Tenerife på ny

Vel tilbake i regntunge Bergen etter to vekers opptørk på Tenerife. Dette er den mangfaldige øya vi stadig vender tilbake til. Det er eit helsetiltak å bytte ut tranflaska som D-vitaminkjelde med solinnstråling for ei lita stund. Elles var vi heldige med tidspunkt, fly har dei siste dagane stått sandfaste både på Tenerife og Gran Canaria. Det er calimaen, sandstormen frå Sahara som har slått til, denne gongen den kraftigaste på 40 år. Vi merka eit snev av fenomenet dagen vi kom, det var kraftige søraustlege vindkast og vi måtte tørke utebord og stolar rein for sand.

Ein viss bismak er det sjølvsagt med Sydenturar i desse tider. Om eg bidreg til utslepp forsøker eg etter beste evne å kompensere på anna vis, eg kjem forresten tilbake til nokre betraktningar om turisme og klima til slutt.

fullsizeoutput_40ee
Utsikt frå Degollada de la Mesa nedover Santiagodalen

Vi held oss unna dei verste turistmaurtuene på øya, det vil seie Las Americas og Los Cristianos heilt i sør. Dei to siste åra har vi halde til lenger nordvest, i Los Gigantes og Puerto Santiago, to samanhengande tettstader. Dei er utbygde og turistifiserte så det held, men i langt mindre omfang enn turiststadene lenger sør langs kysten. Området har framleis ein viss røff sjarm der det ligg nedst i Santiago-dalen, ved ein svart klippekyst der brenningane bryt inn frå Atlanterhavet.

Var det ikkje for at denne sida av øya er den mest sikre for solhungrige nordbuarar, er nordsida eit betre og meir interessant alternativ, jf tidlegare innlegg Ei veke på 28 grader nord. Fjorårets tur, der vi hadde opphald i Puerto Santiago, er skildra i Tenerife-turar. I år hamna vi heilt oppe i øvste hjørnet i Los Gigantes, på toppen av bakken, med storslått utsikt over byen, havet og naboøya La Gomera (i klårt vêr).

IMG_9579
Solnedgang frå terrassen

Det er ei kjent sak at Kanariøyane har eit klima som tilsvarar ein god norsk sommar, heile året. Og når ein då kan bruke dagane til varierte fotturar er det ikkje tvil om at dette er bra for helsa. I tidlegare blogginnlegg har eg skrive om fotturar vi har hatt på ulike stader på øya. Det er etter kvart blitt ei utfordring å finne nye turar. Med veksande alder (synd, men sant) er ikkje alle turar like høvelege som før i tida. Lange og bratte nedstigingar og luftige traséar er ikkje ønskjelege, og helst bør det vere rundturar med grei tilkomst.

I Teno landskapspark – frå Erjos til Cumbre de Bolico

Første fjellturen gjekk til landskapsparken i Teno, det geologisk eldste området på Tenerife. Det utmerkar seg ved å vere grønt og med ein rik og interessant flora. Her kan ein mellom anna få utsyn ned til Masca, eit av dei mest kjente og ikoniske stadene på øya. Vi kunne her skue ned på kystfjella frå fjorårets tur 1000 m lenger nede, toppane på 700 moh på Roque Abache verka no knøttsmå (nærare omtalt i tidlegare innlegg).

IMG_9379
Start frå landsbyen Erjos som er utgangspunkt for mange turstiar i Teno landskapspark.

Dette er ein variert og fin tur, først gjennom kulturlandskap, så på grusveg i skog med utsikt nedover Santiagodalen, deretter på sti gjennom fjellpasset Degollada de la Mesa mellom Cruz de Gala (1347 moh) og La Mesa (1316 moh), før stien går langs ein fjellrygg med nydeleg utsikt fram til Cumbre Bolico. Her finn ein ein fint oppmurt era (gamal treskeplass) og overgrodde ruinar etter eit gardsbruk. Utsikten er formidabel på heile turen. Oppe i passet får ein til og med eit gløtt av fjellryggen La Fortaleza på nordsida av Teide, der vi var vi oppe ved vårt forrige besøk på øya. Vi snudde ved eraen, men ein kan fortsette ned til Masca, og eventuelt vidare derfrå ned mot sjøen. Eller ein kan gå nedover andre vegen til Las Portelas.

fullsizeoutput_40e5
Vakker sti på veg til Cumbre Bolico, naboøya La Gomera i bakgrunnen.
IMG_9394
Vatn er og har vore ein knapp ressurs. På stien til Cumbre Bolico er sett opp eit system for å samle opp fukt.
fullsizeoutput_4118
Storslått utsikt ned mot Masca frå La Mesa. Bakerst heilt til høgre er fjellryggen der vi gjekk tur i fjor.
fullsizeoutput_4114
Eraen i Cumbre Bolico. Passet Degollada de la Mesa mellom toppane i bakgrunnen.

