bergen er Norges vakraste by, der han ligg mellom (i våre dagar riktignok mest rundt) sju fjell, ved Vågen, den gode naturhamna som la grunnlaget for Bergen sin status som handels- og sjøfartsby, og for at byen i middelalderen vaks fram som Norges viktigaste by. Det er no elles neppe hundre prosent konsensus om kven desse sju fjella er, utan at det er oppstått store konfliktar av akkurat det.
Det er lett å la seg sjarmere av byens sentrum, med alle dei kjente bygga og landemerka, med Bryggen med UNESCO-status, Bergenhus, Fløybanen, klyngane av trehus, parkane og så vidare. Dette er vel kjent og eg skal ikkje skildre alle desse. Eg arbeider ikkje for turistnæringa. Men byen er såpass spennande og mangfaldig at eg etter alle desse åra framleis kan råke borti stader, smitt og smau der eg ikkje har sett min fot tidlegare. Det kan også vere stader å oppdage på ny. Bergen har bygg frå ulike tidsaldrar og stilepokar og det er aldri kjedelig å rusle i byen.
Eg er Sandvikspatriot, dette er bydelen eg har budd i nesten heile mi tid i Bergen. Men eg likar meg også på Nordnes og Møhlenpris. Interessant er det også å oppsøke dei nyare og ytre bydelane, det er tross alt der dei fleste bergensarane bur. Min lille «guilty pleasure» er å ta bussen til ulike kjøpesentra i bydelar som Åsane, Fyllingsdalen og Loddefjord. Men på det gigantiske kjøpesentret Lagunen blir eg berre utmatta.
I mai blømer kirsebærtrea ved Lille Lungegårdsvann. I bakgrunnen Rasmus Meyers allé med KODE sine kunstsamlingar.Utsikt frå Fjellveien. Cruisebåtane set store avtrykk på byen i sommarmånadene.Mange vil med Fløybanen særleg på cruisedagane.Stadig nytt å oppdage i smitt og smau.Botanisk hage på Nygårdshøyden, like ved Naturhistorisk museum.Vårleg idyll i NygårdsparkenBoder til nedfalls i Sandviken, men her skal byggast nytt…
No er det sant å seie også mykje å irritere seg over, eg er for eksempel absolutt ikkje imponert over all blokkbebyggelsen som er grodd opp lang sjøkanten i løpet av dei seinare åra, gjerne etter at eldre bygg har stått til forfall i årevis. Trist er det også med Torget som har mista sin opphavlege funksjon og som i våre dagar framstår som ei turistfelle. I sommarhalvåret er sentrum meir eller mindre overbefolka på dagane dei gigantiske cruiseskipa har lagt til. Då er det fint å kome seg ut av sentrum, på fjellet eller på sjøen. På slike dagar er det gjerne eit betre alternativ å ta beina fatt enn å stille seg i endelaus kø til Fløybanen. For ein ting er sikkert, hadde det ikkje vore for nærheita til natur, fjell og sjø hadde eg ikkje trivdes med å bu i Bergen. Eg kjem tilbake til det, men først nokre ord om kunstbyen Bergen.
Elles synes eg kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende treff spikaren på hovudet i dagens utgåve av Bergens Tidende. Her peiker han på at det er på tide at Bergen blir vaksen snart!
Kunstbyen
I Rasmus Meyers allé ved Lille Lungegårdsvann finn ein i KODE -musea unike kunstsamlingar på høgt internasjonalt nivå, i tillegg til Bergen kunstforening i same gate.
Utstilling i KODE 4 (Lysverket) med skulpturar av den no avdøde kunstnaren Bård Breivik frå BergenDen gamle sardinfabrikken på Verftet er blitt sentral i Bergens kulturliv, med utstillingslokale, atelierer for kunstnarar, konsertlokale og ikke minst kafe med god plass på kaikanten mot Puddefjorden.
Også gatekunstnarane boltrar seg i Bergen. Vi finn kunststykke på mange veggar rundt omkring. Nedanfor ser vi basketbjørnen i ytre Sandviken, den no avdøde byoriginalen «Ottoen» leiande på sykkelen sin, hender på ein mur på Møhlenpris og veggmaleri også på Møhlenpris.
Naturbyen
Bergen sine sentrale parkar er nydelege, med gartnarar som er kunstnarar i sitt fag. Ein kan finne rekreasjon i parkane, men skal ein røre på kroppen og nyte naturen er det mykje anna å ta av i Bergen sine omgjevnader. Der eg bur har eg tilgang til fine og mykje brukte nærområde, vil ein litt lengre opp i høgda kan ein bevege seg eit eller to nivå høgare. Det er eit utal turvegar og turstiar i og rundt Bergen. Det beste middelet for folkehelsa er etter mi meining lett tilgang til natur. Det er kanskje arven frå ein oppvekst i indre Troms, der eg tidleg lærte meg å sette pris på natur og friluftsliv.
Bileta over viser eit av dei næraste turområda frå der eg bur. Namnet Hellemyrstien kjem av at han ligg i nærleiken av husmannsplassen Amalie Skram har brukt som modell for sin mektige trilogi om «Hellemyrsfolket», som også har vore oppsett på teatret to gonger. Litt meir krevande er Stolzekleiven, som også er arena for eit populært motbakkeløp kvar haust. Vegen startar frå Fjellveien, turvegen som går langs byen med super utsikt over byen frå Sandviken til Bellevue.
Over ser vi bilete frå Sandviksbatteriet, eit anna nært turområde og til høgre frå toppen av Stolzekleiven med utsikt over byen.
Sandvikshytten er passert og vegen går vidare ti Kvitebjørnen og Rundemanen.Med utsikt mot Isdalen og Ulriken
Eg kjem frå den einaste innlandskommunen i Troms og vart ikkje introdusert for sjølivet før eg kom til Vestlandet. Tidlegare farta vi rundt i motorsnekke, men dei siste tjue åra er det kajakkene som har gitt dei beste opplevingane. Det er tallause mulegheiter i skjergarden og i vassdrag i Bergensregionen. Takk vere jobbane eg har hatt er eg godt kjent i geografien. No er dette ein bonus i pensjonistlivet.
På Nordåsvatnet med utsikt mot Gamlehaugen, heimen til Christian Michelsen, noverande kongeleg residens i Bergen
Vêrbyen
Men kva med vêret då, er det ikkje slik at det regnar og er dårleg vêr det meste av tida? Ja, eg har ofte vore oppgitt over vêret. Her er liksom ingen mellomting, anten er det dårleg eller så er det supert. I motsetnad til mi fødebygd i nedre Bardu, der overskya opphaldsvêr, gråvêr, er det klassiske vêrlaget. Eg hugsar året det var 100 dagar i strekk med nedbør. Men ein gløymer det lett når godvêret kjem.
Vinter med snø var ikkje uvanleg tidlegare, for ti år sidan var det faktisk eit par dagar vi kunne spenne på oss skia utanfor døra heime, og det var skiføre i lysløypene på Fløyen. Kanskje kjem det slike vintrar igjen, men det er grunn til å tvile. Eg har dessverre få regnvêrsbilete å bidra med.
Det bles godt i nordvesten på HellenesetMed ski på Hellen festning – for ti år sidan. Eit sjeldant tilfelle.Vinter med skøyteis på Skansen, den gamle brannstasjonen som ligg rett opp frå sentrum
No må eg visst snart gi meg. Noko utfyllande bilete av Bergen skulle ikkje dette vere. Men eg synes nesten eg skulder å gi ein aldri så liten hyllest til Bergen, no når det attpåtil står eit byjubileum for døra. Det er tross alt her eg har tilbrakt heile mitt vaksne liv. Det blir vel «livsvarig Bergen» som ein eller annan har sagt! Så når det er snakk om kva som har vore mest formande i livet, blir det kanskje likevekt i vektskåla mellom dei tjue åra i Troms og dei femti i Hordaland? Uansett, så har eg det privilegiet at eg kan nyte begge desse to stadene.
Og så på tampen nokre ord til ettertanke. I dag er det på dagen eitt år etter at det var gravferd for min 47 år gamle son, på første fredag over nyttår. I går, også på første fredag over nyttår var vi vitne til ein annan 47-åring si gravferd i Oslo domkyrkje. Det er ingen slåande likskap mellom Ari Behn og min son, anna enn at dei ikke var heilt A4 og at dei ikkje fann seg heilt til rette i livet. Dei var begge rastlause sjeler med slektsrøter i Troms og begge endte sine liv i Oslo. Min son budde heile sitt liv i Bergen, men fann seg av ulike grunnar ikkje til rette her. Så uansett kor ein bur og kva status ein har, så er det ikkje stadene i seg sjølv som skaper lykkelege liv. Det er korleis vi har det med oss sjølv og med kvarandre som er viktigast. Og mange har ikkje ein gong ein stad dei kan kalle sin. Så får vi berre ønskje kvarandre godt nytt år og håpe på at det komande året blir eit år der folk tar vare på kvarandre og kan leve i god og fredeleg sameksistens verda over.
Med nedbørsrekord, på full fart inn i seinhaust og med vinter i sikte må det vere lov å drøyme seg til andre stader. Ofte stoppar det med draumen, men denne gongen, for tre veker sidan, vart det realitet. Plutselig hadde vi bestilt reise til Spania. Vi er ikkje åleine, lik trekkfuglene flyg kvar haust ein bråte pensjonistar same vegen. Men sidan vi likar å tenke på oss sjølv som individualistar og pionerar med sans for reisemål litt utanfor allfarveg, måtte vi jo unngå å hamne i flokken av jamnaldringar og turistflokkar på kyststripa der sør. Så kor skulle vegen gå?
Ein liten kvil framfor katedralen i Malaga
Malaga
I Andalucia hadde vi vore før, for atten år sidan. Då besøkte vi dei mest kjente byane og attraksjonane. Vi hadde allereie vore i Sevilla, fått med oss moskéen i Córdoba, Alhambra i Granada, Ronda, Gibraltar, og Pico Veleta, nest høgaste fjelltoppen i Sierra Nevada. Så dét var unnagjort. Men vi hadde også vore på turar i flott natur og sett interessante landsbyar i meir avsidesliggande strøk. Vi kunne derfor tenke oss eit gjensyn med desse sidene av regionen. Så vi satsa denne gongen på det rurale Andalucia.
Al-Andalus er det arabiske namnet på dei delane av Iberia som var under muslimsk styre frå 711 til 1492. Det var i Andalucía muslimsk styre varte lengst. I 755 gjekk Abd al-Rahman I i land i Almuñécar og etablerte seg som emir med hovedstad i Córdoba. Då den kristne kongemakta gjenerobra Spania vart muslimar og jødar fordrivne. Granada, som var den siste muslimske bastionen, fall i 1492.
Lecrin-dalføret er midt på kartet. Pinos del Valle er merka av sør for Dúrcal
Valle de Lecrin – Pinos del Valle
Utsikt frå Ermita Cristo del Zapato over Lecrin-dalen med Pinos del Valle i forgrunnen. Beznar-dammen og nabolandsbyar i bakgrunnen. Pinos er delt i øvre og nedre del, med kvar si kyrkje.
Det vart fly til Malaga og ei ei overnatting der, samt besøk på Picasso-museet, før vi i leigebil tok fatt på ein ca halvannan times tur aust- og nordover. Vi hadde bestilt overnatting på to stader vi aldri hadde høyrt om. Først fem netter i landsbyen Pinos del Valle i Lecrin-dalen, deretter tre netter i Almunecar ved kysten, på strekninga kalla Costa Tropical eller Costa Granada. I Lecrin-dalen finn vi opptil fleire av dei «kvite byane» Andalucia er så kjent for. Granada er ikkje langt unna, berre ein halvtime mot nord på den nye motorvegen. Takk vere god tilgang på vatn er landskapet grønt og frodig. Her blir dyrka mange slag frukt, nøtter, mandlar og oliven, og dette dominerer kulturlandskapet. Vintrane kan vere kalde her ved porten til Sierra Nevada, sist vinter ned mot 9 minus i Pinos fekk vi høyre. Pinos ligg 700 moh.
Valle de Lecrin – Lecrin-dalen
Lecrin-dalen tilhøyrer provinsen Granada og har 22 500 innbyggjarar. Som mange andre stader på landsbygda både her og heime flyttar ungdomen til byane mens dei gamle blir att. Fråflytta hus blir til fritidsbustader, eller er til sals. Vi såg mange «Se vende» skilt. I Pinos går det buss berre to gonger dagleg, dette betyr at folk er avhengige av privatbil, sjølv om gater og smau i desse gamle byane på langt nær er tilpassa biltrafikk.
