Vårvinter i nord

Eg er såvisst ingen flittig skrivar her på bloggen. Men no fann eg ut at det var dags å gi lyd frå seg, no når vi nærmar oss våren og dagane er lyse. Men vinteren har visst ikkje tenkt å sleppe taket. Eg sit og ser ut kjøkenvindauget på min andre heim her i nord, det snøar tett, i motsetnad til det strålande, men sprengkalde vêret vi har hatt tidlegare denne veka. For augneblinken er eg smått bekymra for dei noko aldrande karane som for nokre dagar sidan la i veg på sin årlege skitur, denne gongen i Indre Troms, frå Dividalen, til den avsides Dærtahytta, via Pältsa i Sverige til Gåldahytta ved Treriksrøysa og så ned til Skibotn. Det var i alle fall planen. Eg håper dei kjem seg heim i god behald, det er meldt tett snø og kuling utpå dagen. Og mobildekkinga manglar sjølvsagt i desse fjerne traktene.

Samar i dølaland

Sjølv har eg hatt nokre fredelege dagar åleine. Og eg har gjort noko eg aldri har gjort før: gått tur på Barduelva i spora etter ein diger reinsdyrflokk (og snøscootarar). For første gong i mitt liv har eg vore vitne til reinflytting, eit par hundre meter frå husdøra.

Eg har i eit tidlegare innlegg her på bloggen skrive om «Dølar i Sameland», no kan ein visst snu på flisa! For mens alle gardsbruk som var rydda her i grenda av rydningsfolket som kom på 1800-talet vart nedlagde på sytti-åttitallet, har reindrifta tatt seg opp her i traktene. Samefamilien Oskal, med opphav i Kautokeino, slo seg i nyare tid ned i Troms og har markert seg på fleire vis. Fordi dei no er inngifta i mi slekt og etterkomarar bur i nabolaget, er det samiske innslaget i grenda blitt synleg. I nabokommunen Sørreisa har driftige medlemer etablert bedrifta Hjerttind Rein der dei sel eigenproduserte produkt.

Her kom reinen i land i Sundlia

Sist mandag fann reinflyttinga stad her i Sundlia, på veg frå vinterbeite til sommarbeite. No kom flokken frå Istindan, over Barduelva, over E6 (trafikken måtte vente, lang kø) og så opp til Sundlifjellet, som også er oppsamlingsområde til visse tider. Reinen kalvar og beiter i Hjerttind (Stàlonjargga) reinbeitedistrikt som ligg midt i Troms reinbeiteområde. Distriktet femnar om område i Bardu, Målselv, Sørreisa, Salangen, Dyrøy og Lenvik.

Sundlifjellet er, og har alltid har vore «vårt» fjell, med utallige turar sommar som vinter. Det er først dei seinare åra at reinen er blitt eit innslag i faunaen i dette området. Reinen er ikkje åleine hjortedyr i distriktet. I det siste er det også kome rådyr, det skal også vere observert hjort. Og elgbestanden er stor. Det er lenge sidan ein møtte på beitande husdyr i skog og fjell. Talet på rein i distriktet skal vere på rundt 2000.

Frå gamalt av var her trekkvegar for samar som kom frå svensk side. Dei hadde blant anna leir inst i Skoelvdalen fram til 1920-talet. Notidas reindrift her i traktene er med norske samar som har overtatt reinbeita frå eldre tider. Trugsmål mot samanes leveveg og kultur er i høgste grad på dagsorden i desse dagar, og kommunane er pålagt å ivareta reindriftsinteressene i si planlegging. Det er peikt på konflikt med bygging av hyttefelt, vegar, kraftutbygging, militær aktivitet mm. Det er utarbeidd ein distriktsplan for reinbeitedistrikt 20 -Stàlonjargga/Hjerttind reinbeitedistrikt som gjer greie for ulike interesser og konflikter.

Her ligg reinen og kviler før ferda går vidare
Her starta reinen si ferd over elva. Hjerttind og Hjerttindtuva tronar i bakgrunnen.

Men no er sola borte og det vert nytt påfyll av snø.

Utsikt frå kjøkenvindauget

Litt av grunnen til pausen her på bloggen er at eg har arbeidd med eit bokmanus som eg no har levert frå meg. Det blir bok av det, men eg kan ikkje seie tidspunkt for lansering. Eg skal nok seie frå! Og så håper eg mange vil fatte interesse og kjøpe og lese når den tid kjem. Boka er ein historisk roman som bygger på verkelege personar og hendingar. Tips: les blogginnlegget mitt om haugianarslekt i Målselv.

God påske til alle!

Tankar på seinhausten

Bloggen har lege i dvale ei stund og no står forsyne meg snart vinteren for døra. Første vinterdagen – 14. oktober – er tilbakelagt, utan at han her på desse kantar var særleg vinterleg. Vi har hatt ein nydeleg seinhaust, i motsetnad til ein særs regntung septembermånad. Ja, Vestlandet vekker både kjærleik og hat. Med så mykje godvêr på ein gong er ein jo også forplikta til å kome seg ut, ein veit det ikkje varar. Det vart tur til Fjellhytten, fisketur i Kjerrgarden på Askøy (utan fiskelykke) og spasertur i Nygårdsparken, for å nemne noko. Skriving blir nedprioritert under slike høve, og eg har også hatt nokre andre prosjekt som konkurrerer med bloggen.

Det må ryddast før det skal flyttast

I tidlegare blogginnlegg har eg nemnt diverse ryddeprosjekt i heimen. No har vi sett oss i ein situasjon der vi innan ein tidshorisont på eit og eit halvt år for alvor må rydde oss heilt ut av rekkehuset her på Lønborg. Motivet for å flytte er utsikten til eit meir sutalaust liv i alderdommen, på eitt golv og utan krav til ytre vedlikehald.

Mens eg ved tidlegare flyttingar har flytta lengre og lengre ut i Sandviken, kjem vi no til å snu oss andre vegen, innover mot Sandviken og byen, til ei leilegheit i eit flunkande nytt bustadprosjekt på eit tidlegare næringsområde i Breiviken, nær der vi budde på 1980-talet. Inst inne synes eg det er litt synd at islettet av næringsverksemd forsvinn frå dette nabolaget, tilliks med mange andre nabolag der det er transformasjon på gang. Byutvikling reiser mange problemstillingar. Dette prosjektet legg no i det minste ikkje beslag på meir av Sandviken si stadig meir nedbygde strandsone.

Grunnarbeid for nytt leiligheitskompleks i Breiviken. Enno litt å gjere før vi kan flytte inn.

Minner frå Hellen skole

Første ryddeetappe var å hente ned kartongar som har lege i dvale på loftet heilt sidan vi flytta inn her for 30 år sidan. Mykje av innhaldet viste seg å vere diverse papir frå sonen si tid i barnehage og skule. Her var teikningar og elles smått og stort frå åra på Hellen skole. Skrivebøker, mattebøker og arbeidsbøker vitnar om ein pliktoppfyllande og flink elev som fekk gode skussmål. Her låg også nokre av dei humoristiske teikneseriestripane han laga. Han var ein mangfaldig person som hadde fortent ein betre skjebne. Det vart eit verdifullt tilbakeblikk på den gode tida. Med nokre unntak gjekk likevel det meste i bosset.

Jubileumsavis for Hellen skole, teikning: Sissel Kyrkjebø, klasse 5c

I haugen av papir fann eg jubileumsavisa for Hellen skole frå 1980, då skulen var 25 år. Og kven andre er det som har fått æra av å illustrere forsida enn Lønborgs store stjerne, sjølvaste Sissel Kyrkjebø som gjekk to klassar over sonen min og som vaks opp i ei høgblokk på Lønborg, over noverande Coop rett borti vegen.

Frå den akademiske verda

Men her var ikkje berre etterlatenskapar frå sonen sine skuleår. Her låg førelesingsnotatar og kompendier og diverse anna frå mine studieår ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Det meste vart kassert, eg klarte ikkje heilt å sjå nytten i den livsfasen eg er komen i. Lat oss håpe noko av stoffet har vore til nytte på ein eller annan måte, i yrkeslivet eller på andre frontar.

Sjølv om eg kvitta meg med det meste, gjorde eg likevel eit par unntak, tenkte noko framleis kunne ha aktualitet. Det eine unntaket var nokre notatar om «Struktur og dialektikk – strategier i studiet av sosial endring» (1976) av Gudmund Hernes, Sosiologisk institutt, dit han var komen som landets yngste professor, rett frå Junaiten. Her vert det blant anna operert med endringstypane 1) enkel reproduksjon, 2) utvida reproduksjon, 3) transisjon eller overgang og 4) transformasjon, omforming. Dei to siste særlege interessante.

Det andre var kapitlet «Sentrum og periferi som eit forhold mellom produksjonsmåter» i Jon Naustdalslid si magistergradsavhandling «Interessedimensjonar i norsk distriktsutbygging» (1974). Absolutt aktuelt tema i notida, sjølv om eksempla som er brukt er litt utdatere.

Her dukka også opp rapportane frå eit arbeid eg utførte i 1984 for Bergen kommune, oppmålingsavdelinga: «Arealbruk og arealbruksendring i Bergen 1970 – 1980 – metode og hovedresultater» og «Arealregistrering i Bergen – en metodesammenligning». Utruleg kva ein har halde på med ein gong i tida. Eg trur ikkje desse vert klassikarar.

Frå min sykarriére

I kartongane på loftet låg også talrike klesplagg. Forutan diverse barnetøy vart det sanneleg gjensyn med dei sjølvsydde kjolane eg ikkje forsto kor var blitt av etter at vi flytta. Eksklusiv haute couture frå 70- tal og tidleg 80-tal! No for tida går det minst halvårsvis mellom kvar gong ein ifører seg penkjole, det går i bukser, T-skjorter og ulltrøyer året rundt. Sidan det ikkje lenger er samsvar mellom min og kjolane sin storleik og det derfor er utelukka at nokon får se meg iført dei, og fordi eg gjerne vil vise kor flink eg har vore med nål og tråd, skal eg no vise dei fram her. Elles har eg sydd mange fleire kjolar enn dette gjennom tidene, men dette er altså dei som låg i skjul på loftet i 30 år.

Eg er særleg imponert over den kvite kjolen. Heilfora med silke, tynt stoff utanpå, vaffelsaum nede på ermene, storleik 38. Kanskje nokon av lesarane går i giftetankar? Den lyseblå vart i kortaste laget, hadde knapt med stoff. Den lange lysegrøne var brudekjole i ein gong langt tilbake i tida. Det tilhøyrande beltet under bringa manglar. Eg ser med beundring på den stripete nede til venstre. Her har eg vore treffsikker med stripene, hadde nok skåra høgt i Symesterskapet. Desse plagga skal eg ikkje kvitte meg med, om det då ikkje skulle vere nokon som brenn etter å overta dei.

Eksempel på transformasjon

Eg har forresten tatt opp hobbyen med å produsere matter av gamalt sengetøy. Framifrå syssel der alle slags tankar kan flyte fritt mens ein riv dynetrekk i strimlar og deretter heklar i veg med heklenål nummer 10. Og resultatet kjem raskt, ferdig på få timar. Biletet under viser eksempel på transformasjon av eit dynetrekk og eit putetrekk.

Matte hekla av tøystrimlar

Oppsummering

Eg ser no at det eg har skrive i det føregåande – med fare for å lyde pretensiøst – kan løftast opp på eit universelt nivå. For det dreier seg jo om handtering av fortid, notid og framtid. Då må ein rydde, kvitte seg med noko og bevare noko. Så kan ein vurdere korleis ein kan gjenbruke og omforme. Og notida lyt ein ta vare på som best ein kan, ein måte å gjere det på kan vere å utnytte fine haustdager til å ta ein fjelltur, fisketur eller tur i parken.

