Andre tider

Tida går fort. Det er alt tre månader siste siste innlegg på bloggen. Rett etter at huset var seld vart verda plutseleg snudd på hovudet. Vårt naboland Russland gjekk til brutal invasjon i Ukraina og etterpå har ingenting vore som før. På eit blunk vart utfordringar med korona og klima avløyst av krig. I staden for daglege pandemioppdateringar er det no ufattelege krigshandlingar som pregar nyheitsbiletet. Kven skulle trudd? Putin klarte på rekordtid å jage våre alliansefrie naboland inn i NATO, dei fekk brått behov for ei trygg hamn. Vi veit at der er det USA som er og har vore dominerande, og at det ikkje alltid har vore fredsskapande aktivitetar der i garden. Brått er all motstand og skepsis mot denne alliansen bannlyst og rommet for sakleg og kunnskapsbasert meiningsutveksling snevra kraftig inn. Dei som måtte ta til orde for ei nyansert tilnærming og drøfting av moglege framtidige konsekvensar vert raskt stempla som hovudlause og naive støttespelarar til Putin. Det har skjedd noko med klimaet for samfunnsdebatt. Arbeid for fred, avspenning og nedrusting har fått dårlege kår. Tidlegare utanriksminister Søreide har uttalt at det no «ikkje er tida for å forstå, men å fordømme». Slike haldningar fører vel ikkje verda vidare? Våpenindustrien gnir seg nok i hendene, og Noreg, som har olje og gass å by på blir profitørar når kranane skrus til. For ordens skuld: eg meiner Noreg skal ha ei skikkeleg forsvar og akkurat no er det vel ikkje tida for å forlate NATO.

No ser det ut til at krigen kjem til å trekke ut i tid, med uvisst utfall. Når ein til tross for overnasjonale institusjonar som FN og eventuelle andre kanalar manglar reiskap til å hindre Russland si framferd, og Putin og hans medløparar blir sittande med makta der dei kan ture fram og fritt få spreie løgn og propaganda ser det heller mørkt ut. Og etter ei tid maktar ikkje vi som lever her heime i fred ta inn over oss alt ein ser og høyrer om redslene folk er utsette for, korleis dei har fått livet snudd på hovudet, drivne på flukt, alt rundt seg øydelagt. For ikkje å snakke om dei unge mennene, på begge sider, som blir kanonføde, jaga ut i krigen, kanskje med heimferd i kiste. Dei som Bob Dylan song om i «Universal Soldier»:

«He´s five foot-two and he´s six feet-four
He fights with missiles and with spears
He´s all of 31 and he´s only 17
Been a soldier for a thousand year»

Her heime

Nei, kven veit kor dette ender.

De omveltingane vi har hatt i vårt tilvere her i Bergen er av eit anna slag. Sidan tidleg i april har vi installert oss i ny leilegheit og nye folk har inntatt vårt gamle rekkehus. Flytteprosessen har vist seg å vere eit maratonløp der vi enno ikkje er heilt i mål. For tilårskomne folk som oss medfører flytting ei tidsreise, noko eg tidlegare har skrive om. Realiteten er at ein må kvitte seg med utruleg mange ting, det er ikkje småtteriar ein klarar å samle seg opp gjennom eit livsløp. Å velje ut det ein skal ta med seg vidare er vanskeleg, ja smertefullt, men ein kjenner seg som regel lettare etterpå. Eg er mindre sorgtyngd enn eg hadde trudd på førehand over å ha forlete staden der eg budde i 30 år.

Jula varte til påske og lenger enn det

For å kvitte oss med ting og tang har vi køyrt i skytteltrafikk til BIR sin gjenvinningsstasjon og gjenbrukshall i Åsane. I brukthallen der blir ting ikkje ståande lenge, det tyder på at marknaden for brukte ting er gunstig. Enkelte ting forsvann framfor augene på oss, vi hadde knapt sett dei frå oss før dei vart snappa opp. Til og med bøker forsvinn nokså raskt. Boksamlinga er no rundt rekna redusert med ein tredjedel. Men vi trengte likevel nye bokhyller og skap og diverse anna, det har i tillegg medført hyppige besøk på IKEA. Dei fleste av våre ærend har vi gjort i bydelen Åsane, det er den næraste staden for alt slikt ein treng til huset, men det er spreidd rundt på fleire kjøpesentra og ein må køyre mellom dei. Ikkje rart vi no er nokså utmatta.

Så var vi litt redd for at vi kom til å sakne utsikten frå vår tidlegare bustad på Lønborg. I staden har vi fått ein ny og interessant utsikt inn mot byen, også den med rikeleg sjøgløtt. Vi har lite å klage på, sjølv om det har vore ein del ting som ikkje har vore heilt på stell. Mange i sameiet her klagar på at reklamasjonar tar veeldig lang tid å få retta på. Og den nye blokka ved sida av (som er omgjort frå dei tidlegare fabrikklokala til Norsk Stålpress) skulle vore klar for innflytting, men der har utbyggjaren Bonava enno ikkje fått brukstillating pga uferdige fellesareal. Dei har måtte kompensere med hotellovernatting for dei som ikkje har kunne ta leiligheita i bruk!

Opplevingar

Vi har levd i ei boble dei siste månadene og det er få andre opplevingar å berette om. Før påske vart det ei reise til Luster i Sogn, i høve barnedåp, som fann stad i den vakre og historiske Dale kyrke. Kyrkjene står elles tett i her Sogn.

Dale kyrkje i Luster, dåpsbarnet Eirid som midtpunkt
Gaupne gamle kyrkje

Men våren, finaste tida i Bergen, er her for fullt. Vi opna padlesesongen 16. mai i knallvêr og rasta på Kyrkjetangen, eit av Bergens mest populære friluftsområde, som denne dagen hadde god plass på stranda.

Årets første padletur

Årets 17. mai vart storslått, med full feiring etter to års pandemi, aldri har eg sett så mykje folk i byen, og vêret var strålande.

17. mai ved Lille Lungegårdsvann

I dag er det opning av Festspela, med dronninga og greier, også det etter to års pause. I strid med tradisjonen har vi regn og ruskevêr. Vi har ofte vore til stades, men i staden sit eg her ved kjøkenbordet og skriv. Eg merkar at vi har vent oss litt av med kulturelle ting i løpet av pandemistillstanden. Lyt gjere noko med det. Eg merkar også at eg har vore lenge borte frå skrivinga, skrivemuskelen må brukast jamnleg for ikkje å skrumpe inn. Og eg har eit litt større skriveprosjekt som har lege i dvale. Det skal fullførast, med tid og stunder skal det kome ei bok, så følg med, følg med.

Snart skal eg på den årlege forsommarturen nordover til Bardu for å ta meg av sekundærboligen og tilhøyrande uteareal. Mykje går i gamle spor, men noko er annleis dette året. Tanken på at verda der vi skal leve resten av våre leveår er endra, og framtida meir uviss, er ikkje god. Vi får likevel ønskje kvarandre ein god sommar, og ta vare på kvarandre, både dei nære og dei utanfrå som treng hjelp.

Hus med praktfull sjøutsikt

Og der var huset, som har vore vår bustad i over tretti år selt. Det gjekk kjapt. Med ei viss uro konstaterer eg at det snart femtifem år gamle rekkehuset på Lønborg no har fått svært så høge tankar om seg sjølv. Det insisterer på å få føre ordet i dette innlegget. Eg fråskriv meg derfor ansvaret for det som står i det følgjande.

«Då takkar eg for tilliten, det er tross alt vertskapet mitt (altså seljarane) som lyt ha litt av æra for at eg no endeleg har fått fastslått min verdi. Dei sørga for å framstille meg slik at eg sto fram som den beste utgåva av meg sjølv, rett nok etter å ha fått råd frå ho som skulle ordne med salet. Det har mellom anna ført til at skap og kott har blitt stuva så fulle av slikt som ikkje skulle stillast til skue at eg nesten fekk problem med fordøyelsen. Nok om det.

Eg har, som sagt fått vist meg fram. På internettet har det i ei vekes tid vore ein fristande annonse der dei aller fleste av mine utmerkte kvalitetar var synlege, riktignok lett påverka av fotografen sin vidvinkel. Dette la blant anna nokre ekstra kvadratmeter til arealet i kjellarstova, men det var jo berre til min fordel. Gjett om folk var begeistra. Talet på dei som ville kome å sjå nærare på meg auka dag for dag, utviklinga kunne følgjast på nettet, det er statistikk for slikt. Det var overveldande. Faktisk var det fleire som ikkje klarte å vente til den dagen det skulle vere visning, dei ville ha privat visning, som dei heiter, ja, nokre prøvde til og med å kuppe! Heldigvis klarte seljarane mine å avvise kuppforsøket, dei har ryggrad, det skal dei ha.

Kan de tenke dykk korleis det kjennast å bli saumfart i alle krikar og krokar, av framande? Slik har eg hatt det i det siste, det toppa seg på søndagen, altså i forgårs. Det var så mange at dei måtte halde på i to timar, puljevis på tilmålt tid. Det var skremmande å høyre korleis nokre diskuterte å rive veggar, bygge på med ark og så vidare. Eg er glad for at seljarane mine har latt meg vere i fred slik sett, bortsett frå eit nytt fint bad har dei berre nøyd seg med nokre malingsstrok, og elles sørga for viktige ting som nytt tak, nye vindauge og ny kledning når det var behov for det. Nokre var så ufine å meine at det var trong for drenering, dei trudde altså at eg ikkje klarte å halde fukt og vatn unna! Det har eg då klart i alle desse åra og skal nok klare det i fleire år frametter. Men dei fleste verka nøgde. Litt sårande var det at det var utsikten som fekk flest lovord. Ja, Byfjorden ligg no der han ligg, rett nedanfor, men hadde det ikkje vore for at eg er utstyrt med vegg-til-vegg vindauge i stova hadde det ikkje vore like stor stas.

