Året 2019 og siste tiåret er nettopp avslutta. Slikt gir vanlegvis høve til tilbakeblikk. Eg er i tillegg ute i seinaste laget med det tidlegare annonserte innlegget om mitt 50-årige samliv med byen Bergen. No skal eg derfor kome med ein aldri så liten hyllest til denne byen – som faktisk no i 2020 kan feire sitt 950-årsjubileum.
Den første tida
Det ville vore eit halsbrekkande føretak om eg skulle oppsummere heile mitt Bergensliv her. Det får heller vente til eg eventuelt utgir mine memoarar. Men nokre refleksjonar må det bli.
Mitt første møte med Bergen og Vestlandet var frå sjøsida. Den gongen var det nemleg rutesamband mellom Bergen og Cuxhaven i Tyskland og eg kom direkte frå nokre månaders opphald i Tyskland. Kvifor eg hamna akkurat i Bergen er ei historie for seg, som eg ikkje kjem nærare inn på. Eg kom altså seglande oppover den sørvestre norskekysten der eg møtte eit for meg framandarta landskap med holmar og skjer. For ikkje å snakke om førsteinntrykket av Bergen, der vi la til på Skoltegrunnskaien, med utsikt til fjellsida der husa låg strødd oppetter, høgst besynderleg.

Studietid
Men no var det ikkje Bergen som vart min første opphaldsstad, derimot nabokommunen Askøy for nokre månader, inntil eg fekk meg jobb, hybel i byen og etterkvart tok til med studier på Universitetet i Bergen, på samfunnvitenskapeleg fakultet, ei studieretning som var inne i tida. Dette var rundt 1970, med høg temperatur i det politiske livet både på landets lærestader og utanfor. Det var kamp mot EEC (som EU heitte den gongen), det var kvinnekamp, kamp mot USA si krigføring i Vietnam og mot atomvåpen, forutan faglege kampar på universitetet. Her var det ein rik flora av politiske grupperingar, veggane på det nye studentsentret på Nygårdshøyden (også kalla Leninhøyden) var tapetsert av veggaviser, det var stands og høgrøysta diskusjonar mellom grupper som sto steilt mot kvarandre.
Alt dette har andre skrive betre om enn meg. Eg høyrde heller ikkje til dei mest ihuga aktivistane, men det er interessant å ha vore tidsvitne. Dette var på den tida sosiologifaget sto høgt i kurs, her heldt den legendariske Stein Rokkan og ein ung professor Gudmund Hernes til, samt fleire andre kjente namn i faget. Marxistisk samfunnsanalyse sto sterkt, med no avdøde Torstein Hjellum som ein markant representant. Og dette var før begrepet populisme vart klistra til høgreradikale rørsler og dermed utskjemt som ord på folkelege rørsler generelt. Ved sida av andre politiske grupper på venstresida fanst også såkalla populistiske arbeidsgrupper. Dette var også den tida det å vere radikal var å tilhøyre venstresida.
Eit teikn på at tida er gått er at studentsenteret, som den gongen rundt 1970 var flunkande nytt, forlengst er rive og erstatta av eit nytt og finare, på same staden. Men no herskar det ro innanfor veggene der. Eg bytta omgjevnader då eg tok til med geografifaget, Geografisk institutt heldt den gongen til ute ved Norges Handelshøgskole (NHH) i Breiviken nord for sentrum. Sidan den gongen har det vore både flyttingar og nybygg.
Mens Bergen sentrum i dag har rikeleg med utestader, var tilbodet på 70-80-talet høgst begrensa. Det var Holbergstuen, Wesselstuen og Bangla etter stengetid på dei to førstnemnde. Holbergstuen var den mest populære blant studentar, her sto det kø langt ned i trappa og ein myndig dørvakt passa på. No skal det seiast at eg sjølv ikkje høyrde til dei mest utegåande, dei fleste studieåra var eg småbarnsmor og hadde ikkje høve til å fly på byen. Elles var dette i ei tid då kaffistovene enno heldt stand, her var fleire kaféar som serverte god gammeldags kost.