Så er det ikkje til å kome ifrå at ein av og til bør flytte på seg og endre på ting med tanke på framtida. Og når vi om ei tid flyttar til noko nytt så er det andre som forhåpentleg ser fram til (og vil betale for) å gjenbruke vår bolig.

Utfordringar dukkar opp stadig vekk. Då eg skulle skrive dette innlegget oppdaga eg at redigeringsverktøyet på bloggen var blitt endra. Eg måtte altså omstille meg. Eg vart irritert, dette hadde eg ikkje bedt om. Så finn eg ut av det likevel og ser at det kanskje ikkje er så dumt. Det er aldri for seint å lære.

St. Hans i urbant miljø

I går var det St. Hans-aften, eller jonsok som eg som nynorskskrivar helst burde kalle denne markøren av at vi no atter går mot mørkare tider. Også denne gongen måtte eg finne på noko på eiga hand, sambueren er på padletur med kompisane som vanleg på denne tida. Det vart til at eg på ettermiddagen sette meg på bussen til byen, der eg steig av ved bystasjonen for så å sette kurs gjennom Strømgaten mot Nygårdsparken, denne perla av ein park, formgjeven i si tid etter engelsk mønster.

Nygårdsparken

Eg har ein god del minne frå denne parken, mange av dei er slett ikkje gode. Gjennom fleire tiår var Nygårdsparken tilhaldsstad for rusbrukarar og det var sjølvsagt ikkje så kjekt for andre som ikkje låg under for slike laster. Men Bergen kommune tok grep, vekk skulle dei uønska individa og deira lyssky aktivitetar, no skulle parken bli ein triveleg stad for alle. Desse individa måtte no finne seg andre plassar, det vart ny samlingsplass i fotgjengarundergangen på Laksevågsida, då vart det skikkeleg ille. For å få dei vekk derfrå laga kommunen ein ny «park» for målgruppa, nær Strax-huset. Der vart det heller ikkje nokon idyll, viste det seg snart.

Tilbake til Nygårdsparken. Etter år med oppgradering av parken må ein seie at ein har lukkast med det. Det er tilrettelagt for leik og opphald, det er komen ein kafè der det tidlegare var diverse handel av illegale stoff, og på haugen der dei mest utslåtte heldt til er det blitt riktig flott, bl.a. med klatretunnel, truleg helst berekna for born, eg er neppe i målgruppa. Elles er parken seg sjølv lik når en kjem lenger ned, ved fontena, dammen og bruene. Det er forresten interessant å merke seg kven som er brukarane av parken. I går var dei fleste der familiar med andre tungemål. Folk frå andre nasjonalitetar har truleg andre preferansar når det gjeld friluftsliv, det kjenner seg nok meir heime i byparkar enn ute i skog og hei. (Bileta under er tekne tidlegare, på den tida studentane på Nygårdshøyden gjerne ser sitt snitt til å lufte seg i parken).

fullsizeoutput_3983
Kafé i øvre del av Nygårdsparken

fullsizeoutput_39ac
I nedre del av Nygårdsparken kan ein slange seg i graset

Møhlenpris

Men eg skulle vidare, eg hadde tenkt meg ein visitt til Møhlenpris, bydelen ein kjem til når en går ut av Nygårdsparken i retning Puddefjorden og Laksevåg. Møhlenpris er den mest reinspikka urbane bydelen i Bergen, med ein aura av urbant byliv. På eit nokså konsentrert område finn ein Cornerteatret med vinbar og uteservering, Bergen kaffebrenneri,  bystrand, idrettsplass med meir. Institusjonar som BI og Vilvitesentret ligg like ved, for å nemne noko. Og sjølvsagt idrettsplassen som har gitt namn til teatret, plassen har nemleg fått kappa av eit hjørne slik at det er problem med å sette cornerskot. Den nye gang- og sykkelbrua «Småpudden» til Damsgård og Laksevågsida har trekt bydelane på begge sider av Damsgårdsundet saman. Ei storstilt bustadbygging på andre sida har vore med på å skape liv også på gamle Møhlenpris.

Eg unte meg eit glas kvitvin på plassen utafor Cornerteatret, der eg kunne sitje ei stund og studere folkelivet. Det er nok blitt det ein gjerne kallar ein plass for hipsterar, her er mykje fullskjegg, unge familiar og barnevogner. Få på min alder. Litt som Bergens svar på Grünerløkka kanskje. Det såg ut til at det skulle brennast bål her seinare på kvelden, det var plassert ei bålpanne der som truleg skulle takast i bruk. Folk var det også som nytta badestranda.

IMG_9845
Eit glas Chablis ved Cornerteatret

 

IMG_9846
Badestranda ved Damsgårdsundet. Frå andre sida av sundet kjem folk gåande og syklande over brua «Småpudden».

Dei vanskelege namna

Som eit ekko frå «Black lives matter» og opptøyer i samband med markeringar mot rasisme og tidlegare slaveri, har det også her i Bergen reist seg røyster som vil ha fjerna stadnamn som har fått namn etter folk som hadde tilknyting til slavehandel. Møhlenpris  (opphavleg Vestre Sydnes) har sitt namn  etter forretningsmannen og gründaren Jørgen Thormøhlen. Thormøhlen var blant mykje anna hovedeigar i fartøyet Cornelia, som i 1673 seilte til Vest-Afrika med brennevin og kramvarer og som det første dansk-norske skip førte slavar – 103 i talet – over til St. Thomas i Karibia.

No er det vel ikkje slik at folk flest i dag assosierer bydelen Møhlenpris med rasisme og slaveri.  «Møllaren» har tvertimot tatt mål av seg til å vere ein inkluderande bydel, blant anna har sportsklubben Djerv bidrege til dette. Det går an å ta avstand frå tidlegare tiders misgjerningar utan å rive ned noverande navneskilt og minnesmerke. Historia er no ein gong slik den er. Ein skapar ikkje meir kunnskap og betre haldningar av å fråta ein bydel eit innarbeidd namn. Omdøyping av gater kan likevel vere gode løysingar der ein ønskjer å heidre andre som har gjort seg fortent til det. Det er for eksempel alt for få kvinner som har fått gater oppkalla etter seg.

IMG_9847
Thormøhlens gate – oppkalla etter  eigar av slaveskip,

Så reiste eg heim med bussen som faktisk har eit stopp her på Møhlenpris, ved Puddefjordsbrua. Så om ein ønskjer seg vekk frå Lønborg der urbant byliv dessverre er mangelvare, er Møhlenpris berre ei bussreise unna.

Og resten av St. Hanskvelden? Då sat eg ute på terrassen med noko godt i glaset og skua ut over hagen, Helleneset og Byfjorden. Ikkje eit bål å sjå over på andre sida, på Askøy. St. hans-feiringa er ikkje slik den var. I mi første tid her i Bergen var det til og med offentleg St.Hans-feiring på Helleneset, ikkje at eg saknar det akkurat.

Mai kom og gjekk

No på tampen av siste vårmånaden må eg å få ned nokre ord slik at eg ikke forsømmer denne vanlegvis så fine månaden. Det har vore ein underleg vår. Koronatiltaka sette ein stoppar for 17. mai-feiringa, gater og plassar var tomme. Vêret var heller ikkje til å kjenne igjen, med kulde og til og med frostnatt i midten av mai.

IMG_9651
Hagen om morgonen 12. mai

Denne underlege og stilleståande tida har likevel gått fort, slik det gjerne kjenst når lite og ingenting skjer. Den eine dagen er den andre lik.

Substituttet for levande kultur har vore, og er, framleis framsyning på nett. Sosiale medium flaumar tidvis over av tilbod, eg mistar oversikten og har sikkert gått glipp av mykje sjå- og høyreverdig. Når det gjeld koronatiltaka er det den siste tida slakka litt på taumane, og når det i tillegg kom kjempevêr no i pinsehelga så vrimlar det av folk ute, ja, det er som når buskapen slepp ut på beite etter ein lang vinter på båsen.

Musea slit med økonomien etter lang nedstenging. No nyleg har kunstmusea i Bergen opna, eg fekk endeleg sjå den unike utstillinga av Edward Burne-Jones i KODE 1.

IMG_9691
17. mai med tom festplass og nysnø på Ulriken

Tidlegare vårar har vi reist til hytta på Reksteren i Tysnes kommune. Den har vi no gitt frå oss, men vi hadde ærend dit likevel for eit par veker sidan. Vi fekk testa den nye elektriske ferja over Bjørnefjorden frå Halhjem til Våge. Her var det koronatid og godt om plass.

fullsizeoutput_4135
God plass på den nye el-ferja til Tysnes

Som om ikkje det var nok med koronainnskrenkingar, har min aksjonsradius snevra seg dramatisk inn denne tida. Mens eg i forrige innlegg nemnde forstuva ankel, har eg no fått eit problematisk kne som har sett meg ut av spel, forhåpentlegvis midlertidlig. Det er skikkeleg ergerleg. Turar i skog og mark på denne tida, med nytt og angande lauv og fuglekvitter er noko av det eg sett aller mest pris på her i verda. I den seinare tid har beina stort sett berre blitt brukt til å hente post i postkassen og til å trakke rundt i den ikkje akkurat enorme hageflekken. Eg set min lit til at helsevesenet kan ordne opp, med kirurgi om det må til, slik som med det andre kneet for nokre år sidan. Det er alderen, eg veit.

Pandemiar før og no

Det siste året har eg fordjupa meg i slekta mi si historie (alderen, eg veit) tidleg på 1800-talet. Mellom den tids helsevesen og vår tid er det ein avgrunn. Folk bukka under for epidemiar, særleg kritisk var det i nauds- og krigsåra 1807-1814 då Danmark-Norge hadde stilt seg på Napoleon si side og fått England mot seg. Blokaden som hindra tilførsel av korn og andre varer skapte matmangel og hungersnød. Dette var forsterka av uår, med 1812 som verste uåret i manns minne. Folketalet gjekk ned, det var fleire døde enn fødde. Eg har sett på dødstala i Troms desse åra, særleg 1811 utmerkte seg med mange dødsfall. Eg har ikkje klart å finne ut kva for ein sott som hadde hovudskulda, men både tyfus, tyfoidfeber (tidlegare kalla nervefeber) og kolera var nok inne i biletet og råka eit folk som hadde fått motstandskrafta svekka gjennom barkebrødsåra. Dette var før tuberkulosen og over hundre år før spanskesjuka. Pandemiar har det vore til alle tider, det er prisen å betale for kommunikasjon, handel og samkvem med andre, over lange avstandar. Dei har ofte hatt sitt opphav i Asia og er spreidd gjennom vertsdyr.

Så det gir litt perspektiv å tenke attende. Hadde eg i 1810 blitt belemra med meniskplager hadde eg vel berre måtte leve med det. Eller kanskje ikkje, folk på den tida låg gjerne i grava før dei hadde nådd min alder. Det verkar som om kne og andre ledd ikkje er konstruert for å halde tritt med den forlenga levealderen. Eit evolusjonsmessig etterslep.

Alternativt friluftsliv

Men det er ting ein kan gjere til tross for vonde kne. Padling går fint. Vi har lagt bak oss to kajakkturer denne våren. Ein til SmivågenTyssøy i godvêrsperioden i april, i beste ramslauksesong. I går, pinseaftan, tok vi turen til Nordhordland, med start frå kaien på Io på Holsnøy. Her kryssar vi sundet Det Naue til øyane aust for Herdla heilt nord på Askøy. Vi var også innom friluftsområdet på Io.

