Tankar på seinhausten

Bloggen har lege i dvale ei stund og no står forsyne meg snart vinteren for døra. Første vinterdagen – 14. oktober – er tilbakelagt, utan at han her på desse kantar var særleg vinterleg. Vi har hatt ein nydeleg seinhaust, i motsetnad til ein særs regntung septembermånad. Ja, Vestlandet vekker både kjærleik og hat. Med så mykje godvêr på ein gong er ein jo også forplikta til å kome seg ut, ein veit det ikkje varar. Det vart tur til Fjellhytten, fisketur i Kjerrgarden på Askøy (utan fiskelykke) og spasertur i Nygårdsparken, for å nemne noko. Skriving blir nedprioritert under slike høve, og eg har også hatt nokre andre prosjekt som konkurrerer med bloggen.

Det må ryddast før det skal flyttast

I tidlegare blogginnlegg har eg nemnt diverse ryddeprosjekt i heimen. No har vi sett oss i ein situasjon der vi innan ein tidshorisont på eit og eit halvt år for alvor må rydde oss heilt ut av rekkehuset her på Lønborg. Motivet for å flytte er utsikten til eit meir sutalaust liv i alderdommen, på eitt golv og utan krav til ytre vedlikehald.

Mens eg ved tidlegare flyttingar har flytta lengre og lengre ut i Sandviken, kjem vi no til å snu oss andre vegen, innover mot Sandviken og byen, til ei leilegheit i eit flunkande nytt bustadprosjekt på eit tidlegare næringsområde i Breiviken, nær der vi budde på 1980-talet. Inst inne synes eg det er litt synd at islettet av næringsverksemd forsvinn frå dette nabolaget, tilliks med mange andre nabolag der det er transformasjon på gang. Byutvikling reiser mange problemstillingar. Dette prosjektet legg no i det minste ikkje beslag på meir av Sandviken si stadig meir nedbygde strandsone.

Grunnarbeid for nytt leiligheitskompleks i Breiviken. Enno litt å gjere før vi kan flytte inn.

Minner frå Hellen skole

Første ryddeetappe var å hente ned kartongar som har lege i dvale på loftet heilt sidan vi flytta inn her for 30 år sidan. Mykje av innhaldet viste seg å vere diverse papir frå sonen si tid i barnehage og skule. Her var teikningar og elles smått og stort frå åra på Hellen skole. Skrivebøker, mattebøker og arbeidsbøker vitnar om ein pliktoppfyllande og flink elev som fekk gode skussmål. Her låg også nokre av dei humoristiske teikneseriestripane han laga. Han var ein mangfaldig person som hadde fortent ein betre skjebne. Det vart eit verdifullt tilbakeblikk på den gode tida. Med nokre unntak gjekk likevel det meste i bosset.

Jubileumsavis for Hellen skole, teikning: Sissel Kyrkjebø, klasse 5c

I haugen av papir fann eg jubileumsavisa for Hellen skole frå 1980, då skulen var 25 år. Og kven andre er det som har fått æra av å illustrere forsida enn Lønborgs store stjerne, sjølvaste Sissel Kyrkjebø som gjekk to klassar over sonen min og som vaks opp i ei høgblokk på Lønborg, over noverande Coop rett borti vegen.

Frå den akademiske verda

Men her var ikkje berre etterlatenskapar frå sonen sine skuleår. Her låg førelesingsnotatar og kompendier og diverse anna frå mine studieår ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Det meste vart kassert, eg klarte ikkje heilt å sjå nytten i den livsfasen eg er komen i. Lat oss håpe noko av stoffet har vore til nytte på ein eller annan måte, i yrkeslivet eller på andre frontar.

Sjølv om eg kvitta meg med det meste, gjorde eg likevel eit par unntak, tenkte noko framleis kunne ha aktualitet. Det eine unntaket var nokre notatar om «Struktur og dialektikk – strategier i studiet av sosial endring» (1976) av Gudmund Hernes, Sosiologisk institutt, dit han var komen som landets yngste professor, rett frå Junaiten. Her vert det blant anna operert med endringstypane 1) enkel reproduksjon, 2) utvida reproduksjon, 3) transisjon eller overgang og 4) transformasjon, omforming. Dei to siste særlege interessante.

