Tenerife-turar

I det siste har eg vore mykje på reisefot. Det har vore greit med litt avstand både i tid og rom i etterkant av den – i dobbel forstand – mørke tida vi var inne i midtvinters.

Eg har vore både i nord og sør. Men denne gongen blir det ingen rapport frå Tromsø by og frå TIFF – Tromsø internasjonale filmfestival, der årleg besøk er blitt ein tradisjon. Det blir i staden reiseblogg frå Tenerife. Av Kanariøyene er det helst denne øya som er blitt favoritten, ut frå mangfaldet og ikkje minst høvet til fotturar og naturopplevingar.

Vi har prøvd ut fleire område på øya. Sist hadde vi tilhald på nordsida (sjå Ei veke på 28 grader nord) og tidlegare har vi hatt turistområda i sør som utgangspunkt. Men denne gongen vart det vestkysten, det vil seie Puerto Santiago, opphavleg ein fiskarlandsby som i dag har vokse saman med i turistsamanheng litt meir kjente Los Gigantes. Om historien ikkje er særleg synleg i dag, er det i Puerto Santiago i det minste eit lite fiskerimuseum som er verd eit besøk.

IMG_7880
Puerto Santiago

Ein halv times spasertur er det mellom dei to byane, anten langs røff lavastrand der havet bryt, eller over ei høgd der dei grøne lokalbussane (eller «guagua’ene) må smyge seg fram tett inntil husveggane i den smale og svingate gata. Busstilbodet er elles imponerande, med hyppige avgangar, men etter det vi kunne sjå ofte med tomme sete. Det er dessverre bilane som dominerer trafikkbiletet.

Dei to byane er utbygde så det held, likevel ikkje så massivt som Las Americas og Los Cristianos lenger sør. Truleg som følgje av finanskrisa står det påbyrja bygg og gapar ein del stader, særleg skjemmande i åssida i Los Gigantes. Og her er også mange tomme lokale å sjå. Det er ingen tre som veks inn i himmelen, som kjent.

IMG_7693
Skjemmande bygningsskal i åssida i Los Gigantes
IMG_7876
Los Gigantes

tenerife-island-map-0.jpg

Fotturar

Det som fristar mest no på vinteren er fotturane. Vêret på Kanariøyane kan vere lunefullt på denne årstida, og det er ikkje alltid perfekte tilhøve for strandliv. Tidlegare har vi hatt bruk for både stillongs og regntøy. Denne gongen viste Tenerife seg frå si beste side, med sol og klårvêr heilt frå Teide til havet, og gode temperaturar. Naboøya La Gomera var synleg, og når ein kom litt opp i høgda kunne vi sjå La Palma i vest. Berre mot slutten av vårt to-vekers opphald kom det litt nedbør. Då var det eit par dagar der vi kunne observere det velkjente skoddebeltet.

Fem turar vart det, tre i eller i nærområdet til Teide nasjonalpark, ein ved området kalla Los Carrizales som ligg mellom Teno-området og den meir kjente Masca-dalen, og ein tur i nærområdet, det vil seie Santiago-dalen og høgdedraga like ved.

Rundt Montana El Chinyero

Vulkanen El Chinyero (1560 moh) ligg i eit naturreservat ved nordvestre utkant av Teide nasjonalpark. Vulkanen hadde utbrot i 1909, dette er også siste gongen det var utbrot på øya. Gjennom nasjonalparken går det ei aktiv rift-sone frå nordvest til nordaust. Teide er i dag ein inaktiv vulkan, men ein veit ikkje kva som kan skje i framtida.

Dette er ein lettgått og det eg vil kalle koseleg tur, i pinjeskog og i nærkontakt med «fersk» lava. Turen rundt vulkanen tar eit par timar, om ein då ikkje, som vi gjorde – i tillegg tar turen opp på det skogkledde nabofjellet Montana el Estrecho med utsikt og god rasteplass ved ei lita bygning oppe på toppen.

IMG_7652
På veg ned frå Mt. Estrecho. Chinyero i midten, Teide i dis til høgre.

fullsizeoutput_3da1
Tur rundt Chinyero.

La Fortaleza

Forrige gong vi var på Tenerife måtte vi gjere vendereis då vi hadde planlagt å gå til La Fortaleza, som ligg i austre utkanten av nasjonalparken. Grunnen var at vi kom i jaktsesongen for steinbukk og då er stiane stengde. Men denne gongen kom vi oss dit. Fortaleza er ein del av krateret (Las Canadas) som omkransar Teide.  Starten er ved El Portillo, der det er besøkssenter og botanisk hage. Dessverre kom vi utanom blomstringstida. Det vart ein strålande tur i ikkje altfor utfordrande terreng. Vi har mektige Teide ved sida av oss under turen, og frå toppen er det vid utsikt mot nord og aust på øya.

IMG_7668
På veg på sandsletta mot La Fortaleza.
IMG_7670.JPG
Utsikt mot Teide frå toppen av Fortaleza.

Montana Samara

Turen til Mt. Samara er ein av fleire turar kalla «Caminando entre Volcanos» – turar mellom vulkanar. Dette er ein lett og interessant tur, spesielt for dei med sans for slike landskap. Sjølve Mt. Samara (1926 moh) er unnagjort i starten som avstikkar til toppen, etterpå er det å spasere over og mellom ulike typar og kulørar av lava. Turen går rundt Mt de la Botija (2122 moh).

fullsizeoutput_3d7b
Mt. Samara bak i midten er passert og turen held fram oppover. Utsikt mot La Gomera og La Palma.
IMG_7794
Gjennom lava og vulkanar i ulike fasongar. Teide og Pico Viejo i bakgrunnen.

Los Carrizales/ Roques deAbache

Den nordvestre delen av Tenerife utmerkar seg med dramatisk landskap, djupe dalar, bratte stup og spisse fjellformasjonar. Her ligg også ein og annan landsby. Folk har klort seg fast på dei utrulegste stader.  «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» får her eit nytt innhald.

Hovudattraksjonen her er den spektakulære landsbyen Masca, noko som medfører opphoping av besøkande på avgrensa plass. Fotturen frå Masca og nedover kløfta mot havet er ein av dei mest populære turane på Tenerife. Vi har ikkje gått denne turen og kjem ikkje til å gjere det heller. Det fristar ikkje å gå i kø.

Det skal også seiast at bilturen utover ikkje er for sarte sjeler med høgdeskrekk. Vi har vore forbi her ein gong tidlegare, men eg hadde gløymt kor nifst det var på den einfelts vegen med hårnålssvingar og loddrette stup nedanfor. No var det ikkje eg som var sjåfør, men eg lova meg sjølv at her skulle eg aldri meir!

Vi hadde opphavleg tenkt oss tur på fjellryggen La Cabezada eit stykke før Masca, men det viste seg umuleg å finne parkering ved startpunktet for turen. Vi køyrde eit stykke vidare og alternativet vart ein tur til Roque de Abache som ligg i nærleiken av området kalla Los Carrizales. Turen går på stort sett grei sti i dels luftig landskap. Somme stader er stien eit imponerande byggverk.

Men etter kvart som vi steig opp vart høgdeskrekken min utfordra. Eg må berre innrømme at eg meldte pass før forsering av den siste fjellryggen før målet som var den nedlagte gården – fincaen med tilhøyrande era (treskeplass). Eg sette meg i staden til rette på ei fjellhylle og lot min mindre høgderedde sambuar ta seg fram dit. Her kom eg i snakk med forbipasserande, mellom anna eit par damer på om lag min alder. Også dei klaga over at dei var blitt så pysete de siste åra. Så det er vel alderen, då. Elles er det nedoverbakkane som er verst, her lyt ein stavre seg uelegant nedover med stavstøtte. Det er eigentleg redsla for å falle som er årsaka. Etter to arm/handleddbrot er eg blitt livredd for å gli på lausgrus, som det er mykje av på desse kantar.

Klimaet på denne delen av øya er relativt fuktig, og langs stien er det ein interessant flora.  Her finst ein del endemiske (stadeigne) artar, mellom anna den vakre raude klokkeblomen Canarina canariensis og staselege Sonchus acaulis. Samt blomar som har slekt på våre kantar, som soleiene og prestekragene (biletet under).

Santiago-dalen

Med Puerto Santiago som utgangspunkt treng ein ikkje reise langt for å gå seg ein tur. Etter ein liten køyretur oppover i Santiagodalen når ein, etter å ha passert byen Tamaimo, opp til landsbyen El Molledo som er starten for fleire rundturvariantar. Vi valgte den lettaste, som først går eit stykke ned på ein Camino Real – kongeveg, før vi går opp fjellsida og kjem opp til Degollada del Roque med imponerande utsikt mot havet og det ville Teno-området i vest.

Strandliv

Men vart det berre fjellturar, ikkje noko bading og strandliv? Joda, litt av det også, men det er ikkje det som fristar mest. Vi syntes stort sett det var meir behageleg med eit dypp i svømmebassenget når vi kom tilbake etter dagens turar. På denne tida av året, og på desse kantane, er Atlanterhavet nokså friskt. Det er ofte raudt flagg på strendene. I Puerto Santiago finn vi den svarte lavastranda Playa Arena, og ei mindre strand på strekninga til Los Gigantes, som også skal ha ein strand som vi ikkje har besøkt. Her finn vi også eit naturleg havbasseng.

Ei mil lenger sør ved kysten ligg Playa San Juan, ein ganske fredeleg mindre by med god strand og hyggeleg strandpromenade. Ein dag drog vi til Playa Abama, som ligg nedanfor den luksuriøse resorten Ritz-Carlton. Etter å ha passert overvåkingskameraer kjem vi omsider ned til stranda, som også har heis. Vanlege folk som oss går naturlegvis trappene ned til det som er ei flott strand med lys, truleg importert sand. Her må ein punge kraftig ut for leige av solseng, og vil ein ha ein matbit på den fasjonable strandbaren må ein ut med det dobbelte for mat og drikke av kva ein betaler andre stader.

Byar

No oppsøkte vi ikkje dei større byane på øya denne gongen. Men i nærleiken er det fleire landsbyar og mindre byar når ein kjem litt opp i høgda. Vi tok ein tur til Guìa de Isora, som også er kommunesenteret for kommunen av same namn. Tenerife har forøvrig 31 kommunar, fordelt på dei tre sonene nord, sør og storby (med hovudstaden Santa Cruz og La Laguna).

Det avteikner seg ei anna verd når ein kjem seg utanom turiststroka. Vi kjente oss åleine som turistar i Guìa, eigentleg var det lite folk å sjå i det heile tatt. I gamlebyen som ligg i strøket rundt kyrkja er det godt bevarte eldre bygg, som også inneheld offentlege kontor.  Etter det vi forsto vert det satsa på god og stadtilpassa ny arkitektur. Dei offentlege bygga, rådhus, kulturhus og buss-stasjon var eksempel på dette.  Og det var sett grense for byggehøgd.

 

Til slutt

Dermed har vi også vore på denne delen av Tenerife. Truleg kjem vi tilbake til øya fleire gonger. Vi utgjer jo no strengt tatt ein del av den veksande aldrande befolkninga i Nord- og Mellom-Europa, på flukt frå vinteren. For det skal seiast: her er ikkje mykje ungdom å sjå. Heller ikkje mange landsmenn, for dei held seg vel helst på naboøya Gran Canaria.

Vi er tilbake i Bergen, som allereie i februar er blitt nesten skremmande vårleg, med blomstrande krokus i hagen. Men etter kvart går turen igjen mot nord. Som med trekkfuglane.

Siste reis

Eg har skrive om likt og ulikt på denne bloggen. Om neper, tapet, reiser og mykje anna, men lite om familie og andre personlege forhold.  I det siste har det vore taust. Det har si forklaring. I førjulstida la sonen min ut på si siste reis. Berre 47 år gamal skulle han hatt mange gode år framføre seg. Og han skulle også ha hatt mange gode år bak seg. Slik vart det ikkje. Livet hans tok slutt i Oslo 12. desember, utan at han kom til medvit etter den tragiske hendinga med hjertestans natt til 6. desember. Trass den beste behandlinga som er å oppdrive her i landet, på Ullevål sykehus, kunne han ikkje bergast.

