Haust og tida som går

Då var hausten her og vi er tilbake i Bergen. Det vart eit lengre opphald i den andre heimen i nord enn planlagt. Mi kjære, alltid blide og positive tante Solveig gjekk bort 18. august og då måtte sjølvsagt heimreisa utsetjast ei veke slik at vi kunne følgje ho til grava i Målselv kyrkje. For sjølv om ho hadde vore bufast i Tromsø by det meste av livet, var det i heimbygda Målselv både ho og ektemannen kjende seg heime og der begge no er gravlagt. Gravferda fann stad ein vakker og solfylt dag, heilt i tante si ånd. Og for meg vart det gjensyn med slektningar som eg ikkje hadde sett på årtier, no er det på dette viset ein treff dei. Eg møtte også ei frå den tida vi begge gjekk på Tromsø gymnas og som no var inngifta i familien.

Tante Solveig var den siste av mine biologiske tanter, både på mors- og farssida. Alle onklane er også gått bort. Det betyr at eg no er den eldste av etterkomarane til mine besteforeldre Otilie og Gabriel Pedersen Solli. For døden har også gjort innhogg i søskenbarnflokken. Tante var mi mor si syster, i barneflokken på fem var dei fire systre som alle passerte nitti med god margin. Tre av dei var berre tre år unna dei hundre. Slektar eg på morssida kan eg sjå fram til eit par tiår til, riktignok med fare for noko demens på slutten. Inntil vidare får ein vel ta seg i vare som best ein kan. Men erkjenninga av at tida går og at dagen nærmar seg då ein ikkje lenger er blant dei levande, trenger seg på.

Tre av tantene på muntert møte i Oslo i 2005. Frå venstre Torunn, mor mi Pauline (eldst) og Solveig (yngst).

Det vart altså ei ekstra veke, vêret var kaldt og surt og lite freistande for friluftsliv. Tromsøturen var unnagjort, der var det første barnebarnet, ein månad gammal, det sjølvsagte midtpunktet i min bror sin familie. Der fekk eg også treffe alle mine tanteungar, som no er godt vaksne blitt. Og sidan min bror hadde fullt hus fekk vi losji hos mi veninne frå gamle dagar, alltid triveleg hos dei. Så kva skulle vi finne på, no når også sjåen var ferdig reparert? Det vart ny tur til fargehandelen på Andselv, der vi no er å rekne som faste kundar. Den lenge påtenkte oppussinga av eit soverom vart realisert, og vi var såre nøgd med resultatet – og oss sjølv. Og så vart det nokre fine dagar på slutten, med tur til Sørhusfjellet som ligg ved grensa mellom kommunane Sørreisa, Målselv og Bardu. Fjellet er lett tilgjengeleg og har vid utsikt både mot sivilisasjon og villmark.

Sørhusfjellet, med utsyn til flystripa på Bardufoss, fjellandsbyen, Blåtind og Mauken

Studenten som vi hadde avtale om å møte i Bodø hadde fått andre dose av covid-vaksine (Moderna) dagen i forvegen og det hadde slått han såpass mykje ut at det berre vart ein kort visitt til hybelen på Mørkved. Vi kunne konstatere at han hadde fabelaktig utsikt til Børvasstindan og at det elles sto bra til. Siden vi hadde tatt avstikkaren frå E6 til Bodø valgte vi å reise vidare via Saltstraumen og Misvær. Det er ofte omvegane som er best. Så vart det overnatting i Mosjøen og Trondheim og så Sognefjellet og Tindevegen ned til Årdal, i strålande vêr. 16 varmegrader på Sognefjellet!

Bodø veks i høgda, det rivast og byggjast
Valkamp i Bodø by med raud markering.
Ved Saltstraumen
På Tindevegen over Sognefjell

Etter tre dagar på vegen nådde vi fram til vår bopel i Bergen. Eg er av dei som har ein fot på landsbygda og ein i storbyen. No kjentes det godt å stø seg på byfoten. Ikkje visste eg kor mykje eg hadde sakna byen før eg igjen kunne rusle rundt i gatene å sjå på hus og folkeliv. Altså, Bergen er ein fabelaktig by, og no var det også godt og tørt vêr!

Ja, Bergen har hatt den tørraste sommaren på aldri så lang tid. Eg frykta for plantane etter vårt lange fråver, sjølv om studenten nok hadde gjort ein innsats for å berge dei. Mirakuløst nok hadde dei aller fleste plantane både ute og inne klart seg. Rosene står fint og blomstrar for andre gong. I morgon, 13. september er det stortingsval. Eg har unngått køane for å førehandsstemme og har tenkt å møte opp i vårt vallokale på Hellen skole på sjølve dagen. Då er det berre å ønske godt val og velje riktig farge!

Kommenter innlegget