November med tilbakeblikk

Sist eg skreiv her hadde vi nett passert høgsommar. No er det alt langt ut i november og første søndag i advent. Det kunne vore mykje å skrive om, det skjer mykje i verda no, ho er visst komen heilt av hengslane. Men eg skal la det ligge og nøye meg med å vere her er eg no, i november, denne månaden som er så mislikt av mange og som treng litt framsnakk. Det er framleis lunk i novembersola, når ho finn det for godt å vise seg for oss her i Bergen. Tenk på kor lange fine skuggar ho lagar, og lite slår solnedgangene over fjorden på denne tida. Trea som har mista lauvet viser seg no på sitt ærlegaste, slik dei eigentleg er, avkledde, utan alt det grøne som skjuler skavankar og misvekst som dei måtte ha.

Novembersol på postvegen frå Skytterveien til Munkebotn.

Men novemberkaktusane! I år er dei heilt i rute, ikkje noko surr som det har vore med dei i seinare åra, med blomstring om våren. Kanskje dei set pris på å ha flytta på seg? Vi er i alle fall nøgd med vår nye bustad.

Novemberkaktusane trivst i nordaustvindauget.

Finnmarksreisa

Det er fleire månader sidan seinsommaren. Etter andre turen nordover denne sommaren, til heimlege trakter i Bardu, fann vi ut at det var på tide å ta den Finnmarksturen vi lenge hadde snakka om. Bubil vart leigd og vi la i veg. Eg hadde planar om å skrive eit skikkeleg fint og rikt illustrert innlegg derifrå etterpå, men slik vart det ikkje. Det er ikkje lett å samanfatte opplevingane med få ord, og eg hadde fått litt anna å gjere utover hausten. Ein ting er sikkert, dette er utan samanlikning den mest spesielle og interessante delen av Noreg. Ein blir ikkje heilt den same etter å ha vore der. Eg, som er fødd og oppvaksen i nabofylket Troms, forstod snart at Finnmark er noko heilt anna.

Vi var der berre ei veke, men rakk å sjå innom alle fem fjordane frå Varanger til Alta, nokre fiskevær og Pasvik med russegrensa. Ingen andre stader i landet er det eit slikt mangfald – tre stammars møte, fire om ein tar med skoltesamane som vart ekstra hardt råka då grensene mellom Noreg, Finnland og Russland vart fastsette. Musea vi besøkte seier litt om mangfaldet. Karasjok med samiske samlingar og sametingsbygget, Neiden med skoltebyen og St. Georgs kapell, Vardø med pomormuseum, heksemonument og Vardøhus festning, Kiberg med partisanmuseum, Vadsø med kvenmuseum, Pasvik med utsiktstårn og gløtt over til Nikel hos vår ikkje lenger så gode nabo, Svanvik gård og nasjonalparksenter for Øvre Pasvik, Kokelv med sjøsamisk samling og Alta med verdensarvsenter for bergkunst. Og så alle stadene som vitnar om kva som har vore leveveg opp gjennom tidene: det fråflytta fiskeværet Hamningberg ytst på Varangerhalvøya, Kjøllefjord, Mehamn og Havøysund. Og ikkje å gløyme buplasser frå steinalderen fleire stader langs fjordane, og talrike krigsminne. Eg har masse bilete men nøyer meg med eitt i denne omgang.

Regnboge over Kokelv, der ein finn eit lite sjøsamisk museum.

Haust i våre nærområde

Eg kan ikkje svikte Vestlandet i denne dessverre litt summariske rapporten. Vi hadde ein riktig fin og tørr september som la til rette for turar i dei nære byfjella, og fine padleturar. Straffa kom i oktober, med rekordnedbør.

Kortreiste, men delvis krevjande turar i Bergens byfjell. Her frå Kvitebjørnen.
Badetemperatur også i september, i Lysevågen på Lysøya i Os.

Dei føregåande fotografiane gir ikkje eit heilt sannferdig bilete av Bergenshausten. I år var oktober særs våt. Men vinteren lar vente på seg over det meste av landet. I dag, 27. november, var det 12 varmegrader i morges.

Seilersko i oktober. Vassdam ved Rema i Helleveien.

Eg trur eg gir meg no. Kanskje kjem det eit nytt innlegg før året er omme. Det var elles ikkje meininga at denne bloggen skulle vere ein revy over årets dagar.

