Vietnam på langs – del 2

Det sentrale Vietnam

Frå Hoi An gjekk turen med buss til keiserbyen Hué, langs strand og over eit fjellpass. Etter nokre kilometer måtte bussen gjere vendereis for å hente noko som var attgløymt på hotellet. Vi andre fekk dermed litt ekstra tid til å knipse bilete på ein liten plass ved ei sideelv i deltaet til elva Thu Bon.

map_of_vietnam

Også her på landsbygda vart det pynta til nyttår. Kjøkkenet på biletet under kan nok ikkje konkurrere med standarden heime. Vi såg fleire liknande kjøkken på turen.  – Eg skal aldri meir klage over kjøkkenet heime, vart det kommentert.  Utandørs matlaging og oppvask er noko ein ser alle stader, også i byane.

IMG_6055.JPG
Fangstanlegg,  bustad og kjøkken.
fullsizeoutput_38ce.jpeg
Utsikt frå toppen Thuy Son

Marmorfjella er fem fjelltoppar – tidlegare øyer – som alle har kvart sitt namn etter elementa tre, metall, jord, ild og vatn. Vi tok heisen opp til det største  fjellet Thuy Son (vatn). Her kan ein gå vidare opp steintrapper til ei stor grotte innreidd som tempel. Blant turistane kunne vi registrere ein del litt tilårskomne amerikanarar. Var dei tilbake på gamle trakter?

IMG_6061.JPG
Grotte, heis, pagode og spaserande hanar rundt buddhaene på Thuy Son

Vi køyrde vidare langs Sør-Kinahavet sine strender. Badetemperatur var det ikkje denne dagen, og raudt flagg i tillegg. Vi måtte nøye oss med eit tådypp. Som vi veit er dette eit konfliktfylt havområde der mange statar har interesser.

fullsizeoutput_38ae.jpeg
Tådypp i Sør-Kinahavet

Dette var ein gråversdag og då vi skulle over fjellpasset på veg mot Hué var det tjukk skodde og vi vart snytt for utsikten. Sjåføren køyrde friskt på den svingate og smale vegen, og fleire sat med hjartet i halsen. Trygt nede vart det beinstrekk ved innsjøen Dam An Cu, som er avgrensa frå havet av ei smal landtunge.

Det var her i sentrale Vietnam dei hardaste krigshandlingane fann stad. I det nærmast uframkommelege fjell/jungelterrenget møtte amerikanske soldatar hard motstand frå geriljaen. Det var også her amerikanske fly sprøyta skogen med det dioksinhaldige avlauvingsmidlet Agent Orange som det framleis er etterverknader av.

IMG_5438.JPG
Båtar på innsjøen Dam An Cu

Kongebyen Hué

Så kom vi til sjølvaste Hué, den gamle hovudstaden og keisarby under det 200-årige Nguyen-dynastiet som tok slutt då den dåverande keisaren abdiserte i 1945 samtidig med at kommunistane etablerte regjering med sete i Hanoi.

fullsizeoutput_38fe
Vietnam – fransk koloni fram til 1954.

Litt kjennskap til historia er nyttig for å få utbytte av dei historiske og kulturelle severdigheitene. Fram til byrjinga av 1800-tallet hadde Vietnam stort sett vore splitta i ymse keisardøme som ofte var i krig med kvarandre.  I 1802 klarte Nguyen-dynastiet å få kontroll over heile landet. Den første keiseren kalla seg Gia Long og flytta hovedstaden til Hué der keiserbyen vart etablert. Utover 1800-tallet fekk Frankrike gradvis større innflytelse og Vietnam endte til slutt opp som fransk koloni med keisaren utan reell makt. I tillegg til Tonkin, Annam og Cochinchina (som til saman utgjer dagens Vietnam) var også Laos og Kambodsja del av fransk Indokina.

Hué ligg ved Parfymeelva (Duftenes elv) sitt utløp i Sør-Kinahavet. Byen ligg like sør for det som var demilitarisert sone under Vietnamkrigen. Nokre av dei lengste og blodigaste slaga under Vietnamkrigen fann stad her. Slaget om Hué gjekk føre seg frå 30. januar til 3. mars 1968, altså for nøyaktig 50 år sidan. Nordvietnamesarane innleia Tét-offensiven med eit overraskingsåtak på byen. På grunn av nyttår og våpenkvile var ein ikkje førebudd på dette.  Amerikanarene svara med bombing. Etter krigen låg byen i ruinar. Den nordvietnamesiske hæren vart sendt på flukt, men gjenerobra byen i 1975 og ein måned seinare var krigen slutt. Meir om krigshandlingane i Hué står å lese her.

Byen er full av severdigheiter med UNESCO-status. Vi besøkte Thien Mu-pagoden, Citadellet med den forbudte by og keisar Tu Duc sitt gravsted.

 Båttur på Parfymeelva

Første post på programmet i Hué var båttur på Parfymeelva. Det viste seg at båten var fullrigga med klede til sals, bl.a silkeskjorter, og mange lot seg friste. Eg er i ettertid blitt litt usikker på bruksverdien av mine innkjøp.

Vi gjekk i land ved Thien Mu-pagoden. Pagoden skriv seg tilbake frå 1601, men har vore øydelagd og oppattbygd fleire gonger. Gjennom historia har staden vore tilhaldsstad for opprørske buddhistmunkar. Det største dramaet var då ein av munkane i 1963 køyrde med sin blå Austin til Saigon og sette fyr på seg sjølv på eit gatehjørne. Det har etter dette vore fleire slike sjølvmord.

IMG_6062.JPG
Turistar på Parfymeelva og Thien Mu-pagoden

Citadellet med den forbudte by

Citadellet (Kongebyen) er eit digert bygningskompleks med vollgraver, opne plassar, palass og tempel. I den ytre kongebyen budde bønder, handverkarar og mandarinar (embetsmenn), i den indre kongebyen var det berre kongefamilien og kongen sine konkubiner som hadde tilgang.

Den indre kongebyen blir også kalla «Den forbudte by» då den er oppført etter same prinsipp som dei kinesiske keisarane sin by i Beijing. Bygginga vart påbyrja tidleg på 1800-talet etter at den først Nguyen-kongen hadde kome til makta.

fullsizeoutput_38f3.jpeg
Citadellet i Hué med vollgrav
fullsizeoutput_38ea.jpeg
Den forbudte by I Hué
IMG_6064
Grøn elefant, kongeportrett i den forbudte by og karper i vollgrava. Nede til høgre parkområde der det tidlegare sto bygningar som er blitt øydelagde.

Eit besøk i omgjevnadene til den gamle kongemakta er ganske overveldande. Det er ikkje rart at det vart opprør mot denne samfunnsforma, som bygde på undertrykking og ei heilt urimeleg ulikheit og skeivfordeling.

Tu Duc sitt gravmæle

Keisar Tu Duc døydde i 1883. Gravområdet består av eit tempel- og eit gravområde. Tempelområdet har ein liten innsjø og fleire paviljongar. I si regjeringstid kjempa Tu Duc mot katolikkane, franskmennene og andre opprørarar, bl.a. dei som arbeidde med tempelanlegget. Han fekk skulda for å ha gitt bort landet til Frankrike. Han var barnlaus og steril på grunn av at han hadde hatt koppar i barndommen, men heldt seg med ein bråte konkubiner.

fullsizeoutput_38d0.jpeg
Paviljong i tempelområdet
fullsizeoutput_38fd.jpeg
Oppgang til gravstedet

Sør-Vietnam

Historisk og kulturelt er det markerte skilnader mellom nord og sør. Enkelt sagt er det størst kinesisk påverknad i nord mens det i sør er fleire band til Kambodsja og Indonesia. Området i sør har i tidlegare tider tilhøyrt Kambodsja. I høglandet i nord er det også ulike etniske grupper. Frå nord har befolkninga ekspandert sørover. Guiden forklarte at den historiske bakgrunnen med tilflytting har skapt ein mentalitet her sør som skil seg frå det meir tradisjonsbundne nord.

I Sør-Vietnam besøkte vi Ho Chi Minh-byen (Saigon), Cu Chi-tunnelane og Mekongdeltaet.

Ho Chi Minh-byen (Saigon)

Frå Hué var det ny flytur til Ho Chi Minh-byen. Plutseleg vart det tropisk klima, med dagtemperatur på 33 grader pluss. Av med boblejakkane.

Byen, som er Vietnams største med ca 10 millionar innbyggjarar, fekk dette namnet ved gjenforeininga då ein slo saman dei to byane Saigon og Cho Lon.

Saigon er i dag ein eigen bydel. Eg synest Saigon-namnet kling betre, og kjem til å bruke dette namnet på byen sjølv om det altså ikkje er heilt korrekt. Franskmennene bygde opp byen etter fransk mønster, med breie boulevardar og kvadratur. På grunn av gjenkjenneleg bystruktur kjenst byen mindre framandarta og også meir moderne og dynamisk enn for eksempel Hanoi.

Vietnam er kjent for lakkprodukt av høg kvalitet. Vi var innom ein fabrikk der det vart produsert eit utall ulike lakkgjenstandar. Spesielt for denne staden var at dei brukte eggeskall til dekor.

IMG_6065.JPG
Lakkproduksjon i ulike fasar. Ei av krukkene står no heime på hylla.

Multinasjonale selskap og investorar har fått godt fotfeste og det er godt synleg i bybiletet.

IMG_5604.JPG
Jotun har etablert seg også i Vietnam.

Under vårt opphald var byen sterkt prega av tét-feiringa. Vi kom til Saigon to dagar før nyttårsaften som i år fall på 15. februar.  Det vil seie at vi kom på den dagen då det er tradisjon for at folk pyntar seg i sine finaste tradisjonelle draktar og samlar seg i sentrum. Dette er også høgsesong for lommetjuvar, og guiden ba oss passe ekstra godt på verdisakene våre.

Vi fekk med oss sjølve nyttårsaften som vart feira med middag og underhaldning på elegante Hotel Majestic. Hotell Saigon, der vi var innkvartert, hadde allereie fullbooka denne kvelden, men det var ikke noko å klage på standarden på erstattaren. Her var forøvrig fleire andre nordmenn, viste det seg.

Dagen etter besøkte vi ei fantastisk blomeutstilling i Kulturparken. Det er berre å bøye seg i støvet for den vietnamesiske hagekunsten! Forutan plantar i alle fasongar var her også fisk og ulike steinfigurar, og det var folkefest for store og små.

IMG_6040.JPG

IMG_5951.JPG

IMG_6071.JPG
Utstilling og folkefest i kulturparken i Saigon nyttårsdagen 16. februar.
fullsizeoutput_3908.jpeg
Nyttårsdag – for anledninga med bilfrie gaterom i sentrum.

Så pynta er nok ikkje Saigon til kvardags. Og utanfor byen skulle vi besøke stader med tilknyting til mørke kapittel i Vietnam si historie.

Krigsminner: tunnelar og museum

Cu Chi-tunnelane

70 km nordvest for Ho Chi Minh-byen finn vi Cu Chi-tunnelane. Dette er eit tunnelsystem med ei opphavleg lengd på 200 km, bygd av FNL under Vietnamkrigen. Dei vart nytta som gøymestader og passasjar under kampar, og til transport av våpen og forsyningar. Tunnelane inneheldt sjukehus, kjøkken, soverom og arsenalar. Jordlaget er solid og tåler vekta både av stridsvognar, artilleri og bomber. Tunnelene var nytta som baser under Tết-offensiven i 1968 ved slaget om Saigon.

fullsizeoutput_38d9.jpeg
Cu Chi-tunnelsystemet

I dag er tunnelane ein stor turistattraksjon. 120 km av tunnelane er bevart, og det er høve til å prøve seg på ein liten tur. Aldersgrensa for dette er 70 år, som heldt akkurat. Det var ikkje den mest komfortable turen eg har hatt, for å seie det slik, sjølv om tunnelane som er opna for turistar visstnok er utvida litt. For dei små og smale vietnameserane var det nok lettare.

IMG_6073
Stridsvogn, bomber og våpen brukt i Vietnamkrigen.

Vi fekk også demonstrert fleire av dei utspekulerte fellene mynta på fienden. Ingen spøk å trø feil og havne i dei.

Uavhengigheitspalasset

Det tidlegare presidentpalasset – uavhengigheitspalasset (også kalla gjenforeiningspalasset) – i Sør-Vietnam er bygd på same staden som det gamle palasset frå kolonitida. Bygget, som sto ferdig i 1966, er teikna av ein vietnamesisk arkitekt og er inspirert av fleire stilartar, også europeisk modernisme. Forutan møterom og spisesalar er her også teater, kino og dansesal.

30. april 1975 inntok frigjeringsrørsla og den nordvietnamesiske hæren Saigon. Stridsvogna brøyta seg veg inn porten og møtte ingen motstand. President Nguyen Van Thieu hadde forlete landet den 21. april med kurs for Taiwan, deretter London og til slutt Boston. Frå helikopterlandingsplassen utanfor gjekk amerikanske helikopter i skytteltrafikk mellom hangarskip og ambassaden dagen før frigjeringa.

