Sommaren er over og ein burde vel vere litt lei seg over det. I år kjenner eg ikkje på så mykje sorg. Litt samanheng har det med at eg har «ferie» heile året, alt står og fell ikkje på om sommarvêret kjem i den tilmålte ferien. Med tidleg sommarvarme i april og sein varme i september, samt mange varme dagar imellom har sommaren vart lenge nok. Årshjulet må gjerne trille vidare.
Vi rakk over ganske mykje. Ingen utanlandstur, om ein då ikkje reknar ein dags transportetappe gjennom Sveriges mest aude trakter og eit nattelosji i Östersund. Etter å ha avslutta hyttelivet – som skildra i forrige innlegg – vart det etter kvart tur austover til familietreff i Valdres og så til slutt den vanlege køyreturen nordover. Og no heldt eg på å gløyme snarturen til Kristiansand med retur gjennom Telemark tidleg i juli. Faktisk har vi vore mange stader i fedrelandet i sommar. Det har mykje å by på.
Vestlandssommar
Men før turen nordover var det varme dagar og mange fine turar i Bergen og omland. Mellom anna til Fedje – «landsbyen i havet» og fottur i Nordsjøløypa, samt kajakktur i 30 plussgrader på vestsida av Sotra og ditto i Os-skjergarden. Vi minnes også alle måltida ute og grilling på terrassen i kveldinga. Slikt skjer ikkje kvart år. I tillegg er det liv og røre i Bergen by om sommaren, kanskje i meste laget.
Seinsommaren i nord
Men no skal eg ikkje bruke meir plass på sommaren sørpå. Eit stykke ut i august gjekk turen nordover. Denne gongen med ein ekstra passasjer i bilen. Sonesonen, som skulle til Bodø for å studere, fekk skyss heilt til hybeldøra, og då kunne vi også nytte høvet til å sjå han vel installert der. Nokre år i Nord-Norge vil nok bli god ballast på livsvegen, det er eg sikker på.
Sidan eg held på med utforsking av haugianerslekta, var eg også innom Oppdal og slektsgarden Nesto på Mjøen, der vi helsa på dei noverande bebuarane, ekteparet Solfrid og Stein. Stein og eg har felles stamforeldre i Gullik og Gjertrud, foreldra til Marit Gulliksdatter som kom til Målselv etter Hans Nielsen Hauge si oppmoding. Garden ligg nedst i Drivdalen, under Allmannberget. På tilbaketuren var vi også oppom Oppdal kyrkje som ligg på Vang med vakker utsikt både mot Drivdalen og Dovre i sør og Gjevill mot vest.
Men no Nordland. Det vart overnatting på ærverdige historiske fru Haugans hotell i Mosjøen og rusletur i verneverdige Sjøgata, før kryssing av Saltfjellet og Bodø. Studenten hadde fått seg hybel i bufellesskap i gangavstand frå studiestaden på Mørkved. Etter ein del turar til Jysk som ligg strategisk til for studentane (i mangel av IKEA) kom ein del tilskot frå oss på plass på den beskjedne, men heilt greie hybelen.
Før turen gjekk vidare nordover nytta eg høvet til å dyrke mi veksande historiske interesse. Turen gjekk til det flunkande nye jektefartsmuseet som ligg vakkert til ved Bodøsjøen. Eg har fordjupa meg litt i innvandringshistoria til bygdene i indre Troms og då dukkar spørsmålet opp om korleis dei reiste nordover. Dei måtte sjølvsagt også nytte sjøvegen delar av den lange vegen. Rundt 1800 fanst verken rutebåtar eller dampskip. Løysinga var leilegheitsskyss med jekter som frakta fisk og andre varer. Ein kan jo prøve å førestille seg komforten ombord. Eit interessant og gjevande museumsbesøk var det (sjå bilete under).
Turar i skog og mark og by
Men turen stoppa ikkje i Bodø. Målet var som vanleg sekundærbustaden i Sundlia i Bardu. Der er mykje å ta seg til både ute og inne. Vi starta ute, engstelege for at vi ikkje skulle få ta del i moltehausten, men myrene i vårt vante fjell leverte likevel. Også i blåbærskogen var mykje å hente, og jamen rakk vi så vidt tyttebæra også. Ein kan meine mykje om landskapsinngrep og kraftliner gjennom dalføret i Nedre Bardu, men dei skaffar i alle fall meir lys og rom for tyttebæra. Så no er vi vel forsynte med bær. Og for ein fryd å plukke tyttebær på tørre og fine rabbar, mot det vi er vane med frå myrene rundt hytta på Reksteren, der bæra må gravast fram på høge grastuer mens ein snublar seg fram i djupe blauthol. Og så måtte plukke av seg flått når ein kom i hus!
Nokre «nye» fjellturar var det òg, til Matfjellet som ligg i nabokommunen Sørreisa, og til nærområdet Johaugen på austsida av Barduelva, der det er merka turløype i regi av Midt-Troms friluftsråd.