Den upåklagelege utsikten over Byfjorden og Askøy

Seljarane mine meiner også at det er utsikten og «beliggenheten» som er framste attraksjonen i dag. Men dei har óg snakka om at Byfjorden var noko anna for dei folka som budde her i strøket i gamle dagar, då her var langt ute på strilelandet og det budde småkårsfolk her, i fattigslige hus, på små oppdyrka jordflekkar mellom knausane. Det er herifrå Amalie Skram har henta inspirasjon til bøkene om Hellemyrsfolket. Den gongen var fjorden god å ha om ein skulle ro til byen eller tvers over til Askøy eller nordover. Fisk kunne dei også hente i fjorden og dei sette sikkert pris på å sitte ute og sjå på kveldssola etter dagens strev. Men no kapitaliserer ein fjorden på ein heilt annan måte, seier seljarane mine.

Så kom dagen då alt skulle avgjerast, altså i går. Eg sitra av spenning, seljarane var ikkje heilt upåverka dei heller. Budrunde kallar dei det. Det sto til slutt mellom tre budgjevarar som heldt det gåande mens spenninga steig. Og det var no eg verkeleg fekk stadfesta kor mykje eg er verd. Seljarane mine vart overgjevne, og blauthjarta som dei er syntes dei dette gjekk over stokk og stein. For dei har jo slik medkjensle med alle unge familiar som ønskjer seg eit barnevenleg hus der dei kan ha litt plass rundt seg. For dei er det ikkje mange av. Først når gamlingane ser alderdomen i kvitauget og flytter i leilegheit opnar det seg slike moglegheiter. Eg syntest no berre det var stas at denne budrunden endte med vel ein million over «prisantydning», som dei kallar den pengesummen som sto i annonsen. Annonsen kan sjåast her: https://finn.no/248037803 om nokon er nyfikne. Men toget er gått for sal.

Ja, snart skal det kome nye folk innom dørene her. Eg har no levd eit bra liv saman med dette paret som har budd her i alle desse åra som er gått. Dei seier også at dei har trivdest, riktignok seier dei at det er utsikten dei kjem til å sakne mest, det er litt sårande, men, men. No er det visst eit arkitektpar som skal flytte inn her. Eg liker å tenke på at dei har sett kvalitetane med dette utmerkte dømet på sekstitalsarkitektur, og vonar dei ikkje fell for freistinga til å endre for mykje på meg. Då er det berre å ønskje lukke til for dei nye, for dei gamle, for dei rundt som får nye naboar, og, ikkje minst, for meg sjølv. Takk for meg.»

Tidsreise

Som eg har annonsert tidlegare førebur vi oss på flytting. No står fotografering og visning for døra, og vi har fått instruksar frå meklar om korleis vi skal gjere hus og innbu mest mogleg freistande for potensielle kjøparar. Mykje må reinskast ut. Det er greit med det som er på overflatane. Det meste der skal ikkje kastast, berre stuvast vekk og det vert såleis ikkje så mykje å ta stilling til.

Men. I kjellarstova sto ein bokreol. I skuffeseksjonen der låg brev og mykje anna frå mi fortid på 70- og 80-talet, dette følgde med frå forrige flytting som fann stad ved inngangen til 90-talet. Her vart det gjensyn med store delar av mi historie, frå det smått turbulente 70-talet, til 80-talet då det også var mykje som skjedde, og fram til neste tiår då mykje hadde falle på plass. For vi skreiv brev til kvarandre den gongen, lange brev. Største bunken frå mor mi, som auste av si omsorg, sjeldan på under 10 tettskrivne sider. Så ein bra bunke frå nokre veninner, som eg enno har kontakt med og treffer når høvet byr seg. Utanom dette brev og kort frå folk som ei tid var innom livet mitt, og som sette meir eller mindre avtrykk. Nokre av dei heldt eg kontakten med nokre år, men så sklei det ut. No måtte eg vurdere kva av dette rikhaldige materialet som kunne gøymast for ettertida og kva som skulle kastast. Julekort med god jul og godt nyttår gjekk i bosset. Slike kort var det mange av, på den tida var tante- og onkelflokken så godt som intakt, og vi utveksla julekort. Det var kjekt, men eg hugsar dei alle saman godt sjølv om eg ikkje tar vare på julekorta. Eg heldt att nokre kort frå tanta mi som budde i Tyskland og trufast skreiv sine små årsrapportar. No har eg ingen att frå denne generasjonen, og eg er den eldste på mor si slektsgrein.

Nokre eksempel på ikkje-arkivverdig materiale.

Eg har ikkje tatt meg tid til å lese gjennom alle breva eg hadde samla på, det vart nokre stikkprøver. Men eg leste nok til å kunne slå fast at det tar tid å finne fotfeste i livet. Dette var ei tid der mykje skjedde både på det personlege og det politiske plan, og mange brev er sterkt prega av dette. Dei første breva er heilt frå tida eg kom til Bergen i 1969, direkte frå eit opphald i Vest-Tyskland, det skulle ta enno 20 år før landet vart sameint. To dagar vart eg sitjande i kjellarstova på mi tidsreise. Det tok litt tid før eg klarte å lande i notida att. Eg vart sett tilbake til ei tid der vi skreiv til kvarandre om studier, kjæraster, tvil, politisk engasjement, eksistensielle spørsmål, kultur, brot, etter kvart ekteskap, ungar, tidsklemme, jobbjakt, flyttingar, nye forhold etc. etc. Det skulle vore interessant å lest att breva eg har skrive, eg tippar det hadde bydd på overraskingar. For det er òg mykje som er gløymt eller fortrengt av alt ein har vore borti på den tidlege delen av livsvegen.

Og no er vi vel pensjonistar heile hurven, alle som eg høyrte frå og skreiv til på den tida. Mange veit eg ikkje av lenger, nokre er også gått bort. Eg er elles ikkje av typen som har for vane å fortape meg i fortida, har helst sett framover. Men underleg var dette møtet med dagane som forlengst er gått, og vemodig. Så må eg òg tenke: Korleis vil dagens generasjon kunne sjå tilbake på si fortid? I ei tid der kontakt skjer på sosiale media og e-post, kva blir att? FB, Instagram og Snapchat er flyktige media. Eit brev er noko heilt anna, ikkje berre fordi det er varig, men også fordi tankar kjem til uttrykk gjennom ord på ein heilt annan måte. Likevel ser eg ikkje bort frå at dei fleire siders skildringane eg fekk i eit brev frå ei reise i Latin-Amerika hadde eigna seg vel så godt i ein nymotens blogg.

Mykje skal pakkast vekk.

Men har eg berre vore på tidreise i det siste? Slett ikkje. Det vart ein tur til min andre heimstad i Bardu i midten av januar, der vi fekk møte med vinteren slik han er i år, med veksling mellom sprengkulde, snøkov og mildvêr. Det var også besøk til familie og gode vener i Tromsø, som også er representert i den før omtalte brevsamlinga mi. Utan deltaking på TIFF, Tromsø internasjonale filmfestival denne gongen. Det var riktignok arrangert festival, men nedskalert, og det var ikkje like mykje liv i byen og på utestadene som tidlegare. Det er til å leve med, faktisk, det er ein del ting som ikkje freistar like mykje som før.

Sjåtaket må måkast.
Storgata i Tromsø, januar 2022.

No takkar eg for meg denne gongen. Mykje å gjere og mykje og tenke på. Kan bli ei stund til neste gong. No snør det forresten i Bergen òg. Lenge til våren.

Tankar på seinhausten

Bloggen har lege i dvale ei stund og no står forsyne meg snart vinteren for døra. Første vinterdagen – 14. oktober – er tilbakelagt, utan at han her på desse kantar var særleg vinterleg. Vi har hatt ein nydeleg seinhaust, i motsetnad til ein særs regntung septembermånad. Ja, Vestlandet vekker både kjærleik og hat. Med så mykje godvêr på ein gong er ein jo også forplikta til å kome seg ut, ein veit det ikkje varar. Det vart tur til Fjellhytten, fisketur i Kjerrgarden på Askøy (utan fiskelykke) og spasertur i Nygårdsparken, for å nemne noko. Skriving blir nedprioritert under slike høve, og eg har også hatt nokre andre prosjekt som konkurrerer med bloggen.

Det må ryddast før det skal flyttast

I tidlegare blogginnlegg har eg nemnt diverse ryddeprosjekt i heimen. No har vi sett oss i ein situasjon der vi innan ein tidshorisont på eit og eit halvt år for alvor må rydde oss heilt ut av rekkehuset her på Lønborg. Motivet for å flytte er utsikten til eit meir sutalaust liv i alderdommen, på eitt golv og utan krav til ytre vedlikehald.