Dagligvarebutikken vegg i vegg med kyrkja
Mest eldre å sjå i landsbyen
Det var full klaff med val av overnattingsstad. Her har Anne frå Nederland og Martin frå England i eitt års tid drive bed and breakfast i Casa Aire de Lecrin, ei nydeleg restaurert og smakfullt møblert gamal bygning. Svært hyggelig og hjelpsamt vertskap, inkludert dei tre sjarmerande huskattane som held gjestane med selskap når dei (kattane) er i humør til det.
Takterrassen
Frukostrom
Frukost
Rom
Huskatten ved frukostbordet
Vart litt seint i går
Første kvelden i Pinos tok vi turen til kafeen Venecia, einaste serveringsstad i landsbyen. Her får ein drikke, tapas og ein enkel dagens rett, alt etter kva verten finn på den dagen. Det er dette som er treffstaden, både for lokalbefolkninga og dei som måtte komme utanfrå. Vi såg svært få andre turistar. Truleg er det fleire å sjå andre tider på året. Sierra Nevada er snøsikker og trekker skituristar også til Pinos i vintersesongen.
Dagen etter var det ut på tur, ein time i siksak på grei turveg opp fjellsida til Ermita Cristo del Zapato på 1000 moh med flott utsikt. Det er elles plenty med turmulegheiter i nærområdet.
Utsikt til Ermita Cristo del Zapato frå terrassen
På veg oppover
På toppen
Gorafe
Eg hadde på førehand googla meg fram til ein stad som fanga min interesse. Forutan i geografi har eg ein smule fagleg bakgrunn i arkeologi, og område som kombinerer interessant natur og forhistorie oppsøker eg svært gjerne. I eit dalsøkk ein times køyring nordaust for Granada ligg landsbyen Gorafe. Byen ligg i eit vakkert canyon-landskap, men framfor alt finn ein her ein av dei største konsentrasjonene av førhistoriske gravfelt i heile Europa.
Gorafe med omgjevnader
Her er det oppretta ein megalittpark (megalitt = stor stein) som inneheld gravkonstruksjonar (dolmener eller dysser), 240 i alt, frå yngre steinalder/bronsealder. I tillegg er her holer i fjellsidene som både har vore bustader og etter soga også tilfluktsstad for araberane då dei vart jaga ut under gjenerobringa på slutten av 1400-talet. Den dag i dag er det bustader inngravd i fjellet, nokre av desse kan leigast.
Gravkammer i dalsida ved Gorafe
Gravfelt på platået over Gorafe
Ein av megalittene (dyssene) ved Gorafe
Byen har eit informasjonssenter av nyare dato, men dette var stengt. Truleg var dette på grunn av siestaen som bl.a. har som resultat at det ingen stader er muleg å få seg middag mellom klokka 16 og 20, det gjeld alle landsbyane vi besøkte. Dei lokale sørger for å få i seg dagens hovedmåltid tidleg på dagen, noko vi også gjekk over til. Går ein ut om kvelden for å ta eit glas får ein likevel eit fat med litt tapas å bite i. I Gorafe fekk vi oss ein god og rikeleg lunsj på det beskjedne lille gjestgjevariet. Vi hadde verkeleg kjensla av å vere avsides og åleine turistar denne dagen.
Gorafe
Holebustad i Gorafe
Gorafe
Vi tok ein tur opp i fjellsida, her går sti til det som skulle føre fram til enda fleire gravfelt. Eg snudde ganske snart fordi eg er blitt utruleg pysete i bratte nedoverbakkar med lause småstein (etter to tidlegare fall med brot i arm og handledd). Også min sambuar vendte tilbake etter ei stund utan å ha nådd fram til gravene.
Regionen Alpujarra ligg i sørskråninga til høgfjellsområdet Sierra Nevada, som i dag er nasjonalpark. Området var i tidlegarere tider bebudd av berberar med røter i Nord-Afrika, og den spesielle byggeskikken her har sitt opphav derifrå. Her ligg tre landsbyar på rad og rekke: Pampineira, Bubión og Capileira, på ca 1200 moh.
Fredsavtalen etter gjenerobringa i 1492 gav den muslimske befolkninga i kongedømmet Granada rett til å leve som før og utøve sin religion, men forsøk på å konvertere dei til katolisismen førte til opprør og borgarkrigar. Den siste braut ut i Alpujarras i 1568. Under den spanske borgarkrigen 1936-1939 var området hardt råka, og geriljakampar heldt fram her sjølv etter at nasjonalistene hadde gått av med sigeren.
Bubión
Hus i Bubión
Capileira
Vi var her for 18 år sidan og har sidan ofte hatt i tankane å gjenta besøket. No var vi her, klar for å gjenta rundturen innover dalføret frå Bubión via Capileira. Langs stien er det stadvis tett vegetasjon, mellom anna av ville kastanjetre og bærbusker. Dalen og elva kryssar ein to gonger. Turen var like fin som før, men bakkane var merkeleg nok blitt brattare…
På tilbaketur opp dalsida etter elvekryssing nr. 2
Start på turen. Toppane i Sierra Nevada i det fjerne. Vi ser Capileira.
På heimveg hadde vi eit stopp i Lanjaron som er kjent for sine vasskjelder og fontener.
Gjennom frukthager og langs vassvegar
I nabolaget til Pinos del Valle er det meir å finne på. Ei merka turløype går nede i dalen, i frodig landskap, langs vasskanalar og bekkar, gjennom frukthagar med sitrusfrukter, avokado, oliven-, fiken-, valnøtt- og mandeltre. Ein startar frå Melegís (næraste nabolandsby, som også kan skilte med ein OK restaurant) og er innom Restabál, begge idylliske og typiske landsbyar. Etter lunsj i Melegís vart det også ein svipptur til Conchar, ein av dei andre landsbyane i dalen. Apropos restaurant: ein ettermiddag tok vi turen til Nigüelas som ligg i ein sidedal på austsida, ved foten av Sierra Nevada. Torsdagar kan ein nemleg gjere eit kupp og få to pizzaer for ein på «la Tasca»!
Vandring gjennom frukthagar
Ikkje modne enno
Vassleidning
Framfor kyrkja i Melegís. Katten er også på søndagstur.
Mosaikk i Conchár
Paella med hummer på Los Naranjos i Melegís
Almuñécar
Men no sto Costa Granada, også kalla Costa Tropical, for tur. Ein kan jo ikkje la sjansen gå frå seg til å kjenne litt på Middelhavet når ein er på dei kantar. Som sagt hadde vi sett oss ut Almuñécar – ein by vi aldri hadde høyrt om. Her ved kysten ligg forresten fleire mindre byar som i alle fall for nordmenn flest er mindre kjent enn andre turistmagnetar på Costa del Sol.
På gamlevegen ned til kysten
Vertskapet i Pinos oppmoda oss om å velje gamlevegen frå Lecrin-dalen over fjellet, via Otivar og ned til kysten. Denne vegen går over eit relativt aude og forlatt område der størstedelen er naturpark , i skarpe svingar i særs sidebratt terreng. Ingenting for dei som er skeptisk til høgder, men ei oppleving i seg sjølv. Imponerande vegbygging.
Utsikt frå borgen San Miguel.
Historisk er Almuñécar meir enn interessant nok. Byen var grunnlagt rundt 800 f.Kr. av fønikarane og fekk namnet Sexi. Etter kvart, rundt år 200 f.Kr., kom romarane som hadde som mål å legge under seg dei fønikiske koloniane i Spania. Byen fekk namnet FirmiumJuliumSexi. Her var romersk koloni i ca 700 år. Under det fønikiske styret var det etablert et anlegg for fiskesalting, dette vart videreutvikla av romerane, som også etablerte fleire akvedukter i området for å sikre vassforsyninga. Det romerske imperiet utgjorde ein enorm marknad for fiskeprodukta herfrå. Anlegget vart utgravd på 1970- og 80-tallet og ligg no som ein av byens hovudattraksjonar i Majuelo-parken, der det også er botanisk hage og skulpturpark.
Informasjon om fiskeanleygget
Fiskekummer
Etter at det vestromerske riket gjekk under på 500-talet, kom ei germansk gruppe – visigoterane – som på mange vis tok opp i seg romersk kultur og språk. Men den 15. august år 755 gjekk prins Ymayyad Abd-al-Rahman i land i byen, og det var starten på den muslimske (mauriske) æraen i Andalucía. Gamlebyen sine gater og bygningar skriv seg i stor grad frå denne tida. I 1492 var det slutt på det muslimske styret, og den katolske kongemakta overtok.
Mosjonsanlegg for eldre i parken
I den botaniske hagen
Den andre hovudattraksjonen i byen er borgen San Miguel som vart bygd av romarane ca 100 f.Kr, kraftig utvida av araberne då dei kom til makta og deretter ombygd av dei kristne etter gjenerobringa i 1492.
Cueva de Siete Palacios – no bymuseum
Frå museumsutstillinga
Rett ved borgen ligg «Cueva de Siete Palacios» (Grotten med de syv palass), som eigentleg er restar etter eit palass frå romertida. Underleg nok tente dette som sosialbustader fram til 1970-talet. No er det bymuseet som held til der.
Statuen av Abd-al-Rahman
Byen er godt forsynt med badestrender og vatnet er turkisblått og reint. Det var god plass på stranda og vatnet hadde perfekt temperatur no i starten av oktober. Den trivelege byen byr på god trim, her er bratte bakkar og trapper og smitt og smau, nett som i Bergen.
Strandpromenaden
Vi budde på Hotel el Palacete del Corregidor som held til i ei ærverdig eldre bygning i gamlebyen. Takterrasse med utsikt, og gyngestol på balkongen!
Gardsrommet på hotellet
Balkong med gyngestol
Duene kastar seg over frokostrestane på takterrassen
Etterord
Vi er tilbake i Bergen, der det i skrivande stund har falle over 690 mm nedbør siste 30 døgn. Det er ca 150 mm meir ein gjennomsnittleg årsnedbør for Bardufoss, der eg har min sekundærbustad. Eg er ikkje tilhengar av å fly utanlands i tide og utide, vi har eit klima å ta ansvar for. Weekend-shoppingturar til storbyar held eg meg unna. Men eg meiner at det må vere legitimt for gjennomvåte bergenserar å søke ly ei stund i eit land som i september-oktober har perfekt sommartemperatur for oss nordbuarar!
I dagens Bergens Tidende får eg plutseleg auge på ein annonse for Vitus-reiser, som – tru det eller ei – annonserer for langtidsferie i, ja, nettopp Costa Tropical og Almuñécar. Det var irriterande å sjå at nokon andre allereie hadde oppdaga det eg trudde var eit lite kjent reisemål. Så feil kan ein ta!
Frå Hoi An gjekk turen med buss til keiserbyen Hué, langs strand og over eit fjellpass. Etter nokre kilometer måtte bussen gjere vendereis for å hente noko som var attgløymt på hotellet. Vi andre fekk dermed litt ekstra tid til å knipse bilete på ein liten plass ved ei sideelv i deltaet til elva Thu Bon.
Også her på landsbygda vart det pynta til nyttår. Kjøkkenet på biletet under kan nok ikkje konkurrere med standarden heime. Vi såg fleire liknande kjøkken på turen. – Eg skal aldri meir klage over kjøkkenet heime, vart det kommentert. Utandørs matlaging og oppvask er noko ein ser alle stader, også i byane.
Fangstanlegg, bustad og kjøkken.Utsikt frå toppen Thuy Son
Marmorfjella er fem fjelltoppar – tidlegare øyer – som alle har kvart sitt namn etter elementa tre, metall, jord, ild og vatn. Vi tok heisen opp til det største fjellet Thuy Son (vatn). Her kan ein gå vidare opp steintrapper til ei stor grotte innreidd som tempel. Blant turistane kunne vi registrere ein del litt tilårskomne amerikanarar. Var dei tilbake på gamle trakter?
Grotte, heis, pagode og spaserande hanar rundt buddhaene på Thuy Son
Vi køyrde vidare langs Sør-Kinahavet sine strender. Badetemperatur var det ikkje denne dagen, og raudt flagg i tillegg. Vi måtte nøye oss med eit tådypp. Som vi veit er dette eit konfliktfylt havområde der mange statar har interesser.
Tådypp i Sør-Kinahavet
Dette var ein gråversdag og då vi skulle over fjellpasset på veg mot Hué var det tjukk skodde og vi vart snytt for utsikten. Sjåføren køyrde friskt på den svingate og smale vegen, og fleire sat med hjartet i halsen. Trygt nede vart det beinstrekk ved innsjøen Dam An Cu, som er avgrensa frå havet av ei smal landtunge.