Litterær oppdatering

Heilt slutt vil eg førebu eventuelle lesarar om at det heretter truleg kjem meir bokleg innhald her på bloggen. Ein gong i 2023 kjem det ein roman som bygger på livet til mine tipptippoldeforeldre, som var haugianarar og innflyttarar til nybyggjarkolonien i Målselv tidleg på 1800-talet. Eg har skrive litt om dette før i innlegget «Haugianarslekt i Målselv».

I år har eg fått med stykket «In my life» i antologien «Øyeblikk» utgitt av Skriveakademiet. Neste helg dreg eg på lansering i Drammen og det blir spennande å treffe dei andre bidragsytarane. Boka kan snart bestillast på Skriveakademiet sin bokhandel, der ein også kan finne dei tre føregåande antologiane «Julemirakler», «Tidsvitne» og «Kjærlighet i koronaens tid» der eg har hatt bidrag.

Og mens eg no er i ferd med å informere om mi litterære verksemd kan eg nemne at eit tidlegare blogginnlegg «Dølar i Sameland», vart fanga opp av redaktøren til Årbok for Dyrøy og Sørreisa og er no å finne i årets utgåve. Også bidraget eg hadde i «Julemirakler» er gjenbrukt i år, i årets «Jul i Bardu og Målselvdalen» kan ein lese om «Huset».

Då er det berre å ønske kvarandre ei fin adventstid og håpe på at verda kjem på rett kjøl att.

Andre tider

Tida går fort. Det er alt tre månader siste siste innlegg på bloggen. Rett etter at huset var seld vart verda plutseleg snudd på hovudet. Vårt naboland Russland gjekk til brutal invasjon i Ukraina og etterpå har ingenting vore som før. På eit blunk vart utfordringar med korona og klima avløyst av krig. I staden for daglege pandemioppdateringar er det no ufattelege krigshandlingar som pregar nyheitsbiletet. Kven skulle trudd? Putin klarte på rekordtid å jage våre alliansefrie naboland inn i NATO, dei fekk brått behov for ei trygg hamn. Vi veit at der er det USA som er og har vore dominerande, og at det ikkje alltid har vore fredsskapande aktivitetar der i garden. Brått er all motstand og skepsis mot denne alliansen bannlyst og rommet for sakleg og kunnskapsbasert meiningsutveksling snevra kraftig inn. Dei som måtte ta til orde for ei nyansert tilnærming og drøfting av moglege framtidige konsekvensar vert raskt stempla som hovudlause og naive støttespelarar til Putin. Det har skjedd noko med klimaet for samfunnsdebatt. Arbeid for fred, avspenning og nedrusting har fått dårlege kår. Tidlegare utanriksminister Søreide har uttalt at det no «ikkje er tida for å forstå, men å fordømme». Slike haldningar fører vel ikkje verda vidare? Våpenindustrien gnir seg nok i hendene, og Noreg, som har olje og gass å by på blir profitørar når kranane skrus til. For ordens skuld: eg meiner Noreg skal ha ei skikkeleg forsvar og akkurat no er det vel ikkje tida for å forlate NATO.

No ser det ut til at krigen kjem til å trekke ut i tid, med uvisst utfall. Når ein til tross for overnasjonale institusjonar som FN og eventuelle andre kanalar manglar reiskap til å hindre Russland si framferd, og Putin og hans medløparar blir sittande med makta der dei kan ture fram og fritt få spreie løgn og propaganda ser det heller mørkt ut. Og etter ei tid maktar ikkje vi som lever her heime i fred ta inn over oss alt ein ser og høyrer om redslene folk er utsette for, korleis dei har fått livet snudd på hovudet, drivne på flukt, alt rundt seg øydelagt. For ikkje å snakke om dei unge mennene, på begge sider, som blir kanonføde, jaga ut i krigen, kanskje med heimferd i kiste. Dei som Bob Dylan song om i «Universal Soldier»:

«He´s five foot-two and he´s six feet-four
He fights with missiles and with spears
He´s all of 31 and he´s only 17
Been a soldier for a thousand year»

Her heime

Nei, kven veit kor dette ender.