IMG_6015.JPG
Nokre smakebitar frå palasset.
IMG_6074.JPG
Presidenten sitt kontor, jakttrofe, lytteutstyr og Mercedes.

Krigsminnemuseet

Vegg i vegg med uavhengigheitspalasset ligg krigsminnemuseet, med utstillingar i fleire etasjar. Museet er skulda for å gi eit einsidig bilete av krigen, at det inneheld anti-amerikansk propaganda og glorifiserer Nord-Vietnam og frigjeringsrørsla. Dette var ikkje mitt inntrykk, men det kjem an på augo som ser. Kanskje er det nokon som reagerer på utstillinga i 1. etasje som har eit visst propagandapreg i og med at her bl.a heng plakatar som viser den internasjonale støtta til FNL. Her finn vi også ein norsk plakat med teksten «Med FNL for Viet Nams folk».

Vietnamkrigen var – same korleis ein snur og vender på det – ein meiningslaus krig, med svære sivile tap og lidingar for det vietnamesiske folket. Utstillingane framstiller krigen i all sin gru, med fotografisk materiale frå krigsjournalistar. Den mest rystande delen av utstillinga er der det er vist bilete av offer frå USA si giftsprøyting – Agent Orange.

Mekong

Besøket i uavhengigheitspalasset og krigsminnemuseet fann stad siste dagen på reisa, men dagen før var vi på utflukt til Mekongdeltaet. Mekong er ei av verdas lengste elver, med utspring i Tibet. Dette vart ein av dei mest interessante dagane, og det var kjekt å besøke eit par småbedrifter som nytta lokalt råstoff.

IMG_5693
Her blir brent teglstein av leire frå Mekongdeltaet
IMG_6069
Frå kokosnøtt til kokoskaramellar
fullsizeoutput_390d
Båttur i Mekongdeltaet

Fiskarane nyttar seg av tidevatnet, og brukar reiskap tilpassa dette. Vi vart fortalt at saltinnhaldet i elva hadde auka i den seinare tid på grunn av eit nytt kraftanlegg på kinesisk side.

Her veks mangroveskog og kokospalmar, med den spesielle vasskokospalmen nærast elvebreidda.

Etter at denne båtturen var unnagjort, vart det transport på tuc-tuc i forrykande tempo gjennom jungelen til staden der vi skulle innta lunsjen, under stråtak, i det fri og ved ein av dei utallige kanalane i deltaet. Deretter nok ein båttur, denne gongen i ein smal elvebåt som vart staka framover.

 

IMG_5768.JPG

Eg lyt legge til eit bilete frå den utruleg vakre rasteplassen der vi hadde stopp undervegs på turen. Her kunne vi spasere på «apebru«. Denne type bruer, laga av kokospalmestamme eller bambus, kan ein finne fleire stader i Vietnam.

IMG_5669.JPG
Rasteplass med «apebru»

Tét – vietnamesisk nyttår

Vi observerte førebuingane til tét på alle stadene vi besøkte. Om søppelet flyt rundt omkring – før feiringa av tét blir det i alle fall feid framfor eiga dør. Og pynta med busker og blomar, nesten som vi gjer før jul med juletre og juleblomar. Det var bugnande blomeutsal overalt. I nord er det ferskentre og mandarintre som dominerer, i sør aprikostreet med karakteristiske gule blomar, og alle stader er det mengder av gul krysantemum. I tillegg til andre blomar som vi kjenner igjen frå norske hagar og vinduskarmar.

IMG_6030.JPG
Blomar og buskar til tét – aprikostre (her som bonsai), mandarintre, ferskenbusk og eit hav av krysantemum og andre blomar

Som nemnt i forrige innlegg er skikken i å brenne offergaver til ære for forfedrane. Vi såg fleire slike gavebål. I templa kan lufta vere stinn av røykelse.  2018 er hundens år, etter den kinesiske kalenderen.

IMG_6016.JPG
Nyttår – tét – i Ho Chi Minh-byen (Saigon). Festkledde menneske to dagar før nyttår.
IMG_6070.JPG
Saigon på nyttårsaften.

Maten

Som turistar inntok vi så å seie alle måltid på restaurantar.  Litt spesielt var det i Saigon der vi vart losa til middag nede i ein av underetasjane i eit gigantisk kjøpesenter.  I kongebyen Hué var det arrangert middag på ein litt finare restaurant, der vi fekk utdelt kostyme i form av tradisjonelle vietnamesiske penantrekk i silke. Eit ektepar vart utpeikt til konge og dronning og plassert i høgsetet. Dei fleste syntes dette var eit festleg innslag.

For folk flest er nok ikkje restaurantbesøk standard. Dei inntar gjerne måltida ute på gata, på enkle gatekjøken, sittande på låge stolar og krakkar. Nudelsuppe – pho – er ein typisk vietnamesisk rett som også er vanleg som frukost.  I Saigon inntok vi nudelsuppe til lunsj på restauranten Pho 2000, som kan skryte av at Bill Clinton var gjest her då han som første amerikanske president besøkte Vietnam etter krigen.  Vi budde forøvrig på same hotell som Clinton – hotell Saigon.

Vårrullar er standard, og måltida består oftast av fleire små retter. Eg tok meg ikkje bryet med å fotografere all den fint presenterte maten vi fekk servert, men på biletet under er nokre få eksempel.

fullsizeoutput_388e.jpeg
Det mest eksotiske måltidet fekk vi servert i jungelen i Mekongdeltaet. Malle heiter fisken.
IMG_6068.JPG
Pho, friterte bananblomster, vårruller og tigerreker med grønnsakdrage
IMG_5972.JPG
«Pølsebod» i kulturparken i Saigon på nyttårsdagen
IMG_5644
Markedet Benh Tanh i Saigon – her får ein det meste

Tankar i etterkant

Dette var ei 13 dagars reise som turist og eg har sjølvsagt ikkje hatt føresetnader for å pløye djupt i dette blogginnlegget. Eg har heller ikkje på langt nær fått med alt.

Ein kan ha mange meiningar om kor berekraftig det er med så langreist turisme. På andre sida er slike reiser til fjernare himmelstrøk med på å auke kunnskapen om andre land og kulturar. Då særleg om ein sørgjer for å sette seg litt inn i historie og samfunnsforhold – både før og etter reisa.

Ei god og grundig innføring i Vietnams historie og utvikling frå oldtid fram til i dag er å finne i Store Norske Leksikon sin artikkel om Vietnam.

Norge er eit lite land i den store verda. Når ein kjem til eit asiatisk land med befolkning fleirfaldige gonger større enn i Norge blir dette ganske tydeleg. Folk i Vietnam blir gjerne litt tomme i blikket når dei får høyre kor vi kjem ifrå.

Reiser bidreg til å sjå eins eige land i perspektiv. Ein lærer seg å sette pris på den nordiske modellen med ein skattefinansiert velferdsstat. Eg kom i mitt forrige blogginnlegg om Vietnam inn på det som såg ut til å vere mangelfulle offentlege velferdsordningar. Skattevegring hos vietnamesarar flest og eit sviktande skattesystem er ein del av forklaringa.

No har eg ikkje skrive om reisefølgjet og det sosiale livet under turen. Då kan eg berre seie at det var heilt upåklageleg. Og vår alltid oppmerksame og humørspreiande norske guide Nina bidrog sterkt til ein triveleg og innhaldsrik tur!

Dette var min første tur til denne enorme verdensdelen. Eg kunne faktisk tenke meg å prøve ut fleire land her, gjerne i Sentral-Asia. Kjem eg nokon gong til Samarkand, tru?

Vietnam på langs – del 1

Eg har vore på reise i Vietnam. Min generasjon har eit spesielt forhold til dette landet. Vietnamkrigen følgde oss gjennom ungdomstida, og førte til opprør og politisk engasjement. No, 40 år seinare, fekk eg i løpet av 13 februardagar sjå landet med eigne auge, saman med 20 andre bergensarar, dei fleste i sin beste pensjonistalder. Vi kom midt i førebuingane til nyttårsfeiringa (Tét), og fekk også oppleve sjølvaste nyttårsaften på tampen av turen.

map_of_vietnam
Kart over Vietnam (Lonely Planet)

Litt om landet Vietnam

Offisielt norsk namn på landet er «Den sosialistiske republikken Vietnam». Eg er usikker på om denne eittpartistaten med markedsøkonomi passar heilt inn i det vi på våre kantar meiner med sosialisme. Det kjem eg tilbake til.

Landet har over 90 millionar innbyggjarar og eit landareal på 310 000 km2. Til samanlikning har Norge vel 5 millionar innbyggjarar på nesten same landareal. Dei to landa har om lag same avstand frå nordlegaste til sørlegaste punkt, og lang kystline. Men der stoppar likskapen.

Etter Vietnamkrigens slutt i 1975 vart Nord-Vietnam og Sør-Vietnam sameint med Hanoi som hovudstad. Ho Chi Minh-byen (tidlegare Saigon) er største by. Det er tydelege skilnader mellom nord og sør på fleire vis, både når det gjeld klima, tradisjonar og økonomisk utvikling. Og mentalitet, ifølgje vår guide som kom frå sør: i nord er dei tradisjonsbundne og konservative, i sør føretaksame og opne for det som er nytt.

Vietnam si historie er kompleks og dramatisk. Landet er nær nabo til Kina, som hadde herredømme her i over 1000 år. Seinare vart landet kolonisert av Frankrike, og under 2. verdskrig var det Japan som hadde kontrollen. Landet har vore under påverknad frå fleire land og kulturar, noko som ikkje minst har sett sitt preg på byggeskikken.

Arkitekturen er eit kapittel for seg, med høge og smale hus, dette var visstnok opphavleg eit krav frå kineserane, det skulle sparast på tomtearealet. I dag sprett det opp digre og sterile blokker som står i sterk kontrast til eksisterande bebyggelse.

IMG_6023.JPG
Eksempel på arkitektur. Hanoi til venstre, Saigon til høgre.

Etter at den franske kolonimakta var nedkjempa vart landet delt.  Eg går ikkje nærare inn på Vietnamkrigen (i Vietnam kalla Amerikakrigen) her. Moglege spor og etterverknader var noko av det vi førehand hadde venta sjå litt av. Men 40 år er gått, det er kome nye generasjonar og som rimeleg kan vere er nok krigen kome i bakgrunnen for vietnamesarar flest.

Les meir om Vietnams historie (Wikipedia).

Turisme og tradisjonar

Vietnam er blitt eit populært reisemål og turisme er ein viktig del av økonomien. I Norge er Vietnamreisene (vi reiste med Vitus frå Bergen) stort sett skorne over same lest, med start i Hanoi i nord, opphald i Hoi An og Hué i sentrale Vietnam, deretter Ho Chi Minh-byen (Saigon) og Mekongdeltaet i sør. Det vil seie låglandet med deltaet rundt den Røde elv i nord og Mekong i sør, samt dei unike kulturhistoriske stadene i sentrale Vietnam.  Høglandet i nord, som truleg byr på det vakraste landskapet, står ikkje på programmet. Vi hadde kanskje venta oss større naturopplevingar, ut frå det vi hadde høyrt og sett av bilete på førehand. Det var også lite vi fekk oppleve av dei fine strendene. Men så var ikkje dette nokon badeferie heller. Opp tidleg og fullt program heilt til kvelds. Nesten som ein studietur, og det er jo kjekt, det! Gamle geografar liker slikt.

Det er mange inntrykk som skal fordøyast etter ei slik reise. Vi hadde lokale guidar både i nord, i midten og i sør. Dei var kunnskapsrike, med mykje detaljkunnskap om kultur, historie, religion og tradisjonar. Som turistar blir vi presentert for praktfulle tempel, palass og pagodar frå tida då Vietnam var konge- og keiserdømme. Det vert nesten for mykje av det gode! Men i tillegg hadde vi fleire interessante besøk på lokale handverksbedrifter, finurleg nok med gode moglegheiter for innkjøp!

Offisielt er Vietnam ein ikkje-religiøs stat. Folk flest er likevel i praksis buddhistar. Myndigheitene ser gjennom fingrane med religionsutøving, men dersom ein utelet å oppgi «ingen religion» i identitetspapira sine, kan ein få vanskar, for eksempel når det gjeld å få studieplass. Men buddhafigurar i ulike humør og fasongar er tydelegvis populære i kommersiell samanheng.

IMG_6045
Buddhaer og dragar i ulike fasongar.

Vietnamesarane dyrkar forfedrane sine og i samband med tét er det høgsesong for dette. Gavebrenning er ein litt spesiell skikk. Nokre tradisjonar er heller bisarre. I nord-Vietnam er skikken å  gravlegge slektningane sine to gonger. Dei ligg eit par år i jorda før dei vert gravd opp att og beina reinska, før dei vert gravlagt på nytt. Familiegravstadene ligg på familieeigedomen, midt ute i åkeren. Slik er det også sør i landet. Det er yngste sonen som får ansvaret for familien sin gravstad, noko som faktisk kan vere ein bremse for mobiliteten.

fullsizeoutput_38bb.jpeg
Nyttårstradisjonar: Gavekjøp og gavebrenning

Men det var nokre tema som guidane ikkje kom inn på. Om det var på grunn av manglande kunnskap, om dei er for unge, eller om visse ting er tabu er vanskeleg å seie. Mistanken om det siste vart styrka då guiden vår i Saigon ikkje ville vere med inn på utstillingane i Krigsminnemuséet fordi han var sterkt usamd i måten desse var presentert på, og fordi det var auge og øyro alle stader, som han sa. Ytringsfridom om politiske tema har tronge kår.