Mens eg ved tidlegare flyttingar har flytta lengre og lengre ut i Sandviken, kjem vi no til å snu oss andre vegen, innover mot Sandviken og byen, til ei leilegheit i eit flunkande nytt bustadprosjekt på eit tidlegare næringsområde i Breiviken, nær der vi budde på 1980-talet. Inst inne synes eg det er litt synd at islettet av næringsverksemd forsvinn frå dette nabolaget, tilliks med mange andre nabolag der det er transformasjon på gang. Byutvikling reiser mange problemstillingar. Dette prosjektet legg no i det minste ikkje beslag på meir av Sandviken si stadig meir nedbygde strandsone.

Grunnarbeid for nytt leiligheitskompleks i Breiviken. Enno litt å gjere før vi kan flytte inn.

Minner frå Hellen skole

Første ryddeetappe var å hente ned kartongar som har lege i dvale på loftet heilt sidan vi flytta inn her for 30 år sidan. Mykje av innhaldet viste seg å vere diverse papir frå sonen si tid i barnehage og skule. Her var teikningar og elles smått og stort frå åra på Hellen skole. Skrivebøker, mattebøker og arbeidsbøker vitnar om ein pliktoppfyllande og flink elev som fekk gode skussmål. Her låg også nokre av dei humoristiske teikneseriestripane han laga. Han var ein mangfaldig person som hadde fortent ein betre skjebne. Det vart eit verdifullt tilbakeblikk på den gode tida. Med nokre unntak gjekk likevel det meste i bosset.

Jubileumsavis for Hellen skole, teikning: Sissel Kyrkjebø, klasse 5c

I haugen av papir fann eg jubileumsavisa for Hellen skole frå 1980, då skulen var 25 år. Og kven andre er det som har fått æra av å illustrere forsida enn Lønborgs store stjerne, sjølvaste Sissel Kyrkjebø som gjekk to klassar over sonen min og som vaks opp i ei høgblokk på Lønborg, over noverande Coop rett borti vegen.

Frå den akademiske verda

Men her var ikkje berre etterlatenskapar frå sonen sine skuleår. Her låg førelesingsnotatar og kompendier og diverse anna frå mine studieår ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Det meste vart kassert, eg klarte ikkje heilt å sjå nytten i den livsfasen eg er komen i. Lat oss håpe noko av stoffet har vore til nytte på ein eller annan måte, i yrkeslivet eller på andre frontar.

Sjølv om eg kvitta meg med det meste, gjorde eg likevel eit par unntak, tenkte noko framleis kunne ha aktualitet. Det eine unntaket var nokre notatar om «Struktur og dialektikk – strategier i studiet av sosial endring» (1976) av Gudmund Hernes, Sosiologisk institutt, dit han var komen som landets yngste professor, rett frå Junaiten. Her vert det blant anna operert med endringstypane 1) enkel reproduksjon, 2) utvida reproduksjon, 3) transisjon eller overgang og 4) transformasjon, omforming. Dei to siste særlege interessante.

Det andre var kapitlet «Sentrum og periferi som eit forhold mellom produksjonsmåter» i Jon Naustdalslid si magistergradsavhandling «Interessedimensjonar i norsk distriktsutbygging» (1974). Absolutt aktuelt tema i notida, sjølv om eksempla som er brukt er litt utdatere.

Her dukka også opp rapportane frå eit arbeid eg utførte i 1984 for Bergen kommune, oppmålingsavdelinga: «Arealbruk og arealbruksendring i Bergen 1970 – 1980 – metode og hovedresultater» og «Arealregistrering i Bergen – en metodesammenligning». Utruleg kva ein har halde på med ein gong i tida. Eg trur ikkje desse vert klassikarar.

Frå min sykarriére

I kartongane på loftet låg også talrike klesplagg. Forutan diverse barnetøy vart det sanneleg gjensyn med dei sjølvsydde kjolane eg ikkje forsto kor var blitt av etter at vi flytta. Eksklusiv haute couture frå 70- tal og tidleg 80-tal! No for tida går det minst halvårsvis mellom kvar gong ein ifører seg penkjole, det går i bukser, T-skjorter og ulltrøyer året rundt. Sidan det ikkje lenger er samsvar mellom min og kjolane sin storleik og det derfor er utelukka at nokon får se meg iført dei, og fordi eg gjerne vil vise kor flink eg har vore med nål og tråd, skal eg no vise dei fram her. Elles har eg sydd mange fleire kjolar enn dette gjennom tidene, men dette er altså dei som låg i skjul på loftet i 30 år.

Eg er særleg imponert over den kvite kjolen. Heilfora med silke, tynt stoff utanpå, vaffelsaum nede på ermene, storleik 38. Kanskje nokon av lesarane går i giftetankar? Den lyseblå vart i kortaste laget, hadde knapt med stoff. Den lange lysegrøne var brudekjole i ein gong langt tilbake i tida. Det tilhøyrande beltet under bringa manglar. Eg ser med beundring på den stripete nede til venstre. Her har eg vore treffsikker med stripene, hadde nok skåra høgt i Symesterskapet. Desse plagga skal eg ikkje kvitte meg med, om det då ikkje skulle vere nokon som brenn etter å overta dei.

Eksempel på transformasjon

Eg har forresten tatt opp hobbyen med å produsere matter av gamalt sengetøy. Framifrå syssel der alle slags tankar kan flyte fritt mens ein riv dynetrekk i strimlar og deretter heklar i veg med heklenål nummer 10. Og resultatet kjem raskt, ferdig på få timar. Biletet under viser eksempel på transformasjon av eit dynetrekk og eit putetrekk.

Matte hekla av tøystrimlar

Oppsummering

Eg ser no at det eg har skrive i det føregåande – med fare for å lyde pretensiøst – kan løftast opp på eit universelt nivå. For det dreier seg jo om handtering av fortid, notid og framtid. Då må ein rydde, kvitte seg med noko og bevare noko. Så kan ein vurdere korleis ein kan gjenbruke og omforme. Og notida lyt ein ta vare på som best ein kan, ein måte å gjere det på kan vere å utnytte fine haustdager til å ta ein fjelltur, fisketur eller tur i parken.

Så er det ikkje til å kome ifrå at ein av og til bør flytte på seg og endre på ting med tanke på framtida. Og når vi om ei tid flyttar til noko nytt så er det andre som forhåpentleg ser fram til (og vil betale for) å gjenbruke vår bolig.

Utfordringar dukkar opp stadig vekk. Då eg skulle skrive dette innlegget oppdaga eg at redigeringsverktøyet på bloggen var blitt endra. Eg måtte altså omstille meg. Eg vart irritert, dette hadde eg ikkje bedt om. Så finn eg ut av det likevel og ser at det kanskje ikkje er så dumt. Det er aldri for seint å lære.

Ein sommar er over

Sommaren er over og ein burde vel vere litt lei seg over det. I år kjenner eg ikkje på så mykje sorg. Litt samanheng har det med at eg har «ferie» heile året, alt står og fell ikkje på om sommarvêret kjem i den tilmålte ferien. Med tidleg sommarvarme i april og sein varme i september, samt mange varme dagar imellom har sommaren vart lenge nok. Årshjulet må gjerne trille vidare.

Vi rakk over ganske mykje. Ingen utanlandstur, om ein då ikkje reknar ein dags transportetappe gjennom Sveriges mest aude trakter og eit nattelosji i Östersund. Etter å ha avslutta hyttelivet – som skildra i forrige innlegg – vart det etter kvart tur austover til familietreff i Valdres og så til slutt den vanlege køyreturen nordover. Og no heldt eg på å gløyme snarturen til Kristiansand med retur gjennom Telemark tidleg i juli. Faktisk har vi vore mange stader i fedrelandet i sommar. Det har mykje å by på.

Vestlandssommar

Men før turen nordover var det varme dagar og mange fine turar i Bergen og omland. Mellom anna til Fedje – «landsbyen i havet» og fottur i Nordsjøløypa, samt kajakktur i 30 plussgrader på vestsida av Sotra og ditto i Os-skjergarden. Vi minnes også alle måltida ute og grilling på terrassen i kveldinga. Slikt skjer ikkje kvart år. I tillegg er det liv og røre i Bergen by om sommaren, kanskje i meste laget.

Seinsommaren i nord

Men no skal eg ikkje bruke meir plass på sommaren sørpå. Eit stykke ut i august gjekk turen nordover. Denne gongen med ein ekstra passasjer i bilen. Sonesonen, som skulle til Bodø for å studere, fekk skyss heilt til hybeldøra, og då kunne vi også nytte høvet til å sjå han vel installert der. Nokre år i Nord-Norge vil nok bli god ballast på livsvegen, det er eg sikker på.

Sidan eg held på med utforsking av haugianerslekta, var eg også innom Oppdal og slektsgarden Nesto på Mjøen, der vi helsa på dei noverande bebuarane, ekteparet Solfrid og Stein. Stein og eg har felles stamforeldre i Gullik og Gjertrud, foreldra til Marit Gulliksdatter som kom til Målselv etter Hans Nielsen Hauge si oppmoding. Garden ligg nedst i Drivdalen, under Allmannberget. På tilbaketuren var vi også oppom Oppdal kyrkje som ligg på Vang med vakker utsikt både mot Drivdalen og Dovre i sør og Gjevill mot vest.

Men no Nordland. Det vart overnatting på ærverdige historiske fru Haugans hotell i Mosjøen og rusletur i verneverdige Sjøgata, før kryssing av Saltfjellet og Bodø. Studenten hadde fått seg hybel i bufellesskap i gangavstand frå studiestaden på Mørkved. Etter ein del turar til Jysk som ligg strategisk til for studentane (i mangel av IKEA) kom ein del tilskot frå oss på plass på den beskjedne, men heilt greie hybelen.

