Liv i ytre Sandviken

Tida går fryktelig fort i denne koronatida. Den eine dagen er den andre lik, ikkje før har det vore helg så er det atter fredag. Sidan sist eg skreiv her på bloggen har vi gått gjennom ein uvanleg kuldeperiode, gjennom fleire veker kunne januar og februar by på snø og skøyteis, til glede og avveksling for dei mange, både vaksne og især barn og unge som ikkje har så mange andre fritidsaktivitetar å ta seg til denne tida. For første gong i mine mange år i Bergen kunne eg spasere på Langevatnet, som ligg i mitt nære turområde, mellom Munkebotn og Eidsvåg. Men no er vi tilbake til normalen, det er plussgrader og i hagen byrjar krokusen å stikke opp. Det er ikkje lenger naudsynt med broddar om ein har tenkt seg ein tur opp i våre nære og kjære turområde. Skøyteisen vart borte på rekordtid og ein skal bra høgt opp for å finne skiføre.

Skitur i fine løyper frå Totland
Då Langevatnet vart skøytebane

Utbygging, fortetting – utvikling?

Vinteren er historie, i alle fall på desse kantar, trur vi. No er det andre ting som opptar meg og som gjer at det kjem liv i gamle glør. Det gjeld byutviklinga i ytre Sandviken, der eg bur og der eg fortsatt kjem til å bu når den nye leilegheita vår blir ferdig til innflytting neste år. Til avveksling frå turar oppe i høgdedraga legg eg gjerne turen gjennom dei tettbygde strøka her i bydelen. Blant anna held eg jamnleg auge med framdrifta på «vårt» bustadprosjekt Biskopshus, som no er kome såpass langt at ein kan ane konturane av korleis det vil ta seg ut. Prosjektet ligg i eit område som no blir transformert frå industri til bustadføremål. Utan å svartmale kan eg slå fast at her blir det tett. Med unnatak av leilegheitene i dei øvste etasjane er det ikkje mykje utsikt, og det meste av uteareala vil helst ligge i skygge det meste av dagen.

Heile dette prosjektet vil rundt rekna ha 90 nye bueiningar som blir liggande i det vesle dalsøkket mellom Fagernes og Breiviksveien, der det tidlegare var eit næringsområde med ymse verksemder. På vestsida, ut mot Byfjorden, kneisar dei tre ikoniske punkthusa på Fagernes, bygd tidleg på 50-talet (der har eg forresten budd i den midterste blokka ein gong i tida). I enden av dette søkket ligg bygget til det gamle Merinospinneriet som var etablert i den tida det enno fanst tekstilindustri på Vestlandet. Etter 1980 har bygget mesteparten av tida vore utleigd til Norges Handelshøyskole, som har sitt hovudbøle på toppen av skrenten opp frå Breiviken. Blokkene på Fagernes var i si tid husvære for tilsette – hovudsakleg kvinner – på Merinospinneriet.

I dette næringsområdet heldt mellom anna Norsk Stålpress til, det er mange som har deira stålbestikk i skuffene. Men Breiviken hadde også anna verksemd. I 1881 vart all renovasjon overtatt av kommunen, og byen fekk eit renovasjonssystem der avfallet skulle omggjerast til gjødsel. Alle byens husstandar fekk utlevert kaggar som vart henta kvar 14. dag og frakta bort i ein pram til Breiviken. Der vart det anlagt ein pudrettfabrikk, der innhaldet skulle tørkas og ende som tørr, luktfri gjødsel – pudrett. På midten av 1920-tallet tok denne produksjonen slutt. Anlegget i Breiviken var tømmestasjon der kaggeinnhaldet vart pumpa ut på seks meters djup. Kaggesystemet varte lenge, det var framleis kaggar i bruk då det vart vedtatt å avvikle kaggane i 1979. I dag har Bergen kommune etablert nytt og moderne renseanlegg i Breiviken.

Breiviken i 1964, Merinospinneriet er det store bygget i midten. Fagernes til venstre. (Foto: Widerøe, Universitet i Bergens billedsamling).
Under til venstre: Prospekt av Biskopshus (foto: Bonava/Tag arkitekter), til høgre illustrasjon frå salsprospekt for Merinoparken, (Foto: Finn/Privatmegleren).

Ja, det er store ting på gang. På plassen framfor blokka som er vist framfor Merinobygget på biletet til høgre er det i reguleringsplanen avsett areal for enda ei blokk. Men det stoppar ikkje der. No har selskapet Bonava, som er utbyggar for Biskopshus, også fått hand om Merinobygget og dei er i ferd med å legge vidare planar for bruken. Det inneber mellom anna å bygge på to etasjar og fjerne noko av den sørvendte delen av bygget slik at det indre gardsrommet blir opent ut mot sjøen. Vi har sett ei skisse for korleis det kan bli, med 170 leilegheiter. Eg håper dei har god dialog med Byantikvaren, dette er eit verneverdig bygg og skissa viser store inngrep. Vi er underetta om at det kjem ein liten lokal matbutikk i underetasjen, slik blir det tilført eit nytt samlingspunkt og butikktilbod i Biskopshavn, blir det sagt.

