Advent 2020

Vi er allereie langt inne i adventstida. Til vanleg er dette ei tid for sosialt samver, festar og tette stimar av handlande i butikkane. I år er det strenge grenser for dette. Og kven skulle tru at i år skulle munnbind høyre med til det obligatoriske utstyret? Grensen for tillatte deltakarar har endra seg frå dag til dag og har skapt forvirring. I Bergen er det blitt full krise i kriseleiinga, smittevernoverlegen som var sett på sidelina sa seg opp og fekk følgje av dei andre kommunelegane i eininga.  

Redusert sosialt samver er eigentleg ikkje så problematisk for oss som har vent oss til ein begrensa omgangskrets som pensjonist, og for oss med introvert legning går det bra. Sjølvsagt er det trist å ikkje bli invitert til dei årlege førjulstreffa der vi kunne møte gamle kolleger. Det er berre å håpe at ein etter at koronatida er over ikkje heilt har tapt alle sine sosiale ferdigheiter. For sjølv om ein kan trivast i eige selskap, er det jo triveleg å møte andre. Vi er sosiale dyr tross alt. 

Etter kvart var det blitt tradisjon med julemarknad på Festplassen. Bergen kunne jo ikkje vere dårlegare enn store byar ein vil jamføre seg med. I år vart det ingen marknad her, derimot kom det på plass ein stor teststasjon for Covid 19, slik sett vart Festplassen til Testplassen. Bileta under illustrerer dette, øvste bilete frå førjul 2019 og nedste frå 2020.

No er det nesten blitt slik at jula kjem før advent.  Eg meiner ho kjem cirka ei veke tidlegare for kvart år. Og i år har folk fått ekstra påskot for å starte tidleg, ein må jo ha noko å muntra seg med i koronatida. Aldri har det vore så mykje lyslenker og bling rundt husa som i år. Eg har fått stadfesta mine påstander om framskoten jul i eit nyleg innlegg frå Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket er forresten ei sann skattkiste, ikkje berre er her gjort tilgjengeleg ei uhorveleg mengd digitalisert materiale, det er også formidla på ypparleg vis, med hyppige oppdateringar blant anna på Facebook. Den gamle raddisen Aslak Sira Myhre har gjort ein framifrå jobb i dei åra han har vore direktør.

Andre ting ein kan gjere i førjulstida er å vere ute. Basert på sikre observasjonar har det siste månaden vore seks godvêrsdagar i Bergen. Og då er sanneleg Bergen ein fin stad å vere, når vinden har skifta fra vest til aust og det er låg sol og raudflammande skyar på vesthimmelen når sola går ned bakom Askøy. Som bebuar i denne byen lærer ein seg å vere audmjuk andsynes vêrgudane og lovprise dei dagane vi blir velsigna med opplett. Etter å ha vore på Møllendal gravplass for å pynte på grava til sonen som for nøyaktig to år sidan slutta å oppleve denne verda, vart det i går lunsj på kaféen Møllendal fetevare, ein av dei trivelegaste lunsjstadene i byen. Deretter ein rusletur i den «nye» bydelen der ved sørenden av Store Lungegårdsvann, der den nybygde Kunsthøgskulen held til og der det nyaste tilskotet til bybanen i Bergen skal suse forbi når traséen blir ferdig.

Svanene stiller opp for fotografering på Store Lungegårdsvann

Elles går turane gjerne dei to kilometrane fram til byggeplassen der vi etter planen skal flytte inn utpå vinteren 2022. Der kneiser kranene høgt til vêrs og eit av bygga har begynt å reise seg. For «vår» blokk ser det ut til at dei så smått har starta på fundamentet. Dette er eit kjent strøk, her budde vi også tidlegare og no blir det atter Biskopshavn som blir den næraste badeplassen.

Biskopshavn friluftsområde

Ja slik går no dagan. Ein gjer så godt ein kan for å sjå lyst på livet, og eg har liten grunn til å klage på eigen velferd. Eg har skaffa meg strikketøy slik at eg har noko å henge fingrane i, eg har óg andre skriveprosjekt. Eg har laga krumkaker og lefser og skal no straks ta fatt på ein ny favoritt: biscotti. Eg inkluderer utan skam utanlandsk tradisjonsbakst i tillegg til den norske. Men verda dreier seg ikkje berre om meg og mitt. Eg må ha med nokre alvorsord, denne gongen om ein type utanforskap som etter mi meining har vore altfor lite framme i offentlegheita.