Det var her i sentrale Vietnam dei hardaste krigshandlingane fann stad. I det nærmast uframkommelege fjell/jungelterrenget møtte amerikanske soldatar hard motstand frå geriljaen. Det var også her amerikanske fly sprøyta skogen med det dioksinhaldige avlauvingsmidlet AgentOrange som det framleis er etterverknader av.
Båtar på innsjøen Dam An Cu
Kongebyen Hué
Så kom vi til sjølvaste Hué, den gamle hovudstaden og keisarby under det 200-årige Nguyen-dynastiet som tok slutt då den dåverande keisaren abdiserte i 1945 samtidig med at kommunistane etablerte regjering med sete i Hanoi.
Vietnam – fransk koloni fram til 1954.
Litt kjennskap til historia er nyttig for å få utbytte av dei historiske og kulturelle severdigheitene. Fram til byrjinga av 1800-tallet hadde Vietnam stort sett vore splitta i ymse keisardøme som ofte var i krig med kvarandre. I 1802 klarte Nguyen-dynastiet å få kontroll over heile landet. Den første keiseren kalla seg Gia Long og flytta hovedstaden til Hué der keiserbyen vart etablert. Utover 1800-tallet fekk Frankrike gradvis større innflytelse og Vietnam endte til slutt opp som fransk koloni med keisaren utan reell makt. I tillegg til Tonkin, Annam og Cochinchina (som til saman utgjer dagens Vietnam) var også Laos og Kambodsja del av fransk Indokina.
Hué ligg ved Parfymeelva (Duftenes elv) sitt utløp i Sør-Kinahavet. Byen ligg like sør for det som var demilitarisert sone under Vietnamkrigen. Nokre av dei lengste og blodigaste slaga under Vietnamkrigen fann stad her. Slaget om Hué gjekk føre seg frå 30. januar til 3. mars 1968, altså for nøyaktig 50 år sidan. Nordvietnamesarane innleia Tét-offensiven med eit overraskingsåtak på byen. På grunn av nyttår og våpenkvile var ein ikkje førebudd på dette. Amerikanarene svara med bombing. Etter krigen låg byen i ruinar. Den nordvietnamesiske hæren vart sendt på flukt, men gjenerobra byen i 1975 og ein måned seinare var krigen slutt. Meir om krigshandlingane i Hué står å lese her.
Byen er full av severdigheiter med UNESCO-status. Vi besøkte Thien Mu-pagoden, Citadellet med den forbudte by og keisar Tu Duc sitt gravsted.
Båttur på Parfymeelva
Første post på programmet i Hué var båttur på Parfymeelva. Det viste seg at båten var fullrigga med klede til sals, bl.a silkeskjorter, og mange lot seg friste. Eg er i ettertid blitt litt usikker på bruksverdien av mine innkjøp.
Vi gjekk i land ved Thien Mu-pagoden. Pagoden skriv seg tilbake frå 1601, men har vore øydelagd og oppattbygd fleire gonger. Gjennom historia har staden vore tilhaldsstad for opprørske buddhistmunkar. Det største dramaet var då ein av munkane i 1963 køyrde med sin blå Austin til Saigon og sette fyr på seg sjølv på eit gatehjørne. Det har etter dette vore fleire slike sjølvmord.
Turistar på Parfymeelva og Thien Mu-pagoden
Citadellet med den forbudte by
Citadellet (Kongebyen) er eit digert bygningskompleks med vollgraver, opne plassar, palass og tempel. I den ytre kongebyen budde bønder, handverkarar og mandarinar (embetsmenn), i den indre kongebyen var det berre kongefamilien og kongen sine konkubiner som hadde tilgang.
Den indre kongebyen blir også kalla «Den forbudte by» då den er oppført etter same prinsipp som dei kinesiske keisarane sin by i Beijing. Bygginga vart påbyrja tidleg på 1800-talet etter at den først Nguyen-kongen hadde kome til makta.
Citadellet i Hué med vollgravDen forbudte by I HuéGrøn elefant, kongeportrett i den forbudte by og karper i vollgrava. Nede til høgre parkområde der det tidlegare sto bygningar som er blitt øydelagde.
Eit besøk i omgjevnadene til den gamle kongemakta er ganske overveldande. Det er ikkje rart at det vart opprør mot denne samfunnsforma, som bygde på undertrykking og ei heilt urimeleg ulikheit og skeivfordeling.
Tu Duc sitt gravmæle
Keisar Tu Duc døydde i 1883. Gravområdet består av eit tempel- og eit gravområde. Tempelområdet har ein liten innsjø og fleire paviljongar. I si regjeringstid kjempa Tu Duc mot katolikkane, franskmennene og andre opprørarar, bl.a. dei som arbeidde med tempelanlegget. Han fekk skulda for å ha gitt bort landet til Frankrike. Han var barnlaus og steril på grunn av at han hadde hatt koppar i barndommen, men heldt seg med ein bråte konkubiner.
Paviljong i tempelområdetOppgang til gravstedet
Sør-Vietnam
Historisk og kulturelt er det markerte skilnader mellom nord og sør. Enkelt sagt er det størst kinesisk påverknad i nord mens det i sør er fleire band til Kambodsja og Indonesia. Området i sør har i tidlegare tider tilhøyrt Kambodsja. I høglandet i nord er det også ulike etniske grupper. Frå nord har befolkninga ekspandert sørover. Guiden forklarte at den historiske bakgrunnen med tilflytting har skapt ein mentalitet her sør som skil seg frå det meir tradisjonsbundne nord.
I Sør-Vietnam besøkte vi Ho Chi Minh-byen (Saigon), Cu Chi-tunnelane og Mekongdeltaet.
Ho Chi Minh-byen (Saigon)
Frå Hué var det ny flytur til Ho Chi Minh-byen. Plutseleg vart det tropisk klima, med dagtemperatur på 33 grader pluss. Av med boblejakkane.
Byen, som er Vietnams største med ca 10 millionar innbyggjarar, fekk dette namnet ved gjenforeininga då ein slo saman dei to byane Saigon og Cho Lon.
Saigon er i dag ein eigen bydel. Eg synest Saigon-namnet kling betre, og kjem til å bruke dette namnet på byen sjølv om det altså ikkje er heilt korrekt. Franskmennene bygde opp byen etter fransk mønster, med breie boulevardar og kvadratur. På grunn av gjenkjenneleg bystruktur kjenst byen mindre framandarta og også meir moderne og dynamisk enn for eksempel Hanoi.
Vietnam er kjent for lakkprodukt av høg kvalitet. Vi var innom ein fabrikk der det vart produsert eit utall ulike lakkgjenstandar. Spesielt for denne staden var at dei brukte eggeskall til dekor.
Lakkproduksjon i ulike fasar. Ei av krukkene står no heime på hylla.
Multinasjonale selskap og investorar har fått godt fotfeste og det er godt synleg i bybiletet.
Jotun har etablert seg også i Vietnam.
Under vårt opphald var byen sterkt prega av tét-feiringa. Vi kom til Saigon to dagar før nyttårsaften som i år fall på 15. februar. Det vil seie at vi kom på den dagen då det er tradisjon for at folk pyntar seg i sine finaste tradisjonelle draktar og samlar seg i sentrum. Dette er også høgsesong for lommetjuvar, og guiden ba oss passe ekstra godt på verdisakene våre.
Vi fekk med oss sjølve nyttårsaften som vart feira med middag og underhaldning på elegante Hotel Majestic. Hotell Saigon, der vi var innkvartert, hadde allereie fullbooka denne kvelden, men det var ikke noko å klage på standarden på erstattaren. Her var forøvrig fleire andre nordmenn, viste det seg.
Hotell Majestic
Hotell Majestic, vestibyle
Nyttårsmiddag med underhaldning
Dagen etter besøkte vi ei fantastisk blomeutstilling i Kulturparken. Det er berre å bøye seg i støvet for den vietnamesiske hagekunsten! Forutan plantar i alle fasongar var her også fisk og ulike steinfigurar, og det var folkefest for store og små.
Utstilling og folkefest i kulturparken i Saigon nyttårsdagen 16. februar.Nyttårsdag – for anledninga med bilfrie gaterom i sentrum.
Så pynta er nok ikkje Saigon til kvardags. Og utanfor byen skulle vi besøke stader med tilknyting til mørke kapittel i Vietnam si historie.
Krigsminner: tunnelar og museum
Cu Chi-tunnelane
70 km nordvest for Ho Chi Minh-byen finn vi Cu Chi-tunnelane. Dette er eit tunnelsystem med ei opphavleg lengd på 200 km, bygd av FNL under Vietnamkrigen. Dei vart nytta som gøymestader og passasjar under kampar, og til transport av våpen og forsyningar. Tunnelane inneheldt sjukehus, kjøkken, soverom og arsenalar. Jordlaget er solid og tåler vekta både av stridsvognar, artilleri og bomber. Tunnelene var nytta som baser under Tết-offensiven i 1968 ved slaget om Saigon.
Cu Chi-tunnelsystemet
I dag er tunnelane ein stor turistattraksjon. 120 km av tunnelane er bevart, og det er høve til å prøve seg på ein liten tur. Aldersgrensa for dette er 70 år, som heldt akkurat. Det var ikkje den mest komfortable turen eg har hatt, for å seie det slik, sjølv om tunnelane som er opna for turistar visstnok er utvida litt. For dei små og smale vietnameserane var det nok lettare.
Stridsvogn, bomber og våpen brukt i Vietnamkrigen.
Vi fekk også demonstrert fleire av dei utspekulerte fellene mynta på fienden. Ingen spøk å trø feil og havne i dei.
Forskjellige feller
Inngang til tunnel
Skjulested
Uavhengigheitspalasset
Det tidlegare presidentpalasset – uavhengigheitspalasset (også kalla gjenforeiningspalasset) – i Sør-Vietnam er bygd på same staden som det gamle palasset frå kolonitida. Bygget, som sto ferdig i 1966, er teikna av ein vietnamesisk arkitekt og er inspirert av fleire stilartar, også europeisk modernisme. Forutan møterom og spisesalar er her også teater, kino og dansesal.
30. april 1975 inntok frigjeringsrørsla og den nordvietnamesiske hæren Saigon. Stridsvogna brøyta seg veg inn porten og møtte ingen motstand. President Nguyen Van Thieu hadde forlete landet den 21. april med kurs for Taiwan, deretter London og til slutt Boston. Frå helikopterlandingsplassen utanfor gjekk amerikanske helikopter i skytteltrafikk mellom hangarskip og ambassaden dagen før frigjeringa.
Nokre smakebitar frå palasset.Presidenten sitt kontor, jakttrofe, lytteutstyr og Mercedes.
Krigsminnemuseet
Vegg i vegg med uavhengigheitspalasset ligg krigsminnemuseet, med utstillingar i fleire etasjar. Museet er skulda for å gi eit einsidig bilete av krigen, at det inneheld anti-amerikansk propaganda og glorifiserer Nord-Vietnam og frigjeringsrørsla. Dette var ikkje mitt inntrykk, men det kjem an på augo som ser. Kanskje er det nokon som reagerer på utstillinga i 1. etasje som har eit visst propagandapreg i og med at her bl.a heng plakatar som viser den internasjonale støtta til FNL. Her finn vi også ein norsk plakat med teksten «Med FNL for Viet Nams folk».
Vietnamkrigen var – same korleis ein snur og vender på det – ein meiningslaus krig, med svære sivile tap og lidingar for det vietnamesiske folket. Utstillingane framstiller krigen i all sin gru, med fotografisk materiale frå krigsjournalistar. Den mest rystande delen av utstillinga er der det er vist bilete av offer frå USA si giftsprøyting – AgentOrange.
Utstilling
Om Agent Orange
Barneteikning
Plakatar
Mekong
Besøket i uavhengigheitspalasset og krigsminnemuseet fann stad siste dagen på reisa, men dagen før var vi på utflukt til Mekongdeltaet. Mekong er ei av verdas lengste elver, med utspring i Tibet. Dette vart ein av dei mest interessante dagane, og det var kjekt å besøke eit par småbedrifter som nytta lokalt råstoff.
Her blir brent teglstein av leire frå MekongdeltaetFrå kokosnøtt til kokoskaramellarBåttur i Mekongdeltaet
Fiskarane nyttar seg av tidevatnet, og brukar reiskap tilpassa dette. Vi vart fortalt at saltinnhaldet i elva hadde auka i den seinare tid på grunn av eit nytt kraftanlegg på kinesisk side.