Det vart ein vakker gravferdseremoni i eit fullsett kapell på Møllendal i Bergen den 4. januar. Det er først når ein sjølv står i det at ein forstår kor mykje det betyr at folk møter opp og viser si deltaking. Ikkje minst var det rørande at dei møtte opp, dei som hugsar Gjert frå barne- og ungdomstid.

f1583d2f-2dfa-4657-8e9c-1d40ef1359c5
Siste kvilestad på Møllendal kyrkjegard i Bergen

I kapellet heldt eg ein minnetale, som eg gjengir under, i lett redigert versjon.

«For knapt seks år sidan stod eg og skulle seie nokre minneord i mi mor si gravferd. Ho vart nesten 97 år gamal. Ikkje tenkte eg vel den gongen at eg om få år skulle gjere det same om sonen min på 47 år. Eller – det er kanskje ikke heilt sant? For det skal ikkje leggjast skjul på at det har vore nokre slike tankar. Det har vore mange utfordringar opp gjennom åra. Men i dag er det viktig at ikkje dette skuggar for dei gode minnene. For dei er mange.

Dei som har kjent Gjert frå barneåra vil hugse ein artig og sjarmerande gutt, som var nysgjerrig, open og tillitsfull. Han likte seg godt blant dei vaksne. Særleg snurra han dei to bestemødrene sine rundt lillefingeren, både mormor i nord og farmor i Bergen. For etter at vi foreldre skilde lag og Gjert vart buande hos meg, heldt han god kontakt med fars familie. Han fekk også etter kvart ein bonusfamilie, der Bjørn sine foreldre gjekk under namnet Bjørnemor og Bjørnefar. Han var spesielt på bølgelengde med Bjørns bestemor, som han kalla «den falske oldemoren».

Han spurte og grov om alt muleg, var spesielt interessert i verdensrommet, steinar, plantar og dyr, og då spesielt utdøydde dyr som dinosaurer og liknande. Dei litt spesielle interessene heldt seg opp i vaksen alder. Han slukte populærvitskaplege tidsskrift, var kunnskapsrik og opptatt av mange ting, alt frå framande religionar til historie og byplanlegging. Han hadde glimt i auget og ofte ein god replikk.

I barneåra vart dei fleste feriane tilbrakt hos besteforeldre og onkel i Bardu. Der hadde han det kjekt saman med jamnaldrande slektningar på nabogardane.  Dei hoppa i høyet og hadde mykje moro saman. Når ferien nordpå var slutt og det var på tide å vende tilbake til Bergen, skulle ein kanskje tru at dialekten hans var påverka av opphaldet nordpå. Tvert i mot, då var det helst kameratane nordpå som snakka bergensk! 

Sine første ski fekk han i julegave der oppe. Gjert var ingen stor skiløpar, vestlandsvintrane får ta mykje av skylda for det.  Men vi var da på ein del skiturar både i vest og i nord.  Han var totalt fryktlaus på ski. Han sette utfor bakkane med dødsforakt, utan tanke på konsekvensane. Forbausande ofte heldt han seg på beina. Kan hende eit frampeik om kva som venta seinare i livet? Og han hadde jernhelse, var aldri sjuk.

Forutan feriane i nord var vi også på fleire turar utanlands. Som tiåring sykla han 50 mil gjennom Nederland på juniorsykkel.  Vi var på øyferie i Hellas, der han fryda seg som skuterpassasjer – han likte fart og spenning. Og han fekk utfalde seg i vatnet. For han likte godt å svømme, og gjekk ei tid regelmessig på svømming på Stemmemyren. Som fjortenåring var han med oss på ferie i England. Der fekk vi med oss litt av kvart, både kanalbåt, Stonehenge og ikkje minst platebutikken i London der han tilbrakte timesvis mens vi pent måtte finne oss i å vente. For då var interessen for heavy metal allereie vekt. Det var dette som vart hans musikksjanger, og då meir spesifikt varianten «thrash metal».

Det vil kanskje overraske mange at Gjert også spela fiolin i Hellen skoles orkester fram til han begynte på ungdomsskolen. Seinare i musikarkarrieren var det slagverk som vart instrumentet hans. Og som kanskje passa betre for ein med uro i kroppen. Trommiskarrieren starta i slutten av tenåra og varte nokre år etter det. Saman med to andre spela han i bandet som fekk namnet «Psycho Syndrome». Dei var til og med på turne i Sverige, Tyskland og Belgia. Når det gjaldt musikk hadde han jo også faren som støttespelar. Gjert hadde ei god penn og avslørte eit talent som tekstforfattar. Han heldt fast på draumen om å spele i band heilt til de siste åra. 

Han var også ein dyktig fotograf. På en vandretur i Sør- Frankrike saman med oss som 16-åring hadde han fått overta mitt gamle speilreflekskamera. Her tok han blant anna imponerande nærbilete av blomar og sommerfuglar. Han kunne kanskje blitt ein god naturfotograf? Planteinteressa heldt seg opp i vaksen alder, med ein spesiell kjærleik for insektetande plantar. Han skulle kanskje vore gartnar? 

Det vart dessverre inga yrkesutdanning for Gjert. For etter at barneår og tidlege ungdomsår var tilbakelagt og den obligatoriske skolegangen avslutta, begynte han å gå sine egne vegar.  Den vidaregåande utdanninga vart avbroten, selv om han seinare tok ein del fag. Han begynte å utfordre grenser og gjorde nokre val som førte på villspor. Han valgte å flytte heimefrå då han vart myndig, i første omgang ikkje lenger enn til ei leilegheit i farens hus i Sandviken, men seinare skulle det bli mange ulike bustader.

Det skjedde også positive ting. Det var stort for Gjert da sonen blei født i 1998. Det var eit vendepunkt, og no fulgte også en god periode i hans liv. Han skaffa seg leilegheit og hadde forventningar til framtida. Men forventningane vart ikkje innfridd, av ulike grunnar.

Gjert si leilegheit vart ein magnet for mange, og dette fekk negative konsekvensar.  For han hadde vanskeleg for å seie nei. Eit særtrekk var at han tok parti for dei svake. Han gjorde ikkje forskjell på høg og låg. Han var heller ikkje redd for å ta kontakt med og synge ut for maktpersonar når han syntes det var grunn til det. Han hadde sine sterke meiningar om mangt og mykje, og hausta nok ein del motbør av den grunn. 

Gjert sitt vaksne liv vart broket, og han fekk ikkje nytta dei ressursane han hadde. Han var ofte lei seg, frustrert og oppgitt over at ting ikkje ville ordne seg og at ønskjene hans ikkje let seg oppfylle. Han prøvde å døyve dette på sin måte. Dei siste åra var særleg vanskelege. Gjert var jo også ein person det ikkje alltid var så lett å forholde seg til og halde kontakten med. Det siste året hadde han dessverre minimal kontakt med familien.

Han tok fleire gongar turen til Oslo, også denne førjulsvinteren. Det ble det hans siste tur.  Vi var til stades på Ullevål sjukehus dei siste dagane før han døydde den 12. desember. Dagen etter prøvde vi å oppsøke stader der han hadde vore like før. Det viste seg at han, dagen før natta dette tragiske skjedde, hadde vore på Espresso House i Henrik Ibsensgate, som ligg oppe ved Slottsparken. På vegen opp til kafeen er fortauet dekorert med kjente Ibsen-sitat, blant anna frå Peer Gynt. Det er nok mange sitat her som kunne passe til Gjert. Tilliks med Peer Gynt var han jo ein vagabond som gjorde ei rekkje uheldige val. Ein av de mest kjente passasjane frå skodespelet er der Peer blir samanlikna med ein løk, som får skrella av lag etter lag uten at ein kjem inn til ei kjerne. Gjert var også ein samansett person. Men i motsetnad til Peer hadde han faktisk ei kjerne. Inst inne var Gjert en god person, og det er slik vi vil minnest han.»

Forteljinga om Gjert er sjølvsagt mykje lenger enn dette. Dette er eit utval, mest frå dei beste åra. Mykje lyt vere usagt. Og som diktaren Olav H. Hauge sa: «Kom ikkje med heile sanningi».

Livet må gå vidare. Ein må puste inn og ut. Nett no pustar eg ut i rolege vinterlege omgjevnader på min plass i nord. Og om eit par dagar set vi kursen mot Tromsø der vi satsar på å få sett nokre filmar under filmfestivalen som pågår. Treffe folk og kjenne på utelivet, før vi igjen set kursen mot Bergen. Når tida er inne kjem eg nok tilbake på bloggen med andre tema. Men hendingar som dette er tøffe saker, som krev si tid.

424D51A5-9682-42E4-AD83-ECEB3E785E7E.jpeg
Fargar i mørketid. Om eit par veker kjem sola tilbake til Sundlia.

 

Målselvnepa si reise

I går var det «Black Friday», ein skikk frå USA som vår heimlege handelsstand så til dei grader har importert. Av import derifrå fekk vi først Halloween, så Black Friday, det neste blir vel Thanksgiving? Eg heldt meg no i alle fall borte frå butikkane, både i sentrum og på kjøpesentra. Eg har alt eg treng og kan dermed motstå kjøpepress, stort sett. Tvert imot har eg no behov for å kvitte meg med jordisk gods. Og utan å høyrast for prektig ut har eg i år stort sett produsert julegåvene sjølv. Nok om det.

Det var eigentleg ein annan import eg skulle skrive om. For eit par veker sidan fann eg gull i ei korg i ei matvareforretning i Bergen. Rettare sagt ein haug med det «nord-norske eplet», nemleg Målselvnepe.

Eg la oppdaginga ut på Facebook og fekk likes og kommentarar, særleg frå dei med røter nordpå som vart begeistra over gjensyn med barndommens neper. For min del er eg oppvaksen i kjerneområdet for nepa, ved kommunegrensa til Målselv og med mor frå Sollia i Målselv. Samanlikninga med eple passar, ikkje berre når det gjeld det smaksmessige. Når dei sørpå gjekk på epleslang, gjekk vi på nepetjuveri.

Då eg i si tid kom til Bergen var eg forundra over å oppdaga at det som vart kalla nepe var nokre runde kvite knollar. Neper skulle då vere gule og flate?

Målselvnepene som er til sals i butikken er pakka på Senja og utstyrt med ein forteljande etikett. Eg undra meg litt over at kvar og ei nepe var plastemballert. Nokre av FB-venene meinte dette var naudsynt for at dei skulle vere haldbare, andre viste til at nepene hadde hatt utmerkte lagringsvilkår i kjellaren i barndomsheimen, heilt utan plast.

For å få den karakteriske smaken må Målselvnepe dyrkast i kjøleg klima med mykje lys. Dei optimale vekstvilkåra er nord for polarsirkelen. Målselvnepa blir i dag forvalta av Senja vidaregåande skule, og er beskytta av Forskrift om beskyttelse av Målselvnepe fra Nord-Norge som geografisk betegnelse (Lovdata). Her kan ein lese følgjande:

«Nord-Norge har unike naturgitte betingelser for plantevekst med en kombinasjon av relativt lav gjennomsnittlig veksttemperatur, kort vekstsesong og lyse sommernetter på grunn av midnattsol. Målselvnepe er godt tilpasset disse vekstforholdene, og har en særpreget søtlig og mild nepesmak grunnet liten produksjon av bitterstoffer.»

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar på metoder for å sikre kvaliteten på Målselvnepa, sjå Kvaliteten skal sikrast

fullsizeoutput_3c7a.jpeg
Garden Solli i Målselv rundt 1960. Gode vekstvilkår for nepe på sandhaldig jord.
IMG_7426.JPG
Nepa har også påverka nord-norsk vokabular for skjellsord.

