Eg skal seie det har skjedd endringar sidan sist eg skreiv her på bloggen. No er allereie uttrykket «…. i koronaens tid» utbrukt. For vel ein månad sidan var vi heimkomne frå eit hyggeleg opphald på Tenerife, pandemien var langt unna, det var kalimaen frå Sahara og stengde flyplassar som var i nyheitene og på Tenerife var det på det tidspunktet rapportert om eitt koronatilfelle. Vi unnslapp både korona og karantene. I dag er vi, som med dei fleste andre land i verda, nedstengt, med omfattande og inngripande tiltak. Det er unntakstilstand. I nyheitsbiletet dominerer koronaen. Kven skulle tenkt det for berre ei månad sidan?

Folk har fått forbod mot å opphalde seg på hyttene sine, sjølv måtte vi avlyse vinterturen nordover til Bardu. Bardu kommune har tøyd smittevernsloven til det ytterste og innført søringskarantene. Vi hadde vel heller ikkje fått lov til noko opphald i sekundærbustaden utan å melde flytting. Men vi finn oss i det utan å klage. Vi slepp måking av dei uhorvelege snømengdene som dei er plaga med nordpå. Uansett hadde ikkje eg kunne ta på skitur i år, eg forstua ankelen kraftig, ja der vart til og med ein liten brist då eg snubla på tur oppe i nærfriluftsområdet vårt her på Lønborg. For første gong sidan eg fekk ski ein gong på femtitalet blir det ein vinter utan å ha ski på beina. Aksjonsradiusen min er for tida skrumpa inn til høgst to kilometer frå heimen i påvente av at ankelen skal bli bra igjen. Og det er jo i tråd med dei begrensningane vi er pålagt.

Når sant skal seiast, er ikkje kvardagen for oss friske og oppegåande pensjonistar så mykje endra. Vi har ikkje noko arbeid å reise til eller bli permitterte frå, «heimekontor» har vi forlengst innført og trygd og pensjon kjem uhindra inn på konto kvar månad. Bøker og anna lesestoff har vi nok av. Netflix og HBO har mykje å by på. Vi er ikkje bedriftseigarar som ser inntektsgrunnlaget smuldre opp eller foreldre som må kombinere heimekontor med å vere lærarar. Vi manglar ikkje tidtrøyte. Og vi har fleire skap og bodar som kunne trengt ei opprydding. For ikkje å snakke om alle fotografi som ligg og ventar på sortering.
Byen ligg aude og tom. Restaurantar, skjenkestader og dei fleste butikkar er stengde. Buss og bane køyrer stort sett tomme. Cruisebåtane har fått forbod mot å kome, hurtigruta kjem på underlege tider. I forrige veke var det observert spekkhoggarar som boltra seg nær Bontelabo der cruiseskipa elles legg til. Kanskje dyrelivet no trekker inn mot dei mange plassane som no er uforstyrra av menneskearta. Hjorten kjem kanskje og beitar på buskar og blomar i Byparken? Kven veit – om dette held fram.
Skular og barnehagar er stengde og det har ført til at ungane er blitt synlege i heimemiljøet igjen. Familiar er ut og går tur, og dei fleste held seg på respektfull og lovleg avstand når vi møtest. Folk er oppmoda til å finne seg alternative turområde for å lette presset på populære turområde og stiar. Det er innført einvegsordning i Stoltzekleiven. Bergen kommune var forresten tidleg ute med tiltak, dei stengde skular og barnehagar to dagar før dette vart eit nasjonalt påbod. Situasjonen har avdekt nokre gråsoner når det gjeld balansen mellom det kommunale sjølvstyret og statlege påbod og retningsliner.

Så lyt det seiast at vi er rett og slett heldige, vi som er heimehøyrande i eit land som Norge. Med oljefondet i bakhand kan det sprøytast inn nokre milliardar til hjelp for dei som treng det, sjølv om oljeprisen og krona no er i fritt fall og det er ein fare for at støtte kjem skeivt ut. Vi har styresmakter som til tross for ulik politisk ståstad i store trekk er samstemte om tiltak. Vi har vaksne folk i styre og stell, i motsetnad til visse andre statar vi faktisk er allierte med. Då regjeringa kom med forslag til unntakslov, vart denne, etter å ha møtt innvendingar frå opposisjonen, tillempa og gjort mindre inngripande, i god demokratisk og parlamentarisk ånd.

Så er det slik at denne situasjonen har avdekt mange problemstillingar som no blir løfta fram i lyset. Sviktande beredskap på viktige samfunnsområde er synleggjort. Globaliseringa sine skyggesider er blitt tydelege. Vi har gjort oss avhengige av at handel og vareflyt over landegrensene fungerer. Vi er sårbare og har låg sjølvforsyningsgrad. Det er tendens til ei aukande merksemd på nasjonalstaten sine føremoner når det ser ut til å svikte på overnasjonalt nivå. Innføring av ei grunnløn – «borgarløn» som kan sikre alle eit minimum eksistensgrunnlag utan å gå vegen om NAV er også aktualisert.
Om vi kan ta lærdom av det som no har råka oss og i framtida innrettar samfunnet vårt på eit meir gagnleg vis kan det kanskje kome noko positivt ut av denne pandemien. Vi veit ikkje kor dette endar. Verda slik vi kjenner ho kjem kanskje ikkje tilbake. Men det er ikkje verdas ende. Og våren kjem, sjølv om snøen, som stort sett ikkje har vist seg her i Bergen denne vinteren, no på denne første dagen med sommartid kom og la seg over krokus og påskeliljer.
