Farvel til hytta

Eg har den siste tida ved fleire høve nytta skriftstaden «Alt har si tid». No er tida komen til å vende enda eit blad i historia. Vi seier farvel til hytteliv i eiga hytte.

For 15 år sidan overtok vi ei relativt smålåten hytte etter mine svigerforeldre. Vi var den gongen dei einaste i familien som var interesserte i å ta hand om den då nesten 30 år gamle familiehytta etter at svigerfar, som då var enkemann, gjekk bort. Han var klår på at han ikkje ville at hytta skulle seljast. Hytta ligg i Tysnes kommune, nordvest på øya Reksteren på Kaldefoss, eller Svarvahella som er namnet på hytteområdet. To og ein halv time tar det å kome dit frå Bergen, etter ein ferjeoverfart og deretter ein time på smale og svingate vegar. Hytta hadde nok ikkje vore førstevalet vårt om vi var ute på hyttemarknaden, men vi såg ein viss sjarm og potensiale og slo til. Vi har ikkje angra.

Hytta ligg ikkje langt frå sjøen og i utgangspunktet burde ho ha sjøutsikt. I den tida det beita husdyr ute på Kaldefoss klarte dei å halde vegetasjonen nede. Men då vi overtok var det slutt på dette. No var det berre hjorten som rådde. Det var vakse til med skog og kratt og ikkje eit einaste sjøgløtt å oppdrive. Det vart skaffa motorsag og verneutstyr, og vi tok fatt med friskt mot. Det vart mykje herleg fysisk arbeid desse første åra. Tre og busker måtte vike og vi gledde oss over kvart nye gløtt ned mot Langenuen, der vi kunne observere ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg på Stordøya. Vårt ibuande steinaldermenneske stortrivdes. Dette var også før vi fekk installert skikkeleg dusj og vaskerom, og merkeleg nok kjentes det også ganske behageleg å gå rundt heil- eller halvskitten.

Det var helst steinaldermennesket frå nyare steinalder, bondesteinalderen, som hadde materialisert seg. For det begynte snart å krible i hendene etter å plante og dyrke fram noko anna enn dei magre stadeigne artene. Eg la riktignok til rette for at ville vekster som blåbær og tyttebær skulle få lys og rom på tomta, kvart år måtte det til ein omgang med opprøsking av nye bjørke- og furuskot, og klipping av lyng. Det vart lagt ned ulike sortar blomsterløk, og i ein skråning såg eg moglegheit for å anlegge eit steinbed. Eg frakta steinar frå ein av dei stadene vi pleide å sette ut kajakk, der var det sprengstein å hente. Eg planta jordskokkar og rabarbra og såg for meg at her skulle det haustast inn sjølvdyrka tilskot til kosten. Det vart planta ei rododendronbusk og ein gyvel (ikkje heilt bra å innføre framande artar, eg ser det no i ettertid). Saman med sonen min rydda vi sti ned til sjøen. Den vart ikkje mykje brukt, utan dei gongene Bjørn tok turen ned til sjøen med fiskestanga. Det hendte at torsk, pale og lyr beit på og vart middagsmat.

Eit og anna var det som trengte utbetring på hytte og uthus. Vi flikka på vindauga, det var ikkje behov for utskifting viste det seg. Hytta vart malt gul med kvite vindskier. Største arbeidet var å få nytt vaskerom. Riving av gamal innreiing, på med nye vegg- og takplater. Flislagt golv med varme, nytt dusjkabinett og vask. Innvendig vart det ikkje gjort andre endringar enn å bytte ut sofabenk og henge opp nokre nye lamper og hyller, samt nye gardiner og litt andre småting.

Hytta ligg ikkje med lett tilgang til sjøen, og på denne sida av øya er heller ikkje strandsona særleg gjestmild, i alle fall ikkje for kajakkpadling. Vi etablerte oss med hyttekajakkar som vi tok på biltaket og køyrde til austsida, der vi i området ved Hopsundet med Vernøy og den vesle idylliske skjærgården rundt har hatt mange flotte padleturar. Ut frå den faste utsettingsvika vår på Vernøy starta turen med utsyn til Folgefonna, Melderskin, Tysnessåta og Hovlandsnuten. På Lille Vernøy er det ein fantastisk liten lagune med finaste skjellsand.

