Om våren

No har eg vore vekke frå bloggen ei stund. Det er ikkje så lett å samle tankane på denne årstida og skriving skjer helst stykkevis og delt. Mykje kan skje plutseleg og uventa. Dette innlegget ber preg av nettopp det.

IMG_6192.JPG
Tid for kvitveis

Sidan siste blogginnlegg har det vore påske. Nok ein gong har eg vore nordpå i ei snørik og stort sett fin påske vêrmessig. Eg spanderer eit bilete frå ein av skiturane, må skryte litt av yndlingskiterrenget mitt.

Det har vore ein sein og kald vår, men no er den fine bergensvåren her for fullt. Også i nord er våren komen no.

IMG_6117.JPG
På ski i Bardu, med majestetiske Istind i bakgrunnen.

Våren er ei årstid med forandringer frå dag til dag, med helger og fridagar så det held og alt som høyrer til. Mykje skal gjerast – og ganske sikkert også kjøpast. Mange tema kan vere aktuelle no om våren. Men er det mogleg å få ein slags fellesnemnar når eg skal skrive om dette? Kva med alt det vi bruker pengar på? Kan for eksempel gjenbruk og resirkulering vere ei vinkling?

Hagen

Eg startar med hagen. Kanskje ikkje det mest opplagte tema for gjenbruk? Ved nærare ettertanke er det kanskje nettopp det. Sjølv er eg ikkje medlem av noko hagelag, men dei finst landet over. Mitt næraste hagelag er Eidsvåg hagelag, som mellom anna arrangerer planteloppemarked. Det er altså ikkje naudsynt å tråle hagesentra kvar vår for å skaffe seg plantar.

Vår hage er ikkje stor, men krev innsats kvart år. Og god rygg og mjuke kne. Dei fleste vekster her vest har gode vekstvilkår. Særleg ugras og mose, men også busker og staudar, som etter ei tid tar overhand om dei ikkje vert bremsa undervegs. I år var turen komen for eit grundig oppgjer med dei alt for vekstvillege og til dels invaderande plantane på vårt beskjedne hageareal. Eføyen på utsida av muren vart brutalt skoren ned til grunnen. Om ei stund kjem han nok krypende oppover igjen. Mispel og rododendronbusker vart også kraftig kutta, sjølv om det riv i hjertet. For augneblinken er dei ingen pryd. Dei har mista fasongen, og må nok kuttast meir for å få skapeleg fasong. Dei skal no få lov å blomstre i år på dei stakkars greinene som står att. Andre busker fekk også kutt.

I staudebedet var det enkelte som breia seg på kostnad av dei andre. No hadde saxifragaen nesten overtatt heile bedet, og sitrontimianen, humlene sin favoritt, sto i fare for å bli utkonkurrert. Også nelliken var på retrett. Her måtte takast radikale grep. Heile bedet er no spadd opp, planterøtene delt og planta på ny. Eg er spent på om det held med gjenbruk, eller om eg må skaffe nye plantar. Førebels ser det ikkje veldig lovande ut, det må nok meir sol og varme til for å sette fart i gjenveksten. Denne våren har vore sein og kald, i motsetnad til for eksempel i 2013, noko biletet under illustrerer.

IMG_0588.JPG
Hagen 28. april 2013.
IMG_6177.JPG
Hagen 2. mai 2018, i ribba tilstand.

Kanskje det er slik at alt må tøylast eller til og med pinast litt for å kunne utvikle seg best? Kanskje for mykje stell, næring og fridom ikkje alltid er av det gode? Men vi skal no vere varsam med å lage analogiar om plantar og folk. Her gjeld det å finne rette balansen. Elles har eg allereie knerta ein del avskyelege brunsneglar. Her viser eg ingen nåde.

Det blir mykje avfall etter slik ryddesjau. Ja, sjølv etter beskjeden ny/-omplanting i krukker på terrassen blir det fort fleire sekkar. Tidlegare dreiv vi med heimekompostering, men vi fann etter kvart ut at vi hadde for lite areal å spreie komposten på. Kva gjer ein når ein ikkje har plass til å kompostere og det er for mykje til å gå i restavfallet? Då må det leverast til avfallsmottak for gjenvinning. Litt synd at ein her i Bergen må betale for dette. Mange hageeigarar vert dessverre frista til å dumpe avfallet sitt på friluftsområde, har eg sett.

Klede

Om våren har ein gjerne lyst til å fornye seg litt i klesvegen. Som Bergensbuar kan eg då ta vegen til sentrum eller til eit av kjøpesentra i ein av bydelane. Altså: eg legg jo helst turen til sentrum. Her har vi dei gamle tradisjonsrike handelshusa som Sundt og Kløverhuset, og den staselege Torgallmenningen og Strandgaten er jo midt i det tradisjonelle shoppingstrøket.

Varehuset Sundt har ei stolt historie, ikkje minst arkitektonisk, som eit klassisk funkisbygg på hjørnet Torgallmenningen/Ole Bulls plass. Her må det vel vere mogleg for modne damer å finne seg nokre nye klesplagg? På nettet omtaler Sundt seg som ein stad der ein kan finne mote for alle aldre. Det stemmer ikkje.

I tidlegare tider hadde dette varehuset eit variert utval tilpassa fleire aldersgrupper, også vaksne folk. Eg hugsar også med lengsel den rikhaldige stoffavdelinga frå tida då heimesaum var vanleg. Det er no forlengst historie. No for tida må ein reise nesten heilt til Salhus, til Stoff og Stil, for å finne eit bra utval i metervarer og mønster. Sundt er no, med eit par små unntak, heilt tilpassa kundekretsen under 30, og helst dei mellom 15 og 25.

Eg meiner Sundt er verstingen i sentrum når det gjeld ungdomsdyrking, men heile Torgallmenningen er omkransa av kjedeklesbutikkar med masseproduserte ungdomsklede av varierande kvalitet. Sentrum har konkurranse frå kjøpesentra i bydelane, der ein finn eksakt dei same kjedebutikkene, paradoksalt nok med betre utval for andre enn dei heilt unge. På mine besøk til Vestkanten (Loddefjord) og Åsane har eg kunne konstatere dette. Som pensjonist kan eg tillate meg ekspedisjonar til byens utkantar midt på formiddagen.

Sentrum burde jo nettopp vere staden der ein finn godt utval av spesielle varer. Nokre butikkar fins riktignok, men på litt meir bortgøymde stader i byen. Nokre av desse er mynta på store damer som ragar også i høgda. For lubne små damer blir det som å kle seg i telt. I år er moten spesielt ugunstig for oss. Det skal helst vere storblomstra plagg. Eg synest ikkje noko om å gå kledd som ei blomstereng. Heller ikkje i kimono, som ser ut til å vere årets tema, jf biletet under.

Forretningsstand i utakt?

Eg reknar med at forretningsstanden har som mål størst mogleg omsetning og lønsemd, og at dei dermed analyserer kundegrunnlaget. Men i kor stor grad er demografi og inntektsfordeling faktorar som vert lagt til grunn? Marknadsanalyser er ikkje mitt fag, med eg er vant til å sjå på befolkningssamansetning når ein skal planlegge. Diagrammet under viser alderspyramiden for Norges befolkning for åra 1986 og 2018. (Kjelde Statistisk sentralbyrå).

Bilde 01.05.2018 klokken 15.30.jpg

I løpet av dei siste 30 åra har pyramiden fått tønnefasong. Det vil seie at andelen eldre i befolkninga er auka i høve til dei yngre aldersklassene. Det er i og for seg ikkje noko gunstig utvikling. Men no er det altså slik at det er hos dei litt opp i åra ein finn kjøpekrafta. I aldersklassen 50 og oppover finn ein fleire betalingsdyktige konsumentar enn i lenger nede i tønna.

fullsizeoutput_396a.jpeg

Diagrammet over gir ein peikepinn om dette. Riktignok er vel tenåringane sponsa heimefrå, og om dei har inntekt bur dei gjerne billeg heime hos mor og far. Men likevel, eg er viss på at damer over 50 har pengar som dei gjerne vil bruke på skikkelege kvalitetsklede i tilpassa fasonger.

Klede som miljøproblem

No meiner eg ikkje at det er noko mål å auke konsumet av klede. Mange vil meine at min kritikk av klestilbodet for damer litt opp i åra er eit I-landsproblem. Jovisst. Men mengda av klede utgjer etter kvart også eit miljøproblem. Vi let oss friste til å kjøpe alt for mykje.  Ei slags trøyst har det vore at desse kan sendast til bruktbutikkar eller resirkulering. Og plastavfall kan jo nyttast til nye tekstiler, eller? No har ein erkjent at dette til slutt blir til mikroplast med fatale konsekvensar for livet i havet.  I ein tankevekkjande artikkel i Aftenposten er det peikt på at vi har ei naiv tru på resirkulering. Eg har forresten vore inne på dette temaet i ein tidlegare artikkel på bloggen: Kjole frå Kina (juni 2017).

Varehuset Sundt, som eg har nemnt tidlegare, har faktisk eige mottak av brukte klede som dei sender til resirkulering. Også Hennes & Mauritz har hatt liknande opplegg. Så bra, vil kanskje mange meine. Men er det ikkje også eit smart, for ikkje å seie sleipt triks for å lette samvitet hos kundane når dei er frista til å kjøpe nytt?

Eg tar av og til turen innom Fretex, som kan by på det meste.  Sjølv finn eg mellom anna material til mine eigne gjenbruksprosjekt, jf tidlegare blogginnlegg der eg viste matter eg hadde hekla av gamle dynetrekk. På Fretex kan ein utstyre seg med det meste til heimen. Her er mange godbitar.

Eit avbrot

Etter dei kritiske synspunkta eg har gitt uttrykk for ovanfor, hadde eg tenkt å skrive litt om året 1968, året som er blitt ståande i historia som symbol på opprør og krigsmotstand, blant anna. Dette var også året då eg var russ ved Tromsø gymnas, og det jubileet skal markerast om nokre veker. Men no vart det eit avbrot, bokstaveleg talt.

fullsizeoutput_3973.jpeg
Sandviksbatteriet, før fallet

På ein liten tur til Sandviksbatteriet, eit av dei fine turmåla i mitt nærmiljø, sklei eg på grusen og fall på rumpa, med venstre armen under meg. Då eg kom meg på føtene kunne eg konstatere at handa var vridd i vinkel. Eg kom meg, etter ei pinefull ferd nedover svingane i Munkebotn, av garde til legevakta. Dei gipsa og prøvde å rette ut så godt dei kunne, men brotet var så stygt at eg vart sendt til Haukeland, der eg fekk høyre at sjansane for snarleg operasjon var størst om eg fekk dette gjort på Voss sjukehus. Så dagen etter var det av garde til Voss, der eg vart teken hand om på beste måte og reparert. Eg har fått operert inn ei lita plate, slepp gips og det er berre ein liten bandasje som er synleg. Alt tyder på at dette var vellukka. Så då kan eg vel slå meg laus i Tromsø likevel. Og armen kan gjenbrukast!

IMG_6194.JPG
Rom med utsikt frå Voss sjukehus
fullsizeoutput_3974.jpeg
Nyoperert på Prestegardsmoen, Voss

Vietnam på langs – del 2

Det sentrale Vietnam

Frå Hoi An gjekk turen med buss til keiserbyen Hué, langs strand og over eit fjellpass. Etter nokre kilometer måtte bussen gjere vendereis for å hente noko som var attgløymt på hotellet. Vi andre fekk dermed litt ekstra tid til å knipse bilete på ein liten plass ved ei sideelv i deltaet til elva Thu Bon.

map_of_vietnam

Også her på landsbygda vart det pynta til nyttår. Kjøkkenet på biletet under kan nok ikkje konkurrere med standarden heime. Vi såg fleire liknande kjøkken på turen.  – Eg skal aldri meir klage over kjøkkenet heime, vart det kommentert.  Utandørs matlaging og oppvask er noko ein ser alle stader, også i byane.

IMG_6055.JPG
Fangstanlegg,  bustad og kjøkken.
fullsizeoutput_38ce.jpeg
Utsikt frå toppen Thuy Son

Marmorfjella er fem fjelltoppar – tidlegare øyer – som alle har kvart sitt namn etter elementa tre, metall, jord, ild og vatn. Vi tok heisen opp til det største  fjellet Thuy Son (vatn). Her kan ein gå vidare opp steintrapper til ei stor grotte innreidd som tempel. Blant turistane kunne vi registrere ein del litt tilårskomne amerikanarar. Var dei tilbake på gamle trakter?

IMG_6061.JPG
Grotte, heis, pagode og spaserande hanar rundt buddhaene på Thuy Son

Vi køyrde vidare langs Sør-Kinahavet sine strender. Badetemperatur var det ikkje denne dagen, og raudt flagg i tillegg. Vi måtte nøye oss med eit tådypp. Som vi veit er dette eit konfliktfylt havområde der mange statar har interesser.

fullsizeoutput_38ae.jpeg
Tådypp i Sør-Kinahavet

Dette var ein gråversdag og då vi skulle over fjellpasset på veg mot Hué var det tjukk skodde og vi vart snytt for utsikten. Sjåføren køyrde friskt på den svingate og smale vegen, og fleire sat med hjartet i halsen. Trygt nede vart det beinstrekk ved innsjøen Dam An Cu, som er avgrensa frå havet av ei smal landtunge.

Det var her i sentrale Vietnam dei hardaste krigshandlingane fann stad. I det nærmast uframkommelege fjell/jungelterrenget møtte amerikanske soldatar hard motstand frå geriljaen. Det var også her amerikanske fly sprøyta skogen med det dioksinhaldige avlauvingsmidlet Agent Orange som det framleis er etterverknader av.

IMG_5438.JPG
Båtar på innsjøen Dam An Cu

Kongebyen Hué

Så kom vi til sjølvaste Hué, den gamle hovudstaden og keisarby under det 200-årige Nguyen-dynastiet som tok slutt då den dåverande keisaren abdiserte i 1945 samtidig med at kommunistane etablerte regjering med sete i Hanoi.

fullsizeoutput_38fe
Vietnam – fransk koloni fram til 1954.

Litt kjennskap til historia er nyttig for å få utbytte av dei historiske og kulturelle severdigheitene. Fram til byrjinga av 1800-tallet hadde Vietnam stort sett vore splitta i ymse keisardøme som ofte var i krig med kvarandre.  I 1802 klarte Nguyen-dynastiet å få kontroll over heile landet. Den første keiseren kalla seg Gia Long og flytta hovedstaden til Hué der keiserbyen vart etablert. Utover 1800-tallet fekk Frankrike gradvis større innflytelse og Vietnam endte til slutt opp som fransk koloni med keisaren utan reell makt. I tillegg til Tonkin, Annam og Cochinchina (som til saman utgjer dagens Vietnam) var også Laos og Kambodsja del av fransk Indokina.

Hué ligg ved Parfymeelva (Duftenes elv) sitt utløp i Sør-Kinahavet. Byen ligg like sør for det som var demilitarisert sone under Vietnamkrigen. Nokre av dei lengste og blodigaste slaga under Vietnamkrigen fann stad her. Slaget om Hué gjekk føre seg frå 30. januar til 3. mars 1968, altså for nøyaktig 50 år sidan. Nordvietnamesarane innleia Tét-offensiven med eit overraskingsåtak på byen. På grunn av nyttår og våpenkvile var ein ikkje førebudd på dette.  Amerikanarene svara med bombing. Etter krigen låg byen i ruinar. Den nordvietnamesiske hæren vart sendt på flukt, men gjenerobra byen i 1975 og ein måned seinare var krigen slutt. Meir om krigshandlingane i Hué står å lese her.

