Eg har vore ein tripp til Kraków, den historiske storbyen i regionen Lille Polen i sørlege Polen. Byen er eit populært reisemål for nordmenn og andre nasjonalitetar. Til europeisk storby å vere er det påfallande liten variasjon i hudfarge å sjå i bybiletet. Eg såg éin svart mann, elles var det kvite og asiatar. Ingen romfolk, ingen somaliar å sjå. Men no var det ikkje det nye polske regimet sin autoritære og framandfiendtlege politikk eg skulle skrive om. Eg tar også litt lett på omtalen av dei kjente turistattraksjonane. Så skal eg heller bruke litt meir plass på det ein kan oppleve om ein rører seg litt utanfor bykjerna.

Gamlebyen
Det som er lettast å la seg imponere av i Kraków er sjølvsagt gamlebyen Stare Miasto, med den gigantiske markedsplassen Rynek Glówny med kleshallen, dei gamle bygningane og kyrkjene, dei trivelege gatene, parkane, slottet på Wavel, gatelivet, hyggelege kaféar og restaurantar osv. Kraków sin gamleby har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1978.
Den gamle jødiske bydelen
I gangavstand frå gamlebyen ligg den jødiske bydelen Kazimierz. Her finn ein mange artige småbutikkar og kaféar, sjekk gjerne Josefa-gata. Og på Hamza på Szeroka-plassen kan ein få god mat med inspirasjon frå Midt-Austen.

Saltgruva i Wieliczka
Besøk i den berømte saltgruva i Wieliczka er nesten eit must. Vi satsa på ei organisert utflukt og vart guida kilometervis gjennom gruvegangane med stopp på utvalde stader undervegs. Alt i alt er det 300 km med gangar. Gruvedrifta skriv seg frå 700 år tilbake, men drifta er no avslutta. Gruva står på UNESCO si verdsarvliste.

17. mai på Schindlermuseet
Vi spaserte på den nye gang- og sykkelbrua «Bernatek» over Wisla til det nye Schindler-museet. Museet er etablert der Oskar Schindlers emaljefabrikk låg. Historien om korleis Schindler berga livet til jøder som arbeidde på fabrikken er velkjent og også filmatisert (Schindlers liste, 1994). Museet ligg i Podgòrze, der den jødiske gettoen låg. Vi tenkte at 17. mai kunne vere ein passande dag å besøke dette museet. Det er greit å bli minna om kva det er å bli frårøva fridom og sjølvstende.

På vegen vart vi forøvrig vitne til nordmenn si feiring av nasjonaldagen. Vi får jo gå ut frå at dei som flaggar med det norske flagget utanlands ikkje let seg provosere om det skulle dukke opp eit og anna ikkje-norsk flagg på nasjonaldagen heime!


Tannturistar
Krakow har forresten ei anna veksande gruppe tilreisande: dei som vil ha fiksa eller bytta ut tanngarden. Her er tannklinikkar som yter tenester for halve prisen av heime. Taxisjåføren som kjørte oss til flyplassen kunne fortelje at dei tener godt på talrike taxiturar mellom flyplassen, gamlebyen, tannklinikk og saltgruva i Wieliczka.
Art in Art
Museet for samtidskunst, som ligg vegg i vegg med Schindler-museet, har for tida den fornøyelege utstillinga «Art in Art». Her har fleire kunstnarar laga meir eller mindre respektfulle versjonar av kjente klassiske verk. Her er nokre smakebitar:

Dei origniale verka over av Leonardo da Vinci (Dame med hermelin – maleriet er å finne i Kraków), Jan van Eyck (Arnolfinos bryllup), Piet Mondrian og Andy Warhol har fått ny vri:

Las Meninas (Velázquez) og Mordet på Marat (David) er framstilt slik:
Meir informasjon om museet og denne utstillinga er å finne på museet si heimeside.
På sykkel til Nowa Huta
Vi leigde syklar i ei sidegate til markedsplassen, og drog på sykkeltur langs elva Wisla til drabantbyen Nowa Huta. Wisla (uttalast Wiswa) renn gjennom byen, med grøntareal og gangstiar på begge sider. På nordsida er det tilrettelagt med sykkelveg. Kraków viser seg å vere ein grøn by godt tilrettelagt for syklistar. Mange nyttar sykkelvegen langs elva som transportåre, frå og til arbeid.