Her veks mangroveskog og kokospalmar, med den spesielle vasskokospalmen nærast elvebreidda.
Etter at denne båtturen var unnagjort, vart det transport på tuc-tuc i forrykande tempo gjennom jungelen til staden der vi skulle innta lunsjen, under stråtak, i det fri og ved ein av dei utallige kanalane i deltaet. Deretter nok ein båttur, denne gongen i ein smal elvebåt som vart staka framover.
Eg lyt legge til eit bilete frå den utruleg vakre rasteplassen der vi hadde stopp undervegs på turen. Her kunne vi spasere på «apebru«. Denne type bruer, laga av kokospalmestamme eller bambus, kan ein finne fleire stader i Vietnam.
Rasteplass med «apebru»
Tét – vietnamesisk nyttår
Vi observerte førebuingane til tét på alle stadene vi besøkte. Om søppelet flyt rundt omkring – før feiringa av tét blir det i alle fall feid framfor eiga dør. Og pynta med busker og blomar, nesten som vi gjer før jul med juletre og juleblomar. Det var bugnande blomeutsal overalt. I nord er det ferskentre og mandarintre som dominerer, i sør aprikostreet med karakteristiske gule blomar, og alle stader er det mengder av gul krysantemum. I tillegg til andre blomar som vi kjenner igjen frå norske hagar og vinduskarmar.
Blomar og buskar til tét – aprikostre (her som bonsai), mandarintre, ferskenbusk og eit hav av krysantemum og andre blomar
Som nemnt i forrige innlegg er skikken i å brenne offergaver til ære for forfedrane. Vi såg fleire slike gavebål. I templa kan lufta vere stinn av røykelse. 2018 er hundens år, etter den kinesiske kalenderen.
Nyttår – tét – i Ho Chi Minh-byen (Saigon). Festkledde menneske to dagar før nyttår.Saigon på nyttårsaften.
Maten
Som turistar inntok vi så å seie alle måltid på restaurantar. Litt spesielt var det i Saigon der vi vart losa til middag nede i ein av underetasjane i eit gigantisk kjøpesenter. I kongebyen Hué var det arrangert middag på ein litt finare restaurant, der vi fekk utdelt kostyme i form av tradisjonelle vietnamesiske penantrekk i silke. Eit ektepar vart utpeikt til konge og dronning og plassert i høgsetet. Dei fleste syntes dette var eit festleg innslag.
For folk flest er nok ikkje restaurantbesøk standard. Dei inntar gjerne måltida ute på gata, på enkle gatekjøken, sittande på låge stolar og krakkar. Nudelsuppe – pho – er ein typisk vietnamesisk rett som også er vanleg som frukost. I Saigon inntok vi nudelsuppe til lunsj på restauranten Pho 2000, som kan skryte av at Bill Clinton var gjest her då han som første amerikanske president besøkte Vietnam etter krigen. Vi budde forøvrig på same hotell som Clinton – hotell Saigon.
Vårrullar er standard, og måltida består oftast av fleire små retter. Eg tok meg ikkje bryet med å fotografere all den fint presenterte maten vi fekk servert, men på biletet under er nokre få eksempel.
Det mest eksotiske måltidet fekk vi servert i jungelen i Mekongdeltaet. Malle heiter fisken.Pho, friterte bananblomster, vårruller og tigerreker med grønnsakdrage«Pølsebod» i kulturparken i Saigon på nyttårsdagenMarkedet Benh Tanh i Saigon – her får ein det meste
Tankar i etterkant
Dette var ei 13 dagars reise som turist og eg har sjølvsagt ikkje hatt føresetnader for å pløye djupt i dette blogginnlegget. Eg har heller ikkje på langt nær fått med alt.
Ein kan ha mange meiningar om kor berekraftig det er med så langreist turisme. På andre sida er slike reiser til fjernare himmelstrøk med på å auke kunnskapen om andre land og kulturar. Då særleg om ein sørgjer for å sette seg litt inn i historie og samfunnsforhold – både før og etter reisa.
Norge er eit lite land i den store verda. Når ein kjem til eit asiatisk land med befolkning fleirfaldige gonger større enn i Norge blir dette ganske tydeleg. Folk i Vietnam blir gjerne litt tomme i blikket når dei får høyre kor vi kjem ifrå.
Reiser bidreg til å sjå eins eige land i perspektiv. Ein lærer seg å sette pris på den nordiske modellen med ein skattefinansiert velferdsstat. Eg kom i mitt forrige blogginnlegg om Vietnam inn på det som såg ut til å vere mangelfulle offentlege velferdsordningar. Skattevegring hos vietnamesarar flest og eit sviktande skattesystem er ein del av forklaringa.
No har eg ikkje skrive om reisefølgjet og det sosiale livet under turen. Då kan eg berre seie at det var heilt upåklageleg. Og vår alltid oppmerksame og humørspreiande norske guide Nina bidrog sterkt til ein triveleg og innhaldsrik tur!
Dette var min første tur til denne enorme verdensdelen. Eg kunne faktisk tenke meg å prøve ut fleire land her, gjerne i Sentral-Asia. Kjem eg nokon gong til Samarkand, tru?
Den 6. februar er samefolkets dag. I det høvet vil eg gjere litt ære på dagen ved å sjå nærare på samane si historie i Indre Troms. Eg er ikkje same, men har røter i dalføra som var i bruk av samar lenge før dølane sørfra innvandra til Bardu og Målselv på 17- og 1800-talet.
Historia om innvandringa frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag har for meg, og sikkert fleire, skygga for historia som knyter seg til tida før bøndene sørfrå slo seg ned i dalane, med medbrakte skikkar og kultur. Oppfatninga har helst vore at dei praktisk talt kom til jomfrueleg villmark. Parallellen til koloniseringa av Nord-Amerika og tilhøvet til urbefolkninga er ikkje vanskeleg å sjå.
I løpet av seinare tid har ein måtte erkjenne at historia er meir nyansert. I tillegg til skriftlege kjelder og nyare forskning har arkeologisk materiale fått fram eit anna og meir samansett bilete både når det gjeld tidsdjupne og tidlegare tiders bruk av områda. Det er steinalderfunn frå Altevatnområdet, Dividalen og Viken i Bardu. Frå jernalder og middelalder er det fleire funn av samiske offerplassar.
Når vi ferdast rundt i kultur- og naturlandskap i Indre Troms trakkar vi altså ikkje berre i spora etter våre forfedre og formødre som slo seg ned som bønder her. Vi går også i spora etter samefolket, og til fangstfolket som levde her i yngre steinalder, forgjengarane til dagens samar. Fangstgroper og funn av reiskaper vitnar om stor tidsdjupne. Det er også funne fangstgroper like i nærleiken av der eg vaks opp. Sjølve kommunenamnet Bardu har samisk opphav.
Samane vart tidlegare kalla lappar eller finnar (ikkje å forveksle med kvenar). Dei som dreiv med reindrift vart gjerne kalla fjellfinnar.
Rast på Vakkerlåtfjellet i 2010. Etter gammelt var her reindriftsveg mellom Sørreisa og Sverige.
Grensetvister og samiske rettar
Bardu og Målselvområdet var frå gamalt av eit grenseområde og dermed av interesse for fleire statar. Samane vart kravd for skatt både frå Danmark-Norge, Sverige og Russland. Gjennom fleire århundre var det grensetvister mellom Norge og Sverige, spesielt på Nordkalotten. I 1742 var det oppnevnt ein grensekommisær, Peter Schnitler, som fekk i oppdrag å oppta vitneprov frå bumenn og samar om grensespørsmålet. Protokollane frå dette arbeidet er ei rik kjelde til kunnskap om tilhøva på den tida. Frå eksaminasjonen i Sørreisa i 1743 får vi dei første opplysningane om fast reindriftsveg gjennom Bardu. Her vart også opplyst om korleis området mellom kysten og riksgrensa i Bardu og Målselv vart brukt om sommaren. Dei hadde sine faste plassar, som ved behov vart tillempa av samane sjølv.
I samband med grensetraktaten i 1751 mellom Norge og Sverige vart den såkalla Lappekodisillen vedtatt. Det er ein gjensidig traktat mellom to riker, som garanterte samane sine rettar som dei hadde frå tidlegare. Det vart fastslått at reindriftssamane i kraft av gamal sedvane framleis kunne bruke sine gamle beiteområde og flytteruter på tvers av grensene. Men Lappekodisillen kunne ikkje hindre den norske koloniseringa som kom i Bardu og Målselv.
Samane som møtte nybyggjarane var altså samar frå svensk side. Oppfatninga om at samane brukte dalane berre til transitt, slik det vart framstilt frå fogd Jens Holmboe som var pådrivar for koloniseringa av Bardu og Målselv, stemmer altså ikkje. Det var snakk om lengre opphald på faste leirplassar, og reinflokkane beita også i skog og mark undervegs. Områda i Bardu og Målselv var brukt til sommarbeite for samane for det som i dag er Talma og Saarivouma samebyar på svensk side. Samane hadde også ein leirplass i inst i Skoelvdalen så seint som då far min var ung. Dette tok slutt i mellomkrigstida.
Så – om ein likar det ikkje – det er nok samane som har den lengste historia i desse bygdene. Før dølainnvandringa på 1700-talet var Bardu og Målselv eit av dei gamle kjerneområda for samane. Dette er utdjupa i den interessante artikkelen «Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940» som ligg ute på Målselv historielag si nettside og som var publisert i lokalavisa «Nye Troms» 23. juni 1988, skrive av Karl Magnor Olsaker (1944-1996). I denne artikkelen tar forfattaren for seg samisk busetting i Bardu og Målselv før 1500, skattelegging av samane før 1700, sjøsamisk bruk av Bardu og Målselv, utviklinga av reinnomadismen på 1600-talet, Schnitlers eksaminasjonar i forbindelse med grensetraktaten i 1751, Lappekodicillen av 1751, reindriftsnæring i Nord-Sverige og Indre Troms 1750-1870, 1800-tallet – konflikter bumann – same, reindriftsnæringa på slutten av 1800-tallet og den samiske bruken i mellomkrigstida og krigsårene 1940-1945.
Det lyt nemnast at det på 1700-talet var sterk utflytting av svenske samar, som på grunn av uår og reinpest måtte oppgi reindrifta. Desse «markefinnene» slo seg ned i bygdene, men i utkantstrøk som var mindre eigna for jordbruk, t.d. i enkelte strøk ovanfor Målsnes i Målselv.
Fleire reguleringar gjennom tidene har påverka samane sine livsvilkår og status. I 1852 vart den russiske grensa stengt for norske samar på veg til vinterbeite i Finland. I 1889 vart den finske grensen stengt for svenske samar på veg til vinterbeite i Finland. Og i 1919 mista svenske Karesuandosamar store sommerbeite i Troms. Dette førte til at halve befolkninga som dreiv med reindrift i Karesuando vart tvangsflytta til område lenger sør. Utviklinga av grensekryssande reindrift er bl.a. behandla av Nils Johan Päiviö i ei av delutgreiingane for Samerettsutvalget i NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms .
Det fører for langt å gå inn på alle desse tema her. Meir aktuelt stoff er å finne om samerett i Store Norske Leksikon og på regjeringa.no om fortolkingar av reindriftsloven og sameloven.
Men no skal eg sjå litt nærare på forholdet mellom samar og dølar.
Dølane kjem
Bakmennene for koloniseringa av Bardu og Målselv var fogden Jens Holmboe og skoginspektør Nicolai H. Ramm, som såg store moglegheiter for nydyrking og skogsdrift i dei fruktbare dalføra. Bønder sørfrå var best eigna til dette, meinte dei. Det hadde lita tiltru til kystfolket i så måte. I tid fell dette saman med tronge tider i dalføra sørpå, og naturkatastrofen «Storofsen» var óg ein faktor som påskynda flyttinga mot nord.
Sjølv nedstammar eg på farssida direkte frå dei første familiane som kom frå Tynset og busette seg i Bardu i 1791. På morssida er eg etterkommar av innflyttarar til Målselv frå Helgeland, Oppdal og Gudbrandsdalen. Vi kan vel knapt førestille oss kva for eit strevsamt og hardt liv det var for nybyggjarfamiliane. Det heroiske med dette er då heller ikkje blitt underslått i bygdebøker og annan litteratur.
Etter den første innvandringsperioden var det opphald heilt til ei ny innvandringsbølgje kom i 1820-åra og utetter. Seinare vart Amerika målet for dei som søkte seg til andre livsvilkår.