Byen er full av severdigheiter med UNESCO-status. Vi besøkte Thien Mu-pagoden, Citadellet med den forbudte by og keisar Tu Duc sitt gravsted.

 Båttur på Parfymeelva

Første post på programmet i Hué var båttur på Parfymeelva. Det viste seg at båten var fullrigga med klede til sals, bl.a silkeskjorter, og mange lot seg friste. Eg er i ettertid blitt litt usikker på bruksverdien av mine innkjøp.

Vi gjekk i land ved Thien Mu-pagoden. Pagoden skriv seg tilbake frå 1601, men har vore øydelagd og oppattbygd fleire gonger. Gjennom historia har staden vore tilhaldsstad for opprørske buddhistmunkar. Det største dramaet var då ein av munkane i 1963 køyrde med sin blå Austin til Saigon og sette fyr på seg sjølv på eit gatehjørne. Det har etter dette vore fleire slike sjølvmord.

IMG_6062.JPG
Turistar på Parfymeelva og Thien Mu-pagoden

Citadellet med den forbudte by

Citadellet (Kongebyen) er eit digert bygningskompleks med vollgraver, opne plassar, palass og tempel. I den ytre kongebyen budde bønder, handverkarar og mandarinar (embetsmenn), i den indre kongebyen var det berre kongefamilien og kongen sine konkubiner som hadde tilgang.

Den indre kongebyen blir også kalla «Den forbudte by» då den er oppført etter same prinsipp som dei kinesiske keisarane sin by i Beijing. Bygginga vart påbyrja tidleg på 1800-talet etter at den først Nguyen-kongen hadde kome til makta.

fullsizeoutput_38f3.jpeg
Citadellet i Hué med vollgrav
fullsizeoutput_38ea.jpeg
Den forbudte by I Hué
IMG_6064
Grøn elefant, kongeportrett i den forbudte by og karper i vollgrava. Nede til høgre parkområde der det tidlegare sto bygningar som er blitt øydelagde.

Eit besøk i omgjevnadene til den gamle kongemakta er ganske overveldande. Det er ikkje rart at det vart opprør mot denne samfunnsforma, som bygde på undertrykking og ei heilt urimeleg ulikheit og skeivfordeling.

Tu Duc sitt gravmæle

Keisar Tu Duc døydde i 1883. Gravområdet består av eit tempel- og eit gravområde. Tempelområdet har ein liten innsjø og fleire paviljongar. I si regjeringstid kjempa Tu Duc mot katolikkane, franskmennene og andre opprørarar, bl.a. dei som arbeidde med tempelanlegget. Han fekk skulda for å ha gitt bort landet til Frankrike. Han var barnlaus og steril på grunn av at han hadde hatt koppar i barndommen, men heldt seg med ein bråte konkubiner.

fullsizeoutput_38d0.jpeg
Paviljong i tempelområdet
fullsizeoutput_38fd.jpeg
Oppgang til gravstedet

Sør-Vietnam

Historisk og kulturelt er det markerte skilnader mellom nord og sør. Enkelt sagt er det størst kinesisk påverknad i nord mens det i sør er fleire band til Kambodsja og Indonesia. Området i sør har i tidlegare tider tilhøyrt Kambodsja. I høglandet i nord er det også ulike etniske grupper. Frå nord har befolkninga ekspandert sørover. Guiden forklarte at den historiske bakgrunnen med tilflytting har skapt ein mentalitet her sør som skil seg frå det meir tradisjonsbundne nord.

I Sør-Vietnam besøkte vi Ho Chi Minh-byen (Saigon), Cu Chi-tunnelane og Mekongdeltaet.

Ho Chi Minh-byen (Saigon)

Frå Hué var det ny flytur til Ho Chi Minh-byen. Plutseleg vart det tropisk klima, med dagtemperatur på 33 grader pluss. Av med boblejakkane.

Byen, som er Vietnams største med ca 10 millionar innbyggjarar, fekk dette namnet ved gjenforeininga då ein slo saman dei to byane Saigon og Cho Lon.

Saigon er i dag ein eigen bydel. Eg synest Saigon-namnet kling betre, og kjem til å bruke dette namnet på byen sjølv om det altså ikkje er heilt korrekt. Franskmennene bygde opp byen etter fransk mønster, med breie boulevardar og kvadratur. På grunn av gjenkjenneleg bystruktur kjenst byen mindre framandarta og også meir moderne og dynamisk enn for eksempel Hanoi.

Vietnam er kjent for lakkprodukt av høg kvalitet. Vi var innom ein fabrikk der det vart produsert eit utall ulike lakkgjenstandar. Spesielt for denne staden var at dei brukte eggeskall til dekor.

IMG_6065.JPG
Lakkproduksjon i ulike fasar. Ei av krukkene står no heime på hylla.

Multinasjonale selskap og investorar har fått godt fotfeste og det er godt synleg i bybiletet.

IMG_5604.JPG
Jotun har etablert seg også i Vietnam.

Under vårt opphald var byen sterkt prega av tét-feiringa. Vi kom til Saigon to dagar før nyttårsaften som i år fall på 15. februar.  Det vil seie at vi kom på den dagen då det er tradisjon for at folk pyntar seg i sine finaste tradisjonelle draktar og samlar seg i sentrum. Dette er også høgsesong for lommetjuvar, og guiden ba oss passe ekstra godt på verdisakene våre.

Vi fekk med oss sjølve nyttårsaften som vart feira med middag og underhaldning på elegante Hotel Majestic. Hotell Saigon, der vi var innkvartert, hadde allereie fullbooka denne kvelden, men det var ikke noko å klage på standarden på erstattaren. Her var forøvrig fleire andre nordmenn, viste det seg.

Dagen etter besøkte vi ei fantastisk blomeutstilling i Kulturparken. Det er berre å bøye seg i støvet for den vietnamesiske hagekunsten! Forutan plantar i alle fasongar var her også fisk og ulike steinfigurar, og det var folkefest for store og små.

IMG_6040.JPG

IMG_5951.JPG

IMG_6071.JPG
Utstilling og folkefest i kulturparken i Saigon nyttårsdagen 16. februar.
fullsizeoutput_3908.jpeg
Nyttårsdag – for anledninga med bilfrie gaterom i sentrum.

Så pynta er nok ikkje Saigon til kvardags. Og utanfor byen skulle vi besøke stader med tilknyting til mørke kapittel i Vietnam si historie.

Krigsminner: tunnelar og museum

Cu Chi-tunnelane

70 km nordvest for Ho Chi Minh-byen finn vi Cu Chi-tunnelane. Dette er eit tunnelsystem med ei opphavleg lengd på 200 km, bygd av FNL under Vietnamkrigen. Dei vart nytta som gøymestader og passasjar under kampar, og til transport av våpen og forsyningar. Tunnelane inneheldt sjukehus, kjøkken, soverom og arsenalar. Jordlaget er solid og tåler vekta både av stridsvognar, artilleri og bomber. Tunnelene var nytta som baser under Tết-offensiven i 1968 ved slaget om Saigon.

fullsizeoutput_38d9.jpeg
Cu Chi-tunnelsystemet

I dag er tunnelane ein stor turistattraksjon. 120 km av tunnelane er bevart, og det er høve til å prøve seg på ein liten tur. Aldersgrensa for dette er 70 år, som heldt akkurat. Det var ikkje den mest komfortable turen eg har hatt, for å seie det slik, sjølv om tunnelane som er opna for turistar visstnok er utvida litt. For dei små og smale vietnameserane var det nok lettare.

IMG_6073
Stridsvogn, bomber og våpen brukt i Vietnamkrigen.

Vi fekk også demonstrert fleire av dei utspekulerte fellene mynta på fienden. Ingen spøk å trø feil og havne i dei.

Uavhengigheitspalasset

Det tidlegare presidentpalasset – uavhengigheitspalasset (også kalla gjenforeiningspalasset) – i Sør-Vietnam er bygd på same staden som det gamle palasset frå kolonitida. Bygget, som sto ferdig i 1966, er teikna av ein vietnamesisk arkitekt og er inspirert av fleire stilartar, også europeisk modernisme. Forutan møterom og spisesalar er her også teater, kino og dansesal.

30. april 1975 inntok frigjeringsrørsla og den nordvietnamesiske hæren Saigon. Stridsvogna brøyta seg veg inn porten og møtte ingen motstand. President Nguyen Van Thieu hadde forlete landet den 21. april med kurs for Taiwan, deretter London og til slutt Boston. Frå helikopterlandingsplassen utanfor gjekk amerikanske helikopter i skytteltrafikk mellom hangarskip og ambassaden dagen før frigjeringa.

IMG_6015.JPG
Nokre smakebitar frå palasset.
IMG_6074.JPG
Presidenten sitt kontor, jakttrofe, lytteutstyr og Mercedes.

Krigsminnemuseet

Vegg i vegg med uavhengigheitspalasset ligg krigsminnemuseet, med utstillingar i fleire etasjar. Museet er skulda for å gi eit einsidig bilete av krigen, at det inneheld anti-amerikansk propaganda og glorifiserer Nord-Vietnam og frigjeringsrørsla. Dette var ikkje mitt inntrykk, men det kjem an på augo som ser. Kanskje er det nokon som reagerer på utstillinga i 1. etasje som har eit visst propagandapreg i og med at her bl.a heng plakatar som viser den internasjonale støtta til FNL. Her finn vi også ein norsk plakat med teksten «Med FNL for Viet Nams folk».

Vietnamkrigen var – same korleis ein snur og vender på det – ein meiningslaus krig, med svære sivile tap og lidingar for det vietnamesiske folket. Utstillingane framstiller krigen i all sin gru, med fotografisk materiale frå krigsjournalistar. Den mest rystande delen av utstillinga er der det er vist bilete av offer frå USA si giftsprøyting – Agent Orange.

Mekong

Besøket i uavhengigheitspalasset og krigsminnemuseet fann stad siste dagen på reisa, men dagen før var vi på utflukt til Mekongdeltaet. Mekong er ei av verdas lengste elver, med utspring i Tibet. Dette vart ein av dei mest interessante dagane, og det var kjekt å besøke eit par småbedrifter som nytta lokalt råstoff.

IMG_5693
Her blir brent teglstein av leire frå Mekongdeltaet
IMG_6069
Frå kokosnøtt til kokoskaramellar
fullsizeoutput_390d
Båttur i Mekongdeltaet

Fiskarane nyttar seg av tidevatnet, og brukar reiskap tilpassa dette. Vi vart fortalt at saltinnhaldet i elva hadde auka i den seinare tid på grunn av eit nytt kraftanlegg på kinesisk side.

Her veks mangroveskog og kokospalmar, med den spesielle vasskokospalmen nærast elvebreidda.

Etter at denne båtturen var unnagjort, vart det transport på tuc-tuc i forrykande tempo gjennom jungelen til staden der vi skulle innta lunsjen, under stråtak, i det fri og ved ein av dei utallige kanalane i deltaet. Deretter nok ein båttur, denne gongen i ein smal elvebåt som vart staka framover.

 

IMG_5768.JPG

Eg lyt legge til eit bilete frå den utruleg vakre rasteplassen der vi hadde stopp undervegs på turen. Her kunne vi spasere på «apebru«. Denne type bruer, laga av kokospalmestamme eller bambus, kan ein finne fleire stader i Vietnam.

IMG_5669.JPG
Rasteplass med «apebru»

Tét – vietnamesisk nyttår

Vi observerte førebuingane til tét på alle stadene vi besøkte. Om søppelet flyt rundt omkring – før feiringa av tét blir det i alle fall feid framfor eiga dør. Og pynta med busker og blomar, nesten som vi gjer før jul med juletre og juleblomar. Det var bugnande blomeutsal overalt. I nord er det ferskentre og mandarintre som dominerer, i sør aprikostreet med karakteristiske gule blomar, og alle stader er det mengder av gul krysantemum. I tillegg til andre blomar som vi kjenner igjen frå norske hagar og vinduskarmar.

IMG_6030.JPG
Blomar og buskar til tét – aprikostre (her som bonsai), mandarintre, ferskenbusk og eit hav av krysantemum og andre blomar

Som nemnt i forrige innlegg er skikken i å brenne offergaver til ære for forfedrane. Vi såg fleire slike gavebål. I templa kan lufta vere stinn av røykelse.  2018 er hundens år, etter den kinesiske kalenderen.

IMG_6016.JPG
Nyttår – tét – i Ho Chi Minh-byen (Saigon). Festkledde menneske to dagar før nyttår.
IMG_6070.JPG
Saigon på nyttårsaften.

Maten

Som turistar inntok vi så å seie alle måltid på restaurantar.  Litt spesielt var det i Saigon der vi vart losa til middag nede i ein av underetasjane i eit gigantisk kjøpesenter.  I kongebyen Hué var det arrangert middag på ein litt finare restaurant, der vi fekk utdelt kostyme i form av tradisjonelle vietnamesiske penantrekk i silke. Eit ektepar vart utpeikt til konge og dronning og plassert i høgsetet. Dei fleste syntes dette var eit festleg innslag.

For folk flest er nok ikkje restaurantbesøk standard. Dei inntar gjerne måltida ute på gata, på enkle gatekjøken, sittande på låge stolar og krakkar. Nudelsuppe – pho – er ein typisk vietnamesisk rett som også er vanleg som frukost.  I Saigon inntok vi nudelsuppe til lunsj på restauranten Pho 2000, som kan skryte av at Bill Clinton var gjest her då han som første amerikanske president besøkte Vietnam etter krigen.  Vi budde forøvrig på same hotell som Clinton – hotell Saigon.

Vårrullar er standard, og måltida består oftast av fleire små retter. Eg tok meg ikkje bryet med å fotografere all den fint presenterte maten vi fekk servert, men på biletet under er nokre få eksempel.

fullsizeoutput_388e.jpeg
Det mest eksotiske måltidet fekk vi servert i jungelen i Mekongdeltaet. Malle heiter fisken.
IMG_6068.JPG
Pho, friterte bananblomster, vårruller og tigerreker med grønnsakdrage
IMG_5972.JPG
«Pølsebod» i kulturparken i Saigon på nyttårsdagen
IMG_5644
Markedet Benh Tanh i Saigon – her får ein det meste

Tankar i etterkant

Dette var ei 13 dagars reise som turist og eg har sjølvsagt ikkje hatt føresetnader for å pløye djupt i dette blogginnlegget. Eg har heller ikkje på langt nær fått med alt.

Ein kan ha mange meiningar om kor berekraftig det er med så langreist turisme. På andre sida er slike reiser til fjernare himmelstrøk med på å auke kunnskapen om andre land og kulturar. Då særleg om ein sørgjer for å sette seg litt inn i historie og samfunnsforhold – både før og etter reisa.

Ei god og grundig innføring i Vietnams historie og utvikling frå oldtid fram til i dag er å finne i Store Norske Leksikon sin artikkel om Vietnam.

Norge er eit lite land i den store verda. Når ein kjem til eit asiatisk land med befolkning fleirfaldige gonger større enn i Norge blir dette ganske tydeleg. Folk i Vietnam blir gjerne litt tomme i blikket når dei får høyre kor vi kjem ifrå.

Reiser bidreg til å sjå eins eige land i perspektiv. Ein lærer seg å sette pris på den nordiske modellen med ein skattefinansiert velferdsstat. Eg kom i mitt forrige blogginnlegg om Vietnam inn på det som såg ut til å vere mangelfulle offentlege velferdsordningar. Skattevegring hos vietnamesarar flest og eit sviktande skattesystem er ein del av forklaringa.

No har eg ikkje skrive om reisefølgjet og det sosiale livet under turen. Då kan eg berre seie at det var heilt upåklageleg. Og vår alltid oppmerksame og humørspreiande norske guide Nina bidrog sterkt til ein triveleg og innhaldsrik tur!