Det andre var kapitlet «Sentrum og periferi som eit forhold mellom produksjonsmåter» i Jon Naustdalslid si magistergradsavhandling «Interessedimensjonar i norsk distriktsutbygging» (1974). Absolutt aktuelt tema i notida, sjølv om eksempla som er brukt er litt utdatere.

Her dukka også opp rapportane frå eit arbeid eg utførte i 1984 for Bergen kommune, oppmålingsavdelinga: «Arealbruk og arealbruksendring i Bergen 1970 – 1980 – metode og hovedresultater» og «Arealregistrering i Bergen – en metodesammenligning». Utruleg kva ein har halde på med ein gong i tida. Eg trur ikkje desse vert klassikarar.

Frå min sykarriére

I kartongane på loftet låg også talrike klesplagg. Forutan diverse barnetøy vart det sanneleg gjensyn med dei sjølvsydde kjolane eg ikkje forsto kor var blitt av etter at vi flytta. Eksklusiv haute couture frå 70- tal og tidleg 80-tal! No for tida går det minst halvårsvis mellom kvar gong ein ifører seg penkjole, det går i bukser, T-skjorter og ulltrøyer året rundt. Sidan det ikkje lenger er samsvar mellom min og kjolane sin storleik og det derfor er utelukka at nokon får se meg iført dei, og fordi eg gjerne vil vise kor flink eg har vore med nål og tråd, skal eg no vise dei fram her. Elles har eg sydd mange fleire kjolar enn dette gjennom tidene, men dette er altså dei som låg i skjul på loftet i 30 år.

Eg er særleg imponert over den kvite kjolen. Heilfora med silke, tynt stoff utanpå, vaffelsaum nede på ermene, storleik 38. Kanskje nokon av lesarane går i giftetankar? Den lyseblå vart i kortaste laget, hadde knapt med stoff. Den lange lysegrøne var brudekjole i ein gong langt tilbake i tida. Det tilhøyrande beltet under bringa manglar. Eg ser med beundring på den stripete nede til venstre. Her har eg vore treffsikker med stripene, hadde nok skåra høgt i Symesterskapet. Desse plagga skal eg ikkje kvitte meg med, om det då ikkje skulle vere nokon som brenn etter å overta dei.

Eksempel på transformasjon

Eg har forresten tatt opp hobbyen med å produsere matter av gamalt sengetøy. Framifrå syssel der alle slags tankar kan flyte fritt mens ein riv dynetrekk i strimlar og deretter heklar i veg med heklenål nummer 10. Og resultatet kjem raskt, ferdig på få timar. Biletet under viser eksempel på transformasjon av eit dynetrekk og eit putetrekk.

Matte hekla av tøystrimlar

Oppsummering

Eg ser no at det eg har skrive i det føregåande – med fare for å lyde pretensiøst – kan løftast opp på eit universelt nivå. For det dreier seg jo om handtering av fortid, notid og framtid. Då må ein rydde, kvitte seg med noko og bevare noko. Så kan ein vurdere korleis ein kan gjenbruke og omforme. Og notida lyt ein ta vare på som best ein kan, ein måte å gjere det på kan vere å utnytte fine haustdager til å ta ein fjelltur, fisketur eller tur i parken.

Så er det ikkje til å kome ifrå at ein av og til bør flytte på seg og endre på ting med tanke på framtida. Og når vi om ei tid flyttar til noko nytt så er det andre som forhåpentleg ser fram til (og vil betale for) å gjenbruke vår bolig.

Utfordringar dukkar opp stadig vekk. Då eg skulle skrive dette innlegget oppdaga eg at redigeringsverktøyet på bloggen var blitt endra. Eg måtte altså omstille meg. Eg vart irritert, dette hadde eg ikkje bedt om. Så finn eg ut av det likevel og ser at det kanskje ikkje er så dumt. Det er aldri for seint å lære.