For samane førte innvandringa med seg store endringar. Dei opplevde at nybyggjarane la beslag på område som dei hadde hatt som kvileplassar og rydningar i skogen der reinen kunne beite. Oftast gjekk det fredeleg for seg, men det oppsto også samanstøyt, nokre av dei med alvorleg utfall. Det mest dramatiske var då ein same på Bones i Salangsdalen i Bardu i 1838 vart slått ihjel av bonden og drengen. Rydningsmannen hadde busett seg like i nærleiken av ein fast sommarbuplass for samane. Bonden slapp straff, men drengen vart straffedømt.
I takt med at det vart rydda fleire gardsbruk, vart også utmarka meir intensivt nytta til beite og seterdrift, noko som innskrenka dei areala som tidlegare hadde vore tilgjengelege for reineigarane.
«…For dølenes vedkommende er bevisstheten omkring historie, slekt og avstamning en viktig del av deres selvoppfatning og virkelighetsforståelse, både slik den overleveres muntlig gjennom en aktiv fortellertradisjon og slik den skriftlig framstilles i bygdebøker, årbøker o.l. Fortid, forfedrene og dølenes totale bosetningshistorie i dette nye området har betydning som referanseramme både for å dokumentere kulturbakgrunn og tradisjoner og for å legitimere sin territorielle og gruppespesifikke berettigelse. Fortida er en måte å relatere seg til nåtida, og folk tenker og handler med referanse til denne fortida. Historie er også myte eller symbolske framstillinger slik de overleveres fra generasjon til generasjon. Folk er med andre ord aktive medskapere av sin egen historie ved at de tolker, refortolker og dyrker eller reifiserer sin historie. Dette gir igjen grunnlag for definisjon av hvem man er både som individ og gruppemedlem og er med å bekrefte og forsterke ønsket tilhørighet og identitet.»
Dett er noko som jo kan gjerast gjeldande for døler såvel som samar.
Så kva med dagens situasjon? Så seint som i 2007 var Reinstriden i Troms ei tema på NRK. I dei seinare åra har det vore konflikter grunna svensksamar si ulovlege hyttebygging ved Altevatn. Fylkesmannen har gitt Bardu kommune medhold i pålegget om riving, men på svensk side ser dei annleis på det, og viser til Lappekodisillen og ein høgsterettsdom frå 1968, då samane fekk erstatning for tap i samband med reguleringa av Altevatn. Dette er ikkje heilt enkelt.
Tilhøvet til storsamfunnet
Samane sin status og tilhøvet mellom bumann og same er óg farga av tidsånd og nasjonale forhold.
I motsetnad til samane hadde bureisarane nasjonalstaten i ryggen. Det var sterke nasjonale strømningar i Norge på denne tida. Den nomadiske tilpassinga passa dårleg inn i dette biletet, der idealsamfunnet besto av fastbuande bønder. Jordbruket vart sett på som meir inntektsbringande og dermed til gagn for landet. I 1861 sto det skrive i Tromsø Stiftstidende (gjengitt i Olsaker sin artikkel):
«Det er i Statens Interesse at fremme Bureisningen. Selv om dette skulde skje gjennom den Sterkeres Ret til at træde en ældre, men halvvild og nomadiserende Stamme tilside, saa vilde Staten i Sandhed kun slet røgte sit eget Tarv og Civilizationens Bud ved at lade sig afholde herfra af en – nøiere besett – falsk Rætferdighetsfølelse».
Ja, slikt kunne ein få seg til å skrive i dei dagar.
Samane vart i åra som kom også skulda for å ha flytta skoggrensa. Skogforvaltar Ivar Ruden fekk i 1909 i oppdrag av skogdirektøren å kartlegge eventuelle skadar på skogane i Troms som kunne tilskrivast dei svenske reindriftssamane som oppheldt seg i fylket i sommersesongen kvart år. Basert på inntrykk frå befaringar, notat og fotografi skreiv Ruden rapporten «Fremstilling av en del av den skade som de svenske flytlapper og ren har voldt på skogen i Tromsø amt» (1911).
Frå rapporten «Den svenske Rentrafiks Skade paa Skogen. Lappeleir i Liveltskaret, Bardu.» Foto: Ivar Ruden, Norsk skogbruksmuseum.
Biletet over viser ein samisk leirplass i Liveltskaret i Bardu kommune i Troms. Vi ser ei ung kvinne i samisk drakt som sit på bakken med eit arbeid mellom hendene. Ein mann med dressjakke på overkroppen og lue med blank skygge på hovudet (muligens skogbetjent Olav Foshaug [1869-1937] frå Bardu) sit ved sida av. Bak ser vi eit samisk «stabbur» – eit stativ lagd av bjørkerajer. På dette lagra samane verdiar som skulle haldast unna dei firbeinte.
Ruden var også opptatt av bruken av stadleg bjørkevirke i den samiske byggeskikken. I sin enklaste form besto dei samiske stabbura av tre kvista bjørkerajer, oppsett slik at dei møttes i toppen, men i dei fleste tilfelle gjekk det med 20-40 bjørkestammar. I rapporten publisert i 1911 er han ikkje nådig i si vurdering av skadeomfanget:
«Liveltskaret har været og er et av flytlappernes faste tilholdssteder. De har ned gjennem tiderne med sine gjærder og liggepladser fulgt efter skogen og trykket skoggrænsen ned i hele dalens bredde ca. 3 km. De saaledes avsnauede strækninger er opfyldt av gamle gjærdetomter og ildsteder, der betegner liggepladserne. Vinden feier nu uhindret fra høifjeldet nedigjennem skaret. Gjenvekst forekommer ikke og kunde vel heller ikke – saa ubeskyttet, som marken nu er – leve, selv om spirer til ny skog kom i jorden. Avsnauet areal i denne trakt er ca. 300 ha.»
I samband med 200-årsjubileet i 1988 vart det laga eit fjernsynsprogram om «Nybyggere i sameland» som også tar opp konfliktene med samane som hadde brukt området i fleire hundre år. (Programmet kan lastast ned, sjå lenke nederst).
Bård A. Berg ved UiT Norges arktiske universitet har i sin doktorgrad i historie om utviklinga av den samiske reindrifta i Norge i det 20. århundre (1999) fokusert på tilhøva i Midt- og Sør-Troms. Han peiker på at konfliktnivået mellom reineigarar og jordbrukarar auka i takt med nyrydninga i indre Troms og at dette var bakgrunnen til at det seinare (1883) vart innført ei reindriftlovgiving for heile Norge sør for Finnmark som var heilt på jordbruket sine premiss.
I den seinare tid har også professor Ivar Bjørklund ved UiT Norges arktiske universitet gått hardt ut mot norske myndigheiter og hevda at fornorskinga i dag har eit vel så sterkt nedslag gjennom ulike næringspolitiske tiltak.
Fra Bardudalen. Foto: Schrøder, håndkolorert. Norsk Folkemuseum si biletsamling.
Biletet over er frå Norsk folkemuseum si biletsamling. Biletet er omtalt slik:
Portrett av samisk mann og liten pike. Sommerlandskap med Bardudalen i bakgrunnen. I bakgrunnen sees taket på flere hus og til høyre i bildet kan man se en bro. Den samiske mannen er kledd i kofte og samisk lue, med belte i livet. Piken er kledd i kjole. De står på en eng. På 1930-tallet beitet svenske reindriftssamer i Stordalen i Bardu. Stordalen var da «sommerbeite for svenskelapper» og reinsdyrene vandret frem og tilbake over grensen til Sverige. Den store dusken i lua minner om svenske sameluer. Saarivuoma sameby har etter 2005 igjen tatt i bruk beiteområdene i Norge. Muligens er dette en svensk nomade på vårflytting i Norge.
Dei lure lappane
Alle Bardudøler over ein viss alder har bind I og II av Bardu Bygdebok ståande i bokhylla. Forfattar er Eystein Eggen frå Vingelen i Tolga.
Eg har studert bygdeboka nokså flittig opp gjennom åra. Boka osar av beundring for dei staute og strevsomme nybyggjarane av god ætt frå Østerdalen. Samtidig er omtalen av samane – «lappane» – med vår tids auge nedsettande, ja beint fram rasistisk. Her er eit eksempel, der forfattaren bl.a. skildrar samane sin utsjånad og framferd:
..»Små som de er, virker det nesten komisk å se dem duve fram i regnet og solsteiken med en prangende hodepynt av knallrøde garndusker. Denne buketten henger som overmodne rognebær fram over luebremmen, men lappene er sikkert stolte av stasen, og denne litt makabre sans for sterke farger er ikke undergitt motegalskapen. Den er for dem et nasjonalt symbol. Nede i bygda bruker de å slå seg ned i en bjørkelund og lager en leir av småtelt. Gløgge i oppfatninga og med et smålurt, humoristisk syn på livet omkring seg, farter de omrkring og byr fram huder, skinn, skaller og små souvenirs av horn og bein som de alltid forstår å verdsette etter tidas priser. I så måte synes de å ha fått litt av jødenes klare forretningsinstinkt. Ofte kan de vise et mindre fornøyd uttrykk når handelen går tregt, men ellers har de en godslig og smilende framtreden. De som forstår å omgås lappene, vil alltid vinne seg vennskap og tillit hos dem…»
Og møtet mellom flyttlapper og bønder er skildra slik:
«Med sitt gløgge syn og sin rappe evne til å oppfatte det som skjer, kan lappen vise en skarp intelligens, og her forsto han straks at disse nye bumennene hadde en kraftig og uforferdet karakter som gikk fram på tross mot villmarka og rovdyrene. Mistru og brødnid finnes hos alle folkeslag, og hos nomaden ligger disse to egenskapene på lur ferdig til å bryte ut mot alt som viser overlegne tendenser.»
Dette er dryge ting som naturlegvis ikkje ville kunne passere i dag. Men kven på min alder hugsar ikkje meir eller mindre nedsettande kommentarar frå bygdefolket om lappane? Samane i dag har heldigvis fått endra status, det er kome lovar og institusjonar som skal sikre likeverd og respekt. Verda går tross alt framover. Og snart kjem det ny bygdebok som heilt sikkert har kvitta seg med slike haldningar.
Alle er produkt av arv og miljø. Når det gjeld forfattaren Eystein Eggen d.e. høyrde han til ein familie med sterke NS-sympatiar før og under krigen. Barnebarnet hans, Eystein Eggen d.y. skreiv boka «Gutten fra Gimle» (1993) om oppveksten med NS-foreldre i det som hadde vore Vidkun Quisling sin residens «Gimle». Han hausta sterke reaksjonar frå familien, og i essayet «Familiefortrengninger, eller et NS-barns lange vei hjem» (2000) går han i rette med dei ulike familiemedlemmene, også farfaren. Her kjem han mellom anna inn på bygdeboka:
«….Av og til utmyntes musikken i ord, som hos farfar. Han trakk seg tilbake til sitt Akropolis av tømmer, glodde opp på årstallene1697 – 1943 i mønsåsen og skrev sagaen om da de blonde østerdøler koloniserte Bardu i Troms, et verk som fremdeles inntar en ledende plass blant våre mer rasistiske bygdebøker….»
For meg har det stor verdi å ha tilknyting til, og ikkje minst å kunne vandre i eit landskap som har ei mykje meir mangfaldig og rik historie enn det eg var klar over då eg vaks opp. Så dermed avsluttar eg med å seie: gratulerer med dagen – Lihkubeivviin – den 6. februar!
Mennesker og steder i et nord-norsk landskap En studie av landskapsforståelse og landskapsbruk fra jernalderen til nyere tid. Jon Gunnar Blom, Mastergradsoppgave i arkeologi, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for Arkeologi og Sosialantropologi, Universitetet i Tromsø våren 2012
Som punktum for mitt årlege midtvintersbesøk i nord har eg vore på bytur til Tromsø. Det viktigaste ærendet hit var sjølvsagt filmfestivalen og sosiale aktivitetar rundt denne, med familie og venner. Men også med sideblikk på byutvikling.
Festivalbyen Tromsø
TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival – finn stad rundt datoen då mørketida slepp taket. I år var festivalen arrangert for 28. gong, i tidsrommet frå 15. til 21. januar, dato for sjølvaste soldagen. Sola nekta å vise seg utilslørt akkurat i år, men vêret legg uansett ikkje nokon dempar på stemninga i ishavsbyen. Men holkeføret var utfordrande. Tromsø er ein by med bratte bakkar. Eg hadde investert i nye (og dyre) broddar og gjekk derfor relativt stødig nedover mot sentrum, utan uhell. Tryggast med piggane ute av og til.