Dei to guidane vi hadde etter at vi hadde forlete Hanoi kom begge frå sør. Sør-Vietnam var den tapande parten i krigen. Mange sørvietnamesarar flykta herifrå av frykt for represaliar. Fleire av desse kom som båtflyktningar til Norge. Mange, bl.a. far til eine guiden, måtte tilbringe to år i omskoleringsleir etter krigen.

Med tanke på at Vietnam kallar seg eit sosialistisk land, var det overraskande å høyre at folk må betale sjølve for studiar og helsetenester. Vi vart vitne til ei trafikkulukke på ein av hovudvegane. Guiden vår fekk spørsmål om kvifor folk tilsynelatande stod passive rundt personen som låg medvitslaus i vegen. Svaret var at folk kvidde seg for å involvere seg i frykt for å få krav om å betale rekningane.

Svært strenge opptakskrav til høgare utdanning fører til at mange ikkje kjem seg vidare, fekk vi høyre.

Hanoi

Trafikk og miljø

Vi starta reisa i hovudstaden Hanoi og førsteinntrykket var sjokkarta. Første post på programmet her var nemleg tur i tråsykkeltaxi  i tjukkaste sentrum. Med eitt var vi midt i eit sydande, eksosfylt og tilsynelatande anarkistisk trafikk-kaos, med tuting på alle kantar.

IMG_4984.JPG
På sykkel i Hanoi

I Vietnam er tråsyklane bytta ut med motorsyklar. Vi fekk fortalt at Hanoi har ca 9 millionar innbyggjarar og 5 millionar motorsyklar! Trafikkreglar slik vi er vant med gjeld knapt. Her smyg trafikantane seg fram på alle kantar, på kryss og tvers. Motorsyklistane har tydelegvis tatt med seg køyremønstret frå tråsykkeltida. Etter kvart måtte vi likevel moderere førsteinntrykket av kaos og anarki. For det forunderlege er at trafikken ser ut til å fungere. Alle innordnar seg på smidig vis, utan den aggresjonen vi ofte er vitne til mellom trafikantar her til lands.  I denne del av verda er det tabu å vise sinne. Tutinga er mest for å varsle, ikkje for å jage andre trafikantar unna.

Men luftforureininga er forferdeleg. Og fotgjengarane må navigere i trafikken på eige ansvar. Motorsyklar blir nytta både til persontransport og varetransport. Heile familien på ein sykkel, opp til fem stykke, store og små. Dei små som regel utan hjelm. Desse dagane var det utstrakt transport av busker og blomar bak på sykkelen, tradisjonen tru skal det dekorerast til nyttår.

IMG_5165.JPG
Person- og varetransport i Hanoi ved nyttårstider. Mandarintreet skal pynte opp til nyttårsfeiringa. Mosaikkmuren i bakgrunnen symboliserer historia og er 4 km lang.

At «alle» no har sitt eige motoriserte køyretøy er på sett og vis eit teikn på økonomisk framgang. Om framgangen held fram slik at syklane vert bytta ut med privatbilar, vil det garantert ende med kollaps. Det går bussar, men elles er kollektivtilbodet lite utbygd. I byar av Hanoi og Ho Chi Minh-byen sin storleik skulle ein vente at det vart satsa på bane. Her er ting på gang både i Hanoi og Ho Chi Minh-byen. Det er også satsing på motorvegar. Japan og Australia – i nord også Kina – er land som bidreg i utviklinga av infrastruktur.

Noko av det mest påfallande for oss som er vant til nokonlunde reine omgjevnader, var søppelet som flaut overalt. Med så mange millionar innbyggjarar er det snakk om store volum. Mykje av avfallet såg ut til å vere plast. Truleg er Vietnam ein stor bidragsytar til den globale havforureininga. Ifølgje guiden er haldninga til søppel vanskeleg å endra, men dette er i ferd med å endre seg hos den oppveksande slekt, meinte han.

fullsizeoutput_3861.jpeg
Gate-badminton i Hanoi

Teater

I Hanoi fekk vi vere med på ei underhaldande førestilling på vanndokketeatret. Dokkeførarane står i vatn til livet og manøvrerer dokkene på stenger under vassoverflata. Historiane som blir framført bygger på legender. Teatret ligg ved Hoan Kiem-innsjøen, med den raude brua som er vakkert opplyst om kvelden.

IMG_5178.JPG
Hoan Kiem-sjøen i Hanoi by night

Litteraturtempelet

Litteraturtempelet i Hanoi var grunnlagt i 1070 og vigd til Konfutse. Det blir rekna som Vietnams første universitet. Det er eit stort anlegg, med bygg frå ulike epokar, nokre er bygd opp att etter franskmennene sine øydeleggingar.

fullsizeoutput_38a0.jpeg
Inngang til Litteraturtempelet

IMG_6046
Litteraturtempelet. Colaboksar er også offergave.

Skilpadda er symbol for langt liv. Dragen, fugl føniks og karpen er andre tradisjonelle symbol. Yin og Yang (symbol for likevekt) og feng shui er sentrale prinsipp i vietnamesisk livsførsel og kultur.

Ho Chi Minh-mausoleet

Ein annan hovudattraksjon i Hanoi er sjølvsagt Ho Chi Minh-mausoleet. Eg avsto frå sarkofagen, og besøkte heller området rundt, med park, presidentpalasset og stolpehuset som var Ho Chi Minh sin bustad frå 1958 og fram til hans død i 1969. Presidentpalasset, kommunistpartiet sitt hovudkvarter og utanriksdepartementet ligg i same område, ved den store Ba Dinh-plassen.

IMG_6032.JPG
Oppe: Her budde Ho Chi Minh sine siste år. Nede: mausoleet og arbeidarar i parken.

Forutan nyårsfeiring var det også 88-års jubileum (!) for grunnlegginga av kommunistpartiet i 1930. Plakatane om dette var godt synlege i bybiletet. Politisk propaganda konkurrerte med reklameplakatar for vestlege produkt og multinasjonale selskap. Særleg var dette synleg i Saigon. Inntrykket er at Vietnam i dag framstår som eit nokså schizofrent samfunn. Markedskreftene har fått spelerom og til tross for økonomisk vekst har kløfta mellom rike og fattige blitt større. Og korrupsjon høyrer med i biletet, dessverre.

fullsizeoutput_387a.jpeg
Markering av nyttår og parti. Kommunistpartiet sitt hovudkvarter nede til høgre.

Ha Long

Ein båttur i Ha Long-bukta høyrer med til dei obligatoriske opplevingane når ein besøker Vietnam. Området står på UNESCO si verdsarvliste. Etter å ha manøvrert mellom dei karakteristiske kalksteinklippane la vi til ved den fantastiske grotta Dong Thien Cung.

I Ha Long ser det ut til at planane om å utvikle staden til ein fasjonabelt resort har stranda. Investorane trekte seg etter noko snusk (korrupsjonsskandale?) for sju år sidan og mange påbyrja bygg står no og skjemmar eit elles naturskjønt område.

IMG_5024.JPG
Båttur mellom kalksteinklippane i Ha Long-bukta
IMG_6035.JPG
Ha Long-bukta – med uferdige bygg og grotte

Vi overnatta i byen Ha Long, eit par timars køyretur frå Hanoi. Undervegs hadde vi fleire stopp, der vi besøkte lokale bedrifter:

IMG_6036.JPG
1) Bedrift der handikappa lagar ulike handverksprodukt, 2) kulturperleproduksjon frå østersfarm, 3) og 4) pakking, frakt og produksjon av steintøy og porselen i landsbyen Bat Trang.

Nord-Vietnam har fire årstider. På denne tida, i februar, gjer våren sitt inntog. No var det heller kjøleg, og boblejakken, som også ser ut til å vere dei innfødde sitt favorittplagg, kom til nytte.

Vietnam er verda sin nest største eksportør av ris. I nord kan ein hauste ris to gonger i året. Utplantinga av ris fell i tid saman med nyttår. I sør, der klimaet er tropisk, kan ein hauste tre gonger og her var avlinga i ferd med å modnast.

IMG_5016.JPG
Risplanting i deltaet til Den røde elv

Sentrale Vietnam

Etter Hanoi bar det av garde med fly til Da Nang midt i landet. Byen var flybase og spela ei viktig rolle under Vietnamkrigen, også som hamn og som rekreasjonsstad for amerikanske soldatar. I fjellområda i sentrale Vietnam var det harde kampar.

Hoi An

Frå Da Nang reiste vi raskt vidare med buss til vårt første stopp i sentrale Vietnam, den hyggelege og intime byen Hoi An som ligg ved elva Thu Bon.

IMG_6038.JPG
Gate- og elvelangs i Hoi An. Huset til Tan Ky oppe til høgre. Den japanske brua med brurepar nede til høgre.

Byen er blitt ein utprega turistby og vi gjekk i flokk og følgje med andre turistar. Den gamle bebyggelsen ligg ved elvebreidda og er årleg utsett for flaum. Vi besøkte huset til Tan Ky, ei rik kjøpmannsslekt. Byen var tidlegare Vietnams viktigaste hamneby, men elvemunningen vart etter kvart for grunn og Da Nang overtok som hamn. Turistane flokkar seg ved den japanske brua, oppført på på 1500-talet. Det er også ein ynda stad for bryllupsfoto, noko vi vart vitne til.

IMG_6042.JPG
Mykje som fristar i Hoi An sine butikkar og utsal. Kunstferdige papirfigurar (opp til høgre) er populære.

Vi var på konsert med tradisjonsmusikk og også her var det tempelbesøk. På vandring i eigen regi i Hoi An kom vi tilfeldigvis forbi eit interessant museum med ei flott fotoutstilling av kvinner og folkedrakter frå ulike landsdelar. (Sjå bilete under).

IMG_5398.JPG
Museum for kulturarv i Hoi An
IMG_6043.JPG
Tradisjonsmusikk og tempelbesøk i Hoi An. Alter med offergaver og røykelsespiralar i taket.

Ein liten båttur unna ligg ei lita øy med ein landsby der det blir vevd tradisjonelle matter. Mattene blir brukt både til sitte- og soveunderlag. No før tét blir både matter og klede hengt ut til lufting.  Jenta på biletet hadde vevejobb når ho kom frå skulen. Har ryggen godt av dette arbeidet, tru? Under Vietnamkrigen var øyene her i deltaet i bruk av motstandsrørsla.

IMG_6044.JPG
Landsby på øy i elvedeltaet utanfor Hoi An. Her blir vevd matter og levd enkelt.

Etter Hoi An gjekk turen til keiserbyen Hué og derifrå med fly til Ho Chi Minh-byen (Saigon). Eg delar denne reiseskildringa opp i to bolkar. Resten blir skildra i neste innlegg, som kjem om ikkje så altfor lenge.

Dølar i sameland

Den 6. februar er samefolkets dag.  I det høvet vil eg gjere litt ære på dagen ved å sjå nærare på samane si historie i Indre Troms.  Eg er ikkje same, men har røter  i dalføra som var i bruk av samar lenge før dølane sørfra innvandra til Bardu og Målselv på 17- og 1800-talet.

fullsizeoutput_3726

Historia om innvandringa frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag har for meg, og sikkert fleire, skygga for historia som knyter seg til tida før bøndene sørfrå slo seg ned i dalane, med medbrakte skikkar og kultur. Oppfatninga har helst vore at dei praktisk talt kom til jomfrueleg villmark. Parallellen til koloniseringa av Nord-Amerika og tilhøvet til urbefolkninga er ikkje vanskeleg å sjå.

I løpet av seinare tid har ein måtte erkjenne at historia er meir nyansert. I tillegg til skriftlege kjelder og nyare forskning har arkeologisk materiale fått fram eit anna og meir samansett bilete både når det gjeld tidsdjupne og tidlegare tiders bruk av områda. Det er steinalderfunn frå Altevatnområdet, Dividalen og Viken i Bardu. Frå jernalder og middelalder er det fleire funn av samiske offerplassar.

Når vi ferdast rundt i kultur- og naturlandskap i Indre Troms trakkar vi altså ikkje berre i spora etter våre forfedre og formødre som slo seg ned som bønder her.  Vi går også i spora etter samefolket, og til fangstfolket som levde her i yngre steinalder, forgjengarane til dagens samar. Fangstgroper og funn av reiskaper vitnar om stor tidsdjupne. Det er også funne fangstgroper like i nærleiken av der eg vaks opp. Sjølve kommunenamnet Bardu har samisk opphav.

Samane vart tidlegare kalla lappar eller finnar (ikkje å forveksle med kvenar). Dei som dreiv med reindrift vart gjerne kalla fjellfinnar.

