Somme har etterlyst nye innlegg på bloggen. Det er riktig at eg har hatt ein pause. Det kjem seg av at eg har fordjupa meg i slektshistorie. Forutan lesing av bygdebøker for Bardu og Målselv, har eg – takk vere eit godt bibliotekvesen med tilgang på bygdebøker frå heile landet og mykje skanna materiale – funne ut ein god del eg ikkje visste frå før. Slektsgransking er jo elles eit typisk alderdomsteikn, men eg har altså visse planar med dette arbeidet. Meir røpar eg ikkje no.
Eg er etterkomar av dei som braut opp frå magre kår sør i landet på slutten av 1700-talet for å starta eit nytt liv som nybyggjarar i Bardu og Målselv. Formødrene og -fedrene i denne første innvandringsbølgja kom frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Oppdal. Det er ålment kjent at fogd Jens Holmboe var ein ivrig pådrivar for innflytting og nydyrking i dei fruktbare dalane i indre Troms. Han meinte at innlandsfolket frå dalane der sør var meir veleigna enn kystbefolkninga til slikt. «Storofsen» – flaumen og jordskreda som i 1789 raserte mange eigedomar i desse områda – var også medverkande årsak til utflyttinga mot nord. Fullt så kjent er det kanskje ikkje at lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771-1824) hadde meir enn éin finger med i spelet. Dei som kom nordover var for ein stor del haugianarar, med sterk gudstru og høg arbeidsmoral.
Hans Nielsen Hauge hadde hatt ei guddommeleg openberring under arbeidet ute på åkeren på heimegarden i Rolvsøy i Østfold i 1796. Etter dette starta han ei omfattande forkynning, reiste rundt i landet, sette i gang ulike praktiske tiltak og etablerte eit tett nettverk av vener. Blant anna vart det oppretta ei slags felles kasse der medlemene i venesamfunnet bidrog. Han valgte ut folk som han meinte var tenlege for saka, både menn og kvinner. Hauge er i ettertid sett på som ein eksponent for koplinga mellom den protestantiske etikk og kapitalistiske ånd. Med haugianismen sine trekk frå kommunisme, protestantisme, kapitalisme og feminisme må Hans Nielsen Hauge seiast å vere ein av dei mest interessante figurane i Noregshistoria. Etter Hauge si tid gleid haugianismen meir over i indremisjon. Opprøret mot autoritetane og vel også dei industrielle føretaka i Hauge si ånd kom nok etter kvart i bakgrunnen.
Hauge forfatta eit utal skrifter som han sørga for å spreie rundt i landet. Venene heldt han kontakt med gjennom besøk og brev som inneheldt ei god blanding av gudsord, praktiske direktiv og formaningar. Han hadde også meiningar om kven som kunne vere høvelege ekteskapskandidatar. Det skal finnast døme på at at han rådde folk til å bryte trulovingar når han meinte alliansen ikkje tente saka.
Mi tipp-tipp-oldemor på morssida – Marit Gulliksdatter (1783-1856) – kom frå Mjøen (Sør-Mjøa/Nesto) i Oppdal, der Hauge hadde fleire tilhengarar. Marit var blant desse. Randi Hevle frå nabogrenda vart ei kjent haugianerkvinne. Mor til Marit – Gjertrud Olsdatter – kom forøvrig frå garden Hevlesvoll. Randi og Marit var jamngamle og truleg var dette med på å påverke og styrke Marit si rolle som «bibelkvinne». Det vart forresten bråk under eit vekkingsmøte på ein gard i bygda. Øvrigheit og presteskap såg som kjent ikkje med blide auge på Hauge si verksemd og prøvde å stoppe dette uvesenet. Forkynninga hans var i strid med Konventikkelplakaten, som sette forbud for lekmannsforkynning.
Våren og sommaren 1803 var Hans Nielsen Hauge på reise i Nord-Noreg. Her besøkte han Bardu, Målselv, Malangen og Balsfjord og kom så langt som til Tromsø. I Målselv besøkte han fleire av sine tilhengarar, blant anna familien til han som skulle bli min tipp-tipp-oldefar – Peder Amundsen (1771-1840) – frå Øyer i Gudbrandsdalen. Mor hans – Lisbeth Jonsdatter Romundgard (ikkje den meir kjente Romundgard i Sel lenger nord) hadde året etter at Peder sin far Amund Syversen Lien (Hong) drukna i Lågen, gifta seg på nytt med Ole Bardonsen Skarprud. Ole hadde i 1789 rydda gard på den staden der Takelva renn ut i den mektige Målselva. Garden fekk seinare namnet Olsborg. Her slo dei seg ned, Peder, mora, stefaren og Peder sin halvsøsken.

