Skriveliv

Bokdebutant

Eg har denne hausten hatt min debut som skjønnlitterær forfattar. Den historiske romanen «Den søte forening» vart lansert 12. november. Ho er utgitt på forlaget til Skriveakademiet.

Om boka:

I 1803 kjem lekpredikanten, opprøraren, skribenten og næringsutviklaren Hans Nielsen Hauge til «kolonien» i Bardu og Målselv. Der har bønder sørfrå slått seg ned, mellom dei gudbrandsdølen Peder. Han er i gang med å rydde seg ein gard i Målselv.

I Trøndelag er Marit frå Oppdal ei av mange unge som har slutta seg til Hans Nielsen Hauge sin veneflokk. Oppmoda av Hauge, legg ho ut på den lange reisa nordover.

Korleis er det å skape seg eit nytt liv som rydningsfolk? Kva vil det seie å leve i kamp mot naturkrefter, uår og sjukdom i dei tid der det er krig og mangel på det meste? Og på kva måte skal menneska i nord bringe arven og gnisten frå Hauge vidare, etter at øvrigheita bestemmer seg for å sette ein stoppar for verksemda hans?

I romanen Den søte forening følgjer vi Peder og Marit gjennom første halvdel av 1800-talet. Bygda veks, og den nye norske nasjonen utviklar seg etter kvart som haugerørsla tar nye former. Vi får også følgje ekteparet på ferda mot det siste møtet med den store lekpredikanten.

Den søte forening er ein fengslande historisk roman om Hans Nielsen Hauge og dei som førte arven vidare.

Lenke til forfatterintervju

Kvifor skrive denne boka?

Hovudpersonane Peder Amundsen og Marit Gulliksdatter er mine tipp-tippoldeforeldre på morssida, og sjølv er eg fødd og oppvaksen i Bardu. Eit tipp-tippoldeforeldrepar på mi farsside har også fått ein plass i boka. Eg er altså etterkomar av dei som kom frå dalane i sør for å søke lykka i nybyggjarkolonien i nord frå seint 1700-tal til ut på 1800-talet. Handlinga foregår i hovudsak i eit område eg har god kjennskap til.

Hans Nielsen Hauge var ein av pådrivarane for tilflytting og næringsutvikling i det nordlege Noreg. Han var opptatt av å sette folk på rett plass, noko som også omfatta det å finne høvelege ekteskapspartnarar. I dei seinare år har det vore oppsving i interessa for Hauge. Nyare litteratur har hatt meir fokus på Hauge som entreprenør og samfunnsbyggar, og på hans syn på likeverd mellom menn og kvinner. Marit var ei av Hauge sine utsendte.

Boka er ein roman, basert på kjelder om faktiske personar og hendingar. Eg har dikta for å fylle ut der kjeldene er tause. Nokre hendingar er oppdikta, det same gjeld ein del bipersonar.

For informasjon om kjøp av boka, sjå blogginnlegget med tittel Den søte forening.

Bilete:

1: viser Nesto Mjøa, garden i Oppdal der Marit kom ifrå, 2: Garden i Sollia som Peder og Marit bygde, her er eine halvdelen, den andre som seinare var frådelt kan skimtast bak til venstre, 3: Bjørnstad i Øyer der Peder budde før familien flytta nordover, 4: Lågen og Losna, nær Romundgard i Øyer, heimgården til Peders mor.

Antologiar

Dette var mi første bok, men eg er også representert med korte tekstar i fleire antologiar utgitt på Skriveakademiet.

Mitt bidrag: In my life (2022)
Mitt bidrag: Huset (2021)
Mitt bidrag: Biletminne (2020)
Mitt bidrag: Forboden frukt (2020)

Antologien for 2023 Hemmeligheter er rett rundt hjørnet, med bidraget Uavgjort.