P8041309.JPG
Rast på Vakkerlåtfjellet i 2010. Etter gammelt var her reindriftsveg mellom Sørreisa og Sverige.

Grensetvister og samiske rettar

Bardu og Målselvområdet var frå gamalt av eit grenseområde og dermed av interesse for fleire statar. Samane vart kravd for skatt både frå Danmark-Norge, Sverige og Russland.  Gjennom fleire århundre var det grensetvister mellom Norge og Sverige, spesielt på Nordkalotten. I 1742 var det oppnevnt ein grensekommisær, Peter Schnitler, som fekk i oppdrag å oppta vitneprov frå bumenn og samar om grensespørsmålet. Protokollane frå dette arbeidet er ei rik kjelde til kunnskap om tilhøva på den tida. Frå eksaminasjonen i Sørreisa i 1743 får vi dei første opplysningane om fast reindriftsveg gjennom Bardu. Her vart også opplyst om korleis området mellom kysten og riksgrensa i Bardu og Målselv vart brukt om sommaren. Dei hadde sine faste plassar, som ved behov vart tillempa av samane sjølv.

I samband med grensetraktaten i 1751 mellom Norge og Sverige vart den såkalla Lappekodisillen vedtatt. Det er ein gjensidig traktat mellom to riker, som garanterte samane sine rettar som dei hadde frå tidlegare. Det vart fastslått at reindriftssamane i kraft av gamal sedvane framleis kunne bruke sine gamle beiteområde og flytteruter på tvers av grensene. Men Lappekodisillen kunne ikkje hindre den norske koloniseringa som kom i Bardu og Målselv.

Samane som møtte nybyggjarane var altså samar frå svensk side.  Oppfatninga om at samane brukte dalane berre til transitt, slik det vart framstilt frå fogd Jens Holmboe som var pådrivar for koloniseringa av Bardu og Målselv, stemmer altså ikkje. Det var snakk om lengre opphald på faste leirplassar, og reinflokkane beita også i skog og mark undervegs. Områda i Bardu og Målselv var brukt til sommarbeite for samane for det som i dag er Talma og Saarivouma samebyar på svensk side. Samane hadde også ein leirplass i inst i Skoelvdalen så seint som då far min var ung. Dette tok slutt i mellomkrigstida.

Så – om ein likar det ikkje – det er nok samane som har den lengste historia i desse bygdene. Før dølainnvandringa på 1700-talet var Bardu og Målselv eit av dei gamle kjerneområda for samane. Dette er utdjupa i den interessante artikkelen «Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940» som ligg ute på Målselv historielag si nettside og som var publisert i lokalavisa «Nye Troms» 23. juni 1988, skrive av Karl Magnor Olsaker (1944-1996). I denne artikkelen tar forfattaren for seg samisk busetting i Bardu og Målselv før 1500, skattelegging av samane før 1700, sjøsamisk bruk av Bardu og Målselv, utviklinga av reinnomadismen på 1600-talet, Schnitlers eksaminasjonar i forbindelse med grensetraktaten i 1751, Lappekodicillen av 1751, reindriftsnæring i Nord-Sverige og Indre Troms 1750-1870, 1800-tallet – konflikter bumann  – same, reindriftsnæringa på slutten av 1800-tallet og den samiske bruken i mellomkrigstida og krigsårene 1940-1945.

Det lyt nemnast at det på 1700-talet var sterk utflytting av svenske samar, som på grunn av uår og reinpest måtte oppgi reindrifta. Desse «markefinnene» slo seg ned i bygdene, men i utkantstrøk som var mindre eigna for jordbruk, t.d. i enkelte strøk ovanfor Målsnes i Målselv.

Fleire reguleringar gjennom tidene har påverka samane sine livsvilkår og status. I 1852 vart den russiske grensa stengt for norske samar på veg til vinterbeite i Finland. I 1889 vart den finske grensen stengt for svenske samar på veg til vinterbeite i Finland. Og i 1919 mista svenske Karesuandosamar store sommerbeite i Troms. Dette førte til at halve befolkninga som dreiv med reindrift i Karesuando vart tvangsflytta til område lenger sør. Utviklinga av grensekryssande reindrift er bl.a. behandla av Nils Johan Päiviö i ei av delutgreiingane for Samerettsutvalget i NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms .

Det fører for langt å gå inn på alle desse tema her. Meir aktuelt stoff er å finne om samerett i Store Norske Leksikon og på regjeringa.no  om fortolkingar av reindriftsloven og sameloven.

Men no skal eg sjå litt nærare på forholdet mellom samar og dølar.

Dølane kjem

Bakmennene for koloniseringa av Bardu og Målselv var fogden Jens Holmboe og skoginspektør Nicolai H. Ramm, som såg store moglegheiter for nydyrking og skogsdrift i dei fruktbare dalføra. Bønder sørfrå var best eigna til dette, meinte dei. Det hadde lita tiltru til kystfolket i så måte. I tid fell dette saman med tronge tider i dalføra sørpå, og naturkatastrofen «Storofsen» var óg ein faktor som påskynda flyttinga mot nord.

Sjølv nedstammar eg på farssida direkte frå dei første familiane som kom frå Tynset og busette seg i Bardu i 1791. På morssida er eg etterkommar av innflyttarar til Målselv frå Helgeland, Oppdal og Gudbrandsdalen. Vi kan vel knapt førestille oss kva for eit strevsamt og hardt liv det var for nybyggjarfamiliane. Det heroiske med dette er då heller ikkje blitt underslått i bygdebøker og annan litteratur.

Etter den første innvandringsperioden var det opphald heilt til ei ny innvandringsbølgje kom i 1820-åra og utetter. Seinare vart Amerika målet for dei som søkte seg til andre livsvilkår.

For samane førte innvandringa med seg store endringar. Dei opplevde at nybyggjarane la beslag på område som dei hadde hatt som kvileplassar og rydningar i skogen der reinen kunne beite. Oftast gjekk det fredeleg for seg, men det oppsto også samanstøyt, nokre av dei med alvorleg utfall. Det mest dramatiske var då ein same på Bones i Salangsdalen i Bardu i 1838 vart slått ihjel av bonden og drengen. Rydningsmannen hadde busett seg like i nærleiken av ein fast sommarbuplass for samane. Bonden slapp straff, men drengen vart straffedømt.

I takt med at det vart rydda fleire gardsbruk, vart også utmarka meir intensivt nytta til beite og seterdrift, noko som innskrenka dei areala som tidlegare hadde vore tilgjengelege for reineigarane.

Møtet mellom samar og døler er belyst i ein masteroppgave som i lys av «dølakulturen» i Indre Troms også ser på forholdet mellom innflyttarar/fastbuande og samane. (Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991). Eg tar med eit sitat frå oppgåva:

«…For dølenes vedkommende er bevisstheten omkring historie, slekt og avstamning en viktig del av deres selvoppfatning og virkelighetsforståelse, både slik den overleveres muntlig gjennom en aktiv fortellertradisjon og slik den skriftlig framstilles i bygdebøker, årbøker o.l. Fortid, forfedrene og dølenes totale bosetningshistorie i dette nye området har betydning som referanseramme både for å dokumentere kulturbakgrunn og tradisjoner og for å legitimere sin territorielle og gruppespesifikke berettigelse. Fortida er en måte å relatere seg til nåtida, og folk tenker og handler med referanse til denne fortida. Historie er også myte eller symbolske framstillinger slik de overleveres fra generasjon til generasjon. Folk er med andre ord aktive medskapere av sin egen historie ved at de tolker, refortolker og dyrker eller reifiserer sin historie. Dette gir igjen grunnlag for definisjon av hvem man er både som individ og gruppemedlem og er med å bekrefte og forsterke ønsket tilhørighet og identitet.»

Dett er noko som jo kan gjerast gjeldande for døler såvel som samar.

Så kva med dagens situasjon? Så seint som i 2007 var  Reinstriden i Troms ei tema på NRK. I dei seinare åra har det vore konflikter grunna svensksamar si ulovlege hyttebygging ved Altevatn.  Fylkesmannen har gitt Bardu kommune medhold i pålegget om riving, men på svensk side ser dei annleis på det, og viser til Lappekodisillen og ein høgsterettsdom frå 1968, då samane fekk erstatning for tap i samband med reguleringa av Altevatn. Dette er ikkje heilt enkelt.

Tilhøvet til storsamfunnet

Samane sin status og tilhøvet mellom bumann og same er óg farga av tidsånd og nasjonale forhold.

I motsetnad til samane hadde bureisarane nasjonalstaten i ryggen. Det var sterke nasjonale strømningar i Norge på denne tida. Den nomadiske tilpassinga passa dårleg inn i dette biletet, der idealsamfunnet besto av fastbuande bønder. Jordbruket vart sett på som meir inntektsbringande og dermed til gagn for landet. I 1861 sto det skrive i Tromsø Stiftstidende (gjengitt i Olsaker sin artikkel):

«Det er i Statens Interesse at fremme Bureisningen. Selv om dette skulde skje gjennom den Sterkeres Ret til at træde en ældre, men halvvild og nomadiserende Stamme tilside, saa vilde Staten i Sandhed kun slet røgte sit eget Tarv og Civilizationens Bud ved at lade sig afholde herfra af en – nøiere besett – falsk Rætferdighetsfølelse».

Ja, slikt kunne ein få seg til å skrive i dei dagar.

Samane vart i åra som kom også skulda for å ha flytta skoggrensa. Skogforvaltar Ivar Ruden fekk i 1909 i oppdrag av skogdirektøren å kartlegge eventuelle skadar på skogane i Troms som kunne tilskrivast dei svenske reindriftssamane som oppheldt seg i fylket i sommersesongen kvart år. Basert på inntrykk frå befaringar, notat og fotografi skreiv Ruden rapporten «Fremstilling av en del av den skade som de svenske flytlapper og ren har voldt på skogen i Tromsø amt» (1911).

DSS.0337.jpg
Frå rapporten «Den svenske Rentrafiks Skade paa Skogen. Lappeleir i Liveltskaret, Bardu.»      Foto: Ivar Ruden, Norsk skogbruksmuseum.

Biletet over viser ein samisk leirplass i Liveltskaret i Bardu kommune i Troms. Vi ser ei ung kvinne i samisk drakt som sit på bakken med eit arbeid mellom hendene. Ein mann med dressjakke på overkroppen og lue med blank skygge på hovudet (muligens skogbetjent Olav Foshaug [1869-1937] frå Bardu) sit ved sida av. Bak ser vi eit samisk «stabbur» – eit stativ lagd av bjørkerajer. På dette lagra samane verdiar som skulle haldast unna dei firbeinte.

Ruden var også opptatt av bruken av stadleg bjørkevirke i den samiske byggeskikken. I sin enklaste form besto dei samiske stabbura av tre kvista bjørkerajer, oppsett slik at dei møttes i toppen, men i dei fleste tilfelle gjekk det med 20-40 bjørkestammar. I rapporten publisert i 1911 er han ikkje nådig i si vurdering av skadeomfanget:

«Liveltskaret har været og er et av flytlappernes faste tilholdssteder. De har ned gjennem tiderne med sine gjærder og liggepladser fulgt efter skogen og trykket skoggrænsen ned i hele dalens bredde ca. 3 km. De saaledes avsnauede strækninger er opfyldt av gamle gjærdetomter og ildsteder, der betegner liggepladserne. Vinden feier nu uhindret fra høifjeldet nedigjennem skaret. Gjenvekst forekommer ikke og kunde vel heller ikke – saa ubeskyttet, som marken nu er – leve, selv om spirer til ny skog kom i jorden. Avsnauet areal i denne trakt er ca. 300 ha.»

I samband med 200-årsjubileet i 1988 vart det laga eit fjernsynsprogram om «Nybyggere i sameland» som også tar opp konfliktene med samane som hadde brukt området i fleire hundre år. (Programmet kan lastast ned, sjå lenke nederst).

Bård A. Berg ved UiT Norges arktiske universitet har i sin doktorgrad i historie om utviklinga av den samiske reindrifta i Norge i det 20. århundre (1999) fokusert på tilhøva i Midt- og Sør-Troms. Han peiker på at konfliktnivået mellom reineigarar og jordbrukarar auka i takt med nyrydninga i indre Troms og at dette var bakgrunnen til at det seinare (1883) vart innført ei reindriftlovgiving for heile Norge sør for Finnmark som var heilt på jordbruket sine premiss.

I den seinare tid har også professor Ivar Bjørklund ved UiT Norges arktiske universitet gått hardt ut mot norske myndigheiter og hevda at fornorskinga i dag har eit vel så sterkt nedslag gjennom ulike næringspolitiske tiltak.

FBib.01005-076.jpg
Fra Bardudalen. Foto: Schrøder, håndkolorert. Norsk Folkemuseum si biletsamling.