 

Ei av desse øyene, Skarvøy, er eit tidlegare militært område som no er blitt offentleg friluftsområde. Her var det ikkje heilt enkelt å kome seg i land med kajakk, så vi padla vidare på jakt etter ein høveleg stad å gå i land. Vi endte opp på Lamøyna rett søraust for Herdla. Der hadde vi ikkje vore før. I regi av Fylkesmannen vart all skog her hogd ned for eit par år sidan. No trer bautasteinane som var sett opp i samband med nøytralitetsvakta i 1915 tydeleg fram i landskapet (sjå bilete over). Av inskripsjonane på steinane går det fram at her har mellom anna Vestoplandske kompani og Hallingdals kompani halde til. Ei hole er også sprengt inn i fjellet, den har vel både vore skjul og gitt ly. Under 1. verdskrig vart store delar av det norske forsvaret mobilisert til nøytralitetsvakt, og var til dels under høg beredskap under heile krigen. Nøytralitetsvakta hadde front mot sjøen, som her på Lamøy. Dette øyområdet i farleia inn til Bergen har vore strategisk viktig til alle tider. Men desse minnesteinane hadde vi aldri høyrt om. Ei interessant overrasking.

Lamøyna har forresten vore i media tidlegare, men då i ein annan samanheng. Ein ryddeaksjon her i 2017 avdekka 1 tonn plast, sjå innlegg i Bergens Tidende.

I sommar, når det meir enn nokon gong før er aktuelt for dei fleste med Norgesferie, er det mykje å oppdage og oppleve om ein berre ser nøye etter. Ein treng ikkje reise så langt heller. For eigen del håpar eg på ein god sommar i Nord-Norge. Snøen er visst i skrivande stund i ferd med å forsvinne.

Femti år i Bergen

Året 2019 og siste tiåret er nettopp avslutta. Slikt gir vanlegvis høve til tilbakeblikk. Eg er i tillegg ute i seinaste laget med det tidlegare annonserte innlegget om mitt 50-årige samliv med byen Bergen. No skal eg derfor kome med ein aldri så liten hyllest til denne byen – som faktisk no i 2020 kan feire sitt 950-årsjubileum.

Den første tida

Det ville vore eit halsbrekkande føretak om eg skulle oppsummere heile mitt Bergensliv her. Det får heller vente til eg eventuelt utgir mine memoarar. Men nokre refleksjonar må det bli.

Mitt første møte med Bergen og Vestlandet var frå sjøsida. Den gongen var det nemleg rutesamband mellom Bergen og Cuxhaven i Tyskland og eg kom direkte frå nokre månaders opphald i Tyskland. Kvifor eg hamna akkurat i Bergen er ei historie for seg, som eg ikkje kjem nærare inn på. Eg kom altså seglande oppover den sørvestre norskekysten der eg møtte eit for meg framandarta landskap med holmar og skjer. For ikkje å snakke om førsteinntrykket av Bergen, der vi la til på Skoltegrunnskaien, med utsikt til fjellsida der husa låg strødd oppetter, høgst besynderleg.

IMG_1296
Første møte med vestlandskysten og skapningane der

Studietid

Men no var det ikkje Bergen som vart min første opphaldsstad, derimot nabokommunen Askøy for nokre månader, inntil eg fekk meg jobb, hybel i byen og etterkvart tok til med studier på Universitetet i Bergen, på samfunnvitenskapeleg fakultet, ei studieretning som var inne i tida. Dette var rundt 1970, med høg temperatur i det politiske livet både på landets lærestader og utanfor.  Det var kamp mot EEC (som EU heitte den gongen), det var kvinnekamp, kamp mot USA si krigføring i Vietnam og mot atomvåpen, forutan faglege kampar på universitetet. Her var det ein rik flora av politiske grupperingar, veggane på det nye studentsentret på Nygårdshøyden (også kalla Leninhøyden) var tapetsert av veggaviser, det var stands og høgrøysta diskusjonar mellom grupper som sto steilt mot kvarandre.

Alt dette har andre skrive betre om enn meg. Eg høyrde heller ikkje til dei mest ihuga aktivistane, men det er interessant å ha vore tidsvitne. Dette var på den tida sosiologifaget sto høgt i kurs, her heldt den legendariske Stein Rokkan og ein ung professor Gudmund Hernes til, samt fleire andre kjente namn i faget. Marxistisk samfunnsanalyse sto sterkt, med no avdøde Torstein Hjellum som ein markant representant. Og dette var før begrepet populisme vart klistra til høgreradikale rørsler og dermed utskjemt som ord på folkelege rørsler generelt. Ved sida av andre politiske grupper på venstresida fanst også såkalla populistiske arbeidsgrupper. Dette var også den tida det å vere radikal var å tilhøyre venstresida.

Eit teikn på at tida er gått er at studentsenteret, som den gongen rundt 1970 var flunkande nytt, forlengst er rive og erstatta av eit nytt og finare, på same staden. Men no herskar det ro innanfor veggene der. Eg bytta omgjevnader då eg tok til med geografifaget, Geografisk institutt heldt den gongen til ute ved Norges Handelshøgskole (NHH) i Breiviken nord for sentrum. Sidan den gongen har det vore både flyttingar og nybygg.

Mens Bergen sentrum i dag har rikeleg med utestader, var tilbodet på 70-80-talet høgst begrensa. Det var Holbergstuen, Wesselstuen og Bangla etter stengetid på dei to førstnemnde. Holbergstuen var den mest populære blant studentar, her sto det kø langt ned i trappa og ein myndig dørvakt passa på. No skal det seiast at eg sjølv ikkje høyrde til dei mest utegåande, dei fleste studieåra var eg småbarnsmor og hadde ikkje høve til å fly på byen. Elles var dette i ei tid då kaffistovene enno heldt stand, her var fleire kaféar som serverte god gammeldags kost.

IMG_3146
Breiviken i ytre Sandviken. Til venstre punkthusa på Fagernes bygd i 1953, der budde vi på 1980-talet. I midten det no nedlagte Merinospinneriet, der lokala i dag blir brukt av NHH. Til høgre nye bustadblokker.

På det private plan hendte det mykje desse åra, slik det ofte er i tjueåra. Ikkje alt gjekk like greit, og i nokre år måtte eg kombinere studiene med å vere åleinemor. Men studiane vart no gjennomført, eg møtte min noverande sambuar som eg har budd saman i 40 år, enda eit jubileum faktisk. No er vi begge pensjonistar etter eit langt arbeidsliv i offentleg forvaltning. Elles har det vore både gleder og sorger. Livet byr på så mangt. Og dei (den gong) gamle sine ord om at alt er bra «berre ein har helsa» er så sant som det er sagt. Samt at ein har noko kjekt å halde på med, det er faktisk ganske mykje. Då er det fint å bu ein stad der det er høve til å vere aktiv både fysisk og mentalt, slik det er muleg i Bergen. Har ein eit snev av skrivekløe, slik som eg, er det ein ekstra bonus.

IMG_1593
Hordaland fylkeskommune var min arbeidsgjevar i mange år. Her er fylkeshuset slik det tok seg ut i verdas største pepparkakeby. Originalen skal rivast og eit nytt bygg stå ferdig om ca 3 år.

Dette var altså mitt liv i Bergen i kortversjon. Men no var det ikkje mi livshistorie eg skulle fortelje om. Eg tenkte å fokusere på korleis Bergen har endra seg på desse åra, og er det slik at Bergen har endra meg?

Det bergenske gemytt

For å ta det siste først: Som innfødd bardudøl kom eg til Bergen. Eg stammar direkte frå dei første innbyggjarane som kom til Bardu og Målselv frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Bardudølen har ord på seg for å vere traust, på grensa til treg. Når det gjeld det munnlege er bergensarar og bardudølar motpolar.  Der dølen ikkje snakkar i utrengsmål og brukar få, men ofte velvalgte ord, der kjem orda frå ein bergensar trillande som erter av en sekk. Der bardudølen kan få sagt mykje med få ord, der kan bergensaren få sagt lite med mange ord. Her kan vi berre tenke på vår noverande statsminister, som med eit velsmurt snakketøy kan snakke seg rundt og bort frå dei mest plagsame tema og spørsmål.

Eg pleier å spøke med at når ein kjem heim til Bardu på ferie, så blir ein gjerne møtt med:  «Nåh, feri´?» I Bergen ville ein derimot bli møtt med: «nei halloen, e det deg, e du komen hem på ferie, det va lenge siden, kor lenge blir du her då, e du hos din mor og de, går det bra med deg eller?» Elles var no Knudsen og Ludvigsen treffande i sangen «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme, der har eg det som fisken i vannet, vått og kaldt og breiflabb overalt».

Versjon 2
Iført Bardu/Målselvbunad på nasjonaldagen – i stil med Bryggen

Bergensarar flest er ekspertar på small talk. Dei fleste av dei har evne til ein god replikk i forbifarten, med «glimt i øget». Det fell dei liksom heilt naturleg. Og då trur eg faktisk at dette er eit av dei områda der eg har latt meg påverke i løpet av mine år i Bergen. Eg meiner eg er blitt dyktigare til småprat og kjapp replikkføring. Men det bergenske talemålet fiksar eg ikkje og har heller ikkje noko ønske om å legge av meg dialekten frå min barndoms dal.

Mange har ei oppfatning om bergensaren som skrålande og skrytande (særleg av heimbyen) og høg på seg sjølv. Når det gjeld sjølvskrytet skal ein ikkje ta det så bokstaveleg. Det inneheld gjerne ein dose sjølvironi, noko som ikkje er så lett å oppdage for utanforståande (les: austlendingane). For innflyttarar går det gjerne eit tiår eller to før ein er innforstått med dette fenomenet. Så bør ein no ikkje gløyme at Bergen ein gong var Norges hovudstad. Bergensarane har jo mykje å vere stolt av både frå historia og elles, ja eg er no sjølv blitt ein av dei.

Når bergensarane blir oppfatta som om dei tar mykje plass, heng dette saman med eit usedvanleg engasjement for heimbyen, i stort og smått og på godt og vondt. Dei er lette å tenne og det blir ofte høg temperatur i debattane. Engasjementet kan vere eksplosivt når det gjeld planar og tiltak som gjeld byen. For ikkje å snakke om kjenslene som kjem i sving når det gjeld fotballklubben Brann. Akkurat når det gjeld Brann er eg ikkje blitt hundre prosent Bergenspatriot, det kjem an på kven dei spelar mot, er det eit nord-norsk lag held eg no helst med dei.

Det kan bli mykje fram og tilbake i politisk handsaming av saker som gjeld byen si framtid. Det ender no likevel gjerne med at folk til slutt «beliter seg», det bergenske uttrykket for at ein gir seg og finn seg i utfallet av ein konflikt. Bybanen har vore og er ein gjengangar i debatten. Den er blitt eit populært transportmiddel som dei fleste er stolte av. Banen er enno ikkje ferdig utbygd. Spørsmålet om bybanetraseen gjennom sentrum skal gå i dagen over Bryggen eller i tunnel på veg mot Åsane er enno ikkje avklart. Her ulmar det framleis.

Bergen i fest

Eg ser at eg uttaler meg i generaliserande ordelag og at eg dermed er med på å konservere myter om det bergenske gemytt. Men det er absolutt noko eksentrisk med denne byen. No har eg vore her så lenge at eg ser på dei fleste fenomen som noko heilt normalt.

Eg hugsar første gongen eg – lettare sjokkert – observerte ein bevæpna og uniformert gutunge stige inn på bussen til Minde, der eg ein gong i tidlege år budde på hybel. Kva i all verda?  Han skulle vise seg å vere ein representant for det særbergenske fenomenet buekorps. Dei i dag om lag 14 korpsa eller bataljonane var etablert på 1800-talet, med opphav i borgarvæpninga. Dei driv sin eksersis i sommarhalvåret, tromminga deira er eit sikkert vårteikn og er ofte ei irritasjonskjelde for innflyttarar – før dei beliter seg. Eg har forlengst vent meg til buekorpsa, dei gir farge og temperatur til byen og er eit tilbod om felles aktivitetar på linje med andre tilbod for barn og unge. På 17. mai marsjerer dei i barnetoget, som i Bergen ikkje heiter barnetog, men flaggtog. Og no er vi inne på eit anna av Bergen sine særeigenheiter, nemleg måten å markere nasjonaldagen på.

fullsizeoutput_407a
Unge buekorpsgutar marsjerer på 17. mai

137_3739
Stort mangfald i prosesjonen på 17. mai

For mens det andre stader i landet er barnetoget som dominerer, har 17. mai-feiringa i Bergen eit meir karnevalistisk preg. Det er i praksis to tog som kryssar kvarandre undervegs – det er «prosesjonen» med 17. maikomitéen i spissen (iført flosshatt) for eit opptog med representantar for lag og organisasjonar, ei storstilt mønstring av det sivile samfunn. Og så er det flaggtoget med skular og buekorps.