I Teide nasjonalpark

Inga reise til Tenerife utan ein tur opp i området rundt Teide. No måtte vi finne på noko nytt og tok sikte på Montana del Cedro, heilt sørvest i nasjonalparken. Vi starta frå miradoren og parkeringsplassen ved hovudvegen. Herifrå ser vi rett mot Pico Viejo og krateret for utbrotet i 1798. Eg vart skeptisk då eg såg den bratte oppstiginga i byrjinga, men det gjekk bra, og ganske snart kom vi opp og fekk utsyn mot Teide frå enno ein ny vinkel. Vi klatra ikkje opp til toppen av Cedro, men gjekk langs fjellsida gjennom skogen og fann oss ein rasteplass der vi kunne sjå rett over på fjella som vi besøkte for eit par dagar sidan.

fullsizeoutput_40e0
Starten av turen går på grusveg.
IMG_9454
Pico Viejo med Teide bak. Fra krateret Narices del Teide midt på biletet strøymde det ut lava ved utbrotet i 1798.
IMG_9450
Rast i fjellsida på Cedro-fjellet. Utsikt mot vest til Tenoområdet og fjella vi besøkte to dagar tidlegare.
IMG_9452
Skogbrannar truar stadig i pinjeskogen. I området var ein stor skogbrann i 2012. Her ser vi brannvakttårnet.

Rundt Mt. Chinyero

Ein treng jo ikkje jakte på nye opplevingar heile tida. Det vart ein ny tur rundt vulkanen Mt. Chinyero, ein lettgått og triveleg tur. Området er naturreservat, men ligg utanfor sjølve nasjonalparken. Om ein tar ein avstikkar opp på den pinjekledde Mt. Estrecho, kan ein nyte nista på hella utanfor bygninga på toppen. Chinyero hadde utbrot i 1909 og lavastraumane har sett sine tydeleg spor i landskapet. Estrecho vart spart og ligg som ei grøn øy i alt det svarte.

fullsizeoutput_40f5
Kjempestort pinjetre ved stien rundt Mt. Chinyero som vi ser i bakgrunnen.
fullsizeoutput_40f2
Vulkanutbrotet i 1909 har sett sitt preg på landskapet.
fullsizeoutput_40f4
På veg gjennom lavastraumen til den grøne Mt. Estrecho.
IMG_9471
Rast på toppen av Mt. Estrecho

Kyststi og dyrepark

Nordkysten av Tenerife er utan tvil meir interessant enn den turistifiserte sørkysten. Vi hadde tenkt oss eit gjensyn med kyststien Rambla de Castro og at vi skulle spasere frå Los Realejos der vi var i 2017, til Puerto de la Cruz. Etter eit stykke viste det seg dessverre at siste strekninga fram til Puerto de la Cruz var stengt pga rasfare, så då vart det å snu og ta bilen i staden til dyreparken Loro Parque.

IMG_9409
Kyststien Rambla de Castro er populær.

Besøk i dyreparken Loro Parque er blitt nedprioritert ved tidlegare besøk på Tenerife. No tenkte vi det var på tide å besøke denne attraksjonen. Ein kan meine mykje om dyreparkar, men det er god underhaldning. Parken er kåra til Europas beste og verdens nest beste, er biosfære-sertifisert og omtalar seg som miljøbevisst og opptatt av dyrevelferd og berekraftig turisme. Her er papegøyer i overveldande mengder, skvatringa er øyredøvande. Eit rikt utval av alle slags andre dyr var meir eller mindre villege til å vise seg fram. Den imponerande kvite tigeren kom skridande utan at eg fekk summa meg til å knipse bilete. Lemurane, ein av mine favorittar, var umuleg å få fotografert. Berre for å nemne nokon.