Russenepe og pomorhandel

Ein ting er at Målselvnepa no har funne vegen til butikkhyllene sørpå. Men korleis kom denne nepa seg til Nord-Norge? Det viser seg at nepa har røter i Russland. «Russenepa» blei innført til Norge via den såkalla pomorhandelen med Russland på midten av 1800-talet. Fordi ho hovedsakleg vart dyrka i Målselv i Troms, og fordi bønder i andre delar av Nord-Norge fekk frø herfrå, fekk ho etter kvart namnet Målselvnepe. 

Handel mellom Norge og Russland har røter tilbake til middelalderen, men begrepet “pomorhandel” blir til vanleg nytta om perioden frå tidleg på 1700-tallet til tida rundt den russiske revolusjon. Pomorhandelen var ein byttehandel mellom fisk og kornprodukt. Rugmel – «russemel» – var hovedvaren som vart bytta mot ulike fiskeslag, slik som flyndre, torsk og laks. Samhandelen mellom pomorane og den nordnorske befolkninga hadde stort omfang, særleg i periodar med krig, uår og forsyningssvikt sørfra. På 1800-tallet, då russehandelen hadde sitt største omfang, kom det årleg over 300 pomorskuter til dei nordlegaste regionane i Norge. (Kjelde: Nordlysveien)

fullsizeoutput_3c77.jpeg
Område for pomorhandelen (Wikipedia)

Interessant er det at ei venninne under eit besøk i Arkhangelsk fekk servert nepe som snacks. Ræpa var namnet på delikatessen, vart ho fortalt. Er dette eit eksempel på russenorsk? Russenorsk var eit pidginspråk som var brukt som hjelpespråk i handelen mellom Nord-Norge og Nordvest-Russland. Språket var ei  blanding av i hovedsak norsk språk (særlig nordnorske dialektar) og russisk språk. Om lag 400 ord er bevart av språket.

Import

Utbreiinga av Målselvnepa er berre eit eksempel på korleis geografi og samhandel til alle tider har påvirka jordbruk og kosthald. Det meste av det vi putter i munnen er på eit eller anna tidspunkt i historia importert. Det gjeld både husdyr og nytteplantar. Unntaket her til lands er vel strengt tatt berre vilt, fisk, skalldyr, bær, hasselnøtter og nokre urter. Potet, kaffi og te – uunnverlege varer i nordmenn sin kvardag – har sitt opphav i høvesvis Sør-Amerika, Afrika og Asia og kom til Norge på 16-1700-talet. Dei vanlege kornsortane våre stammar i sine tidlege former i hovudsak frå Middelhavslanda og Sørvest-Asia.

Også gulrot og kålrot kom på 1600-talet. Dagens husdyr lever ikkje lenger berre av gras og lauv, men av kraftfôr som inneheld importert soyaprotein. Og norsk oppdrettslaks ernærer seg av laksefôr som inneheld ca 25% soyaproteiner. Soyadyrking legg beslag på store areal i tropiske land som Brasil.

Det stoppar jo ikkje med råvarene. Matskikkane i dagens norske hushold er i overveiande grad resultat av import. Eg treng vel ikkje å nemne kor pizzaen, pastaen og tacoen har sitt opphav.

Og så har vi folkevandringene, då, som har funne stad til alle tider. Men det får eg heller ta ein annan gong.

 

 

 

 

 

Fiskebeinsfarvel i heimen

Her i heimen er vi no i ferd med å ta endeleg farvel til fiskebeina. Ikkje dei forhatte beina frå barndomen sine fiskemiddagar, heller ikkje skiteknikken ein brukar for å kome seg opp bratte bakkar, i alle fall før dei nymotens fellane fekk innpass. Nei, no er det 80-åras populære glasfiberstrie i fiskebeinsmønster som er i ferd med å bli utsletta, bokstaveleg talt. Då vi overtok huset i 1990 var kjøkenveggen dekt av fiskebeinstapet. Sidan har veggen vore ein torn i auga, i alle fall dei siste tjue åra, etter at mønsteret gjekk av moten. For å dekke over ei rift, er det sett på eit par lappar som ikkje akkurat høyna estetikken i dette viktige rommet.

 

Over: Ulike typar fiskebein. Til høgre det forlengst utdaterte fiskebeinstapetet.

109_0905
Det handlar ikkje om slike fiskebein.

Så kvifor ta fatt på dette akkurat no? Det er fleire svar på dette. Vi har denne hausten eit vêr her vestpå som ikkje fristar til friluftsaktivitetar. Vi har lagt bak oss årets tur til sørlege strøk, og når dagens aviser er lest har ein som regel ganske mykje tid til overs. Men for å vere heilt ærleg, det som gav utslaget var erkjennelsen av at vi om ikkje så alt for mange år kom til å vere oldingar. Kanskje ville vi ikkje vere i stand til å kome oss opp og ned alle trappene, kanskje ville det ende med beinbrot, sjukeheim og demens.  Kor lenge vil helsa halde?

fullsizeoutput_3c55
Høveleg vêr for oppussing i heimen.

Denne erkjennelsen vart påskynda av at det i nabolaget kom på sal ei leilegheit som ville vere heilt perfekt for våre framtidige behov. Vi begynte å sjå for oss eit sutalaust liv, utan ansvar for vedlikehald og hagestell, alt på eitt golv, moderne, og attpå til med same utsikten over Byfjorden som vi er vane med. Mentalt vart vi i løpet av kort tid førebudde på flyttesjau. Men sjansen glapp. Det var mange om beinet, det eine bodet høgare enn det andre, og sjølv vårt 30 års medlemskap i Vestbo hadde ikkje ein sjanse i dette tilfellet. Alt for mange kjøpesterke seniorar her i byen!

Men tanken om at vi ein gong, om ikkje så alt for lenge, bør kvitte oss med noverande bustad hadde slått rot. Det er slik her i livet at ein er nødt til å ta farvel med det meste. Alt ein har samla på gjennom livet må faktisk finne seg nye stader å vere. Eller kastast. Mange ventar for lenge på å sette i gang prosessen. Og det er ikkje særleg omtenksamt å overlate alt til etterkomarane. Alle ting som ein let etter seg er heller ikkje meint for andre sine auge. Kva ettermæle vil ein ha?

Eg leste nyleg eit avisinnlegg skrive av Ingeborg Moreus Hansen som etter å ha kome godt opp i åra no var blitt opptatt av temaet «dødsrydding». Det vil seie at ein sørger for å rydde i sitt bu med tanke på at livet har ein slutt. Det er vanskeleg. Kva med alle dukane for eksempel, brodert av flittige kvinnehender gjennom generasjonar? Kor hamnar dei? Kva med for eksempel den arva juleduken frå oldemor? Ja, alt er forgjengeleg, det er mykje å filosofere over og kanskje deppe over når ein nærmar seg november både i året og i livet.

IMG_1652
Det blir ikkje jul utan «farmorduken», men kor hamnar han til slutt?

Men no tilbake til dei praktiske sidene ved dette. Når ein skal kjøpe leilegheit må ein jo også selje det husvêret ein har, til ein god pris. Og då lyt dette vise seg fram frå si beste side, med god standard og fine og slette overflater, slik at det appellerer til kjøparane og at salsprisen vert så høg som mogleg. Om dette høyrest kynisk ut lyt eg seie at eg eigentleg er imot heile den totalt marknadsstyrte og usosiale bustadpolitikken her til lands. Berre så det er sagt.

Då var det altså på høg tid å kvitte seg med fiskebeinsveggane. Det let seg gjere. Rive tapetet av er inga god løysing. Svaret er anten 1) dekke med nytt tapet eller 2) heilsparkle. Med små og oppstykka veggflater som på vårt kjøken fall valet på heilsparkling. Til dette treng ein tolmod og god tid. Sparkle, pusse, sparkle ein gong til, pusse ein gong til (nøyaktig!) før grunning, kanskje litt ekstra sparkling og pussing før ein endeleg kan ta fatt på sjølve malinga.

 

Resultat og etterord

Arbeidet tok nokre dagar, men vi er nøgde med resultatet. Veggane vart etter mykje jobbing nokonlunde slette, men ikkje heilt. Godt nok. Og kjøkeninnreiinga, som ikkje er bytta ut sidan 1980-talet, skal få stå. Eit nytt strøk lakk får duge. Og dei gamle klumpete knottane på skapdørene er allereie bytta ut med meir tidsriktige handtak. Det vart så bra at det meste av motivasjonen for å flytte herfra no er borte. Vi har det jo eigentleg fint her vi bur!

Før vi var heilt ferdige med arbeidet, kom det eit fire dagars godvêrsvindu som medførte pause og ein helgetur til hytta på Reksteren der det var dugnad for hytteeigarane og tid for vinterstenging. Det er litt av kvart å ta vare på når ein i tillegg til heilårsbustad i byen har to arva fritidsbustader å tenke på, i kvar sin ende av landet.

IMG_7382.JPG
Hytta i sein oktobersol.

No har eg ikkje meir å melde denne gongen. Eg ser jo at bloggen min har ein tendens til å sprike temamessig, med veksling mellom reiser, stell og oppussing av hus samt meir eller mindre djupsindige kommentarar om samfunnstilhøve og livet som sådan. Prosaiske gjeremål kan føre til mange slags refleksjonar. Og slik kjem det nok til å bli i fortsetjinga óg. Livet er mangfaldig, i stort og i smått.

På landet i Andalucia

Med nedbørsrekord, på full fart inn i seinhaust og med vinter i sikte må det vere lov å drøyme seg til andre stader. Ofte stoppar det med draumen, men denne gongen, for tre veker sidan, vart det realitet. Plutselig hadde vi bestilt reise til Spania. Vi er ikkje åleine, lik trekkfuglene flyg kvar haust ein bråte pensjonistar same vegen. Men sidan vi likar å tenke på oss sjølv som individualistar og pionerar med sans for reisemål litt utanfor allfarveg, måtte vi jo unngå å hamne i flokken av jamnaldringar og turistflokkar på kyststripa der sør. Så kor skulle vegen gå?

I Andalucia hadde vi vore før, for atten år sidan. Då besøkte vi dei mest kjente byane og attraksjonane. Vi hadde allereie vore i Sevilla, fått med oss moskéen i Córdoba, Alhambra i Granada, Ronda, Gibraltar, og Pico Veleta, nest høgaste fjelltoppen i Sierra Nevada. Så dét var unnagjort. Men vi hadde også vore på turar i flott natur og sett interessante landsbyar i meir avsidesliggande strøk. Vi kunne derfor tenke oss eit gjensyn med desse sidene av regionen. Så vi satsa denne gongen på det rurale Andalucia.

Al-Andalus er det arabiske namnet på dei delane av Iberia som var under muslimsk styre frå 711 til 1492. Det var i Andalucía muslimsk styre varte lengst. I 755 gjekk Abd al-Rahman I i land i Almuñécar og etablerte seg som emir med hovedstad i Córdoba.  Då den kristne kongemakta gjenerobra Spania vart muslimar og jødar fordrivne. Granada, som var den siste muslimske bastionen, fall i 1492.

fullsizeoutput_3c3f
Lecrin-dalføret er midt på kartet. Pinos del Valle er merka av sør for Dúrcal

Valle de Lecrin – Pinos del Valle

AOThpV5TSNaCjeONtxw
Utsikt frå Ermita Cristo del Zapato over Lecrin-dalen med Pinos del Valle i forgrunnen. Beznar-dammen og nabolandsbyar i bakgrunnen. Pinos er delt i øvre og nedre del, med kvar si kyrkje.