Om det elles kan vere mykje støy bergensarane imellom – når det gjeld å stelle til fest løftar dei i flokk og er i sitt ess. Det er det dei er aller best til. Festspela, Tall Ships Race, sykkel-VM (riktignok med lei ettersmak), torgdagar og mange slags festivalar, då går det på skinner.

fullsizeoutput_4099
Statsministeren kastar glans over festspelopninga i sin fødeby.

IMG_4514
Sykkel -VM i Bergen i 2017 var ein fantastisk folkefest, men viste seg å bli eit konkursbo. Det var moro så lenge det varte!

IMG_8709
Bergen som vert for Tall Ships Race i 2019 – eit storslått arrangement

Den vakre byen

Eg vågar å påstå at Bergen er Norges vakraste by, der han ligg mellom (i våre dagar riktignok mest rundt) sju fjell, ved Vågen, den gode naturhamna som la grunnlaget for Bergen sin status som handels- og sjøfartsby, og for at byen i middelalderen vaks fram som Norges viktigaste by. Det er no elles neppe hundre prosent konsensus om kven desse sju fjella er, utan at det er oppstått store konfliktar av akkurat det.

Det er lett å la seg sjarmere av byens sentrum, med alle dei kjente bygga og landemerka, med Bryggen med UNESCO-status, Bergenhus, Fløybanen, klyngane av trehus, parkane og så vidare. Dette er vel kjent og eg skal ikkje skildre alle desse. Eg arbeider ikkje for turistnæringa. Men byen er såpass spennande og mangfaldig at eg etter alle desse åra framleis kan råke borti stader, smitt og smau der eg ikkje har sett min fot tidlegare. Det kan også vere stader å oppdage på ny. Bergen har bygg frå ulike tidsaldrar og stilepokar og det er aldri kjedelig å rusle i byen.

Eg er Sandvikspatriot, dette er bydelen eg har budd i nesten heile mi tid i Bergen. Men eg likar meg også på Nordnes og Møhlenpris. Interessant er det også å oppsøke dei nyare og ytre bydelane, det er tross alt der dei fleste bergensarane bur. Min lille «guilty pleasure»  er å ta bussen til ulike kjøpesentra i bydelar som Åsane, Fyllingsdalen og Loddefjord. Men på det gigantiske kjøpesentret Lagunen blir eg berre utmatta.

IMG_2046
I mai blømer kirsebærtrea ved Lille Lungegårdsvann. I bakgrunnen Rasmus Meyers allé med KODE sine kunstsamlingar.

fullsizeoutput_3f1d
Utsikt frå Fjellveien. Cruisebåtane set store avtrykk på byen i sommarmånadene.

IMG_4112
Mange vil med  Fløybanen særleg på cruisedagane.

fullsizeoutput_403f
Stadig nytt å oppdage i smitt og smau.

fullsizeoutput_2e7f
Botanisk hage på Nygårdshøyden, like ved Naturhistorisk museum.

fullsizeoutput_39a6
Vårleg idyll i Nygårdsparken

IMG_8099
Boder til nedfalls i Sandviken, men her skal byggast nytt…

No er det sant å seie også mykje å irritere seg over, eg er for eksempel absolutt ikkje imponert over all blokkbebyggelsen som er grodd opp lang sjøkanten i løpet av dei seinare åra, gjerne etter at eldre bygg har stått til forfall i årevis. Trist er det også med Torget som har mista sin opphavlege funksjon og som i våre dagar framstår som ei turistfelle. I sommarhalvåret er sentrum meir eller mindre overbefolka på dagane dei gigantiske cruiseskipa har lagt til. Då er det fint å kome seg ut av sentrum, på fjellet eller på sjøen. På slike dagar er det gjerne eit betre alternativ å ta beina fatt enn å stille seg i endelaus kø til Fløybanen. For ein ting er sikkert, hadde det ikkje vore for nærheita til natur, fjell og sjø hadde eg ikkje trivdes med å bu i Bergen. Eg kjem tilbake til det, men først nokre ord om kunstbyen Bergen.

Elles synes eg kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende treff spikaren på hovudet i dagens utgåve av Bergens Tidende. Her peiker han på at det er på tide at Bergen blir vaksen snart!

Kunstbyen

I Rasmus Meyers allé ved Lille Lungegårdsvann finn ein i KODE -musea unike kunstsamlingar på høgt internasjonalt nivå, i tillegg til Bergen kunstforening i same gate.

IMG_1352
Utstilling i KODE 4 (Lysverket) med skulpturar av den no avdøde kunstnaren Bård Breivik frå Bergen

fullsizeoutput_4094
Den gamle sardinfabrikken på Verftet er blitt sentral i Bergens kulturliv, med utstillingslokale, atelierer for kunstnarar, konsertlokale og ikke minst kafe med god plass på kaikanten mot Puddefjorden.

Også gatekunstnarane boltrar seg i Bergen. Vi finn kunststykke på mange veggar rundt omkring. Nedanfor ser vi basketbjørnen i ytre Sandviken, den no avdøde byoriginalen «Ottoen» leiande på sykkelen sin, hender på ein mur på Møhlenpris og veggmaleri også på Møhlenpris.

Naturbyen

Bergen sine sentrale parkar er nydelege, med gartnarar som er kunstnarar i sitt fag. Ein kan finne rekreasjon i parkane, men skal ein røre på kroppen og nyte naturen er det mykje anna å ta av i Bergen sine omgjevnader. Der eg bur har eg tilgang til fine og mykje brukte nærområde, vil ein litt lengre opp i høgda kan ein bevege seg eit eller to nivå høgare. Det er eit utal turvegar og turstiar i og rundt Bergen. Det beste middelet for folkehelsa er etter mi meining lett tilgang til natur.  Det er kanskje arven frå ein oppvekst i indre Troms, der eg tidleg lærte meg å sette pris på natur og friluftsliv.

Bileta over viser eit av dei næraste turområda frå der eg bur. Namnet Hellemyrstien kjem av at han ligg i nærleiken av husmannsplassen Amalie Skram har brukt som modell for sin mektige trilogi om «Hellemyrsfolket», som også har vore oppsett på teatret to gonger. Litt meir krevande er Stolzekleiven, som også er arena for eit populært motbakkeløp kvar haust. Vegen startar frå Fjellveien, turvegen som går langs byen med super utsikt over byen frå Sandviken til Bellevue.

Over ser vi bilete frå Sandviksbatteriet, eit anna nært turområde og til høgre frå toppen av Stolzekleiven med utsikt over byen.

fullsizeoutput_407f
Sandvikshytten er passert og vegen går vidare ti Kvitebjørnen og Rundemanen.

fullsizeoutput_40c8
Med utsikt mot Isdalen og Ulriken

Eg kjem frå den einaste innlandskommunen i Troms og vart ikkje introdusert for sjølivet før eg kom til Vestlandet. Tidlegare farta vi rundt i motorsnekke, men dei siste tjue åra er det kajakkene som har gitt dei beste opplevingane. Det er tallause mulegheiter i skjergarden og i vassdrag i Bergensregionen. Takk vere jobbane eg har hatt er eg godt kjent i geografien. No er dette ein bonus i pensjonistlivet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
På Nordåsvatnet med utsikt mot Gamlehaugen, heimen til Christian Michelsen, noverande kongeleg residens i Bergen

Vêrbyen

Men kva med vêret då, er det ikkje slik at det regnar og er dårleg vêr det meste av tida? Ja, eg har ofte vore oppgitt over vêret. Her er liksom ingen mellomting, anten er det dårleg eller så er det supert. I motsetnad til mi fødebygd i nedre Bardu, der overskya opphaldsvêr, gråvêr, er det klassiske vêrlaget. Eg hugsar året det var 100 dagar i strekk med nedbør. Men ein gløymer det lett når godvêret kjem.

Vinter med snø var ikkje uvanleg tidlegare, for ti år sidan var det faktisk eit par dagar vi kunne spenne på oss skia utanfor døra heime, og det var skiføre i lysløypene på Fløyen. Kanskje kjem det slike vintrar igjen, men det er grunn til å tvile. Eg har dessverre få regnvêrsbilete å bidra med.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Det bles godt i nordvesten på Helleneset

018
Med ski på Hellen festning – for ti år sidan. Eit sjeldant tilfelle.

IMG_3104
Vinter med skøyteis på Skansen, den gamle brannstasjonen som ligg rett opp frå sentrum

No må eg visst snart gi meg. Noko utfyllande bilete av Bergen skulle ikkje dette vere. Men eg synes nesten eg skulder å gi ein aldri så liten hyllest til Bergen, no når det attpåtil står eit byjubileum for døra. Det er tross alt her eg har tilbrakt heile mitt vaksne liv. Det blir vel «livsvarig Bergen» som ein eller annan har sagt! Så når det er snakk om kva som har vore mest formande i livet, blir det kanskje likevekt i vektskåla mellom dei tjue åra i Troms og dei femti i Hordaland? Uansett, så har eg det privilegiet at eg kan nyte begge desse to stadene.

Og så på tampen nokre ord til ettertanke. I dag er det på dagen eitt år etter at det var gravferd for min 47 år gamle son, på første fredag over nyttår.  I går, også på første fredag over nyttår var vi vitne til ein annan 47-åring si gravferd i Oslo domkyrkje. Det er ingen slåande likskap mellom Ari Behn og min son, anna enn at dei ikke var heilt A4 og at dei ikkje fann seg heilt til rette i livet. Dei var begge rastlause sjeler med slektsrøter i Troms og begge endte sine liv i Oslo. Min son budde heile sitt liv i Bergen, men fann seg av ulike grunnar ikkje til rette her. Så uansett kor ein bur og kva status ein har, så er det ikkje stadene i seg sjølv som skaper lykkelege liv. Det er korleis vi har det med oss sjølv og med kvarandre som er viktigast. Og mange har ikkje ein gong ein stad dei kan kalle sin. Så får vi berre ønskje kvarandre godt nytt år og håpe på at det komande året blir eit år der folk tar vare på kvarandre og kan leve i god og fredeleg sameksistens verda over.

Haugianarslekt i Målselv

Somme har etterlyst nye innlegg på bloggen. Det er riktig at eg har hatt ein pause. Det kjem seg av at eg har fordjupa meg i slektshistorie. Forutan lesing av bygdebøker for Bardu og Målselv, har eg – takk vere eit godt bibliotekvesen med tilgang på bygdebøker frå heile landet og mykje skanna materiale – funne ut ein god del eg ikkje visste frå før. Slektsgransking er jo elles eit typisk alderdomsteikn, men eg har altså visse planar med dette arbeidet. Meir røpar eg ikkje no.

Eg er etterkomar av dei som braut opp frå magre kår sør i landet på slutten av 1700-talet for å starta eit nytt liv som nybyggjarar i Bardu og Målselv. Formødrene og -fedrene i denne første innvandringsbølgja kom frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Oppdal. Det er ålment kjent at fogd Jens Holmboe var ein ivrig pådrivar for innflytting og nydyrking i dei fruktbare dalane i indre Troms. Han meinte at innlandsfolket frå dalane der sør var meir veleigna enn kystbefolkninga til slikt. «Storofsen» – flaumen og jordskreda som i 1789 raserte mange eigedomar i desse områda – var også medverkande årsak til utflyttinga mot nord. Fullt så kjent er det kanskje ikkje at lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771-1824) hadde meir enn éin finger med i spelet. Dei som kom nordover var for ein stor del haugianarar, med sterk gudstru og høg arbeidsmoral.