På det private plan hendte det mykje desse åra, slik det ofte er i tjueåra. Ikkje alt gjekk like greit, og i nokre år måtte eg kombinere studiene med å vere åleinemor. Men studiane vart no gjennomført, eg møtte min noverande sambuar som eg har budd saman i 40 år, enda eit jubileum faktisk. No er vi begge pensjonistar etter eit langt arbeidsliv i offentleg forvaltning. Elles har det vore både gleder og sorger. Livet byr på så mangt. Og dei (den gong) gamle sine ord om at alt er bra «berre ein har helsa» er så sant som det er sagt. Samt at ein har noko kjekt å halde på med, det er faktisk ganske mykje. Då er det fint å bu ein stad der det er høve til å vere aktiv både fysisk og mentalt, slik det er muleg i Bergen. Har ein eit snev av skrivekløe, slik som eg, er det ein ekstra bonus.

Dette var altså mitt liv i Bergen i kortversjon. Men no var det ikkje mi livshistorie eg skulle fortelje om. Eg tenkte å fokusere på korleis Bergen har endra seg på desse åra, og er det slik at Bergen har endra meg?
Det bergenske gemytt
For å ta det siste først: Som innfødd bardudøl kom eg til Bergen. Eg stammar direkte frå dei første innbyggjarane som kom til Bardu og Målselv frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Bardudølen har ord på seg for å vere traust, på grensa til treg. Når det gjeld det munnlege er bergensarar og bardudølar motpolar. Der dølen ikkje snakkar i utrengsmål og brukar få, men ofte velvalgte ord, der kjem orda frå ein bergensar trillande som erter av en sekk. Der bardudølen kan få sagt mykje med få ord, der kan bergensaren få sagt lite med mange ord. Her kan vi berre tenke på vår noverande statsminister, som med eit velsmurt snakketøy kan snakke seg rundt og bort frå dei mest plagsame tema og spørsmål.
Eg pleier å spøke med at når ein kjem heim til Bardu på ferie, så blir ein gjerne møtt med: «Nåh, feri´?» I Bergen ville ein derimot bli møtt med: «nei halloen, e det deg, e du komen hem på ferie, det va lenge siden, kor lenge blir du her då, e du hos din mor og de, går det bra med deg eller?» Elles var no Knudsen og Ludvigsen treffande i sangen «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme, der har eg det som fisken i vannet, vått og kaldt og breiflabb overalt».