Dette var min første tur til denne enorme verdensdelen. Eg kunne faktisk tenke meg å prøve ut fleire land her, gjerne i Sentral-Asia. Kjem eg nokon gong til Samarkand, tru?

Vietnam på langs – del 1

Eg har vore på reise i Vietnam. Min generasjon har eit spesielt forhold til dette landet. Vietnamkrigen følgde oss gjennom ungdomstida, og førte til opprør og politisk engasjement. No, 40 år seinare, fekk eg i løpet av 13 februardagar sjå landet med eigne auge, saman med 20 andre bergensarar, dei fleste i sin beste pensjonistalder. Vi kom midt i førebuingane til nyttårsfeiringa (Tét), og fekk også oppleve sjølvaste nyttårsaften på tampen av turen.

map_of_vietnam
Kart over Vietnam (Lonely Planet)

Litt om landet Vietnam

Offisielt norsk namn på landet er «Den sosialistiske republikken Vietnam». Eg er usikker på om denne eittpartistaten med markedsøkonomi passar heilt inn i det vi på våre kantar meiner med sosialisme. Det kjem eg tilbake til.

Landet har over 90 millionar innbyggjarar og eit landareal på 310 000 km2. Til samanlikning har Norge vel 5 millionar innbyggjarar på nesten same landareal. Dei to landa har om lag same avstand frå nordlegaste til sørlegaste punkt, og lang kystline. Men der stoppar likskapen.

Etter Vietnamkrigens slutt i 1975 vart Nord-Vietnam og Sør-Vietnam sameint med Hanoi som hovudstad. Ho Chi Minh-byen (tidlegare Saigon) er største by. Det er tydelege skilnader mellom nord og sør på fleire vis, både når det gjeld klima, tradisjonar og økonomisk utvikling. Og mentalitet, ifølgje vår guide som kom frå sør: i nord er dei tradisjonsbundne og konservative, i sør føretaksame og opne for det som er nytt.

Vietnam si historie er kompleks og dramatisk. Landet er nær nabo til Kina, som hadde herredømme her i over 1000 år. Seinare vart landet kolonisert av Frankrike, og under 2. verdskrig var det Japan som hadde kontrollen. Landet har vore under påverknad frå fleire land og kulturar, noko som ikkje minst har sett sitt preg på byggeskikken.

Arkitekturen er eit kapittel for seg, med høge og smale hus, dette var visstnok opphavleg eit krav frå kineserane, det skulle sparast på tomtearealet. I dag sprett det opp digre og sterile blokker som står i sterk kontrast til eksisterande bebyggelse.

IMG_6023.JPG
Eksempel på arkitektur. Hanoi til venstre, Saigon til høgre.

Etter at den franske kolonimakta var nedkjempa vart landet delt.  Eg går ikkje nærare inn på Vietnamkrigen (i Vietnam kalla Amerikakrigen) her. Moglege spor og etterverknader var noko av det vi førehand hadde venta sjå litt av. Men 40 år er gått, det er kome nye generasjonar og som rimeleg kan vere er nok krigen kome i bakgrunnen for vietnamesarar flest.

Les meir om Vietnams historie (Wikipedia).

Turisme og tradisjonar

Vietnam er blitt eit populært reisemål og turisme er ein viktig del av økonomien. I Norge er Vietnamreisene (vi reiste med Vitus frå Bergen) stort sett skorne over same lest, med start i Hanoi i nord, opphald i Hoi An og Hué i sentrale Vietnam, deretter Ho Chi Minh-byen (Saigon) og Mekongdeltaet i sør. Det vil seie låglandet med deltaet rundt den Røde elv i nord og Mekong i sør, samt dei unike kulturhistoriske stadene i sentrale Vietnam.  Høglandet i nord, som truleg byr på det vakraste landskapet, står ikkje på programmet. Vi hadde kanskje venta oss større naturopplevingar, ut frå det vi hadde høyrt og sett av bilete på førehand. Det var også lite vi fekk oppleve av dei fine strendene. Men så var ikkje dette nokon badeferie heller. Opp tidleg og fullt program heilt til kvelds. Nesten som ein studietur, og det er jo kjekt, det! Gamle geografar liker slikt.

Det er mange inntrykk som skal fordøyast etter ei slik reise. Vi hadde lokale guidar både i nord, i midten og i sør. Dei var kunnskapsrike, med mykje detaljkunnskap om kultur, historie, religion og tradisjonar. Som turistar blir vi presentert for praktfulle tempel, palass og pagodar frå tida då Vietnam var konge- og keiserdømme. Det vert nesten for mykje av det gode! Men i tillegg hadde vi fleire interessante besøk på lokale handverksbedrifter, finurleg nok med gode moglegheiter for innkjøp!

Offisielt er Vietnam ein ikkje-religiøs stat. Folk flest er likevel i praksis buddhistar. Myndigheitene ser gjennom fingrane med religionsutøving, men dersom ein utelet å oppgi «ingen religion» i identitetspapira sine, kan ein få vanskar, for eksempel når det gjeld å få studieplass. Men buddhafigurar i ulike humør og fasongar er tydelegvis populære i kommersiell samanheng.

IMG_6045
Buddhaer og dragar i ulike fasongar.

Vietnamesarane dyrkar forfedrane sine og i samband med tét er det høgsesong for dette. Gavebrenning er ein litt spesiell skikk. Nokre tradisjonar er heller bisarre. I nord-Vietnam er skikken å  gravlegge slektningane sine to gonger. Dei ligg eit par år i jorda før dei vert gravd opp att og beina reinska, før dei vert gravlagt på nytt. Familiegravstadene ligg på familieeigedomen, midt ute i åkeren. Slik er det også sør i landet. Det er yngste sonen som får ansvaret for familien sin gravstad, noko som faktisk kan vere ein bremse for mobiliteten.

fullsizeoutput_38bb.jpeg
Nyttårstradisjonar: Gavekjøp og gavebrenning

Men det var nokre tema som guidane ikkje kom inn på. Om det var på grunn av manglande kunnskap, om dei er for unge, eller om visse ting er tabu er vanskeleg å seie. Mistanken om det siste vart styrka då guiden vår i Saigon ikkje ville vere med inn på utstillingane i Krigsminnemuséet fordi han var sterkt usamd i måten desse var presentert på, og fordi det var auge og øyro alle stader, som han sa. Ytringsfridom om politiske tema har tronge kår.

Dei to guidane vi hadde etter at vi hadde forlete Hanoi kom begge frå sør. Sør-Vietnam var den tapande parten i krigen. Mange sørvietnamesarar flykta herifrå av frykt for represaliar. Fleire av desse kom som båtflyktningar til Norge. Mange, bl.a. far til eine guiden, måtte tilbringe to år i omskoleringsleir etter krigen.

Med tanke på at Vietnam kallar seg eit sosialistisk land, var det overraskande å høyre at folk må betale sjølve for studiar og helsetenester. Vi vart vitne til ei trafikkulukke på ein av hovudvegane. Guiden vår fekk spørsmål om kvifor folk tilsynelatande stod passive rundt personen som låg medvitslaus i vegen. Svaret var at folk kvidde seg for å involvere seg i frykt for å få krav om å betale rekningane.

Svært strenge opptakskrav til høgare utdanning fører til at mange ikkje kjem seg vidare, fekk vi høyre.

Hanoi

Trafikk og miljø

Vi starta reisa i hovudstaden Hanoi og førsteinntrykket var sjokkarta. Første post på programmet her var nemleg tur i tråsykkeltaxi  i tjukkaste sentrum. Med eitt var vi midt i eit sydande, eksosfylt og tilsynelatande anarkistisk trafikk-kaos, med tuting på alle kantar.

IMG_4984.JPG
På sykkel i Hanoi

I Vietnam er tråsyklane bytta ut med motorsyklar. Vi fekk fortalt at Hanoi har ca 9 millionar innbyggjarar og 5 millionar motorsyklar! Trafikkreglar slik vi er vant med gjeld knapt. Her smyg trafikantane seg fram på alle kantar, på kryss og tvers. Motorsyklistane har tydelegvis tatt med seg køyremønstret frå tråsykkeltida. Etter kvart måtte vi likevel moderere førsteinntrykket av kaos og anarki. For det forunderlege er at trafikken ser ut til å fungere. Alle innordnar seg på smidig vis, utan den aggresjonen vi ofte er vitne til mellom trafikantar her til lands.  I denne del av verda er det tabu å vise sinne. Tutinga er mest for å varsle, ikkje for å jage andre trafikantar unna.

Men luftforureininga er forferdeleg. Og fotgjengarane må navigere i trafikken på eige ansvar. Motorsyklar blir nytta både til persontransport og varetransport. Heile familien på ein sykkel, opp til fem stykke, store og små. Dei små som regel utan hjelm. Desse dagane var det utstrakt transport av busker og blomar bak på sykkelen, tradisjonen tru skal det dekorerast til nyttår.

IMG_5165.JPG
Person- og varetransport i Hanoi ved nyttårstider. Mandarintreet skal pynte opp til nyttårsfeiringa. Mosaikkmuren i bakgrunnen symboliserer historia og er 4 km lang.

At «alle» no har sitt eige motoriserte køyretøy er på sett og vis eit teikn på økonomisk framgang. Om framgangen held fram slik at syklane vert bytta ut med privatbilar, vil det garantert ende med kollaps. Det går bussar, men elles er kollektivtilbodet lite utbygd. I byar av Hanoi og Ho Chi Minh-byen sin storleik skulle ein vente at det vart satsa på bane. Her er ting på gang både i Hanoi og Ho Chi Minh-byen. Det er også satsing på motorvegar. Japan og Australia – i nord også Kina – er land som bidreg i utviklinga av infrastruktur.

Noko av det mest påfallande for oss som er vant til nokonlunde reine omgjevnader, var søppelet som flaut overalt. Med så mange millionar innbyggjarar er det snakk om store volum. Mykje av avfallet såg ut til å vere plast. Truleg er Vietnam ein stor bidragsytar til den globale havforureininga. Ifølgje guiden er haldninga til søppel vanskeleg å endra, men dette er i ferd med å endre seg hos den oppveksande slekt, meinte han.

fullsizeoutput_3861.jpeg
Gate-badminton i Hanoi

Teater

I Hanoi fekk vi vere med på ei underhaldande førestilling på vanndokketeatret. Dokkeførarane står i vatn til livet og manøvrerer dokkene på stenger under vassoverflata. Historiane som blir framført bygger på legender. Teatret ligg ved Hoan Kiem-innsjøen, med den raude brua som er vakkert opplyst om kvelden.

IMG_5178.JPG
Hoan Kiem-sjøen i Hanoi by night

Litteraturtempelet

Litteraturtempelet i Hanoi var grunnlagt i 1070 og vigd til Konfutse. Det blir rekna som Vietnams første universitet. Det er eit stort anlegg, med bygg frå ulike epokar, nokre er bygd opp att etter franskmennene sine øydeleggingar.

fullsizeoutput_38a0.jpeg
Inngang til Litteraturtempelet

IMG_6046
Litteraturtempelet. Colaboksar er også offergave.

Skilpadda er symbol for langt liv. Dragen, fugl føniks og karpen er andre tradisjonelle symbol. Yin og Yang (symbol for likevekt) og feng shui er sentrale prinsipp i vietnamesisk livsførsel og kultur.

Ho Chi Minh-mausoleet

Ein annan hovudattraksjon i Hanoi er sjølvsagt Ho Chi Minh-mausoleet. Eg avsto frå sarkofagen, og besøkte heller området rundt, med park, presidentpalasset og stolpehuset som var Ho Chi Minh sin bustad frå 1958 og fram til hans død i 1969. Presidentpalasset, kommunistpartiet sitt hovudkvarter og utanriksdepartementet ligg i same område, ved den store Ba Dinh-plassen.

IMG_6032.JPG
Oppe: Her budde Ho Chi Minh sine siste år. Nede: mausoleet og arbeidarar i parken.

Forutan nyårsfeiring var det også 88-års jubileum (!) for grunnlegginga av kommunistpartiet i 1930. Plakatane om dette var godt synlege i bybiletet. Politisk propaganda konkurrerte med reklameplakatar for vestlege produkt og multinasjonale selskap. Særleg var dette synleg i Saigon. Inntrykket er at Vietnam i dag framstår som eit nokså schizofrent samfunn. Markedskreftene har fått spelerom og til tross for økonomisk vekst har kløfta mellom rike og fattige blitt større. Og korrupsjon høyrer med i biletet, dessverre.

fullsizeoutput_387a.jpeg
Markering av nyttår og parti. Kommunistpartiet sitt hovudkvarter nede til høgre.

Ha Long

Ein båttur i Ha Long-bukta høyrer med til dei obligatoriske opplevingane når ein besøker Vietnam. Området står på UNESCO si verdsarvliste. Etter å ha manøvrert mellom dei karakteristiske kalksteinklippane la vi til ved den fantastiske grotta Dong Thien Cung.

I Ha Long ser det ut til at planane om å utvikle staden til ein fasjonabelt resort har stranda. Investorane trekte seg etter noko snusk (korrupsjonsskandale?) for sju år sidan og mange påbyrja bygg står no og skjemmar eit elles naturskjønt område.

IMG_5024.JPG
Båttur mellom kalksteinklippane i Ha Long-bukta
IMG_6035.JPG
Ha Long-bukta – med uferdige bygg og grotte

Vi overnatta i byen Ha Long, eit par timars køyretur frå Hanoi. Undervegs hadde vi fleire stopp, der vi besøkte lokale bedrifter:

IMG_6036.JPG
1) Bedrift der handikappa lagar ulike handverksprodukt, 2) kulturperleproduksjon frå østersfarm, 3) og 4) pakking, frakt og produksjon av steintøy og porselen i landsbyen Bat Trang.

Nord-Vietnam har fire årstider. På denne tida, i februar, gjer våren sitt inntog. No var det heller kjøleg, og boblejakken, som også ser ut til å vere dei innfødde sitt favorittplagg, kom til nytte.

Vietnam er verda sin nest største eksportør av ris. I nord kan ein hauste ris to gonger i året. Utplantinga av ris fell i tid saman med nyttår. I sør, der klimaet er tropisk, kan ein hauste tre gonger og her var avlinga i ferd med å modnast.

IMG_5016.JPG
Risplanting i deltaet til Den røde elv

Sentrale Vietnam

Etter Hanoi bar det av garde med fly til Da Nang midt i landet. Byen var flybase og spela ei viktig rolle under Vietnamkrigen, også som hamn og som rekreasjonsstad for amerikanske soldatar. I fjellområda i sentrale Vietnam var det harde kampar.

Hoi An

Frå Da Nang reiste vi raskt vidare med buss til vårt første stopp i sentrale Vietnam, den hyggelege og intime byen Hoi An som ligg ved elva Thu Bon.

IMG_6038.JPG
Gate- og elvelangs i Hoi An. Huset til Tan Ky oppe til høgre. Den japanske brua med brurepar nede til høgre.

Byen er blitt ein utprega turistby og vi gjekk i flokk og følgje med andre turistar. Den gamle bebyggelsen ligg ved elvebreidda og er årleg utsett for flaum. Vi besøkte huset til Tan Ky, ei rik kjøpmannsslekt. Byen var tidlegare Vietnams viktigaste hamneby, men elvemunningen vart etter kvart for grunn og Da Nang overtok som hamn. Turistane flokkar seg ved den japanske brua, oppført på på 1500-talet. Det er også ein ynda stad for bryllupsfoto, noko vi vart vitne til.

IMG_6042.JPG
Mykje som fristar i Hoi An sine butikkar og utsal. Kunstferdige papirfigurar (opp til høgre) er populære.

