Om

cropped-image1.jpeg
Mange av mine beste stunder har eg opplevd i kajakk.

Eg heiter Liv Sundheim og har mine røter i Bardu i Troms, som etterkommar av innflyttarar frå Austlandet og Trøndelag i dei tronge tidene på 17- og 1800 talet.  Eg har budd det meste av livet i Bergen og det er blitt byen i mitt hjarte. Men landsdelen i mitt hjarte er Nord-Norge og innlegga på bloggen er no å farga av det. Elles har eg interesser i mange retningar. Natur og friluftsliv, miljø, byutvikling, reiser, litteratur, kunst og mykje meir.

Eg kjenner meg enno ung sjølv om eg har vore pensjonist nokre år. Det meste av mine arbeidsår i Hordaland fylkeskommune – og før det Bergen og omland friluftsråd. Interessante og lærerike år, eg jobba med viktige ting, liker eg å tru i alle fall. Så då det var slutt på yrkeslivet, dei daglege rutinane og diskusjonar i lunsjpausen med gode kolleger fann et ut at eg måtte finne på noko for å få meiningsfylte dagar. Eg har mange interesser og er samfunnsengasjert, og har alltid likt å uttrykke meg skriftleg. Så då tenkte eg at bloggformatet ville passe. Då kunne eg i det minste ha ein dialog med meg sjølv og samtidig håpe at det etter kvart kunne bli lesarar. Men den som leiter etter skjønheitstips og matoppskrifter får finne seg ein annan blogg.

I Hordaland fylkeskommune venna eg meg til å skrive nynorsk og derfor har eg no som skribent konvertert til nynorsk sjølv om eg opphavleg var flaska opp med bokmål. Det passar meg fint.

Og hausten 2023 debuterte eg som forfattar, sjå Skriveliv