Biletet over er frå Norsk folkemuseum si biletsamling. Biletet er omtalt slik:

Portrett av samisk mann og liten pike. Sommerlandskap med Bardudalen i bakgrunnen. I bakgrunnen sees taket på flere hus og til høyre i bildet kan man se en bro. Den samiske mannen er kledd i kofte og samisk lue, med belte i livet. Piken er kledd i kjole. De står på en eng. På 1930-tallet beitet svenske reindriftssamer i Stordalen i Bardu. Stordalen var da «sommerbeite for svenskelapper» og reinsdyrene vandret frem og tilbake over grensen til Sverige. Den store dusken i lua minner om svenske sameluer. Saarivuoma sameby har etter 2005 igjen tatt i bruk beiteområdene i Norge. Muligens er dette en svensk nomade på vårflytting i Norge.

Dei lure lappane

Alle Bardudøler over ein viss alder har bind I og II av Bardu Bygdebok ståande i bokhylla. Forfattar er Eystein Eggen frå Vingelen i Tolga.

Eg har studert bygdeboka nokså flittig opp gjennom åra. Boka osar av beundring for dei staute og strevsomme nybyggjarane av god ætt frå Østerdalen. Samtidig er omtalen av samane – «lappane» – med vår tids auge nedsettande, ja beint fram rasistisk. Her er eit eksempel, der forfattaren bl.a. skildrar samane sin utsjånad og framferd:

..»Små som de er, virker det nesten komisk å se dem duve fram i regnet og solsteiken med en prangende hodepynt av knallrøde garndusker. Denne buketten henger som overmodne rognebær fram over luebremmen, men lappene er sikkert stolte av stasen, og denne litt makabre sans for sterke farger er ikke undergitt motegalskapen. Den er for dem et nasjonalt symbol. Nede i bygda bruker de å slå seg ned i en bjørkelund og lager en leir av småtelt. Gløgge i oppfatninga og med et smålurt, humoristisk syn på livet omkring seg, farter de omrkring og byr fram huder, skinn, skaller og små souvenirs av horn og bein som de alltid forstår å verdsette etter tidas priser. I så måte synes de å ha fått litt av jødenes klare forretningsinstinkt. Ofte kan de vise et mindre fornøyd uttrykk når handelen går tregt, men ellers har de en godslig og smilende framtreden. De som forstår å omgås lappene, vil alltid vinne seg vennskap og tillit hos dem…»

Og møtet mellom flyttlapper og bønder er skildra slik:

«Med sitt gløgge syn og sin rappe evne til å oppfatte det som skjer, kan lappen vise en skarp intelligens, og her forsto han straks at disse nye bumennene hadde en kraftig og uforferdet karakter som gikk fram på tross mot villmarka og rovdyrene. Mistru og brødnid finnes hos alle folkeslag, og hos nomaden ligger disse to egenskapene på lur ferdig til å bryte ut mot alt som viser overlegne tendenser.»

Dette er dryge ting som naturlegvis ikkje ville kunne passere i dag. Men kven på min alder hugsar ikkje meir eller mindre nedsettande kommentarar frå bygdefolket om lappane? Samane i dag har heldigvis fått endra status, det er kome lovar og institusjonar som skal sikre likeverd og respekt. Verda går tross alt framover. Og snart kjem det ny bygdebok som heilt sikkert har kvitta seg med slike haldningar.

Alle er produkt av arv og miljø. Når det gjeld forfattaren Eystein Eggen d.e. høyrde han til ein familie med sterke NS-sympatiar før og under krigen. Barnebarnet hans, Eystein Eggen d.y. skreiv boka «Gutten fra Gimle» (1993) om oppveksten med NS-foreldre i det som hadde vore Vidkun Quisling sin residens «Gimle». Han hausta sterke reaksjonar frå familien, og i essayet «Familiefortrengninger, eller et NS-barns lange vei hjem» (2000)  går han i rette med dei ulike familiemedlemmene, også farfaren. Her kjem han mellom anna inn på bygdeboka:

«….Av og til utmyntes musikken i ord, som hos farfar. Han trakk seg tilbake til sitt Akropolis av tømmer, glodde opp på årstallene1697 – 1943 i mønsåsen og skrev sagaen om da de blonde østerdøler koloniserte Bardu i Troms, et verk som fremdeles inntar en ledende plass blant våre mer rasistiske bygdebøker….»

For meg har det stor verdi å ha tilknyting til, og ikkje minst å kunne vandre i eit landskap som har ei mykje meir mangfaldig og rik historie enn det eg var klar over då eg vaks opp.  Så dermed avsluttar eg med å seie: gratulerer med dagen – Lihku beivviin – den 6. februar!

Lenker

Nybyggere i sameland (NRK 1988)

Samene – finnes de egentlig? Nordnorsk debatt (Ivar Bjørklund, 24. april 2017)

Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms (Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991)

Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940 (Karl Magnor Olsaker, artikkel i Nye Troms 23. juni 1988).

Samene og 1814, Artikkel av Bård A. Berg i tidskriftet Gnist nr 4/2014

Visit Bardu: Samer – innflytting av bønder – forsvar

Fagrapport om kulturminne i Konsekvensutredning Arealplan 01/2006 Sørdalen-Isdalen nasjonalpark Deltema kulturhistorie Alma Thuestad NIKU

NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget, Avgitt til Justis- og politidepartementet 3. desember 2007.

Mennesker og steder i et nord-norsk landskap En studie av landskapsforståelse og landskapsbruk fra jernalderen til nyere tid. Jon Gunnar Blom, Mastergradsoppgave i arkeologi, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for Arkeologi og Sosialantropologi, Universitetet i Tromsø våren 2012

 

 

 

Heime og borte, før og no, oss og dei andre

Eg er oppvaksen med utsikt til Istindan, ikon og identitetsmarkør nummer ein for Bardu og Målselv. Eg var overtydd om at det var rettsida av Istind eg såg. Etter kvart oppdaga eg jo at Istindan såg annleis ut frå andre stader og at «mi» side ikkje var den einaste rette. Det same gjaldt andre fjell. Frå Malangen vart Mårtind bakvendt, og Vassbruna og Mauken skifta utsjånad etter som ein flytta seg i dalen. Slik er det med det meste. Endrar vi synsvinklar og er opne for andres syn utvidar vi perspektivet og blir i stand til å sjå heilskapen. Som diktaren Olav H. Hauge skreiv: «Fjell lyt du yver skal du koma lenger».

IMG_3009.JPG
Istind i mørketidslys

«Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei høyrer til» skreiv namnebroren Olav Duun. Vi som bur ved foten av fjella er flyttbare, men også stadbundne. Sjølv den internasjonalt orienterte Olav H. Hauge levde heile sitt liv som fruktbonde i Ulvik i Hardanger.
For ein mannsaldar sidan reiste eg frå Bardu til Bergen. Spranget er stort frå innlandskommunen i nord til vestlandskysten og bylivet i Bergen. Etter åra i Hansabyen kan eg nok kalle meg bergensar om eg vil. Eg er like kry som dei innfødde over den vakre og eksentriske byen mellom dei sju fjell. På nasjonaldagen – der feiringa skil seg vesentleg frå andre stader i kongeriket – speidar eg alltid etter Målselv/Bardubunaden. Er eg heldig ser eg 2-3 stykker. Også i Bergen er nasjonaldagen ei mønstring av det beste i sivilsamfunnet. Forskjellar til tross – det er meir som samlar enn som skil. Og med hjartet på rette staden har ein hjarte både for andre stader og andre folk.

Mykje har endra seg i bygd og by på desse åra. Sjølv om Bergen er min by, er det dalføra her nord som er landskapet mitt. Synet av buktande elver, furumoar, åsar og smekre tindar i synsranda gir ro i sjela. Men eg saknar synet av sommarfjøset som eg veit ligg oppe i skogbrynet. Bakken der eg øva meg på ski er tilgrodd. Jorda som generasjonane før oss dyrka opp ligg brakk mange stader, og hus og fjøs står tomme. Gran planta i beste meining på 50- og 60-talet er i ferd med å utkonkurrere lyskrevjande artar i bjørkelia. På innmarka blomstrar geiterams og mjødurt. Vakre plantar, men teikn på kulturlandskap i forfall. Dette er ikkje særskilt for bygdene her nord, og har årsaker som eg ikkje skal gå inn på. Men kunne dyrkingsjorda utnyttast på anna vis? I mange byar er det rift om parsellar der ein kan dyrke llitt sjølv. Dei som kunne tenke seg litt matauk kunne kanskje fått leige seg ein jordlapp?

Mens skogen veks seg tjukk tynnast det ut med folk. Langs vegen, som før var både møte- og leikeplass, er lite folk å sjå. Beina og sykkelen var framkomstmiddel før bilen vart allemannseige og tungtransporten tok over. Folk som ferdast på vegen i dag er ute på treningstur eller luftar bikkja. Før lufta hundane seg sjølv eller vokta gard og grunn. Om hausten fekk dei vere med på elgjakta, framleis ei særs viktig hending. Vilt med molte til dessert er festmat landet over. I nord er vi privilegerte i så måte. I sør er ein lukkeleg over å ha til moltekremen julaften. Jula er elles ei tid då mattradisjonar vert tatt vare på. Men dei er ikkje statiske. Pinnekjøt er eit vestlandsprodukt som er blitt standard julemiddag også i nord. Folk flest er heller ikkje redde for utanlandsk påverknad i matvegen. I bygdene landet over har driftige damer frå Thailand bidratt til dette. Personleg skulle eg ønskje det sto meir god tradisjonsmat på menyen. Det kan bli for mykje pizza.

IMG_4832
Førjulsstemning og julemarked i Bergen by

No er det er vinter og mørketid. I Bergen saknar eg snøen og mørketidslyset. Var eg i nord ville eg gått ut og filosofert litt under stjernehimmelen. I møte med det store er det mykje som blir smått. Og sjølv om månen og Karlsvogna står på snei på andre breiddegrader, er det dei same himmellegema som blir sett av milliardar andre på kloden. Folk er folk alle stader, med ønskjer om fred og eit godt liv for seg og sine. Skjenk ein tanke til alle som ikkje er på vår «rettside» når vi no går inn i julehelga. Så står det berre att å ønskje alle ei velsigna god og fredfylt julehelg!

(Dette innlegget står på trykk i juleheftet «Jul i Bardu og Målselvdalen 2017)

Krigsspor i mørketid

Det nærmar seg jul. Her kjem ingen rapport om mine førjulsaktivitetar, sjølv om eg desse dagane syslar med mitt, både med bakst og annan tradisjonsmat. Ingen bilete av krumkaker, lefser, vørterkake, lammerull og sylte. Det kjem heller ikkje foto av vårt nyoppussa soverom. Eg har valgt meg eit heilt anna tema denne gongen, nemleg krig. Og då meiner eg ikkje kampen kvar av oss måtte føre mot problem i kvardagslivet.

For tida går det ein dokumentarfilmserie om Vietnamkrigen på NRK 2, med rystande tilbakeblikk på ei tid og ein krig som danna bakteppe for store delar av mi ungdomstid. På NRK har det også nyss vore eit program om korleis dei som var barn opplevde tyskarane sin hemnaksjon i Telavåg på Sotra i 1942. Fortellingane om 2. verdskrig ser ikkje ut til å ta slutt. Både denne og andre krigar har vore uutømmelege kjelder for historikarar og forfattarar.

Og vi ser ikkje slutten på krigar og krigshissing. Dagens nyheitsbilete er prega av den farlege leiken mellom mildt sagt ustabile leiarar for to atommakter. Krigen i Syria har etterlate seg eit land i ruinar og millionar av menneske på flukt, for å nemne noko. Norske soldatar har i årevis vore sendt til krigs- og konfliktområde. Muslimar generelt vert stempla som farlege folk som vi ikkje vil ha i vårt nabolag. Spora skremmer og mørketid kan vere så mangt.

Vietnamkrigen – «vår» krig

Eg tenkjer at alle generasjonar opp gjennom tidene har hatt ein krig som har prega dei og forma deira syn på samfunnet. Min generasjon hadde ikkje krig og okkupasjon nær innpå oss slik som foreldregenerasjonen. Det var Vietnamkrigen som vart vår krig.

USA heldt det gåande i årevis med støtte til ein krig som førte til enorme tap av menneskeliv og store lidingar både under og etter krigen. To millionar vietnamesarar mista livet, 50 000 amerikanske soldatar vart ofra.

71ac4ed2-c587-4c42-b85e-082b263de945
Blad frå imperialismens dagbok (Per Kleiva)

Motstanden mot krigen var eit heilt sentralt element i ungdoms- og studentopprøret som skaut fart på slutten av 60-talet, og som nådde eit høgdepunkt i det legendariske og dramatiske året 1968. Det året var mitt siste år på gymnaset i Tromsø.  Eg minnest enno sinnet mitt når nyheitssendingane meldte at Lyndon B. Johnson på ny hadde trappa opp krigføringa.

Eit par år seinare var eg student på Universitetet i Bergen, også kalla «Leninhøyden». Dette var ein tidsepoke sterkt prega av aktivisme og steile politiske frontar.  Her til lands blanda krigsmotstanden seg etter kvart med andre kampsaker som kvinnekamp og kampen mot EU-medlemskap.

Vietnamkrigen var den første helikopterkrigen. Dette vart spegla i biletkunsten på den tida. Per Kleiva hadde ein serie grafiske blad – Blad frå imperialismens dagbok – med amerikanske krigshelikopter som motiv.