IMG_9419
Parken var frå starten ein papegøyepark og mange ulike papegøyesortar pregar parken også i dag,  Det er tilrettelagt slik at publikum kan klatre opp og kome nær dei.
fullsizeoutput_40e3
Pingvinane står her, og kan vel ikkje anna.
IMG_9429
Pretty flamingos!

Vilaflor

Tenerife har meir å by på enn natur og dyreparkar. Ein skal ikkje svært langt frå turiststadene før ein kjem til nokså fredelege og tilsynelatande upåverka landsbyar. Vilaflor ligg 1400 moh ved foten av Sombrero de Chasna og er den landsbyen som ligg høgast på heile øya. Den er eit naturleg utgangspunkt for turar til Teide-området. Området har tradisjonelt hatt bra tilgang på vatn. I landsbyen er det ei bedrift – Fuentealta – som produserer flaskevatn.

fullsizeoutput_40e2
Den verneverdige, men i dag noko forfalne herregarden tilhøyrde i si tid den forhatte godseigarfamilien Soler. Eigaren vart tatt av dage i 1840.
IMG_0012
Kulturminne i Vilaflor: vassleidning og mølle.
IMG_9476
Eit av fleire alter i den rikt utsmykka kyrkja San Pedro i Vilaflor.
IMG_9495
Solid tradisjonskost på Casa Pana i Vilaflor: geit, kanin, salat og kanariske poteter med tilhøyrande mojo-saus.
IMG_9498
Mandeltre i bløming i Vilaflor.
IMG_9497
Kaliforniavalmue veks i vegkanten i Vilaflor.

Nordlege Teno og Buenavista del Norte

På ytterste pynten på Tenohalvøya hadde vi ikkje vore. Rett nok var vi for fleire år sidan på tur oppe i Teno Alto der vi kunne sjå ned på fyret ute på pynten, men det var frå ein annan kant. No køyrde vi hårnålssvingane ned til Garachico og vidare vestover langs kysten. Det lyt seiast at når det gjeld vegar er det berre å vedgå at Tenerife faktisk overgår Norge når det gjeld vegbygging i vanskeleg terreng. Rasfarlege kan dei òg vere.

Bilvegen heilt ut til Punto Teno er stengt for anna trafikk enn buss og taxi. Vi lot bilen stå og spaserte eit par kilometer ut til utsiktspunktet ved tunnelen. Så vi kom oss ikkje heilt ut på pynten, men ein bra tur var det likevel. Vi skulle nok tatt bussen!

Vi drog etterpå til den vakre byen Buenavista del Norte der vi spiste tapas ved den hyggelige Plaza de los Remedios ved kyrkja. Dette er eit samlingspunkt i byen. Det er oppløftande å kome til stader som først og framst gir inntrykk av å vere tilrettelagt for dei fastbuande og ikkje berre for turistane. Ved plassen låg det også eit bibliotek som tydelegvis hadde fått eit nytt tilbygg. Her er elles mange velhaldne eldre hus av arkitektonisk verdi.

På plassen er det sett opp ein plakat med den tydelege meldinga «No es no!» (Nei er nei!) med sikte på å hindre seksuelle overgrep. Slikt kan vere utbreidd særleg i samband med fiestaene, og no når karnevalstida står for døra er dette særleg aktuelt. «Gata, nettene og fiestaene er også våre!» vert det proklamert. Bra!

Frå sentrum i byen går det tursti via ein historisk vaskeplass, forbi golfbanen langs kysten fram til ei lavastrand som er eit utfartssted utan at stranda bar preg av å vere eigna som badeplass.

fullsizeoutput_40d6
Kystlandskapet vest for Buenavista del Norge, utsikt frå vegen.
fullsizeoutput_40d5
Plaza de los Remedios i Buenavista del Norte.
IMG_9525
Nei til seksuelle overgrep!
IMG_9538
Vaskekummar frå gamle dagar.
fullsizeoutput_40ce
Kyststien går forbi ein svær golfbane.
IMG_9544
Slektning av vår heimlege kvann langs stranda.

Strandliv

Men har vi ikkje vore på stranda då? Denne gongen var det kraftige brenningar og raudt flagg på strendene. Vi dyppa oss så vidt på ein tur til Playa San Juan litt lenger sør på kysten, og væta oss til knea i strandkanten på Playa la Arena i Puerto Santiago, mens vakta passa på at ingen våga seg lenger ut. Elles betrakta vi det naturlege havbassenget i Los Gigantes ovanfrå, her var det friske bølgjer som slo inn over dei som våga seg uti.