Bergensarar flest er ekspertar på small talk. Dei fleste av dei har evne til ein god replikk i forbifarten, med «glimt i øget». Det fell dei liksom heilt naturleg. Og då trur eg faktisk at dette er eit av dei områda der eg har latt meg påverke i løpet av mine år i Bergen. Eg meiner eg er blitt dyktigare til småprat og kjapp replikkføring. Men det bergenske talemålet fiksar eg ikkje og har heller ikkje noko ønske om å legge av meg dialekten frå min barndoms dal.
Mange har ei oppfatning om bergensaren som skrålande og skrytande (særleg av heimbyen) og høg på seg sjølv. Når det gjeld sjølvskrytet skal ein ikkje ta det så bokstaveleg. Det inneheld gjerne ein dose sjølvironi, noko som ikkje er så lett å oppdage for utanforståande (les: austlendingane). For innflyttarar går det gjerne eit tiår eller to før ein er innforstått med dette fenomenet. Så bør ein no ikkje gløyme at Bergen ein gong var Norges hovudstad. Bergensarane har jo mykje å vere stolt av både frå historia og elles, ja eg er no sjølv blitt ein av dei.
Når bergensarane blir oppfatta som om dei tar mykje plass, heng dette saman med eit usedvanleg engasjement for heimbyen, i stort og smått og på godt og vondt. Dei er lette å tenne og det blir ofte høg temperatur i debattane. Engasjementet kan vere eksplosivt når det gjeld planar og tiltak som gjeld byen. For ikkje å snakke om kjenslene som kjem i sving når det gjeld fotballklubben Brann. Akkurat når det gjeld Brann er eg ikkje blitt hundre prosent Bergenspatriot, det kjem an på kven dei spelar mot, er det eit nord-norsk lag held eg no helst med dei.
Det kan bli mykje fram og tilbake i politisk handsaming av saker som gjeld byen si framtid. Det ender no likevel gjerne med at folk til slutt «beliter seg», det bergenske uttrykket for at ein gir seg og finn seg i utfallet av ein konflikt. Bybanen har vore og er ein gjengangar i debatten. Den er blitt eit populært transportmiddel som dei fleste er stolte av. Banen er enno ikkje ferdig utbygd. Spørsmålet om bybanetraseen gjennom sentrum skal gå i dagen over Bryggen eller i tunnel på veg mot Åsane er enno ikkje avklart. Her ulmar det framleis.
Bergen i fest
Eg ser at eg uttaler meg i generaliserande ordelag og at eg dermed er med på å konservere myter om det bergenske gemytt. Men det er absolutt noko eksentrisk med denne byen. No har eg vore her så lenge at eg ser på dei fleste fenomen som noko heilt normalt.
Eg hugsar første gongen eg – lettare sjokkert – observerte ein bevæpna og uniformert gutunge stige inn på bussen til Minde, der eg ein gong i tidlege år budde på hybel. Kva i all verda? Han skulle vise seg å vere ein representant for det særbergenske fenomenet buekorps. Dei i dag om lag 14 korpsa eller bataljonane var etablert på 1800-talet, med opphav i borgarvæpninga. Dei driv sin eksersis i sommarhalvåret, tromminga deira er eit sikkert vårteikn og er ofte ei irritasjonskjelde for innflyttarar – før dei beliter seg. Eg har forlengst vent meg til buekorpsa, dei gir farge og temperatur til byen og er eit tilbod om felles aktivitetar på linje med andre tilbod for barn og unge. På 17. mai marsjerer dei i barnetoget, som i Bergen ikkje heiter barnetog, men flaggtog. Og no er vi inne på eit anna av Bergen sine særeigenheiter, nemleg måten å markere nasjonaldagen på.


For mens det andre stader i landet er barnetoget som dominerer, har 17. mai-feiringa i Bergen eit meir karnevalistisk preg. Det er i praksis to tog som kryssar kvarandre undervegs – det er «prosesjonen» med 17. maikomitéen i spissen (iført flosshatt) for eit opptog med representantar for lag og organisasjonar, ei storstilt mønstring av det sivile samfunn. Og så er det flaggtoget med skular og buekorps.
Om det elles kan vere mykje støy bergensarane imellom – når det gjeld å stelle til fest løftar dei i flokk og er i sitt ess. Det er det dei er aller best til. Festspela, Tall Ships Race, sykkel-VM (riktignok med lei ettersmak), torgdagar og mange slags festivalar, då går det på skinner.



Den vakre byen
Eg vågar å påstå at Bergen er Norges vakraste by, der han ligg mellom (i våre dagar riktignok mest rundt) sju fjell, ved Vågen, den gode naturhamna som la grunnlaget for Bergen sin status som handels- og sjøfartsby, og for at byen i middelalderen vaks fram som Norges viktigaste by. Det er no elles neppe hundre prosent konsensus om kven desse sju fjella er, utan at det er oppstått store konfliktar av akkurat det.
Det er lett å la seg sjarmere av byens sentrum, med alle dei kjente bygga og landemerka, med Bryggen med UNESCO-status, Bergenhus, Fløybanen, klyngane av trehus, parkane og så vidare. Dette er vel kjent og eg skal ikkje skildre alle desse. Eg arbeider ikkje for turistnæringa. Men byen er såpass spennande og mangfaldig at eg etter alle desse åra framleis kan råke borti stader, smitt og smau der eg ikkje har sett min fot tidlegare. Det kan også vere stader å oppdage på ny. Bergen har bygg frå ulike tidsaldrar og stilepokar og det er aldri kjedelig å rusle i byen.
Eg er Sandvikspatriot, dette er bydelen eg har budd i nesten heile mi tid i Bergen. Men eg likar meg også på Nordnes og Møhlenpris. Interessant er det også å oppsøke dei nyare og ytre bydelane, det er tross alt der dei fleste bergensarane bur. Min lille «guilty pleasure» er å ta bussen til ulike kjøpesentra i bydelar som Åsane, Fyllingsdalen og Loddefjord. Men på det gigantiske kjøpesentret Lagunen blir eg berre utmatta.







