Ein takkar som regel for det gamle på sjølve nyårsaftan, men no er vi alt komne til første dagen i 2021 før eg fekk summa meg. Eg set spørjeteikn fordi mange meiner dette året var lite å takke for, det kom med koronavirus og pandemi som førte til dødsfall, unntakstilstandar og ulemper for folk flest, for nokre meir enn for andre. Men tenkjer ein etter er det kanskje likevel ein god del å takke for i dette året. Vi har fått ei påminning om at livet er lunefullt, at vi må vere førebudde på at ikkje alt kan gå på skinner heilt inn i evigheita. Lærdom skal ein vere takksam for.

Vi veit enno ikkje når vi ser slutten på denne pandemien, men med vaksine på plass kan kanskje året 2021 bli tilnærma normalt. Eg ser fram til den dagen eg ikkje lenger treng å tenke på om eg har hugsa å ta med munnbind når eg skal på butikken eller bussen. Dessverre ser det ut til at viruset har evne til å kome med stadig nye og meir smittsame mutasjonar. Her i rike Norge har vi likevel sluppe relativt lett unna, det skuldast ikkje berre oljepengane, men også at vi, til tross for politiske motsetnader, stort sett har stått saman i ein samla innsats for å få kontroll.
Dei nye utfordringane har også utløyst mykje kreativitet. Ein har funne nye måtar å arbeide på og mange har fått øve seg på kommunikasjonsteknologi. Ikkje minst har ein fått augene opp for kven det er som utfører livsviktig arbeid: dei som står på i helse- og omsorgssektoren, dei som yter tenester innan undervisning, transport og varehandel, dei som sørger for bygg og vedlikehald av alt det materielle vi omgir oss med og mange andre. Og ikkje å gløyme kulturlivet som har lidd store tap i denne tida, alle dei som gjennom si verksemd gir farge og liv til tilveret. Med andre ord, vi har hatt høve til å tenke over kva som er viktig her i livet.
Mange museum er nedstengde eller har redusert aktivitet, men i romjula fekk vi høve til å sjå utstillinga på KODE 1 med Knag-møblar. Det var ein gong eit levande møbelsnekkarmiljø i Bergen. Særleg imponerande er møblementa med intarsia – innfelte bitar som dannar mønster. Møblane passar nok ikkje heilt inn i dagens interiørstil, men for eit handverk! Bileta under viser eit par intarsia-detaljar.
Som eg har nemnt tidlegare tar vi sikte på å flytte i leiligheit til neste år. Vi vil levere vidare vår noverande bustad i best mogleg stand og har derfor no i førjulstida hatt ein dyktig fagmann til å skifte kledning og nokre av vindauga. Ikkje var han høgderedd heller, der han sprang opp og ned på stillaset frå morgon til kveld. Dyktige fagfolk er gull verd, ein må berre ta av seg hatten.

Men 2020 hadde fleire ting på lur før nyåret kunne ringast inn. Katastrofen ramma brått den vesle kommunen Gjerdrum på Romerike der grunnen for ein stor del består av leire avsett på ei tid då området låg under havnivå etter siste istid. Når den salthaldige leira vert utvaska av ferskvatn svekkast bindingane mellom leirpartiklane og ho blir til kvikkleire som kan kollapse dersom ho blir utsett for omrøring eller belastning. Grunnen blir til suppe. På Ask i Gjerdrum forårsaka kvikkleira eit skred som førte til utrasing av eit relativt nytt bustadfelt. Ein ytterst krevjande redningsaksjon er i gang og situasjonen er i skrivande stund ikkje avklart. Menneskeliv er gått tapt og dei materielle skadene er enorme. Dette er eit varsko for framtida. Klimaendringar med auka nedbør og vatn på ville vegar krev strengare krav til arealplanlegging og utbygging.
2020 er eit år som grunna pandemien kjem til å gå inn i historia og vert sikkert eit referansepunkt når ein i framtida snakkar om tida som var. For eigen del har eg levd godt og skjerma utan mange forsakingar, eg har vore heldig. At utanlandsreiser må settast på vent er til å leve med, men eg håpar det snart kan bli ein vintertur nordover til min andre heim. Verre står det til mange andre stader, både med det eine og det andre. Eit eksempel er vår alliansepartnar USA som har gjennomført eit presidentval der den utstemte og trumpete presidenten nektar å gi seg. Han utfordrar maktfordelinga, twitrar til alle døgnets tider og prøver å fyre opp stemninga blant tilhengarane sine, som faktisk er mange, så utruleg det enn kan verke for oss nordmenn som er vant med ein heilt annan standard på dei som er i styre og stell. Eg har lagt meg til (u)vanen med dagleg å sjekke Donald sine stadig meir rabiate twittermeldingar, det er så ein ikkje trur det ein leser. USA framtrer som ein svært splitta nasjon og det er lett å tenke på liknande tilstandar i mellomkrigstida, og kva det førte til. I dag er det skremmande enkelt å finne seg kanalar for falske nyheiter og propaganda. Ein får håpe det ikkje flyt heilt ut i kaos der borte, som med kvikkleira når bindingane forsvinn. Det er djuptliggjande og strukturelle årsaker til denne tilstanden, og sjølv om ein får ein mentalt oppegåande og anstendig president med folkeskikk spørs det om USA klarar å reparere skadene.
Så tilbake til det heimlege. Nyåret er her og dermed er ei særs roleg jul på hell. Bortsett frå hyggeleg besøk frå barnebarnet studenten har vi feira helga i tosomheit. Eit amputert selskapsliv har det nok vore for mange denne julehelga. På denne første dagen i det nye året var det sol frå skyfri himmel. Det var lett å la seg friste til ein tur ut i godvêret og vi var ikkje åleine langs vegen. Bergens gater er elles i løpet av kort tid blitt prega av el-løpehjul i store mengder, levert av fleire leverandørar som opererer med kvar sin farge på doningane. Desse framkomstmidla, som utelukkande vert nytta av den yngre garde med friske bein, kan ein no etter bruk finne fråsett kvar som helst, gjerne midt på fortau, før dei blir samla inn og plassert på sine faste plassar. Også brukte munnbind er eit nytt innslag i vegkantane, det er visst for mykje bry med å kaste dei i bosset.
Uansett går det mot lysare tider og vi kryssar fingrane for at alle våre gode ønsker for det nye året blir oppfylt. Eg avsluttar med eit bilete frå dagen i dag, som varta opp med ein skyfri horisont ved solnedgang.