Vi var på konsert med tradisjonsmusikk og også her var det tempelbesøk. På vandring i eigen regi i Hoi An kom vi tilfeldigvis forbi eit interessant museum med ei flott fotoutstilling av kvinner og folkedrakter frå ulike landsdelar. (Sjå bilete under).

IMG_5398.JPG
Museum for kulturarv i Hoi An
IMG_6043.JPG
Tradisjonsmusikk og tempelbesøk i Hoi An. Alter med offergaver og røykelsespiralar i taket.

Ein liten båttur unna ligg ei lita øy med ein landsby der det blir vevd tradisjonelle matter. Mattene blir brukt både til sitte- og soveunderlag. No før tét blir både matter og klede hengt ut til lufting.  Jenta på biletet hadde vevejobb når ho kom frå skulen. Har ryggen godt av dette arbeidet, tru? Under Vietnamkrigen var øyene her i deltaet i bruk av motstandsrørsla.

IMG_6044.JPG
Landsby på øy i elvedeltaet utanfor Hoi An. Her blir vevd matter og levd enkelt.

Etter Hoi An gjekk turen til keiserbyen Hué og derifrå med fly til Ho Chi Minh-byen (Saigon). Eg delar denne reiseskildringa opp i to bolkar. Resten blir skildra i neste innlegg, som kjem om ikkje så altfor lenge.

Dølar i sameland

Den 6. februar er samefolkets dag.  I det høvet vil eg gjere litt ære på dagen ved å sjå nærare på samane si historie i Indre Troms.  Eg er ikkje same, men har røter  i dalføra som var i bruk av samar lenge før dølane sørfra innvandra til Bardu og Målselv på 17- og 1800-talet.

fullsizeoutput_3726

Historia om innvandringa frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag har for meg, og sikkert fleire, skygga for historia som knyter seg til tida før bøndene sørfrå slo seg ned i dalane, med medbrakte skikkar og kultur. Oppfatninga har helst vore at dei praktisk talt kom til jomfrueleg villmark. Parallellen til koloniseringa av Nord-Amerika og tilhøvet til urbefolkninga er ikkje vanskeleg å sjå.

I løpet av seinare tid har ein måtte erkjenne at historia er meir nyansert. I tillegg til skriftlege kjelder og nyare forskning har arkeologisk materiale fått fram eit anna og meir samansett bilete både når det gjeld tidsdjupne og tidlegare tiders bruk av områda. Det er steinalderfunn frå Altevatnområdet, Dividalen og Viken i Bardu. Frå jernalder og middelalder er det fleire funn av samiske offerplassar.

Når vi ferdast rundt i kultur- og naturlandskap i Indre Troms trakkar vi altså ikkje berre i spora etter våre forfedre og formødre som slo seg ned som bønder her.  Vi går også i spora etter samefolket, og til fangstfolket som levde her i yngre steinalder, forgjengarane til dagens samar. Fangstgroper og funn av reiskaper vitnar om stor tidsdjupne. Det er også funne fangstgroper like i nærleiken av der eg vaks opp. Sjølve kommunenamnet Bardu har samisk opphav.

Samane vart tidlegare kalla lappar eller finnar (ikkje å forveksle med kvenar). Dei som dreiv med reindrift vart gjerne kalla fjellfinnar.

P8041309.JPG
Rast på Vakkerlåtfjellet i 2010. Etter gammelt var her reindriftsveg mellom Sørreisa og Sverige.

Grensetvister og samiske rettar

Bardu og Målselvområdet var frå gamalt av eit grenseområde og dermed av interesse for fleire statar. Samane vart kravd for skatt både frå Danmark-Norge, Sverige og Russland.  Gjennom fleire århundre var det grensetvister mellom Norge og Sverige, spesielt på Nordkalotten. I 1742 var det oppnevnt ein grensekommisær, Peter Schnitler, som fekk i oppdrag å oppta vitneprov frå bumenn og samar om grensespørsmålet. Protokollane frå dette arbeidet er ei rik kjelde til kunnskap om tilhøva på den tida. Frå eksaminasjonen i Sørreisa i 1743 får vi dei første opplysningane om fast reindriftsveg gjennom Bardu. Her vart også opplyst om korleis området mellom kysten og riksgrensa i Bardu og Målselv vart brukt om sommaren. Dei hadde sine faste plassar, som ved behov vart tillempa av samane sjølv.

I samband med grensetraktaten i 1751 mellom Norge og Sverige vart den såkalla Lappekodisillen vedtatt. Det er ein gjensidig traktat mellom to riker, som garanterte samane sine rettar som dei hadde frå tidlegare. Det vart fastslått at reindriftssamane i kraft av gamal sedvane framleis kunne bruke sine gamle beiteområde og flytteruter på tvers av grensene. Men Lappekodisillen kunne ikkje hindre den norske koloniseringa som kom i Bardu og Målselv.

Samane som møtte nybyggjarane var altså samar frå svensk side.  Oppfatninga om at samane brukte dalane berre til transitt, slik det vart framstilt frå fogd Jens Holmboe som var pådrivar for koloniseringa av Bardu og Målselv, stemmer altså ikkje. Det var snakk om lengre opphald på faste leirplassar, og reinflokkane beita også i skog og mark undervegs. Områda i Bardu og Målselv var brukt til sommarbeite for samane for det som i dag er Talma og Saarivouma samebyar på svensk side. Samane hadde også ein leirplass i inst i Skoelvdalen så seint som då far min var ung. Dette tok slutt i mellomkrigstida.

Så – om ein likar det ikkje – det er nok samane som har den lengste historia i desse bygdene. Før dølainnvandringa på 1700-talet var Bardu og Målselv eit av dei gamle kjerneområda for samane. Dette er utdjupa i den interessante artikkelen «Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940» som ligg ute på Målselv historielag si nettside og som var publisert i lokalavisa «Nye Troms» 23. juni 1988, skrive av Karl Magnor Olsaker (1944-1996). I denne artikkelen tar forfattaren for seg samisk busetting i Bardu og Målselv før 1500, skattelegging av samane før 1700, sjøsamisk bruk av Bardu og Målselv, utviklinga av reinnomadismen på 1600-talet, Schnitlers eksaminasjonar i forbindelse med grensetraktaten i 1751, Lappekodicillen av 1751, reindriftsnæring i Nord-Sverige og Indre Troms 1750-1870, 1800-tallet – konflikter bumann  – same, reindriftsnæringa på slutten av 1800-tallet og den samiske bruken i mellomkrigstida og krigsårene 1940-1945.

Det lyt nemnast at det på 1700-talet var sterk utflytting av svenske samar, som på grunn av uår og reinpest måtte oppgi reindrifta. Desse «markefinnene» slo seg ned i bygdene, men i utkantstrøk som var mindre eigna for jordbruk, t.d. i enkelte strøk ovanfor Målsnes i Målselv.

Fleire reguleringar gjennom tidene har påverka samane sine livsvilkår og status. I 1852 vart den russiske grensa stengt for norske samar på veg til vinterbeite i Finland. I 1889 vart den finske grensen stengt for svenske samar på veg til vinterbeite i Finland. Og i 1919 mista svenske Karesuandosamar store sommerbeite i Troms. Dette førte til at halve befolkninga som dreiv med reindrift i Karesuando vart tvangsflytta til område lenger sør. Utviklinga av grensekryssande reindrift er bl.a. behandla av Nils Johan Päiviö i ei av delutgreiingane for Samerettsutvalget i NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms .

Det fører for langt å gå inn på alle desse tema her. Meir aktuelt stoff er å finne om samerett i Store Norske Leksikon og på regjeringa.no  om fortolkingar av reindriftsloven og sameloven.

Men no skal eg sjå litt nærare på forholdet mellom samar og dølar.

Dølane kjem

Bakmennene for koloniseringa av Bardu og Målselv var fogden Jens Holmboe og skoginspektør Nicolai H. Ramm, som såg store moglegheiter for nydyrking og skogsdrift i dei fruktbare dalføra. Bønder sørfrå var best eigna til dette, meinte dei. Det hadde lita tiltru til kystfolket i så måte. I tid fell dette saman med tronge tider i dalføra sørpå, og naturkatastrofen «Storofsen» var óg ein faktor som påskynda flyttinga mot nord.

Sjølv nedstammar eg på farssida direkte frå dei første familiane som kom frå Tynset og busette seg i Bardu i 1791. På morssida er eg etterkommar av innflyttarar til Målselv frå Helgeland, Oppdal og Gudbrandsdalen. Vi kan vel knapt førestille oss kva for eit strevsamt og hardt liv det var for nybyggjarfamiliane. Det heroiske med dette er då heller ikkje blitt underslått i bygdebøker og annan litteratur.

Etter den første innvandringsperioden var det opphald heilt til ei ny innvandringsbølgje kom i 1820-åra og utetter. Seinare vart Amerika målet for dei som søkte seg til andre livsvilkår.

For samane førte innvandringa med seg store endringar. Dei opplevde at nybyggjarane la beslag på område som dei hadde hatt som kvileplassar og rydningar i skogen der reinen kunne beite. Oftast gjekk det fredeleg for seg, men det oppsto også samanstøyt, nokre av dei med alvorleg utfall. Det mest dramatiske var då ein same på Bones i Salangsdalen i Bardu i 1838 vart slått ihjel av bonden og drengen. Rydningsmannen hadde busett seg like i nærleiken av ein fast sommarbuplass for samane. Bonden slapp straff, men drengen vart straffedømt.

I takt med at det vart rydda fleire gardsbruk, vart også utmarka meir intensivt nytta til beite og seterdrift, noko som innskrenka dei areala som tidlegare hadde vore tilgjengelege for reineigarane.

Møtet mellom samar og døler er belyst i ein masteroppgave som i lys av «dølakulturen» i Indre Troms også ser på forholdet mellom innflyttarar/fastbuande og samane. (Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991). Eg tar med eit sitat frå oppgåva:

«…For dølenes vedkommende er bevisstheten omkring historie, slekt og avstamning en viktig del av deres selvoppfatning og virkelighetsforståelse, både slik den overleveres muntlig gjennom en aktiv fortellertradisjon og slik den skriftlig framstilles i bygdebøker, årbøker o.l. Fortid, forfedrene og dølenes totale bosetningshistorie i dette nye området har betydning som referanseramme både for å dokumentere kulturbakgrunn og tradisjoner og for å legitimere sin territorielle og gruppespesifikke berettigelse. Fortida er en måte å relatere seg til nåtida, og folk tenker og handler med referanse til denne fortida. Historie er også myte eller symbolske framstillinger slik de overleveres fra generasjon til generasjon. Folk er med andre ord aktive medskapere av sin egen historie ved at de tolker, refortolker og dyrker eller reifiserer sin historie. Dette gir igjen grunnlag for definisjon av hvem man er både som individ og gruppemedlem og er med å bekrefte og forsterke ønsket tilhørighet og identitet.»

Dett er noko som jo kan gjerast gjeldande for døler såvel som samar.

Så kva med dagens situasjon? Så seint som i 2007 var  Reinstriden i Troms ei tema på NRK. I dei seinare åra har det vore konflikter grunna svensksamar si ulovlege hyttebygging ved Altevatn.  Fylkesmannen har gitt Bardu kommune medhold i pålegget om riving, men på svensk side ser dei annleis på det, og viser til Lappekodisillen og ein høgsterettsdom frå 1968, då samane fekk erstatning for tap i samband med reguleringa av Altevatn. Dette er ikkje heilt enkelt.

Tilhøvet til storsamfunnet

Samane sin status og tilhøvet mellom bumann og same er óg farga av tidsånd og nasjonale forhold.

I motsetnad til samane hadde bureisarane nasjonalstaten i ryggen. Det var sterke nasjonale strømningar i Norge på denne tida. Den nomadiske tilpassinga passa dårleg inn i dette biletet, der idealsamfunnet besto av fastbuande bønder. Jordbruket vart sett på som meir inntektsbringande og dermed til gagn for landet. I 1861 sto det skrive i Tromsø Stiftstidende (gjengitt i Olsaker sin artikkel):

«Det er i Statens Interesse at fremme Bureisningen. Selv om dette skulde skje gjennom den Sterkeres Ret til at træde en ældre, men halvvild og nomadiserende Stamme tilside, saa vilde Staten i Sandhed kun slet røgte sit eget Tarv og Civilizationens Bud ved at lade sig afholde herfra af en – nøiere besett – falsk Rætferdighetsfølelse».

Ja, slikt kunne ein få seg til å skrive i dei dagar.

Samane vart i åra som kom også skulda for å ha flytta skoggrensa. Skogforvaltar Ivar Ruden fekk i 1909 i oppdrag av skogdirektøren å kartlegge eventuelle skadar på skogane i Troms som kunne tilskrivast dei svenske reindriftssamane som oppheldt seg i fylket i sommersesongen kvart år. Basert på inntrykk frå befaringar, notat og fotografi skreiv Ruden rapporten «Fremstilling av en del av den skade som de svenske flytlapper og ren har voldt på skogen i Tromsø amt» (1911).

DSS.0337.jpg
Frå rapporten «Den svenske Rentrafiks Skade paa Skogen. Lappeleir i Liveltskaret, Bardu.»      Foto: Ivar Ruden, Norsk skogbruksmuseum.

Biletet over viser ein samisk leirplass i Liveltskaret i Bardu kommune i Troms. Vi ser ei ung kvinne i samisk drakt som sit på bakken med eit arbeid mellom hendene. Ein mann med dressjakke på overkroppen og lue med blank skygge på hovudet (muligens skogbetjent Olav Foshaug [1869-1937] frå Bardu) sit ved sida av. Bak ser vi eit samisk «stabbur» – eit stativ lagd av bjørkerajer. På dette lagra samane verdiar som skulle haldast unna dei firbeinte.

Ruden var også opptatt av bruken av stadleg bjørkevirke i den samiske byggeskikken. I sin enklaste form besto dei samiske stabbura av tre kvista bjørkerajer, oppsett slik at dei møttes i toppen, men i dei fleste tilfelle gjekk det med 20-40 bjørkestammar. I rapporten publisert i 1911 er han ikkje nådig i si vurdering av skadeomfanget:

«Liveltskaret har været og er et av flytlappernes faste tilholdssteder. De har ned gjennem tiderne med sine gjærder og liggepladser fulgt efter skogen og trykket skoggrænsen ned i hele dalens bredde ca. 3 km. De saaledes avsnauede strækninger er opfyldt av gamle gjærdetomter og ildsteder, der betegner liggepladserne. Vinden feier nu uhindret fra høifjeldet nedigjennem skaret. Gjenvekst forekommer ikke og kunde vel heller ikke – saa ubeskyttet, som marken nu er – leve, selv om spirer til ny skog kom i jorden. Avsnauet areal i denne trakt er ca. 300 ha.»

I samband med 200-årsjubileet i 1988 vart det laga eit fjernsynsprogram om «Nybyggere i sameland» som også tar opp konfliktene med samane som hadde brukt området i fleire hundre år. (Programmet kan lastast ned, sjå lenke nederst).

Bård A. Berg ved UiT Norges arktiske universitet har i sin doktorgrad i historie om utviklinga av den samiske reindrifta i Norge i det 20. århundre (1999) fokusert på tilhøva i Midt- og Sør-Troms. Han peiker på at konfliktnivået mellom reineigarar og jordbrukarar auka i takt med nyrydninga i indre Troms og at dette var bakgrunnen til at det seinare (1883) vart innført ei reindriftlovgiving for heile Norge sør for Finnmark som var heilt på jordbruket sine premiss.

I den seinare tid har også professor Ivar Bjørklund ved UiT Norges arktiske universitet gått hardt ut mot norske myndigheiter og hevda at fornorskinga i dag har eit vel så sterkt nedslag gjennom ulike næringspolitiske tiltak.

