Jonsok

Eg sit her på jonsokaftan, eller St. Hans som dei fleste kallar denne kvelden då sola snur (som den strengt tatt gjorde for eit par dagar sidan). Nei, det er ikke synd på meg sjølv om eg sit her åleine etter at min sambuar er reist til Sørlandet på sin årlege padletur med kompisane. Det er ham vel unt. Eg kosar meg likevel.

Som eit mirakel snudde vêret i løpet av dagen, frå regn og 13 grader tidlegare i dag til skyfri himmel, nydeleg kveldssol og nesten 20 grader no like før sola forsvinn frå terrassen. Frå her eg sit har eg utsyn mot Askøy (ei øy som har vore mykje i fokus den siste tida, av heilt andre årsaker). Tidlegare, rett nok for fleire år sidan, var det fleire bål å sjå der over på andre sida av Byfjorden.

Kor er det blitt av båla? Dei er blitt færre år for år. I dag har eg sett eitt bål, og det ser ut til å vere sløkt allereie. Så eg må berre spørje: kva her skjedd med St. Hans-feiringa? I min barndom var dette ein særs viktig kveld. Sjølv om veret ikkje var av det beste, bål skulle det vere, og folk skulle samlast. Oppe i lia i Sundlia, heimbygda mi. Ein av dei få dagane i året vi fekk brus. Hôl i korken på Solo-flaska for å tøye gleda lengst mogleg.

I mine første år her i Bergen det var det også feiring denne dagen. På Helleneset, rett nedanfor der eg no bur, var det bål og St. Hans-moro. Det er lenge sidan. Og frå her eg sit ser eg ikkje eit einaste bål. Korleis kan det ha seg at vi ikkje lenger held midtsommarfeiringa i hevd slik som før? Her i Bergen er så vidt eg veit er tønnebålet på Laksevåg einaste tradisjonen som blir halde i hevd.

Eg har ein teori. Dette er ein dag utan noko særleg kommersielt potensiale. For kva er det forretningsstanden kan selje til denne dagen? Kanskje litt pølser og grillmat, men elles er det ikkje behov for noko nytt til St. Hans. Riktignok er det allereie før skuleslutt «SALE» i butikkane, med «nattåpent»,  men det er jo for å kvitte seg med sommarvarene så snart som mogleg, slik at ein kan gi rom for haustvarene. Kvifor har Halloween fått fotfeste? Jau, her kan det seljast kostymer og snop. Og jula er sjølvsagt det heilt store handlegildet.

Eg skulle ønskje ein kunne ta betre vare på tradisjonen med å feire midtsommer. Dette har vore ein merkedag gjennom tusener av år, også i førkristen tid, før døyparen Johannes kom.

IMG_8395.JPG
Hagen i midtsommarskrud. Humlene surrar.

Mens eg skriv dette, har sola forsvunne frå hagen min, men skin framleis ute på Byfjorden. I hagen blomstrar timian og andre blomar, humlene har funne fram dit, heldigvis. Fine humlene, dei fortener å få det beste.

 

Ein tanke på “Jonsok

Kommenter innlegget