Velkomen til TIFF 2018
Festivalen har gjennom åra opparbeidd seg status som ein av dei filmfestivalane ein reknar med, både på landsbasis og internasjonalt. Samanlikna med Bergen sin festival – BIFF – er det påfallande kor mykje meir TIFF set sitt preg på byen. Det verkar òg som om det er eit større apparat i sving. Dei to festivalane har mykje den same programprofilen. Men i Tromsø er det nokre hakk meir omstendelig å vere festivalpublikum. Det er ikkje nok å ha billettar, ein må i tillegg kjøpe armband som fungerer som inngangsbevis på alle forestillingane. Men som erfaren festivalgjengar finn ein seg vel etter kvart i slikt.
I løpet av tre heile dagar i byen fekk eg med meg seks filmar. Det er mildt sagt ein brøkdel i forhold til det imponerande tilbodet – både kvalitativt og kvantitativt. Det er no eigentleg greitt å fordøye filmane litt før ein halsar over til neste. Og så må ein jo ha tid til det sosiale med kafébesøk innimellom.
Det vart ei god blanding filmar frå ulike verdenshjørne. Frå den sjarmerande japanske «Rent a cat» til «Aleppos fall» (dokumentar frå dei siste forgjeves kampane frå ei ikkje heilt velorganisert motstandsgruppe), til «the Nile Hilton Incident» (om eit gjennomkorrupt politikorps i Kairo, Egypt), «There is a house here» (om inuittar i Nunuvut i det nordlege Canada), «The Deep» (basert på ei sann historie om ein mirakuløst overlevande etter eit forlis ved Vestmannaeyar på Island i 1984) og » On the other side» (om kompliserte familietilhøve som følgje av krigen på Balkan).
Under TIFF er alle serveringsstader i byen stappfulle. Festivalen har utvilsamt mykje å seie for botnlina i restaurantbransjen. Eg veit ingen andre norske byar der kafear, pubar og restaurantar så til dei grader preger sentrum. Og folk tar seg fri frå jobben.
Egon Holstad i lokalavisa iTromsø har oppsummert TIFF-fenomenet i Tromsø på ein dekkjande måte i «Takk for i år – vi sees igjen». Han skriv bl.a.:
………Men TIFF hadde neppe fungert hvor som helst. TIFF er nemlig en gjenspeiling av byen Tromsø, der restaurantene har kø fra de åpner til de stenger, der vannhullene har bul på veggene av tørste tiffere, og der de samme fine fruene fortsatt spiser lunch og nipper til vin, fremdeles med både diksjon og dannelse noenlunde intakt. Og de fleste av dem har vært på film.
……….Rare søringer og utlendinger med alpelue og flagrende gevanter svinser rundt, og langs de mange bardiskene henger det sågar masse journalister, regissører og skuespillere og tilårskomne visesangere fra Bergen, alle med bånd rundt halsen som et godt synlig TIFF-plastkort dingler fra, slik at alle – om noen skulle være i tvil – skal skjønne at de er litt ekstra spesielle……
Ein av byens populære skjenkestader, innsyn til biblioteket – og holkeføre
Litt malurt
No har det vore mange lovord om Tromsø. Tromsø er ein flott og inkluderande by, med eit kompakt bysentrum og lange tradisjonar som sentrum for handel. Lenge var det her i sentrum at handelen blomstra. I dag ligg serveringsstadene tett i tett, her er også rikeleg med frisørar innimellom. Urmakarbutikkane held stand ser det ut til – kostbare klokker er visst ettertrakta av velståande asiatiske turistar, som det er mange av. Vinterturismen har hatt ei eksplosiv utvikling. Og turistane flokkar seg i suvenirbutikkane. Med nokre unntak er mange av dei gode gamle butikkane borte, og sentrum er prega av fleire tomme butikklokale.
Forklaringa er her – som for så mange andre byar i Norge – etablering av kjøpesenter utanfor bykjerna. Jekta Storsenter ligg på andre sida av øya, nær flyplassen. Med sine 130 butikkar er Jekta det kjøpesenteret i Nord-Norge som har flest butikkar.
Eit utval tomme lokale i Storgata i Tromsø – samt ein «Tourist Shop»
Det er mange som er bekymra over utviklinga, også representantar for handelsstanden. Dette er kjent problematikk i mange byar. Eg siterer frå eit innlegg i iTromsø 10. februar 2017:
…..Men vi sover i timen når det kommer til utviklingen av sentrum som handels- og opplevelsesdestinasjon for byens befolkning og turistene. Min erfaring er at uten turistene er det vanskelig å drive butikk i sentrum. Dette er en trend som har kommet for alvor de siste par årene, og takket være turistene har trenden bremset opp. Men om vi som bor i Tromsø slutter å bruke sentrum er det bare turistene igjen. Det gir ingen verdi for turistene å komme til sentrum for å gå i en historisk kulisse. Vi må være bevisste og sørge for at tilbudet i sentrum er attraktivt også for oss som bor og lever her. Samtidig må vi utnytte vår forbrukermakt og bidra.
Levande lokaler?
Tromsø vart i 2016, saman med Arendal og Lærdal, plukka ut til å delta i eit pilotprosjekt for aktivitet i Tromsø sentrum. Prosjektet heiter «Levende lokaler». Tromsø vart valgt ut fordi dei allereie hadde sentrumsutvikling på dagsorden.
Kva er resultatet så langt? By- og regionforskningsinstituttet/Høgskolen i Oslo og Akershus – NIBR – har oppsummert arbeidet i ein midtvegsrapport for prosjektet. I Tromsø melder prosjektleiinga at det ikkje er sentrumsdød, men svært høg turnover i tomme lokaler. Dessutan er byen ein typisk «av/på-by» som yrer av liv når det er festivalar og andre større arrangement, men at mellomrommet til neste begivenheit kanskje er stille. Dei medgir likevel at det er ein del tomme lokale å sjå. Tromsø skil seg ut ved at dei til no har hatt ei hovudvekt på kunst- og kulturaktivitetar i forsøka på å fylle tomme lokaler.
I rapporten er peikt på dei generelt mange utfordringane ein møter på undervegs: gårdeigarbiletet er fragmentert og uoversiktleg og det er mange ulike aktørar inne i biletet, det er krevjande å få til samarbeid når det kostar tid og pengar osv.. For Tromsø sitt vedkomande er det i tilknyting til LL-prosjektet eit samarbeidsprosjekt mellom gårdeigarar, øvrige verksemder og kommunen om profilering, handel, sentrumsutvikling og kultur.
Så kva seier rapporten om vegen vidare? Det vert reist spørsmål om kven som skal ha nøkkelrollen – offentlege eller private. I oppsummeringa vert gitt uttrykk for at det ikkje er eit enten – eller, men eit både – og, der begge partar jobbar med same prosjekt, men med ulike oppgåver og roller. Dette burde vere innlysande. Det er då også desse spørsmåla som ein tar med seg inn i siste del av pilotperioden, for drøfting med kommunen, gårdeigarar, næringslivets og sivilsamfunnets nøkkelpersonar og lag.
Vi kryssar fingrane og håper på eit levande bysentrum i Tromsø – også i byen sine feberfrie periodar!
PS. Når bileta frå sentrum i det føregåande ser folketomme ut kjem det av at dei er knipsa på siste festivaldag sundag ettermiddag etter at det meste har roa seg.
Eg har vore ein tripp til Kraków, den historiske storbyen i regionen Lille Polen i sørlege Polen. Byen er eit populært reisemål for nordmenn og andre nasjonalitetar. Til europeisk storby å vere er det påfallande liten variasjon i hudfarge å sjå i bybiletet. Eg såg éin svart mann, elles var det kvite og asiatar. Ingen romfolk, ingen somaliar å sjå. Men no var det ikkje det nye polske regimet sin autoritære og framandfiendtlege politikk eg skulle skrive om. Eg tar også litt lett på omtalen av dei kjente turistattraksjonane. Så skal eg heller bruke litt meir plass på det ein kan oppleve om ein rører seg litt utanfor bykjerna.
Gamlebyen i Krakow med markedsplassen øverst. Nede til venstre borgen på Wavel
Gamlebyen
Det som er lettast å la seg imponere av i Kraków er sjølvsagt gamlebyen Stare Miasto, med den gigantiske markedsplassen Rynek Glówny med kleshallen, dei gamle bygningane og kyrkjene, dei trivelege gatene, parkane, slottet på Wavel, gatelivet, hyggelege kaféar og restaurantar osv. Kraków sin gamleby har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1978.
Den gamle jødiske bydelen
I gangavstand frå gamlebyen ligg den jødiske bydelen Kazimierz. Her finn ein mange artige småbutikkar og kaféar, sjekk gjerne Josefa-gata. Og på Hamza på Szeroka-plassen kan ein få god mat med inspirasjon frå Midt-Austen.
Kazimierz med den gamle synagogen i midten til høgre. Radler – blanding av øl og sitronbrus – er forfriskande. Pus held auge med forbipasserande.
Saltgruva i Wieliczka
Besøk i den berømte saltgruva i Wieliczka er nesten eit must. Vi satsa på ei organisert utflukt og vart guida kilometervis gjennom gruvegangane med stopp på utvalde stader undervegs. Alt i alt er det 300 km med gangar. Gruvedrifta skriv seg frå 700 år tilbake, men drifta er no avslutta. Gruva står på UNESCO si verdsarvliste.
Frå saltgruva med kyrkje og kunstverk av salt. Bl.a. ein versjon av Rembrandts «Nattverden».
17. mai på Schindlermuseet
Vi spaserte på den nye gang- og sykkelbrua «Bernatek» over Wisla til det nye Schindler-museet. Museet er etablert der Oskar Schindlers emaljefabrikk låg. Historien om korleis Schindler berga livet til jøder som arbeidde på fabrikken er velkjent og også filmatisert (Schindlers liste, 1994). Museet ligg i Podgòrze, der den jødiske gettoen låg. Vi tenkte at 17. mai kunne vere ein passande dag å besøke dette museet. Det er greit å bli minna om kva det er å bli frårøva fridom og sjølvstende.
Stader ein kan passere på veg til Schindlermuseet. Kyrkja er Corpus Christi i Kazimierz, dei andre bileta er frå området på sørsida av Wisla, i Podgórze..
På vegen vart vi forøvrig vitne til nordmenn si feiring av nasjonaldagen. Vi får jo gå ut frå at dei som flaggar med det norske flagget utanlands ikkje let seg provosere om det skulle dukke opp eit og anna ikkje-norsk flagg på nasjonaldagen heime!
Norsk 17. mai feiring i KrakowFrå utstillinga i Schindlermuseet
Krakow har forresten ei anna veksande gruppe tilreisande: dei som vil ha fiksa eller bytta ut tanngarden. Her er tannklinikkar som yter tenester for halve prisen av heime. Taxisjåføren som kjørte oss til flyplassen kunne fortelje at dei tener godt på talrike taxiturar mellom flyplassen, gamlebyen, tannklinikk og saltgruva i Wieliczka.
Art in Art
Museet for samtidskunst, som ligg vegg i vegg med Schindler-museet, har for tida den fornøyelege utstillinga «Art in Art». Her har fleire kunstnarar laga meir eller mindre respektfulle versjonar av kjente klassiske verk. Her er nokre smakebitar:
Dei origniale verka over av Leonardo da Vinci (Dame med hermelin – maleriet er å finne i Kraków), Jan van Eyck (Arnolfinos bryllup), Piet Mondrian og Andy Warhol har fått ny vri:
Las Meninas (Velázquez) og Mordet på Marat (David) er framstilt slik:
Meir informasjon om museet og denne utstillinga er å finne på museet si heimeside.
På sykkel til Nowa Huta
Vi leigde syklar i ei sidegate til markedsplassen, og drog på sykkeltur langs elva Wisla til drabantbyen Nowa Huta. Wisla (uttalast Wiswa) renn gjennom byen, med grøntareal og gangstiar på begge sider. På nordsida er det tilrettelagt med sykkelveg. Kraków viser seg å vere ein grøn by godt tilrettelagt for syklistar. Mange nyttar sykkelvegen langs elva som transportåre, frå og til arbeid.
Sykkelveg langs Wisla, med ny og gang- og sykkelbru til andre sida. Fint utsmykka med atletar i mange idrettsgreiner.
Nowa Huta ligg ei dryg mil aust frå sentrum. Ein kan følgje elva det meste av vegen, men det er merka sykkelfelt vidare heilt fram. På vår veg kunne vi konstatere at det i Kraków som i dei fleste andre byar er grodd opp kjøpesenter og ny tett blokkutbygging utanfor bykjerna.
