Eg sit inne på St. Hans-aften og ser ut på eit trøystelaust vêr. 12 grader og regn. Det har regna i Bergen kvar dag i juni så langt. Ny nedbørsrekord i sikte. Nei, det blir ingen utandørs sprell i den lyse sommarnatt. Ikkje noko bål eller anna moro. Så då blir alternativet litt skriving i sofakroken. Det finst mange tema og denne gongen skal vi ut på ei lang reise.
Det har seg slik at eg er invitert i bryllup i nær framtid. Etter å ha saumfart klesskapet fann eg ut at eg kan trenge eit nytt festantrekk. Eg veit at ein runde i Bergen sine mange kjede(lege)butikkar neppe gir noko tilfredsstillande resultat.
På Facebook dukkar det heile tida opp reklame for kjolar, ofte i påfallande romslege fasongar (kvifor det mon tro? FB veit for mykje!). Nokre av dei er riktig fjonge. Eg lot meg lokke til å bestille ein kjole frå eit firma kalla Buykud. Etter at bestillinga var ekspedert vart eg overraskande hyppig underretta om progresjonen i transporten. Men plagget kom innan rimeleg tid. Det viste seg at det var sendt heilt frå Singapore, og at det var fabrikert i millionbyen Hangzhou aust i Kina. Hadde eg googla firmaet på førehand, hadde eg visst meir. Eg burde jo skjønt kor det kom ifrå sidan modellane i annonsane var vevre små damer med asiatisk utsjånad, nokre av dei med kroppsvekt på 46 kilo. Grunnen til at vekta var oppgitt er truleg fordi ein skulle kunne vurdere korleis ein sjølve ville ta seg ut i antrekket. Min kjole var i one-size og eg vurderte den då til å vere romsleg nok.

På førehand hadde eg heller ikkje sett nettsida Trustpilot med vurdering av Buykud. Her ligg åtvaringar mot firmaet frå ei lange rekkje frustrerte og til dels rasande kunder frå alle verdsdelar. Dei kjenner seg lurt, har ikkje fått varene dei har bestilt og betalt for, dei klagar over at det er vanskeleg å få kontakt med firmaet, dei må sjølv betale frakt til Kina dersom plagga ikkje passar og derfor må returnerast, dei får ikkje pengane tilbake og dei er misnøgde med kvalitet på stoff og saum. På Facebooksida til firmaet flommar det over med klager frå kundar, også over fasongane – potetsekkar er ein karakteristikk som går igjen i innlegga. Men nokre få var nøgde både med fasong og firma.
For eigen del er eg sånn nokolunde nøgd med plagget, så eg unngår problem med retur. Stoffet liknar riktignok ikkje mykje på silke, slik det sto i annonsen, saumen er så som så, blant anna mangla ein saum i falden på eine ermet. Den måtte eg fullføre sjølv. Men alt i alt er kjolen grei nok, og eg har litt å gå på når det gjeld storleik, truleg blir det plass til ekstra 20 kilo. Likevel kjem eg ikkje til å gjenta nokon handel med så langreiste plagg.

Hangzhou
Nok om kjolen. Sjølvsagt kunne eg meint noko meir om suspekte nettfirma, langreiste varer og import av masseproduserte klede frå lågkostland som f.eks. Kina. Det er all grunn til å stille spørsmål ved berekraften i dette. Men no blir det geografitime.
Hangzhou (tidlegare Quiantang) er den største og mest folkerike byen i Zhejiangprovinsen i Øst- Kina. Den ligg ved Hangzhoubukta som skiljer Shanghai og Ningbo. Hangzhou har vore ein av dei mest kjente og velståande byar i Kina i det siste tusenåret.
Folketalet i provinsen Zhejiang er ca 55,6 millionar. Hangzhou kjem med sine over 9 millionar innbyggjarar på femteplass i Kina. Byen er sentrum i metropol-området som er det fjerde største i Kina med ca 21,5 millionar innbyggjarar.