Hans Nielsen Hauge hadde hatt ei guddommeleg openberring under arbeidet ute på åkeren på heimegarden i Rolvsøy i Østfold i 1796. Etter dette starta han ei omfattande forkynning, reiste rundt i landet, sette i gang ulike praktiske tiltak og etablerte eit tett nettverk av vener. Blant anna vart det oppretta ei slags felles kasse der medlemene i venesamfunnet bidrog. Han valgte ut folk som han meinte var tenlege for saka, både menn og kvinner. Hauge er i ettertid sett på som ein eksponent for koplinga mellom den protestantiske etikk og kapitalistiske ånd. Med haugianismen sine trekk frå kommunisme, protestantisme, kapitalisme og feminisme må Hans Nielsen Hauge seiast å vere ein av dei mest interessante figurane i Noregshistoria.  Etter Hauge si tid gleid haugianismen meir over i indremisjon. Opprøret mot autoritetane og vel også dei industrielle føretaka i Hauge si ånd kom nok etter kvart i bakgrunnen.

Hauge forfatta eit utal skrifter som han sørga for å spreie rundt i landet. Venene heldt han kontakt med gjennom besøk og brev som inneheldt ei god blanding av gudsord, praktiske direktiv og formaningar. Han hadde også meiningar om kven som kunne vere høvelege ekteskapskandidatar. Det skal finnast døme på at at han rådde folk til å bryte trulovingar når han meinte alliansen ikkje tente saka.

Mi tipp-tipp-oldemor på morssida – Marit Gulliksdatter (1783-1856) – kom frå Mjøen (Sør-Mjøa/Nesto) i Oppdal, der Hauge hadde fleire tilhengarar.  Marit var blant desse. Randi Hevle frå nabogrenda vart ei kjent haugianerkvinne. Mor til Marit – Gjertrud Olsdatter – kom forøvrig frå garden Hevlesvoll. Randi og Marit var jamngamle og truleg var dette med på å påverke og styrke Marit si rolle som «bibelkvinne».  Det vart forresten bråk under eit vekkingsmøte på ein gard i bygda. Øvrigheit og presteskap såg som kjent ikkje med blide auge på Hauge si verksemd og prøvde å stoppe dette uvesenet. Forkynninga hans var i strid med Konventikkelplakaten, som sette forbud for lekmannsforkynning.

Våren og sommaren 1803 var Hans Nielsen Hauge på reise i Nord-Noreg. Her besøkte han Bardu, Målselv, Malangen og Balsfjord og kom så langt som til Tromsø. I Målselv besøkte han fleire av sine tilhengarar, blant anna familien til han som skulle bli min tipp-tipp-oldefar – Peder Amundsen (1771-1840) – frå Øyer i Gudbrandsdalen. Mor hans – Lisbeth Jonsdatter Romundgard (ikkje den meir kjente Romundgard i Sel lenger nord) hadde året etter at Peder sin far Amund Syversen Lien (Hong) drukna i Lågen, gifta seg på nytt med Ole Bardonsen Skarprud. Ole hadde i 1789 rydda gard på den staden der Takelva renn ut i den mektige Målselva. Garden fekk seinare namnet Olsborg. Her slo dei seg ned,  Peder, mora, stefaren og Peder sin halvsøsken.

IMG_0547
Utsikt frå Sollitinden mot Solligardane midt i biletet.

Då Hauge kom hadde bygdene her oppe alt hatt besøk av haugianske vekkingspredikantar, men vekkinga hadde fått uheldige konsekvensar.  Folk satt i religiøse grubleriar og hang med hovudet heller enn å ta fatt på arbeidet. Dette ville Hauge ha ein slutt på. Han hadde augene med seg overalt der han kom, og såg mange mulegheiter for verksemd. Særleg Bardufossen meinte han hadde stort potensiale.

Peder hadde i 1802 begynt å rydde seg gard i Sollia, naboeigedomen til Olsborg. (Det var forresten Hauge som føreslo Sollien som namn). Peder var felespelar, og det seiast at han bygde det første huset litt oppe i bakkane, der fela lét som best. Huset vart seinare flytta lenger ned på flata, og det kom opp eit nytt staseleg hus som vart heim for generasjonane etterpå. Også mor mi var fødd der i 1916.

Men så hadde det seg slik at Peder, som no i 1803 var 32 år, enno ikkje hadde funne seg kjerring. Skulle ein drive gard måtte ein jo ha ei solid kone og utsikt til arvingar. Utvalet av konemne var nok ikkje så stort, sjølv om det alt hadde busett seg folk lenger nede ved Målselva (blant anna ei anna grein av mi slekt som flytta hit frå Helgeland). Hauge meinte han hadde ein kandidat i Oppdal som kunne sendast nordover. Og det er altså her Marit Gulliksdatter Mjøen kjem inn i biletet. I 1803 var far hennar, Gullik Johnsen død. Sør-Mjøa/Nesto var frå gamalt av ein velståande gard, men då Gullik døydde var han gjeldstynga og garden var som eit konkursbu å rekne. Marit sin bror John overtok garden, og mora Gjertrud vart kårkone. Så ved å reise nordover opna det seg kanskje utsikt til ei betre framtid for Marit. Ho hadde alt ei forkynnaroppgåve som ho kunne ta med seg. Kva ho sjølv meinte om arrangerte ekteskap er ikkje godt å seie. Men kanskje ho óg tenkte at ho ikkje lenger var eit så godt parti heime i bygda?

Eg har gjennom slekta blitt fortalt at Marit kom til Målselv saman med Hans Nielsen Hauge. Det stemmer nok ikkje. I eit brev Hauge skreiv til venene i Trondhjem 12. september 1803, altså etter at han var komen sørover igjen, seier han blant mykje anna at Marit Mjøen må få beskjed om visse ting ho må utføre, også med tanke på reisa nordover. Kor tid Marit kom fram til Målselv og Peder har eg ikkje klart å finne ut.

Marit og Peder vart gift i 1807. Same året var dei innkalla som vitne i ei av dei mange sakene mot Hauge. Ungane lot vente på seg. Først i 1814 kom første barnet som levde opp, dottera Karen. Då hadde dei året før mista sin førstefødde son Amund. Oppgjeve dødsårsak: «Død for tænder». Så fekk dei tre barn til, Amund, Gabriel og Elisabeth. Seinare kom det fleire av Marit si slekt flyttande nordover.  Også mora levde sine siste dagar i Målselv.

I 1818, då Hauge var ferdig med fengselsopphaldet sitt og hadde etablert seg på Bredtvedt i Oslo, reiste Marit og Peder dit på besøk. Paret hadde fått ei kanne i presang frå Hauge, kanskje til bryllupet, men det veit vi ikkje sikkert. Kanna er no på Midt-Troms museum.

Peder fekk etter kvart ei rekkje verv i styre og stell. Sollia var ein stor gard, med mykje utmark og fleire husmannsplassar. Etter Peder sin død delte Marit eigedomen mellom sønene Amund og Gabriel. Amund vart buande på farsgarden. Han vart far til Peder som er min oldefar og far til min bestefar Gabriel Pedersen Solli, som døydde i 1972.

Peder døydde i 1840, Marit i 1856. Det seiast at då ho kjente at det bar mot slutten, sørga ho for å steike opp rikeleg med gorobrød som traktement i gravferda. Elles er det i det historiske kjeldematerialet få haldepunkt som kan fortelje om deira daglege liv, og korleis dei var som menneske.

Så er det litt underleg å tenke på at eg må rette ei takk til Hans Nielsen Hauge for min eksistens. Hadde ikkje han, i tillegg til mykje anna, også opptrådt som Kirsten Giftekniv, hadde eg ikkje sete her og skrive dette!

 

 

Målselvnepa si reise

I går var det «Black Friday», ein skikk frå USA som vår heimlege handelsstand så til dei grader har importert. Av import derifrå fekk vi først Halloween, så Black Friday, det neste blir vel Thanksgiving? Eg heldt meg no i alle fall borte frå butikkane, både i sentrum og på kjøpesentra. Eg har alt eg treng og kan dermed motstå kjøpepress, stort sett. Tvert imot har eg no behov for å kvitte meg med jordisk gods. Og utan å høyrast for prektig ut har eg i år stort sett produsert julegåvene sjølv. Nok om det.

Det var eigentleg ein annan import eg skulle skrive om. For eit par veker sidan fann eg gull i ei korg i ei matvareforretning i Bergen. Rettare sagt ein haug med det «nord-norske eplet», nemleg Målselvnepe.

Eg la oppdaginga ut på Facebook og fekk likes og kommentarar, særleg frå dei med røter nordpå som vart begeistra over gjensyn med barndommens neper. For min del er eg oppvaksen i kjerneområdet for nepa, ved kommunegrensa til Målselv og med mor frå Sollia i Målselv. Samanlikninga med eple passar, ikkje berre når det gjeld det smaksmessige. Når dei sørpå gjekk på epleslang, gjekk vi på nepetjuveri.

Då eg i si tid kom til Bergen var eg forundra over å oppdaga at det som vart kalla nepe var nokre runde kvite knollar. Neper skulle då vere gule og flate?

Målselvnepene som er til sals i butikken er pakka på Senja og utstyrt med ein forteljande etikett. Eg undra meg litt over at kvar og ei nepe var plastemballert. Nokre av FB-venene meinte dette var naudsynt for at dei skulle vere haldbare, andre viste til at nepene hadde hatt utmerkte lagringsvilkår i kjellaren i barndomsheimen, heilt utan plast.

For å få den karakteriske smaken må Målselvnepe dyrkast i kjøleg klima med mykje lys. Dei optimale vekstvilkåra er nord for polarsirkelen. Målselvnepa blir i dag forvalta av Senja vidaregåande skule, og er beskytta av Forskrift om beskyttelse av Målselvnepe fra Nord-Norge som geografisk betegnelse (Lovdata). Her kan ein lese følgjande:

«Nord-Norge har unike naturgitte betingelser for plantevekst med en kombinasjon av relativt lav gjennomsnittlig veksttemperatur, kort vekstsesong og lyse sommernetter på grunn av midnattsol. Målselvnepe er godt tilpasset disse vekstforholdene, og har en særpreget søtlig og mild nepesmak grunnet liten produksjon av bitterstoffer.»

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar på metoder for å sikre kvaliteten på Målselvnepa, sjå Kvaliteten skal sikrast

fullsizeoutput_3c7a.jpeg
Garden Solli i Målselv rundt 1960. Gode vekstvilkår for nepe på sandhaldig jord.

IMG_7426.JPG
Nepa har også påverka nord-norsk vokabular for skjellsord.

Russenepe og pomorhandel

Ein ting er at Målselvnepa no har funne vegen til butikkhyllene sørpå. Men korleis kom denne nepa seg til Nord-Norge? Det viser seg at nepa har røter i Russland. «Russenepa» blei innført til Norge via den såkalla pomorhandelen med Russland på midten av 1800-talet. Fordi ho hovedsakleg vart dyrka i Målselv i Troms, og fordi bønder i andre delar av Nord-Norge fekk frø herfrå, fekk ho etter kvart namnet Målselvnepe. 