IMG_9583
Playa la Arena med svart sand og raudt flagg.
IMG_9575
Friskt i havbassenget.

Litt malurt i begeret

No kan det eg har skrive kanskje tolkast som om eg prøver å lokke fleire folk til Tenerife. Det er ikkje tilfelle. Med sine knapt 900 000 innbyggjarar kjem det årleg om lag 5 millionar turistar til øya. For Kanariøyane til saman er talet om lag 15 millionar turistar. Turistnæringa er enormt viktig for sysselsetting og økonomi på Kanariøyane, men det er aukande fokus på berekraftig turisme. Paradoksalt er det også bekymring for kva som vil skje om det på bakgrunn av klimakrise og utfasing av fossil energi blir framtidig begrensing i flyreiser. Det er knapt alternative måtar for å kome seg til Kanariøyane.

Øygruppa er svært sårbar for klimaendringar. Temperaturen har stige, dette har særleg gitt utslag i aukande temperatur om natta og i høgfjellet. Studiar tyder på at det kan kome fleire heitebølgjer, meir flom og fleire tilfelle av sandstormar frå Sahara om vinteren. Tørke skapar problem for vassforsyninga og for jordbruket. Havnivået stig og faren for skogbrannar aukar. Øyane er avhengig av fossil energi og det er låg sjølvforsyningsgrad. Eg undra meg over at det ikkje var fleire solcellepanel å sjå, og berre nokre få område med vindmøller. Og til tross for godt busstilbod med grøne TITSA-bussar mest overalt, er personbiltrafikken overveldande.

Turistane står for ein stor del av vassforbruket. Vi som kjem frå område utan knappheit på vatn dusjar gjerne eit par gonger dagleg og forlanger reint vatn i bassenget. Naturlege vasskjelder minkar og avsalting av sjøvatn er energikrevjande.

Det kanariske parlamentet har nylig erklært klimakrise for heile regionen, og det er sett i gang arbeid med å utvikle ei ny lov som skal ta for seg 26 sektorområde. Det er sett i gang prosessar med lokal medverknad for å klårgjere utfordringar og føreslå framtidige løysingar med omsyn til klimatilpassing. Denne artikkelen i Environment Science & Policy gjer greie for dette.

fullsizeoutput_4115
Fullstendig tørt i våtmarksområdet Charco de Erjos.

For vår del syntes vi det såg ekstra tørt ut på øya denne gongen. Det var jo «pent» vêr for oss, men landskapet bar preg av langvarig tørke. Mange tre og buskar såg ganske livlause ut, også mandeltrea som blømer på denne tida såg stedvis pjuske ut. Vi «sakna» også skybeltet som vanlegvis ligg eit stykke opp i høgda og gjer at vi ikkje ser heilt til høgfjellet. Denne gongen kunne vi heile tida sjå heilt opp til Teide.

På turen vår med start frå Erjos passerte vi «Charco de Erjos» det som skulle vere eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Her var ikkje ein einaste vasspytt eller ei einaste lita fuglefjør å sjå. Dette området er forresten opphavleg menneskeskapt, det er groper som i tidlegare tider vart utgravd som vassreservoar, men som seinare er omgjort til naturvernområde.

Det er planlagt klimaskatt for transport, turisme og industri, desse skal gå til å fremje berekraftig transport slik som tog og elektriske køyretøy, avfallshandtering, forbetring i vasskvalitetet og meir fornybar energi. Vi kan ikkje anna enn å ønskje lukke til i arbeidet med klimatilpassing, og kanskje også vi turistar bør sjå i augene at ting ikkje kan fortsette som før.

 

 

Ein tanke på “Tenerife på ny

  1. Kjekt å lesa! Kunne tenkt meg litt solterapi på den øya. Kanskje det blir elfly snart? Er det opplegg for elbil går det enda bedre.

    man. 24. feb. 2020 kl. 22:07 skrev Livsløp :

    > livsundheim posted: «Vel tilbake i regntunge Bergen etter to vekers > opptørk på Tenerife. Dette er den mangfaldige øya vi stadig vender tilbake > til. Det er eit helsetiltak å bytte ut tranflaska som D-vitaminkjelde med > solinnstråling for ei lita stund. Elles var vi heldige med » >

    Likar

Kommenter innlegget