FBib.01005-076.jpg
Fra Bardudalen. Foto: Schrøder, håndkolorert. Norsk Folkemuseum si biletsamling.

Biletet over er frå Norsk folkemuseum si biletsamling. Biletet er omtalt slik:

Portrett av samisk mann og liten pike. Sommerlandskap med Bardudalen i bakgrunnen. I bakgrunnen sees taket på flere hus og til høyre i bildet kan man se en bro. Den samiske mannen er kledd i kofte og samisk lue, med belte i livet. Piken er kledd i kjole. De står på en eng. På 1930-tallet beitet svenske reindriftssamer i Stordalen i Bardu. Stordalen var da «sommerbeite for svenskelapper» og reinsdyrene vandret frem og tilbake over grensen til Sverige. Den store dusken i lua minner om svenske sameluer. Saarivuoma sameby har etter 2005 igjen tatt i bruk beiteområdene i Norge. Muligens er dette en svensk nomade på vårflytting i Norge.

Dei lure lappane

Alle Bardudøler over ein viss alder har bind I og II av Bardu Bygdebok ståande i bokhylla. Forfattar er Eystein Eggen frå Vingelen i Tolga.

Eg har studert bygdeboka nokså flittig opp gjennom åra. Boka osar av beundring for dei staute og strevsomme nybyggjarane av god ætt frå Østerdalen. Samtidig er omtalen av samane – «lappane» – med vår tids auge nedsettande, ja beint fram rasistisk. Her er eit eksempel, der forfattaren bl.a. skildrar samane sin utsjånad og framferd:

..»Små som de er, virker det nesten komisk å se dem duve fram i regnet og solsteiken med en prangende hodepynt av knallrøde garndusker. Denne buketten henger som overmodne rognebær fram over luebremmen, men lappene er sikkert stolte av stasen, og denne litt makabre sans for sterke farger er ikke undergitt motegalskapen. Den er for dem et nasjonalt symbol. Nede i bygda bruker de å slå seg ned i en bjørkelund og lager en leir av småtelt. Gløgge i oppfatninga og med et smålurt, humoristisk syn på livet omkring seg, farter de omrkring og byr fram huder, skinn, skaller og små souvenirs av horn og bein som de alltid forstår å verdsette etter tidas priser. I så måte synes de å ha fått litt av jødenes klare forretningsinstinkt. Ofte kan de vise et mindre fornøyd uttrykk når handelen går tregt, men ellers har de en godslig og smilende framtreden. De som forstår å omgås lappene, vil alltid vinne seg vennskap og tillit hos dem…»

Og møtet mellom flyttlapper og bønder er skildra slik:

«Med sitt gløgge syn og sin rappe evne til å oppfatte det som skjer, kan lappen vise en skarp intelligens, og her forsto han straks at disse nye bumennene hadde en kraftig og uforferdet karakter som gikk fram på tross mot villmarka og rovdyrene. Mistru og brødnid finnes hos alle folkeslag, og hos nomaden ligger disse to egenskapene på lur ferdig til å bryte ut mot alt som viser overlegne tendenser.»

Dette er dryge ting som naturlegvis ikkje ville kunne passere i dag. Men kven på min alder hugsar ikkje meir eller mindre nedsettande kommentarar frå bygdefolket om lappane? Samane i dag har heldigvis fått endra status, det er kome lovar og institusjonar som skal sikre likeverd og respekt. Verda går tross alt framover. Og snart kjem det ny bygdebok som heilt sikkert har kvitta seg med slike haldningar.

Alle er produkt av arv og miljø. Når det gjeld forfattaren Eystein Eggen d.e. høyrde han til ein familie med sterke NS-sympatiar før og under krigen. Barnebarnet hans, Eystein Eggen d.y. skreiv boka «Gutten fra Gimle» (1993) om oppveksten med NS-foreldre i det som hadde vore Vidkun Quisling sin residens «Gimle». Han hausta sterke reaksjonar frå familien, og i essayet «Familiefortrengninger, eller et NS-barns lange vei hjem» (2000)  går han i rette med dei ulike familiemedlemmene, også farfaren. Her kjem han mellom anna inn på bygdeboka:

«….Av og til utmyntes musikken i ord, som hos farfar. Han trakk seg tilbake til sitt Akropolis av tømmer, glodde opp på årstallene1697 – 1943 i mønsåsen og skrev sagaen om da de blonde østerdøler koloniserte Bardu i Troms, et verk som fremdeles inntar en ledende plass blant våre mer rasistiske bygdebøker….»

For meg har det stor verdi å ha tilknyting til, og ikkje minst å kunne vandre i eit landskap som har ei mykje meir mangfaldig og rik historie enn det eg var klar over då eg vaks opp.  Så dermed avsluttar eg med å seie: gratulerer med dagen – Lihku beivviin – den 6. februar!

Lenker

Nybyggere i sameland (NRK 1988)

Samene – finnes de egentlig? Nordnorsk debatt (Ivar Bjørklund, 24. april 2017)

Dølakultur som delkultur. Kontinuitet og endring hos ei østnorsk innvandrerbefolkning i Indre Troms (Vibeke Bårnes: Hovudoppgave i sosialantropologi ved UiT Norge arktiske universitet, 1991)

Streiftog gjennom den samiske historia i Bardu og Målselv fram til 1940 (Karl Magnor Olsaker, artikkel i Nye Troms 23. juni 1988).

Samene og 1814, Artikkel av Bård A. Berg i tidskriftet Gnist nr 4/2014

Visit Bardu: Samer – innflytting av bønder – forsvar

Fagrapport om kulturminne i Konsekvensutredning Arealplan 01/2006 Sørdalen-Isdalen nasjonalpark Deltema kulturhistorie Alma Thuestad NIKU

NOU 2007:14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget, Avgitt til Justis- og politidepartementet 3. desember 2007.

Mennesker og steder i et nord-norsk landskap En studie av landskapsforståelse og landskapsbruk fra jernalderen til nyere tid. Jon Gunnar Blom, Mastergradsoppgave i arkeologi, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for Arkeologi og Sosialantropologi, Universitetet i Tromsø våren 2012

 

 

 

Tromsø: TIFF, turisme og tomme rom

Som punktum for mitt årlege midtvintersbesøk i nord har eg vore på bytur til Tromsø. Det viktigaste ærendet hit var sjølvsagt filmfestivalen og sosiale aktivitetar rundt denne, med familie og venner. Men også med sideblikk på byutvikling.

Festivalbyen Tromsø

TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival – finn stad rundt datoen då mørketida slepp taket. I år var festivalen arrangert for 28. gong, i tidsrommet frå 15. til 21. januar, dato for sjølvaste soldagen. Sola nekta å vise seg utilslørt akkurat i år, men vêret legg uansett ikkje nokon dempar på stemninga i ishavsbyen. Men holkeføret var utfordrande. Tromsø er ein by med bratte bakkar. Eg hadde investert i nye (og dyre) broddar og gjekk derfor relativt stødig nedover mot sentrum, utan uhell. Tryggast med piggane ute av og til.

img_4926.jpg
Velkomen til TIFF 2018

Festivalen har gjennom åra opparbeidd seg status som ein av dei filmfestivalane ein reknar med, både på landsbasis og internasjonalt. Samanlikna med Bergen sin festival – BIFF – er det påfallande kor mykje meir TIFF set sitt preg på byen. Det verkar òg som om det er eit større apparat i sving. Dei to festivalane har mykje den same programprofilen. Men i Tromsø er det nokre hakk meir omstendelig å vere festivalpublikum. Det er ikkje nok å ha billettar, ein må i tillegg kjøpe armband som fungerer som inngangsbevis på alle forestillingane. Men som erfaren festivalgjengar finn ein seg vel etter kvart i slikt.

IMG_4938.JPG

I løpet av tre heile dagar i byen fekk eg med meg seks filmar. Det er mildt sagt ein brøkdel i forhold til det imponerande tilbodet – både kvalitativt og kvantitativt. Det er no eigentleg greitt å fordøye filmane litt før ein halsar over til neste. Og så må ein jo ha tid til det sosiale med kafébesøk innimellom.

Det vart ei god blanding filmar frå ulike verdenshjørne. Frå den sjarmerande japanske «Rent a cat» til «Aleppos fall» (dokumentar frå dei siste forgjeves kampane frå ei ikkje heilt velorganisert motstandsgruppe), til «the Nile Hilton Incident» (om eit gjennomkorrupt politikorps i Kairo, Egypt), «There is a house here» (om inuittar i Nunuvut i det nordlege Canada),  «The Deep» (basert på ei sann historie om ein mirakuløst overlevande etter eit forlis ved Vestmannaeyar på Island i 1984) og » On the other side» (om kompliserte familietilhøve som følgje av krigen på Balkan).

Under TIFF er alle serveringsstader i byen stappfulle. Festivalen har utvilsamt mykje å seie for botnlina i restaurantbransjen. Eg veit ingen andre norske byar der kafear, pubar og restaurantar så til dei grader preger sentrum. Og folk tar seg fri frå jobben.

Egon Holstad i lokalavisa iTromsø har oppsummert TIFF-fenomenet i Tromsø på ein dekkjande måte i «Takk for i år – vi sees igjen». Han skriv bl.a.:

………Men TIFF hadde neppe fungert hvor som helst. TIFF er nemlig en gjenspeiling av byen Tromsø, der restaurantene har kø fra de åpner til de stenger, der vannhullene har bul på veggene av tørste tiffere, og der de samme fine fruene fortsatt spiser lunch og nipper til vin, fremdeles med både diksjon og dannelse noenlunde intakt. Og de fleste av dem har vært på film.

……….Rare søringer og utlendinger med alpelue og flagrende gevanter svinser rundt, og langs de mange bardiskene henger det sågar masse journalister, regissører og skuespillere og tilårskomne visesangere fra Bergen, alle med bånd rundt halsen som et godt synlig TIFF-plastkort dingler fra, slik at alle – om noen skulle være i tvil – skal skjønne at de er litt ekstra spesielle……

IMG_4937.JPG
Ein av byens populære skjenkestader, innsyn til biblioteket – og holkeføre

Litt malurt

No har det vore mange lovord om Tromsø. Tromsø er ein flott og inkluderande by, med eit kompakt bysentrum og lange tradisjonar som sentrum for handel. Lenge var det her i sentrum at handelen blomstra.  I dag ligg serveringsstadene tett i tett, her er også rikeleg med frisørar innimellom. Urmakarbutikkane held stand ser det ut til – kostbare klokker er visst ettertrakta av velståande asiatiske turistar, som det er mange av.  Vinterturismen har hatt ei eksplosiv utvikling. Og turistane flokkar seg i suvenirbutikkane. Med nokre unntak er mange av dei gode gamle butikkane borte, og sentrum er prega av fleire tomme butikklokale.

Forklaringa er her – som for så mange andre byar i Norge – etablering av kjøpesenter utanfor bykjerna. Jekta Storsenter ligg på andre sida av øya, nær flyplassen. Med sine 130 butikkar er Jekta det kjøpesenteret i Nord-Norge som har flest butikkar.

IMG_4942.JPG
Eit utval tomme lokale i Storgata i Tromsø – samt ein «Tourist Shop»

Det er mange som er bekymra over utviklinga, også representantar for handelsstanden. Dette er kjent problematikk i mange byar. Eg siterer frå eit innlegg i iTromsø 10. februar 2017:

…..Men vi sover i timen når det kommer til utviklingen av sentrum som handels- og opplevelsesdestinasjon for byens befolkning og turistene. Min erfaring er at uten turistene er det vanskelig å drive butikk i sentrum. Dette er en trend som har kommet for alvor de siste par årene, og takket være turistene har trenden bremset opp. Men om vi som bor i Tromsø slutter å bruke sentrum er det bare turistene igjen. Det gir ingen verdi for turistene å komme til sentrum for å gå i en historisk kulisse. Vi må være bevisste og sørge for at tilbudet i sentrum er attraktivt også for oss som bor og lever her. Samtidig må vi utnytte vår forbrukermakt og bidra.

Levande lokaler?

Tromsø vart i 2016, saman med Arendal og Lærdal, plukka ut til å delta i eit pilotprosjekt for aktivitet i Tromsø sentrum. Prosjektet heiter «Levende lokaler». Tromsø vart valgt ut fordi dei allereie hadde sentrumsutvikling på dagsorden.

Kva er resultatet så langt? By- og regionforskningsinstituttet/Høgskolen i Oslo og Akershus  – NIBR – har oppsummert arbeidet i ein midtvegsrapport for prosjektet. I Tromsø melder prosjektleiinga at det ikkje er sentrumsdød, men svært høg turnover i tomme lokaler. Dessutan er byen ein typisk «av/på-by» som yrer av liv når det er festivalar og andre større arrangement, men at mellomrommet til neste begivenheit kanskje er stille. Dei medgir likevel at det er ein del tomme lokale å sjå. Tromsø skil seg ut ved at dei til no har hatt ei hovudvekt på kunst- og kulturaktivitetar i forsøka på å fylle tomme lokaler.

I rapporten er peikt på dei generelt mange utfordringane ein møter på undervegs: gårdeigarbiletet er fragmentert og uoversiktleg og det er mange ulike aktørar inne i biletet, det er krevjande å få til samarbeid når det kostar tid og pengar osv..  For Tromsø sitt vedkomande er det i tilknyting til LL-prosjektet eit samarbeidsprosjekt mellom gårdeigarar, øvrige verksemder og kommunen om profilering, handel, sentrumsutvikling og kultur.

Det står mykje meir om prosjektet i NIBR-rapport 2017:6

IMG_4925.JPG
På holkeføre til filmfestival

Så kva seier rapporten om vegen vidare? Det vert reist spørsmål om kven som skal ha nøkkelrollen – offentlege eller private.  I oppsummeringa vert gitt uttrykk for at det ikkje er eit enten – eller, men eit både – og, der begge partar jobbar med same prosjekt, men med ulike oppgåver og roller. Dette burde vere innlysande. Det er då også desse spørsmåla som ein tar med seg inn i siste del av pilotperioden, for drøfting med kommunen, gårdeigarar, næringslivets og sivilsamfunnets nøkkelpersonar og lag.

Vi kryssar fingrane og håper på eit levande bysentrum i Tromsø – også i byen sine feberfrie periodar!

PS. Når bileta frå sentrum i det føregåande ser folketomme ut kjem det av at dei er knipsa på siste festivaldag sundag ettermiddag etter at det meste har roa seg. 

Ut å flyge med B-laget

Eg er på min vanlege midtvinterstur nordpå. Det vil seie Bardu og Tromsø. Eg må ha ein årleg dose mørketidslys for at alt skal vere på stell.

IMG_4921
Vakre skyar like før sola kjem tilbake.

For å komme seg nordover – og då meiner eg nord for den delen av landet som har alternative transportmiddel som for eksempel jernbane – må ein ta fly. Og dersom ein skal til Bardufoss må ein nytte flyselskapet Norwegian anten ein vil eller ikkje. På denne flyplassen har Norwegian ingen konkurranse. Det må vere god butikk. Passasjergrunnlaget og inntektene på ruta er sikra i og med at all transport av militært personell må fraktast i fly. Då kan dei jo skru opp prisane, staten betaler. Her kjem aldri tilbod om billegturar. Sjølv med såkalla lågpris må ein må ut med minst tre tusenlappar. Det vil seie det same som ein helgetur til, la oss seie,  New York.

IMG_4928.JPG
Gardermoen for B-laget.