Nowa Huta («Nye stålverket») vart grunnlagt som by i 1949 og vart i 1951 ein del av byen Kraków. Landets største stålverk «Vladimir Lenin» vart opna i 1954. Det låg ideologiske motiv bak etableringa av byen. Eit stort tal industriarbeidsplassar skulle styrke den kommunistiske samfunnsorden, og den nye byen skulle verte ei motvekt mot den borgarlege og katolske byen Kraków. Bydelen vaks kraftig på 60-talet, men vart ramma av økonomisk krise på 80-talet og veksten stoppa opp. I dag har bydelen om lag 200 000 innbyggjarar. På 80-talet med Solidaritetsrørsla vart Nowa Huta eit senter for opprør og til dels valdelege demonstrasjonar.
Bystrukturen i Nowa Huta (foto frå Wikipedia)
Nowa Huta vart utforma med eit monumentalt bysentrum i streng klassisk sosialrealistisk stil, etter mønster frå renessanse- og barokkarkitektur. Sentrum er eit framifrå eksempel på denne stilen, som var dominerande fram til 1956. Etter den politiske liberaliseringa vart det lempa på dette, og det vart oppført bygg i meir modernistisk retning, bl.a. med inspirasjon frå svenske arkitektar. Den sentrale plassen, som tidlegare hadde ein statue av Lenin, er no omdøypt til Ronald Reagans plass. Statuen er visstnok hamna i Sverige.
I den klassisk prega delen av Nowa Huta. Ronald Reagans plass oppe til høgre.Eksempel på bygningskompleks i Nowa Huta
Vi inntok lunsj på restaurant Stylowa, som hadde ei høg stjerne i tidlegare tider. Her har ein halde på stilen frå 70-åra. Også menyen er tradisjonell – og rimeleg. To rettars lunsj – suppe og kjøtkaker, med Kompot attåt (som viste seg å ikkje vere dessert, men ei nokså tam raud saft) til 14,90 ZL, det vil seie ca 35 kr. Det var lite turistar å sjå i strøket. Om ein vil kjenne litt på stemninga frå tida før jernteppet si oppløysing, er Nowa Huta staden å besøke.
Restauranten Stylowa – og tidtrøyte i parken.
Ein kan meine mykje om måten det er planlagt på i Nowa Huta. Ein ting er sikkert: grøntstrukturen er rett så imponerande, velstelt og godt tilrettelagt. Dei såg ut til å ha det triveleg, dei eldre herrane som sat og spelte kort i parken. Ved sida var det plassert eit bokskap der ein kunne legge inn bøker som folk kunne forsyne seg av.
På denne og denne sida kan ein lese meir om Nowa Huta.
Planlegging og fortetting
Med Nowa Huta i minne går tankane til fortettingsdiskusjonen her heime. Samordna areal- og transportplanlegging er det rådande paradigmet innan samfunnsplanlegging, med satsing på regionale senter og fortetting rundt kollektivknutepunkt. Fornuftig alt saman. Men det må fortettast med vett. Utbyggjarar ønskjer høg tomteutnytting, og overordna arealplanar prioriterer fortetting nær bybanen og kollektivtilbod. Dei grøne områda er under press, og i strandkanten veks det opp blokker utan påfallande mykje areal til leik og rekreasjon. Eg har i eit tidlegare innlegg beklaga meg over utviklinga i Sandviken.
I Bergens Tidende 20. mai var det eit oppslag om bebuarar på Slettebakken som kjente seg som jaga vilt. Asbjørn Kristoffersen hadde i same nummer ein kommentar der han stiller spørsmål ved miljøkvaliteten i fortettingsområda. Han uttrykte også skepsis over blokkifiseringa som også hadde spreidd seg til strilelandet. Og har ein tatt for hardt i når det gjeld forventa folkevekst og bustadbehov?
Slettebakken og Landås vart bygd ut på 50-talet. Når ein besøker desse bydelane kan ein tydeleg merke at dette er planlagte bydelar, med grøntstruktur og infrastruktur tilpassa og dimensjonert etter bebyggelse og folketal. Det er beklageleg når fortetting bryt opp etablerte og velfungerande strukturar. Tett utbygging krev tilsvarande god tilgang til nære grøne område med gode lysforhold, om ikkje livskvaliteten skal forringast for store og små.
Nowa Huta er neppe noko ideal for notidas planlegging. I 2017 er det andre utfordringar å ta fatt på enn på 50- og 60 talet. Men det er då faktisk element frå den tidas planlegging som ikkje fortener å hamne på historia sin skraphaug?
Den tidlegare omtalte renoveringa av badet er no til ende. I halvannan månad har snekkar, murar, elektrikar og rørleggjar vore i aktivitet. Vi har hatt unntakstilstand i heimen, og har opphaldt oss mykje i kjellaretasjen. Det kjennest bra å komme seg opp i lyset igjen. Det er jo vår.
Dei grunnleggjande endringane kom raskt på plass, bortsett frå eit par dagars utsetting på grunn av golvfliser som var forseinka frå leverandør. Elles har det vore imponerande koordinering og god framdrift frå alle. Dei ulike handverkarane har sprunge opp og ned trappene i høgt tempo. Dei skulle knapt trenge noko ekstra trening til Stolzen til hausten, om dei no skulle ha ha interesse av det. Og arbeidet er prikkfritt utført.
Det rota seg likevel litt til no i førkonfirmasjonstida. Konfirmasjon er – forutan å vere markør for mykje anna som skal visast fram – også milepel for fornyingar i heimen. Nye kjøkken og bad er vanlege prosjekt. Dermed kom vi i konkurranse med stressa familiar som måtte kome i mål før den store dagen. Og dette auka stressnivået hos handverkarane, som likevel sto han av på tilfredsstillande vis, sjølv om progresjonen i sluttfasen ikkje gjekk heilt etter planen.
For djevelen sitt som kjent i detaljane. Vi har – i tråd med dagens standard – toalett med innebygd sisterne, flislagt på utsida og med kantlister. Akkurat der stoppa det litt opp, og først i går fekk muraren på plass dei to små hjørnestykkene som mangla på kantlistene. Desse bagatellene viste seg å vere meir komplisert å få fiksa enn ein skulle tru. Det viste seg også at det måtte til ein del prøving og feiling før elektrikaren fekk skaffa riktig vifte. Rett etter at muraren gjekk ut døra, var snekkaren innom igjen for å fikse på ein del småting som verken vi eller han var heilt nøgd med. Varmekablane i golvet kan vi ikkje sette på før om to veker. Så alt tar den tida det tar, og litt til. Det er no elles god mentalhygiene å få testa tolmodet sitt.
Så no har vi sagt takk og ha det til alle dei flinke fagfolka. Alt er klart! Og då kan eg vel nesten ikkje nekte lesarane eit lite innsyn i korleis det er blitt:
Inspirasjon frå Sveits
Ikkje alle vil synes at det er riktig med mørke vegger og kvitt golv – dei fleste vil gjerne ha det motsett. Smaken på det dunkle fekk eg allereie då eg på ein studietur til Sveits i 2005 fekk høve til å besøke kurbadet Therme Vals, som er utforma av den kjente sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Det var ei spesiell og ytterst behageleg oppleving å bade i desse omgjevnadene. Anlegget ligg i kommunen Vals i kantonen Graubünden. Det var ferdigstilt i 1996 og vart freda to år seinare.
Opp gjennom historia er det fleire som har hatt det fint på badet. Dei gamle romarane for eksempel. Nymotens offentlege og private bad kan knapt måle seg med keiser Caracallas termer i Roma. Eg har sjølv vore og sett ruinane, som er ein kjent attraksjon. Badet var bygd på den tida då Caracalla (188–217) var keiser. Anlegget ble påbegynt i 211 og stod ferdig i 217, det året Caracalla vart drepen.
Dette var et offentleg bad, for vanlege romarar, kvinner og menn. Det var tre hovudbad: frigidarium (kaldt), caldarium (varmt) og tepidarium (lunkent). Området inneholdt også parkar, museum og bibliotek. Eit anlegg for det utvida kulturbegrepet, med andre ord.
Caracallas termer slik anlegget kan ha sett ut, samt mosaikk og fliser
I antikkens Roma var det slavar som sto for byggearbeid. Badeanlegga er nok resultat av slavearbeid. På apostelen Paulus’ tid var kanskje halvparten av befolkninga i Roma slavar. Det var vanleg at krigsfangar vart brukt som slaver, så Romas umettelege behov for fleire slavar må ha vore ein sterk motivasjon til å fortsette å krige.
Sats på fagfolk
I dag er slaveriet avskaffa. Det er ikkje dermed sagt at alt tåler dagens lys i byggebransjen anno 2017. EØS-avtalen har opna for arbeidsinnvandring og mange har fått badet sitt pussa opp av handverkarar frå Aust-Europa. Dei fleste av desse er dyktige fagfolk. Men det finst også useriøse aktørar som utnyttar og underbetaler arbeidsfolk, og svart arbeid er ikkje uvanleg. Ikkje sjeldan høyrer vi skrekkhistoriar om folk som har kasta bort pengar på elendig utført arbeid. Spesielt kritisk er dette i våtrom. Det er då som regel ufaglærte som har vore inne i biletet.
Ein bør tenke seg om før ein slår til på billegaste tilbodet. Det er ikkje fritt for at det er ein del cowboyar i bransjen. Det svarar seg å bruke eit velrenommert firma, der ein på førehand kan drøfte løysingar med erfarne fagfolk, og som tar ansvar for å koordinere dei ulike prosessane slik at alt glir mest mogleg saumlaust. Eit ekstra pluss er det om dei tar inn lærlingar og på den måten tar samfunnsansvar.
Gode fagfolk kan ikkje overvurderast. Mange av oss er glade amatørar som set i gang med svære oppussingsprosjekt i eigen regi. Ikkje alltid med hell. Joda, det er bra å gjere ting sjølv. Men ein bør kjenne si begrensing, og til mange oppgåver bør ein absolutt bruke dei som kan faget sitt.
Plan- og bygningsloven set krav til at det blir nytta fagkyndig personell for oppføring, reparasjon og vedlikehald av tekniske installasjonar. Krav og reglar finn ein i Byggteknisk forskrift (TEK10) §13-20.
Ja, vi treng solide og kompetente fagfolk som har skikkelege lønns- og arbeidsforhold. Og då må det sytast for at det blir utdanna nok fagfolk også i byggebransjen. I den seinare tid har det vore nedgang i søknader til yrkesfaga i den vidaregåande skulen, og det er også mangel på lærlingplassar.
Vi lever i omskiftelege tider, med krav til omstilling særleg innan dei oljerelaterte næringane. Også byggebransjen er påverka av konjunkturane. Men det vil likevel alltid vere bruk for kompetente tømrarar, rørleggjarar, murarar og elektrikarar.
I regi av Hordaland fylkeskommune er det for tida på høyring ein Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Planen har fokus på kompetanseutvikling og kunnskapsproduksjon som svar på dei samfunnsmessige endringane. Det er vist til dei store endringsdrivarane som globalisering, eldrebølgja, det grøne skiftet og automatisering og robotisering. Overordna mål er «Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft i Hordaland gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane». Det er eit gjennomgåande krav at det er arbeidslivet sine behov som skal leggjast til grunn.
Fag- og yrkesopplæringa har ikkje fått nokon dominerande plass i høyringsforslaget, men i kapittelet om dimensjonering av fag- og yrkesopplæring vert sett opp følgjande delmål:
Alle kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass ved at partane i arbeidslivet og fylkeskommunen forpliktar seg til å gjere fag- og yrkesopplæringa meir føreseieleg.
Betre samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og arbeidslivet lokalt slik at talet på elevplassar samsvarer med talet på læreplassar.
Auka opplæringskapasitet i arbeidslivet ved å få fleire bedrifter til å bli lærebedrifter
Det er berre å krysse fingrane for at fagutdanninga får den plass og status den fortener.
Eg ser at eg har femna vidt denne gongen. Med utgangspunkt i ein meir eller mindre triviell kvardag er det utruleg kor langt ut på viddene ein kan hamne. Eg likar å sjå både til sides, bakover og framover når eg skriv, og framtidige innlegg blir nok også prega av det. Dei som ventar seg ein interiørblogg får heller søke andre kjelder!