Det vart fly til Malaga og ei ei overnatting der, samt besøk på Picasso-museet, før vi i leigebil tok fatt på ein ca halvannan times tur aust- og nordover. Vi hadde bestilt overnatting på to stader vi aldri hadde høyrt om. Først fem netter i landsbyen Pinos del Valle i Lecrin-dalen, deretter tre netter i Almunecar ved kysten, på strekninga kalla Costa Tropical eller Costa Granada. I Lecrin-dalen finn vi opptil fleire av dei «kvite byane» Andalucia er så kjent for. Granada er ikkje langt unna, berre ein halvtime mot nord på den nye motorvegen. Takk vere god tilgang på vatn er landskapet grønt og frodig. Her blir dyrka mange slag frukt, nøtter, mandlar og oliven, og dette dominerer kulturlandskapet. Vintrane kan vere kalde her ved porten til Sierra Nevada, sist vinter ned mot 9 minus i Pinos fekk vi høyre. Pinos ligg 700 moh.

mapa.jpg
Valle de Lecrin – Lecrin-dalen

Lecrin-dalen tilhøyrer provinsen Granada og har 22 500 innbyggjarar. Som mange andre stader på landsbygda både her og heime flyttar ungdomen til byane mens dei gamle blir att. Fråflytta hus blir til fritidsbustader, eller er til sals. Vi såg mange «Se vende» skilt. I Pinos går det buss berre to gonger dagleg, dette betyr at folk er avhengige av privatbil, sjølv om gater og smau i desse gamle byane på langt nær er tilpassa biltrafikk.

Det var full klaff med val av overnattingsstad. Her har Anne frå Nederland og Martin frå England i eitt års tid drive bed and breakfast i Casa Aire de Lecrin, ei nydeleg restaurert og smakfullt møblert gamal bygning. Svært hyggelig og hjelpsamt vertskap, inkludert dei tre sjarmerande huskattane som held gjestane med selskap når dei (kattane) er i humør til det.

Første kvelden i Pinos tok vi turen til kafeen Venecia, einaste serveringsstad i landsbyen. Her får ein drikke, tapas og ein enkel dagens rett, alt etter kva verten finn på den dagen. Det er dette som er treffstaden, både for lokalbefolkninga og dei som måtte komme utanfrå. Vi såg svært få andre turistar. Truleg er det fleire å sjå andre tider på året. Sierra Nevada er snøsikker og trekker skituristar også til Pinos i vintersesongen.

Dagen etter var det ut på tur, ein time i siksak på grei turveg opp fjellsida til Ermita Cristo del Zapato på 1000 moh med flott utsikt. Det er elles plenty med turmulegheiter i nærområdet.

Gorafe

Eg hadde på førehand googla meg fram til ein stad som fanga min interesse. Forutan i geografi har eg ein smule fagleg bakgrunn i arkeologi, og område som kombinerer interessant natur og forhistorie oppsøker eg svært gjerne.  I eit dalsøkk ein times køyring nordaust for Granada ligg landsbyen Gorafe. Byen ligg i eit vakkert canyon-landskap, men framfor alt finn ein her ein av dei største konsentrasjonene av førhistoriske gravfelt i heile Europa.

EF9BB272-2FB0-4517-8928-EB3FD32CD370
Gorafe med omgjevnader

Her er det oppretta ein megalittpark (megalitt = stor stein) som inneheld gravkonstruksjonar (dolmener eller dysser), 240 i alt, frå yngre steinalder/bronsealder. I tillegg er her holer i fjellsidene som både har vore bustader og etter soga også tilfluktsstad for araberane då dei vart jaga ut under gjenerobringa på slutten av 1400-talet. Den dag i dag er det bustader inngravd i fjellet, nokre av desse kan leigast.

Byen har eit informasjonssenter av nyare dato, men dette var stengt. Truleg var dette på grunn av siestaen som bl.a. har som resultat at det ingen stader er muleg å få seg middag mellom klokka 16 og 20, det gjeld alle landsbyane vi besøkte. Dei lokale sørger for å få i seg dagens hovedmåltid tidleg på dagen, noko vi også gjekk over til. Går ein ut om kvelden for å ta eit glas får ein likevel eit fat med litt tapas å bite i. I Gorafe fekk vi oss ein god og rikeleg lunsj på det beskjedne lille gjestgjevariet. Vi hadde verkeleg kjensla av å vere avsides og åleine turistar denne dagen.

Vi tok ein tur opp i fjellsida, her går sti til det som skulle føre fram til enda fleire gravfelt. Eg snudde ganske snart fordi eg er blitt utruleg pysete i bratte nedoverbakkar med lause småstein (etter to tidlegare fall med brot i arm og handledd). Også min sambuar vendte tilbake etter ei stund utan å ha nådd fram til gravene.

Sjå også Gorafe ørken georute

Las Alpujarras

Regionen Alpujarra ligg i sørskråninga til høgfjellsområdet Sierra Nevada, som i dag er nasjonalpark. Området var i tidlegarere tider bebudd av berberar med røter i Nord-Afrika, og den spesielle byggeskikken her har sitt opphav derifrå. Her ligg tre landsbyar på rad og rekke: Pampineira, Bubión og Capileira, på ca 1200 moh.

Fredsavtalen etter gjenerobringa i 1492 gav den muslimske befolkninga i kongedømmet Granada rett til å leve som før og utøve sin religion, men forsøk på å konvertere dei til katolisismen førte til opprør og borgarkrigar. Den siste braut ut i Alpujarras i 1568.  Under den spanske borgarkrigen 1936-1939 var området hardt råka, og geriljakampar heldt fram her sjølv etter at nasjonalistene hadde gått av med sigeren.

fullsizeoutput_3c46.jpeg
Bubión

Vi var her for 18 år sidan og har sidan ofte hatt i tankane å gjenta besøket. No var vi her, klar for å gjenta rundturen innover dalføret frå Bubión via Capileira. Langs stien er det stadvis tett vegetasjon, mellom anna av ville kastanjetre og bærbusker. Dalen og elva kryssar ein to gonger. Turen var like fin som før, men bakkane var merkeleg nok blitt brattare…

På heimveg hadde vi eit stopp i Lanjaron som er kjent for sine vasskjelder og fontener.

Gjennom frukthager og langs vassvegar

I nabolaget til Pinos del Valle er det meir å finne på. Ei merka turløype går nede i dalen, i frodig landskap, langs vasskanalar og bekkar, gjennom frukthagar med sitrusfrukter, avokado, oliven-, fiken-, valnøtt- og mandeltre. Ein startar frå Melegís (næraste nabolandsby, som også kan skilte med ein OK restaurant) og er innom Restabál, begge idylliske og typiske landsbyar. Etter lunsj i Melegís vart det også ein svipptur til Conchar, ein av dei andre landsbyane i dalen. Apropos restaurant: ein ettermiddag tok vi turen til Nigüelas som ligg i ein sidedal på austsida, ved foten av Sierra Nevada. Torsdagar kan ein nemleg gjere eit kupp og få to pizzaer for ein på «la Tasca»!

Almuñécar

Men no sto Costa Granada, også kalla Costa Tropical, for tur. Ein kan jo ikkje la sjansen gå frå seg til å kjenne litt på Middelhavet når ein er på dei kantar. Som sagt hadde vi sett oss ut Almuñécar – ein by vi aldri hadde høyrt om. Her ved kysten ligg forresten fleire mindre byar som  i alle fall for nordmenn flest er mindre kjent enn andre turistmagnetar på Costa del Sol.

fullsizeoutput_3c49
På gamlevegen ned til kysten

Vertskapet i Pinos oppmoda oss om å velje gamlevegen frå Lecrin-dalen over fjellet, via Otivar og ned til kysten. Denne vegen går over eit relativt aude og forlatt område der størstedelen er naturpark , i skarpe svingar i særs sidebratt terreng. Ingenting for dei som er skeptisk til høgder, men ei oppleving i seg sjølv. Imponerande vegbygging.

hNsgr25rT2uFgCLsQ4jlWg
Utsikt frå borgen San Miguel.

Historisk er Almuñécar meir enn interessant nok. Byen var grunnlagt rundt 800 f.Kr. av fønikarane og fekk namnet Sexi. Etter kvart, rundt år 200 f.Kr., kom romarane som hadde som mål å legge under seg dei fønikiske koloniane i Spania. Byen fekk namnet Firmium Julium Sexi. Her var romersk koloni i ca 700 år. Under det fønikiske styret var det etablert et anlegg for fiskesalting, dette vart videreutvikla av romerane, som også etablerte fleire akvedukter i området for å sikre vassforsyninga. Det romerske imperiet utgjorde ein enorm marknad for fiskeprodukta herfrå. Anlegget vart utgravd på 1970- og 80-tallet og ligg no som ein av byens hovudattraksjonar i Majuelo-parken, der det også er botanisk hage og skulpturpark.

Etter at det vestromerske riket gjekk under på 500-talet, kom ei germansk gruppe – visigoterane – som på mange vis tok opp i seg romersk kultur og språk. Men den 15. august år 755 gjekk prins Ymayyad Abd-al-Rahman i land i byen, og det var starten på den muslimske (mauriske) æraen i Andalucía. Gamlebyen sine gater og bygningar skriv seg i stor grad frå denne tida. I 1492 var det slutt på det muslimske styret, og den katolske kongemakta overtok.

Den andre hovudattraksjonen i byen er borgen San Miguel som vart bygd av romarane ca 100 f.Kr, kraftig utvida av araberne då dei kom til makta og deretter ombygd av dei kristne etter gjenerobringa i 1492.

Rett ved borgen ligg «Cueva de Siete Palacios» (Grotten med de syv palass), som eigentleg er restar etter eit palass frå romertida.  Underleg nok tente dette som sosialbustader fram til 1970-talet. No er det bymuseet som held til der.

Byen er godt forsynt med badestrender og vatnet er turkisblått og reint. Det var god plass på stranda og vatnet hadde perfekt temperatur no i starten av oktober. Den trivelege byen byr på god trim, her er bratte bakkar og trapper og smitt og smau, nett som i Bergen.

Vi budde på Hotel el Palacete del Corregidor som held til i ei ærverdig eldre bygning i gamlebyen. Takterrasse med utsikt, og gyngestol på balkongen!

Etterord

Vi er tilbake i Bergen, der det i skrivande stund har falle over 690 mm nedbør siste 30 døgn. Det er ca 150 mm meir ein gjennomsnittleg årsnedbør for Bardufoss, der eg har min sekundærbustad. Eg er ikkje tilhengar av å fly utanlands i tide og utide, vi har eit klima å ta ansvar for. Weekend-shoppingturar til storbyar held eg meg unna. Men eg meiner at det må vere legitimt for gjennomvåte bergenserar å søke ly ei stund i eit land som i september-oktober har perfekt sommartemperatur for oss nordbuarar!

I dagens Bergens Tidende får eg plutseleg auge på ein annonse for Vitus-reiser, som – tru det eller ei – annonserer for langtidsferie i, ja, nettopp Costa Tropical og Almuñécar. Det var irriterande å sjå at nokon andre allereie hadde oppdaga det eg trudde var eit lite kjent reisemål. Så feil kan ein ta!

Soga om Munkebotn

Vel heimkomen frå sommaren i nord hadde eg så smått begynt å sjå fram til turane i nærområdet, der terrenget ved Munkebotn utgjer kjerneområdet for oss her i ytre Sandviken. Riktignok har området rundt Munkebotsvatnet ei tid vore prega av anleggsarbeid. Her skulle den gamle murdemninga utbetrast etter pålegg frå Norges energiverk NVE, ho var lekk og utstabil sa dei. Etter kvart skulle heile friluftsområdet ved vatnet framstå i ny drakt. Vatnet vart tørrlagt og idyllen tilsvarande redusert, men det var midlertidig, og sikringstiltak bør ein jo ikkje protestere på. Så langt så godt.

1E16BA0F-0CAB-460F-8021-C7BFD55A1803
Demninga i nordenden av Munkebotsvatnet før arbeidet med damsikring tok til.