Den før nemnte TV-serien om Vietnam har fått tonefølgje av musikken vi lytta til på denne tida. Bob Dylan og Beatles, og fleire av dei store frå gullalderen på 60-talet. For ein sekstiåttar vekker dette sterke kjensler!

Om Vietnamkrigen (Wikipedia)

2. verdskrig – foreldra sin krig

Sjølv er eg oppvaksen med ein foreldregenerasjon som akkurat hadde lagt krig og okkupasjonstid bak seg. Eg syntes ofte det vart vel mykje av fortellingane om krigen, men med alderen har eg jo fatta meir interesse både for desse fortellingane og for historie generelt. Det var ei tid med hendingar og tilstandar som er vanskeleg å førestille seg i dag.

Fleire av bygdas menn deltok i kampane ved Narvik. Dagleglivet for folk vart sterkt påverka av okkupasjonen. Tyskarane tok seg til rette og okkuperte også hus og opphaldsrom på gardane. Mor mi sine fortellingar frå dagleglivet som hushjelp («taus») på ein gard der tyskarane hadde okkupert det meste av opphaldsromma skulle ha vore nedskrive. Dessverre er dei fleste som levde i denne tida no gått bort

Ein kuriositet var det at okkupasjonsmakta også dreiv jakt på elg. Ordinær elgjakt i bygda, slik vi kjenner den i dag, kom ikkje i gang før ei stund etter krigen. Det var visstnok far min som skaut første elgen etter krigen. Dette har eg fått vite ganske nyleg, eg kan ikkje hugse at dette vart fortalt om heime. Far min var elles ikkje nokon jegar, han likte seg nok betre med fiskestonga.

Mine foreldre sine opplevingar fann stad i eit strategisk viktig område. Den nye flyplassen på Bardufoss vart brukt av norske og britiske flyavdelingar. Den tyske okkupasjonsmakta utbetra flyplassen og ein stor del av arbeidet vart utført av tvangsutskrivne norske arbeidarar, politiske fangar og krigsfangar. Flokkar av utmagra og forhutla fangar passerte stadig forbi på vegen, rett framfor husdørene.

Då det leid mot slutten av krigen frykta folk i bygda at også dei skulle lide same skjebne som befolkninga i Finnmark. Nokre av mine slektningar bygde gammer i utmarka for å vere i beredskap.

Knappheit på varer under og etter krigen låg nok bak min foreldregenerasjon sin hang til å ta vare på ting og gjere seg nytte av alt mulig. Ingenting skulle kastast. På hytta som vart bygd på 50-talet kunne ein finne at material frå tyskerbrakker. Også steintøyservise med den tyske ørna var å finne i hus og hytter. Ammunisjonskasse vart montert som verktøyskap i sjåen. Far min brukte i mange år flygarhovudplagg når han sykla på jobb. Og fallskjermsilke vart nytta til å sy blusar av.

Eg veit ikkje om det var nokon frå bygdene i Indre Troms som reiste til sjøs i desse åra, slik som «Skogsmatrosen» frå Rena i  John Michelet sitt romanverk om «En sjøens helt» som omhandlar konvoifarten for den norske handelsflåten under krigen. Eg held på med bok nummer to i serien. Det er sterke saker. Kva krigsseilarane vart utsette for av påkjenningar er umogleg å førestille seg.

Forsvar og samfunn

Etter krigen vart Indre Troms ytterlegare befesta som militært område. Dette påverkar lokalsamfunnet på mange vis. Forsvaret er blitt ein hjørnestein for lokal økonomi og sysselsetting, og har betydning langt utover reint militære formål. Bardu ligg som nummer to i landet over kommunar med flest statlege arbeidsplassar etter folketalet, med Målselv hakk i hæl.

I diskusjonen om framtidas forsvarspolitikk gir dette seg interessante utslag. Striden har særleg stått om Bardufoss som framtidig helikopterbase, men også om Hæren fortsatt skal ha same rolle og omfang som tidlegare.  Når det sivile samfunnet er samanvevd med og avhengig av militær aktivitet kan det oppstå ein del paradoksar dersom ein ser for seg ei framtid tufta på fred mellom verdas nasjonar.  For å komme på banen lyt ein då vektlegge forsvarsfaglege argument. Altså legge til grunn utsiktene for framtidig krig i nordområda. Det såkalla Tromsdokumentet om framtidig forsvar i nord er eit tydeleg eksempel på dette. Dokumentet var eit innspel frå sentrale politikarar i Troms i diskusjonen om langtidsplanen for forsvaret.

IMG_1899.JPG
Vanleg trafikk langs E6 i Bardu

 

2249
Amerikanske militærhelikopter på Bardufoss i 2016. Foto: Nye Troms 01.03.2016

Om «sjeldne fugler på Bardufoss» i Nye Troms 01.03.2016.

Indre Troms er øvingsområde for styrkar frå NATO-landa. I den seinare tid er det på tale med fast stasjonering av amerikanske styrkar. Kor trygt er det i desse tider å binde seg enno sterkare til NATO og USA mon tro?

Eg er som sagt oppvaksen med militærvesen rundt meg på alle kantar. Det var liksom heilt normalt, og ganske spennande kunne det vere, spesielt når det kom internasjonalt besøk. Ein tidlegare ordførar meinte at jenter var viktigaste eksportartikkel i Indre Troms. Noko kan det vere i det. Dette kunne det sikkert skrivast meir om.

Mot krig?

Motstanden mot atomvåpen er igjen i fokus. Nobels fredspris for 2017 er tildelt den Internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN). Organisasjonen får prisen for sitt arbeid med å påpeike dei katastrofale humanitære konsekvensane av all bruk av atomvåpen, og for sin banebrytande innsats for å få til eit traktatfesta forbod mot slike våpen. Prisen er omstridd, og ambassadører frå atommakter har takka nei til å komme til Norge for å delta på seremonien.

Norge ville som i overkant lojalt medlemsland i NATO ikkje skrive under på FN sin avtale  om atomvåpenforbod. Norge er forresten ein ikkje ubetydeleg våpeneksportør. Blant anna sel vi ammunisjon til dei arabiske emiratene og dermed til krigføringa i Jemen. Som våpenutviklar og -leverandør er Kongsberggruppen og Nammo (tidlegare Raufoss ammunisjonsfabrikk) ein del av det militær-industrielle komplekset, dvs koplinga mellom rustningsindustrien, forsvaret og politikarar.

Så kor blir det av fredsrørsla? Burde det ikkje snart vere på tide med eit sterkare engasjement for fred, nedrusting og atomvåpenmotstand? Kor vart det av demonstrasjonane? Eg skal ikkje skryte på meg å ha vore nokon stor aktivist, sjølv i yngre dagar, men eg deltok faktisk på delar av fredsmarsjen i 1981, om nokon hugsar den. Den kom i stand på initiativ frå norske kvinner, og gjekk frå København til Paris. Eg var saman med familien på sykkelferie i Nederland og vi slutta oss til marsjen på etappen gjennom Nederland.

40.jpg
Fredsmarsjen 1981. Foto: peefilms.nl

Eg ser at eg i dette innlegget har gapt høgt. Byrjar ein å tenke over tema knytt til krigen blir ein etter kvart overvelda. Krigane er i stor grad blitt ståande som dei viktigaste historiske milepelane. Slik burde det ikkje vere. Og den brokete situasjonen vi har i verda i dag lovar ikkje godt. Siste stunt frå Donald Trump er å godkjenne Jerusalem som hovudstad for Israel. Slikt blir det ikkje fred av.

Inspirasjonen til å ta for meg eit så komplisert tema som krig kom opphavleg frå TV-dokumentarserien om Vietnamkrigen. Vietnam vart gjenforeint i 1975 og gjenoppbygginga kom raskt i gang. I dag er Vietnam eit populært reisemål. Om det framleis er spor etter krigen reknar eg med at desse ikkje er synlege på dei stadene som blir vist fram for turistane. Det blir no alle fall spennande å sjå. For på nyåret går turen til Vietnam!

 

Fem veker i nord – første etappe

Det har vore taust på bloggen lenge. Eg har vore i WiFi-fri sone men er no igjen på nett. På seinsommaren gjekk turen mot nord der eg altså har min sekundærbolig. For at dette ikkje skal bli for omfangsrikt er erfaringane fordelt på tre innlegg: reisa nordover, opphaldet nordpå og til slutt reisa sørover.  Kor interessant dette er for andre er vanskeleg å seie. Men for meg sjølv er det greit å ha nokre knaggar å henge minne på. Ting går fort i den store gløymeboka.

Nordover

Frå Bergen til Buskerud

Vi startar frå Bergen i strålande sommarvêr, altså i ein av dei korte periodane sommaren 2017 som har gått over i historia som den dårlegaste sidan 1964. Finvêret varar heile turen nordover.

Turen i bil nordover har vi gjort mange, mange gonger og dei fleste alternative ruter er utprøvde. Etter at vi no ikkje lenger er bundne av tilmålte feriedagar, kan vi unne oss litt slakk og omvegar. Ofte er omvegane dei mest spennande. Det er begrensa kva strake vegen langs E6 har å by på. Og så er det spennande å ikkje ha reiseruta fastspikra på førehand.

Vi reiser som vanleg med kajakkar på biltaket. Dette har vist seg å vere kontaktskapande, på linje med det å vere hundeeigar. Utanfor hotellet i Ål fanga vi interessen til ein tidlegare rallykjørar frå Sverige, som kunne fortelje at padling var noko han ikkje ville våge seg på. Kjekt med litt respekt.

Denne gongen blir det ikkje den spektakulære nasjonale turistvegen over Sognefjellet som så mange gonger før. Det blir Hardangervidda. Vi har langt å køyre, over 170 mil,  meir om vi tar omvegar.  Altså må vi unngå for mange stopp, men unnar oss ein første kaffepause ved Vangsvatnet på Voss. I konkurranse med andre rasteplassar langs hovudvegane fortener denne plassen terningkast 6.  Plassen ligg litt før Voss sentrum når ein kjem vestfrå. Her er også badeplass og snedig nok har Hjelle bakeri etablert seg her, med herlege bollar og anna snop.

fullsizeoutput_3644.jpeg
Rasteplassen ved Vangsvatnet, Voss

På strekninga Bergen – Voss – Eidfjord og vidare over vidda passerer vi fleire stader som i mitt yrkesaktive liv låg på mitt bord som plansak. Eg konstaterer at det har fått vekse opp handelssatelittar utanfor Vossevangen. Butikkar meint for plasskrevjande varer har som alle veit også rikt utval av detaljvarer. Bransjegliding kallast det.  Det er heilt greitt å vere pensjonist og frikopla frå slike saker no.

Så kryssar eg for første gong  Hardangerbrua inn til Eidfjord der det enorme cruiseskipet Viking Star ligg til kai og stenger fjordutsikten for hotellgjestane. Vi hugsar turbulensen rundt dåpen av båten, som førte til Bergen sin fargerike ordførar sitt fall. Bølgjene har no lagt seg. Men kva med Eidfjord sentrum? Kan ein sjå resultat av reguleringsplanen for sentrumsområdet no tru? Vi gir oss ikkje tid til å sjå ordentlig etter. Ting tar no uansett tid.

Deretter opp Måbødalen,  med Vøringsfossen som ligg ved nasjonal turistveg Hardangervidda og Fossatromma, er her skjedd noko etter at reguleringsplanen var vedtatt?  I det minste er det kome nytt utsiktspunkt nedanfor Fossli hotell. Utsiktspunktet  ved Fossatromma kjem vel etter kvart som tilrettelegginga held fram. Det har hendt at turistar har trådt feil og hamne i fossen. Viktig med sikring.

1024px-Vøringfossen
Vøringsfossen. Foto: Kenny Louie, Flickr – wikimedia

Vi passerer Sysendalen ved innfallsporten til nasjonalparken på Hardangervidda. I tidlegare tider var jernvinna på Fet eit av dei viktigaste produksjonsstadene for jern. No har nye næringar slått rot i form av ei formidabel hytteutbygging. Dette vekker minner om mange og til dels konfliktfylte reguleringsplanforslag som kom på min pult for fylkeskommunal fråsegn. Kva har skjedd med dei vidløftige planane om Eidfjord Resort, med fjell-landsby og tilhøyrande fasilitetar? Det ligg nok litt fram i tid. Den digre Sysendammen, magasin for Sima kraftverk ligg kloss i vegen. Elles registrerer eg at det er kome nye leilegheitsbygg på Maurset. Også her skal det bli fjell-landsby. Urbaniseringa av fjellheimen er i full gang.

Frå Hardangervidda til Trøndelag

Men no er eg straks ute av kommunane der eg har hatt plansaker. Eg er dessutan utanfor Hordaland fylke. Over i Buskerud kan eg senke skuldrane og slappe av.  I Ål blir det overnatting, deretter går turen til Gol og Golsfjellet, over til Valdres og Dokka og ned til Mjøsa, der vi tangerer Lillehammer på veg opp Gudbrandsdalen til Ringebu, der vi tar av til Venabygd. Dessverre gløymer vi å ta til venstre inn til Gausdal med Aulestad og Segalstad.  Dette er interessante trakter for meg som etterkommar på morssida av utflyttarar herfrå til Målselv på slutten av 1700-talet. Garden Segalstad er med på slektstavla for denne greina av familien.