Om digitalt utanforskap

Noko som har opprørt meg lenge er korleis framveksten av digitale tenester i samfunnet ekskluderer mange, og særleg blant dei eldre. I det siste har vi sett dette på nært hald. Eit familiemedlem, ei elles oppegåande enke sist i åttiåra, har i haust flytta frå hus til leilegheit. Dette medførte både kjøp og sal av eigedom, kontakt med meglar og bank og med mykje kommunikasjon på e-post og krav om tilgang til nettbank. Til tross for at ho har skaffa seg både smart-telefon, iPad og PC og har gått på kurs, var det meste gått i gløymeboka og finessane med desse verktøya var i liten grad utprøvd. Det vart rett og slett angstfylt å nærme seg dei digitale tenestene. Sidan ho ikkje har barn eller andre nære som kunne hjelpe, fekk ho hjelp frå oss i denne prosessen.

Det er ei kjent sak at det ein ikkje gjer og øvar på i det daglege ikkje set seg i minnet, og slett ikkje hos dei som er oppe i åra og som heller ikkje i arbeidslivet er blitt fortrulege med slik teknologi. Tidlegare kunne ein møte opp i banken og få utretta sitt ærend ansikt til ansikt med ein tilsett, no er dei aller fleste bankfilialar nedlagte. Når alle no skal nytte nettbank, kva med dei som ikkje maktar det og ikkje har slektningar eller andre betrudde som kan ta rolla som forretningsførar?

Skal ein reise kollektivt, er det no blitt slik at ein får problem dersom ein ikkje har smart-telefon der ein har lasta ned og nyttar billett-appen. For no er også kortlesarane ved bakdøra på bussane fjerna, visstnok av effektivitetsomsyn. Kortlesarane er no framme hos sjåføren, men grunna korona skal ein ikkje lenger gå inn framme. Heller ikkje kan ein betale med kontantar. Så om ein ikkje har appen er det mest nærliggjande for dei fleste å snike, noko som ligg fjernt for den lovlydige eldre garde. Vår dame fekk hjelp til å laste ned Skyss-appen, men kjente seg ikkje trygg på at ho kom til å gjere alt riktig. Og første gangen ho brukte appen vart byturen kostbar, ho kom i skade for å trykke fire gonger på «kjøp billett» og reisa kom dermed på 80 kroner.

Terskelen for å få utført tenester for dei som ikkje er fortrulege med det digitale, er blitt kjempehøg. Det gjeld forresten ikkje berre eldre, det er også dei blant oss som av ulike årsaker er hamna utanfor, som slit med rus og andre plager som gjer at dei ikkje har tilgang på slikt som er sjølvsagt for andre. Og det er då eg lyt spørje: kvar vart det av prinsippet om universell utforming? Skal det berre gjelde fysisk utforming? Nei, det skal også gjelde tenester, det heiter nemleg at «Den grunnleggende ideen bak universell utforming er å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne. Målet er at universelt utformede løsninger skal kunne brukes av alle, slik at spesialløsninger unngås. Prinsippet anvendes ved utvikling av produkter, tjenester, bygg, infrastruktur m.v.». Prinsippet er nedfelt i plan- og bygningslova, lov om offentelege anskaffelser, lov om likestilling og forbod mot diskriminering.

Fleirtalet i befolkninga er nok fullt i stand til å gjere seg nytte av digitale tenester, også blant mange eldre vil vel dette betre seg etter kvart som den aldrande befolkninga har erfaring frå eit arbeidsliv med digitale verktøy. Men heller ikkje dette er uproblematisk. Verktøyet treng både fornying og oppdateringar og det er ikkje lett å henge med for dei som ikkje har barn eller barnebarn å stø seg på.

Men no er eg ferdig med alvorsorda og vender tilbake til førjulskosen. Eg lar mine to gode heimelaga nissevener som kosar seg på spelsauskinn frå Vinje i Telemark helse til alle der ute med håp om lysare tider på alle vis.

I desse koronatider

Eg skal seie det har skjedd endringar sidan sist eg skreiv her på bloggen. No er allereie uttrykket «…. i koronaens tid» utbrukt. For vel ein månad sidan var vi heimkomne frå eit hyggeleg opphald på Tenerife, pandemien var langt unna, det var kalimaen frå Sahara og stengde flyplassar som var i nyheitene og på Tenerife var det på det tidspunktet rapportert om eitt koronatilfelle. Vi unnslapp både korona og karantene. I dag er vi, som med dei fleste andre land i verda, nedstengt, med omfattande og inngripande tiltak. Det er unntakstilstand.  I nyheitsbiletet dominerer koronaen. Kven skulle tenkt det for berre ei månad sidan?