Joda, utan det militære nærveret hadde nok rutetilbodet vore dårlegare for folk i Midt-Troms. Men ein kan jo spørje om sivil persontransport skal vere på Forsvaret sine premiss? For tru ikkje at sivile får vere med på flybussen mellom Bardufoss og Setermoen. Apartheid? Nei stikkord er anbodskonkurransereglar. Nye reglar for fire år sidan gjorde at det vart eigen flybuss for Forsvaret sitt personell, sivile vart utelukka.  For å bøte på dette har det inntil nyleg vore eit privat selskap som tok seg av dei sivile, i ein minibuss parallellt med den store bussen med militært personell – med ledige seter. No har selskapet kasta inn handkledet, dårleg butikk, forståeleg nok. Så om ein ikkje har avtale om henting, vert det taxi eller leigebil. Frå kommunane dette gjaldt vart det kravd at felles transport måtte inn som krav i ny anbodsrunde frå 2018. Det skjedde ikkje.

For å kome seg frå Bergen til Bardufoss må ein via Gardermoen. No er terminalane både på Flesland og Gardermoen kraftig utvida og oppgradert i det siste. Det betyr mange skritt og at ein må ha god tid for å kome seg til utgangen. Ekstra ille er det dersom ein på Gardermoen blir vist til B-utgangen. Dei som har opplevd denne veit at ein må traske gjennom endelause trøystelause ganger i ca 10 minutt for å nå målet. Fasilitetane her er i tillegg ytterst spartanske. Og kva for avgangar er det som havnar her då, tru? Mandag 8. januar var det passasjerane til Bardufoss, Tromsø og Alta (og ein avgang til Stavanger) som hamna på B-laget. Tilfeldig? Neppe!

Av passasjerane ser eg jo at det er folk i sin mest gangføre alder som skal til Bardufoss. Denne gongen var det mest uniformerte ungdommar av begge kjønn som fylte setene. Dessutan svært mange polakkar, desse arbeidsinnvandrarane som held folketalet oppe i distrikta.

Eg får jo fyrt opp mitt distriktspolitiske engasjement kvar gang eg besøker landsdelen. Det er mykje å ergre seg over. I likheit med mange andre i distrikta er eg oppgitt over NRK sitt siste påfunn, å sløyfe kvarteret med distriktssending før Dagsrevyen. No er det tre, som regel identiske fem-minutts innslag tre gonger om kvelden, noko som sjølvsagt utelukkar fordjuping, variasjon og kommentarar.

IMG_4910.JPG
På skitur i løypa til Kampen. Mauken i bakgrunnen.

Men nok klaging no. Det er flott å vere oppe i verkeleg vinter.  Nokre skiturar er det blitt, sjølv om føret vart skarpt og utfordrande for litt tilårskomne damer som er redd for brotne bein. At eg no føretrekkjer oppoverbakkar framfor unnabakkar må eg nok tilskrive alderen. Til tross for dette har eg absolutt ikkje noko ønskje om at mi aldersgruppe skal fortene nokon eigen minister, jmf siste tilvekst til regjeringa.  Vi må vel jobbe for at alle – uansett livsfase – skal få så gode levekår som mogleg?

fullsizeoutput_3718
Fint å vere inne når frostrosene viser seg på rutene.

Og ein kan kose seg inne med lesestoff. I år har eg lese den prisbeløna «Oppdateringar» av forfattaren Pål Norheim som døde uventa i fjor sommar. Det viste seg at han budde på Eidsvågneset, like i vårt nabolag i Bergen. Ein forfattar som eg ikkje har vore merksam på, han har vore heller anonym hos det breie publikum. Det er alltid fasinerande å lese frå kjente trakter, og for eksempel sjå for seg dei same buss-stoppa som er skildra i boka. Elles har eg lagt bak meg bok nummer 4 i John Michelet sin imponerande serie om «En sjøens helt» og konvoifarten under krigen. Ærleg talt blir det i lengda i overkant maritimt for ein som ikkje er oppflaska med slikt. Eg er av innlands- og småbondeslekt. Men historia til krigsseilarane under krigen er viktig.

IMG_4924
Siste sommerfjøset i Sundligrenda – no eit kulturminne

Småbondeslekt ja. Ny bygdebok for Bardu er på trappene. Bygdeboknemnda hadde invitert til ein absolutt siste sjekk av opplysningar ein av dei siste kveldane vi var i Bardu. Vi troppa opp på kommunehuset, der inngangspartiet er pryda både av utstoppa bjørn og ulv. Bardu definerer seg jo som «villmarkskommunen». Det blir spennande å sjå det ferdige resultatet av boka. Det var mykje der som var nytt for meg. Nesten alle gardane i bygda vart ramma av tvangsauksjonar tidleg på 1920 -talet. Bankkriser er ikke noko nytt.

IMG_4919.JPG
Bardu-bjørnen.

Etter kvart skal eg over i meir urbane omgjevnader. Tromsø internasjonale filmfestival – TIFF – ventar. Og det som høyrer til av sosialt liv på gater og i dei talrike utestadene i Nordens Paris.

 

 

Heime og borte, før og no, oss og dei andre

Eg er oppvaksen med utsikt til Istindan, ikon og identitetsmarkør nummer ein for Bardu og Målselv. Eg var overtydd om at det var rettsida av Istind eg såg. Etter kvart oppdaga eg jo at Istindan såg annleis ut frå andre stader og at «mi» side ikkje var den einaste rette. Det same gjaldt andre fjell. Frå Malangen vart Mårtind bakvendt, og Vassbruna og Mauken skifta utsjånad etter som ein flytta seg i dalen. Slik er det med det meste. Endrar vi synsvinklar og er opne for andres syn utvidar vi perspektivet og blir i stand til å sjå heilskapen. Som diktaren Olav H. Hauge skreiv: «Fjell lyt du yver skal du koma lenger».

IMG_3009.JPG
Istind i mørketidslys

«Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei høyrer til» skreiv namnebroren Olav Duun. Vi som bur ved foten av fjella er flyttbare, men også stadbundne. Sjølv den internasjonalt orienterte Olav H. Hauge levde heile sitt liv som fruktbonde i Ulvik i Hardanger.
For ein mannsaldar sidan reiste eg frå Bardu til Bergen. Spranget er stort frå innlandskommunen i nord til vestlandskysten og bylivet i Bergen. Etter åra i Hansabyen kan eg nok kalle meg bergensar om eg vil. Eg er like kry som dei innfødde over den vakre og eksentriske byen mellom dei sju fjell. På nasjonaldagen – der feiringa skil seg vesentleg frå andre stader i kongeriket – speidar eg alltid etter Målselv/Bardubunaden. Er eg heldig ser eg 2-3 stykker. Også i Bergen er nasjonaldagen ei mønstring av det beste i sivilsamfunnet. Forskjellar til tross – det er meir som samlar enn som skil. Og med hjartet på rette staden har ein hjarte både for andre stader og andre folk.

Mykje har endra seg i bygd og by på desse åra. Sjølv om Bergen er min by, er det dalføra her nord som er landskapet mitt. Synet av buktande elver, furumoar, åsar og smekre tindar i synsranda gir ro i sjela. Men eg saknar synet av sommarfjøset som eg veit ligg oppe i skogbrynet. Bakken der eg øva meg på ski er tilgrodd. Jorda som generasjonane før oss dyrka opp ligg brakk mange stader, og hus og fjøs står tomme. Gran planta i beste meining på 50- og 60-talet er i ferd med å utkonkurrere lyskrevjande artar i bjørkelia. På innmarka blomstrar geiterams og mjødurt. Vakre plantar, men teikn på kulturlandskap i forfall. Dette er ikkje særskilt for bygdene her nord, og har årsaker som eg ikkje skal gå inn på. Men kunne dyrkingsjorda utnyttast på anna vis? I mange byar er det rift om parsellar der ein kan dyrke llitt sjølv. Dei som kunne tenke seg litt matauk kunne kanskje fått leige seg ein jordlapp?

Mens skogen veks seg tjukk tynnast det ut med folk. Langs vegen, som før var både møte- og leikeplass, er lite folk å sjå. Beina og sykkelen var framkomstmiddel før bilen vart allemannseige og tungtransporten tok over. Folk som ferdast på vegen i dag er ute på treningstur eller luftar bikkja. Før lufta hundane seg sjølv eller vokta gard og grunn. Om hausten fekk dei vere med på elgjakta, framleis ei særs viktig hending. Vilt med molte til dessert er festmat landet over. I nord er vi privilegerte i så måte. I sør er ein lukkeleg over å ha til moltekremen julaften. Jula er elles ei tid då mattradisjonar vert tatt vare på. Men dei er ikkje statiske. Pinnekjøt er eit vestlandsprodukt som er blitt standard julemiddag også i nord. Folk flest er heller ikkje redde for utanlandsk påverknad i matvegen. I bygdene landet over har driftige damer frå Thailand bidratt til dette. Personleg skulle eg ønskje det sto meir god tradisjonsmat på menyen. Det kan bli for mykje pizza.

IMG_4832
Førjulsstemning og julemarked i Bergen by

No er det er vinter og mørketid. I Bergen saknar eg snøen og mørketidslyset. Var eg i nord ville eg gått ut og filosofert litt under stjernehimmelen. I møte med det store er det mykje som blir smått. Og sjølv om månen og Karlsvogna står på snei på andre breiddegrader, er det dei same himmellegema som blir sett av milliardar andre på kloden. Folk er folk alle stader, med ønskjer om fred og eit godt liv for seg og sine. Skjenk ein tanke til alle som ikkje er på vår «rettside» når vi no går inn i julehelga. Så står det berre att å ønskje alle ei velsigna god og fredfylt julehelg!

(Dette innlegget står på trykk i juleheftet «Jul i Bardu og Målselvdalen 2017)

Krigsspor i mørketid

Det nærmar seg jul. Her kjem ingen rapport om mine førjulsaktivitetar, sjølv om eg desse dagane syslar med mitt, både med bakst og annan tradisjonsmat. Ingen bilete av krumkaker, lefser, vørterkake, lammerull og sylte. Det kjem heller ikkje foto av vårt nyoppussa soverom. Eg har valgt meg eit heilt anna tema denne gongen, nemleg krig. Og då meiner eg ikkje kampen kvar av oss måtte føre mot problem i kvardagslivet.

For tida går det ein dokumentarfilmserie om Vietnamkrigen på NRK 2, med rystande tilbakeblikk på ei tid og ein krig som danna bakteppe for store delar av mi ungdomstid. På NRK har det også nyss vore eit program om korleis dei som var barn opplevde tyskarane sin hemnaksjon i Telavåg på Sotra i 1942. Fortellingane om 2. verdskrig ser ikkje ut til å ta slutt. Både denne og andre krigar har vore uutømmelege kjelder for historikarar og forfattarar.

Og vi ser ikkje slutten på krigar og krigshissing. Dagens nyheitsbilete er prega av den farlege leiken mellom mildt sagt ustabile leiarar for to atommakter. Krigen i Syria har etterlate seg eit land i ruinar og millionar av menneske på flukt, for å nemne noko. Norske soldatar har i årevis vore sendt til krigs- og konfliktområde. Muslimar generelt vert stempla som farlege folk som vi ikkje vil ha i vårt nabolag. Spora skremmer og mørketid kan vere så mangt.

Vietnamkrigen – «vår» krig

Eg tenkjer at alle generasjonar opp gjennom tidene har hatt ein krig som har prega dei og forma deira syn på samfunnet. Min generasjon hadde ikkje krig og okkupasjon nær innpå oss slik som foreldregenerasjonen. Det var Vietnamkrigen som vart vår krig.

USA heldt det gåande i årevis med støtte til ein krig som førte til enorme tap av menneskeliv og store lidingar både under og etter krigen. To millionar vietnamesarar mista livet, 50 000 amerikanske soldatar vart ofra.

71ac4ed2-c587-4c42-b85e-082b263de945
Blad frå imperialismens dagbok (Per Kleiva)

Motstanden mot krigen var eit heilt sentralt element i ungdoms- og studentopprøret som skaut fart på slutten av 60-talet, og som nådde eit høgdepunkt i det legendariske og dramatiske året 1968. Det året var mitt siste år på gymnaset i Tromsø.  Eg minnest enno sinnet mitt når nyheitssendingane meldte at Lyndon B. Johnson på ny hadde trappa opp krigføringa.

Eit par år seinare var eg student på Universitetet i Bergen, også kalla «Leninhøyden». Dette var ein tidsepoke sterkt prega av aktivisme og steile politiske frontar.  Her til lands blanda krigsmotstanden seg etter kvart med andre kampsaker som kvinnekamp og kampen mot EU-medlemskap.

Vietnamkrigen var den første helikopterkrigen. Dette vart spegla i biletkunsten på den tida. Per Kleiva hadde ein serie grafiske blad – Blad frå imperialismens dagbok – med amerikanske krigshelikopter som motiv.

Den før nemnte TV-serien om Vietnam har fått tonefølgje av musikken vi lytta til på denne tida. Bob Dylan og Beatles, og fleire av dei store frå gullalderen på 60-talet. For ein sekstiåttar vekker dette sterke kjensler!

Om Vietnamkrigen (Wikipedia)

2. verdskrig – foreldra sin krig

Sjølv er eg oppvaksen med ein foreldregenerasjon som akkurat hadde lagt krig og okkupasjonstid bak seg. Eg syntes ofte det vart vel mykje av fortellingane om krigen, men med alderen har eg jo fatta meir interesse både for desse fortellingane og for historie generelt. Det var ei tid med hendingar og tilstandar som er vanskeleg å førestille seg i dag.

Fleire av bygdas menn deltok i kampane ved Narvik. Dagleglivet for folk vart sterkt påverka av okkupasjonen. Tyskarane tok seg til rette og okkuperte også hus og opphaldsrom på gardane. Mor mi sine fortellingar frå dagleglivet som hushjelp («taus») på ein gard der tyskarane hadde okkupert det meste av opphaldsromma skulle ha vore nedskrive. Dessverre er dei fleste som levde i denne tida no gått bort

Ein kuriositet var det at okkupasjonsmakta også dreiv jakt på elg. Ordinær elgjakt i bygda, slik vi kjenner den i dag, kom ikkje i gang før ei stund etter krigen. Det var visstnok far min som skaut første elgen etter krigen. Dette har eg fått vite ganske nyleg, eg kan ikkje hugse at dette vart fortalt om heime. Far min var elles ikkje nokon jegar, han likte seg nok betre med fiskestonga.

Mine foreldre sine opplevingar fann stad i eit strategisk viktig område. Den nye flyplassen på Bardufoss vart brukt av norske og britiske flyavdelingar. Den tyske okkupasjonsmakta utbetra flyplassen og ein stor del av arbeidet vart utført av tvangsutskrivne norske arbeidarar, politiske fangar og krigsfangar. Flokkar av utmagra og forhutla fangar passerte stadig forbi på vegen, rett framfor husdørene.

Då det leid mot slutten av krigen frykta folk i bygda at også dei skulle lide same skjebne som befolkninga i Finnmark. Nokre av mine slektningar bygde gammer i utmarka for å vere i beredskap.

Knappheit på varer under og etter krigen låg nok bak min foreldregenerasjon sin hang til å ta vare på ting og gjere seg nytte av alt mulig. Ingenting skulle kastast. På hytta som vart bygd på 50-talet kunne ein finne at material frå tyskerbrakker. Også steintøyservise med den tyske ørna var å finne i hus og hytter. Ammunisjonskasse vart montert som verktøyskap i sjåen. Far min brukte i mange år flygarhovudplagg når han sykla på jobb. Og fallskjermsilke vart nytta til å sy blusar av.

Eg veit ikkje om det var nokon frå bygdene i Indre Troms som reiste til sjøs i desse åra, slik som «Skogsmatrosen» frå Rena i  John Michelet sitt romanverk om «En sjøens helt» som omhandlar konvoifarten for den norske handelsflåten under krigen. Eg held på med bok nummer to i serien. Det er sterke saker. Kva krigsseilarane vart utsette for av påkjenningar er umogleg å førestille seg.