C479DC28-8972-4405-B939-6EF74F763A3A
Munkebotsvatnet hausten 2017. Her går turveg vidare mot Fløyen.

Demninga som brast

Så skjer altså det fatale den 22 august, etter at ikkje heilt uvanleg bergensk nedbør hadde fylt opp vatnet. Den midlertidige fangdammen ryk, vatnet fossar ned gjennom dalen nedover til Eidsvåg. Dette har no prega nyheitsbiletet både lokalt og også nasjonalt den siste tida. Her har vore mange aktørar.  Oppdragsgjevar er Bergen kommune med politisk leiing og fagetat, fleire konsulentfirma har vore inne i biletet, forutan utøvande entreprenør og sjølvsagt brannvesenet. No skal det granskast, skyld fordelast og svar finnast på korleis dette kunne gå så frykteleg gale. Og opposisjonen i bystyret ser sjølvsagt sitt snitt til å rasle med sablane. Dette kjem til å vare ei stund.

Eg skal ikkje ta stilling til kven som har skylda. Det er nok av sjølvutnemnde ekspertar som veit betre, ristar på hovudet over den toskete fangdammen bygd av lausmassar utan overløp, at ein ikkje kunne føresjå at det kom til å falle regn som vanleg på denne tida osv. osv.. Mange nyfikne har funne vegen opp for å sjå, slik sett har det kanskje stimulert til meir turgåing, altså fremjing av folkehelsa.

Vassmassar har det med å føre til landskapsendringar når dei bryt seg laus. Ja, her knakk svære tre som fyrstikker, grus og stein dekker no søkket nedstraums demninga. Skadene på vegen er reparert så trafikken av turgåarar og syklister held fram. Men ein kan jo sørge litt over det som er gått tapt. Blant anna forsvann den vesle hytta «Never» som var oppført av Bergen Arkitektskole i 2016 og som låg idyllisk til ved innløpet av Langevatn. Restane kunne ein no sjå flytande i eit brunfarga vatn.

E9F8AB8E-FDF1-4318-9C17-5387C9BE0032
Hytta «Never» 4. januar 2018.
5d9a2b15-0baa-40d4-9848-98f8672e3e1f
Restar av Never etter flaumen. Foto: Bergens Tidende

Litt bortanfor mellom Munkebotsvatnet og Langevatnet ligg Indianersletten – eit populært turmål for barnefamilier og barnehagar på tur. Mirakuløst nok er gapahukene blitt ståande, men her skal det nok litt opprydding til før bruksverdien blir den same som før.

20DE0F75-3692-42A5-8E89-B5C99ABD1AF0
Indianersletten med gapahuk etter flaumen.

Langevatnet, som ligg nedstraums for Munkebottsvatnet, vart mottakar av flaumvatnet og massar som følgte med. Eg veit ikkje kor lang tid det vil ta før brunfargen forsvinn frå Langevatnet. Fleire andefamiliar har vatnet som sin faste opphaldsstad. Vi får håpe dei fortsatt vil finne seg til rette.

3E4776F9-2EF1-4DB5-8202-13168774ED07
Møteplass for folk og ender i Langevatnet
fullsizeoutput_3b8d.jpeg
Som regel utrygg skøyteis på Langevatnet.

På historisk grunn

No får det vere nok om denne ulykksalige hendinga. Ho er ikkje på topp i nyheitsbiletet lenger, og mi sorg over tapt landskapskvalitet har dempa seg litt etter som dagane er gått. Det finst jo verre ting i verda.

Mykje av det som er blitt ein integrert del av naturmiljøet vi ferdast i når vi går på tur er kulturminne og vitnar om ei tid då lokale vassressursar vart nytta til næringsliv og samfunnsbygging. Denne siste hendinga er eit nytt kapittel i soga om vassressursane i Sandviken. Så no nyttar eg høvet til å ta temaet eit skritt vidare.  Det historiske har eg forøvrig vore inne på tidlegare i Bygge mur.

Før eg går vidare tar eg med eit par bilete frå Langevatnet der det står restar etter eit gamalt oppmurt ishus, som vart brukt til å oppbevare isblokker. Der er også ei murt kai i vatnet.

9196A862-F4AC-4913-9B24-48888CC01701
Restar av ishuset ved Langevatnet.
fullsizeoutput_3bb7
Kai ved ishuset, Langevatn.

Storemøllen

Når vi går tur på Sandviksfjellet og i området rundt Munkebotsvatnet og Langevatn går vi i nedslagsfeltet til historisk viktige bedrifter.  Dei fleste vatn og dammar på Sandviksfjellet vart nytta som vassmagasin for møllebruka Småmøllen og Storemøllen, dels også for Eidsvåg. Grensa mellom gardane Store Sandviken og Eidsvåg går midt i Langevatnet.

Munkebotsvatnet inngår i Storemøllevassdraget. Vassdraget har avløp gjennom Munkebotselven (middelalderens Gunnildarå) til Storemøllen, omlag ved Elsero/Gamle Bergen Museum. Namnet Gunnildarå gjekk ut av bruk og seinare vart nemninga Munkebotselven og Storemølleelven nytta om ein annan. Vassdraget er i dag lagt i rør. Meyervatnet er eit anna namn på Munkebotsvatnet, etter Meyer-familien som var verkseigarar ved Storemøllen frå 1871 til 1959.

Storemøllen vart anlagt ved Storemølleelven i 1617, men her kan ha vore kvernhusdrift tidlegare. Området tilhøyrde Store Sandviken gods. I 1653 omfatta Storemøllen tre møller, to kornmøller og ei kopparmølle. Då Didrik Hagelsteen overtok Store Sandviken møllebruk i 1748 inneheldt eigedomen våningshus, sjøboder, møllehus, diker og demningar med tilhøyrande inventar. Familien eigde Storemøllen i fem generasjonar heilt til Meyerfamilien overtok i 1871. Ved århundreskiftet var Bergen landets største mølleby. Bergenske kornprisar vart til og med registrert på Chicago-børsen. Det vart pengar av dette, noko som mellom anna ligg til grunn for etableringa av Rasmus Meyers samlingar (noverande kunstmuseum Kode 3).

fullsizeoutput_2d9a
Nyedammen i Munkebotn, ein gong drikkevasskjelde for Neevengården (no Sandviken) sykehus.

Anlegget var forholdsvis intakt til 1960, då eit våningshus fra 1834, møllene og rekka av sjøboder vart rivne. Det eldste våningshuset vart rive i 1972. Ein slipp og ein mekanisk verkstad vart drive til 1959. Vassdraget vart ekspropriert av Bergen kommune i 1950 og innlemma i byens drikkevassforsyning. Mølledrifta hadde då tatt slutt. I 1961 reiste Vaksdal Mølle (no Norgesmøllene AS) eit lager på området. Verksemda vart nedlagt 1991.

Midtmøllen er restaurert og er no ein del av Gamle Bergen museum.

møllemuseet__800.jpg
Midtmøllen
45013CAF-1CAD-4901-8AAB-5F3FC24ECA81.jpeg
Storemøllen med pakkhus (1887), mølle (1874) og Hagelsteens hovedhus (1834). (Fotomuseum Bergen)

«Vannkrigen»

Tilgang og rettar til vassressursane var ikkje heilt uproblematisk og konfliktene har fått nemninga «vannkrigen».  Langevatnet har sitt naturlege utløp mot Eidsvågsida og vatnet herfrå vart nytta i Eidsvåg som drikkevasskjelde. Meyervatnet (Munkebotsvatnet) som ligg høgare enn Langevatnet har naturleg avløp mot Munkebotn. For å auke magasinkapasiteten i Meyervatnet hadde mølleeigarane i Storemøllen bygd diker i begge ender av vatnet. Etter ein overenskomst skulle overflødig flaumvatn i Meyervatnet kunne overførast til Langevatnet.

For å auke tilsiget til Munkebotsstemma fekk dåverande verkseigar Arnold Meyer rundt 1900 leidd vatnet frå fjellområda ovanfor Ravneberget og Orretua ned til vatnet ved hjelp av eit sinnrikt kanalsystem («Mr. Kvikk»). Tidlegare hadde dette vatnet rent ned i Langevatnet og vidare mot Eidsvåg. Restane etter kanalsystemet ser ein langs stien som går til Kvitebjørnen via Ravneberghytten og Sandvikshytten.  Dette er no under restaurering. I 1916 vart Storemøllen stevna for retten for å ha heva dikene her slik at det kom mindre vatn i Langevatnet. Meyer vart frikjent. Det hadde også vore rettssaker tidlegare.

Storemøllen i dag

Etter at Norgesmøllene avvikla overtok dei kinesiskfødde Brødrene Hui eigedomen. Ein kort periode var her bl.a. marina og restaurantdrift og diverse anna forretningsverksemd. Men så fann ein ut at her skulle byggjast bustadblokker. Planane var omstridde, men vart godkjent av Bergen kommune og i dag er bygga i ferd med å bli ferdigstilte.

Hui-
Illustrasjon frå bustadprosjektet i Elsero. Foto: Link arkitekter.

Der sluttar soga om Storemøllen. Eg har forøvrig tidlegare gitt uttrykk for kva eg meiner om «byfornyinga» i strandsona i Sandviken i Med hjarte på/i/for rette staden.

Prosjekt Elsero

Kjelder:

  • Jo Gjerstad, Ytre Sandviken – fra Hellemyrsfolket til moderne bydel, artikkel om Munkebotsvassdraget og Store Sandviken møllebruk
  • Jo Gjerstad: Munkebotsvassdraget i årsmelding 2001 for Bergen Skog- og Træplantingsselskap
  • Vannkrigen i Sandviksfjellet – kampen om vannrettighetene til mølledriften i Eidsvåg og i Store Sandviken. Foredrag av Anders Haaland i Sandvikens kulturhistoriske forening 4.6.2002.
  • Om Storemøllen i Bergen Byleksikon 
  • På nettsida til Munkebotn Sti- og Renneprosjekt er det også omtale av mølledrifta si historie.

 

 

 

 

 

Ferdaminne sommaren 2018

No er vi ved vegs ende. Med sommaren altså. Vi har vore på vår årlege biltur nordover. Om lag 400 mil er tilbakelagt i dette lange landet. Litt for langt for dei som har interesser og tilhøyrsle både i nord og sør. Lange etappar langs delvis keisame E6, om ein då ikkje sørger for å ta avstikkarar undervegs.

Trøndelag

Indre Fosen

Det meste fèr vi fort forbi, men eit par stopp blir det jo. I år vart det Indre Fosen i Trøndelag som fekk ein visitt. Nærare bestemt Råkvåg, som har den lengste bryggerekka i Norge utanfor byar. Råkvåg ligg ved Stjørnfjorden, som ein gong var ein av landets beste sildefjordar. Dette skapte arbeidsplassar, ikkje minst for kvinnene. Det var også dei kvinnelege arbeidarane på hermetikkfabrikken som sto for den første streiken på Fosen-halvøya nokonsinne. Bakgrunnen for streiken var at dei fekk mykje mindre betalt enn mennene. Utstillinga på Kulturbrygga illustrerer historia. Det er mykje liv og røre i Råkvåg om sommaren, med sommergjestar som fyller overnattings- og serveringsstader. Sjølv inntok vi eit godt fiskball-måltid her.

Vi stoppa også i Rissa, på staden for Rissa-raset i 1978. I løpet av 45 minutt raste 5–6 millionar kubikkmeter leire ut frå eit område på 330 mål og etterlot ein skredkant på 1,5 kilometer. Femten gårdsbruk, to bustadeigedomar, ei hytte og eit grendehus forsvann heilt eller delvis i leirmassane. Ein person omkom. Skredet førte også til store materielle skader på tettstaden Leira på motsett side av Botnen, då ein tre meter høg tsunami slo inn kort tid etter at hovudskredet gjekk.