Handel mellom Norge og Russland har røter tilbake til middelalderen, men begrepet “pomorhandel” blir til vanleg nytta om perioden frå tidleg på 1700-tallet til tida rundt den russiske revolusjon. Pomorhandelen var ein byttehandel mellom fisk og kornprodukt. Rugmel – «russemel» – var hovedvaren som vart bytta mot ulike fiskeslag, slik som flyndre, torsk og laks. Samhandelen mellom pomorane og den nordnorske befolkninga hadde stort omfang, særleg i periodar med krig, uår og forsyningssvikt sørfra. På 1800-tallet, då russehandelen hadde sitt største omfang, kom det årleg over 300 pomorskuter til dei nordlegaste regionane i Norge. (Kjelde: Nordlysveien)

fullsizeoutput_3c77.jpeg
Område for pomorhandelen (Wikipedia)

Interessant er det at ei venninne under eit besøk i Arkhangelsk fekk servert nepe som snacks. Ræpa var namnet på delikatessen, vart ho fortalt. Er dette eit eksempel på russenorsk? Russenorsk var eit pidginspråk som var brukt som hjelpespråk i handelen mellom Nord-Norge og Nordvest-Russland. Språket var ei  blanding av i hovedsak norsk språk (særlig nordnorske dialektar) og russisk språk. Om lag 400 ord er bevart av språket.

Import

Utbreiinga av Målselvnepa er berre eit eksempel på korleis geografi og samhandel til alle tider har påvirka jordbruk og kosthald. Det meste av det vi putter i munnen er på eit eller anna tidspunkt i historia importert. Det gjeld både husdyr og nytteplantar. Unntaket her til lands er vel strengt tatt berre vilt, fisk, skalldyr, bær, hasselnøtter og nokre urter. Potet, kaffi og te – uunnverlege varer i nordmenn sin kvardag – har sitt opphav i høvesvis Sør-Amerika, Afrika og Asia og kom til Norge på 16-1700-talet. Dei vanlege kornsortane våre stammar i sine tidlege former i hovudsak frå Middelhavslanda og Sørvest-Asia.

Også gulrot og kålrot kom på 1600-talet. Dagens husdyr lever ikkje lenger berre av gras og lauv, men av kraftfôr som inneheld importert soyaprotein. Og norsk oppdrettslaks ernærer seg av laksefôr som inneheld ca 25% soyaproteiner. Soyadyrking legg beslag på store areal i tropiske land som Brasil.

Det stoppar jo ikkje med råvarene. Matskikkane i dagens norske hushold er i overveiande grad resultat av import. Eg treng vel ikkje å nemne kor pizzaen, pastaen og tacoen har sitt opphav.

Og så har vi folkevandringene, då, som har funne stad til alle tider. Men det får eg heller ta ein annan gong.

 

 

 

 

 

På landet i Andalucia

Med nedbørsrekord, på full fart inn i seinhaust og med vinter i sikte må det vere lov å drøyme seg til andre stader. Ofte stoppar det med draumen, men denne gongen, for tre veker sidan, vart det realitet. Plutselig hadde vi bestilt reise til Spania. Vi er ikkje åleine, lik trekkfuglene flyg kvar haust ein bråte pensjonistar same vegen. Men sidan vi likar å tenke på oss sjølv som individualistar og pionerar med sans for reisemål litt utanfor allfarveg, måtte vi jo unngå å hamne i flokken av jamnaldringar og turistflokkar på kyststripa der sør. Så kor skulle vegen gå?

I Andalucia hadde vi vore før, for atten år sidan. Då besøkte vi dei mest kjente byane og attraksjonane. Vi hadde allereie vore i Sevilla, fått med oss moskéen i Córdoba, Alhambra i Granada, Ronda, Gibraltar, og Pico Veleta, nest høgaste fjelltoppen i Sierra Nevada. Så dét var unnagjort. Men vi hadde også vore på turar i flott natur og sett interessante landsbyar i meir avsidesliggande strøk. Vi kunne derfor tenke oss eit gjensyn med desse sidene av regionen. Så vi satsa denne gongen på det rurale Andalucia.

Al-Andalus er det arabiske namnet på dei delane av Iberia som var under muslimsk styre frå 711 til 1492. Det var i Andalucía muslimsk styre varte lengst. I 755 gjekk Abd al-Rahman I i land i Almuñécar og etablerte seg som emir med hovedstad i Córdoba.  Då den kristne kongemakta gjenerobra Spania vart muslimar og jødar fordrivne. Granada, som var den siste muslimske bastionen, fall i 1492.

fullsizeoutput_3c3f
Lecrin-dalføret er midt på kartet. Pinos del Valle er merka av sør for Dúrcal

Valle de Lecrin – Pinos del Valle

AOThpV5TSNaCjeONtxw
Utsikt frå Ermita Cristo del Zapato over Lecrin-dalen med Pinos del Valle i forgrunnen. Beznar-dammen og nabolandsbyar i bakgrunnen. Pinos er delt i øvre og nedre del, med kvar si kyrkje.

Det vart fly til Malaga og ei ei overnatting der, samt besøk på Picasso-museet, før vi i leigebil tok fatt på ein ca halvannan times tur aust- og nordover. Vi hadde bestilt overnatting på to stader vi aldri hadde høyrt om. Først fem netter i landsbyen Pinos del Valle i Lecrin-dalen, deretter tre netter i Almunecar ved kysten, på strekninga kalla Costa Tropical eller Costa Granada. I Lecrin-dalen finn vi opptil fleire av dei «kvite byane» Andalucia er så kjent for. Granada er ikkje langt unna, berre ein halvtime mot nord på den nye motorvegen. Takk vere god tilgang på vatn er landskapet grønt og frodig. Her blir dyrka mange slag frukt, nøtter, mandlar og oliven, og dette dominerer kulturlandskapet. Vintrane kan vere kalde her ved porten til Sierra Nevada, sist vinter ned mot 9 minus i Pinos fekk vi høyre. Pinos ligg 700 moh.

mapa.jpg
Valle de Lecrin – Lecrin-dalen

Lecrin-dalen tilhøyrer provinsen Granada og har 22 500 innbyggjarar. Som mange andre stader på landsbygda både her og heime flyttar ungdomen til byane mens dei gamle blir att. Fråflytta hus blir til fritidsbustader, eller er til sals. Vi såg mange «Se vende» skilt. I Pinos går det buss berre to gonger dagleg, dette betyr at folk er avhengige av privatbil, sjølv om gater og smau i desse gamle byane på langt nær er tilpassa biltrafikk.

Det var full klaff med val av overnattingsstad. Her har Anne frå Nederland og Martin frå England i eitt års tid drive bed and breakfast i Casa Aire de Lecrin, ei nydeleg restaurert og smakfullt møblert gamal bygning. Svært hyggelig og hjelpsamt vertskap, inkludert dei tre sjarmerande huskattane som held gjestane med selskap når dei (kattane) er i humør til det.

Første kvelden i Pinos tok vi turen til kafeen Venecia, einaste serveringsstad i landsbyen. Her får ein drikke, tapas og ein enkel dagens rett, alt etter kva verten finn på den dagen. Det er dette som er treffstaden, både for lokalbefolkninga og dei som måtte komme utanfrå. Vi såg svært få andre turistar. Truleg er det fleire å sjå andre tider på året. Sierra Nevada er snøsikker og trekker skituristar også til Pinos i vintersesongen.

Dagen etter var det ut på tur, ein time i siksak på grei turveg opp fjellsida til Ermita Cristo del Zapato på 1000 moh med flott utsikt. Det er elles plenty med turmulegheiter i nærområdet.

Gorafe

Eg hadde på førehand googla meg fram til ein stad som fanga min interesse. Forutan i geografi har eg ein smule fagleg bakgrunn i arkeologi, og område som kombinerer interessant natur og forhistorie oppsøker eg svært gjerne.  I eit dalsøkk ein times køyring nordaust for Granada ligg landsbyen Gorafe. Byen ligg i eit vakkert canyon-landskap, men framfor alt finn ein her ein av dei største konsentrasjonene av førhistoriske gravfelt i heile Europa.

EF9BB272-2FB0-4517-8928-EB3FD32CD370
Gorafe med omgjevnader

Her er det oppretta ein megalittpark (megalitt = stor stein) som inneheld gravkonstruksjonar (dolmener eller dysser), 240 i alt, frå yngre steinalder/bronsealder. I tillegg er her holer i fjellsidene som både har vore bustader og etter soga også tilfluktsstad for araberane då dei vart jaga ut under gjenerobringa på slutten av 1400-talet. Den dag i dag er det bustader inngravd i fjellet, nokre av desse kan leigast.

Byen har eit informasjonssenter av nyare dato, men dette var stengt. Truleg var dette på grunn av siestaen som bl.a. har som resultat at det ingen stader er muleg å få seg middag mellom klokka 16 og 20, det gjeld alle landsbyane vi besøkte. Dei lokale sørger for å få i seg dagens hovedmåltid tidleg på dagen, noko vi også gjekk over til. Går ein ut om kvelden for å ta eit glas får ein likevel eit fat med litt tapas å bite i. I Gorafe fekk vi oss ein god og rikeleg lunsj på det beskjedne lille gjestgjevariet. Vi hadde verkeleg kjensla av å vere avsides og åleine turistar denne dagen.

Vi tok ein tur opp i fjellsida, her går sti til det som skulle føre fram til enda fleire gravfelt. Eg snudde ganske snart fordi eg er blitt utruleg pysete i bratte nedoverbakkar med lause småstein (etter to tidlegare fall med brot i arm og handledd). Også min sambuar vendte tilbake etter ei stund utan å ha nådd fram til gravene.

Sjå også Gorafe ørken georute

Las Alpujarras

Regionen Alpujarra ligg i sørskråninga til høgfjellsområdet Sierra Nevada, som i dag er nasjonalpark. Området var i tidlegarere tider bebudd av berberar med røter i Nord-Afrika, og den spesielle byggeskikken her har sitt opphav derifrå. Her ligg tre landsbyar på rad og rekke: Pampineira, Bubión og Capileira, på ca 1200 moh.

Fredsavtalen etter gjenerobringa i 1492 gav den muslimske befolkninga i kongedømmet Granada rett til å leve som før og utøve sin religion, men forsøk på å konvertere dei til katolisismen førte til opprør og borgarkrigar. Den siste braut ut i Alpujarras i 1568.  Under den spanske borgarkrigen 1936-1939 var området hardt råka, og geriljakampar heldt fram her sjølv etter at nasjonalistene hadde gått av med sigeren.

fullsizeoutput_3c46.jpeg
Bubión

Vi var her for 18 år sidan og har sidan ofte hatt i tankane å gjenta besøket. No var vi her, klar for å gjenta rundturen innover dalføret frå Bubión via Capileira. Langs stien er det stadvis tett vegetasjon, mellom anna av ville kastanjetre og bærbusker. Dalen og elva kryssar ein to gonger. Turen var like fin som før, men bakkane var merkeleg nok blitt brattare…

På heimveg hadde vi eit stopp i Lanjaron som er kjent for sine vasskjelder og fontener.

Gjennom frukthager og langs vassvegar

I nabolaget til Pinos del Valle er det meir å finne på. Ei merka turløype går nede i dalen, i frodig landskap, langs vasskanalar og bekkar, gjennom frukthagar med sitrusfrukter, avokado, oliven-, fiken-, valnøtt- og mandeltre. Ein startar frå Melegís (næraste nabolandsby, som også kan skilte med ein OK restaurant) og er innom Restabál, begge idylliske og typiske landsbyar. Etter lunsj i Melegís vart det også ein svipptur til Conchar, ein av dei andre landsbyane i dalen. Apropos restaurant: ein ettermiddag tok vi turen til Nigüelas som ligg i ein sidedal på austsida, ved foten av Sierra Nevada. Torsdagar kan ein nemleg gjere eit kupp og få to pizzaer for ein på «la Tasca»!