IMG_4137.JPG
Shabby rasteplass ved Mjøsa

Rasteplassen ved Mjøsa, ved innfallsporten til eks-OL-byen Lillehammer, må eg nesten gi strykkarakter, til tross for fin utsikt over Mjøsa.

Vi legg vegen om Folldal.  På vegen får vi eit gløtt inn i Rondane nasjonalpark. Fjella ser forlokkande og ikkje minst lettgåtte ut, her må eg absolutt få tatt turen ein gong. Gruvedrifta i Folldal tok slutt i 1993 og anlegget er no museum. På museumskafeen blir det lunsjpause. Her er ein god del folk på besøk. Særleg for ungane er det stas med togtur i gruva. Vi har det travelt og gir oss ikkje tid til å utforske staden nærare denne gongen. Eg meiner at forfedrane mine som kjem frå traktene i Østerdalen hadde fraktoppdrag til gruvene, kanskje også her i Folldal?

fullsizeoutput_367f.jpeg
På veg til Folldal

 

fullsizeoutput_3641.jpeg
Folldal – gruve og museum

 

fullsizeoutput_3646.jpeg
Togtur i gruva

Vi passerer Alvdal, Tynset og Røros. Der har vi stoppa på tidlegare turar. Med min bakgrunn som etterkommar på farssida etter folk som flytta frå desse traktene til Bardu, er det sjølvsagt interessante stader. Sommaren 2010 oppsøkte eg museumssenteret på Tynset – Ramsmoen – for å forske litt meir på utvandringa herifrå til Bardu. Museet har namn etter Nicolai Hersleb Ramm som er rekna som «far» for utvandringa til Bardu. På museet var dei svært hjelpsame og henta fram både bygdebøker og anna. Eg fann litt andre versjonar av denne historia enn det som står i bygdeboka for Bardu. Eg la også to og to saman om bakgrunnen til at mine tippoldeforeldre braut opp og drog nordover i 1837.

Bileta under er tatt i 2010, då vi gav oss litt meir tid og bl.a. besøkte Vingelen.

IMG_4362.JPG
Øverst til venstre Neby, Tynset der mine tippoldeforeldre budde først. Tynset kyrkje, skrivarstua til Eystein Eggen i Vingelen, forfattar av bygdebok for Bardu bd 1 og 2, nede til høgre traktene mine tippoldeforeldre budde før dei reiste til Bardu.

Som ei avveksling tar vi turen gjennom Stugudalen og Tydalen. Pilegrimsleia Romboleden gikk fra Sverige via Tydal til Trondheim. Elles var det i Tydalsfjella ein av Nordens største krigstragediar fann stad. 3000 svenske soldatar under leiing av general Carl Gustaf Armfeldt døde her vinteren 1718/1719.

Vi overnattar på hotell i Stjørdal sentrum. I gamle dagar, på dei første ekspedisjonane våre nordover, overnatta vi gjerne i telt eller i campinghytter. Alt har si tid. No set vi pris på komfort, mjuke hotellsenger og rikeleg med frukost som opplading til lange køyreøkter.

Frå Trøndelag til Bardu

Så er det å ta fatt på E6 og den lange Namdalen. På tide å sette på den nedlasta lydboka.  Litt underhaldning må til på landevegen, det vert oftast krimbøker for å ha litt spenning. Årets bok av eit svensk forfattarpar (ikkje Sjøvall og Walløe!) viser seg dessverre –  etter ein lovande start – å vere ganske så keisam, utflytande i formen og overlessa med alskens sidetema.

Men snart er det tid for kaffe og den obligatoriske vaffelen ved Nord-Norgessporten. Og sjølvsagt toalettbesøk på eit av dei absolutt betre toaletta langs vegen.

IMG_4152.JPG
Nord-Norgesporten – Trønderporten for sørgåande

Nordland er eit langt fylke. Vi køyrer og køyrer og middagspausen blir som så ofte før på Saltdal turistsenter på Storjord. Vi har då forlengst forkasta dei litt vage planane om å besøke Rødøy på Helgelandskysten. Det blir Hamarøy, Hamsun sitt «æventyrland» i staden. Her har vi vore før og veit om fine padleplassar.

IMG_4159.JPG
Til Hamarøy i kveldinga

Vi har fantastisk ver, jamnt 23 grader og kjem til Hamarøy like etter solnedgang. Det blir overnatting på Sentrumsgården motell på Oppeid. Heilt OK standard, nesten betre enn dei to hotella vi har vore på. Frukost ordnar vi på felleskjøkken etter sjølvbeteningsprinsippet, maten finn vi i kjøleskapet. På andre sida vegen ligg den sjarmerande retrokafeen Idunngården, som også har uteservering i hagen. På Hamsunsenteret har vi vore før og derfor legg vi ikkje turen dit denne gongen. Eit fabelaktig bygg som uttrykker Hamsun sin person på slåande vis.

IMG_4360.JPG
Idunngården og Hamsunsenteret

Så ut på padletur i strålande sommarvêr og eit fabelaktig landskap. På ein padletur i same farvatnet nokre år tidlegare oppdaga vi nokre utruleg fine holmar med kvite strender, dei fann vi igjen.  Frå austsida av Vestfjorden kan ein nyte utsynet mot Lofotveggen. Denne dagen ligg veggen i varmedis, men kan likevel skimtast.

fullsizeoutput_3640.jpeg
Finare blir det ikkje

 

IMG_4359.JPG
Opplevingar på padletur i Hamarøy. Nede til venstre kunne vi hatt gløtt mot Lofotveggen.

Så forlèt vi Hamarøy og «ankommer bestemmelsesstedet» som vår GPS-venninne seier. Meir om dette i neste bolk.

 

Litt av kvart i Kraków

Eg har vore ein tripp til Kraków,  den historiske storbyen i regionen Lille Polen i sørlege Polen. Byen er eit populært reisemål for nordmenn og andre nasjonalitetar. Til europeisk storby å vere er det påfallande liten variasjon i hudfarge å sjå i bybiletet. Eg såg éin svart mann, elles var det kvite og asiatar. Ingen romfolk, ingen somaliar å sjå. Men no var det ikkje det nye polske regimet sin autoritære og framandfiendtlege politikk eg skulle skrive om. Eg tar også litt lett på omtalen av dei kjente turistattraksjonane. Så skal eg heller bruke litt meir plass på det ein kan oppleve om ein rører seg litt utanfor bykjerna.

IMG_3599.JPG
Gamlebyen i Krakow med markedsplassen øverst. Nede til venstre borgen på Wavel

Gamlebyen

Det som er lettast å la seg imponere av i Kraków er sjølvsagt gamlebyen Stare Miasto, med den gigantiske markedsplassen Rynek Glówny med kleshallen, dei gamle bygningane og kyrkjene, dei trivelege gatene, parkane, slottet på Wavel, gatelivet, hyggelege kaféar og restaurantar osv. Kraków sin gamleby har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1978.

Den gamle jødiske bydelen

I gangavstand frå gamlebyen ligg den jødiske bydelen Kazimierz. Her finn ein mange artige småbutikkar og kaféar, sjekk gjerne Josefa-gata. Og på Hamza på Szeroka-plassen kan ein få god mat med inspirasjon frå Midt-Austen.

IMG_3600.JPG
Kazimierz med den gamle synagogen i midten til høgre. Radler – blanding av øl og sitronbrus –  er forfriskande. Pus held auge med forbipasserande.

Saltgruva i Wieliczka

Besøk i den berømte saltgruva i Wieliczka er nesten eit must. Vi satsa på ei organisert utflukt og vart guida kilometervis gjennom gruvegangane med stopp på utvalde stader undervegs.  Alt i alt er det 300 km med gangar. Gruvedrifta skriv seg frå 700 år tilbake, men drifta er no avslutta. Gruva står på UNESCO si verdsarvliste.

IMG_3601.JPG
Frå saltgruva med kyrkje og kunstverk av salt. Bl.a. ein versjon av Rembrandts «Nattverden».

17. mai på Schindlermuseet

Vi spaserte på den nye gang- og sykkelbrua «Bernatek» over Wisla til det nye Schindler-museet. Museet er etablert der Oskar Schindlers emaljefabrikk låg.  Historien om korleis Schindler berga livet til jøder som arbeidde på fabrikken er velkjent og også filmatisert (Schindlers liste, 1994).  Museet ligg i Podgòrze, der den jødiske gettoen låg. Vi tenkte at 17. mai kunne vere ein passande dag å besøke dette museet. Det er greit å bli minna om kva det er å bli frårøva fridom og sjølvstende.

IMG_3651.JPG
Stader ein kan passere på veg til Schindlermuseet. Kyrkja er Corpus Christi i Kazimierz, dei andre bileta er frå området på sørsida av Wisla, i Podgórze..

På vegen vart vi forøvrig vitne til nordmenn si feiring av nasjonaldagen. Vi får jo gå ut frå at dei som flaggar med det norske flagget utanlands ikkje let seg provosere om det skulle dukke opp eit og anna ikkje-norsk flagg på nasjonaldagen heime!

IMG_3603.JPG
Norsk 17. mai feiring i Krakow
IMG_3602.JPG
Frå utstillinga i Schindlermuseet

Schindler-museet

Om Oskar Schindler

Tannturistar

Krakow har forresten ei anna veksande gruppe tilreisande: dei som vil ha fiksa eller bytta ut tanngarden. Her er tannklinikkar som yter tenester for halve prisen av heime. Taxisjåføren som kjørte oss til flyplassen kunne fortelje at dei tener godt på talrike taxiturar mellom flyplassen, gamlebyen, tannklinikk og saltgruva i Wieliczka.

Art in Art

Museet for samtidskunst, som ligg vegg i vegg med Schindler-museet, har for tida den fornøyelege utstillinga «Art in Art». Her har fleire kunstnarar laga meir eller mindre respektfulle versjonar av kjente klassiske verk. Her er nokre smakebitar:

IMG_3648

Dei origniale verka over av Leonardo da Vinci (Dame med hermelin – maleriet er å finne i Kraków), Jan van Eyck (Arnolfinos bryllup), Piet Mondrian og Andy Warhol har fått ny vri:

IMG_3647.JPG

Las Meninas (Velázquez) og Mordet på Marat (David) er framstilt slik:

IMG_3650.JPG

Meir informasjon om museet og denne utstillinga er å finne på museet si heimeside.

På sykkel til Nowa Huta

Vi leigde syklar i ei sidegate til markedsplassen, og drog på sykkeltur langs elva Wisla til drabantbyen Nowa Huta. Wisla (uttalast Wiswa) renn gjennom byen, med grøntareal og gangstiar på begge sider. På nordsida er det tilrettelagt med sykkelveg. Kraków viser seg å vere ein grøn by godt tilrettelagt for syklistar. Mange nyttar sykkelvegen langs elva som transportåre, frå og til arbeid.

IMG_3604.JPG
Sykkelveg langs Wisla, med ny og gang- og sykkelbru til andre sida. Fint utsmykka med atletar i mange idrettsgreiner.

Nowa Huta ligg ei dryg mil aust frå sentrum. Ein kan følgje elva det meste av vegen, men det er merka sykkelfelt vidare heilt fram. På vår veg kunne vi konstatere at det i Kraków som i dei fleste andre byar er grodd opp kjøpesenter og ny tett blokkutbygging utanfor bykjerna.

Nowa Huta («Nye stålverket») vart grunnlagt som by i 1949 og vart i 1951 ein del av byen Kraków. Landets største stålverk «Vladimir Lenin» vart opna i 1954. Det låg ideologiske motiv bak etableringa av byen. Eit stort tal industriarbeidsplassar skulle styrke den kommunistiske samfunnsorden, og den nye byen skulle verte ei motvekt mot den borgarlege og katolske byen Kraków. Bydelen vaks kraftig på 60-talet, men vart ramma av økonomisk krise på 80-talet og veksten stoppa opp. I dag har bydelen om lag 200 000 innbyggjarar. På 80-talet med Solidaritetsrørsla vart Nowa Huta eit senter for opprør og til dels valdelege demonstrasjonar.

Nowa_Huta_jako_idealne_socjalistyczne_miasto
Bystrukturen i Nowa Huta (foto frå Wikipedia)

Nowa Huta vart utforma med eit monumentalt bysentrum i streng klassisk sosialrealistisk stil, etter mønster frå renessanse- og barokkarkitektur. Sentrum er eit framifrå eksempel på denne stilen, som var dominerande fram til 1956. Etter den politiske liberaliseringa vart det lempa på dette, og det vart oppført bygg i meir modernistisk retning, bl.a. med inspirasjon frå svenske arkitektar.  Den sentrale plassen, som tidlegare hadde ein statue av Lenin, er no omdøypt til Ronald Reagans plass. Statuen er visstnok hamna i Sverige.