Forsvar og samfunn

Etter krigen vart Indre Troms ytterlegare befesta som militært område. Dette påverkar lokalsamfunnet på mange vis. Forsvaret er blitt ein hjørnestein for lokal økonomi og sysselsetting, og har betydning langt utover reint militære formål. Bardu ligg som nummer to i landet over kommunar med flest statlege arbeidsplassar etter folketalet, med Målselv hakk i hæl.

I diskusjonen om framtidas forsvarspolitikk gir dette seg interessante utslag. Striden har særleg stått om Bardufoss som framtidig helikopterbase, men også om Hæren fortsatt skal ha same rolle og omfang som tidlegare.  Når det sivile samfunnet er samanvevd med og avhengig av militær aktivitet kan det oppstå ein del paradoksar dersom ein ser for seg ei framtid tufta på fred mellom verdas nasjonar.  For å komme på banen lyt ein då vektlegge forsvarsfaglege argument. Altså legge til grunn utsiktene for framtidig krig i nordområda. Det såkalla Tromsdokumentet om framtidig forsvar i nord er eit tydeleg eksempel på dette. Dokumentet var eit innspel frå sentrale politikarar i Troms i diskusjonen om langtidsplanen for forsvaret.

IMG_1899.JPG
Vanleg trafikk langs E6 i Bardu

 

2249
Amerikanske militærhelikopter på Bardufoss i 2016. Foto: Nye Troms 01.03.2016

Om «sjeldne fugler på Bardufoss» i Nye Troms 01.03.2016.

Indre Troms er øvingsområde for styrkar frå NATO-landa. I den seinare tid er det på tale med fast stasjonering av amerikanske styrkar. Kor trygt er det i desse tider å binde seg enno sterkare til NATO og USA mon tro?

Eg er som sagt oppvaksen med militærvesen rundt meg på alle kantar. Det var liksom heilt normalt, og ganske spennande kunne det vere, spesielt når det kom internasjonalt besøk. Ein tidlegare ordførar meinte at jenter var viktigaste eksportartikkel i Indre Troms. Noko kan det vere i det. Dette kunne det sikkert skrivast meir om.

Mot krig?

Motstanden mot atomvåpen er igjen i fokus. Nobels fredspris for 2017 er tildelt den Internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN). Organisasjonen får prisen for sitt arbeid med å påpeike dei katastrofale humanitære konsekvensane av all bruk av atomvåpen, og for sin banebrytande innsats for å få til eit traktatfesta forbod mot slike våpen. Prisen er omstridd, og ambassadører frå atommakter har takka nei til å komme til Norge for å delta på seremonien.

Norge ville som i overkant lojalt medlemsland i NATO ikkje skrive under på FN sin avtale  om atomvåpenforbod. Norge er forresten ein ikkje ubetydeleg våpeneksportør. Blant anna sel vi ammunisjon til dei arabiske emiratene og dermed til krigføringa i Jemen. Som våpenutviklar og -leverandør er Kongsberggruppen og Nammo (tidlegare Raufoss ammunisjonsfabrikk) ein del av det militær-industrielle komplekset, dvs koplinga mellom rustningsindustrien, forsvaret og politikarar.

Så kor blir det av fredsrørsla? Burde det ikkje snart vere på tide med eit sterkare engasjement for fred, nedrusting og atomvåpenmotstand? Kor vart det av demonstrasjonane? Eg skal ikkje skryte på meg å ha vore nokon stor aktivist, sjølv i yngre dagar, men eg deltok faktisk på delar av fredsmarsjen i 1981, om nokon hugsar den. Den kom i stand på initiativ frå norske kvinner, og gjekk frå København til Paris. Eg var saman med familien på sykkelferie i Nederland og vi slutta oss til marsjen på etappen gjennom Nederland.

40.jpg
Fredsmarsjen 1981. Foto: peefilms.nl

Eg ser at eg i dette innlegget har gapt høgt. Byrjar ein å tenke over tema knytt til krigen blir ein etter kvart overvelda. Krigane er i stor grad blitt ståande som dei viktigaste historiske milepelane. Slik burde det ikkje vere. Og den brokete situasjonen vi har i verda i dag lovar ikkje godt. Siste stunt frå Donald Trump er å godkjenne Jerusalem som hovudstad for Israel. Slikt blir det ikkje fred av.

Inspirasjonen til å ta for meg eit så komplisert tema som krig kom opphavleg frå TV-dokumentarserien om Vietnamkrigen. Vietnam vart gjenforeint i 1975 og gjenoppbygginga kom raskt i gang. I dag er Vietnam eit populært reisemål. Om det framleis er spor etter krigen reknar eg med at desse ikkje er synlege på dei stadene som blir vist fram for turistane. Det blir no alle fall spennande å sjå. For på nyåret går turen til Vietnam!

 

Ei veke på 28 grader nord

Eg har i løpet av året skrive mykje om aktivitetar i nord. Det vart ei veke i nord også seinhaustes, men på sørlegare breiddegrader. Vi heiv oss på ein sydentur til Kanariøyene. Det gjeld å ruste seg mot bergensvinteren og kompensere for det som har mangla av godvêr sist sommar. Vi er ikkje åleine om det. Når haustferien for skulane er overstått er det pensjonistane som fyller opp flya til varmare strøk.

fullsizeoutput_36e0
Kart over Tenerife i tysk versjon

Tenerife, denne største og på mange vis mest imponerande og varierte øya i las Canarias har vi vore før. Vi har stor sans for unike Lanzarote, og det er heller ikkje noko i vegen med Gran Canaria. Men Tenerife har alt det dei andre øyene har og meir til. Og for ein pensjonert geograf er øya eit eldorado. Her kan ein studere alle tenkelege aspekt ved dette faget. Dessverre let ikkje dette seg gjere i løpet av ei veke, men stimulerande er det. Berre tenk på alt det varierte ein kan observere langs gradienten frå toppen av Teide (3718 moh) ned til havnivå, gjennom fleire vegetasjons- og klimasoner.

Denne gongen var likevel ikkje solhungeren så stor at vi valgte den meir solsikre sørsida. Det vart den grøne nordsida, som er langt meir interessant. Vi tok sjansen til tross for blanda erfaring med vêret. På tur ein tidlegare tur i februar fekk vi bruk både for ulltrøye og stillongs. For sikkerheits skuld pakka vi kofferten både med ulltøy og regntøy. Det kunne vi spart oss. Temperaturen låg på 25-30 grader og Atlanteren hadde behageleg temperatur. Riktignok med raudt flagg på badestrendene. Det er røffe brenningar på kyststripa i nord. Og det var klårvêr heilt frå hav til fjell. Det vanlege skoddebeltet var vekke.

IMG_4703.JPG
Gateparti i Puerto de la Cruz

Nordsida av Tenerife med hamnebyen Puerto de la Cruz var viktigaste feriemål før sørsida overtok på 60-talet. Los Cristianos og Las Americas i sørvest er solsikre stader for solhungrige frå nord. Til tross for mange ruvande storhotell også i Puerto de la Cruz verkar delar av byen relativt autentisk. Maquinez-gata i vestre bydel er for eksempel ein triveleg stad for lunsj.

Valle de la Orotava

I den breie og fruktbare Orotavadalen ligg plantasjane, åkrane og landsbyane tett i tett, med den historiske La Orotava som viktigaste by. Puerto de la Cruz  var opphavleg etablert som hamneby for la Orotava. Dessverre har vi ikkje gitt oss tid til å utforske denne byen enno. 5473128441_489bc11a2c.jpg

Den folkerike dalen strekkjer seg frå havnivå opp i 2000 moh ved foten av Teide. Området er Tenerifes spiskammers frå gamalt av på grunn av god tilgang på vatn. Før dei spanske erobrarane gjorde sitt inntog på øyene på 1400-talet var området bebudd av guanchar som kalla området Taoro. Tenerife var den siste øya som vart erobra, i 1496. Men i første omgang leid spanjolane eit blodig nederlag nettopp i Orotavadalen, på ein stad som høveleg nok har fått namnet Matanza. Velståande settlarar kom etter kvart og etablerte seg med plantasjar, og det vaks fram eit aristokrati.

Den kjente oppdagaren og geografen Alexander von Humboldt besøkte Tenerife i 1799 og var full av begeistring for området. Han har fått ein statue i Orotavadalen, på Mirador Humboldt som vart opna i 2010. (foto: Tenerife Magazine).

Toscal-Longuera

Vi valgte denne gongen å slå oss ned fire kilometer vest for Puerto de la Cruz, i Toscal-Longuera. Dette er to samanhengande småbyar nær sjøen, i det som også blir kalla La Romantica, rett nedanfor Los Realejos som er tredje største byen i Orotavadalen. Her er det rolegare og turistane få, men vi får alt vi treng. Til tross for at det er lokalbefolkninga som dominerar og ikkje turistane, ligg barane tett i byens to gater. Dette illustrerer vel noko av kulturforskjellen mellom våre to land. Her samlast folk om kvelden – helst mannfolk litt opp i åra, men også foreldre med småungar tar seg gjerne ein tur innom.  Praten går så høglytt av vi som er vant med lågare volum blir litt svett i øyro.

Dessverre er også trafikken tett. Det er mange personbilar og tronge, bratte og einvegskøyrte gater. Tilhøva for fotgjengarane er jamnt over dårlege. Sykle er det ingen som gjer – andre enn dei som utøver sporten og klatrar over fjellovergangane.

fullsizeoutput_36c7.jpeg
El Toscal

Som turistar var det ei interessant oppleving å vere i mindretal. Ingen innkastar utanfor serveringsstadene, inga smisking, ingen som kappa om å kapra oss som kundar. Det var avslappande. Vi fekk så pass lite merksemd at det nesten bikka andre vegen. Kanskje dei klarar seg bra med det lokale kundegrunnlaget? Det verka heller ikkje som om folka her var særleg trente i å kommunisere anna enn på spansk.

El Pino, den næraste restauranten, kunne by på enkel og solid kost og var tydelegvis populær blant lokalbefolkninga. Her fekk vi servert enorme porsjonar av spesialiteten conejo frito (steikt kanin). Vi skvatt litt då dei stakk lighteren bort i ei pølse som brant friskt inntil den var oppløyst og klar til å dyppe brødet i. Potetar utan dikkedarar, ikkje ein gong med sausen mojo som tilbehør, noko vi trudde var obligatorisk på Kanariøyane. Hos Pedro lenger nede i gata fekk vi eit par dagar seinare kyllingporsjonar som til og med overgjekk kaninporsjonane.

IMG_4770.JPG
Solid kost på El Pino.

Vi spanderer eit bilete og litt omtale av Hotel Route Active der vi budde. Frå vår leilegheit hadde vi ikkje sjøutsikt, derimot utsikt oppover mot byen Los Realejos. Midt på biletet ser vi utsiktspunktet El Asomadero, der vi hadde eit stopp på skogsturen. Hotellet ligg i utkanten av Toscal-Longera og er eit veleigna utgangspunkt for vandring på kyststien Rambla Castro. Der er også eit vel utstyrt trimrom, om ein skulle føretrekkje innandørs trim. Det er det forsåvidt ingen grunn til i desse omgjevnadene. Frukostbuffeten var inkludert – og førsteklasses.

Hotellet hadde i hovudsak ganske stillfarande skandinaviske og nordeuropeiske gjestar. Innreiinga var også tilpassa dette segmentet, nyoppussa med IKEA-møblar og moderne design. Same taklampe som på hytta vår, stolar som på kjøkenet heime!

IMG_4766.JPG
Hotell Route Activ – utsikt frå balkongen

Rambla Castro

Rett ned for hotellet ligg kyststien Rambla Castro. Vi tok den i to omgangar: mot vest ein dag og aust til Puerto de la Cruz ein annan. På veg vest passerer vi på bruer over eit par raviner og går elles på god sti. Vi kan sjå ned på ruinane av La Gordejuela, som vart bygd på byrjinga av 1900-talet for å pumpe ferskvatn opp i høgda ved hjelp av den første dampmaskina på Tenerife.

IMG_4621.JPG
La Gordejuela
IMG_4771.JPG
Vandring på Rambla Castro

Vi forlenga turen ned til stranda El Socorro,  ei populær surfestrand med tøffe bølgjer og brenningar. Men stranda er for alle, og held ein seg nær land går det bra. Dei som vågar seg for langt ut blir varsla med fløyta frå vakta.

IMG_4764.JPG
El Socorro

Når ein går stien i austleg retning passerer ein Los Roques og ender ved hotell Maritim, deretter kan ein spasere resten av vegen inn til Puerto de la Cruz. På vegen passerer ein bystranda El Jardin. Puerto de la Cruz er elles kjent for Lago Martinez, saltvassbassenga designa av den kjent arkitekten Cesar Manrique som særleg har sett sitt preg på Lanzarote. Dei har vi ikkje testa.

IMG_4684.JPG
Los Roques på kyststien mot Puerto de la Cruz

 

IMG_4698.JPG
Playa el Jardin – bystranda ved Puerto de la Cruz

På skogstur

Så kom dagen for skogstur opp i høgdene over Orotavadalen. Etter køyring på halsbrekkande bratt veg kjem vi til startpunktet for turen: Mirador Corona. Dette er staden der hangglidarar kastar seg utfor. Vi legg i veg oppover på skogsveg. I starten passerer vi terrassar der ein held på med siste innhaustinga av mais.

IMG_4650.JPG
Siste innsats på maisåkeren.

Teide dukkar fram i synsranda før vi vert omslutta av den tette og frodige laurbærskogen, ein subtropisk skog ein finn i strøk med høg fuktigheit og stabil mild temperatur. Dette er ein urgammel skogstype som finst fleire stader på jorda, bl.a. i Macaronesia, som er namnet på øygruppene i Nord-Atlanteren, deriblant Kanariøyene.

IMG_4776.JPG
På skogstur med Teide i det fjerne. Arbutus Canariensis nede til høgre.

Vi kjem til utsiktspunktet Mirador el Asomadero med fabelaktig utsikt over Orotavadalen. Vassleidningar følgjer stien. Etter kvart som vi stig oppover, blir det innslag av bartre. Vi nærmar oss pinjeskogen som er neste vegetasjonssone før snaufjellet. Men så langt kjem vi ikkje. Vi går og går, i håp om å finne ein plass med utsikt der vi kan nyte vår medbrakte niste. Etter å ha nådd opp i 1480 moh utan den etterlengta utsikten, slår vi oss ned i vegkanten, og etter å ha fortært skivene tar vi fatt på nedturen.

Botanisk interessert som eg er, legg eg merke til fleire tre med klasar av små oransje frukter. Eg tok ikkje sjansen på smaksprøve. Etterpå har eg funne ut at det måtte vere Madrono (Arbutus Canariensis),  jordbærtre heiter det visst på norsk. Altså spiseleg.

IMG_4778.JPG
Utsikt over Orotavadalen frå El Asomadero. Vassrøyr og etepause.

Playa de las Teresitas

Ingen sydentur utan strandliv. På eit tidlegare besøk på Tenerife var vi innom badestranda Las Teresitas eit stykke nordaust for hovudstaden Santa Cruz. Stranda er kunstig og påkosta, med gyllen sand frå Sahara og bølgjebrytar som stenger bølgjene ute. Vi hugsa stranda som innbydande, men no fekk vi lettare sjokk. Her låg nemleg ikkje mindre enn tre boreplattformar i opplag rett utanfor stranda. Fortener framleis stranda å bli kalla Tenerifes vakraste?

