Tid for hjem 1

Ved sida av TV-programmet «Med hjartet på rette staden» som eg tidlegare har skrive om, er «Tid for hjem» ein favoritt. Det er ein fest å sjå dei sveisne turbohandverkarane med sprudlande bergenshumør og kreativitet boltre seg i ulike renoveringsprosjekt. Her lyt eg skyte inn at eg sjølvsagt ser på programmet primært for å hente inspirasjon til eige hus og heim, tru ikkje anna.

Min fascinasjon for programmet kan også ha samanheng med at eg er snekkardatter, og eg liker å tru at eg forstår meg på verktøy, teknikkar og materialar. Dessverre lærte eg aldri å snekre, slikt var for gutane på den tida. Dei fekk ha sløyd, mens vi jentene skulle bli gode husmoremne og dermed fekk innføring i strikking og saum.  Det kom no til nytte det også.

Bad og bodar

No når ikkje det meste av dagane går med til jobb, er det også på andre måtar «tid for hjem» (eller heim, jmf. målføret eg no føretrekkjer). Til eksempel er alle tre bodane i huset for katastrofeområde å rekne (sjå bilete). Den verste boden har eg ikkje avbilda, skamkjensla vart for stor. Til ryddearbeidet skal eg nok skaffe meg assistanse frå min sambuar, som i morgon startar på si siste veke i yrkeslivet. No skal det bli samordning og ryddige bodar til våren ein gong!

img_3060
Klart for rydding og renovasjon

I tillegg er det altså no innlysande at badet, med sitt frynsete rosa vinyltapet som nok var relativt nytt da vi flytta inn i huset i 1990, saman med messing og sjalusidører (sååå 80-tals) no er modent for utskifting.  Dette var i si tid eit heilt OK bad, og det gjer framleis nytten. Men no er det berre å bøye seg for tidas krav. Det kjem til å koste flesk. Vi har etablert kontakt med eit bademiljøfirma, dei kjem snart på synfaring og så blir det vekesvis med utrivelege tilhøve til badet ein gong utpå seinvinteren oppstår som Fugl Føniks.  Vi har noko å sjå fram til.

Sink og skjå

Eg kan heller ikkje denne gongen la vere å ta eit tilbakeblikk på gamle dagar. No har det seg slik at eg med min enkle landsens bakgrunn tilbake i forrige århundre ikkje alltid har vore så godt vant med høg standard på badefasilitetane.

dsc_0601
Sinkbalje til mang slags bruk

I min barndom var det sinkbaljen som tente som badekar. Bading føregjekk på kjøkkengolvet på laurdagen – «laugardagen» etter gammalt. Først med nytt hus på 60-talet vart det slutt på denne formen for reinsingsprosess. Sinkbaljane har i dag eit heilt anna bruksområde. Ein salsannonse på Finn lokkar med at sinkbaljen er «kjempefin til blomster, pledd og puter, eller kanskje isbiter og drikkevarer på en varm sommerdag».

Det var no forresten heller ikkje vanleg å ha innomhus alt det som vi no pjåtar inn i bodene. Det var uthus til slikt. Skjåen er eit velkjent bygg nordpå, og for dei med gardsbruk var det utruleg mykje som fekk plass i fjøsgang, låve og stabbur. Reine museum kunne det bli etter kvart. Under rydding i gamlefjøset på nabogården kunne ein mellom andre kuriositetar finne både heimebrenningsapparat, to snøskutarar, hesteseletøy, hyppeplog og sykkel.

Biletet under viser eit anna gammalfjøs, det høyrer til eit verna gardstun på fjellgarden Strømsør i Bardu og har sikkert også vore brukt til lagringsplass.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Strømsør, Bardu

Merk elles at tittelen på dette innlegget er nummerert. Meir følgjer etter kvart.