IMG_3610.JPG
I den klassisk prega delen av Nowa Huta. Ronald Reagans plass oppe til høgre.
IMG_3607.JPG
Eksempel på bygningskompleks i Nowa Huta

Vi inntok lunsj på restaurant Stylowa, som hadde ei høg stjerne i tidlegare tider. Her har ein halde på stilen frå 70-åra. Også menyen er tradisjonell – og rimeleg. To rettars lunsj – suppe og kjøtkaker, med Kompot attåt (som viste seg å ikkje vere dessert, men ei nokså tam raud saft) til 14,90 ZL, det vil seie ca 35 kr. Det var lite turistar å sjå i strøket. Om ein vil kjenne litt på stemninga frå tida før jernteppet si oppløysing, er Nowa Huta staden å besøke.

IMG_3608
Restauranten Stylowa – og tidtrøyte i parken.

Ein kan meine mykje om måten det er planlagt på i Nowa Huta. Ein ting er sikkert:  grøntstrukturen er rett så imponerande, velstelt og godt tilrettelagt. Dei såg ut til å ha det triveleg, dei eldre herrane som sat og spelte kort i parken. Ved sida var det plassert eit bokskap der ein kunne legge inn bøker som folk kunne forsyne seg av.

På denne og  denne sida kan ein lese meir om Nowa Huta.

Planlegging og fortetting

Med Nowa Huta i minne går tankane til fortettingsdiskusjonen her heime. Samordna areal- og transportplanlegging er det rådande paradigmet innan samfunnsplanlegging, med satsing på regionale senter og fortetting rundt kollektivknutepunkt. Fornuftig alt saman. Men det må fortettast med vett. Utbyggjarar ønskjer høg tomteutnytting, og overordna arealplanar prioriterer fortetting nær bybanen og kollektivtilbod. Dei grøne områda er under press, og i strandkanten veks det opp blokker utan påfallande mykje areal til leik og rekreasjon. Eg har i eit tidlegare innlegg beklaga meg over utviklinga i Sandviken.

I Bergens Tidende 20. mai var det eit oppslag om bebuarar på Slettebakken som kjente seg som jaga vilt. Asbjørn Kristoffersen hadde i same nummer ein kommentar der han stiller spørsmål ved miljøkvaliteten i fortettingsområda. Han uttrykte også skepsis over blokkifiseringa som også hadde spreidd seg til strilelandet. Og har ein tatt for hardt i når det gjeld forventa folkevekst og bustadbehov?

Slettebakken og Landås vart bygd ut på 50-talet. Når ein besøker desse bydelane kan ein tydeleg merke at dette er planlagte bydelar, med grøntstruktur og infrastruktur tilpassa og dimensjonert etter bebyggelse og folketal. Det er beklageleg når fortetting bryt opp etablerte og velfungerande strukturar. Tett utbygging krev tilsvarande god tilgang til nære grøne område med gode lysforhold, om ikkje livskvaliteten skal forringast for store og små.

Nowa Huta er neppe noko ideal for notidas planlegging.  I 2017 er det andre utfordringar å ta fatt på enn på 50- og 60 talet.  Men det er då faktisk element frå den tidas planlegging som ikkje fortener å hamne på historia sin skraphaug?

Ull er gull – heia Hillesvåg!

For eit par veker sidan var min sambuar og eg eit ærend til Knarvik, kommunesenteret i Lindås kommune og regionsenter i Nordhordland. Bakgrunnen for dette var at min sambuar sitt pass måtte fornyast. Etter omlegging av kva politistasjonar som kan utstede pass, må bergensarane, i staden for å få dette gjort i sentrum som tidlegare, no reise til bydelen Fyllingsdalen. Eller som fleire i nordre bydel har funne ut er eit betre alternativ:  ta turen over Nordhordlandsbrua til politistasjonen i Knarvik.

Ærendet var kjapt unnagjort og etter ein rask runde i det svære, og reint ut sagt ikkje særleg sjarmerande kjøpesenteret, var det framleis mykje att av dagen. Så kva kan ein elles finne på ein tidleg tysdag føremiddag midtvinters ved Osterfjorden? Eg var på dette tidspunktet i gang med å strikke ein genser med garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk, og hadde lenge vore nysgjerrig på denne fabrikken. Eg visste at bedrifta hadde fått status som économusée. Min tidlegare arbeidsplass Hordaland fylkeskommune har støtta opp om  économomuséa her vest på ulike måtar.

img_3119

Etter knappe 10 minutts køyring er vi framme. Vi kjem først inn i butikken, som byr på utruleg mange flotte produkt. Reine godtebutikken! Resultatet vart ei ny ladning med garn, som også er billegare å kjøpe her enn på nett og i utsal i byen. Så i skrivande stund er eg i gang med genser nummer to denne vinteren.

img_3123
Imponerande utval av strikkegarn. Like mykje på andre veggen.

Frå butikken går det ei trapp opp i andre etasje, der vi forutan ein butikk med ullfilt også kan sjå inn i produksjonslokalet (sjå biletet under). Her føregår produksjonen med gamalt og velprøvd utstyr.

img_3125

Ull i fem generasjonar

På Hillesvåg ullvarefabrikk blir det produsert strikkegarn og ull til toving. Fabrikken er ei familiebedrift som har vore i same familie i 100 år.  I den tronge gangen i andre etasje, der det heng informasjon om historia til fabrikken, støytte vi på Gunnar Myhr, som tilhøyrer tredje generasjon. Han overtok leiinga av drifta i 1954, etter å ha utdanna seg som tekstilingeniør i Norrköping i Sverige. Det er hans søner som i dag driv fabrikken, men Gunnar kunne fortelje at femte generasjon no er på veg inn. Fabrikken har 15-20 tilsette som i hovudsak kjem frå nærområdet. Gode lokale arbeidsplassar!

fullsizeoutput_1852
Gunnar Myhr, tredje generasjon, kunne fortelje mykje interessant om drifta før og no.

Det er i all hovudsak norsk ull som vert nytta som råstoff i produksjonen.  Norsk ull har ord på seg for å ha høg kvalitet.

img_3128
Ull frå ulike saueraser. Mykje av garnet frå Hillesvåg kjem frå pelssau (i midten nedst) – ei blanding av blå og grå spælsau og svensk gotlandsfår.

Norsk pelsullgarn frå Hillesvåg

Sjå artikkelen «Norsk ull er gull» i Bladet Forskning

Mottak og klassifisering av norsk ull

Mine strikkeprosjekt

For meg har strikking som aktivitet vore i dvale gjennom fleire år.  No har eg betre tid til slikt, og må nesten gi litt plass for sjølvskryt når eg har sjansen. Det er først i år at eg har begynt å strikke med garn frå Hillesvåg.

Garnet er levert i hesper og  må nøstast opp, etter gamalt. Har ein ikkje ein person i nærleiken med to villige armar, må ein ty til ein stolrygg. Det er uansett viktig å passe på. Kjem ein skeivt ut er det brysamt å hente seg inn att. Eg har strikka ein genser i pelsullgarnet Blåne, og held no på med ein genser i Ask. Gode norske namn på gode garnsortar.

Oppskrifta på genseren til venstre under er i Troll, men eg brukte altså Blåne som har same strikkefastheit. Blåne er mjukare enn Troll. Prosjektet til høgre skal bli ein «Rallargenser», som eigentleg er ei oppskrift frå Dale garn.

IMG_3165.JPG

Ull eller olje

I heilt andre enden av Lindås kommune ligg oljeraffineriet på Mongstad som vart etablert i 1975.  Oljealderen er no på hell. Ullalderen har vart lenger og vil neppe ta slutt så lenge det veks ull på sauen. Og så lenge det finst sauebønder.

Olje er råstoff for plast. Plagg av fleece har i dag erstatta ull i mange av dei plagga vi bruker dagleg.  Fleece er framstilt av plastmikrofibre. Plast har har vist seg å ha katastrofale konsekvensar for livet i havet. Og mikroplast er påvist i organismar på alle nivå i den marine næringskjeda. Slike konsekvensar har ikkje ulla.

Kva er eit économusée, og kvar finn vi dei?

Hillesvåg ullvarefabrikk har altså fått status som économusée. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt. Slik er definisjonen på heimesida til Hillesvåg ullvarefabrikk:

Et ÉCONOMUSÉE er en håndverksbedrift som er valgt ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og autentisk arbeid. Håndverksbedriften skaper sitt eget driftsgrunnlag ved å produsere brukervennlige produkter laget etter tradisjonelle metoder og teknikker, og ved å tilby kvalitetsikrede kulturelle opplevelser til alle besøkende.

Museumskonseptet ÉCONOMUSÉE er utvikla i Quèbec i Canada (derav det franske namnet). På verdsbasis er det i alt 36 verksemder som har status som économusée. Norge er godt representert med 11 verksemder, alle ligg på Vestlandet og heile 8 i Hordaland.  Forutan Hillesvåg kan nemnast Oleana, Oselvarverkstaden, Arven sølvfabrikk, Fjordtønna, Tønnegarden og Syse gard. Og fleire i nabofylka, bl.a. Aurlandssko i Sogn. Her ligg det til rette for mange interessante besøk!

Heimesida til Hillesvåg ullvarefabrikk

Oversikt over alle dei 36 économusea

Bygge mur

img_3044
Mur i Munkebotn

Den trumpete figuren på andre sida av Atlanteren, som snart berre manglar ein liten bart under nasen, skal no i gang med å bygge mur. Litt av eit prosjekt å ta fatt på.  Kan vel skape mykje gode arbeidsplassar for folk i rustbeltet som no kan omskolerast til murarar. Finansieringa er visst ikkje heilt på plass enno, noko som kan bli ei utfordring når det samtidig er lova skattelette og satsing på annan infrastruktur. Naboen i sør har som rimeleg kan vere slamra igjen døra. Når alle ulovlege innvandrarar skal returnerast kan det vel også bli smått med arbeidskraft.

Mange av oss trudde og håpa at murbygging mellom land og folkegrupper var eit tilbakelagt stadium. Eg gløymer aldri novemberkvelden i 1989 då eg frå sofakroken framfor TV`en med stigande vantru såg Berlinmuren falle og folk klatre over. No er det igjen skremmande rørsler i Europa. Og Israel har som kjent forlengst bygd mur for å stenge ute og gjere livet mest mogleg surt for palestinarane.

Nei, slike murar vil vi ikkje ha. Og no set eg også strek for dagens politiske kommentar. Eg skiftar perspektiv og skal sjå litt på muring som samfunnsbygging og -utvikling.

Alternative murar

img_3039
Storediket

Eg høyrer no til kategorien 60+ på tur, det vil seie at eg ikkje – hm – murar meg inne.  Eg går turar både i nærmiljøet og utanlands.  Er det noko det er mykje av alle stader og til alle tider, er det nettopp murar til ulike funksjonar, i alle storleikar og former. Desse er viktige trekk i kulturlandskapet, og dei vitnar om menneskeleg strev for å skape betre livsvilkår. Steingardar, terrassar, diker og demningar finn vi overalt. Og vi treng ikkje gå langt. I Bergen og omland er det talrike døme.

I går såg vi sola i Bergen (!). Solhungrige Bergensbuarar hadde funne vegen ut i det fri. På min tur mellom Fløyen – Brushytten – Munkebotn meiner eg til og med at eg såg Bergen sin musikkguru Engelen fyke forbi på elsykkel ved Storevatnet. Men før eg kom så langt hadde eg eit stopp på Storediket. Her har gatekunstnaren Newton vore på ferde, men det er vel helst i bygatene ein treng gassmaske på godvêrsdagar vinterstid.

fullsizeoutput_17d5
Gatekunst på Storediket

Dikene var opphavleg bygde for å sikre mølledrift og vassforsyning. Dei har lange historiske røter. I dag er dei særs verdifulle innslag i turområda på byfjella.  På den mykje brukte turvegen eg gjekk i går ligg dei som perler på ei snor. Ved Storavatnet går det stiar til Stoltzekleiven og på motsett side kan ein klyve oppover til Ankerhytten, Rundemanen og Kvitebjørnen. Her finn ein fleire mindre diker.

img_3043
Storevatnet
IMG_1990.JPG
Demninga ved Munkebottsvatnet

På slutten av dette innlegget har eg lagt nokre lenker til kjelder som kan seie meir om historikken. Men før eg avsluttar, har eg lyst til å vise litt murarbeid på ein stad dit mange av oss legg vegen for å få oss litt sol og varme om vinteren. Min favoritt, i alle fall med tanke på murar, er kanariøya Lanzarote, og då særleg vindistriktet La Geria. Dette er døme på korleis ein ut frå eit karrig utgangspunkt, men med slit og pågangsmot har klart å produsere ypperlege vinar. Kvar vinranke er verna av ein sirkelrund mur av lavastein. Og meir fascinerande kulturlandskap skal ein leite lenge etter.

img_1251
Vinmarker i La Geria, Lanzarote

Om Mulelven

Om Storediket

Kulturminner på byfjella i Bergen

Om Munkebottsvassdraget og Store Sandvikens møllebruk av Jo Gjerstad

Informasjon og lenke til kart over dei sentrale byfjella

Murar på Lanzarote