Snåsa

Dette var ikkje einaste stoppet i Trøndelag. Vi overnatta på Snåsa hotell, som hadde sine glansdagar i tida då Joralf Gjerstad – «Snåsamannen» – praktiserte sine evner. Det spørs om ikkje botnlina for hotellet kjem til å sjå annleis ut no når han har gitt seg. Men Snåsa, som inngår i det sørsamiske området, er uansett verd eit besøk. Ved Snåsavatnet  finn ein også «Bølareinen«, som er hovudmotiv i eit større helleristningsfelt som ligg nokre hundre meter ovanfor vatnet. Det er berre å forlate E6 og velje austsida av vatnet i staden.

Når det gjeld overnattingar på turen nordover, hoppar eg over Vågåmo og overnattinga på hotellet der. Dit nådde vi etter å ha lagt vegen over Fillefjell og Valdresflya, slik som i fjor. Frå Snåsa bar det strake vegen nordover, og før midnatt same dag kunne vi låse oss inn i min andre bustad i Sundlia i Bardu. Deretter var det som vanleg to-tre dagars innsats med grasklipparen. For her har grasproduksjonen vore normal, i motsetnad til sørpå der tørken har ført til fôrmangel og nødslakt. Eg skal ikkje no ta oppatt mine bekymringar om tilgroinga på bygdene, det har eg ytra meg om tidlegare. Kanskje ei løysing kunne vere å innføre geiter, slik som dei har gjort på byfjella i Bergen? Dei kunne nok hamle opp med gras, ugras og kratt på dei gamle ekrene, både i bratte bakkar og på flatene. Det er mykje ressursar som kunne vore nytta både til landskapspleie og matproduksjon.

Troms

Så gjekk no dagane, det vart stadig varmare inn mot månadsskiftet juli/august. Dag etter dag med temperatur på 30-talet, opp til 33 grader. Høge sommartemperaturar på desse kantar er no ikkje heilt uvanleg når høgtrykket ligg trygt plassert over Kolahalvøya. Men det vart litt spesielt i år. Eg kan forsikre om at vi aldri før har ete frukost ute i hagen, i skuggen. Kven saknar vel Syden då?

IMG_6705.JPG
Barduelva på sitt beste. Istind i bakgrunnen.Barduelva i nedre del, før dammen ved Bardufoss, er flott til padling.

På heimlige trakter blir det helst gjensyn med kjente og kjære turmål. Barduelva, Nessan, Sundlifjellet og Kvilarsteinen, for å nemne noko. Og Målselvfossen saman med våre tyske gjester, som hadde med seg hunden Hoshi på ferie. Besøket vart dessverre litt avkorta på grunn av at Hoshi på grunn av ein sårinfeksjon hadde blitt operert hos dyrlege i Steinkjer, og no var det oppstått litt problem med dette.

fullsizeoutput_3aca.jpeg
Dieter og Martina med bandasjert Hoshi ved Målselvfossen.

Senja

Vi ville jo gjerne vise fram litt meir av landsdelen, og då var Senja eit opplagt val. Temperaturen var stigande. Første stopp på den nasjonale turistvegen på Senja var Ersfjordstranda, som denne dagen var fylt med folk som bada og kosa seg. Her finn vi også den berømte «Gulldassen».

IMG_6733.JPG
Ungdomen leikar seg på beachen i Ersfjord

På den spektakulære rasteplassen Tungeneset tok vi farvel med våre tyske vener.

IMG_6734
Kafferast med bollar på Tungeneset. «Djevelens tanngard» i bakgrunnen.

Ersfjordstranda er ei perle, men det spørs om ikkje ho vert slått av stranda i Bøvær like utanfor Skaland, der vi overnatta. Blikkstille på havet, perfekt for padletur til holmane utanfor Hamn. Ein dag vi ikkje gløymer. Og på tampen av dagen ein visitt til Kråkeslottet, der det i juli var kunstfestival.

Utanfor kyrkja i Skaland står ein byste av Ingrid Bjerkås, Norges første kvinneleg prest, som etter mykje motstand fekk si første stilling som sokneprest i Berg og Torsken. På same plassen står også minnetavle med namn på dei som omkom då fiskebåten «Utvik Senior» forliste i 1978 etter å ha kollidert med eit ukjent fartøy. Det har i årevis vore debatt om kva som eigentleg hendte. Det er no på trappene ei teaterførestilling om hendinga.

Turen gjekk vidare, til Gryllefjord i Torsken for å ta sommerferja over til Andenes. Dette skal jo vere ei opplevingsreise, der ein kanskje til og med kan sjå kval dersom ein er heldig. Ferjestrekket inngår i praksis som del av den nasjonale turistvegen.

På ferjer i Norges land er det vanleg med serveringstilbod, i alle fall dersom turen er av ei viss varighet. Ikkje slik her. På denne 1 time og 40 minutters overfarten var dei fleste utanlandske turistar. Sjølv hadde vi utsett lunsjen denne dagen, i forventing om ein matbit (og svele!) på ferja. Blodsukkeret var derfor på lågt nivå då vi køyrde ombord. Og lunta tilsvarande kort. Eg vart rett og slett rasande og innstilt på betalingsnekt. Ikkje var det reint på toaletta heller.

Ferjeruta, der selskapet Torghatten for tida er konsesjonshavar, er først og framst retta mot turistar. Ein må punge ut ganske mykje for turen. Prisen for bil under 6 m og 1 voksen passasjer er 882 kr. Med billett kjøpt på Troms fylkestrafikk sin app kostar tilsvarande 662 kr. Det er sjølvsagt ingen turistar som har lasta ned appen. Forvirring var det også med betalinga. Det sto eit oppslag om å betale i ei luke som viste seg å vere stengt heilt til siste halvtime av turen. I det heile tatt, dette er dårleg reklame for turist-Norge.

Andøya

Men vi kom no vel fram til Andøya, med overnatting i Aurora gjestehus som held til i eit bygg i den nedlagte militærleiren i Skarsteindalen. Her er det ulike interessante former for etterbruk av bygningsmassen.

Dagen etter vart ein draumedag. 30 plussgrader på Andøya er ikkje kvardagskost. Vi dro til Bleik på vestsida, og la oss til på den fantastiske Bleikstranda. Opphavleg plan om å padle kajakk ut til Bleikøya vart skrinlagt på grunn av litt for mykje vind. Så vi gjekk glipp av nærkontakt med lundefugl og havørn.

Indre Troms

Vi hadde også planar om å utforske øyane utanfor Harstad, men også det vart skrinlagt og vi tok på heimveg. Tropevarmen viste seg å vare i enda fleire dagar. Det vart padletur på Aursfjorden, fjelltur på Myrefjell og strandtur til Fjellfroskvatnet, før det vart regn og torden og temperaturfall til behagelige 20 grader.

36A9A1E1-46E5-43E4-8113-76CB836ADA71.jpeg
På Myrefjell, høgt over Målselv fjell-landsby.
5E234665-A0F7-44F7-A93D-520644CFDFA4.jpeg
Fjellfroskvatnet

No vart det slutt på godvêret for ei stund, og det passa i grunnen bra, for då kunne vi omsider gå i gang med sommarens oppussingsprosjekt, maling av stua. Resultatet er vi vel nøgde med. Sekundærbustaden har no eit diskret retropreg med nokre meir moderne innslag. Min snekkerfar sine møblar er bevart, saman med eit utval av mor sine sofaputer samt familieportrett på veggen, i det vesentlege av besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen. Generasjonane kan også møtast i interiørsamanheng.

Så kom nokre dagar med besøk og bærturar. Vêret tok seg opp til normal og behageleg turtemperatur. Det er ikkje tilfeldig at turane nordover blir lagt til tida då fjellets gull modnast. Ikkje beste moltehausten i år, men rikeleg med blåbær.

På heimveg

Det vart etter kvart på tide å vende nesen sørover igjen. Det vil i år seie E6 utan anna stopp før Trondheim enn overnatting i Mo i Rana. Sjølv om strekningane her ikkje når heilt opp i konkurransen med Lofoten og andre spektakulære område langs Nordlandskysten, er det nok av landskap som kan nytast. Ingen andre stader i landet ser ein slike reinskurte og utsøkt modellerte fjellsider. Og frå ferja Bognes – Skarberget kan ein innover mot Tysfjord også sjå Stetind, kåra til Norges nasjonalfjell. Kråkmoberget er eit anna ikonisk fjell langs vegen.

Trondheim

Den 17. august var vi inviterte til doktordisputas og påfølgjande middag i Trondheim for min nevø som har fått utdelt gode matematikkgener. For min sambuar vart det også gjensyn med tidlegare studiestad, for meg var det første besøk på Gløshaugen der Norges teknisk-vitenskapelege universitet NTNU held til. Prøveførelesinga med tema «Deep learning» (stikkord maskinlæring/kunstig intelligens) og disputasen om doktoravhandlinga med tittel «Discrete gradient methods in image processing and partial differential equations on moving meshes» gjekk sjølvsagt milevis over hovudet på dei fleste av oss familiemedlemene. Men vi fekk i det minste innblikk i korleis dette kan anvendast. Mellom anna kan metoden brukast til å fylle inn ufullstendige bilete. Eit konkret eksempel er korleis det litt sundrivne gamle biletet av min mors sitt yndlingssøskenbarn kunne reparerast!

I trappeoppgangen i elektrobygget der disputasen fann stad er det eit veggmaleri som nok illustrerer den historiske mannsdominansen ved denne institusjonen. Dette har betra seg, men i realfaga er kvinner framleis i mindretal.

Vi hadde eit ærend i Oslo og dermed vart det ein ny variant sørover, til Røros og vidare gjennom Østerdalen, der vi denne gongen ikkje stoppa på Tynset, der mykje av slekta stammar frå. Frå Oslo nøyer eg meg med eit bilete frå Akerselva, som også ser ut til å vere i bruk til kajakkpadling. Etter ein dag i Oslo var det rett heim til Bergen over Hardangervidda.

Denne oppsummeringa av sommarens opplevingar inneheld hummer og kanari. Men slik er det no både med sommaren og livet forøvrig. Når eg no som pensjonist ikkje vender tilbake frå ferie til jobb slik som før, må eg nesten innrømme at eg får eit snev av limbo-kjensle. Men dagane er ikkje så vanskeleg å fylle likevel, heldigvis. Og når det no ikkje blir reiseblogg på ei stund, kjem eg nok til å snevre inn temaene.

 

Sommar heime

Sommaren 2018 ligg an til å bli tidenes varme- og tørkesommar, førebels. Vi har alt gløymt den seine og kalde våren på Vestlandet og den elendige forsommaren i nord.

Trangen til å reise til varmare strøk i sør har vore merkbart mindre i år. Kvifor reise til middelhavslanda når ein har det fint og varmt her heime?  Og ikkje er det vel særleg fristande med utsikter til godt over 40 grader på enkelte reisemål. Kanskje vil vi etter kvart få ein turiststraum motsatt veg for dei som treng avkjøling? På sikt også migrasjon dersom den globale oppvarminga held fram og det vert uleveleg i sør.

For den del treng ein ikkje ha konstant godvêr for å ha det kjekt. For vår del har vi hatt stor glede både av nære område heime, og undervegs på vår årlege tur mot nord. Vi lever i eit land som byr på rikeleg med opplevingar.

Når eg skriv dette er nok sommaren på hell. Eg har ikkje hatt nokon trang til å sette meg ned ved tastaturet i løpet av dei varme sommardagane. Så no blir det oppsummering – i to bolkar. Eg startar i vest.

Sommar i vest

Første varmebølge på Vestlandet kom alt i mai, noko som eg har skrive om tidlegare. Det har vore mange fine turar i nærområda. Supert å tære på eigne energilager utan hjelp av fossile kjelder. Beste verktøyet for å fremje folkehelsa er tilgang på natur i nærmiljøet, meiner eg. Og ein treng ikkje reise langt for å ha flotte naturopplevingar. Så no kjem nokre avsnitt der eg prisar Bergensregionen.