IMG_4670.JPG
Las Teresitas oktober 2017

Vi har besøkt Santa Cruz før og prioriterer ikkje byen denne gongen. Det er ein moderne og travel by, med bybane som går til La Laguna. Det var forresten her admiral Nelson mista armen i 1797 under slaget i Santa Cruz der Royal Navy gjekk til angrep.

Anaga

Etter nokre timar på stranda var det på tide å tenke på returen. Vi valgte å køyre på TF-12 via fjellryggen på Anaga-halvøya. Frå San Andres like ved Teresitas svingar vegen seg opp til utsiktspunktet El Bailadero. Vegen følgjer ryggen og ein har fantastisk utsikt til begge sider. Forrige gang vi var her var det skodde og ingen utsikt, ikkje uvanleg på desse kantar. Denne gongen var det full klaff.

Anagafjella dekker mykje av den nordaustlege delen av Tenerife. Her er ein langt unna turistområda. Området er tynt befolka og heile området er landskapsvernområde. Første tanken som slår ein når ein skuar ned på landsbyane på nordsida er «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er i det heile tatt slik at Norge nesten bleiknar i samanlikning, ikkje minst når det gjeld vegbygging. Det går elles turstiar på kryss og tvers i området. Vi må komme tilbake hit seinare.

IMG_4677.JPG
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Anaga, frå El Bailadero mot Taganana

På tilbakevegen passerer vi La Laguna, tidlegare hovudstad, universitetsby og eldste by på øya. Byen er vakker og står på UNESCO si verdsarvliste. Vi har besøkt byen før så vi køyrer forbi. Men før vi kjem så langt har vi på vegen nedover frå fjellet hatt ein liten stopp på Mirador Jardina med flott utsikt vestover, bl.a. over La Laguna.

IMG_4679.JPG
Utsikt mot landsby frå Mirador Jardina

Teide

Ingen tur til Tenerife utan besøk i Teide nasjonalpark. Den majestetiske vulkanen Teide tronar 3718 meter over havet og er Spanias høgaste fjell. I sprekare dagar gjekk vi opp til fots og tok heisen ned. Vi har óg vore på nabofjellet Guajara, og gått rundturen med utgangspunkt frå den velkjente søyleformasjonen ved Roques de Garcia eit par gonger. Denne gongen ville vi prøve noko nytt og bestemte oss for å starte frå El Portillo, med fjellryggen la Fortaleza som mål. Dette er ei av dei godt merka og mykje brukte rutene i nasjonalparken. Og overkommeleg for dei med skrantande kne. El Portillo er innfallsport til nasjonalparken når ein kjem frå nordaust.

IMG_4715.JPG
Start for tur til la Fortaleza. Teide og Montana Blanca i bakgrunnen.

Men til Fortaleza kom vi ikkje. Etter ein kilometer på sti nr. 1 var det stopp. Det viste seg at vi kom i jaktsesongen for steinbukk, som er ein innført og uønska art i parken.  Vi kom på ein av dei tre dagane i veka då alle stiane i nasjonalparken er stengde. Vi hadde håp om at vi i staden kunne ta den vanlege vesle turen med start frå Roques de Garcia. Men nei, etter ein kilometer var også den stengt. Då var det ikkje anna å gjere enn å slå seg ned på lavagrunnen med nista. Det er likevel nok å kvile augene på i desse fasinerande vulkanske omgjevnadene.

IMG_4719.JPG
Rast på lavaen. Toppen på Guajara i bakgrunnen.

Tilbake tar vi den vestlege vegen ut av parken. Her kan vi også sjå Pico Viejo som hadde utbrot i 1798. Vi passerer store område med svart lava og etter kvart dukkar det opp spreidd pinjeskog. Vi passerer Santiago el Teide, som er knutepunkt for veg vestover ut til Teno naturpark med velkjente Masca, sørover til Los Gigantes og altså vegen tilbake til nordsida, der vi undervegs finn vindistriktet rundt Icod de los Vinos.

IMG_4726.JPG
Teide og Pico Viejo frå vest.

I veka etter at vi forlot Tenerife har det vore fleire mindre jordskjelv og dette har skapt frykt for at det snart kjem nye utbrot frå Teide. Siste utbrot var i 1909, så kanskje tida snart er inne.

Garachico

Den idylliske byen Garachico på nordkysten vart råka av vulkanutbrot i 1906 og det som hadde vore ei viktig hamn vart øydelagt. I dag dannar lavaen naturlege basseng, og her er tilrettelagt slik at ein kan ta seg ein dukkert. I området er det også tilrettelagt med diverse trimapparat for seniorar.

IMG_4746.JPG
Lavabasseng i Garachico
IMG_4788.JPG
Glimt frå Garachico – her har ein også tenkt på dei eldre si fysiske helse.

I det grøne og det blå

På denne årstida er det mange vekster som ikkje er i bløming, særleg i Teideområdet og dei meir tørre områda på øya. Vi har vore på den frodige og grøne sida av øya i nord, og her er det ikkje mangel på fargerik og frodig vegetasjon. Det er tilgang på vatn som gjer susen. Bananar er det i lange banar.  Skogane er stort sett grøne heile tida. Det vart ikkje tur i pinjeskogen denne gongen. Den kanariske utgåven av fluffy furuskog er flott.

IMG_4779.JPG
Glimt av kanariske vekster i oktober

Som geograf på tur er det lett å plage seg sjølv med det klassiske spørsmålet: kvifor slik akkurat her? I løpet av ei ferieveke, utan guide og utan nemneverdig kommunikasjon med lokalbefolkninga er det frykteleg mange spørsmål ein ikkje får svar på. Kva med  sysselsetting, næringsutvikling, bustadmarknad, flytting, levekår, miljø, forureining, likestilling? Osv. osv. For mange av oss turistar er slikt heilt i det blå der vi ligg og steiker oss i sola. Det er likevel mykje ein kan finne ut om eit reisemål både før og etter ei reise. Stadene litt utanfor allfarveg er gjerne dei som gir dei beste opplevingane. Men dette er ein balansegang. Til tross for alt det turismen har å seie for økonomien – ønskjer kanskje folk flest å få vere i fred for turistane?

Til slutt legg eg ei lenke til ei britisk nettside om turar til stader litt off the beaten track. Her står også ein del om stadene vi besøkte.

No er det slutt på reisene for ei stund. Eg må i dette som no nærmar seg førjulstid finne anna å skrive om.

 

På heimveg i grenseland

Det er på høg tid å avslutte soga om sommaren i nord. Heimvegen sørover fram til Trøndelag gjekk gjennom gruvebyar og glesbygder i nabolandet. Med svenskegrensa som nabo er det eit privilegium å kunne velje om ein vil legge reisa sørover gjennom Norge eller Sverige. Vi har rik erfaring med begge delar. I forhold til den imponerande norske naturen er turen gjennom Nord-Sverige sine endelause skogar sjølvsagt keisam. Men det er enkelt og ferjelaust. I tillegg er det alltid litt pirrande å kome seg over ei grense, interessant å merke dei små forskjellane. Det same gjeld forresten også berre ein krysser fylkesgrensene her til lands.

Før folk i dei nordlegaste fylka fekk det for vane å reise til Syden om sommaren, var det forresten svært populært å reise til Nordens riviera – sandstrendene ved Bottenvika, til Piteå med Pite Havsbad.

I Sverige lokkar grensebutikkane, med litt anna utval enn heime – og gode prisar. Vi handlar ikkje i stort, men når vi er i Sverige passar vi alltid på å hamstre sildeprodukt. Av ein eller annan grunn er svenskane mykje betre til å lage til sursild og andre delikatessar frå denne råvaren. Ut frå naturgjevne tilhøve burde dei ikkje ha noko fortrinn. For oss som i det daglege bur langt frå svenskegrensa, er IKEA eit substitutt. Etter at vi har lagt reirbyggingsfasen bak oss, er sild no det einaste vi kjøper der. Maten på serveringsstadene i Sverige er også eit hakk betre i Sverige, synest vi. Og så er det jo mysig å kunne fika med ein kanelbulle eller to når ein er på vegen.

Gjennom Lappland

For oss startar svenskeetappen denne gongen på Bjørnfjell og endar i Trøndelag.  E10 tar av frå E6 nokre mil nord for Narvik. Lappland kalles landskapet i denne delen av Norrland.

IMG_4323.JPG
På E10 ved Torneträsk. Snødryss på Lapporten.

fullsizeoutput_36bd

Lapplands landskapsvåpen (til venstre) viser av ein eller annan grunn ein Tarzan-liknande figur.  (Wikipedia).

Etter ein kort visitt på butikken ved Riksgränsen kjem vi etter kvart til Torneträsk, Skandinavias største fjellinnsjø.  Her var vi på padletur med kano for nokre år sidan, overnatta i telt på ein holme og gjekk tur opp i terrenget aust for vatnet.

For mange år sidan gjekk vi hit på ein fjelltur som starta i Sørdalen i Bardu, via Lappjordhytta til Troms Turlag.  Vegen er ikkje lang over grensa. Nordkalottleden, den merka 800 km lange turstien gjennom dei nordlegaste delane av Norge, Sverige og Finnland passerer området. Sør for Torneträsk ligg Abisko nasjonalpark. Naturen i denne regionen er nokså lik den vi finn på norsk side. Altevatnet, Norges 13. største innsjø, ligg i Bardu rett over grensa og er såleis nabo til Torneträsk.

IMG_4593.JPG
Minne frå Torneträskturen i 2006

Svarta Bjørn, den sagnomsuste anleggskokka for rallarane som bygde Ofotbanen, er gravlagt på  Rallarkirkegården i Tornehamn som ligg eit par kilometer unna. Frå E10 har vi  kontakt med Ofotbanen, eller Malmbanan, som det heiter i Sverige. Den går mellom Narvik og Luleå ved Bottenviken.

Når eg er i gang med tilbakeblikk på tidlegare turar, er det fristande å sjå tilbake på eit besøk i Luleå sin gamlestad, sjølv om det ligg utanfor ruta for årets reise. Vi har også padla med kajakk i skjærgården utanfor Luleå. Tur i desse traktene kan absolutt anbefalast.

IMG_4594.JPG
Kyrkostaden i Luleå sin gammelstad

Gruvesamfunn

Men no tilbake til årets reise. Etter ein times køyring frå Torneträsk kjem vi til Kiruna, gruvebyen som ligg mellom fjella Luossavaara og Kirunavaara, med store førekomstar av jernmalm og utvinning sidan slutten av 1800-talet. Bebyggelsen ligg delvis over malmførekomstane. På grunn av fare for utrasing og for å utnytte meir av malmen er det bestemt at byen skal flyttast. Les meir om dette her:  Kiruna byforvandling.

Nokre av dei gamle funksjonærbustadene er verneverdige og skal setjast opp ein annan stad. Flyttinga av desse var i gang då vi passerte. Vi har hatt stopp i Kiruna på tidlegare turer og denne gongen blir det berre tissepause på Folkets Hus sentralt i byen.

Området rundt Kiruna er forresten åstad for kriminalromanane til Åsa Larsson med Rebecka Martinsson er hovudperson. Dei er også filmatiserte og er nettopp vist i NRK TV.

Vi køyrer raskt vidare og satsar på første overnatting i Gällivarre. Gruvebyen Malmberget ligg tett attmed. Det er ikkje berre i Kiruna at det er flytting på gang. Ein stor del av Malmberget skal flyttast, på Nya Gällivarre kan det lesast meir om dette. Etter å ha sjekka inn på hotellet leiter vi litt rundt i byen for å finne ein plass å ete ein sein middag. Det er ikkje mykje som skjer her i byen ein søndagskveld.  Vi endar opp med ein greskinspirert pizza på ein amerikanskinspirert restaurant der det blir litt språkproblem – eigarane kjem truleg frå Midt-Austen. Bortsett frå stamgjesten som sit i eit hjørne med ølet sitt er vi einaste gjestar. Det er elles ikkje mykje svenskar igjen i tenesteyting knytta til servering og overnatting. Vi meiner også at det har minka litt på tilbodet av god svensk husmannskost i dei seinare åra, dessverre. Ikkje ulikt Norge.

IMG_4595.JPG
Gällivarre med elgar i sentrum. Bensinfylling på ein av dei små lokale bensinstasjonane.

Glesbygdene

Dagen etter er det ut på landevegen igjen. Straumen på vår ladbare hybridbil varer ikkje lenge så det er behov for fleire påfyll av fossilt drivstoff. I motsetnad til i Norge, med sine  store og relativt talrike bensinstasjonar må ein leite litt før ein finn fram til pumpene her. Her har dei ein modell med lokal bensinstasjon saman med nærbutikk og servering.

Ut på dagen, etter lang dags køyring i landskap med skog og talrike innsjøar, kjem vi til Norges tapte region Jämtland.  Vi skal over Kjølen til Trøndelag, men har bestemt oss for å ikkje legge vegen om Östersund, som ville vore kortaste vegen. Vi tar i staden sikte på grenseovergangen ved Gäddede. Vi må ha ei ny overnatting, og har booka rom på Gamle Skolan, på Gubbhögen eit stykke nord for Strömsund. På ei nettside er Gubbhögen skildra slik: «Invånarantalet ligger vid 39 personer, 10 katter, 13 hundar och ett obestämt antal älgar,björnar, lodjur och andra skogsinvånare».

IMG_4552.JPG
Gamle skolen med gløtt inn i romma

Det viser seg at Gamle Skolan vert drive av eit tysk ektepar, som braut opp frå storbyen Köln for å finne ro i utkanten. Dei fekk kjøpe bygget av kommunen for 500 kr og har pussa opp på eiga hand, med interessant resultat. Eigaren er elektrikar, noko som forklarte dei påfallande avanserte elektriske løysingane. Her er nytta hunved og det verkar som at det har vore god tilgang på ulike tapetmønster. Staden liknar ikkje på noko anna vi har sett. Verksemda gir ikkje noko levebrød på årsbasis, men dei tar sikte på å bli buande. Sonen deira er villmarksfreak og nektar å dra tilbake til storbylivet. Innehavaren (hugsar ikkje namnet) meinte forøvrig at det vert gjort for lite for å tiltrekke seg og legge til rette for turistar i området. Men i turistbrosjyren for Jämtland og Härjedalen er det likevel vist til eit rikhaldig tilbod, basert på natur, friluftsliv, jakt og fiske.

Er det forresten nokon som hugsar Dunderklumpen frå 1970-åra? Han held til i desse traktene.

Over grensa

Vi har køyrt gjennom landskap med mykje skog og lite folk. Det er stor skilnad på å køyre Nord-Sverige og Nord-Norge. I Sverige har avfolking og sentralisering sett mykje meir preg på distrikta enn i Norge. Avfolkinga var særleg effektiv i 1950- og 60 åra, då industrien i sør kravde arbeidskraft. Det var gitt rause flyttebidrag. Sverige er eit av verdas mest urbaniserte samfunn, med 87 prosent av befolkninga busett i byar eller tettstader.

Så kryssar vi grensa til gamlelandet. Kontrasten er slåande når ein kjem frå svenske glesbygder og inn til levande bygder på norsk side. «Svenske tilstander» kan vere så mangt. I SVT var det i 2016 eit innslag med tittelen «Svensk glesbygd dör – medan norsk blomstrar»  Mange i Norge vil nok synes dette er skjønnmaling av situasjonen i norske utkantar, og at det no ikkje går rette vegen. Spora frå Sverige burde skremme.

Resten av reisa til Bergen gjekk på norsk territorium, med hyggeleg besøk hos familie i Trondheim, overnatting i Oppdal, og køyretur over Valdresflya som prikken over i-en.

IMG_4346.JPG
Over Valdesflya med Besseggen i bakgrunnen

Og snipp snapp snute, då var sommaren ute.  No tar vi fatt på hausten og så får vi sjå kva som blir neste tema.