Før turen gjekk vidare nordover nytta eg høvet til å dyrke mi veksande historiske interesse. Turen gjekk til det flunkande nye jektefartsmuseet som ligg vakkert til ved Bodøsjøen. Eg har fordjupa meg litt i innvandringshistoria til bygdene i indre Troms og då dukkar spørsmålet opp om korleis dei reiste nordover. Dei måtte sjølvsagt også nytte sjøvegen delar av den lange vegen. Rundt 1800 fanst verken rutebåtar eller dampskip. Løysinga var leilegheitsskyss med jekter som frakta fisk og andre varer. Ein kan jo prøve å førestille seg komforten ombord.  Eit interessant og gjevande museumsbesøk var det (sjå bilete under).

 Turar i skog og mark og by

Men turen stoppa ikkje i Bodø. Målet var som vanleg sekundærbustaden i Sundlia i Bardu. Der er mykje å ta seg til både ute og inne. Vi starta ute, engstelege for at vi ikkje skulle få ta del i moltehausten, men myrene i vårt vante fjell leverte likevel. Også i blåbærskogen var mykje å hente, og jamen rakk vi så vidt tyttebæra også. Ein kan meine mykje om landskapsinngrep og kraftliner gjennom dalføret i Nedre Bardu, men dei skaffar i alle fall meir lys og rom for tyttebæra. Så no er vi vel forsynte med bær. Og for ein fryd å plukke tyttebær på tørre og fine rabbar, mot det vi er vane med frå myrene rundt hytta på Reksteren, der bæra må gravast fram på høge grastuer mens ein snublar seg fram i djupe blauthol. Og så måtte plukke av seg flått når ein kom i hus!

Nokre «nye» fjellturar var det òg, til Matfjellet som ligg i nabokommunen Sørreisa, og til nærområdet Johaugen på austsida av Barduelva, der det er merka turløype i regi av Midt-Troms friluftsråd.

Ein kjapp Tromsøtur for å helse på familie og vener, og hyggeleg besøk i Sundlia frå utflytta studievener var stort sett einaste sosiale omgangen denne gongen. I Tromsø vart det museumsbesøk for å sjå på den flotte nye utstillinga «Tellus» om jordas historie. På veg til Tromsø kan ein passere «Olsborg stasjon» i Målselv. Her har jernbaneforkjemparen Hilde Sagland bygd seg ein stasjon i hagen. At Nord-Norge ikkje får ta del i infrastruktur som andre landsdelar tar som ein selvfølgje, er berre ein av grunnane til opprøret i nord, som ga seg utslag i valresultatet nyleg.

Oppussing og rydding

No tok vi fatt på det som skulle bli eit meir omfattande prosjekt enn vi hadde tenkt oss på førehand. På eine soverommet – bror min sitt gamle rom – hadde vi registrert at malinga på enkelte stader losna i store flak. Noko måtte gjerast. Det var lettare sagt enn gjort. Først etter fleire forsøk fekk vi ny maling til å feste seg på underlaget. Det vart bra til slutt. Faktisk vart eg veldig nøgd. Mi gamle barneseng fekk plass i hjørnet, den gamle gyngestolen vart henta hit, eit gammalt bord malt. «Dallen» (trebutten) frå oldeforeldra i Sollia fekk plass. Ting som har plass både i mi og andre si historie, verdifulle i all si enkelheit.

På dette rommet sto det fleire kartongar med vekeblad, omlag tretti årgangar med «Familien», frå tidleg 80-tal til 2012, samt mange eksemplar av Norsk Ukeblad, Hjemmet og Allers. Det vil seie rundt rekna mellom 1500 og 2000 eksemplar.  Det som kjenneteiknar bladet Familien (som i gamle dagar heitte Kristen ungdom), er – forutan det kristne grunnsynet – at kvart blad inneheld ei mengd oppskrifter, særleg på handarbeid av ulike slag. Mor mi var ikkje den som kasta slike skattar! Her er verkeleg utruleg mykje å hente for dei fingernemme. Men kva i alle dagar skal ein gjera? Eg har to hus med fulle skuffer og skap, og i staden for å bruke resten av mi levetid på hekling og strikking har eg valgt skriving som hobby. Vil eg ha eit handarbeid mellom hendene finn eg nok noko på nettet!

Eg tok meg tid til å skumme gjennom dei fleste årgangane for å sjå om her var gullkorn verd å gøyme på. Eg har lagt nokre blad til sides, resten gjekk den bokstaveleg talt tunge vegen til papirkonteinaren. No er det ikkje berre handarbeid som kan fange interessen i gamle vekeblad. Dei speglar tida og gjennom tre tiår er det ikkje lite som har endra seg når det gjeld synet på kvinna og hennar oppgåver i heim og samfunn. Sjølv i eit kristeleg blad som Familien er mykje endra i så måte. Alle desse årgangane kunne nok vore råstoff for avhandlingar, men no er det for seint. Ein kan jo ikkje påta seg for mykje arkivansvar, kva har ein Nasjonalbiblioteket og Arkivverket for?

Eg nemnde over at eg har skap og skuffer fulle. I huset i Sundlia især er det heklebrikkar i hopetal. Mor mi produserte noko, men det meste er truleg gåver frå andre sine flittige hender, ja, sjølv eg har nok bidratt!  Kor mange tankar er vel ikkje tenkt mens heklenåla gjekk! Handarbeid er utmerka meditasjon, når ein vel å merke er blitt førtruleg med teknikkane. I respekt for dei flittige hendene kom eg til at eg skulle hente fram noko av det som ligg gøymt i skuffene. Heime i Bergen er huset nokså strippa for slikt, men i Sundlia køyrer eg meir retro-stil. Så på det nyoppussa rommet har eg no plassert heklebrikkar på ulike stader, og putene som var overtallige og gøymt på roterommet fekk igjen vise seg fram. Slik blir det både gjenbruk og heider til dei som har stått for produksjonen.

Så bar det etter kvart sørover igjen, på E6 til Fauske med avstikkar til Bodø for å sjekke korleis det sto til med studenten. Han hadde funne seg godt til rette. Vi valgte å ta til Sverige før Saltfjellet, gjennom Lappland i haustfargar og vidare gjennom endelause folketomme strøk i Jämtland. Så meir folksamt etter kvart i Östersund og Åre og Storlien og Trondheim. Gjennom fagre Stryn, Sunnfjord og Sogn med plommer til sals i vegkanten, gjennom Nordhordland før framme i Bergen. Vestlandet viste seg frå si beste side i strålande sol. Vi rakk heim før valdagen. No ventar vi i spenning på kva konstellasjoner som blir resultatet av valet. Uansett er det hausten vi har framfor oss no.

 

 

 

 

Fiskebeinsfarvel i heimen

Her i heimen er vi no i ferd med å ta endeleg farvel til fiskebeina. Ikkje dei forhatte beina frå barndomen sine fiskemiddagar, heller ikkje skiteknikken ein brukar for å kome seg opp bratte bakkar, i alle fall før dei nymotens fellane fekk innpass. Nei, no er det 80-åras populære glasfiberstrie i fiskebeinsmønster som er i ferd med å bli utsletta, bokstaveleg talt. Då vi overtok huset i 1990 var kjøkenveggen dekt av fiskebeinstapet. Sidan har veggen vore ein torn i auga, i alle fall dei siste tjue åra, etter at mønsteret gjekk av moten. For å dekke over ei rift, er det sett på eit par lappar som ikkje akkurat høyna estetikken i dette viktige rommet.

 

Over: Ulike typar fiskebein. Til høgre det forlengst utdaterte fiskebeinstapetet.

109_0905
Det handlar ikkje om slike fiskebein.

Så kvifor ta fatt på dette akkurat no? Det er fleire svar på dette. Vi har denne hausten eit vêr her vestpå som ikkje fristar til friluftsaktivitetar. Vi har lagt bak oss årets tur til sørlege strøk, og når dagens aviser er lest har ein som regel ganske mykje tid til overs. Men for å vere heilt ærleg, det som gav utslaget var erkjennelsen av at vi om ikkje så alt for mange år kom til å vere oldingar. Kanskje ville vi ikkje vere i stand til å kome oss opp og ned alle trappene, kanskje ville det ende med beinbrot, sjukeheim og demens.  Kor lenge vil helsa halde?

fullsizeoutput_3c55
Høveleg vêr for oppussing i heimen.

Denne erkjennelsen vart påskynda av at det i nabolaget kom på sal ei leilegheit som ville vere heilt perfekt for våre framtidige behov. Vi begynte å sjå for oss eit sutalaust liv, utan ansvar for vedlikehald og hagestell, alt på eitt golv, moderne, og attpå til med same utsikten over Byfjorden som vi er vane med. Mentalt vart vi i løpet av kort tid førebudde på flyttesjau. Men sjansen glapp. Det var mange om beinet, det eine bodet høgare enn det andre, og sjølv vårt 30 års medlemskap i Vestbo hadde ikkje ein sjanse i dette tilfellet. Alt for mange kjøpesterke seniorar her i byen!