Fløyen

Fløyen er det tjukt av turistar, samt eit titalls geiter.  Geiter er selskapssjuke, nyfikne og ikkje så lite frekke. Dei trivst svært så godt midt i turiststraumen på dei mest befolka turvegane på Fløyen.

B1FBEDC1-F0B6-44EB-9DD0-2E09F312CC99.jpeg
Byfjellsgeiter

Geitene er kashmirgeiter frå Radøy som no har fått ein karriére i Bybeiteprosjektet, som er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Universitetet i Bergen, UNI Research og NoFence m.fl.. Målet er å hindre gjengroing. Geitene er utstyrte med GPS-halsbånd og er altså tilsette for å gjere ein jobb og ikkje berre vere mottakarar av kos og brødskalkar.

Les meir om geitene i artikkel i Bergensavisen og i artikkelen Barn i byen.

Ulriken

Fløyen er med sine talrike turvegar og stiar det mest befolka byfjellet, men storebror Ulriken byr på fjellterreng der ein kan innbille seg at ein er oppe i høgfjellet. Vi tok turen opp til høgaste punktet denne gongen, på Hauggjelsvarden. På klåre dagar kan ein sjå heilt til Folgefonna, og etterpå kan ein nyte ei forfriskning på restauranten.

Andre nærområde

Ein treng no elles ikkje dra heilt til fjells. Eg vil slå eit slag for dei turvegane vi har utanfor stovedøra. På biletet under passerer ein jobbsyklist Langevatnet, som ligg på vegen frå Munkebotn til Eidsvåg. Det er fleire som har oppdaga dette traséalternativet, som er spesielt veleigna for dei som har skaffa seg el-sykkel. På dei andre bileta ser vi utsikt frå Eidsvågfjellet, og frå Fjellhytten på Midtfjellet. Lett tilgjengelege område,  på litt kuperte stiar.

Os

I nabokommunane er det også mykje å oppleva. Ein tur til Lysøen i Os, der ein forutan Ole Bull sin sommerresidens, no museum, også finn 13 km turstiar. Ein av favorittpadleturane våre er rundt Lysøen, med start frå Buena kai og strandhogg i Lysevågen.

Tyssøy, Sund

Sør for Bergen, via undersjøisk tunnel til Bjorøy og vidare på vegfylling kjem vi til Tyssøy.  Dette er ei verkeleg perle, både med flott strandområde, kulturlandskap og kulturminne. Her var kongsgård i middelalderen, truleg også kultstad i oldtida.

Tysnes

Sør for Os, etter å ha kryssa Bjørnefjorden med ferje (+ kaffe og sveler!) kjem ein til Tysnes kommune, der folketalet doblar seg om sommaren. På Reksteren har vi arva ei hytte av beskjeden storleik. Vi har hatt mange fine padleturer i farvatnet rundt Vernøy. Men denne sommaren vart det av ulike årsaker ikkje padling her.

I byrjinga av juli går den årvisse Tysnesfest av stabelen, og då vert det liv og røre, med konsertar, marked og ulike arrangement. I år klaffa vêret og det var stor stemning. Det var åpent skip på Statraad Lehmkuhl og M/S Sunnhordland med sine stilige salongar. Her var òg eigen damesalong, greit å vere kvitt mannfolka av og til. Båten gjekk i rute mellom Bergen og Sunnhordland fram til midten av 60-talet.

I år tok vi turen opp til Håheim gård som vi har hørt så mykje positivt om. Ei verkeleg perle. Vi kunne nyte ein utmerkt lunsj i nydelige omgjevnader.

Bergen

Fleire vil kanskje lure på kvifor eg ikkje har skrive om sjølve byen Bergen. Har det ikkje vore fantastisk der no denne flotte sommaren? Joda, men saken er faktisk den at byen mister litt av sin sjarm i tettaste turisttida, når cruiseskipa ligg til kai. Desse kan romme over 3000 passasjerar, fleire enn dei 2800 fastbuande i Tysnes kommune.

Torget er om sommaren omgjort til overprisa fast-food etestader og utsal av diverse sjømat som blir fotografert mens ekspeditørane konverserer på ymse tungemål. Eg har høyrt rykter om at turistar og reisearrangører no har fått mistanke om at dette ikkje er autentisk. Det er riktig oppfatta. Etter kvart har det også reist seg røyster mot omfanget av cruiseturismen på grunn av negativ innverknad på miljø og trivsel. For min del kan eg ikkje begripe at nokon kan trivast ombord i desse gigantane. Etter mi meining bør ingen cruiseskip vere større enn dei nyaste hurtigrutene.

Dette var smakebitar på sommaropplevingar heime i og rundt Bergen. Men eg har jo også ein heim i Nord-Norge, 170 mil frå Bergen. Det kjem eg tilbake til i neste innlegg.

Graving, gymnastid og gjensyn

Nett som i fjor ved midtsommartid sit eg og stirer ut på eit grått og vått landskap. Den bergenske sommaren byrjar å likne på seg sjølv.  Sommaren med sandaler og badeliv vart unnagjort i midten av juni. Og junidagene eg tilbrakte i nord, i håp om å få glimt av midnattsol og elles nyte naturen i det fri, vart ikkje slik eg hadde tenkt. Og då tenkjer eg ikkje berre på vêret, som denne gongen verkeleg var elendig.

Eg er ikkje imot overraskingar og at ting tar andre vendinger, men det vart litt mykje denne gongen. Eg introduserte problemet (tett kloakk og oversvømt kjeller) i forrige blogginnlegget. Etter mykje forgjeves telefonering til maskinentreprenørane rundt omkring i indre Troms fekk vi til slutt napp hos Dig Maskin i Bardu, med Hans-Marius som viste seg å vere ein sann virtuos med gravemaskina. Det måtte gravast djupt for å lokalisere det kritiske punktet, der det gamle og sundbrotne avløpsrøret låg. Av ein eller annan grunn hadde altså ikkje  denne rørdelen blitt bytta ut og kopla skikkeleg til den kommunale ledninga i samband med tidlegare legging av nye rør.

Seint på sundagkvelden, etter ei vekes pumping av kjellaren med tre-timars intervaller, var problemet fiksa og holet fylt igjen. Det måtte gravast i offentleg gang- og sykkelveg, noko som blant anna skapte litt problem særleg for syklistane og dei som kom på rulleski.

IMG_6447.JPG
Hans-Marius svingar grabben i avslutningsfasen

Sidan eg i den seinare tid har hatt erfaring med kirurgiske inngrep (broten venstrearm) vart eg inspirert til å sjå likskapen mellom desse to operasjonane. Graving og legging av rør og leidningar, særleg på stader der det ligg begravd anna viktig infrastruktur, er også ein slags kirurgi. Det eine er ikkje viktigare enn det andre. Eg nyttar altså også no høvet til å legge inn eit godt ord for fremjing og oppvurdering av yrkesfaga.

Då er det også nærliggjande å reflektere litt over kva som er nyttig arbeid. David Graeber (!), professor i sosialantropologi ved London School of Economics, har skrive om fenomenet  «bullshit-jobber» . Han viser mellom anna til jobbar innan finans, telefonsal, selskapsrett, human relations, PR og talrike administrasjonsstillingar. Vi kunne arbeidd 15 timar i veka (jf. økonomen John Maynard Keynes (1883-1946)), men meiningslause jobbar stel tida vår og bryt oss ned psykisk, hevdar han. Dette har også vore tema på NRK.no.

Eg var nyleg invitert på den tradisjonelle sommaravslutninga på min gamle arbeidsplass i fylkeskommunen. No skal eg på ingen måte trekke parallellar mellom bullshit-arbeid og det samfunnsnyttige og meiningsfylte arbeidet som blir utført i fylkesadministrasjonen. Men no i desse regionreformtider skal fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman til storfylket/regionen Vestland. Alt dette har medført, medfører og vil kome til å medføre tunge prosessar og mykje organiseringsarbeid i årevis framover. Same kor framoverlent og effektiv ein ønskjer å vere i dette arbeidet vil det gå med mykje tid og energi til slikt som lite har å gjere med kjerneoppgåvene til fylkeskommunen. Pr. i dag veit ein jo heller ikkje kva som kjem til å vere kjerneoppgåvene!

På toppen av det heile skal heile fylkesadministrasjonen flyttast ut av sentrum,  til Sandsli, altså nesten til Flesland, for eit tidsrom på tre år frå 2020 mens det blir bygd nytt fylkeshus slik at ein er rigga for den nye tid.  Eg tipper ein og annan undervegs kan kome til gjere seg tankar om kva som er meiningsfylt arbeid. Eg trur eg avslutta mitt arbeidsliv i rette tid.

No seier eg meg ferdig med graveprosjekt og sidesporet om meiningsfylte/ikkje-meiningsfylte jobbar, og går over til noko heilt anna. Eg har alt i tidlegare innlegg antyda at det var jubileum på gang. Ja, eg sørga jo for å vere russ i det magiske året 1968, i Tromsø. Så eg sette meg altså på bussen til ishavsbyen, og overlot utfordringane til sambuar og Dig Maskin mens eg feira. Då eg kom heim sundag kveld var problema så godt som fiksa. Godt å vite at ein ikkje er uunnverleg. Men det er eg som må ta den litt dryge rekninga.

Tromsørussen 1968

Eg gjekk altså ut av Tromsø Gymnas (som no heiter Kongsbakken vidaregåande skole) i 1968. Då hadde eg, som andre skoleflinke ungdommar frå bygda, budd på hybel i tre år for å ta artium, som det også heitte den gongen. Eg kunne nok ha gått på det gymnaset som låg noko nærare, på Finnsnes, men eg kjente ei dragning mot det urbane livet.

fullsizeoutput_3a59
Jubileumsopning på Verdensteatret. Mi venninne Kirsti fortel om gymnastida som integreringsprosjekt
 Å få innpass i Tromsø-miljøet kunne vere ei utfordring. Tromsø har ord på seg for å vere ein inkluderande by, og vi som kom utanfrå vart jo ikkje haldne direkte utanfor. Men det var altså eit visst skilje mellom «byfolk og bona». Så vi fann jo gjerne saman vi då, som kom frå Bardu, Senja, Lyngen og Karasjok. Det gjekk seg til etter kvart, og i dag kan eg i alle fall konstatere at integreringsprosjektet er fullført.

fullsizeoutput_3a70.jpeg
I dag er integrering eit tilbod på skolen si oppslagstavle

For det var ikkje vanskeleg å finne att tonen etter alle desse åra. Merkeleg kor unge ein held seg i hovudet, sjølv om det ytre elles har endra seg ein smule. Eg hugsa til og med namna på dei eg ikkje kjente spesielt godt den gongen. I dag opplever eg jo stadig afasi når det gjeld namn.

Det var lagt opp til eit rikhaldig program. Eg sløyfa torsdagskvelden på Ølhallen, og starta heller fredagen 8. juni på Skarven, før turen gjekk til offisiell jubileumsopning på Verdensteatret, Nord-Europas nest eldste kino. Deretter omvising i den nesten ferdige nye hamneterminalen på Prostneset, som vart opna 22. juni.

fullsizeoutput_39e5
Utsikt frå den nye hamneterminalen på Prostneset

Så vart det busstur ut til Tønsvikdalen, der det var rigga til måltid på middelaldertunet (sjå bileta under).

Laurdag morgon var det fotografering på trappa på Kongsbakken, nett slik som i 1968. Det vil seie, eg kom for seint til fotoseansen den gongen og er derfor ikkje med på biletet. Men eg høyrde altså til dei grønkledde. Blårussen hadde raude drakter, gutane var i stilige dressar. Det var ein litt annan stil på russen den gongen. Vi måtte forresten sjølve sørge for å få draktene sydd, det var ikkje snakk om ferdig konfeksjon, og dette var før nokon hadde oppdaga markedspotensialet knytta til russefeiringa.

fullsizeoutput_3a6c.jpeg
Tromsørussen i 1968, minus underteikna

Så var det omvising i skolebygget, som no er kraftig opprusta i tråd med tidas krav. Det er blant anna nytt tilbygg og det er kome bibliotek og kantine i underetasjen.