De omveltingane vi har hatt i vårt tilvere her i Bergen er av eit anna slag. Sidan tidleg i april har vi installert oss i ny leilegheit og nye folk har inntatt vårt gamle rekkehus. Flytteprosessen har vist seg å vere eit maratonløp der vi enno ikkje er heilt i mål. For tilårskomne folk som oss medfører flytting ei tidsreise, noko eg tidlegare har skrive om. Realiteten er at ein må kvitte seg med utruleg mange ting, det er ikkje småtteriar ein klarar å samle seg opp gjennom eit livsløp. Å velje ut det ein skal ta med seg vidare er vanskeleg, ja smertefullt, men ein kjenner seg som regel lettare etterpå. Eg er mindre sorgtyngd enn eg hadde trudd på førehand over å ha forlete staden der eg budde i 30 år.

Jula varte til påske og lenger enn det

For å kvitte oss med ting og tang har vi køyrt i skytteltrafikk til BIR sin gjenvinningsstasjon og gjenbrukshall i Åsane. I brukthallen der blir ting ikkje ståande lenge, det tyder på at marknaden for brukte ting er gunstig. Enkelte ting forsvann framfor augene på oss, vi hadde knapt sett dei frå oss før dei vart snappa opp. Til og med bøker forsvinn nokså raskt. Boksamlinga er no rundt rekna redusert med ein tredjedel. Men vi trengte likevel nye bokhyller og skap og diverse anna, det har i tillegg medført hyppige besøk på IKEA. Dei fleste av våre ærend har vi gjort i bydelen Åsane, det er den næraste staden for alt slikt ein treng til huset, men det er spreidd rundt på fleire kjøpesentra og ein må køyre mellom dei. Ikkje rart vi no er nokså utmatta.

Så var vi litt redd for at vi kom til å sakne utsikten frå vår tidlegare bustad på Lønborg. I staden har vi fått ein ny og interessant utsikt inn mot byen, også den med rikeleg sjøgløtt. Vi har lite å klage på, sjølv om det har vore ein del ting som ikkje har vore heilt på stell. Mange i sameiet her klagar på at reklamasjonar tar veeldig lang tid å få retta på. Og den nye blokka ved sida av (som er omgjort frå dei tidlegare fabrikklokala til Norsk Stålpress) skulle vore klar for innflytting, men der har utbyggjaren Bonava enno ikkje fått brukstillating pga uferdige fellesareal. Dei har måtte kompensere med hotellovernatting for dei som ikkje har kunne ta leiligheita i bruk!

Opplevingar

Vi har levd i ei boble dei siste månadene og det er få andre opplevingar å berette om. Før påske vart det ei reise til Luster i Sogn, i høve barnedåp, som fann stad i den vakre og historiske Dale kyrke. Kyrkjene står elles tett i her Sogn.

Dale kyrkje i Luster, dåpsbarnet Eirid som midtpunkt
Gaupne gamle kyrkje

Men våren, finaste tida i Bergen, er her for fullt. Vi opna padlesesongen 16. mai i knallvêr og rasta på Kyrkjetangen, eit av Bergens mest populære friluftsområde, som denne dagen hadde god plass på stranda.

Årets første padletur

Årets 17. mai vart storslått, med full feiring etter to års pandemi, aldri har eg sett så mykje folk i byen, og vêret var strålande.

17. mai ved Lille Lungegårdsvann

I dag er det opning av Festspela, med dronninga og greier, også det etter to års pause. I strid med tradisjonen har vi regn og ruskevêr. Vi har ofte vore til stades, men i staden sit eg her ved kjøkenbordet og skriv. Eg merkar at vi har vent oss litt av med kulturelle ting i løpet av pandemistillstanden. Lyt gjere noko med det. Eg merkar også at eg har vore lenge borte frå skrivinga, skrivemuskelen må brukast jamnleg for ikkje å skrumpe inn. Og eg har eit litt større skriveprosjekt som har lege i dvale. Det skal fullførast, med tid og stunder skal det kome ei bok, så følg med, følg med.

Snart skal eg på den årlege forsommarturen nordover til Bardu for å ta meg av sekundærboligen og tilhøyrande uteareal. Mykje går i gamle spor, men noko er annleis dette året. Tanken på at verda der vi skal leve resten av våre leveår er endra, og framtida meir uviss, er ikkje god. Vi får likevel ønskje kvarandre ein god sommar, og ta vare på kvarandre, både dei nære og dei utanfrå som treng hjelp.