No er det blitt oktober og det er på tide å avslutte soga om opphaldet i nord på seinsommaren.
Eg har tidlegare skildra arbeidsveker i nord, men det var ikkje berre strev. Innimellom arbeidsøktene og på slutten vart det òg tid til fornøyelsar. Og det er jo ikkje tilfeldig at eg legg turane nordover til seinsommaren, med andre ord i moltesesongen. Molta kom seint i år, etter sein vår og blanda sommarvêr.
Sykkelrace og fossebrus
I Bergen har det som kjent nyleg vore eit heidundrande sykkel-VM. Då hadde vi allereie varma opp. I august gjekk nemleg Arctic Race of Norway av stabelen. Ein av etappane hadde målgang på flystripa på Bardufoss, etter fleire runder rundt flyplassen. Skal seie det gjekk fort i svingane, før ein rakk å knipsa bilete var ryttarane forbi. Flystripa er ein romsleg publikumsarena, og det er ikkje kvardagskost å kunne spasere fritt inn gjennom den militære flystasjonen. Litt meir dempa publikum enn dei oppskrudde bergensarane langs VM-løypa i Bergen, men høg nok stemning likevel. Den årvisse folkemusikkfestivalen Kalottspel gjekk også føre seg desse dagane, og her vart kulturelt innslag med dei ikoniske Istindan som bakgrunn.

Desse dagane hadde vi gjestar, blant anna av ei sognedame frå Luster. Ho hadde til gode å sjå Målselvfossen, så då vart det ein tur dit, saman med nevø, niese og broderen. Fossen, som – sikkert med sterk lokal mobilisering – vart kåra til Norges nasjonalfoss for ein del år sidan, er flott den. Og kanskje kunne fossen med ein slik status fortene litt meir inviterande omgjevnader og tilrettelegging? I fjor gjekk vi tur frå «foss til foss», det vil seie til nabofossen Bardufoss, som vart lagt i røyr for mange år sidan og som i dag ikkje kan by på fossebrus.


Padling i Aursfjord
Fjordarmen Aursfjord (også kalla Sørfjorden) høyrer ikkje til dei mest berømte fjordane i landet. Men for innlandsbygdene Bardu og Målselv er det truleg lettaste tilkomsten til sjøen og fjordlandskapet. Fjorden er ein sidefjord til Malangen. Grensa mellom kommunane Målselv og Balsfjord går midt i.


Ved utløpet av elva ligg Aursfjordsaga, ei oppgangssag som høyrer inn under Midt-Troms museum. Området ved saga er eit utmerkt utgangspunkt for padletur ut Aursfjord til Malangen. Vi passerer vakkert kulturlandskap og fleire brygger med tjukke tømmerstokkar som bolverk, dette har eg ikkje sett andre stader.

Etter å ha runda neset kjem vi ut i hovudfjorden Malangen, og følgjer stranda til vi kjem ut til Tennholmen. Der er fint å gå i land og raste. Langs stranda dannar skiferbergartane artige formasjonar, jmf. biletet under.


På andre sida ser vi over mot «Malangen brygge» og hytteutbygging som skaut fart då Malangshalvøya vart landfast med Kvaløya og Tromsø.
Tennholmen er skildra også som turmål her: Tennholmen
Området ved Aursfjord er idyllisk i dag, men her var det drama på 1700-talet. Nokre har kanskje høyrt om søskenparet Birte og Benjamin, og Kjærvikmordet. Søskenparet vart dømt for mordet på Birte sin mykje eldre ektemann og avretta ved halshogging i 1741. Undervegs gøymde dei seg i ein fjellhole opp mot Mårfjellet. Det er litt ulike historiar rundt dette: sjå Kjærvikmordet og ein litt nyare versjon i artikkel i Nordlys. Historia er også dramatisert og gjekk som serie i NRK TV: Solens sønn og månens datter.
Det går merka tursti opp til skjulestaden Birtehula. Den har vi ikkje prøvd oss på enno.
I skog og fjell
Kvar seinsommar er det jakting på fjellets gull. Dermed er det meste sagt. Vårt lokale fjell skuffar sjeldan, sjølv i moderate molteår som i år. Det blir nok C-vitamin-tilskot denne vintaren også. Og ingen tur på fjellet utan rast på den faste plassen ved vatnet, sommar som vinter.

Det var ergerleg med all den halvmodne blåbæra, det såg ut til å bli ein strålande blåbærhaust. Blåbær skal jo vere foryngande seiast det. Det kunne vore greit å sikre seg nokre fleire friske år. Men blåbærmodninga rakk vi altså ikkje.
Ein treng ikkje ha nytteærend for å nyte ein tur. I tidlegare tider var det seterdrift i desse traktene. I år vart det gjensyn med Myrvangsetra, der eg ikkje hadde vore på mange, mange år. Dei opprinnelege bygningane er borte, men det vart bygd ny hytte å 50-talet. På Sundlisetra, der mine formødre/-fedre hadde seterdrift, er det knapt tufter å sjå, men staden ho sto vart markert med skilt for ein del år sidan.

Sosialt
Dette var gleder knytta til natur og friluftsliv. Men litt sosialt liv vart det sjølvsagt. Det vart hyggeleg gjensyn etter mange, mange år med barne- og ungdomsvenninnene Wenche, Sissel og Eli. Og Thora, tremenningen som eg sist møtte som 4-åring. Godt vaksne damer er vi blitt etter kvart. På ein kort Tromsøtur vart det besøk hos broderen og tante Solveig, den kvikke og blide tanta som no er den siste igjen av mor mi sin søskenflokk. I tillegg fekk Ellen & Odd og Halldis & Bård besøk på sine respektive hytter i Balsfjord og i Malangen. Gamle vener må ein ta vare på, og fleksibiliteten i pensjonistlivet er ei velsigning i så måte.
Vi var også innom Bardumartnan på Setermoen, der det vart innkjøpt lefser og honning frå dei lokale produsentane Ivar Foshaug og Knut Eide som bur i nabolaget. Verdas beste honning, no i to variantar. Legg merke til etikettane med bilete frå Sundlia, med Nessan, Barduelva og Mårtind i bakgrunnen. Vi heiar på biene og røktarane deira, dei har ein viktig jobb å gjere!

På Setermoen vart det også visitt til Kjellaug, som etter å ha vore vår næraste nabo på Sundheim no er bebuar på aldersheimen. Det er stilt på nabogardane no, dessverre.
Neste og avsluttande kapittel om returen sørover kjem i neste innlegg.




























Eg sit inne på St. Hans-aften og ser ut på eit trøystelaust vêr. 12 grader og regn. Det har regna i Bergen kvar dag i juni så langt. Ny nedbørsrekord i sikte. Nei, det blir ingen utandørs sprell i den lyse sommarnatt. Ikkje noko bål eller anna moro. Så då blir alternativet litt skriving i sofakroken. Det finst mange tema og denne gongen skal vi ut på ei lang reise.










