Hangzhou si historie går over 2200 år tilbake, til Qin-dynastiet (221 f.Kr). Byen er Kina sin tehovudstad. Longjing-teen, som er rekna som den beste grønne teen, har sitt opphav her. Hangzhou er også berømt for sin fine silke. Byen var ein av Marco Polo sine favorittar.
Økonomien har utvikla seg raskt sidan 1990-talet. Hangzhou er ein tradisjonell industriby med varierte næringar – småindustri, landbruk, tekstil, og eit viktig senter for industriproduksjon og logistikk i kyst-Kina. I den seinare tid har nye verksemder utvikla seg, bl.a. innan medisin, IT, elektriske apparat, elektronikk, kjemikaliar, matproduksjon m.m. Byen tredobla sin BNP mellom 2001 og 2016. Det vert satsa på høgteknologi, og byen vert omtalt som Kinas svar på Silicon Valley. Byen er hovudkvarter for Alibaba-gruppa – ein gigant innan netthandel. Hangzhou var vertskap for G20-møtet i 2016.
Byen er kjent for sine kulturminne og vakre natur, og er ofte rekna som den mest attraktive byen i Kina. Turisme er ein viktig del av økonomien. Interessant er det at byen har verdas største sykkeldelingssystem: 3000 utleiestasjonar med meir enn 70 000 syklar plassert rundt om i byen.
Den mest kjente attraksjonen er West Lake som saman med Grand Canal står på verdsarvlista. Grand Canal strekkjer seg frå Bejing til Hangzhou og er med sine 1776 km verdas lengste kanal eller kunstige elv.

Zhejiangprovinsen er tradisjonelt kjent som eit fisk- og risland, og er også senter for akvakultur. Den er Kinas viktigaste provins når det gjeld teproduksjon.
Miljø
Eg veit ikkje korleis arbeidsforholda er på den fabrikken som produserer klede for Buykud. Fabrikken kallar seg Hangzhou Tianyun Garment Co.Ltd. med kontoradresse eit steinkast frå West Lake. Om produksjonslokala også ligg her, framgår ikkje. Den ikkje heilt gode saumkvaliteten, og den manglande saumen på ermet på kjolen kan ha fleire årsaker. Kan hende vart det i eit oppjaga produksjonsklima for tidkrevjande å få tredd i ny sytråd då den tok slutt før saumen vara ferdig? Eg skulle gjerne visst litt meir om kva levekår syarane har i sin kvardag. Kva tekstilindustrien i regionen bidrar med av skadelege utslepp veit eg heller ikkje. Vi har sett skremmande eksempel på dette nettopp frå Kina.
Det vi veit, er at det er høg luftforureining i byen, med plagsom smog store delar av året. Den aukande privatbilismen er ein stor del av problemet. I takt med velstandsvekst og aukande middelklasse, aukar også bilparken. Dette er drøfta i ein artikkel på nettstaden Chinadialogue. Det er også store trafikkproblem i byen, til tross for at det er investert tungt i offentleg transport.
Ein kommentar til eit innlegg i Numbeo 3. mai 2016 lyder slik: «I will move back home to Sweden. The pollution is soooo bad in hangzhou and have been worsening. A heads up for you who wanna work here. Re-think. I regret my choice». (Numbeo er ein database der brukarar bidrar med data om byar og land på verdsbasis. Numbeo skaffar løpande informasjon om levekår, inklusiv forureining). Ifølgje Numbeo er det også problem med vasskvaliteten.
Men til tross for dårleg luftkvalitet, må eg seie at eg har fått appetitten skjerpa når det gjeld Hangzhou, og kunne gjerne tenkt meg ein tur hit. Byen satsar på berekraftig grønn økoturisme, skal ein tru på det som står i eit innlegg i TheGuardian. Hangzhou er også omtalt i Lonely Planet. Og her står det om Highlights i Hangzhou.
Rart kva ringverknader litt netthandel kan få. Med mengda av kinesiske turistar her til lands er no også nokre gjenvisittar her heilt på sin plass.
Verdas lengste bru
Eg er ikkje heilt ferdig med geografitimen enno. Det viser seg at brua over Hangzhou-bukta er verdas lengste samanhengande bru over sjø. Brua som er 36 km lang bind saman Shanghai med Ningbo og vart opna i 2008 etter ni års førebuing. Midtvegs på brua er det eit service-senter med shopping, utstillingar, parkering og restaurant. Brua ligg i det som blir kalla «det gylne industritriangel» beståande av Shanghai, Hangzhou og Ningbo, og tanken er at større nærleik mellom desse vil skape nye mulegheiter for regional økonomisk utvikling.