For eit par veker sidan var min sambuar og eg eit ærend til Knarvik, kommunesenteret i Lindås kommune og regionsenter i Nordhordland. Bakgrunnen for dette var at min sambuar sitt pass måtte fornyast. Etter omlegging av kva politistasjonar som kan utstede pass, må bergensarane, i staden for å få dette gjort i sentrum som tidlegare, no reise til bydelen Fyllingsdalen. Eller som fleire i nordre bydel har funne ut er eit betre alternativ: ta turen over Nordhordlandsbrua til politistasjonen i Knarvik.
Ærendet var kjapt unnagjort og etter ein rask runde i det svære, og reint ut sagt ikkje særleg sjarmerande kjøpesenteret, var det framleis mykje att av dagen. Så kva kan ein elles finne på ein tidleg tysdag føremiddag midtvinters ved Osterfjorden? Eg var på dette tidspunktet i gang med å strikke ein genser med garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk, og hadde lenge vore nysgjerrig på denne fabrikken. Eg visste at bedrifta hadde fått status som économusée. Min tidlegare arbeidsplass Hordaland fylkeskommune har støtta opp om économomuséa her vest på ulike måtar.
Etter knappe 10 minutts køyring er vi framme. Vi kjem først inn i butikken, som byr på utruleg mange flotte produkt. Reine godtebutikken! Resultatet vart ei ny ladning med garn, som også er billegare å kjøpe her enn på nett og i utsal i byen. Så i skrivande stund er eg i gang med genser nummer to denne vinteren.
Imponerande utval av strikkegarn. Like mykje på andre veggen.
Frå butikken går det ei trapp opp i andre etasje, der vi forutan ein butikk med ullfilt også kan sjå inn i produksjonslokalet (sjå biletet under). Her føregår produksjonen med gamalt og velprøvd utstyr.
Ull i fem generasjonar
På Hillesvåg ullvarefabrikk blir det produsert strikkegarn og ull til toving. Fabrikken er ei familiebedrift som har vore i same familie i 100 år. I den tronge gangen i andre etasje, der det heng informasjon om historia til fabrikken, støytte vi på Gunnar Myhr, som tilhøyrer tredje generasjon. Han overtok leiinga av drifta i 1954, etter å ha utdanna seg som tekstilingeniør i Norrköping i Sverige. Det er hans søner som i dag driv fabrikken, men Gunnar kunne fortelje at femte generasjon no er på veg inn. Fabrikken har 15-20 tilsette som i hovudsak kjem frå nærområdet. Gode lokale arbeidsplassar!
Gunnar Myhr, tredje generasjon, kunne fortelje mykje interessant om drifta før og no.
Det er i all hovudsak norsk ull som vert nytta som råstoff i produksjonen. Norsk ull har ord på seg for å ha høg kvalitet.
Ull frå ulike saueraser. Mykje av garnet frå Hillesvåg kjem frå pelssau (i midten nedst) – ei blanding av blå og grå spælsau og svensk gotlandsfår.
For meg har strikking som aktivitet vore i dvale gjennom fleire år. No har eg betre tid til slikt, og må nesten gi litt plass for sjølvskryt når eg har sjansen. Det er først i år at eg har begynt å strikke med garn frå Hillesvåg.
Garnet er levert i hesper og må nøstast opp, etter gamalt. Har ein ikkje ein person i nærleiken med to villige armar, må ein ty til ein stolrygg. Det er uansett viktig å passe på. Kjem ein skeivt ut er det brysamt å hente seg inn att. Eg har strikka ein genser i pelsullgarnet Blåne, og held no på med ein genser i Ask. Gode norske namn på gode garnsortar.
Oppskrifta på genseren til venstre under er i Troll, men eg brukte altså Blåne som har same strikkefastheit. Blåne er mjukare enn Troll. Prosjektet til høgre skal bli ein «Rallargenser», som eigentleg er ei oppskrift frå Dale garn.
Ull eller olje
I heilt andre enden av Lindås kommune ligg oljeraffineriet på Mongstad som vart etablert i 1975. Oljealderen er no på hell. Ullalderen har vart lenger og vil neppe ta slutt så lenge det veks ull på sauen. Og så lenge det finst sauebønder.
Olje er råstoff for plast. Plagg av fleece har i dag erstatta ull i mange av dei plagga vi bruker dagleg. Fleece er framstilt av plastmikrofibre. Plast har har vist seg å ha katastrofale konsekvensar for livet i havet. Og mikroplast er påvist i organismar på alle nivå i den marine næringskjeda. Slike konsekvensar har ikkje ulla.
Kva er eit économusée, og kvar finn vi dei?
Hillesvåg ullvarefabrikk har altså fått status som économusée. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt. Slik er definisjonen på heimesida til Hillesvåg ullvarefabrikk:
Et ÉCONOMUSÉE er en håndverksbedrift som er valgt ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og autentisk arbeid. Håndverksbedriften skaper sitt eget driftsgrunnlag ved å produsere brukervennlige produkter laget etter tradisjonelle metoder og teknikker, og ved å tilby kvalitetsikrede kulturelle opplevelser til alle besøkende.
Museumskonseptet ÉCONOMUSÉE er utvikla i Quèbec i Canada (derav det franske namnet). På verdsbasis er det i alt 36 verksemder som har status som économusée. Norge er godt representert med 11 verksemder, alle ligg på Vestlandet og heile 8 i Hordaland. Forutan Hillesvåg kan nemnast Oleana, Oselvarverkstaden, Arven sølvfabrikk, Fjordtønna, Tønnegarden og Syse gard. Og fleire i nabofylka, bl.a. Aurlandssko i Sogn. Her ligg det til rette for mange interessante besøk!
Den 21. februar er ikkje berre kong Harald sin bursdag, det er også den internasjonale morsmålsdagen. Dagen vart erklært av UNESCO i 1999 og er markert kvart år sidan. Formålet med denne dagen er å fremje språkleg og kulturelt mangfald. Slik sett gir det meining å sjå morsmålsdagen og kongens bursdag i samanheng. Som kjent har kongen ved fleire høve vist seg som talsperson for inkludering og mangfald. Kva ein elles måtte meine om kongehuset og monarkiet si framtid skal eg la ligge. Eg lar språk og ikkje Norges sin konstitusjon vere tema denne gongen.
Morsmåltreet – symbol for morsmålsdagen
I Norge vert det snakka over 200 språk og folk med ulike morsmål har lenge levd side om side. Med innvandring og flyktningar er mangfaldet aukande. Morsmål blir oftast definert som førstespråk, det vil seie språket ein har lært først, nytta mest og er mest knytta til.
I Norge har vi meir enn eitt morsmål. Vi har samisk og kvensk. Og så er det dei to variantane av norsk skriftmål, bokmål og nynorsk. Vi har eit mangfald av dialektar, som i dag ser ut til å vinne fram som skriftspråk på sosiale media og i tekstmeldingar.
Men så var det dette med nynorsken då. Kva skal ein no med dette grautmålet? Nynorsken må stadig forsvare sin plass i norskopplæringa. Ein kan jo lure på kvifor det er så uendeleg mykje meir brysomt å lære seg nynorsk enn å lære seg engelsk? Sjølv i distrikt som opphavleg har dialekt som ligg tett opp til nynorsk, som for eksempel i nabokommunane til Bergen, er motviljen ofte stor.
Sjølv hadde eg bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål heilt til eg som tilsett i Hordaland fylkeskommune fekk krav om å nytte nynorsk som tenestespråk. Overgangen gjekk fint, og eg oppdaga at det er god språkleg oppdraging å bruke nynorsk. Mange tenker ikkje over at det er eit fortrinn å kunne beherske nynorsk dersom ein tar sikte på jobb i offentleg forvalting på Vestlandet. Direkte matnyttig altså.
Sidemålet sin framtidige plass i skulen er stadig eit heitt diskusjonstema. Meir om tema sidemål i Framtida. Og sjølvsagt på Noregs mållag si nettside.
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring har ei nettside om Tema morsmål. Sida er først og framst retta inn mot dei som har ansvar for morsmålopplæring for framandspråklege elevar, men inneheld informasjon og tips som er nyttige også for andre.
Å lære framande språk
«Språk er ei slags dør ein går gjennom» er tittelen på eit seminar som finn stad 8. mars på Universitet i Oslo, Senter for flerspråklighet. Å kunne fleire språk er viktig kompetanse både for den enkelte og for samfunnet. Sjølv har eg alltid hatt ei interesse for språk. Språklæring er kodeknekking, rett og slett spennande. Takk vere engelsklina på det som ein gong heitte gymnaset fekk eg opplæring i tre framandspråk, tysk, engelsk og fransk. Alle har kome til nytte.
Eg er tiltrekt av å lære meg tilsynelatande unyttige ting, og slik sett har eg nok litt av Askeladden i meg. Eg er dessutan overtydd om at å lære språk er førsteklasses hjernetrim, altså veleigna som pensjonisthobby.
For over tjue år sidan gjekk eg på Folkeuniversitetet sitt kurs i russisk, faktisk i fleire semester . – Kva i all verda skal du med det, var spørsmålet eg fekk då eg kom til å nemne dette under eit tilfeldig møte med no avdøde geografiprofessor Jens Chr. Hansen. Nei, sei det. Eg har enno ikkje hatt høve til å praktisere russisk, og sjølvsagt har russiskkompetansen rusta kraftig i løpet av desse åra. Eg kan det kyrilliske alfabetet sånn nokonlunde, og kjenner att eit og anna ord når det blir snakka sakte og tydeleg. Putin er grei slik, han snakkar klårt og tydeleg når han viser seg, det skal han ha.
Askeladden, på veg ut i verda med språkleg niste?
No når det snart vert sett opp direkte flyrute Bergen-St. Petersburg blir det meir aktuelt med ein tur dit. At tilhøvet til vår store granne i aust er inne ein kjøleg fase bør ikkje vere ei hindring. Jo, Russland står absolutt på reiseprogrammet, og eg meiner at eg til tross for manglande praksis vil vere betre rusta enn dei fleste. Høfligheitsfrasene og matrettane skulle vere lette å repetere.
I den seinare tid har eg – takk vere det gratis og nettbaserte språkopplæringsprogrammet Duolingo – tileigna meg ein del spansk. Ifølgje Duolingo er eg no 51% flytande i spansk! Eg anbefalar gjerne Duolingo, men ein må vere førebudd på nokre besynderlege og naturstridige øvingssetningar. «La tortuga bebe leche» (= Skilpadda drikk melk) er eit eksempel. Mi ferdigheit i spansk er begrensa til å forstå det meste av hovudinnhaldet i ei skriftleg tekst. I konversasjon kjem eg til kort. Eg bør nok helst ha eit lengre opphald i eit spanskspråkleg land for å bøte på dette. For ein pensjonist skulle dette ikkje vere umogleg.
Morsmål på bussen
Eg bur i ein bydel der mange har eit anna morsmål enn det norske. I nabolaget er det kommunale bustader som husar folk med flyktningebakgrunn, her har vi Norges handelshøyskule med studentar frå mange land, og ein vidaregåande skule med ein god del innvandrarar. I tillegg kjem dei mange austeuropearane som er sysselsette med ulike byggeprosjekt rundt omkring, og som også har familiar her.
Buss nr 6 for transport med språkleg mangfald
På bussane til og frå bydelen svirrar alle slags tungemål. Eg må vedgå at eg ofte fell for fristelsen til å tjuvlytte på samtalar, ofte er det heller ikkje til å unngå. Folk er ikkje alltid veldige diskrete sjølv om dei har ein heil buss som publikum. Men her får eg problem. Samtalar på språk der eg kan litt krev høg konsentrasjon for at eg skal kunne forstå kva det vert snakka om. Og kva då med arabisk, somalisk, kurdisk, urdu osv? Kva snakkar dei om, dei passasjerane som har desse morsmåla?? Der er eg heilt hjelpelaus. Det er frustrerande. Eg vert frista til å lære meg desse språka og knekke nye kodar!
Til dei nye som kjem til landet vårt blir det stilt krav om å lære seg språket. Og for å kunne lukkast med integrering i samfunns- og arbeidsliv er dette sjølvsagt viktig. Men kor lett er det å lære eit nytt språk? For ungane går det sikkert greit, dei kan nok både halde på morsmålet sitt og tileigne seg det nye språket om det vert lagt til rette for det. Men kva med dei litt lenger opp i åra? Av erfaring kan eg love at det er utfordrande å få språk til å sitte når ein er over sin første ungdom.
Eg har elles merka meg at mange av dei som er mest innvandringskritiske ser ut til å slite litt med eige morsmål, om ein skal dømme etter kommentarfelta. Om vi snur litt på det – kor enkelt ville det vere for oss innfødte nordmenn om vi for eksempel fekk krav om å lære oss arabisk? Kanskje noko å tenke på.