Nowa Huta ligg ei dryg mil aust frå sentrum. Ein kan følgje elva det meste av vegen, men det er merka sykkelfelt vidare heilt fram. På vår veg kunne vi konstatere at det i Kraków som i dei fleste andre byar er grodd opp kjøpesenter og ny tett blokkutbygging utanfor bykjerna.
Nowa Huta («Nye stålverket») vart grunnlagt som by i 1949 og vart i 1951 ein del av byen Kraków. Landets største stålverk «Vladimir Lenin» vart opna i 1954. Det låg ideologiske motiv bak etableringa av byen. Eit stort tal industriarbeidsplassar skulle styrke den kommunistiske samfunnsorden, og den nye byen skulle verte ei motvekt mot den borgarlege og katolske byen Kraków. Bydelen vaks kraftig på 60-talet, men vart ramma av økonomisk krise på 80-talet og veksten stoppa opp. I dag har bydelen om lag 200 000 innbyggjarar. På 80-talet med Solidaritetsrørsla vart Nowa Huta eit senter for opprør og til dels valdelege demonstrasjonar.

Nowa Huta vart utforma med eit monumentalt bysentrum i streng klassisk sosialrealistisk stil, etter mønster frå renessanse- og barokkarkitektur. Sentrum er eit framifrå eksempel på denne stilen, som var dominerande fram til 1956. Etter den politiske liberaliseringa vart det lempa på dette, og det vart oppført bygg i meir modernistisk retning, bl.a. med inspirasjon frå svenske arkitektar. Den sentrale plassen, som tidlegare hadde ein statue av Lenin, er no omdøypt til Ronald Reagans plass. Statuen er visstnok hamna i Sverige.


Vi inntok lunsj på restaurant Stylowa, som hadde ei høg stjerne i tidlegare tider. Her har ein halde på stilen frå 70-åra. Også menyen er tradisjonell – og rimeleg. To rettars lunsj – suppe og kjøtkaker, med Kompot attåt (som viste seg å ikkje vere dessert, men ei nokså tam raud saft) til 14,90 ZL, det vil seie ca 35 kr. Det var lite turistar å sjå i strøket. Om ein vil kjenne litt på stemninga frå tida før jernteppet si oppløysing, er Nowa Huta staden å besøke.

Ein kan meine mykje om måten det er planlagt på i Nowa Huta. Ein ting er sikkert: grøntstrukturen er rett så imponerande, velstelt og godt tilrettelagt. Dei såg ut til å ha det triveleg, dei eldre herrane som sat og spelte kort i parken. Ved sida var det plassert eit bokskap der ein kunne legge inn bøker som folk kunne forsyne seg av.
På denne og denne sida kan ein lese meir om Nowa Huta.
Planlegging og fortetting
Med Nowa Huta i minne går tankane til fortettingsdiskusjonen her heime. Samordna areal- og transportplanlegging er det rådande paradigmet innan samfunnsplanlegging, med satsing på regionale senter og fortetting rundt kollektivknutepunkt. Fornuftig alt saman. Men det må fortettast med vett. Utbyggjarar ønskjer høg tomteutnytting, og overordna arealplanar prioriterer fortetting nær bybanen og kollektivtilbod. Dei grøne områda er under press, og i strandkanten veks det opp blokker utan påfallande mykje areal til leik og rekreasjon. Eg har i eit tidlegare innlegg beklaga meg over utviklinga i Sandviken.
I Bergens Tidende 20. mai var det eit oppslag om bebuarar på Slettebakken som kjente seg som jaga vilt. Asbjørn Kristoffersen hadde i same nummer ein kommentar der han stiller spørsmål ved miljøkvaliteten i fortettingsområda. Han uttrykte også skepsis over blokkifiseringa som også hadde spreidd seg til strilelandet. Og har ein tatt for hardt i når det gjeld forventa folkevekst og bustadbehov?
Slettebakken og Landås vart bygd ut på 50-talet. Når ein besøker desse bydelane kan ein tydeleg merke at dette er planlagte bydelar, med grøntstruktur og infrastruktur tilpassa og dimensjonert etter bebyggelse og folketal. Det er beklageleg når fortetting bryt opp etablerte og velfungerande strukturar. Tett utbygging krev tilsvarande god tilgang til nære grøne område med gode lysforhold, om ikkje livskvaliteten skal forringast for store og små.
Nowa Huta er neppe noko ideal for notidas planlegging. I 2017 er det andre utfordringar å ta fatt på enn på 50- og 60 talet. Men det er då faktisk element frå den tidas planlegging som ikkje fortener å hamne på historia sin skraphaug?