Kvifor vart eg no så interessert i denne brua? Det var det at den likna litt på eit prosjekt på våre kantar. Som ledd i ferjefritt samband på E 39 på Vestlandet er det planlagt ei 5 km lang bru over det store fjordbassenget Bjørnefjorden, frå Søre Øyane i Os til Reksteren i Tysnes kommune, og med bru derifrå til Stord. Brua vil medføre enorme naturinngrep. Samfunnsnytten er hovudsakleg grunngjeve med utvida arbeidsmarknad og nedkorta reisetid mellom næringsklynger nord og sør for fjorden. Dette skal då føre til verdiskaping. Altså gjennom tilrettelegging for meir pendling. For bruingeniørar er prosjektering av ei slik bru sjølvsagt litt av ein godbit.
Etter kvart er berekna kostnader med brua auka frå dei opphavlege 19 milliardar til svimlande 43 milliardar. Dette vart i drygaste laget og har ført til at bl.a. Hordaland fylkeskommune har fått litt kalde føtter. Det er peikt på andre vegprosjekt som lyt prioriterast. I tida etter at planane oppsto er også dei oljesmurte næringane i regionen svekka. Regjeringa har sett bruprosjektet på vent for å vurdere korleis kostnadene kan kuttast.

Det er litt forskjell på Kina og Vestlandet når det gjeld befolknings- og næringsgrunnlag og dermed kva som er naudsynt omfang på infrastrukturen. Hordaland og Rogaland sitt folketal er rundt rekna til saman 1,1 millionar. Zhejiang-provinsen, der Hangzhou er hovudstad, har 55,6 millionar, meir ein ti gonger Norge si befolkning. Det er ikkje forbudt å tenke store tankar, men stormannsgalskap fører sjeldan noko godt med seg.
Ny silkeveg til Kina?
Kina er ein gigant som vil få ein stadig meir dominerande rolle i verdssamfunnet. For Norge er Kina ein viktig handelspartnar, og no når Norge ikkje lenger er stein i skoen hos dei kinesiske makthavarane er dørene igjen opne. Spesielt er eksport av sjømat viktig.

Frakt mellom Norge og Kina går hovudsakleg med containerskip eller fly. Flyfrakt går via Oslo Lufthavn. I nord har det reist seg røyster som peiker på manglande geografikunnskapar når ein ikkje legg til rette for fiskeeksport til Kina frå nord-norske flyplassar, men i staden lar denne gå via Oslo lufthamn. Ved å følgje storsirkelen på globusen kan ein korte ned flytida. Jorda er som kjent ikkje flat.
Kina lanserte i 2013 det såkalte Ett belte, èn vei»-initiativet, jf. den historiske Silkeveien. Kina vil gjennom utbygging av denne infrastrukturen styrke sambandet vestover gjennom Asia mot Europa og Afrika både over sjø og land. Her er det framsynte folk i Norden som ønskjer å hekte seg på. Til hausten startar det transport i regi av det statlege kzakhstanske jernbanselskapet KTZ. mellom Kina og Finland, med endestasjon i grensebyane Torneå og Haparanda. Kva med ein arm til Narvik? Dette har vore ein draum i mange år. Planar om ein transportkorridor til Kina er også lansert tidlegare, m.a. med Nordland fylkeskommune som medaktør, utan at det vart vidareført.

Som eg har sagt tidlegare: det er utruleg kor langt ut på viddene ein kan komme med utgangspunkt i daglege trivialitetar. Denne gongen kom eg heilt til Kina!