No er det sant å seie også mykje å irritere seg over, eg er for eksempel absolutt ikkje imponert over all blokkbebyggelsen som er grodd opp lang sjøkanten i løpet av dei seinare åra, gjerne etter at eldre bygg har stått til forfall i årevis. Trist er det også med Torget som har mista sin opphavlege funksjon og som i våre dagar framstår som ei turistfelle. I sommarhalvåret er sentrum meir eller mindre overbefolka på dagane dei gigantiske cruiseskipa har lagt til. Då er det fint å kome seg ut av sentrum, på fjellet eller på sjøen. På slike dagar er det gjerne eit betre alternativ å ta beina fatt enn å stille seg i endelaus kø til Fløybanen. For ein ting er sikkert, hadde det ikkje vore for nærheita til natur, fjell og sjø hadde eg ikkje trivdes med å bu i Bergen. Eg kjem tilbake til det, men først nokre ord om kunstbyen Bergen.
Elles synes eg kulturredaktør Frode Bjerkestrand i Bergens Tidende treff spikaren på hovudet i dagens utgåve av Bergens Tidende. Her peiker han på at det er på tide at Bergen blir vaksen snart!
Kunstbyen
I Rasmus Meyers allé ved Lille Lungegårdsvann finn ein i KODE -musea unike kunstsamlingar på høgt internasjonalt nivå, i tillegg til Bergen kunstforening i same gate.


Også gatekunstnarane boltrar seg i Bergen. Vi finn kunststykke på mange veggar rundt omkring. Nedanfor ser vi basketbjørnen i ytre Sandviken, den no avdøde byoriginalen «Ottoen» leiande på sykkelen sin, hender på ein mur på Møhlenpris og veggmaleri også på Møhlenpris.
Naturbyen
Bergen sine sentrale parkar er nydelege, med gartnarar som er kunstnarar i sitt fag. Ein kan finne rekreasjon i parkane, men skal ein røre på kroppen og nyte naturen er det mykje anna å ta av i Bergen sine omgjevnader. Der eg bur har eg tilgang til fine og mykje brukte nærområde, vil ein litt lengre opp i høgda kan ein bevege seg eit eller to nivå høgare. Det er eit utal turvegar og turstiar i og rundt Bergen. Det beste middelet for folkehelsa er etter mi meining lett tilgang til natur. Det er kanskje arven frå ein oppvekst i indre Troms, der eg tidleg lærte meg å sette pris på natur og friluftsliv.
Bileta over viser eit av dei næraste turområda frå der eg bur. Namnet Hellemyrstien kjem av at han ligg i nærleiken av husmannsplassen Amalie Skram har brukt som modell for sin mektige trilogi om «Hellemyrsfolket», som også har vore oppsett på teatret to gonger. Litt meir krevande er Stolzekleiven, som også er arena for eit populært motbakkeløp kvar haust. Vegen startar frå Fjellveien, turvegen som går langs byen med super utsikt over byen frå Sandviken til Bellevue.
Over ser vi bilete frå Sandviksbatteriet, eit anna nært turområde og til høgre frå toppen av Stolzekleiven med utsikt over byen.


Eg kjem frå den einaste innlandskommunen i Troms og vart ikkje introdusert for sjølivet før eg kom til Vestlandet. Tidlegare farta vi rundt i motorsnekke, men dei siste tjue åra er det kajakkene som har gitt dei beste opplevingane. Det er tallause mulegheiter i skjergarden og i vassdrag i Bergensregionen. Takk vere jobbane eg har hatt er eg godt kjent i geografien. No er dette ein bonus i pensjonistlivet.

