Her i heimen er vi no i ferd med å ta endeleg farvel til fiskebeina. Ikkje dei forhatte beina frå barndomen sine fiskemiddagar, heller ikkje skiteknikken ein brukar for å kome seg opp bratte bakkar, i alle fall før dei nymotens fellane fekk innpass. Nei, no er det 80-åras populære glasfiberstrie i fiskebeinsmønster som er i ferd med å bli utsletta, bokstaveleg talt. Då vi overtok huset i 1990 var kjøkenveggen dekt av fiskebeinstapet. Sidan har veggen vore ein torn i auga, i alle fall dei siste tjue åra, etter at mønsteret gjekk av moten. For å dekke over ei rift, er det sett på eit par lappar som ikkje akkurat høyna estetikken i dette viktige rommet.
Over: Ulike typar fiskebein. Til høgre det forlengst utdaterte fiskebeinstapetet.

Så kvifor ta fatt på dette akkurat no? Det er fleire svar på dette. Vi har denne hausten eit vêr her vestpå som ikkje fristar til friluftsaktivitetar. Vi har lagt bak oss årets tur til sørlege strøk, og når dagens aviser er lest har ein som regel ganske mykje tid til overs. Men for å vere heilt ærleg, det som gav utslaget var erkjennelsen av at vi om ikkje så alt for mange år kom til å vere oldingar. Kanskje ville vi ikkje vere i stand til å kome oss opp og ned alle trappene, kanskje ville det ende med beinbrot, sjukeheim og demens. Kor lenge vil helsa halde?

Denne erkjennelsen vart påskynda av at det i nabolaget kom på sal ei leilegheit som ville vere heilt perfekt for våre framtidige behov. Vi begynte å sjå for oss eit sutalaust liv, utan ansvar for vedlikehald og hagestell, alt på eitt golv, moderne, og attpå til med same utsikten over Byfjorden som vi er vane med. Mentalt vart vi i løpet av kort tid førebudde på flyttesjau. Men sjansen glapp. Det var mange om beinet, det eine bodet høgare enn det andre, og sjølv vårt 30 års medlemskap i Vestbo hadde ikkje ein sjanse i dette tilfellet. Alt for mange kjøpesterke seniorar her i byen!
Men tanken om at vi ein gong, om ikkje så alt for lenge, bør kvitte oss med noverande bustad hadde slått rot. Det er slik her i livet at ein er nødt til å ta farvel med det meste. Alt ein har samla på gjennom livet må faktisk finne seg nye stader å vere. Eller kastast. Mange ventar for lenge på å sette i gang prosessen. Og det er ikkje særleg omtenksamt å overlate alt til etterkomarane. Alle ting som ein let etter seg er heller ikkje meint for andre sine auge. Kva ettermæle vil ein ha?
Eg leste nyleg eit avisinnlegg skrive av Ingeborg Moreus Hansen som etter å ha kome godt opp i åra no var blitt opptatt av temaet «dødsrydding». Det vil seie at ein sørger for å rydde i sitt bu med tanke på at livet har ein slutt. Det er vanskeleg. Kva med alle dukane for eksempel, brodert av flittige kvinnehender gjennom generasjonar? Kor hamnar dei? Kva med for eksempel den arva juleduken frå oldemor? Ja, alt er forgjengeleg, det er mykje å filosofere over og kanskje deppe over når ein nærmar seg november både i året og i livet.

Men no tilbake til dei praktiske sidene ved dette. Når ein skal kjøpe leilegheit må ein jo også selje det husvêret ein har, til ein god pris. Og då lyt dette vise seg fram frå si beste side, med god standard og fine og slette overflater, slik at det appellerer til kjøparane og at salsprisen vert så høg som mogleg. Om dette høyrest kynisk ut lyt eg seie at eg eigentleg er imot heile den totalt marknadsstyrte og usosiale bustadpolitikken her til lands. Berre så det er sagt.
Då var det altså på høg tid å kvitte seg med fiskebeinsveggane. Det let seg gjere. Rive tapetet av er inga god løysing. Svaret er anten 1) dekke med nytt tapet eller 2) heilsparkle. Med små og oppstykka veggflater som på vårt kjøken fall valet på heilsparkling. Til dette treng ein tolmod og god tid. Sparkle, pusse, sparkle ein gong til, pusse ein gong til (nøyaktig!) før grunning, kanskje litt ekstra sparkling og pussing før ein endeleg kan ta fatt på sjølve malinga.
Resultat og etterord
Arbeidet tok nokre dagar, men vi er nøgde med resultatet. Veggane vart etter mykje jobbing nokonlunde slette, men ikkje heilt. Godt nok. Og kjøkeninnreiinga, som ikkje er bytta ut sidan 1980-talet, skal få stå. Eit nytt strøk lakk får duge. Og dei gamle klumpete knottane på skapdørene er allereie bytta ut med meir tidsriktige handtak. Det vart så bra at det meste av motivasjonen for å flytte herfra no er borte. Vi har det jo eigentleg fint her vi bur!
Før vi var heilt ferdige med arbeidet, kom det eit fire dagars godvêrsvindu som medførte pause og ein helgetur til hytta på Reksteren der det var dugnad for hytteeigarane og tid for vinterstenging. Det er litt av kvart å ta vare på når ein i tillegg til heilårsbustad i byen har to arva fritidsbustader å tenke på, i kvar sin ende av landet.

No har eg ikkje meir å melde denne gongen. Eg ser jo at bloggen min har ein tendens til å sprike temamessig, med veksling mellom reiser, stell og oppussing av hus samt meir eller mindre djupsindige kommentarar om samfunnstilhøve og livet som sådan. Prosaiske gjeremål kan føre til mange slags refleksjonar. Og slik kjem det nok til å bli i fortsetjinga óg. Livet er mangfaldig, i stort og i smått.

Koselig å lese det du skriver, Liv! Gleder meg til neste innlegg…..
LikarLikt av 1 person