Ein kjapp Tromsøtur for å helse på familie og vener, og hyggeleg besøk i Sundlia frå utflytta studievener var stort sett einaste sosiale omgangen denne gongen. I Tromsø vart det museumsbesøk for å sjå på den flotte nye utstillinga «Tellus» om jordas historie. På veg til Tromsø kan ein passere «Olsborg stasjon» i Målselv. Her har jernbaneforkjemparen Hilde Sagland bygd seg ein stasjon i hagen. At Nord-Norge ikkje får ta del i infrastruktur som andre landsdelar tar som ein selvfølgje, er berre ein av grunnane til opprøret i nord, som ga seg utslag i valresultatet nyleg.
Oppussing og rydding
No tok vi fatt på det som skulle bli eit meir omfattande prosjekt enn vi hadde tenkt oss på førehand. På eine soverommet – bror min sitt gamle rom – hadde vi registrert at malinga på enkelte stader losna i store flak. Noko måtte gjerast. Det var lettare sagt enn gjort. Først etter fleire forsøk fekk vi ny maling til å feste seg på underlaget. Det vart bra til slutt. Faktisk vart eg veldig nøgd. Mi gamle barneseng fekk plass i hjørnet, den gamle gyngestolen vart henta hit, eit gammalt bord malt. «Dallen» (trebutten) frå oldeforeldra i Sollia fekk plass. Ting som har plass både i mi og andre si historie, verdifulle i all si enkelheit.
På dette rommet sto det fleire kartongar med vekeblad, omlag tretti årgangar med «Familien», frå tidleg 80-tal til 2012, samt mange eksemplar av Norsk Ukeblad, Hjemmet og Allers. Det vil seie rundt rekna mellom 1500 og 2000 eksemplar. Det som kjenneteiknar bladet Familien (som i gamle dagar heitte Kristen ungdom), er – forutan det kristne grunnsynet – at kvart blad inneheld ei mengd oppskrifter, særleg på handarbeid av ulike slag. Mor mi var ikkje den som kasta slike skattar! Her er verkeleg utruleg mykje å hente for dei fingernemme. Men kva i alle dagar skal ein gjera? Eg har to hus med fulle skuffer og skap, og i staden for å bruke resten av mi levetid på hekling og strikking har eg valgt skriving som hobby. Vil eg ha eit handarbeid mellom hendene finn eg nok noko på nettet!
Eg tok meg tid til å skumme gjennom dei fleste årgangane for å sjå om her var gullkorn verd å gøyme på. Eg har lagt nokre blad til sides, resten gjekk den bokstaveleg talt tunge vegen til papirkonteinaren. No er det ikkje berre handarbeid som kan fange interessen i gamle vekeblad. Dei speglar tida og gjennom tre tiår er det ikkje lite som har endra seg når det gjeld synet på kvinna og hennar oppgåver i heim og samfunn. Sjølv i eit kristeleg blad som Familien er mykje endra i så måte. Alle desse årgangane kunne nok vore råstoff for avhandlingar, men no er det for seint. Ein kan jo ikkje påta seg for mykje arkivansvar, kva har ein Nasjonalbiblioteket og Arkivverket for?
Eg nemnde over at eg har skap og skuffer fulle. I huset i Sundlia især er det heklebrikkar i hopetal. Mor mi produserte noko, men det meste er truleg gåver frå andre sine flittige hender, ja, sjølv eg har nok bidratt! Kor mange tankar er vel ikkje tenkt mens heklenåla gjekk! Handarbeid er utmerka meditasjon, når ein vel å merke er blitt førtruleg med teknikkane. I respekt for dei flittige hendene kom eg til at eg skulle hente fram noko av det som ligg gøymt i skuffene. Heime i Bergen er huset nokså strippa for slikt, men i Sundlia køyrer eg meir retro-stil. Så på det nyoppussa rommet har eg no plassert heklebrikkar på ulike stader, og putene som var overtallige og gøymt på roterommet fekk igjen vise seg fram. Slik blir det både gjenbruk og heider til dei som har stått for produksjonen.
Så bar det etter kvart sørover igjen, på E6 til Fauske med avstikkar til Bodø for å sjekke korleis det sto til med studenten. Han hadde funne seg godt til rette. Vi valgte å ta til Sverige før Saltfjellet, gjennom Lappland i haustfargar og vidare gjennom endelause folketomme strøk i Jämtland. Så meir folksamt etter kvart i Östersund og Åre og Storlien og Trondheim. Gjennom fagre Stryn, Sunnfjord og Sogn med plommer til sals i vegkanten, gjennom Nordhordland før framme i Bergen. Vestlandet viste seg frå si beste side i strålande sol. Vi rakk heim før valdagen. No ventar vi i spenning på kva konstellasjoner som blir resultatet av valet. Uansett er det hausten vi har framfor oss no.

Tusen takk – Liv – for et interessant og godt skrevet innlegg! Det er så fint å se at du ikke har glemt vår felles hjembygd! Jeg bor ikke så langt «hjemmefra» som du – så jeg er jo forholdsvis ofte på hjemplassen (kanskje ikke så ofte nå siden bror min gikk bort). Men det er noe spesielt med det stedet man er født. Det var alltid hyggelig å treffe på din mor – hun hadde bestandig noe hyggelig å si til oss ungene. ( – hun hadde så fine tenner – ) Kos deg nordpå – Liv!
LikarLikar
Takk! Setter pris på god tilbakemelding!
LikarLikar