Vêrbyen
Men kva med vêret då, er det ikkje slik at det regnar og er dårleg vêr det meste av tida? Ja, eg har ofte vore oppgitt over vêret. Her er liksom ingen mellomting, anten er det dårleg eller så er det supert. I motsetnad til mi fødebygd i nedre Bardu, der overskya opphaldsvêr, gråvêr, er det klassiske vêrlaget. Eg hugsar året det var 100 dagar i strekk med nedbør. Men ein gløymer det lett når godvêret kjem.
Vinter med snø var ikkje uvanleg tidlegare, for ti år sidan var det faktisk eit par dagar vi kunne spenne på oss skia utanfor døra heime, og det var skiføre i lysløypene på Fløyen. Kanskje kjem det slike vintrar igjen, men det er grunn til å tvile. Eg har dessverre få regnvêrsbilete å bidra med.



No må eg visst snart gi meg. Noko utfyllande bilete av Bergen skulle ikkje dette vere. Men eg synes nesten eg skulder å gi ein aldri så liten hyllest til Bergen, no når det attpåtil står eit byjubileum for døra. Det er tross alt her eg har tilbrakt heile mitt vaksne liv. Det blir vel «livsvarig Bergen» som ein eller annan har sagt! Så når det er snakk om kva som har vore mest formande i livet, blir det kanskje likevekt i vektskåla mellom dei tjue åra i Troms og dei femti i Hordaland? Uansett, så har eg det privilegiet at eg kan nyte begge desse to stadene.
Og så på tampen nokre ord til ettertanke. I dag er det på dagen eitt år etter at det var gravferd for min 47 år gamle son, på første fredag over nyttår. I går, også på første fredag over nyttår var vi vitne til ein annan 47-åring si gravferd i Oslo domkyrkje. Det er ingen slåande likskap mellom Ari Behn og min son, anna enn at dei ikke var heilt A4 og at dei ikkje fann seg heilt til rette i livet. Dei var begge rastlause sjeler med slektsrøter i Troms og begge endte sine liv i Oslo. Min son budde heile sitt liv i Bergen, men fann seg av ulike grunnar ikkje til rette her. Så uansett kor ein bur og kva status ein har, så er det ikkje stadene i seg sjølv som skaper lykkelege liv. Det er korleis vi har det med oss sjølv og med kvarandre som er viktigast. Og mange har ikkje ein gong ein stad dei kan kalle sin. Så får vi berre ønskje kvarandre godt nytt år og håpe på at det komande året blir eit år der folk tar vare på kvarandre og kan leve i god og fredeleg sameksistens verda over.

Takk Liv for et medrivende portrett av byen din gjennom 50 år. Det var fint og personlig. Jeg kom til Bergen høsten 71 fra Gibostad/Finnfjordbotn, og selv om jeg ble bare 4 år i byen under fjellene, så kjenner jeg meg igjen i hele teksten din. Jeg bodde like ved Biblioteket, i Øvre Heien og på Hatleberg. Kanskje har vi vært samtidig på Geografisk institutt. Det var mitt asyl fra tørre økonomistudier. Der satt jeg vinteren 71/72 og drømte meg ut i verden, til Sydhavet og spesielt New Zealand. En drøm som ble til virkelighet med et sabbatår 1973/74.
Forøvrig takk for sist. Om jeg holder meg frisk bærer det tilbake til NZ fra Oslo 26. Januar. Det blir 4 tur. Om jeg har levedager er en våruke i Norges vakreste by helt øverst på min bucketlist. Jeg håper vi treffes igjen, her eller der. Hils gemalen!
Hilsen og klem fra Ragnar.
LikarLikt av 1 person
Utrolig flott å lese din historie Om Bergen Liv. Jeg elsker Bergen og bruker byen og naturen rundt så ofte jeg kan. Selv om jeg har sett mange flotte steder rundt omkring i verden, er det alltid stas å komme tilbake til Bergen. Takk for du skriver – du er en virkelig god forteller. Gunn
LikarLikt av 1 person