Då Hauge kom hadde bygdene her oppe alt hatt besøk av haugianske vekkingspredikantar, men vekkinga hadde fått uheldige konsekvensar. Folk satt i religiøse grubleriar og hang med hovudet heller enn å ta fatt på arbeidet. Dette ville Hauge ha ein slutt på. Han hadde augene med seg overalt der han kom, og såg mange mulegheiter for verksemd. Særleg Bardufossen meinte han hadde stort potensiale.
Peder hadde i 1802 begynt å rydde seg gard i Sollia, naboeigedomen til Olsborg. (Det var forresten Hauge som føreslo Sollien som namn). Peder var felespelar, og det seiast at han bygde det første huset litt oppe i bakkane, der fela lét som best. Huset vart seinare flytta lenger ned på flata, og det kom opp eit nytt staseleg hus som vart heim for generasjonane etterpå. Også mor mi var fødd der i 1916.
Men så hadde det seg slik at Peder, som no i 1803 var 32 år, enno ikkje hadde funne seg kjerring. Skulle ein drive gard måtte ein jo ha ei solid kone og utsikt til arvingar. Utvalet av konemne var nok ikkje så stort, sjølv om det alt hadde busett seg folk lenger nede ved Målselva (blant anna ei anna grein av mi slekt som flytta hit frå Helgeland). Hauge meinte han hadde ein kandidat i Oppdal som kunne sendast nordover. Og det er altså her Marit Gulliksdatter Mjøen kjem inn i biletet. I 1803 var far hennar, Gullik Johnsen død. Sør-Mjøa/Nesto var frå gamalt av ein velståande gard, men då Gullik døydde var han gjeldstynga og garden var som eit konkursbu å rekne. Marit sin bror John overtok garden, og mora Gjertrud vart kårkone. Så ved å reise nordover opna det seg kanskje utsikt til ei betre framtid for Marit. Ho hadde alt ei forkynnaroppgåve som ho kunne ta med seg. Kva ho sjølv meinte om arrangerte ekteskap er ikkje godt å seie. Men kanskje ho óg tenkte at ho ikkje lenger var eit så godt parti heime i bygda?
Eg har gjennom slekta blitt fortalt at Marit kom til Målselv saman med Hans Nielsen Hauge. Det stemmer nok ikkje. I eit brev Hauge skreiv til venene i Trondhjem 12. september 1803, altså etter at han var komen sørover igjen, seier han blant mykje anna at Marit Mjøen må få beskjed om visse ting ho må utføre, også med tanke på reisa nordover. Kor tid Marit kom fram til Målselv og Peder har eg ikkje klart å finne ut.
Marit og Peder vart gift i 1807. Same året var dei innkalla som vitne i ei av dei mange sakene mot Hauge. Ungane lot vente på seg. Først i 1814 kom første barnet som levde opp, dottera Karen. Då hadde dei året før mista sin førstefødde son Amund. Oppgjeve dødsårsak: «Død for tænder». Så fekk dei tre barn til, Amund, Gabriel og Elisabeth. Seinare kom det fleire av Marit si slekt flyttande nordover. Også mora levde sine siste dagar i Målselv.
I 1818, då Hauge var ferdig med fengselsopphaldet sitt og hadde etablert seg på Bredtvedt i Oslo, reiste Marit og Peder dit på besøk. Paret hadde fått ei kanne i presang frå Hauge, kanskje til bryllupet, men det veit vi ikkje sikkert. Kanna er no på Midt-Troms museum.
Peder fekk etter kvart ei rekkje verv i styre og stell. Sollia var ein stor gard, med mykje utmark og fleire husmannsplassar. Etter Peder sin død delte Marit eigedomen mellom sønene Amund og Gabriel. Amund vart buande på farsgarden. Han vart far til Peder som er min oldefar og far til min bestefar Gabriel Pedersen Solli, som døydde i 1972.
Peder døydde i 1840, Marit i 1856. Det seiast at då ho kjente at det bar mot slutten, sørga ho for å steike opp rikeleg med gorobrød som traktement i gravferda. Elles er det i det historiske kjeldematerialet få haldepunkt som kan fortelje om deira daglege liv, og korleis dei var som menneske.
Så er det litt underleg å tenke på at eg må rette ei takk til Hans Nielsen Hauge for min eksistens. Hadde ikkje han, i tillegg til mykje anna, også opptrådt som Kirsten Giftekniv, hadde eg ikkje sete her og skrive dette!