8417bb50-d8dd-480d-875f-3be912102158
Torgallmenningen i koronastengt Bergen. Foto: Bergens Tidende

Folk har fått forbod mot å opphalde seg på hyttene sine, sjølv måtte vi avlyse vinterturen nordover til Bardu. Bardu kommune har tøyd smittevernsloven til det ytterste og innført søringskarantene. Vi hadde vel heller ikkje fått lov til noko opphald i sekundærbustaden utan å melde flytting. Men vi finn oss i det utan å klage. Vi slepp måking av dei uhorvelege snømengdene som dei er plaga med nordpå. Uansett hadde ikkje eg kunne ta på skitur i år, eg forstua ankelen kraftig, ja der vart til og med ein liten brist då eg snubla på tur oppe i nærfriluftsområdet vårt her på Lønborg. For første gong sidan eg fekk ski ein gong på femtitalet blir det ein vinter utan å ha ski på beina. Aksjonsradiusen min er for tida skrumpa inn til høgst to kilometer frå heimen i påvente av at ankelen skal bli bra igjen. Og det er jo i tråd med dei begrensningane vi er pålagt.

30C6EBEE-58C1-4D26-8788-C17C2D118102
Dette slepp vi i år.

Når sant skal seiast, er ikkje kvardagen for oss friske og oppegåande pensjonistar så mykje endra. Vi har ikkje noko arbeid å reise til eller bli permitterte frå, «heimekontor» har vi forlengst innført og trygd og pensjon kjem uhindra inn på konto kvar månad. Bøker og anna lesestoff har vi nok av. Netflix og HBO har mykje å by på. Vi er ikkje bedriftseigarar som ser inntektsgrunnlaget smuldre opp eller foreldre som må kombinere heimekontor med å vere lærarar. Vi manglar ikkje tidtrøyte. Og vi har fleire skap og bodar som kunne trengt ei opprydding. For ikkje å snakke om alle fotografi som ligg og ventar på sortering.

Byen ligg aude og tom. Restaurantar, skjenkestader og dei fleste butikkar er stengde. Buss og bane køyrer stort sett tomme. Cruisebåtane har fått forbod mot å kome, hurtigruta kjem på underlege tider. I forrige veke var det observert spekkhoggarar som boltra seg nær Bontelabo der cruiseskipa elles legg til. Kanskje dyrelivet no trekker inn mot dei mange plassane som no er uforstyrra av menneskearta.  Hjorten kjem kanskje og beitar på buskar og blomar i Byparken? Kven veit –  om dette held fram.

Skular og barnehagar er stengde og det har ført til at ungane er blitt synlege i heimemiljøet igjen. Familiar er ut og går tur, og dei fleste held seg på respektfull og lovleg avstand når vi møtest. Folk er oppmoda til å finne seg alternative turområde for å lette presset på populære turområde og stiar. Det er innført einvegsordning i Stoltzekleiven. Bergen kommune var forresten tidleg ute med tiltak, dei stengde skular og barnehagar to dagar før dette vart eit nasjonalt påbod. Situasjonen har avdekt nokre gråsoner når det gjeld balansen mellom det kommunale sjølvstyret og statlege påbod og retningsliner.

IMG_9610
Eit sjeldant syn. Snø og ungane i gata som lagar snømann.

Så lyt det seiast at vi er rett og slett heldige, vi som er heimehøyrande i eit land som Norge. Med oljefondet i bakhand kan det sprøytast inn nokre milliardar til hjelp for dei som treng det, sjølv om oljeprisen og krona no er i fritt fall og det er ein fare for at støtte kjem skeivt ut. Vi har styresmakter som til tross for ulik politisk ståstad i store trekk er samstemte om tiltak. Vi har vaksne folk i styre og stell, i motsetnad til visse andre statar vi faktisk er allierte med. Då regjeringa kom med forslag til  unntakslov, vart denne, etter å ha møtt innvendingar frå opposisjonen, tillempa og gjort mindre inngripande, i god demokratisk og parlamentarisk ånd.

IMG_9608
Våren er her og påskeliljene bryr seg ikkje om pandemien.

Så er det slik at denne situasjonen har avdekt mange problemstillingar som no blir løfta fram i lyset. Sviktande beredskap på viktige samfunnsområde er synleggjort. Globaliseringa sine skyggesider er blitt tydelege. Vi har gjort oss avhengige av at handel og vareflyt over landegrensene fungerer. Vi er sårbare og har låg sjølvforsyningsgrad.  Det er tendens til ei aukande merksemd på nasjonalstaten sine føremoner når det ser ut til å svikte på overnasjonalt nivå.  Innføring av ei grunnløn – «borgarløn» som kan sikre alle eit minimum eksistensgrunnlag utan å gå vegen om NAV er også aktualisert.

Om vi kan ta lærdom av det som no har råka oss og i framtida innrettar samfunnet vårt på eit meir gagnleg vis kan det kanskje kome noko positivt ut av denne pandemien. Vi veit ikkje kor dette endar. Verda slik vi kjenner ho kjem kanskje ikkje tilbake. Men det er ikkje verdas ende. Og våren kjem, sjølv om snøen, som stort sett ikkje har vist seg her i Bergen denne vinteren, no på denne første dagen med sommartid kom og la seg over krokus og påskeliljer.