Men tanken om at vi ein gong, om ikkje så alt for lenge, bør kvitte oss med noverande bustad hadde slått rot. Det er slik her i livet at ein er nødt til å ta farvel med det meste. Alt ein har samla på gjennom livet må faktisk finne seg nye stader å vere. Eller kastast. Mange ventar for lenge på å sette i gang prosessen. Og det er ikkje særleg omtenksamt å overlate alt til etterkomarane. Alle ting som ein let etter seg er heller ikkje meint for andre sine auge. Kva ettermæle vil ein ha?

Eg leste nyleg eit avisinnlegg skrive av Ingeborg Moreus Hansen som etter å ha kome godt opp i åra no var blitt opptatt av temaet «dødsrydding». Det vil seie at ein sørger for å rydde i sitt bu med tanke på at livet har ein slutt. Det er vanskeleg. Kva med alle dukane for eksempel, brodert av flittige kvinnehender gjennom generasjonar? Kor hamnar dei? Kva med for eksempel den arva juleduken frå oldemor? Ja, alt er forgjengeleg, det er mykje å filosofere over og kanskje deppe over når ein nærmar seg november både i året og i livet.

IMG_1652
Det blir ikkje jul utan «farmorduken», men kor hamnar han til slutt?

Men no tilbake til dei praktiske sidene ved dette. Når ein skal kjøpe leilegheit må ein jo også selje det husvêret ein har, til ein god pris. Og då lyt dette vise seg fram frå si beste side, med god standard og fine og slette overflater, slik at det appellerer til kjøparane og at salsprisen vert så høg som mogleg. Om dette høyrest kynisk ut lyt eg seie at eg eigentleg er imot heile den totalt marknadsstyrte og usosiale bustadpolitikken her til lands. Berre så det er sagt.

Då var det altså på høg tid å kvitte seg med fiskebeinsveggane. Det let seg gjere. Rive tapetet av er inga god løysing. Svaret er anten 1) dekke med nytt tapet eller 2) heilsparkle. Med små og oppstykka veggflater som på vårt kjøken fall valet på heilsparkling. Til dette treng ein tolmod og god tid. Sparkle, pusse, sparkle ein gong til, pusse ein gong til (nøyaktig!) før grunning, kanskje litt ekstra sparkling og pussing før ein endeleg kan ta fatt på sjølve malinga.

 

Resultat og etterord

Arbeidet tok nokre dagar, men vi er nøgde med resultatet. Veggane vart etter mykje jobbing nokonlunde slette, men ikkje heilt. Godt nok. Og kjøkeninnreiinga, som ikkje er bytta ut sidan 1980-talet, skal få stå. Eit nytt strøk lakk får duge. Og dei gamle klumpete knottane på skapdørene er allereie bytta ut med meir tidsriktige handtak. Det vart så bra at det meste av motivasjonen for å flytte herfra no er borte. Vi har det jo eigentleg fint her vi bur!

Før vi var heilt ferdige med arbeidet, kom det eit fire dagars godvêrsvindu som medførte pause og ein helgetur til hytta på Reksteren der det var dugnad for hytteeigarane og tid for vinterstenging. Det er litt av kvart å ta vare på når ein i tillegg til heilårsbustad i byen har to arva fritidsbustader å tenke på, i kvar sin ende av landet.

IMG_7382.JPG
Hytta i sein oktobersol.

No har eg ikkje meir å melde denne gongen. Eg ser jo at bloggen min har ein tendens til å sprike temamessig, med veksling mellom reiser, stell og oppussing av hus samt meir eller mindre djupsindige kommentarar om samfunnstilhøve og livet som sådan. Prosaiske gjeremål kan føre til mange slags refleksjonar. Og slik kjem det nok til å bli i fortsetjinga óg. Livet er mangfaldig, i stort og i smått.

Graving, gymnastid og gjensyn

Nett som i fjor ved midtsommartid sit eg og stirer ut på eit grått og vått landskap. Den bergenske sommaren byrjar å likne på seg sjølv.  Sommaren med sandaler og badeliv vart unnagjort i midten av juni. Og junidagene eg tilbrakte i nord, i håp om å få glimt av midnattsol og elles nyte naturen i det fri, vart ikkje slik eg hadde tenkt. Og då tenkjer eg ikkje berre på vêret, som denne gongen verkeleg var elendig.

Eg er ikkje imot overraskingar og at ting tar andre vendinger, men det vart litt mykje denne gongen. Eg introduserte problemet (tett kloakk og oversvømt kjeller) i forrige blogginnlegget. Etter mykje forgjeves telefonering til maskinentreprenørane rundt omkring i indre Troms fekk vi til slutt napp hos Dig Maskin i Bardu, med Hans-Marius som viste seg å vere ein sann virtuos med gravemaskina. Det måtte gravast djupt for å lokalisere det kritiske punktet, der det gamle og sundbrotne avløpsrøret låg. Av ein eller annan grunn hadde altså ikkje  denne rørdelen blitt bytta ut og kopla skikkeleg til den kommunale ledninga i samband med tidlegare legging av nye rør.

Seint på sundagkvelden, etter ei vekes pumping av kjellaren med tre-timars intervaller, var problemet fiksa og holet fylt igjen. Det måtte gravast i offentleg gang- og sykkelveg, noko som blant anna skapte litt problem særleg for syklistane og dei som kom på rulleski.

IMG_6447.JPG
Hans-Marius svingar grabben i avslutningsfasen

Sidan eg i den seinare tid har hatt erfaring med kirurgiske inngrep (broten venstrearm) vart eg inspirert til å sjå likskapen mellom desse to operasjonane. Graving og legging av rør og leidningar, særleg på stader der det ligg begravd anna viktig infrastruktur, er også ein slags kirurgi. Det eine er ikkje viktigare enn det andre. Eg nyttar altså også no høvet til å legge inn eit godt ord for fremjing og oppvurdering av yrkesfaga.

Då er det også nærliggjande å reflektere litt over kva som er nyttig arbeid. David Graeber (!), professor i sosialantropologi ved London School of Economics, har skrive om fenomenet  «bullshit-jobber» . Han viser mellom anna til jobbar innan finans, telefonsal, selskapsrett, human relations, PR og talrike administrasjonsstillingar. Vi kunne arbeidd 15 timar i veka (jf. økonomen John Maynard Keynes (1883-1946)), men meiningslause jobbar stel tida vår og bryt oss ned psykisk, hevdar han. Dette har også vore tema på NRK.no.

Eg var nyleg invitert på den tradisjonelle sommaravslutninga på min gamle arbeidsplass i fylkeskommunen. No skal eg på ingen måte trekke parallellar mellom bullshit-arbeid og det samfunnsnyttige og meiningsfylte arbeidet som blir utført i fylkesadministrasjonen. Men no i desse regionreformtider skal fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman til storfylket/regionen Vestland. Alt dette har medført, medfører og vil kome til å medføre tunge prosessar og mykje organiseringsarbeid i årevis framover. Same kor framoverlent og effektiv ein ønskjer å vere i dette arbeidet vil det gå med mykje tid og energi til slikt som lite har å gjere med kjerneoppgåvene til fylkeskommunen. Pr. i dag veit ein jo heller ikkje kva som kjem til å vere kjerneoppgåvene!

På toppen av det heile skal heile fylkesadministrasjonen flyttast ut av sentrum,  til Sandsli, altså nesten til Flesland, for eit tidsrom på tre år frå 2020 mens det blir bygd nytt fylkeshus slik at ein er rigga for den nye tid.  Eg tipper ein og annan undervegs kan kome til gjere seg tankar om kva som er meiningsfylt arbeid. Eg trur eg avslutta mitt arbeidsliv i rette tid.

No seier eg meg ferdig med graveprosjekt og sidesporet om meiningsfylte/ikkje-meiningsfylte jobbar, og går over til noko heilt anna. Eg har alt i tidlegare innlegg antyda at det var jubileum på gang. Ja, eg sørga jo for å vere russ i det magiske året 1968, i Tromsø. Så eg sette meg altså på bussen til ishavsbyen, og overlot utfordringane til sambuar og Dig Maskin mens eg feira. Då eg kom heim sundag kveld var problema så godt som fiksa. Godt å vite at ein ikkje er uunnverleg. Men det er eg som må ta den litt dryge rekninga.

Tromsørussen 1968

Eg gjekk altså ut av Tromsø Gymnas (som no heiter Kongsbakken vidaregåande skole) i 1968. Då hadde eg, som andre skoleflinke ungdommar frå bygda, budd på hybel i tre år for å ta artium, som det også heitte den gongen. Eg kunne nok ha gått på det gymnaset som låg noko nærare, på Finnsnes, men eg kjente ei dragning mot det urbane livet.

fullsizeoutput_3a59
Jubileumsopning på Verdensteatret. Mi venninne Kirsti fortel om gymnastida som integreringsprosjekt

 Å få innpass i Tromsø-miljøet kunne vere ei utfordring. Tromsø har ord på seg for å vere ein inkluderande by, og vi som kom utanfrå vart jo ikkje haldne direkte utanfor. Men det var altså eit visst skilje mellom «byfolk og bona». Så vi fann jo gjerne saman vi då, som kom frå Bardu, Senja, Lyngen og Karasjok. Det gjekk seg til etter kvart, og i dag kan eg i alle fall konstatere at integreringsprosjektet er fullført.

fullsizeoutput_3a70.jpeg
I dag er integrering eit tilbod på skolen si oppslagstavle

For det var ikkje vanskeleg å finne att tonen etter alle desse åra. Merkeleg kor unge ein held seg i hovudet, sjølv om det ytre elles har endra seg ein smule. Eg hugsa til og med namna på dei eg ikkje kjente spesielt godt den gongen. I dag opplever eg jo stadig afasi når det gjeld namn.

