November med tilbakeblikk

Sist eg skreiv her hadde vi nett passert høgsommar. No er det alt langt ut i november og første søndag i advent. Det kunne vore mykje å skrive om, det skjer mykje i verda no, ho er visst komen heilt av hengslane. Men eg skal la det ligge og nøye meg med å vere her er eg no, i november, denne månaden som er så mislikt av mange og som treng litt framsnakk. Det er framleis lunk i novembersola, når ho finn det for godt å vise seg for oss her i Bergen. Tenk på kor lange fine skuggar ho lagar, og lite slår solnedgangene over fjorden på denne tida. Trea som har mista lauvet viser seg no på sitt ærlegaste, slik dei eigentleg er, avkledde, utan alt det grøne som skjuler skavankar og misvekst som dei måtte ha.

Novembersol på postvegen frå Skytterveien til Munkebotn.

Men novemberkaktusane! I år er dei heilt i rute, ikkje noko surr som det har vore med dei i seinare åra, med blomstring om våren. Kanskje dei set pris på å ha flytta på seg? Vi er i alle fall nøgd med vår nye bustad.

Novemberkaktusane trivst i nordaustvindauget.

Finnmarksreisa

Det er fleire månader sidan seinsommaren. Etter andre turen nordover denne sommaren, til heimlege trakter i Bardu, fann vi ut at det var på tide å ta den Finnmarksturen vi lenge hadde snakka om. Bubil vart leigd og vi la i veg. Eg hadde planar om å skrive eit skikkeleg fint og rikt illustrert innlegg derifrå etterpå, men slik vart det ikkje. Det er ikkje lett å samanfatte opplevingane med få ord, og eg hadde fått litt anna å gjere utover hausten. Ein ting er sikkert, dette er utan samanlikning den mest spesielle og interessante delen av Noreg. Ein blir ikkje heilt den same etter å ha vore der. Eg, som er fødd og oppvaksen i nabofylket Troms, forstod snart at Finnmark er noko heilt anna.

Vi var der berre ei veke, men rakk å sjå innom alle fem fjordane frå Varanger til Alta, nokre fiskevær og Pasvik med russegrensa. Ingen andre stader i landet er det eit slikt mangfald – tre stammars møte, fire om ein tar med skoltesamane som vart ekstra hardt råka då grensene mellom Noreg, Finnland og Russland vart fastsette. Musea vi besøkte seier litt om mangfaldet. Karasjok med samiske samlingar og sametingsbygget, Neiden med skoltebyen og St. Georgs kapell, Vardø med pomormuseum, heksemonument og Vardøhus festning, Kiberg med partisanmuseum, Vadsø med kvenmuseum, Pasvik med utsiktstårn og gløtt over til Nikel hos vår ikkje lenger så gode nabo, Svanvik gård og nasjonalparksenter for Øvre Pasvik, Kokelv med sjøsamisk samling og Alta med verdensarvsenter for bergkunst. Og så alle stadene som vitnar om kva som har vore leveveg opp gjennom tidene: det fråflytta fiskeværet Hamningberg ytst på Varangerhalvøya, Kjøllefjord, Mehamn og Havøysund. Og ikkje å gløyme buplasser frå steinalderen fleire stader langs fjordane, og talrike krigsminne. Eg har masse bilete men nøyer meg med eitt i denne omgang.

Regnboge over Kokelv, der ein finn eit lite sjøsamisk museum.

Haust i våre nærområde

Eg kan ikkje svikte Vestlandet i denne dessverre litt summariske rapporten. Vi hadde ein riktig fin og tørr september som la til rette for turar i dei nære byfjella, og fine padleturar. Straffa kom i oktober, med rekordnedbør.

Kortreiste, men delvis krevjande turar i Bergens byfjell. Her frå Kvitebjørnen.
Badetemperatur også i september, i Lysevågen på Lysøya i Os.

Dei føregåande fotografiane gir ikkje eit heilt sannferdig bilete av Bergenshausten. I år var oktober særs våt. Men vinteren lar vente på seg over det meste av landet. I dag, 27. november, var det 12 varmegrader i morges.

Seilersko i oktober. Vassdam ved Rema i Helleveien.

Eg trur eg gir meg no. Kanskje kjem det eit nytt innlegg før året er omme. Det var elles ikkje meininga at denne bloggen skulle vere ein revy over årets dagar.

Litterær oppdatering

Heilt slutt vil eg førebu eventuelle lesarar om at det heretter truleg kjem meir bokleg innhald her på bloggen. Ein gong i 2023 kjem det ein roman som bygger på livet til mine tipptippoldeforeldre, som var haugianarar og innflyttarar til nybyggjarkolonien i Målselv tidleg på 1800-talet. Eg har skrive litt om dette før i innlegget «Haugianarslekt i Målselv».

I år har eg fått med stykket «In my life» i antologien «Øyeblikk» utgitt av Skriveakademiet. Neste helg dreg eg på lansering i Drammen og det blir spennande å treffe dei andre bidragsytarane. Boka kan snart bestillast på Skriveakademiet sin bokhandel, der ein også kan finne dei tre føregåande antologiane «Julemirakler», «Tidsvitne» og «Kjærlighet i koronaens tid» der eg har hatt bidrag.

Og mens eg no er i ferd med å informere om mi litterære verksemd kan eg nemne at eit tidlegare blogginnlegg «Dølar i Sameland», vart fanga opp av redaktøren til Årbok for Dyrøy og Sørreisa og er no å finne i årets utgåve. Også bidraget eg hadde i «Julemirakler» er gjenbrukt i år, i årets «Jul i Bardu og Målselvdalen» kan ein lese om «Huset».

Då er det berre å ønske kvarandre ei fin adventstid og håpe på at verda kjem på rett kjøl att.

Kommenter innlegget