Almuñécar

Men no sto Costa Granada, også kalla Costa Tropical, for tur. Ein kan jo ikkje la sjansen gå frå seg til å kjenne litt på Middelhavet når ein er på dei kantar. Som sagt hadde vi sett oss ut Almuñécar – ein by vi aldri hadde høyrt om. Her ved kysten ligg forresten fleire mindre byar som  i alle fall for nordmenn flest er mindre kjent enn andre turistmagnetar på Costa del Sol.

fullsizeoutput_3c49
På gamlevegen ned til kysten

Vertskapet i Pinos oppmoda oss om å velje gamlevegen frå Lecrin-dalen over fjellet, via Otivar og ned til kysten. Denne vegen går over eit relativt aude og forlatt område der størstedelen er naturpark , i skarpe svingar i særs sidebratt terreng. Ingenting for dei som er skeptisk til høgder, men ei oppleving i seg sjølv. Imponerande vegbygging.

hNsgr25rT2uFgCLsQ4jlWg
Utsikt frå borgen San Miguel.

Historisk er Almuñécar meir enn interessant nok. Byen var grunnlagt rundt 800 f.Kr. av fønikarane og fekk namnet Sexi. Etter kvart, rundt år 200 f.Kr., kom romarane som hadde som mål å legge under seg dei fønikiske koloniane i Spania. Byen fekk namnet Firmium Julium Sexi. Her var romersk koloni i ca 700 år. Under det fønikiske styret var det etablert et anlegg for fiskesalting, dette vart videreutvikla av romerane, som også etablerte fleire akvedukter i området for å sikre vassforsyninga. Det romerske imperiet utgjorde ein enorm marknad for fiskeprodukta herfrå. Anlegget vart utgravd på 1970- og 80-tallet og ligg no som ein av byens hovudattraksjonar i Majuelo-parken, der det også er botanisk hage og skulpturpark.

Etter at det vestromerske riket gjekk under på 500-talet, kom ei germansk gruppe – visigoterane – som på mange vis tok opp i seg romersk kultur og språk. Men den 15. august år 755 gjekk prins Ymayyad Abd-al-Rahman i land i byen, og det var starten på den muslimske (mauriske) æraen i Andalucía. Gamlebyen sine gater og bygningar skriv seg i stor grad frå denne tida. I 1492 var det slutt på det muslimske styret, og den katolske kongemakta overtok.

Den andre hovudattraksjonen i byen er borgen San Miguel som vart bygd av romarane ca 100 f.Kr, kraftig utvida av araberne då dei kom til makta og deretter ombygd av dei kristne etter gjenerobringa i 1492.

Rett ved borgen ligg «Cueva de Siete Palacios» (Grotten med de syv palass), som eigentleg er restar etter eit palass frå romertida.  Underleg nok tente dette som sosialbustader fram til 1970-talet. No er det bymuseet som held til der.

Byen er godt forsynt med badestrender og vatnet er turkisblått og reint. Det var god plass på stranda og vatnet hadde perfekt temperatur no i starten av oktober. Den trivelege byen byr på god trim, her er bratte bakkar og trapper og smitt og smau, nett som i Bergen.

Vi budde på Hotel el Palacete del Corregidor som held til i ei ærverdig eldre bygning i gamlebyen. Takterrasse med utsikt, og gyngestol på balkongen!

Etterord

Vi er tilbake i Bergen, der det i skrivande stund har falle over 690 mm nedbør siste 30 døgn. Det er ca 150 mm meir ein gjennomsnittleg årsnedbør for Bardufoss, der eg har min sekundærbustad. Eg er ikkje tilhengar av å fly utanlands i tide og utide, vi har eit klima å ta ansvar for. Weekend-shoppingturar til storbyar held eg meg unna. Men eg meiner at det må vere legitimt for gjennomvåte bergenserar å søke ly ei stund i eit land som i september-oktober har perfekt sommartemperatur for oss nordbuarar!

I dagens Bergens Tidende får eg plutseleg auge på ein annonse for Vitus-reiser, som – tru det eller ei – annonserer for langtidsferie i, ja, nettopp Costa Tropical og Almuñécar. Det var irriterande å sjå at nokon andre allereie hadde oppdaga det eg trudde var eit lite kjent reisemål. Så feil kan ein ta!

Soga om Munkebotn

Vel heimkomen frå sommaren i nord hadde eg så smått begynt å sjå fram til turane i nærområdet, der terrenget ved Munkebotn utgjer kjerneområdet for oss her i ytre Sandviken. Riktignok har området rundt Munkebotsvatnet ei tid vore prega av anleggsarbeid. Her skulle den gamle murdemninga utbetrast etter pålegg frå Norges energiverk NVE, ho var lekk og utstabil sa dei. Etter kvart skulle heile friluftsområdet ved vatnet framstå i ny drakt. Vatnet vart tørrlagt og idyllen tilsvarande redusert, men det var midlertidig, og sikringstiltak bør ein jo ikkje protestere på. Så langt så godt.

1E16BA0F-0CAB-460F-8021-C7BFD55A1803
Demninga i nordenden av Munkebotsvatnet før arbeidet med damsikring tok til.

C479DC28-8972-4405-B939-6EF74F763A3A
Munkebotsvatnet hausten 2017. Her går turveg vidare mot Fløyen.

Demninga som brast

Så skjer altså det fatale den 22 august, etter at ikkje heilt uvanleg bergensk nedbør hadde fylt opp vatnet. Den midlertidige fangdammen ryk, vatnet fossar ned gjennom dalen nedover til Eidsvåg. Dette har no prega nyheitsbiletet både lokalt og også nasjonalt den siste tida. Her har vore mange aktørar.  Oppdragsgjevar er Bergen kommune med politisk leiing og fagetat, fleire konsulentfirma har vore inne i biletet, forutan utøvande entreprenør og sjølvsagt brannvesenet. No skal det granskast, skyld fordelast og svar finnast på korleis dette kunne gå så frykteleg gale. Og opposisjonen i bystyret ser sjølvsagt sitt snitt til å rasle med sablane. Dette kjem til å vare ei stund.

Eg skal ikkje ta stilling til kven som har skylda. Det er nok av sjølvutnemnde ekspertar som veit betre, ristar på hovudet over den toskete fangdammen bygd av lausmassar utan overløp, at ein ikkje kunne føresjå at det kom til å falle regn som vanleg på denne tida osv. osv.. Mange nyfikne har funne vegen opp for å sjå, slik sett har det kanskje stimulert til meir turgåing, altså fremjing av folkehelsa.

Vassmassar har det med å føre til landskapsendringar når dei bryt seg laus. Ja, her knakk svære tre som fyrstikker, grus og stein dekker no søkket nedstraums demninga. Skadene på vegen er reparert så trafikken av turgåarar og syklister held fram. Men ein kan jo sørge litt over det som er gått tapt. Blant anna forsvann den vesle hytta «Never» som var oppført av Bergen Arkitektskole i 2016 og som låg idyllisk til ved innløpet av Langevatn. Restane kunne ein no sjå flytande i eit brunfarga vatn.

E9F8AB8E-FDF1-4318-9C17-5387C9BE0032
Hytta «Never» 4. januar 2018.

5d9a2b15-0baa-40d4-9848-98f8672e3e1f
Restar av Never etter flaumen. Foto: Bergens Tidende

Litt bortanfor mellom Munkebotsvatnet og Langevatnet ligg Indianersletten – eit populært turmål for barnefamilier og barnehagar på tur. Mirakuløst nok er gapahukene blitt ståande, men her skal det nok litt opprydding til før bruksverdien blir den same som før.

20DE0F75-3692-42A5-8E89-B5C99ABD1AF0
Indianersletten med gapahuk etter flaumen.

Langevatnet, som ligg nedstraums for Munkebottsvatnet, vart mottakar av flaumvatnet og massar som følgte med. Eg veit ikkje kor lang tid det vil ta før brunfargen forsvinn frå Langevatnet. Fleire andefamiliar har vatnet som sin faste opphaldsstad. Vi får håpe dei fortsatt vil finne seg til rette.

3E4776F9-2EF1-4DB5-8202-13168774ED07
Møteplass for folk og ender i Langevatnet

fullsizeoutput_3b8d.jpeg
Som regel utrygg skøyteis på Langevatnet.

På historisk grunn

No får det vere nok om denne ulykksalige hendinga. Ho er ikkje på topp i nyheitsbiletet lenger, og mi sorg over tapt landskapskvalitet har dempa seg litt etter som dagane er gått. Det finst jo verre ting i verda.

Mykje av det som er blitt ein integrert del av naturmiljøet vi ferdast i når vi går på tur er kulturminne og vitnar om ei tid då lokale vassressursar vart nytta til næringsliv og samfunnsbygging. Denne siste hendinga er eit nytt kapittel i soga om vassressursane i Sandviken. Så no nyttar eg høvet til å ta temaet eit skritt vidare.  Det historiske har eg forøvrig vore inne på tidlegare i Bygge mur.

Før eg går vidare tar eg med eit par bilete frå Langevatnet der det står restar etter eit gamalt oppmurt ishus, som vart brukt til å oppbevare isblokker. Der er også ei murt kai i vatnet.

9196A862-F4AC-4913-9B24-48888CC01701
Restar av ishuset ved Langevatnet.

fullsizeoutput_3bb7
Kai ved ishuset, Langevatn.

Storemøllen

Når vi går tur på Sandviksfjellet og i området rundt Munkebotsvatnet og Langevatn går vi i nedslagsfeltet til historisk viktige bedrifter.  Dei fleste vatn og dammar på Sandviksfjellet vart nytta som vassmagasin for møllebruka Småmøllen og Storemøllen, dels også for Eidsvåg. Grensa mellom gardane Store Sandviken og Eidsvåg går midt i Langevatnet.

Munkebotsvatnet inngår i Storemøllevassdraget. Vassdraget har avløp gjennom Munkebotselven (middelalderens Gunnildarå) til Storemøllen, omlag ved Elsero/Gamle Bergen Museum. Namnet Gunnildarå gjekk ut av bruk og seinare vart nemninga Munkebotselven og Storemølleelven nytta om ein annan. Vassdraget er i dag lagt i rør. Meyervatnet er eit anna namn på Munkebotsvatnet, etter Meyer-familien som var verkseigarar ved Storemøllen frå 1871 til 1959.

Storemøllen vart anlagt ved Storemølleelven i 1617, men her kan ha vore kvernhusdrift tidlegare. Området tilhøyrde Store Sandviken gods. I 1653 omfatta Storemøllen tre møller, to kornmøller og ei kopparmølle. Då Didrik Hagelsteen overtok Store Sandviken møllebruk i 1748 inneheldt eigedomen våningshus, sjøboder, møllehus, diker og demningar med tilhøyrande inventar. Familien eigde Storemøllen i fem generasjonar heilt til Meyerfamilien overtok i 1871. Ved århundreskiftet var Bergen landets største mølleby. Bergenske kornprisar vart til og med registrert på Chicago-børsen. Det vart pengar av dette, noko som mellom anna ligg til grunn for etableringa av Rasmus Meyers samlingar (noverande kunstmuseum Kode 3).

fullsizeoutput_2d9a
Nyedammen i Munkebotn, ein gong drikkevasskjelde for Neevengården (no Sandviken) sykehus.

Anlegget var forholdsvis intakt til 1960, då eit våningshus fra 1834, møllene og rekka av sjøboder vart rivne. Det eldste våningshuset vart rive i 1972. Ein slipp og ein mekanisk verkstad vart drive til 1959. Vassdraget vart ekspropriert av Bergen kommune i 1950 og innlemma i byens drikkevassforsyning. Mølledrifta hadde då tatt slutt. I 1961 reiste Vaksdal Mølle (no Norgesmøllene AS) eit lager på området. Verksemda vart nedlagt 1991.