Det var lagt opp til eit rikhaldig program. Eg sløyfa torsdagskvelden på Ølhallen, og starta heller fredagen 8. juni på Skarven, før turen gjekk til offisiell jubileumsopning på Verdensteatret, Nord-Europas nest eldste kino. Deretter omvising i den nesten ferdige nye hamneterminalen på Prostneset, som vart opna 22. juni.

fullsizeoutput_39e5
Utsikt frå den nye hamneterminalen på Prostneset

Så vart det busstur ut til Tønsvikdalen, der det var rigga til måltid på middelaldertunet (sjå bileta under).

Laurdag morgon var det fotografering på trappa på Kongsbakken, nett slik som i 1968. Det vil seie, eg kom for seint til fotoseansen den gongen og er derfor ikkje med på biletet. Men eg høyrde altså til dei grønkledde. Blårussen hadde raude drakter, gutane var i stilige dressar. Det var ein litt annan stil på russen den gongen. Vi måtte forresten sjølve sørge for å få draktene sydd, det var ikkje snakk om ferdig konfeksjon, og dette var før nokon hadde oppdaga markedspotensialet knytta til russefeiringa.

fullsizeoutput_3a6c.jpeg
Tromsørussen i 1968, minus underteikna

Så var det omvising i skolebygget, som no er kraftig opprusta i tråd med tidas krav. Det er blant anna nytt tilbygg og det er kome bibliotek og kantine i underetasjen.

IMG_6431
Slik kantine kunne vi berre drøyme om i vår tid

Vidare utover dagen var det triveleg lunsj på restauranten på Fløya, etter ein frisk tur over Tromsøbrua for nokre av oss, og etter tur opp med den superraske nye fjellheisen. Dei som ville, kunne også gå den nye sherpatrappa. Det var ikkje særleg fristande i det trasige vêret, men nokre spreke valgte å gå nedover etterpå.

fullsizeoutput_39dc
Til fots ned sherpatrappa frå Fløya

Etter nokre timars kvil (heilt naudsynt i vår alder) var det å ta seg ut på Sydspissen, der den store russefesten fann stad for 50 år sidan, og der vi også feira 40 års jubileumet (ja, dei fleste av oss hadde nok møttes etter 1968…). Utsøkt servering, ganske roleg underhaldning (bl.a. quiz med Kahoot, ein følgjer jo med i tida), samtalar og først etter kl 1 var det nokre få som tok seg ein roleg svingom på dansegolvet. Det er kanskje slik at ein med åra set meir og meir pris på den «gode samtalen»? Det er ein del ting ein er ferdig med, liksom.

Då var det førebels punktum for forsommaren sitt Nord-Norgesbesøk. Men vi kjem nok køyrande nordover på seinsommaren, håpar ikkje det heilt usannsynleg dårlege vêret hittil har øydelagt for moltehausten.

Etter at eg byrja på dette innlegget, er også sommaren komen tilbake til Bergen. Ikkje like heit som tidlegare, men ein kan i alle fall ta på seg sandalene igjen og legge frå seg paraplyen.

 

 

 

 

Arbeidsveker i nord

Det er gått ei god stund sidan dei fem vekene i nord på seinsommaren, men no kjem det omsider framhald på soga. På grunn av utruleg, men vel fortent forseinka sommarvarme i Bergen eit par veker i strekk i september, er tida brukt til andre ting. Då lyt også nemnast eit sykkel-VM som nesten fekk meg til å tru at eg var blitt fullblods bergensar.

Etter tre overnattingar undervegs på vegen nordover «ankommer vi bestemmelsstedet», som vår GPS-venninne seier. Her ventar mykje jobb. Det er ikkje spøk å vere eigar av eit 60-tals hus 170 mil unna.

Til kamp mot vegetasjonen

Ein kjøleg og fuktig sommar har ikkje bremsa veksten av gras, høymol, bringebærskot, krypsoleie og anna ukrutt som ikkje høyrer heime på ein plen.  Berre å brette opp ermane!

IMG_2235.JPG

Den kun to år gamle elektriske plenklipparen bukkar under etter andre klipperunde.  Motoren har havarert og kan ikkje reddast. På verkstaden meiner dei at Black & Decker har feildesigna modellen. Og vi er ikkje dei einaste som har opplevd havari. Klipparen må skrotast. Er det muleg å konstruere ein grasklippar utan skikkeleg lufting for motoren? Så viser det seg at årets modell faktisk har utbetra dette. Etter litt parlamentering med Extra Bygg på Andslimoen blir det ny klippar – med litt prisavslag. Batteridrift denne gong, slepp å vase rundt med ledning rundt beina. Men tre ladingar må til for å rekke over heile tomta.

Maling og fasadeklatring

Huset var sist malt ein gong på slutten av 80-talet. Malinga har halde seg forbausande godt, men no er det på tide med ein ny omgang. Same gilde gulfarge – lys oker – som før, vi let oss ikkje påverke av den grå trenden.  I den vesle fargehandelen på Andselv har vi no etter kvart blitt kjente fjes og vi får god sørvis. Smått er ofte godt.

Vi tenkjer sjølvsagt Helse, miljø og sikkerheit (HMS), her skal vi ikkje brekke bein eller  rygg. Tilfelle med fatal utgang har vi også høyrt om. Vi sløyfer stillas, men utstyrer oss med stigesokkel for å unngå sidevelt, samt klatresele. Arbeidsdeling: sambuar oppe på veggen i sele, eg nede. Klatreutstyr blir innkjøpt på sportsbutikken på Setermoen, med kyndig hjelp. Metoden vekker interesse hos naboane, kanskje får dei litt ekstra å snakke om? To strøk må til. Det dukkar opp blemmer, her ligg det nok linolje i botn. Det får vi berre leve med.

IMG_4366.JPG
Maling: prosess og testing av sikkerheitssele.  Nede til høgre situasjon ved avreise. Nymalt hus og nyklipt plen med kveldssol over lia.

Farvel til skrotet?

Eg har tidlegare i år hatt opprydding heime i Bergen, og kvitta meg med mangt som fylte opp bodane. No er det på høg tid med rydding i sjåen, der mine no avdøde foreldre har plassert ting og tang opp gjennom åra. Min foreldregenerasjon tok vare på det meste. Dei stifta bu i etterkrigstida, og mykje kom til nytte. Å ta vare på det ein hadde var vanleg og naudsynt før i tida, i motsetnad til i dag. Men her som elles gjeld det å finne rette balansen. Av og til må ein berre innrømme at ting ikkje varar evig og lære seg å ta farvel.

Ting som etter ei tid ikkje fekk plass innomhus vart flytta ut i sjåen. Der har det vore fullt lenge, og eg har skjønt at det er mitt ansvar å skape orden. Sidan det ikkje er eg sjølv som har stått for lagringa er det ei viss spenning knytta til kva som gøymer seg der. Kva er for eksempel innhaldet i dei mystiske kartongane som ligg under alt lausøret på overflata? Vi leiger oss ein romsleg tilhengar og går på med krum hals.

IMG_4367.JPG
Her var det mykje

Etter å ha sortert og kvitta meg med det meste i dei øvste laga finn eg fulle esker med materiale til matter, det vil seie avlagde klede og andre tekstilar, delvis oppklipt. Mor mi har nok hatt store planar om gjenbruk, men her er materialet blitt liggande kanskje i 40-50 år. Dessverre er ikkje tøyet sin tilstand slik at det innbyr til vidare gjenbruk. Det blir eit litt vemodig gjensyn med tøy som ein gong var i bruk, mange minne dukkar opp. Men altså exit.

Far min, som gjekk bort alt i 1977, var siviltilsett i Forsvaret og hadde tilgang til militært overskotsmateriell. Derfor finn eg plenty med skjorter, genserar, bukser, sokkar og undertøy, ja også soveposar, Dessverre har nok både mor mi og far min gøymt på alt dette til inga nytte. Det går nok i bosset.

Nei forresten, ikkje alt går i bosset. Overraskande nok fnn eg ein kartong med avlagte klede frå mor mi. Av ein eller annan grunn har dei hamna her i sjåen. Dei skreiv seg nok frå 70-talet. Mor mi var ei klesinteressert dame med sans for farge og fasongar.  Hadde ho vakse opp i ei anna tid hadde ho kanskje vore designar? Her plukka eg ut nokre eksemplar som – i desse retrotider – truleg kan vere interessante for den rette. Desse er no levert til Fretex i Bergen. Det er berre å håpe at dei kan få eit liv nummer to hos den rette.

IMG_4477.JPG
Mor sine 70-tals modellar

Inst i ein gamal kjøkenbenk finn eg far min sine slitne bøker med reiseskildringar frå fjerne himmelstrøk. Er har mistanke om at desse måtte vike frå bokhylla då mor vi vart medlem i Bokklubben. Far min var svært opptatt av framande kulturar, eg hugsar spesielt han var fasinert over hovudjegarane på Ny Guinea. Hadde han levd i ei anna tid hadde han vel kanskje blitt etnolog eller sosialantropolog? Nei, desse bøkene tar eg vare på.