IMG_6431
Slik kantine kunne vi berre drøyme om i vår tid

Vidare utover dagen var det triveleg lunsj på restauranten på Fløya, etter ein frisk tur over Tromsøbrua for nokre av oss, og etter tur opp med den superraske nye fjellheisen. Dei som ville, kunne også gå den nye sherpatrappa. Det var ikkje særleg fristande i det trasige vêret, men nokre spreke valgte å gå nedover etterpå.

fullsizeoutput_39dc
Til fots ned sherpatrappa frå Fløya

Etter nokre timars kvil (heilt naudsynt i vår alder) var det å ta seg ut på Sydspissen, der den store russefesten fann stad for 50 år sidan, og der vi også feira 40 års jubileumet (ja, dei fleste av oss hadde nok møttes etter 1968…). Utsøkt servering, ganske roleg underhaldning (bl.a. quiz med Kahoot, ein følgjer jo med i tida), samtalar og først etter kl 1 var det nokre få som tok seg ein roleg svingom på dansegolvet. Det er kanskje slik at ein med åra set meir og meir pris på den «gode samtalen»? Det er ein del ting ein er ferdig med, liksom.

Då var det førebels punktum for forsommaren sitt Nord-Norgesbesøk. Men vi kjem nok køyrande nordover på seinsommaren, håpar ikkje det heilt usannsynleg dårlege vêret hittil har øydelagt for moltehausten.

Etter at eg byrja på dette innlegget, er også sommaren komen tilbake til Bergen. Ikkje like heit som tidlegare, men ein kan i alle fall ta på seg sandalene igjen og legge frå seg paraplyen.

 

 

 

 

Forsommar med kontrastar

Denne våren og forsommaren har eg verkeleg fått kjenne på kontrastene i dette landet. Eg sit no oppe i nord etter å ha opplevd veker i Bergen med tropevarme og tørke. Her manglar begge delar. Men først eit tilbakeblikk på våren og forsommaren fram til no.

Varmt og tørt

Mai månad i år har vore spesiell på fleire måtar. Det byrja med eit armbrot, som no ser ut til å gro nett slik det skal etter dyktig ortopedi på Voss. Ergerleg med padlesesongen som på grunn av dette måtte utsetjast til ut i juli ein gong. Så eg har vore avskoren frå sjølivet i dei utrulege vekene vi har hatt med rekordvarme. Men badesesongen fekk ein flying start. Med Helleneset og Lønborg friluftsområde som næraste nabo har vi kunne sjå og ikkje minst høyre stor aktivitet. Dessverre vart vi også vitne til ein større redningsaksjon der som endte tragisk.

Elles har vi vore rundt på ulike friluftsområde, Fløyen, Ervikane i Os, Kjevikjo på Tysnes,  Smivågen på Tyssøy, og på vår heimlege strand på Lønborg. I over to veker har alle middagar og lunsjar vore inntatt på terrassen. Grillen var i bruk mest kvar dag (elektrisk og dermed lovleg). Dette i motsetnad til fjoråret, med toppen tre grilldagar.

På terrassen om ettermiddagen låg temperaturen på mellom 31 og 35 grader og parasoll var obligatorisk.  Eg brukar fortidsforma, både fordi temperaturen i sør har normalisert seg litt, og fordi vi har forflytta oss til nordlegare breiddegrader. Eg kjem tilbake til nosituasjonen seinare.

3CE9EA08-7D1B-4DAF-8D7B-6615D045FDE3.jpeg
Badeliv på Lønborg friluftsområde i slutten av mai

Rund dag

Forutan det uvanlege vêret har månaden vore litt uvanleg fordi eg har hatt ein såkalla rund dag. Eg vil heller kalle dagen ei rundingsbøye. Så pass opp i åra er eg komen at ting byrjar å gå litt andre vegen. Eg klagar ikkje på helsa, men brekte armar og skrantne kne er jo teikn på at ein er på retur. Og sjølv om ein elles er ved god helse og i brukbar fysisk form, fører slikt til at ein legg band på seg i utøvinga av fysisk aktivitet. Eg forstår no at ganglaget  hos eldre folk som vi ser stavrar seg forsiktig av garde, ikkje alltid skuldast vonde bein. Det er vel helst redsla for å falle som ligg bak. Det at ein ikkje lenger kan slentra, for ikkje å seie småspringe, ubekymra nedover bakkane, er eit sakn. Og for dei som i god meining jamnar ut og legg grusdekke i bratte skråningar på gangvegar og stiar: ikkje gjer det! Dette er ikkje universell utforming. Betre å ha nokre faste steinar å trø på. Å skli på lausgrus betyr at ein fell bakover, med armbrot eller det som verre er som resultat. Det har eg no opplevd to gonger.

På slike runde dagar blir ein gjerne påskjøna med flotte blomar. Over er eit lite utval av bukettane som ei kort tid pryda heimen. Gleda vart dessverre kortvarig fordi det var umuleg å sette dei kjøleg. Fine gåver har eg også fått, blant anna ein ny IPad, som eg har supplert med tastatur. Praktisk dersom ein vil blogge mens ein er på farten, slik som no. Hyggelig feiring med nær familie heime må også nemnast. Og no bryt eg herved prinsippet om ikkje å drive reklame for næringsdrivande: eg kan varmt tilrå bufféen frå Bien Catering! All ære til deira dyktige kokkar.

Bergen by har jo elles mykje å by på i mai. Det har vore både 17. mai, pinsehelg og festspel i finaste vêret. Sentrum, parkar og friluftsområde har hatt eit yrande folkeliv.

7B056E1F-5630-4F26-B83A-E75D03AE2F63.jpeg
Nygårdsparken i mai

Ja, det har vore bortimot paradisiske tilstander,  reint bortsett frå den hemmande venstrearmen i kombinasjon med varmen. Dette har særleg vore eit problem når blomar og hagen skrik etter vatn i tørken. Det vart mykje vassbering. Nokre kommunar har innført vatningsforbod. Og det er totalforbud mot grilling i mest heile sør-Norge.

Kaldt og vått

I forrige blogginnlegg nemnte eg at turen skulle gå nordover i byrjinga av juni, med tilsyn og våronn for sekundærboligen i nord, og russejubileum i Tromsø.  Dette såg eg fram til.

No sit eg i Sundlia i Bardu og har fått kjenne på kontrastene i dette landet. Lågtrykket aust i Barentshavet har limt seg fast og står for transport av polarluft inn over Nord-Norge. Det er to til fem varmegrader og nysnøen ligg eit godt stykke ned i skogbeltet.  Ein varmeperiode tidleg i mai sørga for at det er grønt og frodig overalt, så det er gjort klart for sommar.  Det vart skikkeleg avkjøling etter fleire overoppheita og knusktørre veker. Det positive er at nattesøvnen er betre når det på soverommet er 15 grader og ikkje 30. Biletet under illustrerer situasjonen.

Vêret rår vi ikkje over, og det er då heller ikkje vêret som gjer at humøret ikkje er heilt på topp nett no. For som eg tidlegare har nemnt i innlegget «Kremtoppar og gummistøvlar» er huset bygd på ei tomt med enormt tilsig av vatn. Dette har forårsaka mykje problem og utgifter for å fikse på dreneringa. Og sist vi var her, i påska, var kjellaren så tørr at ein kunne trø på sokkelesten. Men kor lenge var vi i paradis? Då vi steig ned kjellertrappa denne gongen viste det seg at kjellaren var omskapt til eit basseng der vassnivået gjekk langt over støvleskafta.

Korleis kunne det skje? Og kvifor hadde ikkje vatnet rent ned i sluket? Heldigvis hadde vi ei pumpe ståande som kan pumpe vekk såpass at vatnet berre går eit stykke over anklane. I praksis betyr dette at pumpa må startast og stoppast med få timars mellomrom, dag og natt. Pr i dag har vi rekna ut at det er pumpa ut ca 75 000 liter. Så nattesøvnen har det likevel blitt så som så med. No er eg i den heldige situasjon at eg som del av fødselsdagsgåva frå min sambuar fekk lovnad om handverkstenester denne sommaren. Men eg er usikker på om denne tenesta er inkludert. Han verkar sant å seie allereie litt, vel, pumpa. Planane om maling av stua må uansett utsetjast.

Avløpet frå kjellaren, det vil seie kloakken, er altså gått tett. Vassbassenget i kjellaren består no av smeltevatn og myrtilsig med innslag av kloakk. Så kva har skjedd? Dette var ein vinter med lang barfrostperiode tidleg på vinteren og mykje snø på seinvinteren. Tela gjekk ca 3,5 m ned i grunnen, og har skapt problem for fleire enn oss i form av tilfrosne avløp. Dette måtte vel kunne fiksast ved hjelp av høgtrykkspyling, tenkte vi. Joars transport, som har hatt det travelt med liknande oppdrag vart tilkalla. Dei prøvde så godt dei kunne å opne opp, men forgjeves. Det hadde tetta seg til i heilt i enden av leidninga. Gamalt og samanrast betongrør, tenkte vi, må vel skiftast. Korleis i all verda fiksa dette?

2CC76951-EFE9-4AD2-82A2-C98B7EF30272.jpeg
Dei prøvde, men måtte gi tapt.

Heldigvis viste det seg, etter konsultasjon med firmaet som tidlegare har hatt oppdrag med dreneringa, at det alt er skifta til nye rør, bortsett frå siste biten ned mot kommunal leidning. Alt tyder på at det er denne biten som har kollapsa. Vi slepp altså å grave opp heile plenen. Neste utfordring blir då å få fiksa dette på vår tilmålte tid her nord. Heldigvis er Indre Troms ein region med stor maskinentreprenørtettheit. Men dei er travle. Vi har tatt kontakt med ein sambygding med maskinfirma og er spente på om vi kan hjelpast innan rimeleg tid.

Over: Til tross for kulde, blomstringa er i rute!

Utfordringar og problemløysingar

Det er opplagt at dette langstrakte landet byr på kontrastar også vêrmessig. Men uansett er det importerte luftmassar vi snakkar om. Når høgtrykket om sommaren ligg i aust over Kolahalvøya og lågtrykket ligg vest i havet er det Nord-Norge som får tropevarmen mens for eksempel Bergen får det vått og hustrig. Og pinseria, kaldvêrsperioden ved pinsetider er eit kjent begrep. Likevel, det ekstreme vêret landet no har både i nord og sør – har det noko med klimaendringane å gjere?

Så vil eg igjen gi honnør til alle dei som driv i bransjar som fiksar problem knytta til livsviktige funksjonar. Som sørger for at vi har lys, varme, renovasjon, vatn og kloakk. I våre dagar, med veksande utfordringar knytt til klimaendringane, er kompetanse om vatn og avløp, og korleis handtere ulike maskiner avgjerande. Dei praktiske yrkesfaga må oppvurderast.

På det personlege planet må eg seie at det desse dagane har vore stimulerande å sette seg inn i dreneringsmetodar og ulike modellar for grøfting. For på sikt må vi få sett ein stoppar for tilsiget, avskjeringsgrøft må bli neste trekk. Eg har tileigna meg ein del teoretisk kunnskap om dette no. Å vere eigar av eldre hus gir rike høve til eigen læring.

Om eit par dagar er planen å reise til Tromsø for å treffe igjen folk frå gymnastida. Det er lagt opp eit ambisiøst program med mykje uteliv både inne og ute. Heldigvis har eg både stillongs, ulltrøye og boblejakke i bagasjen. Kanskje blir det noko å fortelje frå dette også. Vi får sjå.