Midtmøllen er restaurert og er no ein del av Gamle Bergen museum.

møllemuseet__800.jpg
Midtmøllen

45013CAF-1CAD-4901-8AAB-5F3FC24ECA81.jpeg
Storemøllen med pakkhus (1887), mølle (1874) og Hagelsteens hovedhus (1834). (Fotomuseum Bergen)

«Vannkrigen»

Tilgang og rettar til vassressursane var ikkje heilt uproblematisk og konfliktene har fått nemninga «vannkrigen».  Langevatnet har sitt naturlege utløp mot Eidsvågsida og vatnet herfrå vart nytta i Eidsvåg som drikkevasskjelde. Meyervatnet (Munkebotsvatnet) som ligg høgare enn Langevatnet har naturleg avløp mot Munkebotn. For å auke magasinkapasiteten i Meyervatnet hadde mølleeigarane i Storemøllen bygd diker i begge ender av vatnet. Etter ein overenskomst skulle overflødig flaumvatn i Meyervatnet kunne overførast til Langevatnet.

For å auke tilsiget til Munkebotsstemma fekk dåverande verkseigar Arnold Meyer rundt 1900 leidd vatnet frå fjellområda ovanfor Ravneberget og Orretua ned til vatnet ved hjelp av eit sinnrikt kanalsystem («Mr. Kvikk»). Tidlegare hadde dette vatnet rent ned i Langevatnet og vidare mot Eidsvåg. Restane etter kanalsystemet ser ein langs stien som går til Kvitebjørnen via Ravneberghytten og Sandvikshytten.  Dette er no under restaurering. I 1916 vart Storemøllen stevna for retten for å ha heva dikene her slik at det kom mindre vatn i Langevatnet. Meyer vart frikjent. Det hadde også vore rettssaker tidlegare.

Storemøllen i dag

Etter at Norgesmøllene avvikla overtok dei kinesiskfødde Brødrene Hui eigedomen. Ein kort periode var her bl.a. marina og restaurantdrift og diverse anna forretningsverksemd. Men så fann ein ut at her skulle byggjast bustadblokker. Planane var omstridde, men vart godkjent av Bergen kommune og i dag er bygga i ferd med å bli ferdigstilte.

Hui-
Illustrasjon frå bustadprosjektet i Elsero. Foto: Link arkitekter.

Der sluttar soga om Storemøllen. Eg har forøvrig tidlegare gitt uttrykk for kva eg meiner om «byfornyinga» i strandsona i Sandviken i Med hjarte på/i/for rette staden.

Prosjekt Elsero

Kjelder:

  • Jo Gjerstad, Ytre Sandviken – fra Hellemyrsfolket til moderne bydel, artikkel om Munkebotsvassdraget og Store Sandviken møllebruk
  • Jo Gjerstad: Munkebotsvassdraget i årsmelding 2001 for Bergen Skog- og Træplantingsselskap
  • Vannkrigen i Sandviksfjellet – kampen om vannrettighetene til mølledriften i Eidsvåg og i Store Sandviken. Foredrag av Anders Haaland i Sandvikens kulturhistoriske forening 4.6.2002.
  • Om Storemøllen i Bergen Byleksikon 
  • På nettsida til Munkebotn Sti- og Renneprosjekt er det også omtale av mølledrifta si historie.

 

 

 

 

 

Graving, gymnastid og gjensyn

Nett som i fjor ved midtsommartid sit eg og stirer ut på eit grått og vått landskap. Den bergenske sommaren byrjar å likne på seg sjølv.  Sommaren med sandaler og badeliv vart unnagjort i midten av juni. Og junidagene eg tilbrakte i nord, i håp om å få glimt av midnattsol og elles nyte naturen i det fri, vart ikkje slik eg hadde tenkt. Og då tenkjer eg ikkje berre på vêret, som denne gongen verkeleg var elendig.

Eg er ikkje imot overraskingar og at ting tar andre vendinger, men det vart litt mykje denne gongen. Eg introduserte problemet (tett kloakk og oversvømt kjeller) i forrige blogginnlegget. Etter mykje forgjeves telefonering til maskinentreprenørane rundt omkring i indre Troms fekk vi til slutt napp hos Dig Maskin i Bardu, med Hans-Marius som viste seg å vere ein sann virtuos med gravemaskina. Det måtte gravast djupt for å lokalisere det kritiske punktet, der det gamle og sundbrotne avløpsrøret låg. Av ein eller annan grunn hadde altså ikkje  denne rørdelen blitt bytta ut og kopla skikkeleg til den kommunale ledninga i samband med tidlegare legging av nye rør.

Seint på sundagkvelden, etter ei vekes pumping av kjellaren med tre-timars intervaller, var problemet fiksa og holet fylt igjen. Det måtte gravast i offentleg gang- og sykkelveg, noko som blant anna skapte litt problem særleg for syklistane og dei som kom på rulleski.

IMG_6447.JPG
Hans-Marius svingar grabben i avslutningsfasen

Sidan eg i den seinare tid har hatt erfaring med kirurgiske inngrep (broten venstrearm) vart eg inspirert til å sjå likskapen mellom desse to operasjonane. Graving og legging av rør og leidningar, særleg på stader der det ligg begravd anna viktig infrastruktur, er også ein slags kirurgi. Det eine er ikkje viktigare enn det andre. Eg nyttar altså også no høvet til å legge inn eit godt ord for fremjing og oppvurdering av yrkesfaga.

Då er det også nærliggjande å reflektere litt over kva som er nyttig arbeid. David Graeber (!), professor i sosialantropologi ved London School of Economics, har skrive om fenomenet  «bullshit-jobber» . Han viser mellom anna til jobbar innan finans, telefonsal, selskapsrett, human relations, PR og talrike administrasjonsstillingar. Vi kunne arbeidd 15 timar i veka (jf. økonomen John Maynard Keynes (1883-1946)), men meiningslause jobbar stel tida vår og bryt oss ned psykisk, hevdar han. Dette har også vore tema på NRK.no.

Eg var nyleg invitert på den tradisjonelle sommaravslutninga på min gamle arbeidsplass i fylkeskommunen. No skal eg på ingen måte trekke parallellar mellom bullshit-arbeid og det samfunnsnyttige og meiningsfylte arbeidet som blir utført i fylkesadministrasjonen. Men no i desse regionreformtider skal fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman til storfylket/regionen Vestland. Alt dette har medført, medfører og vil kome til å medføre tunge prosessar og mykje organiseringsarbeid i årevis framover. Same kor framoverlent og effektiv ein ønskjer å vere i dette arbeidet vil det gå med mykje tid og energi til slikt som lite har å gjere med kjerneoppgåvene til fylkeskommunen. Pr. i dag veit ein jo heller ikkje kva som kjem til å vere kjerneoppgåvene!

På toppen av det heile skal heile fylkesadministrasjonen flyttast ut av sentrum,  til Sandsli, altså nesten til Flesland, for eit tidsrom på tre år frå 2020 mens det blir bygd nytt fylkeshus slik at ein er rigga for den nye tid.  Eg tipper ein og annan undervegs kan kome til gjere seg tankar om kva som er meiningsfylt arbeid. Eg trur eg avslutta mitt arbeidsliv i rette tid.

No seier eg meg ferdig med graveprosjekt og sidesporet om meiningsfylte/ikkje-meiningsfylte jobbar, og går over til noko heilt anna. Eg har alt i tidlegare innlegg antyda at det var jubileum på gang. Ja, eg sørga jo for å vere russ i det magiske året 1968, i Tromsø. Så eg sette meg altså på bussen til ishavsbyen, og overlot utfordringane til sambuar og Dig Maskin mens eg feira. Då eg kom heim sundag kveld var problema så godt som fiksa. Godt å vite at ein ikkje er uunnverleg. Men det er eg som må ta den litt dryge rekninga.

Tromsørussen 1968

Eg gjekk altså ut av Tromsø Gymnas (som no heiter Kongsbakken vidaregåande skole) i 1968. Då hadde eg, som andre skoleflinke ungdommar frå bygda, budd på hybel i tre år for å ta artium, som det også heitte den gongen. Eg kunne nok ha gått på det gymnaset som låg noko nærare, på Finnsnes, men eg kjente ei dragning mot det urbane livet.

fullsizeoutput_3a59
Jubileumsopning på Verdensteatret. Mi venninne Kirsti fortel om gymnastida som integreringsprosjekt

 Å få innpass i Tromsø-miljøet kunne vere ei utfordring. Tromsø har ord på seg for å vere ein inkluderande by, og vi som kom utanfrå vart jo ikkje haldne direkte utanfor. Men det var altså eit visst skilje mellom «byfolk og bona». Så vi fann jo gjerne saman vi då, som kom frå Bardu, Senja, Lyngen og Karasjok. Det gjekk seg til etter kvart, og i dag kan eg i alle fall konstatere at integreringsprosjektet er fullført.

fullsizeoutput_3a70.jpeg
I dag er integrering eit tilbod på skolen si oppslagstavle

For det var ikkje vanskeleg å finne att tonen etter alle desse åra. Merkeleg kor unge ein held seg i hovudet, sjølv om det ytre elles har endra seg ein smule. Eg hugsa til og med namna på dei eg ikkje kjente spesielt godt den gongen. I dag opplever eg jo stadig afasi når det gjeld namn.

Det var lagt opp til eit rikhaldig program. Eg sløyfa torsdagskvelden på Ølhallen, og starta heller fredagen 8. juni på Skarven, før turen gjekk til offisiell jubileumsopning på Verdensteatret, Nord-Europas nest eldste kino. Deretter omvising i den nesten ferdige nye hamneterminalen på Prostneset, som vart opna 22. juni.

fullsizeoutput_39e5
Utsikt frå den nye hamneterminalen på Prostneset

Så vart det busstur ut til Tønsvikdalen, der det var rigga til måltid på middelaldertunet (sjå bileta under).

Laurdag morgon var det fotografering på trappa på Kongsbakken, nett slik som i 1968. Det vil seie, eg kom for seint til fotoseansen den gongen og er derfor ikkje med på biletet. Men eg høyrde altså til dei grønkledde. Blårussen hadde raude drakter, gutane var i stilige dressar. Det var ein litt annan stil på russen den gongen. Vi måtte forresten sjølve sørge for å få draktene sydd, det var ikkje snakk om ferdig konfeksjon, og dette var før nokon hadde oppdaga markedspotensialet knytta til russefeiringa.

fullsizeoutput_3a6c.jpeg
Tromsørussen i 1968, minus underteikna

Så var det omvising i skolebygget, som no er kraftig opprusta i tråd med tidas krav. Det er blant anna nytt tilbygg og det er kome bibliotek og kantine i underetasjen.

IMG_6431
Slik kantine kunne vi berre drøyme om i vår tid

Vidare utover dagen var det triveleg lunsj på restauranten på Fløya, etter ein frisk tur over Tromsøbrua for nokre av oss, og etter tur opp med den superraske nye fjellheisen. Dei som ville, kunne også gå den nye sherpatrappa. Det var ikkje særleg fristande i det trasige vêret, men nokre spreke valgte å gå nedover etterpå.

fullsizeoutput_39dc
Til fots ned sherpatrappa frå Fløya

Etter nokre timars kvil (heilt naudsynt i vår alder) var det å ta seg ut på Sydspissen, der den store russefesten fann stad for 50 år sidan, og der vi også feira 40 års jubileumet (ja, dei fleste av oss hadde nok møttes etter 1968…). Utsøkt servering, ganske roleg underhaldning (bl.a. quiz med Kahoot, ein følgjer jo med i tida), samtalar og først etter kl 1 var det nokre få som tok seg ein roleg svingom på dansegolvet. Det er kanskje slik at ein med åra set meir og meir pris på den «gode samtalen»? Det er ein del ting ein er ferdig med, liksom.

Då var det førebels punktum for forsommaren sitt Nord-Norgesbesøk. Men vi kjem nok køyrande nordover på seinsommaren, håpar ikkje det heilt usannsynleg dårlege vêret hittil har øydelagt for moltehausten.

Etter at eg byrja på dette innlegget, er også sommaren komen tilbake til Bergen. Ikkje like heit som tidlegare, men ein kan i alle fall ta på seg sandalene igjen og legge frå seg paraplyen.