Far min vart i staden ein habil snekkar. Det var det som var oppnåeleg opplæring den gongen i dei harde 30-åra. Som eit sideprosjekt denne sommaren har eg pussa opp nokre små bord som han laga. Eit av desse var opphavleg laga som møbel til leikestova mi, men var så fint at det i staden vart tatt i bruk til radiobord i stua. No var det blitt slitt og stygt på overflata, men etter sliping og ny lakk har bordet atter fått ein plass i stua.

To fulle lass med boss vart til slutt frakta til næraste miljøstasjon i nabokommunen Målselv, som er tilslutta det interkommunale selskapet Senja avfall. Her har dei opent nesten kvar dag i motsetnad til stasjonen i Bardu, som eg betalar renovasjonsavgifta til. I Målselv ser dei stort på det og tar imot avfall også frå dei som måtte kome over kommunegrensa frå Bardu. Veit selskapet om denne snyltinga, tru?

Refleksjonar

Eg tenker at mange av oss har urealistiske førestillingar om alt vi skal få utretta i vår levetid. Vi fyller opp med ting rundt oss som om vi skulle leve evig. Samtidig er vi dyktige til å fortrenge og utsette. Eg trur ein lærdom frå denne sommaren sitt strev må bli å ha kontroll med tinga og så langt råd er gjere opp vårt bu i eiga levetid.

For mitt vedkomande vart eg inspirert til gjenbruk. Vel heime i Bergen gjekk eg laus på gamle dynetrekk. Ja, eg var til og med innom Fretex for å skaffe meg eit par nye for ein billeg penge. Oppskrifta er kort sagt: rive i strimler, nøste opp, hekle fastmasker med heklenål nummer 10. Eg synest dei vart flotte.

IMG_4396.JPG
Hekla filleryer

I neste innlegg skal eg skrive litt om fornøyelsane som vi også omsider fekk tid til, etter all jobbinga. Og korleis vi kom oss sørover.

 

 

 

 

 

 

Ha det på badet

Den tidlegare omtalte renoveringa av badet er no til ende. I halvannan månad har snekkar, murar, elektrikar og rørleggjar vore i aktivitet. Vi har hatt unntakstilstand i heimen, og har opphaldt oss mykje i kjellaretasjen.  Det kjennest bra å komme seg opp i lyset igjen. Det er jo vår.

Dei grunnleggjande endringane kom raskt på plass, bortsett frå eit par dagars utsetting på grunn av golvfliser som var forseinka frå leverandør. Elles har det vore imponerande koordinering og god framdrift frå alle. Dei ulike handverkarane har sprunge opp og ned trappene i høgt tempo. Dei skulle knapt trenge noko ekstra trening til Stolzen til hausten, om dei no skulle ha ha interesse av det.  Og arbeidet er prikkfritt utført.

Det rota seg likevel litt til no i førkonfirmasjonstida. Konfirmasjon er – forutan å vere markør for mykje anna som skal visast fram – også milepel for fornyingar i heimen. Nye kjøkken og bad er vanlege prosjekt. Dermed kom vi i konkurranse med stressa familiar som måtte kome i mål før den store dagen. Og dette auka stressnivået hos handverkarane, som likevel sto han av på tilfredsstillande vis, sjølv om progresjonen i sluttfasen ikkje gjekk heilt etter planen.

For djevelen sitt som kjent i detaljane. Vi har – i tråd med dagens standard – toalett med innebygd sisterne, flislagt på utsida og med kantlister.  Akkurat der stoppa det litt opp, og først i går fekk muraren på plass dei to små hjørnestykkene som mangla på kantlistene. Desse bagatellene viste seg å vere meir  komplisert å få fiksa enn ein skulle tru. Det viste seg også at det måtte til ein del prøving og feiling før elektrikaren fekk skaffa riktig  vifte. Rett etter at muraren gjekk ut døra, var snekkaren innom igjen for å fikse på ein del småting som verken vi eller han var heilt nøgd med. Varmekablane i golvet kan vi ikkje sette på før om to veker. Så alt tar den tida det tar, og litt til. Det er no elles god mentalhygiene å få testa tolmodet sitt.

Så no har vi sagt takk og ha det til alle dei flinke fagfolka.  Alt er klart!  Og då kan eg vel nesten ikkje nekte lesarane eit lite innsyn i korleis det er blitt:

IMG_3409

Inspirasjon frå Sveits

Ikkje alle vil synes at det er riktig med mørke vegger og kvitt golv – dei fleste vil gjerne ha det motsett. Smaken på det dunkle fekk eg allereie då eg på ein studietur til Sveits i 2005 fekk høve til å besøke kurbadet Therme Vals, som er utforma av den kjente sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Det var ei spesiell og ytterst behageleg oppleving å bade i desse omgjevnadene.  Anlegget ligg i kommunen Vals i kantonen Graubünden. Det var ferdigstilt i 1996 og vart freda to år seinare.

therme-1024x732
Therme Vals

Meir om Therme Vals

Romersk badekultur

Opp gjennom historia er det fleire som har hatt det fint på badet. Dei gamle romarane for eksempel. Nymotens offentlege og private bad kan knapt måle seg med keiser Caracallas termer i Roma. Eg har sjølv vore og sett ruinane, som er ein kjent attraksjon. Badet var bygd på den tida då Caracalla (188–217) var keiser. Anlegget ble påbegynt i 211 og stod ferdig i 217, det året Caracalla vart drepen.

Dette var et offentleg bad,  for vanlege romarar, kvinner og menn. Det var tre hovudbad: frigidarium (kaldt), caldarium (varmt) og tepidarium (lunkent).  Området inneholdt også parkar, museum og bibliotek. Eit anlegg for det utvida kulturbegrepet, med andre ord.

Meir om romerske bad

Meir om Caracallas termer

IMG_3411.JPG
Caracallas termer slik anlegget kan ha sett ut, samt mosaikk og fliser

I antikkens Roma var det slavar som sto for byggearbeid. Badeanlegga er nok resultat av slavearbeid. På apostelen Paulus’ tid var kanskje halvparten av befolkninga i Roma slavar.  Det var vanleg at krigsfangar vart brukt som slaver, så Romas umettelege behov for fleire slavar må ha vore ein sterk motivasjon til å fortsette å krige.

Sats på fagfolk

I dag er slaveriet avskaffa. Det er ikkje dermed sagt at alt tåler dagens lys i byggebransjen anno 2017. EØS-avtalen har opna for arbeidsinnvandring og mange har fått badet sitt pussa opp av handverkarar frå Aust-Europa. Dei fleste av desse er dyktige fagfolk. Men det finst også useriøse aktørar som utnyttar og underbetaler arbeidsfolk, og svart arbeid er ikkje uvanleg. Ikkje sjeldan høyrer vi skrekkhistoriar om folk som har kasta bort pengar på elendig utført arbeid. Spesielt kritisk er dette i våtrom. Det er då som regel ufaglærte som har vore inne i biletet.

Ein bør tenke seg om før ein slår til på billegaste tilbodet. Det er ikkje fritt for at det er ein del cowboyar i bransjen. Det svarar seg å bruke eit velrenommert firma, der ein på førehand kan drøfte løysingar med erfarne fagfolk, og som tar ansvar for å koordinere  dei ulike prosessane slik at alt glir mest mogleg saumlaust.  Eit ekstra pluss er det om dei tar inn lærlingar og på den måten tar samfunnsansvar.

Gode fagfolk kan ikkje overvurderast. Mange av oss er glade amatørar som set i gang med svære oppussingsprosjekt i eigen regi. Ikkje alltid med hell. Joda, det er bra å gjere ting sjølv. Men ein bør kjenne si begrensing, og til mange oppgåver bør ein absolutt bruke dei som kan faget sitt.

Plan- og bygningsloven set krav til at det blir nytta fagkyndig personell for oppføring, reparasjon og vedlikehald av tekniske installasjonar. Krav og reglar finn ein i Byggteknisk forskrift (TEK10) §13-20.

Kompetansesjekk

Fagrådet for våtrom

Murmestere

Kompetanse i fagutdanning

Ja, vi treng solide og kompetente fagfolk som har skikkelege lønns- og arbeidsforhold. Og då må det sytast for at det blir utdanna nok fagfolk også i byggebransjen. I den seinare tid har det vore nedgang i søknader til yrkesfaga i den vidaregåande skulen, og det er også mangel på lærlingplassar.

Vi lever i omskiftelege tider, med krav til omstilling særleg innan dei oljerelaterte næringane.  Også byggebransjen er påverka av konjunkturane. Men det vil likevel alltid vere bruk for kompetente tømrarar, rørleggjarar, murarar og elektrikarar.

I regi av Hordaland fylkeskommune er det for tida på høyring ein Regional plan for kompetanse og arbeidskraft.  Planen har fokus på kompetanseutvikling og kunnskapsproduksjon som svar på dei samfunnsmessige endringane. Det er vist til dei store endringsdrivarane som globalisering, eldrebølgja, det grøne skiftet og automatisering og robotisering. Overordna mål er «Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft i Hordaland gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane». Det er eit  gjennomgåande krav at det er arbeidslivet sine behov som skal leggjast til grunn.