Finaste tida på hytta var kanskje vår/forsommar og haust. Sitte ute og høyre på fuglesongen med kaffe og lappar i lauvsprettsesongen var eit høgdepunkt. Og padleturane på speilblank sjø på stille oktoberdager med haustfargar langs strendene er også noko av dei beste minnene. «Tyttebærhelgene» i månadsskiftet august/september var fast tradisjon. Tyttebæra måtte gravast fram i tuene ute i myrane, strevsomt og ofte vått, men ofte med bra gevinst, og så var vi forsynt med tyttebær heile året. Berre eitt år svikta tyttebærhausten fullstendig, ikkje eit einaste bær var å oppdrive.

Hytter er gjerne tenkt å vere samlingsstad for familiar, med smått og stort. For oss vart det ikkje akkurat slik, sjølv om vaksen son og barnebarn var på besøk nokre gonger. Ein gong var vi alle fire saman på kanotur på Flatråkervassdraget på Tysnesøya. Det er ikkje berre på sjøen ein kan padle. Også bror min og mor mi var innom i 2006, året ho fylte 90 år. Så vi var stort sett toeine der ute på hytta, det var heilt greit det òg.

No snakkar eg i fortid. For no i sommar bestemte vi oss for å avslutte hyttelivet på Reksteren. Dei siste åra har det minka på opphalda der ute, av fleire årsaker. Vi er ikkje avfeldige enno, sjølv om vi trekkjer på åra, men med to andre hus å ta vare på blir det litt mykje å ta hand om. Så etter å ha lufta desse tankane om avvikling for familien, viste det seg at ei niese av Bjørn var interessert. Ung familie med to små born som ser for seg at det kan vere fint med sin eigen stad. Det er ei stor glede for oss at hytta kan forbli i familien. Eg er ikkje sentimental av meg, men sjølvsagt er det vemodig å legge eit kapittel av livet bak seg. Men slik er det, ein må berre lære seg å ta farvel med sitt jordiske gods.

Så korleis er status og standard på hytta no? Med handa på hjartet kan vi si at den i alle fall ikkje er dårlegare enn då vi overtok. Standarden er fortsatt enkel, om ein samanliknar med notidas standard på fritidsbustader, og ikkje minst nabohyttene på Svarvahella. Men etter vår meining er det nettopp det enkle som gjer livet på hytta triveleg. Og at ein kan få sjaua litt og brukt sider av seg sjølv som ein ikkje får brukt ved ein kontorpult.

Men kva med dei andre tiltaka på tomta, kva frukter kan ein sjå av dei? Dei einaste spora av mine dyrkingsforsøk er at rododendronbuska står fint, det same gjer påskeliljene. Det øvrige har hjorten gjort ende på. Det er ingen spor att av tulipanar, krokus, jordskokker og rabarbra, og plantane i steinbedet har ikkje vist seg på fleire år. Jordsmonnet her ute er heller ikkje det beste. Skogen har igjen vokst seg stor, og det er ikkje lenger gløtt ned til sjøen. Så no er det andre som får gleda av å spytte i nevane, ta fatt og kanskje kjenne på steinaldermennesket i seg.

Til slutt: planar om ferjefri E 39 med monsterbru over Bjørnefjorden vil ha innverknad på hytteområdet her ute ytterst på Reksteren. Då vil det bli brufeste og firefelts motorveg ikkje langt unna. Denne hytta vil ikkje bli berørt direkte, men om dette prosjektet skulle bli realisert ein gong (Gud forby!) vil området endre karakter. For ordens skuld: dei som overtar hytta er innforstått med kva som kan skje i framtida.

Vi ønskjer etterkomarane lukke til!

Kommenter innlegget