Bustadblokkene like bortanfor på Jæger brygge var bygd tidleg på 2000-talet, også dei på gammalt industriområde. Med nye bustadprosjekt, i tillegg til eksisterande busetnad vil denne bydelen få ein merkbar folkevekst. I salsprospektet for Biskopshus blir området presentert som eit «urbant nabolag». Og det er då eg spør meg: Kva er eit urbant nabolag? Blir det urbant berre av å fortette med bustadblokker og legge inn flest muleg bueiningar? I reguleringsplanen for området er ei av dei gamle bygningane (det raude låge huset på kaien) verna og avsett til ålment føremål, for eksempel til forsamlingshus. Det hadde vore fint, men der har no padleklubben til BSI fått leige huset til klubbhus inklusiv lagerplass for kajakkar. Det er i og for seg fint, eg er medlem og det ville vere flott å få oppbevare kajakken der når vi flyttar. Men det betyr altså at funksjonen som forsamlingshus fell vekk, utan at det ser ut til at det er funne ei erstatning i dei prosjekta som no er under utføring.

Forsamlingshus og møteplassar er mangelvare i ytre Sandviken. Og det er då eg tenker: kva med det store Merinobygget, med sine ein gong luftige og romslege salar, ville ikkje dei kunne vere veleigna som forsamlingslokale/bydelshus/ kafé/restaurant? Kanskje med tilbakeføring av den opphavlege 50-tals-stilen i møblement, med bilete og kanskje òg gjenstandar som kan fortelje noko om historia i dette området. Og same kor mykje seljarane av bustadprosjekta framhevar området som «sentralt», så er vegen lang til næraste serveringsstad der ein for eksempel kan få eit glas vin, frå Breiviken må ein til byen fire kilometer unna for å finne slike tilbod. (Traktørstedet i Gamle Bergen er ikkje å rekne med på heilsårsbasis, eg reknar heller ikkje med dei tre pizzastadene som baserer seg på take-away).

Ifølgje salsbrosjyren for Biskopshus er prosjektet «Sentrumsnært og solrikt» og eg siterer vidare: «Med en sentral beliggenhet i Biskopshavn, Ytre Sandviken vil det nye nabolaget legge til rette for plass til både privatlivets og fellesskapets gleder. Biskopshus blir et urbant nabolag med flere uteområder som legger til rette både for aktivitet og gode samtaler.» Det er då eg lurer på kor mykje den lille matbutikken (sannsynlegvis blir det ein Joker) skal kunne fungere som samlingspunkt og arena for gode samtalar, for eit område som med ny og eksisterande busetnad vil omfatte rundt rekna 500 husvære. Ei så omfattande byutvikling og byutviding krev meir av infrastrukturen enn ein lokal daglegvarebutikk. No meiner eg tida er inne for å tilføre denne bydelen noko meir.

Men det er meir på gang. For vel eit år sidan kunne vil lese at finansmannen Bjørn Rune Gjelsten, som eigar av firmaet Profier, har slått kloa i ei kremtomt i sjøkanten i Bergen. «Gjelsten tar nye jafs i Bergen: – Betydelig potensial» står det å lese i Finansavisen. Og tidlegare denne månaden kunne vi lese om planlegging av luksusleilegheiter på Hegreneset. 550 bustader er anslaget, oppstart om 4-5 år. Hegreneset ligg ein kort spasertur sør for Breiviken og er eit område med lang og mangfaldig historie. I dag er kornsiloen eit av Bergen sine landemerke.

Over til venstre: Kornsiloen på Hegreneset, til høgre Nyhavn med utsyn mot Hegreneset.

Eit kort stykke frå Hegreneset mot byen er det i dei seinare åra bygd kraftig ut med blokker i Nyhamn, og passerer ein Gamle Bergen kjem ein til dei nye blokkene i Elsesro. Går ein vidare kjem ein til blokkene på Måseskjæret. Alt dette nybygg på gamal industrigrunn langs sjøen. Eg har lufta problematikken rundt nedbygging av strandsona i Sandviken i blogginnlegget Med hjarte på/i/for rette staden og historikken rundt Storemøllen i Soga om Munkebotn.

Byutvikling krev styring og heilskapleg planlegging, utbyggjarar må haldast i taumane. Infrastruktur dimensjonert for bustadveksten må vere på plass, og på ein måte som legg rammer for at det kan utviklast eit bumiljø med høg kvalitet og med dei funksjonar ein må forvente i ein bydel.

Til slutt: ta ein titt på dette filmklippet frå etableringa av Merinospinneriet:

Klipp frå Filmavisen i 1949 om Merinospinneriet