Fag- og yrkesopplæringa har ikkje fått nokon dominerande plass i høyringsforslaget, men i kapittelet om dimensjonering av fag- og yrkesopplæring vert sett opp følgjande delmål:

  • Alle kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass ved at partane i arbeidslivet og fylkeskommunen forpliktar seg til å gjere fag- og yrkesopplæringa meir føreseieleg.
  • Betre samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og arbeidslivet lokalt slik at talet på elevplassar samsvarer med talet på læreplassar.
  • Auka opplæringskapasitet i arbeidslivet ved å få fleire bedrifter til å bli lærebedrifter

Det er berre å krysse fingrane for at fagutdanninga får den plass og status den fortener.

Eg ser at eg har femna vidt denne gongen. Med utgangspunkt i ein meir eller mindre triviell kvardag er det utruleg kor langt ut på viddene ein kan hamne. Eg likar å sjå både til sides, bakover og framover når eg skriv, og framtidige innlegg blir nok også prega av det. Dei som ventar seg ein interiørblogg får heller søke andre kjelder!

Tid for hjem 2: tidsreise i toppetasjen

Større prosjekt i heimen skaper kjedereaksjonar. I går morges kom det ein lystig og morgonfrisk gjeng: røyrleggjar, elektrikar, tømrar, murar.  Særleg tømraren – med si muntre plystring – minna meg om mine heltar frå TV-programmet «Tid for hjem». Alle desse skal i gang med å legge grunnlaget for at vi om nokre veker skal få eit tidsriktig bad etter 2017-standard.

Men for at alle desse skal kunne sette i gang med sitt måtte huseigarane gjere grundige førebuingar. Og då snakkar vi ikkje berre om veker med planlegging og funderingar om form og farge, innhenting av prisar og avtale med firma. Eg er no oppdatert på baderomstrendar og kva som finst på markedet. Kan nesten starte som konsulent på feltet.

IMG_3225.JPG
Badet etter to dagars omgang med meisel

Tilgang til røyrsystemet i huset ligg i loftsbod og kjellarbod. Desse bodene har lenge vore ein skamplett i heimen. Altså måtte dei ryddast for å skaffe passasje. Og det er no gjort. Det har tatt dagar med hardt arbeid. Noko har vore reint kroppsarbeid, noko har vore transportarbeid, noko har vore innkjøp. I loftsboden har nye transparente lagringskassar på hjul erstatta  pappkartongane. Boss er frakta i fleire omgangar til miljøstasjon. No er det fri passasje og (nesten) orden i sakene.

IMG_3187
Boss på si siste reis til miljøstasjon

Men ryddeprosjekt fører også med seg ulike tankeprosessar. Dei har mykje til felles med arkeologiske utgravingar og registrering av artefakter. Her er mykje å ta stilling til: kva kan kasserast, kva skal takast vare på, kva kriterier skal ein nytte for bevaring? Kan  noko gjenbrukast? Ikkje alt er rein tankeverksemd heller. Vi snakkar jo her om heilt personlege ting, som har minner og dermed kjensler knytta til seg. Rydding er å ta farvel med fortida. Altså er det duka for sentimentale stunder.

Når det gjeld orden, og mitt forhold  til ting generelt, er eg ein splitta person.  Eg likar å ha det ryddig, men mislikar å rydde. Eg ønskjer å ta vare på det som kan fortelje om fortida, samtidig som at eg har skremmande lett for å legge ting bak meg. Eg liker fine og gode ting, men vil ikkje ha for mange av dei. Det er ikkje lett.

Farvel til heimesaumen

Det meste av minnestoffet var å finne i loftsboden. Gjensyn med nedpakka baby- og barneklede framkallar kjensler.  Gamle pysjar manar fram bilete av femåringen som var raus med godnattklemmane.  Ei tid som aldri kjem tilbake. Ungar har det med å skape seg om til heilt andre vesen, på godt og vondt. Gjennomgangen av kleda endte med at det meste gjekk i bosset, det var ikkje i ei forfatning som gjorde det eigna til gjenbruk. Men eg gjorde visse unntak, slik at det no er lagra eit representativt utval.  Frå før vart brukte klede også gitt til Fretex og til «Slumsøstrene», der ein før jul tidlegare kunne legge ein sekk med klede under julegrana på Torgallmenningen. Desse vart så delt ut til trengande. Det er det no slutt på. Det er blitt for mange som forsyner seg direkte.

IMG_3183.JPG
Det var ein gong

Heimesydde overallar og heimestrikka gensarar er ei påminning om ei tid der heimesaum var standard.  Symaskina – ein avansert Husqvarnamodell – fekk eg i gave frå foreldra mine tidleg på 70-talet. Den avløyste den svarte gamle handsveiva Singermaskina, og var i flittig bruk heilt fram til 80-talet.  Vekeblada frå den tida strutta av oppskrifter og mønsterark. Etter kvart overtok ferdigsydde og billege klede frå lavkostland, noko som tok knekken både på heimesaum og heimlege tekstilbedrifter.

Eg har tatt vare på ein del vellukka heimesydde eksemplar. Blant anna nokre usedvanleg forseggjorte snekkarbukser. Har eg verkeleg hatt tolmod, flid og handlag til dette? Men nød lærer nøgen kvinde at spinde, som det heiter. Eg sydde også min eigen garderobe stort sett. Alle gjekk forresten i heimesydde fløyelsbukser med sleng på 70-talet.

Av det som no gjekk i Fretex-konteinaren var også eit par så å seie ubrukte bieksoar. Desse «samestøvlettane» i lysebrunt skinn var ein del av uniforma på 70-talet, saman med Fanajakke, fjellanorakk og ofte med Palestinaskjerf i tillegg.  Dessverre viste dette fottøyet seg å være totalt ueigna i Bergensvintrane.

Kunstløpskeisene frå ein barfrostvinter på 80-talet,  brukt kun éin gong, på Langevatnet i Åsane, har eg enno ikkje lokalisert. Dei ligg truleg ein stad under vesker og koffertar som enno ikkje er komne på geledd i boden.

Gjenbruk og gløymsle

Loftsboden kunne også by på restegarn i overraskande mengder, etter mange års aktivitet med strikkepinnane. Ikkje så mykje frå dei siste 10-15 åra riktignok. Eg trudde eg hadde kontroll på alt av restegarn, men her dukka det opp meir. Har eg verkeleg gjennomført så mange strikkeprosjekt?  Eller – nei, alle er faktisk ikkje gjennomførte. Også tidlegare har eg oppdaga halvgjorte strikketøy som eg i ettertid anten har fullført eller transformert til pute. Men no dukka det forsyne meg opp eit strikketøy der heile bolen var ferdig – til og med i eit temmeleg avansert strikkemønster. Så har eg tydelegvis gått trøytt og lagt det til side utan å begynne på ermene. Dette skulle bli ein kvit Aran-genser (sjå biletet under). Korleis er det mogleg å gløyme/fortrenge slikt? Hjernen er og blir eit mysterium. Eg kjem nok ikkje til å fullføre dette. Blir det ny pute tru?

IMG_3224.JPG
Den kvite ventar på å bli til noko. Den raude skulle bli jakke, men er blitt sofapute

Eg har lenge hatt planar om å strikke ein restegarnsgenser til meg sjølv. Ein del av restegarnet  besto av mohairgarn frå 80-90 talet, då fargerike og breiskuldra mohairgenserar var på moten. Denne planen har eg no faktisk nettopp realisert. Eg har vore i ei strikkeboble i eit par månader no, med tre genserar som resultat – to av desse med garn frå min nye favoritt Hillesvåg ullvarefabrikk, den tredje altså av restegarn.

IMG_3195.JPG
Restegarnsgenseren

I tidlegare generasjonar, ja, også då eg vaks opp, vart avlagte klede tatt vare på. Dei skulle klippast opp i remser (mattefiller) og vevast til filleryer. Eg likar å tenke på at eg ved å bruke restegarn bevarar denne tradisjonen.

Det er muleg at eg no, når eg ikkje lenger har jobben å gå til, har latt kompenserande aktivitet ta litt overhand. I så fall er eg sikkert arveleg belasta. Mor mi hadde, sjølv i langt framskriden alder, ein virketrang som førte til at ho aldri hadde samvit til å sitte i ro. Kanskje dette har noko å gjere med sosiologen Max Weber si tese om den protestantiske etikk og kapitalismens ånd.  Ei av mine stammødre utvandra frå Oppdal til Målselv, i følgje med Hans Nielsen Hauge, som forutan å vere lekpredikant var industrigründer og forkjempar for flid og praktisk arbeid. Eg har høyrt at han strikka mens han var ute på sine vandringar.

Glimt frå studentlivet

Boden inneheld også kartongar med diverse uspesifisert innhald frå studietida ved  samfunnsvitenskapeleg fakultet ved Universitetet i Bergen på 70-talet. Her fann eg mellom anna nokre eksemplar av studentavisen StudVest frå 1975-76,  stensilar med pensumlitteratur, notatar og eksamensoppgåver.

IMG_3226.JPG
Diverse frå studietida.

Studentavisa er prega av ei tid med brennande politisk engasjement på mange felt, og med steile frontar. Eit raskt blikk på eit tilfeldig utval av pensum tyder på at mange tema er høgst relevant i dagens samfunnsplanlegging – stikkord regionalisering, distriktsutbygging, gettofisering og aldring.  Og eg ser tydeleg at eg – utan heilt å vite det den gongen, utdanna meg til ein jobb på regionalavdelinga i fylkeskommunen. Elles er nok revolusjonens røyst stilna i dagens studentaviser.

Ryddinga er ikkje heilt avslutta enno. Det kan altså dukke opp meir som stimulerer til aktivitet  i toppetasjen.